lørdag, juli 31, 2021

Dagbok 2021: 31.juli

Denne dungen er no i sekker. Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 15 grader. Det er lettskya, men opplett.Ei stund såg det ut som det kunne komme regn, men så lyste det opp att. I dag har eg gjort berre to "ting". Det første var at eg køyrde ned på Kiwi og handla matvarer, det var relativt tidleg på føremiddagen. Der trefte ev ein venn som spurde om det var Olaug-vi gjekk begge med masker. Marit har testa seg i dag, viss testen er positiv må eg også teste meg, for vi har vore i lag-i bilen t.d. Då eg kom heim var det på med arbeidsantrekket og så begynte "Jobben". Sidan det var liv i den gamle kompostkverna slo eg frå meg å kjøpe ny akkurat no i alle fall. Eg KAN denne gamle. Skiftenøkkelen leitte eg fram, for eg veit at etter ei stund er det stopp, særleg når det er vått lauv eller bar med i programmet. Eg måtte skrue opp nokså mange gonger i dag. Klokka 15 gjekk eg inn og tok meg mat, og 15.30 var eg ute igjen. Eg trudde eg skulle bli ferdig til klokka 18, men den blei 18 .30. Det eg har gjort er at eg har mele opp/kverna alt baret frå granene som Øystein snaua på torsdag. No er det 6 svarte sekker som må på VØR om ingen treng dei. Eg har så mykje kompost at eg kan ikkje samle i hop meir. Eg raka plenen der eg hadde halde til,hadde tenkt å fare over med plenklipperen, men batteriet var inne till opplading så eg orka ikkje å hente det. Eg er nokså sliten og det var kompostkverna også, den la seg over på sida då eg sette den frå meg. Men det er kjekt å få fullføre ein jobb. Det som no står att er å sage opp dei tjukke greinene-det blir neste prosjekt.

fredag, juli 30, 2021

Dagbok 2021: 30.juli

Klokka er no 17.50, sola slin frå nesten skyfri himmel, det blæs ein liten bris som kjøler oss ned, for varmt er det, til tross for at gradestokken står på 20. Eg kom nettopp att frå ein liten runde på Vernet.I dag visste eg at Einar skulle komme og at vi to skulle på SKEIDAR.Han skulle komme 11.30-og det gjorde han. Eg laga i stand middagen før han kom, skrelte poteter og gulrøter og bruna saus.Kjøttkaker hadde eg i frysaren, så det var no greitt. Då vi kom bort og skulle svinge av hovudvegen, såg vi ei evindeleg lang rekke med bilar som stod i kø for å bli testa. Ja, ikkje bilane då, men folka inni. Det var mange til stades på My Kitchen laurdags kvelden -og mange vart smitta. Margrete og co. var der dagen etter, så vi håper at dei hadde vaska godt etter utbrotet.Ingen i Margrete sitt følge er smitta det vi veit om, somme har hurtigtesta seg med negativt resultat. Einar skulle ha seg ny kontorstol og eg hadde funne ein i ei tilbodsavis. Han fekk sjå og prøve stolen, og den fall i smak. Både Einar og eg hadde masker på oss, men ikkje alle ekspeditørane. Det same var det på ALTI , der vi var etterpå. Eg kjøpte nye batteri til brannvaslingssystemet mitt, og Einar sette dei på plass. Så no er det slutt på pipinga. Potetene kokte mens han jobba og så kunne vi ete ein relativt tidleg middag, med kaffi etterpå. Marit og eg hadde tenkt oss på gravplasseni går, med då vart det ikkje. I dag tok vi turen, sjekka og vatna. Rosebuska som eg hadde planta var ikkje heilt som ho skulle, men kanskje ho kjem seg etter å ha fått vatn.Då vi kom heim att fekk eg lyst å gå ein tur på Vernet, for det var så frisk vind at eg slapp å sveitte.Så det gjorde eg. Eg har skrytt av at knea mine har vore heilt bra i det siste, men i dag trøbla det høge seg. Ofte har det blitt betre etter ein tur på Vernet, så det håper eg det vart i dag også. Kompostkverna mi har ikkje vore i bruk på to år, så no trudde eg den var heilt ubrukeleg. Eg kobla til ledningen og jammen gjekk den. Om den vil male opp alt granbaret mitt står att å sjå. Det kan vel hende eg kjøper ei ny.
Hestane beitar mellom blåbærtuene. Eg ønsker alle ei fin og koronafri helg.

torsdag, juli 29, 2021

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett. Eg har ikkje gjort mykje "husarbeid" i det siste, så i dag ville eg ta ein tørn. Eg tok av det brukte sengetøyet, hengde dyna ut- alle lause golvteppe gjekk samme vegen. Så vaska eg golva og styrtee på ei heil stund, så sveitten rann. Eg fann ut at eg måtte i dusjen, så då låste etg ytterdøra. Ikkje før hadde eg gjort det, så ringde det på. Det var Solveig og Øystein som kom på besøk- for å jobbe. Øystein mala utetrappa mi først. Så gjekk han laus på nokre graner nedst i hagen. Dei var noko "skamklipte-skamsaga" frå før-av meg sjølv. Eg har saga greider med hand, og det gjorde Øystein også . Men vi får kanskje ta dei att seinare og bruke motorsaga på dei tjukke stammane. No har eg ein diger haug med granbar-greiner og kvistar, så eg vert ikkje arbeidslaus med det første. Så snart som Øystein var ferdig med jobben, reiste dei ut att, men fekk no tid til ein kaffikoppfør dei for. Solveig hjelpte meg med å klippe vekk ei stripe på det nye golvteppet som eg har på datarommet mitt.I morgon kjem Einar ein tur, då skal han og eg på butikk etc. Eg utnyttar alle som kjem innom ein tur-eg har alltid noko eg treng hjelp til. Elles har vel dei fleste fått med seg at vi har fått mykje koronasmitte i Ørsta/Volda-det meste vi har harr under heile epidemien. Så no blir det vel munnbind igjen, spritvask har det no vore heile tida.No skal eg sjå om der er liv i den gamle kompostkverna, så eg kan male opp granbar og kvistar. Den har ikkje vore i bruk verken i fjor eller i år, så det kjem an på. I morgon må eg ha meg ein tur på Clas-eg får skrive liste i dag så eg ikkje gløymer noko.No har eg sete og skive blogg, og sveittar av anstrengelsen.
Granene før og etter.

onsdag, juli 28, 2021

Dagbok 2021: 28.juli

Klokka er 16.50, temperaturen ute +25 grader og det er skya-med litt sol av og til. Eg har ikkje vore så flittig i dag, har ikkje gjort så mykje ute-og så å seie ingenting inne. Husarbeidet får vere til det blir innevêr. Planen min i dag var å plukke rips, helst alt. Men så viste det seg at ripsen ikkje var så moden som eg trudde. Det vart til at eg plukka og reinska i same operasjonen, så var det berre å skylle bæra og fryse dei. I dag vart det tre gode porsjonar med "dessertbær"til frysaren. Eg hadde gløymt å sette ut bosset i dag, og det var to dunkar som skulle tømmast. Nokre som eg kjenner gjekk akkurat forbi og ropte til meg, såpass eg fekk tømt restavfallet, og det var det viktigaste. Etter Marit og mi si meining blir den dunken tømt altfor sjeldan. Men det går no bra no når eg ikkje har leigebuarar. Eg fann ut at eg like godt kunne mosjonere på føremiddagen, så eg gjekk utover Starevegen. Der kom min venn rørleggaren med "bilen" sin. Han påstod at eg gjekk som ein tenåring. Det var vel å overdrive litt, men eg har vore god i føtene no i sommar. Neste veke begynner treninga igjen, så då spørs det korleis det virkar. Eg gjekk opp på Vernet, men i staden for å gå rundt, tok eg vegen opp Åsmundmarka og vidare råsa opp til Raudhyttevegen, altså motsett veg som sist eg var til skogs.
Eg gjekk innover Raudhyttevegen, den er nokså flat og lite krevjande, men sveitten sila og rann av ansiktet heile tida. Så gjekk eg ned til bommen og innpå Vallabø-vegsystemet.I området rett innafor bommen var det snauhogt for nokre år sidan-det var der ikkje no.
Då eg kom heim att varte det ikkje så lenge før eg laga meg middag, det vart Taco i dag også, og kanskje i morgon med. Etter at eg hadde ete og drukke litt kaffi vart eg så trøtt at eg gjekk ut på altanen og la meg på solsenga og slappa av. Og der vart eg liggande. Eg har ikkje så mykje å gjere i hagen akkurat no. Eg ser fram til at grana skal fellast, då får eg arbeid med kvisting etc. Sjølve fellinga tek eg ikkje på meg. Eg har ikkje bestemt meg om eg skal kverne kvistane eller ikkje -viss ikkje får eg eit bra lass å reise på VØR med-men det er OK. I dag såg eg noko som eg ikkje har sett på mange Herrens år, ei marihøne, eller gullsmed som vi sa på Eid i gamle dagar. Den sat på ei grein ved sidan av leet til Åsmundmarka.

tirsdag, juli 27, 2021

Dagbok 2021: 27.juli

Klokka er 17.25, temperaturen ute er + 26 grader. Sola har ikkje vore mykje framme i dag, likevel sveittar eg så det renn. Men så kom eg på at vi er no midt i hundedagane, så det kan vere ei forklaring. I dag er det 59 år sidan Nils og eg gifta oss i Bergen, dersom vi begge hadde vore i live, kunne vi ha feira diamantbryllaup neste år. Fleire av dei eg kjenner har diamantbryllaup i år.På denne datoen var det at Olaug (Marie) Orten Trovåg vart døypt på Hareid i 1997. I dag har eg ikkje utretta så mykje. Marit hadde ærend nedover i dag og eg vart med ned på SPAR. Eg fann litt å kjøpe i dag også. Då vi kom heinm tok eg trimrunda mi på Vernet mens eg hadde skikkelege klede på meg. Dermed vart det snart tid for å lage middag. I dag skeia eg heilt ut og laga Taco til meg åleine. Då får eg litt anna i tillegg til grønsakene mine. Det var kjempegodt og eg åt altfor mykje. Eg vart så mett at eg måtte ta ein pause før eg gjekk ut. I pausen felte eg av ein lest. No har eg vore ute og styrt i hagen ein 2-3 timar. Fekk ikkje gjort allverda i dag heller. Eg har mykje solbær på den eldste buska, men det er litt for tidleg å plukke. Solbær er blitt sjeldnare enn før, meir eksklusivt liksom, det ser ein på prisen på kjøpesylta.Rosa som eg kjøpte den 22. juli i år blomstrar fint-eg har ikkje sett denne sorten før, den heiter "Rosa Mundi"
Eg likar å stelle hagen og er glad for kvar dag det er opplett. Ista då eg var ute kjende eg regndropar, men no skin det visst opp ute. Eg har begynt å gjere klar for felling av den store grana, har klipt og saga greiner lengst nede.

mandag, juli 26, 2021

Dagbok 2021: 26.juli

Klokka er 18.45, temperaturen på trappa er + 27 grader, det er lettskya, sol og varmt.Her eg sit og skal skrive er det ei fluge som ikkje held fred. Eg kom nettopp ned att frå nr.8 der eg har sete og prata og drukke kaffi i lag med Marit eit par timar. I dag skulle eg klippe plen ,men det var vått i graset, derfor venta eg litt på å begynne. I mellomtida klipte eg av dei nedste greinene på den store grana. Så vart det plenklipping etter kvart. Då eg var ferdig å klippe og hadde vaska klipparen stod eg på altanen og såg utover verket mitt. Då såg eg eit uklipt område, og dermed gjekk eg ut og klipte ei stund til. Etter kvart fekk eg ete litt og dusja før eg for opp til Marit. Det er heitt og eg sveittar, men eg beklager meg ikkje.Eg set veldig pris på varmt sommarver og det er ikkje skadeleg å sveitte. I går kveld , seint, kom det litt torevêr og regn. Regnet gjorde sikkert godt. Det er like før eg må begynne å plukke hagebæra mine-bringebæra et eg opp etter kvart, men eg skal sylte solbær og stikkelsbær, trur eg. No skal eg sette på TV-en og få med meg kva som skjer i verda.

søndag, juli 25, 2021

Dagbok 2021: 25.juli

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er 25-26 grader C. og sola skin. Vi har hatt enda ein kjempefin dag med sol frå morgon til kveld. Eg var oppe til vanleg tid i dag, og etter frokost etc. tok eg like godt og gjekk ein tur på Vernet før eg gjorde noko anna. Det eg gjorde då eg kom heim att var å reinske ugras i jordbæråkeren og så vatne heile hagen med slangen. Eg plukka meg ei skål med bringebær før eg gjekk inn. Litt seinare vart det middag, og i dag vart det grønnsaksalat igjen.Eg la meg på solsenga på altanen, det vart nokså varmt og sveitt. Seinare på ettermiddagen inviterte eg Marit på is og kaffi på altanen. Vi heldt ut i varmen for vi er begge glade i sol! Eg tok nokre bilde på Vernet i dag, slik at de kan sette dokker inn i korleis Vernet også kan verne mot voldsom nedbør -når elva går over breiddene sine.
Eg har vore inne på YR i dag og sjekka vêrmeldinga. Der var det full sol og masse lyn-ein litt uvanleg kombinasjon. Ser litt skyer på himmelen no, men eg håper det held seg opplett til i morgon- og vel så det-for eg har tenkt å klippe plen

lørdag, juli 24, 2021

Dagbok 2021: 24.juli

Klokka er no 20.50, temperaturen er + 19 grader og det ligg skodde langt ned i fjella. Eg kom nettopp att frå Hareid der eg har vore i familieselskap hos Solveig og Øysten med famile -og i lag med Margrete og hennar familie. Vi mangla berre to på å vere fulltallige, Amanda var på jobb i Volda og Olaug er i Bergen. Dagen min begynte tidleg i dag. Før klokka var 6.30 var eg stått opp og laga meg frokost. Då skein sola inn på kjøkkenbordet, det er sjelden eg har opplevd-sidan eg ikkje plar vere oppe på den tida. Etterfrokost vart eg så trøtt at eg la meg igjen og sov til nærmare 9. Då stod eg opp og gjekk ut for å plukke bær. Eg skulle lage dessert og ha med meg til Hareid, og til den trong eg bær, så det vart rips og bringebær frå eigen hage + kjøpte jordbær. Eg laga ferdig to skåler med dessert og sette i frysaren så lenge. Marit og eg hadde ei pratestund på tunet før eg dusja og kledde meg om. Margrete og Ingeborg henta meg. I Ulsteinvik var det skodde, men på Hareid skeibn sola, så vi sat ute i hagen for det meste.Einar har lova at eg skal få sjå leilegheita hans i sentrum av Hareid. Leilegheit ligg i 3.og 4. etasje i eit relativt nytt bygg. Han har altan i begge etasjane, i 4.etasje er den ekstra stor med utsyn over heile Harei og fjorden/ sundet. Det var der eg tok bilde.Til middag fekk vi nydelig kjøttsuppe med foccacia-brød til. Desserte tok vi ute på plenen, Solveig hadde laga karamellpudding og så var det den som eg hadde laga.Alle vart meir og mindre opptekne av yngstemann i flokken, Amund på vel eit år. Solveig og Øystein sitt barnebarn og mitt oldebarn.
Amund sjølv hadde det kjekt ,trur eg, med så mange å leike med. Enda eit måltid vart det, no med kaker og kaffi. Solveig hadde laga molte-bløtkake med molter som Øystein hadde plukka. Vo hadde ein kjekk dag, som vanleg når vi kjem i lag. Margrete og Ingeborg køyrde meg heim. Ingeborg reiser tilbake til Oslo i morgon viss alt går etter planen.Takk til Solveig og Øystein-og alle gjestane- for ein fin dag.
Bilda er frå Hareid sentrum, der har vore bygt mykje i seinare år.

fredag, juli 23, 2021

Dagbok 2021: 23.juli.

Klokka er no 17.10, temperaturen ute er +24 grader og sola skin. Det var litt skodde i dagmorgon, men så skein det opp. I dag hadde eg grei plan for dagen. Først tok eg fredagsvasken, som ikkje var så omfattande. Så gjorde eg meg klar for å fare på legesenteret. Det var ikkje fastlegen min eg skulle til, for ho har ferie. Men ein annan lege, ei ung dame, var vikar. Ho skulle måle blodtrykket mitt for å sjå om eg skulle få erstatta dei tablettane er tek til vanleg med nokon andre, sidan det er manko over heile landet på Centyl. Ho målte blodtrykket og det var så fint og lågt at ho forstod knapt kvifor eg skulle ha medisin. Ho spurde også om eg hadde gjort noko for å få blodtrykket ned, i form av mosjon e.l. Eg sa at eg gjekk ein del og så trena eg og jobba i hagen. Eg kom ikkje på at eg kunne ha sagt at eg hadde lagt om kosthaldet litt også, mindre kjøt, fisk etc. og meir grønnsaker. Eg vart så letta over resultatet at eg tok ein tur på Vernet med det samme eg kom heim, mens eg enno var anstendig påkledd. På Vernet trefte eg ei eldre dame som eg kjenner godt frå styret i pensjonistlaget. Vi vart sittande på ein benk og prate i over ein halv time. Ho er nokre år eldre enn eg, men har alltid vore aktiv når det gjeld turgåing etc. Ho køyrer også bil, Toyota Yaris faktisk, og er flink for alderen- ho også. Ho miste også mannen sin for ein del år sidan. Då eg kom heim laga eg meg ein salat av grønsaker og fetaost. Til desser var det litt bær etc.+ kaffi. Så la eg meg ut på solsenga og sola meg, trur det er første gongen i år eg har lege slik og lata meg. No har eg tenkt å kontakte Marit, for ho blir åleine heime denne helga. Eg skal til Hareid i morgon, Margrete plukkar meg opp her. Håper vêret held seg. I går kveld vart det mykje TV-eg såg heile programmet om 22.juli, før eg sette meg til med strikketøy og SERIE. Det blir vel TV i kveld også, når sola går ned. Eg ønsker alle ei veldig god og fin helg-det er berre å nyte sommaren.

torsdag, juli 22, 2021

Dagbok 2021: 22.juli

Klokka er no 17.30,temperaturen ute er + 20 grader, det er sol sidan skodda endeleg letta utpå dagen. Denne dagen har vore litt annleis enn dei fleste andre. Eg hadde ein plan! Eg har skrekk for å køyre til Volda, dei svingane ned mpot ferjeleiet likar eg ikkje. Men i dag bestemte eg meg for å prøve å komme over den skrekken, eg annonserte ikkje at eg skulle til Volda, men for utan å seie det til nokon. Eg hadde brukt føremiddagstimane til m.a. å farge håret, dusje og kle meg om. Eg hadde ærend i Volda, skulle ha meir strikkegarn og så håpa eg å treffe Margrete. Eg var veldig heldig med tidspunktet, for då eg nærma meg Volda trefte eg alle bilane som hadde vore med ferja frå Folkestad+ at eg fekk alle bilane som skulle over fjorden bak meg, så eg kom midt opp i det. Eg stod på og prøvde å følgje fartsgrensene-og det gjekk bra. Eg køyrde rett inn i sentrum og parkerte. No er ikkje Volda sentrum så ukjent at det er problem. Eg gjekk først på garnbutikken og kjøpte det eg skulle ha. Så gjekk er opp til parken der folk stod stille mens kyrkjeklokkene ringde.Eg såg Margrete og Ingeborg, dei hadde vore på minnestunda ute, og så gjekk vi inn i kyrkja og sat der ei stund. Der var det tenning av lys i Globen og litt musikk. Minnestunda der var kort. Minnestund med taler var ein annan stad. Vi tre generasjonsdamene fann vegen til Geiranger bakeri der vi drakk kaffi og åt framifrå gulrotkake. Eg fortalde Margrete at eg hadde begynt på ein ny serie på Netflix, ein litt gammaldags og koselig serie, og då sa ho:"Den ser eg også no -den er så koselig." Serien heiter "Virgin River". Eg hadde også ærend på Plantasjen i dag, mangla nokre plantar til kjøkkenkassene, men først var eg innom Felleskjøpet og spurde etter einhands motorsag. Det hadde dei ikkje.På Plantasjen fekk eg tak i rette sorten, og i tillegg kjøpte eg eit rosetre som eg har planta på 10-årsdagen for det som skjedde på Utøya og i regjeringskvartalet. Rosa heiter Rosa Mundi og har fått plass mellom Queen Elisabeth og Nina Weibull. Før eg reiste heim var eg innom Coop i Furene og handla diverse mat.Det blir ikkje tur på Vernet i dag. Det gjekk brått opp for meg at det er fredag i morgon, og då har eg legetime. Det er ikkje noko alvorleg, det er berre det at apoteket her kan ikkje skaffe tablettane eg skal ha mot blodtrykket. Så vil legen måle trykket for å sjå om ho skal skrive ut ein tilsvarande eller om eg toler å gå utan ei stund.Eg tek to sortar for trykket og den eine sorten har eg. Laurdag skal alle i storfamilien som har høve til det samlast hos Solveig og Øystein på Hareid. Det er lenge sidan vi har møtt kvarandre alle. Eg har no møtt dei fleste.Vi gleder oss til å komme i lag.

onsdag, juli 21, 2021

Dagbok 2021: 21.juli

Klokka er no 18.30,temperaturmålatren står på 19 grader, men eg synest det er heitt. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, og i sola er det varmt. På føremiddagen i dag dreiv eg og klipte kantar med saks, det er ein trasig jobb, og det synest lite att, men det må gjerast av og til. Det røyner på ryggen min, så eg må ta mange pausar. Solveig nabo kom med makrellfiletar til meg, dei hadde vore ute og fiska i går kveld. Så då det leid til middagstid gjekk eg inn og sette på poteter før eg steikte makrellen, men eg hadde ikkje tid å vente på potetene, eg åt to av dei fire filetane før eg fekk poteter til. Det var så utruleg godt! Eg et nesten aldri fisk, vi som åt fisk eller fiskemat minst 5 dagar i veka mens Nils var frisk nok til å fiske. Fire filetar høyrest veldig mykje ut, men dei var ikkje så store. Eg fekk meg i alle fall eit herremåltid. Solveig hadde strødd litt salt på fisken natta over og det trur eg gjorde den ekstra god. Etter at eg hadde ete la eg meg ut på solsenga og kvilte-kanskje eg sov litt også. Eg sovna veldig sein sist natt så er var ekstra trøtt av den grunn. Etter at eg hadde slurpa i meg ein kopp kaffi gjekk eg ein runde på Vernet. Eg har snakka lite med Marit siste veka, både ho og eg har hatt besøk, så det er derfor. Eg går i hagen om dagane og et litt bær, det er mest bringebær det går i no. Men der er ikkje så mykje, og ikkje er dei så fine heller. Litt jordbær har eg også på plantane eg sette i fjor, men eg trur fuglane får tak i dei før eg. Det ser ut til å bli mykje solbær på det eldste treet, men dei er ikkje heilt modne enno, det same gjeld ripsen. Eg har dessutan to blåbærbusker som har tilløp til bær, men det er ei stund att før dei er modne.Eg likar å går rundt i hagen og sjå på det som veks og blomstrar-og så ete litt bær innimellom.Det har vore ein fin dag i dag.

tirsdag, juli 20, 2021

Dagbok 2021: 20.juli

Klokka er 16.15, temperaturen ute er + 19 grader, det er litt vind så eg syntest det var iskaldt då eg var ein tur ut nettopp. I dag har eg liksom ikkje greitt å gripe dagen, han ikkje kome meg i sving med noko som helst, enda eg har mykje å velje mellom.Det einaste arbeid eg har utført, er å bytte på senga mi og sette på ei maskin med klesvask.Men sidan eg ikkje kom i gang med noko skikkeleg arbeid gjekk eg like godt ein tur på Vernet før middag. Der oppe heldt dei på å slå kantslått , og så hadde dei klipt gras og blomster i ein bakke ovafor Vernet. Eg synest ikkje det var heilt naudsynt, no når vi skal passe på at insekta får det dei skal ha. men det blir sjølvsagt finare med klipte kantar. Då eg kom heim att plukka eg ei skal med bringebær i hagen,det vart desserten i dag. Som hovudrett vart det Bali kyllinggryte for tredje dag på rad.No er det snart på tide å gå over til magrare kost.Etter middagen vart eg sittande i godstolen og halvsove. Eg har ymse eg skulle ha gjort både ute og inne, men har vanskeleg for å kome i gang- det er for mykje å velje mellom. No skin sola så fint at det kan umulig vere så kaldt som eg trur. Dagen er ikkje slutt enno....
Vurderer å sage ned denne grana før ho blir for stor.

mandag, juli 19, 2021

Dagbok 2021:19.juli

Klokka er no 20.40, temperaturen ute er+ 14 grader. Det er overskya, opplett og litt vind. Eg kom nettopp att frå ein snartur på Vernet, var ikkje vekke stort meir enn 40 minutt, for eg trefte ikkje så mange å snakke med i kveld. Denne dagen har vore litt annleis enn dagane mine plar vere. Margrete og dei to jentene hennar ville komme på kaffibesøk-det er kjekt at dei seier ifrå på førehand slik at eg er klar med kaffi etc. når dei kjem.I dag køyrde eg ned på butikken og skulle kjøpe jordbær til ei lita kake. Då fann eg ferdige kakebotnar til 15 kr. så det vart ei lettvint kake, fylt med krem+jordbær og rips.Laga også ei vaffelrøre, men venta med steikinga til det ikkje var så lenge før dei skulle komme.Dekka bordet etc.-likar å gjere alt klart før gjestane kjem, slik at eg kan få slappe av og prate med dei. Heldigvis var dei litt svoltne, såpass eg slepp å ete gamle vaflar i dagevis. Vi hadde som vanleg mykje å prate om så tida gjekk fort. Etter dei var reiste og eg hadde rydda opp, såg eg Dagsrevyen før eg tok turen ut. Når eg ikkje jobbar i hagen blir det litt for mykje stillesitting med meg, så eg må i det minste ta ein runde på Vernet.Kva eg skal gjere i morgon veit eg ikkje enno, men det dukkar vel opp eit kvart. Vermeldingane er ikkje så dårlege, men heller ikkje strålande.

søndag, juli 18, 2021

Dagbok 2021: 18.juli

Klokka er 17 om ca.5 minutt. Ute er det opplett akkurat no, men skodda ligg langt ned. Det begynte å regne rett etter at eg kom heim frå turen på Vernet i går, og det auste ned utover kvelden og natta og det regna i dag også. Det er to ting eg set pris på når det regnar: at eg slepp å vatne og at det blir så veldig grønt overalt. Elles ville eg helst hatt sol. Vi har hatt mykje fint ver i sommar og eg håper det ikkje er slutt på sommaren enno. I går kveld då eg la meg hadde eg ein plan for søndagen, men den var gløyd då eg stod opp i dag, ein time seinare enn vanleg. Tidlegare i sommar tok eg ut all oska frå omnen og pussa ruta fin og blank. Eg la inn papir og kubbar klar til å sette fyr på. Det gjorde eg i dag! Det gjorde godt med ekstra varme. Og så fekk eg brent opp resten av papiret som hadde samla seg i vedboksen. Elles dreiv eg med litt smårydding her og der. Kunne ikkje sette meg til å strikke for eg hadde ikkje meir garn. Då ringde telefonen og det var Bodil. Vi hadde ein lang og koseleg samtale og fortalde kvarandre om det som har hendt. Det liva opp ein elles litt grå dag. Marit er ikkje komen heim enno, men Lollo kom då eg ropte på henne i dag, litt våt og pjuskete. Ho blir sikkert glad når matmora kjem heim. I dag tok eg opp nokre svinekotelettar frå frysaren, det er på tide eg et opp noko av det eg har hamstra. Det vart til at eg laga "Kyllinggryte fra Bali" - med svinekjøtt i staden for kylling. Det går heilt fin å bruke svin for kylling, må berre tygge litt meir. Porsjonen var så stor at eg har rikeleg i morgon også. Så vart det kaffikopp og SERIE.Eg hadde i grunnen tenkt å gå ein litt lang tur i dag- men i dette veret fristar det ikkje. Viss det skulle vise seg at det held seg opplett kan eg kanskje gå ein tur på Vernet - eller kanskje ikkje.Det er enno nokre dagar att av juli.....

lørdag, juli 17, 2021

Dagbok 2021: 17.juli

Klokka er 17 om eit par- tre minutt. Ute er det overskya og vind, tidlegare i dag regna det også. Temperaturen er + 17 grader, så det er no ikkje heilt gale. I dag har eg ikkje vore så flittig som eg har vore før i veke. Eg tok "fredagsvasken" -og det var ikkje så lenge gjort. Klipte med kantklipper i hagen så lenge batteriet heldt og det var ikkje mange minuttane. Gjekk litt rundt og såg til vekstane mine; det ser ut til at kristtornen frå Sula overlever-og reddikane spirar. Eg veit at eg har mykje eg kunne ha gjort, men eg begrensa meg til det som eg måtte. Etter at eg hadde ete noko som likna på middag vart eg sittande å sjå serie mens eg drakk kaffi. Men eg måtte ein tur på Vernet. Eigentleg hadde eg tenkt meg ein litt lengre tur i dag, men eg likte ikkje vinden så godt, dvs.vinden var grei nok, men eg venta på ei regnbyge. Olav Rebbestad har halde på med eit vedprosjekt heile veka, men avslutta for helga i går. Han har ikkje så mange store kubbar att no. Eg er litt misunneleg på dottera hans som får all veden. Men det var han som planta alle bjørkene i si tid, dottera har tatt over huset til foreldra.
Lollo har vore her berre ein gong i dag, men då åt ho det ho fekk. Eg har kontakt med Marit på hytta, ho hadde passa Arya (hunden) i dag.Dei kjem no att i morgon.Før i tida var laurdagen den dagen vi for til Vik og handla og trefte folk.Eg kunne godt ha tatt meg ein tur i dag, men likar ikkje å fare åleine. No trur eg at eg skal finne fram strikketøyet, sette på TV-en og koke litt kaffi.

fredag, juli 16, 2021

Dagbok 2021: 16. juli

Klokka er no17.45, temperaturen ute er +21 grader C. Det hra vore nokså overskya og relativt kaldt tidlegare i dag, men no er det betre. Det hadde ikkje regna sist natt, så eg tenkte det var best å få klipt plenen før regnet kom-for eg trudde det ville komme.Det var dumt å klippe såtidleg på dag, for graset var nokså vått, men eg kom no i mål i dag også, med eit lite avbrekk for å lade batteriet til klipparen. Den går for så vidt på bensin, men eg har elektrisk start. Eg var både sveitt og skitten då eg var ferdig, så det vart rett i dusjen. Etterpå åt eg eit par brødskiver til "middag" . Sette meg inn i stova med ein kaffikopp og heldt på å skulle sovne. Ikkje rart, for no har eg begynt å stå opp i halvørska fleire gonger på nettene igjen.Men eg kom meg no på beina att, og køyrde ned på Kiwi og handla litt, har ikkje handla før denne veka. FRedagsvasken har eg utsett til i morgon, dumt å vaske før eg klipper gras, det er ikkje fritt for at eg dreg inn litt av kvart. Eklles har eg vaska klede og vaska opp-godt ein har maskiner til slikt.Eg hadde ikkje tenkt å gå på Vernet i dag, men kanskje eg tek ein tur. Kanikkje skitne meg til med hagearbeid no. Så blir det kanskje noko å sjå på TV i kveld, no er det no slutt på fotballen-men så kom Statsråden- ikkje så interessant det heller. Eg vil ønske alle ei fin helg, vi har hatt mange fine dagar denne sommaren- og fleire vil vi gjerne ha.

torsdag, juli 15, 2021

Bok nr. 24- 2021: Tung tids tale

Etter at eg hadde skrive blogg i dag, vart eg sittande å legge kabal mens eg høyrde ferdig denne boka. Den er ikkje meir enn på vel to timar på Storytel og første halv delen las eg på solsenga før i veka. Som før fortalt kjenner eg mor til forfattaren, eg hadde henne som elev det året eg var lærar ved Karstad skule i Solheimsdalen. For nokre år sidan var Nils og eg tilbake i dalen som no har vegforbindelse til Førde. Der vart vi invitert inn til Jorun Nilsen og mannen.Der fortalde dei mellom anna om Olaug som hadde ein son med store vanskar. Det er det denne boka handlar om. Olaug skriv om alle sine frustrasjonar ho har med eit barn som krev meir enn det er menneskeleg mulig å klare. Han har diagnosen autisme. Ho skriv også om møta med legar, psykologar og hjelpeapparatet elles. Olaug Nilsen fekk Brage-prisen for denne boka.Les den gjerne-det er fort gjort.(Olaug Nilsen les sjølv i lydbokvarianten).

Dagbok 2021: 15.juli

KLokka er no17.20, temperaturen er + 18 grader, det er skya og det blæs. Ikkje den sommartemperaturen som vi hadde i går, altså. Eg har nettopp vore ute og mosjonert(gått) i over ein time. Gjekk først 1,5 rundar på Vernet og så gjekk eg opp på Storebakken og gjekk sikk-sakk nedover til starevegen. Eg kom til å tenke på at Vallabøen var utbyggingsområdet då vi kom til Ørsta.Nokre år seinare bygde dei eit felt på Ose for Rystefeltet vart bebygt. Seinare kom Mosmarka som snart er fullbooka. Tre drabantbyar i vår tid, men folketalet har ikkje auka så mykje. I dag var det vått då eg stod opp, så det vart å finne seg arbeid inne. Det var lett, eg tok fram støvsugaren og støvsuga alle teppegolva. Etterpå gjekk eg ut og jobba i hagen. Reinska litt i bed, klipte litt her og der før eg gjekk laus på det som eg ikkje har tatt før i år, nemleg arealet som de ser på bilde. Ein av grunnane til at der ikkje har blitt gjort noko er at eg ikkje har kunna bestemme meg for om eg skal kjøpe meir bork og legge mellom plantane, eller om eg skal rive vekk duken og legge der mold. Eg er ikkje blitt einig med meg sjølv enno. Når eg puslar i hagen finn eg både jordbær og bringebær, men ikkje så mykje enno. Ripsen held på å bli raud og stikkelsbæra har fått litt farge.Eg synest det er kjekt å ha litt bær å ete på-og sylte viss der blir noko til overs. Det ser ut til å bli bra med solbær i år også. Elles skjer det ikkje mykje.Har ikkje snakka med Marit i dag -anna enn på Messenger. Ho skal vere med Janne og familien på hytta deira i morgon. Dei skal ha med seg den vesle hunden, slik at ho skal bli kjent på hytta også. Eg skal passe Lollo.I dag laga eg meg altfor god middag, eg steikte ørret og kokte poteter og hadde rå grønsaker til. Eg åt meg litt for mett, ikkje kvar dag eg har så god mat. Eg må handle inn mat før helga i alle fall, sjølv om eg har diverse på lur, så er det alltid noko som manglar. Vis det blir tørt nok i morgon må eg klippe plen, viss ikkje må eg utsette det til laurdag eller over helga. Eg trur ikkje graset veks så veldig mykje no framover.

onsdag, juli 14, 2021

Dagbok 2021: 14.juli

Klokka er no 17.30, temperaturen er + 26 grader-og eg sveittar. Det har vore like varmt mange andre dagar-skilnaden er at i dag er det ikkje vind-det er heller ikkje klårt, så vi begynte å lure på om vi får det torevêret i dag som vi ikkje fekk i går. Eg har ikkje vore så flittig i dag. På føremiddagen heldt eg fram med å reinske tunet for "ugras"- no er det såpass at ein kan plukke det som kjem opp etter kvart. Etter at tunet var ferdigstilt, vatna eg heile hagen med slange. Så var det tid for middag og litt kaffi etterpå. Eg var trøtt og slapp og "tung" i beina. Knea var heller ikkje gode. Eg tok meg saman og gjekk på Vernet. Det var tungt og heitt den første halve runden, men så kvikna eg til og beina fungerte heilt greitt. Eg trefte ei dame som eg har snakka med før, det virkar som om ho kjenner meg, men eg aner ikkje kven ho er. I dag hadde ho mannen med seg, så no "kjenner" eg han også. Då eg kom nedatt på gata stod Olv Rebbestad og kløyvde ved ovafor huset til dottera.Han ropte til meg , så vi fekk ein prat om kløyving av ved, noko som eg er godt inne i. Kløyvar har eg også, men manglar noko å kløyve . Rebbestad har i alle fall nok. Dei har felt mange kjempestore bjørker på tomta. No har eg tenkt meg ut i hagen og klippe litt-med saks.Kanskje eg tek ein tur opp til Marit, ho var nedom ein tur på føremiddagen. Janne har heimekontor og passar babyen -hunden Arja. Klippe plen skal eg gjere fredag eller laurdag-kjem litt an på vêret. Det er heilt utruleg kor fort dagane går, snart 14 dagar sidan vi kom att frå Solund. 14.juli 1904 vart mamma fødd, og eg tenkjer spesielt på henne denne datoen. Og minnast "feiringane" med jordbær. Alltid masse jordbær på mamma sin fødselsdag. Eg hadde ikkje med telefonen på Vernet i dag, så det blir ingen bilde derifrå- motiva er relativt godt kjende frå før. Får sjå om eg finn eit høveleg motiv ute.
Og så vil eg gratulere Wenche og Rasmus med bryllaupsdagen. Dei gifta seg på Mauritsius i 2000.

tirsdag, juli 13, 2021

Dagbok 2021: 13.juli

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Hittil har vi hatt ein veldig fin sommar, men i dag har eg venta på torevêr. Marit hadde sett på vêrmeldinga at det skulle komme torevêr i 13-tida, så det var eg budd på. Det første eg gjorde var å ringe Legesenteret å be om andre tablettar i staden for dei som er utselde. Dei forstod med ein gong kva eg meinte og alt var i orden. Så gjorde eg meg klar og køyrde fram på gravplassen, der eg bytta ut margeritten med roser.Her heime planta eg margeritten i lag med stemors i ein av dei runde "blomsterbeholderane" eg fekk til 80-årsdagen. Så sette eg både den og ei krukke tett attåt veggen, så dei ikkje skulle bli øydelagde av regn.Og der står dei.Eg har begynt å rense tunet for ugras, og det er eit langt lerret å bleike, men eg er i alle fall ferdig heilt oppe mot asfaltgata. Dette heldt eg på med til det var på tide med mat. Middagen i dag vart som vanleg, grønsaker, frukt og bær. Og etterpå ein kopp kaffi. Las litt i avisa også-mens eg skoda etter torevêret. Men nei! Var litt trøtt så eg kunne legge meg ut på solsenga så lenge-og sjå mot himmelen og skyene som kom. Akkurat i det eg la meg horisontalt-ringde telefonen. Det var ein lege, kvinneleg sådan, men ikkje mi Trude, for ho er på ferie. Dette var ei med ein traust dialekt, kanskje frå Gudbrandsdalen. Ho ville ikkje gi meg andre tablettar utan vidare, så eg måtte komme og måle blodtrykket fredag i neste veke -eg visste ikkje akkurat kor mange tablettar eg hadde att, men trudde ikkje eg hadde ut neste veke. Då eg talde over tablettane, såg eg at eg hadde akkurat så mange at eg skal ta den siste på fredagen. Så no får eg berre slutte å ta dei eit par dagar før, såpass at blodtrykket kan stige litt. Eg la meg ut att på solsenga og høyrde lydbok, eg begynte på "Tung tids tale" av Olaug Nilsen. Den fengde meg frå første ord, har tenkt eg skulle lese den, men det har ikkje blitt før. Hugsar at då vi var på besøk hos foreldra til Olaug, fortalde dei om denne guten.Eg sovna ikkje, men høyrde etter. Det har kome litt skyer på himmelen, men eg har enno ikkje sett teikn på torevêr. Eg trur ikkje eg skal gå på Vernet i dag, for eg er litt plaga me "trøtte føter" når det er varmt. Viss det ikkje kjem regn, får eg heller ta å vatne litt, spesielt reddikfrøa som eg sådde i går. No skal eg snart ut og renske meir ugras på tunet-trur eg.
Bilda er tatt kl.19.45

mandag, juli 12, 2021

Dagbok 2021: 12.juli

Klokka er 16.40, temperaturen er + 23 grader C, det er sol og vind, heilt nydeleg vêr å vere ute i. Eg styrte litt i hagen på føremiddagen. Eg planta den nye buska som eg kjøpte i går,den gamle som ikkje var aldeles død planta eg nedst i hagen. Deretter spadde eg opp heile jordbæråkeren, dvs.den halvdelen som ikkje har fått nye plantar. Spadde den opp i fjor også, men det var ikkje nok. Litt seinare sådde er tre korte rader med reddikar. Det var det einaste eg fann på som ikkje var for seint å dyrke i år. Elles har eg ikkje gjort så mykje, men om ei stund skal eg vere med Marit og Janne på Plantasjen, så får eg kjøpe dei raude begoniane eg ikkje kjøpte i går. Det betur at det sannsynlegvis blir ein tur på gravplassen i dag også. Då får eg ta bilde etter plantinga og sette inn her. Eg følgjer Solveig og Øystein si ferd gjennom landet. Og eg seier til dei, som til alle andre: Reis nordover!Det er i nord landet er finast og mest spetakulært-du har ikkje sett Norge før du har vore i nord.No har eg dusja og vaska håret, var både skiten og sveitt etter hagearbeidet. Vatna med slangen i dag også. Vinden gjer at det blir fort tørt.
Eg fann ikkje det eg ville ha på Plantasjen, så eg gjekk ned på Tilseth og sjekka der. Dei hadde begonia men berre med små blomster. Derfor kjøpte eg denne vesle rosa i staden. Der er nokre små blå blomster frå før, på grava, så eg håper det blir litt fint med små roser.Klokka var nesten 19 då vi kom heimatt, så det vart ikkje planting i kveld. Det får eg ta att i morgon. I dag gløymde eg å ringe legesenteret-det må eg hugse i morgon. Eg skriv det ned-så er eg sikker. Eg må ete i meg det eg skreiv om Nord-Norge, for no regnar det der oppe, ser det ut til.

søndag, juli 11, 2021

Dagbok 2021: 11.juli

Klokka er no 18.45, temperaturen er ca.18-20 grader C. Det er overskya ,opplett, men ikkje sol. Slik har det stort sett vore i heile dag. I dag hadde eg planlagt eit par små jobbar, det første var å legge saman kleda som eg vaska i går, og stryke det som strykast skulle. Så vart det ei pause med strikketøy før eg gjorde meg klar til å fare ned og fylle bensin på bilen. Tok med ei plastkanne og kjøpte 5 liter til klipparen også, trur den brukar minst like mykje bensin som bilen-i sommarhalvåret. Eg hadde også halvvegs tenkt meg på Plantasjen, likar å fare der på søndagar for då er der nokså fredeleg. Ærendet var å kjøpe ei ny buske til å ha nedafor garasjen , for den eine av dei tre er ikkje i form. Men eg vurderte diverse anna også -utan å kjøpe anna enn eit par stoveplantar. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen, men det skulle eg ha gjort FØR eg for på plantasjen. De spanske margeritten som var så fin sist eg sjekka, var ikkje så fin lenger. Eg har fått eit tips om at dei raude begoniane egnar seg godt på graver, så det kunne eg ha kjøpt på Plantasjen. Men eg får dei vel andre stader også. Då eg kom heim att var det på tide med middag. Det blei karbonade pluss rå grønsaker. Etterpå skulle eg ete litt is og drikke kaffi, men akkurat då kom ein bil ned på tunet, med Håkon og familien, så vart det is og kaffi til alle.Det er lenge sidan eg har sett Amund, men dei er flinke å legge ut bilde på nettet, så eg ser har på ein måte kvar dag.
Då dei reiste gjekk eg ein tur på Vernet.I dag trefte eg ingen, med unntak av fire kråker som sat på gjerdet.
I kveld blir det vel siste fotballkampen på ei stund-på TV. Eg har sett mange seriar på den tida dei sender fotball, så den serien som begynner i morgon, har eg sett for lengst. I morgon blir det å plante og så i hagen, den saken er grei. Solveig og Øystein reiser på ferie,og eg vil ønske dei god tur!

lørdag, juli 10, 2021

Dagbok 2021: 10.juli

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 21,og det kjendest varmt ut når eg var ute og gjekk tur. I dag morgon var eg litt tidlegare oppe enn vanleg, men etter frokost visste eg ikkje kva rg skulle ta meg til. Etter litt "husarbeid" vart det til at eg vart sittande framfor TV-en og strikke.Eg hadde lyst ein tur til Vik, og hadde ærend på ALTI så eg spurde Marit om ho ville vere med, og det ville ho. Vi for herfrå ca 12.30 og då vi kom inn på kjøpesenteret var der kjåka fullt med folk. Marit og eg hadde ikkje sett så mykje folk på det vi kunne hugse, og eg såg ikkje eit einaste menneske med munnbind.Eg hadde ærend på Apoteket for å spørje om dei hadde fått inn tablettane eg skulle ha. Det hadde dei ikkje, og det var uvisst kva tid dei fekk meir.Dermed må eg ringe legen min over helga og få henne til å skrive ut ein resept på eit liknande middel. Eg har hatt berre to plaststolar ute i hagen, og den eine er kaputt, derfor ville eg sjå inn på Europris om dei hadde billege plaststolar. Dei hadde ikkje den sorten eg tenkte på, men eg kjøpte to andre, dei var gode å sitte i. Marit og eg prøvde dei då vi kom heim. Stolane kosta 139.-kr pr.stykk, så det vart ikkje noko stort utlegg. Kjøpte ein pose med reddikfrø, den kosta 44,90kr -noko som eg ikkje syntest var SÅ billeg.
Då nærma det seg middagstid, og etter å ha ete spekesild i to dagar, smakte det godt med vegetarkost. For ikkje å sige ned i ein stol, bestemte eg meg for ein tur på Vernet. I dag var der ikkje mange, trefte berre to, og då var eg komen rundt. No er Janne & Co komne heim att, og dei skulle ha den nye hunden med. Eg har ikkje sett den enno. Det har ikkje regna i dag, men eg har likevel ikkje vore ute og stelt i hagen, og no er det ikkje mykje att av dagen, så kanskje eg heller skal slappe av med ein kaffikopp?
Dette er den einaste klematisen som har begynt å blomstre. Eg har mange slike, mørkeblå, lavendelblå og altså rosa, men eg klipper dei heilt ned om hausten, så dei kjem ikkje så tidleg neste år. Denne hadde eg ikkje klipt, for den var så liten uansett. Det er ei villeg sort, særleg den mørkeblå, den har eg tre av.Det blir sikker ei voldsom blomstring når alle tek laust.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...