onsdag, januar 31, 2018

Dagbok 2018: 31.januar

Så er vi komne til siste dagen i januar-den drygaste månaden i året; februar er kort og så går tida som ein røyk. For min del kunne tida godt ha tatt det litt meir med ro.
No er klokka 22.15, og det er 20 minutt sidan eg kom heim. Temperaturen ute er + 1 grad, men slapset på Starevegen hadde frose til is att, men det gjekk fint å gå utan broddar.
Eg la meg seint i går kveld, men vakna tidleg i dag likevel. Enda eg ligg godt og varmt i senga mi, vaknar eg av at eg verker i rygg, armar og skuldrar. Eg prøver å ligge ei stund til, men det einaste som hjelper er å stå opp og komme i bevegelse, då er eg fort bra.
Men eg var trøtt og arbeidslysta var laber i dag, så det tok tid å komme i siget. Men for at eg skulle få gjort litt, tenkte eg at eg kunne ta ned bilda på "barnebarnveggen" og tørke støv av dei. Det gjorde eg fort, og sidan bilda var nede fekk eg vaske veggen, og sidan eg først var i gang vaska eg dei andre veggane også.
Dei vaksne barnebarna likar enno å sjå dei gamle bilda av seg sjølve, så eg tek dei ikkje ned. Teikninga av Nils og meg er det Håkon som har laga, ca 1 mnd. før han fylte 4 år. Nils er den breie-eg den smale. Einar har teikna Zorro. Det kan verke litt rart at eg driv med nedvask no og ikkje ventar til våren. Grunnen er ganske enkelt det at når våren kjem har eg tusen ting å gjere ute. Etter at eg hadde vaska ferdig, ringde Margrete, ho ville komme bortom ein tur, og så køyre meg ut til Nils, ja, ville sjølvsagt besøke han ho også.
Ho blei litt forseinka, så Nils var nesten ferdig med middagen då vi kom. Men han var i bra form i dag. Han sov berre ein liten middagslur-eg sov ikkje i det heile tatt. Han har eit handikap med at han høyrer dårleg, kva grunnen kan vere er ikkje godt å seie, derfor er det litt vanskeleg for han når det blir fleire som pratar. Men det er ikkje noko som feilar han i hovudet. Han held seg godt informert om det som skjer i verda. Han har mykje selskap i TV-en. Vi hadde ein fin kveld, og det var kjekt at Margrete også kom på besøk.

I

tirsdag, januar 30, 2018

Dagbok 2018: 30.januar

Klokka er 22.20, temperaturen ute er + 2 grader og det regnar bittelite grann. Vegane er neste berre, men gangvegar og fortau er slapsete. Eg kom nettopp heim att frå Heimen, gjekk heimanfrå ca. 14.30, så eg er vekke det meste av dagane. Derfor blir det ikkje gjort så mykje heime.
I dag fekk eg endeleg vaska bak og under kjøleskapet. Før, då Nils var frisk, var vi to om å dra kjøleskapet fram, vi sette det på  ei plate av papp for ikkje å lage riper i golvet. No har eg gått og tenkt nokre dagar, og fann ut at viss eg tok ut alle skuffene i frysedelen og dei to i kjøledelen, ville det ikkje bli så tungt. Eg prøvde og det gjekk heilt fint, men papplate og det heile. Og det var verkeleg behov for vask. Kva tid eg skal vaske ned heile kjøkkenet har eg ikkje bestemt. Det er fort gjort, for skuffer og skap tek eg etter kvart-etter behov. Det blir ikkje mykje husarbeid når eg er åleine-men så har eg ryddeprosjektet. 
I går laga eg middag til meg sjølv, og sidan det var nok sild og rabbestappe til eit måltid til, vart det middag i dag også. Kokte poteter til og med. Eg kjøper frosen Coop-sild, den er akkurat passe salt, slepp å vatne den, og slepp å drikke etterpå. No har eg ikkje tenkt å begynne med å lage middag KVAR dag. I dag vart eg så døsig etter å ha ete meg så mett, at eg hadde meir lyst å sove middag i godstolen enn å gi meg på vandring.
Men eg gjekk likevel, i dag tok eg turen om Kiwi, for eg skulle kjøpe roser. Kjøpte ikkje i går for eg trudde dei fekk inn blomster på tysdagar. Eg spurde i dag, og då fekk eg vite at det er mandag og torsdag dei får inn blomster. Kan vere greitt å vite.
Kom ut til Nils før han fekk middag og sat der mens han åt. I dag fekk han kjøttpudding med brun saus, grønsaker og poteter+ dessert. Han åt opp alt saman. Men då måtte han sove middag. Han sov i senga, eg i stolen, og i dag sov han lengst. Han var i bra form i dag også, men ikkje så kvikk som i går; det går litt opp og ned, men han er rimeleg stabil.
No har eg ikkje ete sidan sildemiddagen, så eg må nok finne meg litt mat. Eg får mat på Heimen viss eg vil ha, men eg kan ikkje ete både her og der.
Vi ser ein del TV når eg er hos Nils, men eg har alltid nokre opptak på vent som eg ser om kvelden.

mandag, januar 29, 2018

Dagbok 2018: 29.januar

Klokka er 14.20, temperaturen ute er + 2 grader C, det er vått, slaps og regn. Ikkje fint i det heile tatt.
Eg har fare rundt og vimsa i heile dag, utan å bestemme meg for kva eg skulle gjere. Ein fing fekk eg gjort, eg fekk laga middag til meg sjølv: spekesild og rabbestappe+ poteter. Ikkje ofte eg lagar middag til ein. Men eg hadde sjølvsagt ein baktanke, trudde kanskje Nils ville ha. Han snakkar av og til om at han har lyst på spekesild. Men så ringde han heim og då avviste han tanken. Men eg åt og kosa meg med det som er ein av livrettane mine. Til vanleg brukar eg kålstuing til, men eg hadde nokre rabber som eg måtte bruke opp.
Så ringde Audun, han skal reise tilbake til Oslo i kveld, men ville ta ein tur inn til morfaren og meg før dei skal ete middag på Hareid. Han er sikkert hos Nils no, og så kjem han opp til meg og får ein kopp kaffi etterpå. Reknar med at han køyrer meg ut på Heimen. Der blir eg til vi er ferdige med kveldsstellet. Ser mykje TV der ute, men tek opp diverse program som eg ser på opptak når eg kjem heim.

Kokka 23.00.Temperaturen er no + 1 grad og vegane var sørpete då eg gjekk heimover i  21.30-tida.
Audun besøkte Nils først, så kom han hit ein tur, og eg sat på med han ut til Heimen etterpå. Han var berre ein snartur heim denne gongen, men han kjem snart att og då blir han heime lenger. Kjekt både for foreldra no når både Einar og Olaug er såpass langt vekke.
Nils var i mykje betre form i dag enn han var i går. Eg hjelpte han med kveldsstellet som vanleg, og i kveld fekk han også barbert seg. Elles åt vi kveldsmat i lag og såg TV. Eg ryddar alltid på rommet før eg går, men i kveld hadde eg gløymt å slå ned omnen, så eg måtte kontakte Nils etter at eg hadde kome heim. Snakka med han i telefonen, og han var i storform. Eg er glad for kvar god dag.
Eg kom heim akkurat tidsnok til å sjå Farmen kjendis, men kvelden er enno ung her i nr.7.

søndag, januar 28, 2018

Dagbok 2018: 28.januar



Klokka er 13.50, temperaturen er + 3 grader C og det regnar. Eg har nettopp tatt desse vêrbilda frå trappa og altanen, men snart skal eg ut og gå.
Akkurat i dag kunne eg tenkt meg å vore heime, for eg har fyrt i omnen og har det varmt og godt, men eg vil sjølvsagt besøke Nils i dag også.
Eg har ete middag. I dag bestod den i to hardkokte egg og ein boks sardiner. Ikkje noko gourmet-måltid men eg passar faktisk på å få i meg dei rette næringsemna sjølv om matlaginga går på halv åtte. Føremiddagen har eg brukt til diverse "rydding" som vanleg, så har eg vore ein del på data, strikka litt etc. No skal eg ha meg ein kaffikopp og litt julekaker, før eg går ut til Nils. Har vaska håret, så det må tørke litt før eg går. Skriv meir i kveld.

Klokka 22.15: framleis 3+-grader og regn. No får vi håpe at mildveret held seg så lenge at vegane blir berre. Det er ein halv time sidan eg gjekk frå Heimen, gjekk utover klokka 14.30, så eg er der nokre timar. I dag var ikkje Nils så pigg som i går, men kom seg litt etter at han sov ettermiddagslur. Eg sov også, blir så søvnig når eg set meg i godstolen, men skuldar på vêret. Det er sjølvsagt mykje kjekkare å besøke Nils dei dagane han er opplagt, men slikt råder verken han eller eg over. I dag var han glad for at eg var der utover kvelden så han fekk stelt seg skikkelig til natta. I helgane er dei færre på jobb, og eg trur dei har nok å gjere. Eg fungerer som hjelpepleiar dei timane eg er der. Og så blir det å sjå TV. I kveld ringde Rasmus,så vi fekk snakke med han begge to. No skal eg ha meg litt mat, sjå litt TV og strikke litt. Eg trivst godt med å vere åleine etter å ha vore på besøk i så mange timar.

lørdag, januar 27, 2018

Dagbok 2018: 27.januar.


Klokka er 22.30, temperaturen er + 3 grader C og det er fint lettskya vêr. På føremiddagen var det nesten sol, men då var det kaldare. Det er ca. 1/2 time sidan eg kom heim frå Ørstaheimen og i kveld fekk eg gå med broddar på fine vintervegar. 
Det var kjekt å besøke Nils i dag, han var i betre form enn i går, sov ikkje i det heile tatt mens eg var der. Eg, derimot tok ein liten blund i godstolen, mens han såg skirenn.
Eg gjekk utover klokka 14.30, og før den tid var eg berre heime og sosa rundt utan å få gjort noko særleg. Men litt blir det alltid som må gjerast om ein er åleine. Klesvask og oppvask til dømes.
Margrete og Erlend skakk innom heimen ei stund etter at Erlend hadde vore på konfirmantførebuing. Han skal konfirmerast borgarleg den 12. mai.
Som de kanskje ser på bildet over var naboen ute med fresaren, og han fresa tunet vårt også. Gode naboar her i Starevegen! Finst ikkje maken.
No skal eg finne meg litt saltmat. Et litt ut på Heimen, men må fylle på litt her heime. Lagar så å seie aldri middag, men det er no ikkje så farleg.



Bok nr. 2 - 2018: Den som ser

Dei siste par dagane har eg vore så syndig at eg har sett meg til å lese på lyse dagen, så då vart eg omsider ferdig med denne boka, som er på 14 CD-plater.
Dei som har lese bøkene om Dina og familien, vil sikkert lese denne boka også, sidan den er eit framhald på den historia. Eg likte boka godt, og ho som las den kunne ikkje vore betre. Elles viser eg til Solveig sin blogg. Ho har skrive mykje meir om boka. Boka er anbefalt.

fredag, januar 26, 2018

Dagbok 2017: 26.januar

Klokka er 14.30, temperaturen er + 1grad og det har kome ei ny forsyning med snø sidan i går, denne er klissvåt og tung. Ser ut til at det lettar opp litt no, bildet er tatt for vel ein time sidan. 
Når eg skriv blogg så tidleg på dag, kjem det av at eg ikkje kan gå ut til Nils enno. Ikkje før dei har vore her og skifta målar. Vi fekk påminning om at dei skulle komme i dag mellom klokka 16 og 18.
Derfor vart eg litt skipla då det ringde på døra i 10-tida og ein stressa svenske kom og ville skifte målaren vår. Eg sa ifrå om at vi hadde fått ei anna tid, men det var berre bra at han kom tidlegare, men han heldt på sitt og drog fram mobilen sin og viste meg kva som stod der. Men då han såg nummeret på målaren gjekk det opp eit lys for oss begge. Det var i kjellarleilegheita han skulle.
Silje var ikkje heime, så eg måtte låse han inn, og må nok inn ein gong til når dei kjem og skal skifte målaren vår seinare i dag, for det er der hovudinntaket er. Då kjem det ein annan mann. Svensken og eg var heilt einige om at det var eit dårleg system, når ikkje han kunne ta begge målarane i samme hus. Men det er ei datamaskin som legg opp ruta for målarskiftinga. Kanskje den datamaskina skulle vore programmert etter adresser og ikkje etter namn? For eksempel ! Slik han skildra det køyrde dei sikksakk over store område. Eg måtte forresten ringe og spørje Nils om det hovudinntaket.Det er ikkje alt eg veit og kan.
Eg hadde tenkt å prøve å få lese ut boka mi i dag sidan eg ikkje kunne gå nokon stad, men det vart litt vasking også, og no var lydboka tom for straum. Eg kjem nok truleg til å skrive nokre ord i kveld også. Men til så lenge kan eg ønske alle ei god helg. Vekene går fort, men januar er likevel ein dryg månad.

Klokka 22.30. No er det minus 1 grad ute, måne -og stjerneskin, eit godt lag med snø og kvite pløgde vegar. Vinteren kom tilbake, men kanskje berre på snarvisitt.
Han som skulle skifte målar hos oss kom litt før klokka 16.Det var ganske fort gjort og alt er i orden. Solveig kom mens han var her, og etter ein liten kaffipause køyrde ho meg ut på Heimen, så det vart ikkje så mykje mosjon i dag.
Nils var ikkje i form i dag, han var litt trøtt og tung, men ikkje direkte sjuk. Eg er så vant til at han alltid var i godt humør at det er rart å sjå han slik. Men eg forstår at det ikkje er så lett å halde humøret oppe. Men han er no "sitt gamle jeg" innimellom.Han la seg og ville sove då eg gjekk litt før klokka 10.

torsdag, januar 25, 2018

Dagbok 2018: 25.januar

Klokka er snart 22.00, temperaturen er + 1 grad; vegane er nesten berre, så i kveld fekk eg gå heim utan brodder under skorne. Sparte 2 minutt på det.
Her i Starevegen er det framleis slaps og litt is. I dag har det ikkje regna så mykje, berre litt av og til.
I dag har det ikkje hendt så mykje, og det er kanskje det beste. Føremiddagen brukte eg til diverse husarbeid som støvsuging -blant anna. Og så har eg eit evigvarande prosjekt som heiter RYDDING-der kjem eg aldri i mål. Rotet kjem av seg sjølv og så bygger det seg opp. Det kan vere bra at ein aldri blir ferdig, så slepp ein i alle fall å kjede seg.
Klokka 15 gjekk eg utover til Nils, han var i rimeleg bra form. Men i dag greidde han ikkje å ete opp middagen sin. Det var ball. Eg hadde foreslått å ta med noko anna til han, men det ville han ikkje. Han var ikkje så trøtt i dag - det var berre eg som sov middag- og det enda eg hadde sove sist natt.
Eg var der til klokka nærma seg halv ti, vi ser mykje TV når eg er der, og heldigvis er der som regel program som er verdt å sjå. Elles så hjelper eg  til med diverse, som til dømes barbering etc. Ingeborg ringde mens eg var der. Det er lurt å ringe på den tida eg er der, for då er han bra i form, og eg kan ta telefonen først viss ikkje han når den.
I morgon kjem dei frå Tussa og skal bytte målarane . Dei kjem mellom kl.16-18 så då får eg ikkje gå ut til Nils så tidleg som eg plar.
No skal eg ta ein telefon, betale ei rekning på Nettbanken, og så skal eg leite meg opp litt mat. Og det var den dagen.

onsdag, januar 24, 2018

Dagbok 2018: 24.januar

Klokka er snart 22.00, temperaturen ute er + 4 grader og det silregnar. Då eg gjekk nedover i dag, ca. kl.14.00. var det + 6 grader, og eg kjende fort at eg hadde kledd meg for varmt. Skulle ha satsa på regnkåpe i staden.
Det vart to heile netter utan søvn på meg, så eg var ikkje i toppform i dag då eg stod opp. Arbeidslyst hadde eg absolutt ikkje. Men etter kvart livna eg opp. Å begynne å rense golvteppe er ikkje så lurt i dette vêret, for det går ikkje an å sette ope dører og glas. Så den jobben vart sett på vent. I staden tok eg fram "sommargardinene" til stova, strauk dei og hengde dei opp. I fjor sommar kom dei ikkje opp, då var det mykje anna på programmet. Ja, eg veit at det er januar, men det går mot sommar og lysare tider uansett.
Planen i dag var å gå ned på Amfi, handle diverse småting og så gå opp til Nils. Særleg var det viktig å få tak i sovetablettane som eg har brukt i mange år. Eg fekk litt ""skjenn" med den austeuropeiske farmasøyten fordi eg har gjort meg avhengig av medisinen. Men eg tok igjen ! Eg begynte med tablettane då eg fekk tinnitus, og no søv eg ikkje utan-om natta. Om dagen kan eg lett sovne i ein stol på Ørstaheimen.
Eg gjekk inn i salatdisken på Bunnpris og plukka opp i eit beger, litt av ditt og litt av datt. Det blei ein bra porsjon, så eg vart stappmett då eg åt "middagen" min på Ørstaheimen. Hadde ikkje ete sidan frokost, så eg var svolten. No er eg ikkje fullt så mett lenger, så det blir vel ein tur i brødboksen.
På Amfi trefte eg ei tidlegare kollega/ venninne og ho insisterte på å køyre meg opp på Heimen. Eg er reddfolk skal synest synd på meg når eg går og rek etter vegane til fots, men eg hevdar det er terapi i å gå. Det forsto venninna mi også, men sidan det regna var det kjekt å få skyss.Og ikkje berre det - ho kjøpte ein nydelig blomsteroppsats som eg skulle ha med til Nils. Tok bilde med mobilen, så kvaliteten er deretter.
Nils var vaken då eg kom i dag,  nokså slapp og trøtt, men eg har sett han verre. Han fekk fiskebollar med kvit saus til middag og åt opp heile porsjonen. Etterpå beordra eg middagskvil, og sov gjorde vi begge. Han sov lengst. Då dei leid til kveld var han i god form, så eg hadde nesten lyst å vere der lenger, men gjekk ca.21.10. Då hadde eg tross alt vore der i 6 timar. Eg likar å vere der når han et middag, så kan eg hjelpe han litt med å skjere sund maten m.m. No har eg ein klesvask å legge i hop, og så er det diverse småtteri så må gjerast før eg kan legge meg til å SOVE.Kjem ikkje til å legge meg tidleg i kveld heller.


tirsdag, januar 23, 2018

Dagbok 2018: 23.januar

Klokka er 22.00, temperaturen er + 5 grader C, og det regnar litt. Isen hadde minka i Elvavegen, men Starevegen er framleis nedisa. Håper mildvêret varer.
Sov veldig lite og dårleg sist natt, grunnen var at eg ikkje hadde sovetablettar att, og dei er eg avhengig av. Orka ikkje å ligge så lenge i dag tidleg, så eg stod like godt opp. Nokså ulikt meg. Men eg hadde noko som eg hadde tenkt å gjere i dag -og så gjorde eg altså det. Eg vaska ferdig stove-veggene, så no er det gjort. Det neste som står på programmet er rensing av golvteppet på stova. Ja, det er mykje som står på vent! Ikkje mykje har blitt gjort her siste året- og lenger enn det. Sidan eg så langt ikkje går ut til Nils før det lid på dag, har eg føremiddagane "fri" til å gjere det eg vil og eg manglar ikkje oppgåver. Men no tek eg stova først-må ha litt plan i arbeidet, elles blir det berre surr.
Mannen frå Hjelpemiddelsentralen kom og henta alle hjelpemiddela som stod her, så vart her litt mindre rot.
Blei relativt tidleg ferdig med vaskinga, så eg fekk tid til å dusje og vaske håret før eg for på sjukebesøk litt tidlegare enn vanleg.
Nils sov då eg kom, han var slapp og i dårleg form, men han åt middagen sin i dag. Så kom det fram at han verkte i hofta, så vi ringde på og bad om ein Oxycodone-tablett, og den "redda kvelden" som han sjølv sa. Vi såg TV og vi åt kveldsmat i lag. Han hadde hatt eit lite besøk tidlegare i dag, og det var no kjekt. Han fekk også telefon frå ein nabo, som hadde litt nytt å fortelje. Eg veit så lite av det som skjer rundt meg at eg kan ikkje tilføre så mykje nytt, anna enn slikt eg les på Facebook. 

mandag, januar 22, 2018

Dagbok 2018: 22.januar



Klokka er22.05 og det er vel ein halv time sidan eg gjekk frå heimen. Turen heim på dette føret tek 23 min. Eg tek tida, så får eg meir fart på meg - og det gjer godt!

I dag venta eg halvvegs på ein mann frå hjelpemiddelsentralen, men han kom ikkje. Fordi eg venta kom eg ikkje i gang med noko skikkelig arbeid før det leid på. I dag begynte eg å vaske veggene på stova; så mange vegger vart det ikkje, men eg tok det kjedeligaste arbeidet først, nemleg vindus-veggen og veggen bak sofaen (bildet). Men først tok eg ned gardinene. Arbeidet er ikkje først og fremst vaskinga, men det å flytte på møblar, blomsterpotter, bilde m.m. Det er det som tek tid. Eg brukar å dele opp arbeidet med stove-vaskinga på to eller tre dagar. Som de ser er eg så gammaldags at eg har trekvit panel i stova. Og det VIL eg ha. Når eg vaskar veggene annakvart år med spesialsåpe, held dei seg lyse nok. Og eg kan spikre i dei så mykje eg berre vil-utan at det gjer noko.

Då eg hadde avslutta arbeidet, åt eg litt , kledde meg om og gjekk ut til Nils. Han sov då eg kom, og ei stund etter middag også, og han virka veldig slapp. Men då det leid på kom han i betre form, så vi kunne sjå TV i lag og eg hjelpte til med kveldsstellet.
Eg vart litt forundra då han fortalde at han hadde lese ut heile boka om "Den 12.mann" i går og i dag.

Han er slapp, og det er ikkje så mykje han kan gjere, men han slepp smerter.
Då eg kom opp i Starevegen merka eg at det fall noko kvitt frå himmelen, men det går vel over i regn etter kvart. Vegane er like isete enno, så eg brukar broddane mine.


søndag, januar 21, 2018

Dagbok 2018: 21.januar.



Klokka er 22.35, temperaturen ute er minus 4 grader, men det er stilt og fint og ikkje nedbør. I dag såg eg sola her heime frå klokka 10.45-11.30, så det lysnar dag for dag.
Eg kom heim frå Ørstaheimen for ca.1 time sidan, men så var det eitt og anna eg måtte ordne med før eg kunne skrive blogg.
Sist natt sov eg godt for ein gongs skuld og eg sov lenge, likevel sovna eg ute hos Nils, mens han såg sport og eg sov ei god stund.
Føremiddagen i dag vart veldig sløv, eg gjorde lite og ingenting, berre det som var heilt nødvendig. Nils ringde heim og virka til å vere i veldig god form, han hadde dusja og ete middag og virka frisk som ein fisk - i telefonen. Då eg kom ut til ha i 16-tida var han trøtt og slapp slik han er dei fleste dagane. Det skal ingen ting til før han blir sliten. Solveig og Øystein kom innom ein liten tur, dei hadde vore i Volda og besøkt Birte og Håkon. Dei hadde tatt med seg bilen vår heim att og sett den i garasjen.
Før eg forlet Nils hjelpte eg han med barbering, tannpuss og byte av klede. Då var har ferdig til å ta kveld, og eg gjekk heim. Det er litt rart at vi skal bu kvar for oss, men eg veit at det må vere slok, for det er det tryggaste både for han og meg.
No skal eg ta fram litt mat først, og etterpå blir det strikketøy og TV. Eg har tatt opp Broen.

lørdag, januar 20, 2018

Dagbok 2018: 20.januar


Klokka er22.35, temperaturen ute er minus 5 grader og det er framleis fint vêr. I dag kom sola inn i stova vår klokka 10.45, men vart ikkje verande så lenge-men lenge nok til at eg fekk sett korleis vindua såg ut. Same procedure as every year. Eg kom heim frå Ørstaheimen for vel ein halv time sidan, men eg hadde diverse eg måtte gjere før eg sette meg ned ved datamaskina.
Eg legg meg seint om kveldane, men vaknar relativt tidleg om morgonane-fordi eg verker i ryggen. Det går over når eg har vore oppe ei stund.
I dag hadde eg avtale med Margrete om handletur og besøk, men eg rekna ikkje med at ho kom så veldig tidleg, så eg sette ein brøddeig. Som vanleg sette eg i gang med melk og gjær utan å undersøke om eg hadde det andre som skulle til. Det er SÅ typisk meg, men som regel plar eg finne litt mjøl her og der, men ikkje i dag. Fann berre fint kveitemjøl, men spedde på med havregryn, diverse frø,og Kruska kli. Det vart ein slags brød, men ikkje dei beste eg har smakt.
Margrete kom ca. 12.30, vi sat og prata litt før vi for på handlerunde, det var mest mat det gjekk i. Eg har ikkje kjøpt så mykje mat etter jul, og trong ikkje all verda i dag heller.
Eg tenkte vi kunne ta lunsj på Føniks, men der var stappfullt slik det vanlegvis er på laurdagar, så det blei kaffi og kake på "Fru Svendsen" i staden.
Vi stakk heimom Starevegen og heiv frå oss varene mine før vi for ut til Nils.
Han var ikkje i så bra form i dag som i går. Han er konstant trøtt, noko som truleg kjem av tablettane han får. Han søv mykje. Eit anna problem han har er at han høyrer dårleg. Dei har drive og dryppa og skylt øyrene hans utan at det har hjelpt noko særleg. Det er travelt å halde samtalen i gang når han må anstrenge seg slik for å høyre. TV-en har han på så høgt at eg, som er tunghøyrt, ikkje orkar det. Når har berre har ein samtalepartnar og TV-en er av går det betre. Han hadde fått lapskaus til middag, han fekk velje mellom det og rømmegraut, både Margrete og eg fekk kaffi og kringle då dei kom med kaffi til han. Eg plar seie at eg ikkje vil ha mat, men då dei kom med gryterett til Nils og meg i kveld takka eg og tok imot. Mat som har vore inne på eit rom kan dei likevel ikkje gi til andre uansett. Den gryteretten var faktisk god. Nils var trøtt i kveld, så han orka ikkje barbering. Vi får ta det att når han er meir opplagt.
Då eg kom heim hadde eg ein heil jobb med å få varene på plass, tømme oppvaskmaskina etc.No er det snart tid for kveldsnytt så eg får sette på TV-en.

fredag, januar 19, 2018

Dagbok 2018: 19.januar.

Klokka er snart 23.00, tempen er +1 grad og det er opplett. Vegane er isete men godt strødde med sand og eg brukar broddar. 
Det er berre ca. 20 minutt sidan eg kom heim. Nils var kvikkare i dag enn i går så det vart til at vi såg mykje TV i lag etter at vi begge hadde sove middag. Han åt både middagen og desserten sin i dag. Eg fekk berre dessert for eg hadde ete før eg for heimanfrå, så eg ville ikkje ha noko anna.
Eg gjem turen om Kiwi på veg ut til Nils i dag, kjøpte frukt, brus og roser med meg. Var litt spent på korleis det stod til i dag sidan han var relativt slapp i går, men eg vart gledeleg overraska, og vi hadde ein kjekk kveld i lag. "Nytt på nytt" er ein højdare, blir stadig betre, men så har dei no mykje godt stoff også akkurat no.
Før eg gjekk heimanfrå i dag hadde eg vaska relativt grundig på bad og kjøkken, så det vart fredagsvask denne veka også. No kan eg ikkje seie at her blir så skite, det er stort sett berre eg som er her, og det berre om natta og på føremiddagen.
I morgon kjem Margrete ein tur, så då får eg handle inn litt mat m.m. har ikkje handla noko særleg sidan før jul.
Eg vaknar relativt tidleg om morgonen fordi eg har vondt i ryggen før eg kjem i siget, derfor sovnar eg ofte når eg er hos Nils (og han søv) og derfor likar eg å vere oppe utover kvelden. Prøver å komme meg i seng før halv 2, men lykkast ikkje alltid.
Sidan det er fredag ønsker eg alle ei god helg.

torsdag, januar 18, 2018

Dagbok 2018: 18.januar

Gratulerer med dagen, Håkon!

Klokka er snart 14,temperaturen ute er + 1 grad C, og eg driv og lagar middag-det skjer ikkje ofte. Men i dag fekk eg ein idé om å lage laks i ovnen, og kanskje ta med til Nils (Men eg må vel ete den sjølv?) Det er ball på Heimen om torsdagane, og det er ikkje Nils så begeistra for. Forresten er han ikkje glad i mat slik som før.
I dag har eg vore i ro heime heile føremiddagen, og det var litt uvant. Har skrive eit kort referat til avisa, lagt i hop og stroke klede, rippa bøker etc. Ikkje så mykje å gjere heime når eg er her åleine, og det ikkje er snø å mòke eller plenar å klippe. Må vel snart begynne å vaske ned, men det er betre når det blir mildare i vêret.
Reparasjonen av ovnen var ikkje heilt vellykka, men i dag har eg gjort eit nytt forsøk.

I dag fyller Håkon 24 år. Eg hugsar så godt den vinteren han vart fødd, det var det året det var OL på Lillehammer og maskotane heitte Kristin og Håkon. Mange gutar vart døypte Håkon det året. Håkon studerer norsk i volda no, i tillegg til han jobbar som assistent på VVS, der Margrete underviser.
Håkon og Birte bur i ei leilegheit ovafor sjukehuset ein stad-eg har ikkje vore der. Eg fer ikkje så vide for tida, som kjent.

Klokka er no 21.55 og det er ein halv time sidan eg gjekk frå Heimen. Det har kome eit lite lag med snø oppå isen, og temperaturen er 0 grader C, så broddane gjer nytte for seg.
I dag fann eg ut at eg skulle lage middag, så eg sette laks i ovnen, kokte poteter og laga remuladesaus. Dette var ein av yndlingsrettane til Nils den tida han var frisk og hadde appetitt. Eg åt først sjølv og så laga eg til ein porsjon som eg tok med meg ut på Heimen; der er det ball på torsdagar og det er han ikkje begeistra for. Eg gjekk utover i 15-tida for å rekke fram før middag, men då eg kom ut gjennom Starevegen stod der ein mann som insisterte på å køyre meg; han og kona skulle ut å køyre uansett. Han køyrde meg heilt til døra.
Men Nils ville ikkje ha maten, han hadde nettopp ete lunsj, sa han .Og det var sant, for alt var forseinka i dag. Men då det leid så langt at han skulle ete middag, ville han ha laksen og åt opp alt saman. Han var litt slapp og trøytt i dag, ikkje i slik form som i går. Det går opp og ned. Kveldsmat får han til vanleg klokka 19.00, men då dei ikkje hadde kome med noko klokka 20.30, måtte eg ut og tigge mat til han. Det er så ymse som skjer ein slik stad, så det kan vere gode grunnar for at dei gløymer. Eg går no der og masar, dei blir vel lei av meg snart.

onsdag, januar 17, 2018

Dagbok 2018: 17.januar


Klokka er 13.05, temperaturen ute er   grader C, og det er nydeleg lettskya vêr. For første gong i år skein sola inn på veggen i stova vår, og eg kunne så vidt skimte sjølve sola, som så vidt stakk fram ved Melshornet.
I dag gjekk eg heimanfrå ca. kl.11. Var ned på kulturhuset og dekka på til pensjonistmøtet som tek til klokka 15.30. Eli køyrde meg heim, så turen vart ikkje så lang. På januarmøtet ser vi film, og i dag skal vi sjå den gamle filmen "Some like it hot" med Marilyn Monroe og Tony Curtis m.a.
No har eg gjort eit ærleg forsøk på å "reparere" omnen. Har fylt sporet med lim og lagt inn asbest-strimmelen, så får vi sjå om det funkar. 
Eg har snakka med Nils, han sat og streva med lunsjen, hadde fått noko som heitte  schnizel som visst ikkje var nokon favoritt. Eg sa det til han: "Be om ei brødskive i staden viss du får noko du ikkje likar !" Han er altfor beskjeden på den måten.Solveig kjem innover og besøker Nils mens eg er på møtet. Etter møtet hentar ho meg og køyrer meg opp på Heimen. Logistikken er i orden.
I dag hadde Einar lagt inn eit klipp frå NRK radio Finnmark, der han fortalde om han som vart redda ut or snøhola i går. Kjekt å høyre radiostemma til barnebarnet! Litt stolt blir ein også når dei seier: "Reporter var Einar Orten Trovåg" (Som snakka nynorsk!)

Klokka 22.30: Temperaturen ute er no minus 5 grader, det er stjerneklårt og fint. Eg kom heim for ein time sidan.
Klokka 15 reiste Marit og eg på pensjonistmøte, Eva køyrde. Vi såg den gamle filmen (1959) "Some like it hot" og det var artig. Så fekk vi pizza og kaffi med småkaker til. 
Solveig besøkte Nils mens eg var på møte, så køyrde ho meg først heim, fordi vi skulle hente noko, og så ut på Heimen til Nils. Eg vart ikkje så lenge i kveld, men eg fekk hjelpe til med kveldsstellet og så såg vi "Farmen kjendis" i lag. Andre delen av farmen såg eg etter at eg kom heim. Nils har hatt ein bra dag, men har var trøtt så han ville legge seg.
Eg har ein klesvask å legge i hop, og så får eg finne meg litt mat. Det blir sjeldan eg kjem meg tidleg i seng.

tirsdag, januar 16, 2018

Dagbok 2018: 16.januar.

Klokka er 22.35 og det er ein halv time sidan eg kom heim. Etter den tid har eg snakka med Solveig, som vil besøke Nils i morgon kl.17. 30, mens eg er på pensjonistmøte.
Temperaturen ute er rundt 0 grader C og faktisk har gangvegane frose til att, så det er glattare enn nokon gong. Godt eg har broddar. Så langt har det vore opplett.
Eg ler litt når eg ser kva kaos 20-30 cm snø skaper i andre delar i landet. I år er det 50 år sidan raset gjekk på Riise. Vinteren 1968 - DÅ var det mykje snø, då, minst 2 meter på flat mark på Melle og enda meir på andre sida av bygda.(Vallabøen).
I dag jobba eg litt heime før middag, blant anna vaska eg soverommet og rydda litt her og der.
Eg gjekk relativt tidleg heimanfrå og ut til Nils. Der møtte eg Kari og Kåre som stakk innom ein tur. Etterpå kom legen, Linda, og ho hadde med seg ein turnuslege, ei ung jente frå Jæren.
Når eg kom så tidleg var det fordi eg skulle ned i Vik ein tur, men først skulle eg legge frå med litt av kvart og få litt instruksar. Eg skulle ned på Comfort-butikken, der omnen var kjøpt i si tid, for å høyre om dei hadde asbestpakningar. Det hadde dei,  eine sorten var for tynn, den andre for tjukk, men eg kjøpte den tjukke. Viss det ikkje går bra, skal eg kjøpe meir slik at eg får likt rundt heile døra. Eg fekk god sørvis med ein kjekk, ung mann. Det er litt av kvart eg må sette meg inn i når eg bur åleine, eg kan sjølvsagt be om hjelp, men eg vil gjerne klare det meste sjølv.
Etterpå var eg opp att på Heimen til Nils og var der til vi var ferdige med kveldsstellet, gjekk heim kl. 21.30. Nils er nokså stabil, verken betre eller dårlegare enn han har vore.

mandag, januar 15, 2018

Dagbok 2018: 15.januar

Klokka er 22.05, temperaturen ute er + 4 grader C og det er litt vind. Noko av isen på gangvegane har smelta, men eg har brukt broddar i dag også.
Føremiddagen i dag for eg berre og sosa-hadde nesten skrive "som vanleg"- men i dag var det var fordi eg hadde tenkt meg ut på vandring litt tidlegare enn vanleg. Eg skulle innom "Malia" og så skulle eg på Amfi før eg skulle ut til Nils. Logistikken min tek litt tid. Eg må tenkje ut kva vegar eg skal gå, kor lang tid eg brukar, kva eg skal kjøpe etc. etc. Eg må ha rekna bra rett i dag, for eg kom til Nils akkurat når han skulle ete middag, slik eg plar.
Eg vurderte to alternative vegar til Malia, og valde sjølvsagt feil, så det vart ein lang tur. Ærendet var å kjøpe ein liten ende med asbestpakning til omnen. Eg trudde det var enkelt-men det var det ikkje. Dei måtte vite kva omnen heitte osb.-for mens eg trudde asbest var asbest og that`s it-kunne dei fortelle meg at breidda på desse pakningane var frå x-y mm. Ein av ekspeditørane prøvde å leite opp omnen på data, men vi fann den ikkje. Eg måtte ta bilde av omnen på mobil og komme att. 
Då eg fortalde Nils om alt dette visste han det meste på førehand - og omnen var ikkje kjøpt på "Malia", det var det kjellar-omnen som var. Dessutan trudde han vi hadde ein liten ende med asbest liggande.............
Ja, den fann eg på den staden ha sa med det samme eg kom heim i kveld.  Eg prøver å ikkje vere irritert fordi han ikkje informerte meg om alt dette i går når vi snakka om det. Nok om det, eg fekk ein lang tur og god mosjon. På Amfi handla eg diverse småting til meg sjølv, clementinar til Nils og salat frå salatdisken til meg sjølv. Den åt eg på Heimen.
Nils var veldig trøtt og slapp då eg kom i dag, så med det samme han hadde fått i seg middagen, sovna han og sov ein heil time. Eg slappa av i godstolen etter all mosjonen, og etterpå såg vi TV. Men han var framleis trøtt så eg gjekk heim litt før halv ti, då hadde eg hjelpt han med kveldsstellet først.
Eg ringde han etter eg kom heim og fortalde at eg hadde funne asbesten, så slepp han å tenkje meir på det.

søndag, januar 14, 2018

Dagbok 2017: 14.januar

Klokka er 22.15 og det er ein halvtime sidan eg kom heim frå Heimen. Gjekk utover nokså tidleg i dag, så det vart eit langt "besøk". No er det + 3 grader ute og det blæs, noko som er relativt sjeldan her på Vallabøen. Vinden kjem frå aust, noko som indikerer at det er synnavind -litt rart, men det har vel med fjell og dal å gjere. Det er opplett, og gatene er stort sett snøfrie, men på gangvegar og fortau, der eg går, er det enno knallhard is. Så eg går med broddar!
No har eg funne fram litt saltmat som eg skal ete til kvelds. Har ete ganske mykje før i dag, men det har stort sett vore kaker og kaffi.
Då eg kom ut til Nils hadde han nettopp ete middag, i dag var det biff Stroganoff. Til kaffien fekk vi ostekake i dag, og den var god. Nils må for det meste tvinge maten i seg, han har eigentleg ikkje lyst på mat.
Han var ikkje dårleg i dag, men er slapp og trøtt, noko som delvis kjem av medisinen. Eg fekk han til å legge seg ned og slappe av ei stund, og då kvikna han til. Eg hjelpte han med barbering, tannpuss etc. så eg føler at eg er LITT til nytte der ute.
Det er så mykje å følgje med på når ein først begynner å sjå TV, i dag var det regjeringsforhandlingar i tillegg til drapssaka. Og så må vi no sjå "Farmen kjendis"-eg måtte sjå slutten her heime før eg kunne skrive blogg.
I morgon må eg nedover. Blant anna må eg få tak i asbestpakning til omnen. Pakninga nedst på døra har falle av og delvis brunne opp. Dessutan minkar det litt på julematen. Sidan eg ikkje lagar middag, må eg ha noko salt pålegg etc.
I dag gratulerer vi Roar Jarle Trovåg med 50-årsdagen!

lørdag, januar 13, 2018

Dagbok 2018: 13.januar

Dette bildet er tatt av Marta Lystastad Johansen, som bur på andre sida av fjorden. Så slik ser Vallabøen ut frå den sida. Ho er forresten fotograf.(Hugs å dobbeltklikke på bildet.)

Klokka er 23.00, temperaturen har stige til minus 3 grader C; det er stjerneklårt og nydeleg vêr. Eg vart på Heimen litt lenger enn vanleg i kveld, for Nils var så vaken at vi kunne både prate og sjå TV. Ei av pleiarane ville absolutt køyre meg heim, ho bur i Olavsgata og har sett meg gå opp elva-vegen. Men eg VILLE gå. Kjenner at eg treng den mosjonen, hofta verker når eg sit for mykje i ro.
I dag trudde eg det var søndag-slik er det kvar helg: to søndagar. Eg sov dårleg og lite sist natt , men kom meg opp i vanleg tid. Lite vart gjort, men det var ikkje så farleg. Eg fekk rydda litt i huse; hadde tenkt meg opp på loftet med julepynten, men av omsyn til Nils og "barna" vil eg ikkje utsette meg for ulykker.
Bodil ringde og vi fekk oss ein lang og hyggeleg prat. Det er ikkje så ofte vi snakkar telefonen, men vi held god kontakt på data.
Margrete og dei to heimeverande barna skulle komme ein tur i dag, dei kom i 15-tida då hadde dei gått rundt Ròtevatnet i Volda før dei kom hit. Etter at vi hadde drukke kaffi og ete kaker, for vi alle ut til Nils.( Men først tok dei to "barna" og fekk julepynten opp på loftet.) Å seie at han var i storform ville vere å overdrive, men han var rimeleg bra i dag. Eg var der mens han åt kveldsmat, eg fekk kaffi. Eg kunne fått så mykje mat eg berre ville, men eg likar best å ete når eg kjem heim. Men i kveld gjorde eg Nils ei teneste; eg åt omeletten hans, for akkurat det greier han ikkje. Eg forstår han, faktisk.
Han hadde ikkje på TV-en då vi kom, men seinare såg vi mange program på NRK 1, eg gjekk frå Heimen klokka 22.35. 
Eg er ikkje svolten i kveld, men må sjå om eg finn meg noko saltmat.
I morgon fyller Roar Jarle, eldste sonen til Rolf, 50 år. Han og Margrete er fødde samme året.
Eg trur vi kan belage oss på rikeleg nedbør med det første-kjennest slik ut i venstre hofta mi.



fredag, januar 12, 2018

Dagbok 2018: 12. januar.



Desse bilda er tatt i dag klokka 12.00. Sola kryp stadig lenger nedetter fjellsidene, og neste veke skal ho kome til oss, og vêret  held seg fint.

Klokka er no 22.15. Temperaturen er minus 3 grader og vêret er fint. Eg kom nyss heim att frå Ørstaheimen, brukte ikkje lang tid på heimturen i kveld, for då eg kom ned på vegen var det ein som stoppa og spurde om eg ville sitte på heim; eg kjende ikkje mannen med det samme, men tok sjansen. Det var ein av nærmaste naboane, men det er første gongen eg har sete på med han. Dermed gjekk eg glipp av kveldstrimmen, men det var godt å kome heim i ein fart sidan eg var litt seint ute. Vart verande på heimen litt lengre enn vanleg av ymse grunnar.
Nils ringde heim på føremiddagen, då var han i kjempehumør.  Då eg kom ut til han i 16.-tida var han meir laber; men han åt opp all middagen sin og virka OK. Håkon kom innom ein tur og det var no kjekt. Etterpå sovna Nils og sov ei god stund. Og då han vakna var han ikkje i form. Men han kom seg til etter kvart, så vi kosa oss med opptil fleire TV-program i lag. Eg gjekk frå Heimen kl.22.10, men heimturen vart ikkje lang.
No har eg fyrt i omnen og skal ete og kose meg litt åleine.
I dag før middag fekk eg vaska bad og kjøkken, så denne veka vart det fredagsvask.
Så hadde eg ei kofte som eg strikka til meg sjølv før Nils flytta. Solveig hadde lova å montere den, men det mangla litt på at den var ferdigstrikka. Så i dag tok eg meg på tak og gjorde det eg skulle. Sat og strikka midt på blanke føremiddagen, med lydbok på datamaskina. Heilt til det var på tide å besøke Nils. 
Dagane mine er nokså programmerte men eg har nokre timar til eigen disposisjon når Nils er på Heimen, det hadde eg ikkje då han var heime. Men så hjelpelaus som han er no er det ikkje råd for meg å ta vare på han her, sjølv om eg gjerne ville det.
Så ønsker eg alle ei god helg!

torsdag, januar 11, 2018

Dagbok 2018: 11.januar

Klokka er 21.55, temperaturen + 3 grader, det er fint lettskya vêr og opplett. Har inntrykka av at det snart er berre her på Sunnmøre vi har fint og heilt normalt vêr. Til denne tid har vi hatt fint vinterver, og det er veldig bra for meg som fer og vandrar kvar einaste dag.
I kveld gjekk eg heim litt tidlegare enn vanleg, men når eg har vore hos Nils i 5 timar trur eg at han har fått nok. I dag var han i rimeleg bra form, så han var vaken det meste av tida, eg sov heller ikkje. I løpet av den tida eg er der får han to måltid; middag og kveldsmat. Eg får mat viss eg vil ha, men som regel takkar eg nei, vil heller ete heime. I dag hjelpte eg til så han fekk barbere seg, mellom anna.
No er det eine sjefs-sjukepleiaren som har overteke øyredryppinga, så vi håper det blir orden på hørselen.
Eg måtte ringe til Nils etter at eg var komen heim og fortelje kva Einar skriv på FB. Nils er veldig spent på korleis det går med han oppe i Alta og kva han jobbar med. Elles ringde Rolf i kveld, og det liva opp med ein prat med broren. Nils har alltid vore meir interessert i "folk" enn eg, så han likar å høyre om alt som skjer. Eg er meir slik at eg går i mi eiga boble, eller har ei bok på øyret.
I dag dreiv eg med litt husarbeid f.m. klesvask m.a. Men så fann eg ut at det var ein passande dag for vedkløyving. Garasjen er tom, det var ikkje kaldt, og eg mangla opptenningsved. Lurte litt på korleis eg skulle frakte ved-sekkene når eg ikkje kunne bruke trillebåra. Men kva kan ein bruke snø-mòkebrett til ? Det gjekk heilt fint-og no slepp eg å streve med å få fyr i omnen. Brukar sjølvsagt varmepumpa, men når det er skikkeleg kaldt må ein fyre med ved.
Då eg gjekk ned til Nils i dag tok eg ein omveg om Kiwi og kjøpte nokre nye roser, slik at eg kunne kassere den visne buketten med godt samvit. Eg har alltid lyst å kjøpe noko å ha med meg, men det er ikkje mykje han vil ha. I dag kjøpte eg druer og det var populært,  han kan ikkje ete for mykje av den sorten på grunn av diabetes,men  litt må han no få lov å smake. 
No skal eg legge i hop ein klesvask, og så må eg vel ete litt. Matstellet mitt er sånn passelig.....men om kvelden smakar maten best. Eg har rikeleg mat i huset-innkjøpt før jul!

onsdag, januar 10, 2018

Dagbok 2018: 10.januar

Klokka er 22.20 og det er ein time sidan eg gjekk frå Ørstaheimen. Eg måtte sjå litt på "Farmen kjendis" før eg kunne skrive blogg. Ingen stjerner på himmelen i kveld, men det var fint likevel, opplett og +3 grader C. Tidlegare i dag var tempen oppe i +7 grader, men isen smeltar ikkje verken på vegen eller trappa
I dag før middag var eg litt flittig. Eg støvsugde alle teppegolva, vaska/tørka klede osb. Og så skreiv eg ein førehandsomtale til avisa.  Eg åt litt, vaska håret etc. før eg gjekk utover til Nils.
Når han er i fin form ringer han ofte heim på føremiddagen; i dag gjorde han ikkje det. Så eg var budd på at han ikkje var så sprek, og det var han heller ikkje, men han hadde vore dårlegare før på dagen. Det går litt opp og ned med forma, somme dagar bra, andre dagar mindre bra. Han kan ikkje bli frisk, det veit vi, men vi har gode stunder innimellom.
I dag kom Solveig innom ei lita stund. Ho hadde eit ærend til Ulsteinvik, og fann på å ta ein liten avstikkar. Det var kjekt. Kjekt var det også at Marit nabo kom innom. Nils set pris på at folk besøker han om han ikkje gir så tydelig inntrykk av det.Det går godt an å stikke innom på ettermiddagstid og kveld sjølv om eg er der.
Eit tilleggsproblem han har er at øyra hans er tette. Eg har brukt å spraye dei, og avtalt med personalet at dei skal følge opp, men det har ikkje blitt gjort. Dei er så mange- og dei har det travelt. No skreiv eg på ein lapp kva dei skal gjere. Han som alltid har høyrt så godt høyrer no veldig dårleg og ligg med TV-en så høgt på at det plagar meg, som er naturleg tunghøyrt.
Eg er ikkje alltid like glad for å gå frå han om kveldane, men både han og eg veit at han har det best der. Men eg som aldri har vore innom ein sjukeheim før Nils kom dit, ser no at institusjonen er rimeleg gammaldags og manglar teknologi som kunne gjort livet lettare både for pasientar og betjening. Eg trur den teknologien finst.

tirsdag, januar 09, 2018

Dagbok 2017: 9.januar.

Klokka er 21.00, og det er mindre enn fem minutt sidan eg kom heim. Lenge sidan eg har vore heime så tidleg på kveld. men eg skal innrømme at det er godt å ha ei stund heime før eg må legge meg.Ute er det stjerneklårt, +1 grad og nydeleg vêr. Men det er godt å ha broddar under skorne, for det er mykje is på vegane.
I dag gjekk eg heimanfrå klokka 11.30, skulle vere på kulturhuset klokka 12.00 til styremøte i pensjonistlaget. Møtet gjekk fort og greitt unna, så eg hadde god til dei andre ærenda mine. No kunne eg ikkje kjøpe så mykje, for eg måtte bere med meg det eg ev. skulle ha. Var innom Amfi men begrensa meg til å kjøpe ein boks med hårspray og eit beger salat frå salatdisken på Bunnpris. Eg fekk no sett meg om litt, men det var ikkje noko som frista, har nok og meir enn nok av det meste.
Eg hadde eit ærend i banken, for vi hadde fått ei rekning som Nils trudde han hadde avtale-giro på. Han har ikkje nettbank. Eg hadde ein fin samtale med dama i banken, og fekk skjema som vi kunne fylle ut for ev. få Nils sine konti over på meg.
Inntil vidare gjer vi ikkje noko med det, eg har pengar nok på kontoen min, og kan ev. ta ut pengar på Nils sitt Visa-kort. Eg kan betale rekninga på nettbanken, slik eg plar gjere, for den var ikkje på avtalegiro.
Så gjekk eg opp til Nils. Han låg og sov, han hadde sove det meste av  dagen. Somme dagar er det slik. Solfrid kreftkoordinator kom på besøk, og ho sa at medisinane gjer at Nils blir trøtt, og det har vi no forstått før også, men det er betre at han er trøtt og søv eller at han verker. Solfrid fortalde at dei nye kvalmetablettane han får no, er eigentleg reisesjuketablettar, og då hugsa eg kor trøtt eg var når eg reiste med buss frå Volda til Eid-og tok tablett. Det var den tida eg gjekk på lærarskulen.
Linda, legen, kom også innom ein tur. Ho såg på storetåa som kjem seg no når han får salve på den.
I mellomtida hadde eg gafla i meg salaten min. Det er det beste måltidet eg har ete på lenge.
I morgon må eg skrive litt til avisa om pensjonistmøtet som blir onsdag 17.januar. På januarmøtet brukar vi å sjå film, og gjett kva vi skal sjå i år? -"Some like it hot"-med Marilyn Monroe og Tony Curtis, blant andre ! Det blir vel litt av ei mimring. 
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen. Frå barndommen kan eg hugse at tante "kasta ut" juletreet når selskapet var slutt.Gratulerer med dagen,JP!

mandag, januar 08, 2018

Dagbok 2018: 8.januar

                                        Her går eg ut Starevegen.

Storebakken ned og kryssar Olavsgata.


Nedover elvevegen, Vikemarka skule til venstre.


Håkonsgata, med brua over Vike-elva.


Ørstaheimen  består av tre store bygg. Nils bur i det midterste huset




Inne i gangen. I enden på gangen tek eg heisen opp.

Klokka er22.10, og eg kom heim for ca. 15 minutt sidan. Det var fint å gå heim i kveld. Temperaturen er 0 grader C, og det er opplett og gode vegar. I dag tok eg med meg kamera då eg gjekk utover til Nils ca. 15.30 Eg skriv så mykje om desse turane mine, at eg tenkte blogglesarane kunne få vere med på ein av dei daglege turane mine. Det hender eg tek andre ruter, men eg går helst denne.
Nils var trøytt og slapp då eg kom ut i dag, men han åt middagen  sin. Eg ville han skulle legge seg og kvile etterpå, men det nekta han. Men eg sette meg i godstolen, og best det var sov vi begge to. Han kvikna litt etterpå og vi såg TV og prata ei stund. Før eg gjekk hjelpte eg han med kveldsstellet. På Heimen seier dei at eg er "flink"- og Nils jattar med dei. Det å vere sjukepleiar er noko eg aldri har vurdert, men å stelle godt med sine aller nærmaste er noko heilt anna.
Eg merkar at han vert svakare etter kvart, og når han er trøytt hugsar han ikkje så godt, men i dei kvikke periodane er han heilt klår i toppen.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, etterpå skal egi banken og ordne opp med ei rekning som vi ikkje heilt forstår oss på. oG så blir det kanskje nokre små-ærend før eg går opp på Heimen.
I dag for eg berre og surra på føremiddagen. Mòka altanen, bar inn ved vaska klede, rydda skap etc. Eg er blitt voldsomt ivrig når det gjeld skaprydding-har som eit håp om at det forsvundne smykket skal dukke opp når eg minst ventar det.
Såg at der var ferske bilspor på tunet, så no må eg røkje etter kven som har vore her.

søndag, januar 07, 2018

Dagbok 2018: 7.januar

Denne vesle svarttrosten kjem på besøk fleire gonger for dag og et havregryn på altanrekkverket.Når havregryna vert nedesnøa blir han heilt panisk og spring fram og tilbake på rekkverket. Derfor mòkar eg rekkverket før alt anna.Eg trur han er blitt att åleine mens alle dei andre trostane har reist til syden.

Klokka er 22.35, det er ei lita stund sidan eg kom heim, gjekk frå Heimen klokka 21.45. Det var ingen problem med å komme seg heim i dag, for alle vegar er brøytte. Temperaturen er 0 grader, eller litt over, så eg håper ikkje vi får meir snø akkurat no. Såg på TV at det har vore både storm og orkan i fylket vårt, her på Vallabøen har det ikkje vore så mykje som eit vindpust.
Men snø har vi fått! Etter at eg hadde mòka altanen i dag før middag, gjekk eg ut og begynte på tunet. I går var snøen lett og fin, i dag var den tung som bly. Men Torbjørn kom bort og freste vekk det grøvste, så tok eg det som var nærmast huset. Eg gjekk inn og bytte på meg tørre klede, og då kom plogen i full fart, så tunet vart fylt med store og små snøklumpar. Eg tenkte som så at då får Audun berre køyre oppi det heile, men så var Even der med brettet og rydda opp. Står ikkje på når ein har så kjekke og snille naboar.
Audun var på besøk til Nils før han kom her i halv tre tida. Eg hadde tatt opp ei ferdig fylt bløtkake frå frysaren, og hatt krem på, så det vart serveringa i dag. Audun og eg drakk kaffi og åt kake til det var på tide å køyre meg ut på Heimen. Audun skulle reise med bussen frå Ulsteinvik til Oslo i kveld. Lurer på korleis det gjekk -. Han disponerer bilen vår for tida, når han er heime, og så køyrde han meg i den ut til Heimen.
Eg såg straks at Nils ikkje var så pigg som i går. Han var trøtt, men ville ikkje sove. Han hadde ete godt til middag i dag: sosakjøt med mykje saus; til og med potetene hadde han ete. Han var ikkje dårleg, berre slapp.
Vi såg TV i lag, som vanleg, og eg hadde tenkt vi skulle sjå siste delen av "Farmen kjendis" før eg gjekk, men eg såg at han trong å sove, så vi gjorde unna kveldsstellet -og så gjekk eg. Han likar at eg er der når han "legg seg". Han ligg jo heile dagen, men det er litt annleis når natta står for døra.
På heimvegen trefte eg ein tidlegare kollega som var ute og lufta hunden sin, og fekk prate litt med henne.

lørdag, januar 06, 2018

Dagbok 2018: 6.januar.


Klokka er22.35, temperaturen  minus 3 grader og snøen lavar ned. Eg kunne ikkje gå dei vanlege vegane i kveld, for ingen vegar var brøyta. Derfor måtte eg finne vegar som var oppkøyrde av bilar såpass eg kunne gå i spora. Eg gjekk mot Heggjadalen  og sekund før eg var framme kom plogen, så resten av turen vart lett.
Eg vandra mykje i fjor vinter også, men kan knapt hugse at eg gjekk på snø. Denne vinteren ser ut til å bli god gammaldags Ørsta-vinter. Nils ringde nettopp for å høyre om eg hadde kome vel heim- og det hadde eg no.
I dag hadde eg ikkje noko spesielt på programmet, så eg sat ei stund og stikka og såg TV (opptak). Men så måtte eg ut og moke snø. Janne og Even var ute før meg og dei hadde moka veg ned til trappa mi. Eg har ofte sagt at eg treng berre ei rås, men i dag trudde eg kanskje det kom folk med bil på besøk, så eg moka heile tunet og ned til kjellardøra. Det var lett og fin trim. Så gjorde eg litt husarbeid, klesvask etc. før eg åt  eit godt måltid. Vel halv fire gjekk eg ut til Nils.
Han hadde hatt besøk av ein kamerat f.m., og så hadde han ete og sove middag før eg kom. Men den som sovna - det var eg. Vi har TV-en ståande på heile tida og det er søvndyssande i seg sjølv. Vi hadde ein fin kveld, då vi såg TV, prata, og eg hjelpte Nils så han fekk barbere seg, vaske seg og pusse tenner før eg gjekk.
Eg går heile tida surr i dagane så eg gløymde å ønske alle god helg i går. Håper helga blir bra uansett. I morgon kjem Audun ein tur innover og besøker morfaren, og så kjem han opp til meg etterpå. Han skal reise tilbake til Oslo i morgon kveld. Blei litt skeptisk då eg såg vêrmeldinga i kveld. Ikkje for min eigen del, men eg likar ikkje å ha folk ute på reise når det er storm og styggevêr.



DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...