lørdag, juli 17, 2021
Dagbok 2021: 17.juli
Klokka er 17 om eit par- tre minutt. Ute er det overskya og vind, tidlegare i dag regna det også. Temperaturen er + 17 grader, så det er no ikkje heilt gale.
I dag har eg ikkje vore så flittig som eg har vore før i veke. Eg tok "fredagsvasken" -og det var ikkje så lenge gjort. Klipte med kantklipper i hagen så lenge batteriet heldt og det var ikkje mange minuttane. Gjekk litt rundt og såg til vekstane mine; det ser ut til at kristtornen frå Sula overlever-og reddikane spirar. Eg veit at eg har mykje eg kunne ha gjort, men eg begrensa meg til det som eg måtte. Etter at eg hadde ete noko som likna på middag vart eg sittande å sjå serie mens eg drakk kaffi. Men eg måtte ein tur på Vernet. Eigentleg hadde eg tenkt meg ein litt lengre tur i dag, men eg likte ikkje vinden så godt, dvs.vinden var grei nok, men eg venta på ei regnbyge.
Olav Rebbestad har halde på med eit vedprosjekt heile veka, men avslutta for helga i går. Han har ikkje så mange store kubbar att no. Eg er litt misunneleg på dottera hans som får all veden. Men det var han som planta alle bjørkene i si tid, dottera har tatt over huset til foreldra.
Lollo har vore her berre ein gong i dag, men då åt ho det ho fekk. Eg har kontakt med Marit på hytta, ho hadde passa Arya (hunden) i dag.Dei kjem no att i morgon.Før i tida var laurdagen den dagen vi for til Vik og handla og trefte folk.Eg kunne godt ha tatt meg ein tur i dag, men likar ikkje å fare åleine. No trur eg at eg skal finne fram strikketøyet, sette på TV-en og koke litt kaffi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar