Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag.
Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp men eg kom meg litt etter kvart. Solveig nabo kom på besøk og etterpå var vi opp til Marit og sat ute der. Elles har eg vore her åleine , ete og drukke som vanleg, så eg trur eg kan seie at eg er frisk no.
Naboane har mykje besøk, eg er heilt åleine enno, men snart kjem Rasmus med familie, så vert det liv i leiren her også. Eg har ikkje gjort noko i hagen i dag , men det kan hende eg gjer litt i morgon, får sjå kor mykje eg kan klare.
14.juli er ein merkedag i min familie-
Mamma vart fødd14.juli1904,
Margrete vart døypt 14.juli 1968 og
Rasmus og Wenche gifta seg på Mauritius 14.juli 2000
Ein gong vi var i Sverige vart der fødd ei prinsesse på den dagen, men vi hadde ikkje tid til å oververe fødselen fordi vi skulle heim til Eid og gratulere mamma.
Det har ikkje hendt så mykje i dag, det er like godt, men eg håper at eg er frisk nok i morgon til å gjere litt nytte for meg.
Naboar her og der har besøk eller dei er på tur sjølve.Eg er komen over den tida, eg er for gammal til å reise det føler eg sjølv . Eg trivst best heime no. Men det er kjekt å FÅ besøk, og det får eg.
-
t

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar