onsdag, februar 16, 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen ute er ca 0 grader C, og det er nydelig ver, sjølv om det ikkje er heilt klårt. Eg har nettopp vore ein tur med sparken opp Storebakken-ned Fonnavegen-ut Olavsgata og inn att Starevegen. På den måten får eg litt motbakke, litt unnabakke og litt flat veg. Var så optimistisk i går at eg strikka litt, det skulle eg sjølvsagt ikkje gjort, fekk ei våkenatt med verk i hofta og foten, men ikkje i skuldra. Forstå det den som kan.Så står det att å sjå korleis turen virkar på kroppen. I dag vaska eg kjøkken og bad før eg gikk ut. Her blir det ikkje vaska etter kalenderen, men etter behov.Steikte ferdig svinekotelettar og sette i steikomnen tidlig i dag, så no ventar vi berre på potetene.
Bildet er tatt frå toppen av Storebakken.

3 kommentarer:

solveig sa...

Fint vinterver!

Hildegard sa...

Du inspirerte meg til å ta på broddar og gå ein lang kveldstur.
Bodil

Besta sa...

Eg må nøyte meg å gå turar mens eg kan bruke spark, det er så god støtte for ryggen, og samtidig hindrar degt meg å gli.Broddar har eg ikkje skaffa meg.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...