mandag, mars 31, 2014

Dagbok 2014: 31.mars.

Klokka er ca halv 9 og eg er liksom ikkje komen lenger enn til ettermiddagen. Ute er det lyst og temperaturen er +5,5 grader C. No er det opplett og fint, tidleg i dag var det litt regn og grått.
Var ein liten tur nedover f.m. Det var to ting eg skulle hugse, men gløymde den eine. Vi var innom Europris og kjøpte meir hønsegjødsel, så kjøpte eg Faxesåpe på Målar-Olav, i håp om at eg skal kome i gang med stoveveggene, som eg vaskar annakvart år. Var også innom Coop og kjøpte litt matvarer.Det var ikkje så mykje vi trong i dag.
I dag venta vi Margrete til middag, og laga lettvint mat til oss alle: Julepølser frå julelageret + potetstappe av mandelpoteter.
Eg fann ut at eg skulle lage sveler, noko eg knapt har gjort før. Brukte Solveig si MRF-sveleoppskrift. Den var nokså stor, for å seie det mildt. Eg steikte og steikte med lydbok på øyret.Heldigvis tok Margrete med seg ein stabel, noko som ungane sette pris på. Eg var ikkje så fornøgd med svelene mine, men veit kva eg skal gjere annleis ein annan gong.
Etter at eg hadde rydda opp, hengt opp ein klesvask etc, la eg meg på sofaen med lydbok. Og der vart eg liggande heilt til eg fekk ein telefon frå Norsk gallup.
I dag kan vi gratulere Audny på Eid med dagen! Og i morgon startar vi på april.

søndag, mars 30, 2014

Dagbok 2014: 30.mars.

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 8  grader C, og vi har hatt ein fin, men litt kjølig dag.Litt vind har det vore, så det var best å halde seg i bevegelse. Etter at vi hadde surra rundt nokre timar, og Nils hadde filetert fisk, bestemte vi oss for ein tur til Hovdevatnet. Før gikk vi ofte rundt vatnet, men i seinare år har vi ikkje alltid teke heile runden, det gjorde vi i dag.Det er mange som går tur der, ikkje minst eldre folk, og dei fleste saknar ein stig som går heilt rundt. Slik det no er, må vi gå opp på Åsen, og vidare til garden Ytrestøyl før vi kjem inn op gamlevegen.Det er ikkje så langt stykke det dreiar seg om, for å knyte saman stigen med gamlevegen, som er ein heilt OK turveg. Og der er folk som vil lage veg på dugnad, men også bønder som nektar. Langs gamlevegen er det sett opp mange benker der slike som eg kan kvile seg.No kan de få vere med ein tur rundt vatnet.Fjellet de ser på dette første bildet er Helgehornet, det brukar å vere med når eg tek bilde frå altanen.
Her går vi på stigen og ser utover varnet.

Her har vi gått opp på åsen og skriv namna våre i boka, før vi går mot høgre og garden Ytrestøyl.

 Her kan vi sjå ned på den nye vegen, dvs. Eiksundsambandet.Til venstre i bildet ser vi Liadalsnipa, fjellet ved Rjåneshamna.
 Her er vi på Ytrestøylen og kan sjå heim att til Vallahornet vårt til venstre i bildet.
Kva ser de her?

 Her har vi gått eit godt stykke på den gamle bilvegen og kome fram til "bade- og grilleplassen." Her har eg vore på skuletur både vinter og sommar, til skeisedag eller vårbad.
 Så er vi nesten framme ved målet og kan sjå oss tilbake. I fjor vinter gikk vi over heile vatnet på isen. Det var ei oppleving utom det vanlige.
På heimvegen måtte eg berre ut og ta bilde av dette "vakre" nybygget til REMA 1000,som ligg så fint til mellom elva og Melsbygdvegen. Akk ja!
Då vi kom heim la vi oss på altanen for å kvile på solsenga, men i dag vart det litt for kaldt. Seinare steikte eg sei, vi år middag, og no er det tid for kaffi.

Bok nr.20 - 2014: Fugletribunalet.

TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?
I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
..............................................................................................................
Eg las heile denne boka i går ettermiddag og kveld. det gikk fint, for den er på berre 200 sider. Som de forstår las eg den på papir. Eg likar veldig godt å lese korte bøker i papirutgåve, det tek mindre tid enn å høyre lydbokversjonen, og leseopplevinga blir meir intens. Denne boka har kanskje ikkje så mykje handling, men der er ein "nerve" i den som gjer at ein berre MÅ lese vidare. Her er ein god del symbolikk, som eg har å grunde vidare på. God bok. Vel verd å lese. Margrete har skrive om den  på bloggen sin.

lørdag, mars 29, 2014

Dagbok 2014: 29.mars

Klokka er 18.30, temperaturen er +10 grader C og vi har hatt ein nydelig dag til tross for at det ikkje har vore heilt klårt.
Nils stod opp klokka 7 og for på sjøen i lag med Mathias, dei var begge fornøgde, både med den nye motoren og fiskefangsten. Dei fekk passelig mykje sei, ikkje så mykje at det vart problemer med filetering etc. Nils var heime att i 11-12-tida, då hadde eg brukt mykje av åleinetida til å lese ferdig boka eg heldt på med. Går med MP 3-spelaren i lomma mens eg "puslar" i huset, ryddar, vatnar blomster etc. Hadde ingen spesiell arbeidsplan for dagen.
Vi tok ein liten tur til Vik, hadde eit ærend på Gåvebuda. Og der var det mykje fint. Det er synd at frammande som kjem til bygda berre besøker Amfi, for det er i gågata dei spesielle butikkane ligg. Fantastisk utval av påskeløparar etc. frå Ekelund på Gåvebuda no. Berre så synd at ein ikkje "treng" noko slikt. Men det er no kjekt å gå og sjå på alt det fine. Såg også ein Mummi-løper !
Då vi kom heim åt vi restar frå i går til middag, og så la eg meg ut på altanen med papirbok. Den vart etter kvart så tung å halde, så det blei ein liten middagslur! Begynte på "Fugletribunalet" i dag, ei bok som har fått god omtale.
Eg gler meg til at vi no skal få att sommartida, føler at dagane blir lengre då, og finevêret skal vi visst få behalde.Så no håper eg at eg framleis vaknar tidlig om morgonane.
No er vi spent på korleis det går med Eirik og bandet "Lommerosk" i UKM, det er tredje året på rad dei er med på fylkesmønstringa.
Gløymde visst å ønske alle ei god helg då eg skreiv i går. Men så kan eg i alle fall gjere det i dag: God helg!

Bok nr.19 - 2014: Hemmeligheter.


Kate Morton har gjort stor suksess verden over med sine fortryllende romaner. Hennes siste roman er proppet med mysterier, hemmeligheter, tyveri, mord og kjærlighet. 
1959: Det er en varm sommerdag. Mens familien er på fødselsdagsutflukt ved elva som renner like ved gården deres i Suffolk, gjemmer seksten år gamle Laurel seg i en trehytte. Hun tenker på en gutt som heter Billy, en reise til London, og den lysende fremtiden hun ikke kan vente med å komme i gang med. Men før den idylliske ettermiddagen er over, har Laurel blitt vitne til en grufull forbrytelse som endrer alt.
2011: Laurel, som nå er en kjent skuespillerinne, overveldes av skygger fra fortiden. Hun plages av minnene og mysteriet rundt hva hun så den dagen i 1959, og returnerer til barndomshjemmet. Et bilde begynner å avtegne seg idet hun graver i familiehistorien.

......................................................... 
Denne boka kjem i kategorien "Underhaldningsroman", eller som eg også har sett brukt "Den nye dameromanen". Ikkje akkurat den typen bøker er særlig begeistra for. Men bøkene til Kate Morton stiller i ei særklasse. Eg har lese fleire av dei, og synest det er GOD underhaldning. Og eg vil derfor anbefale denne boka. Det einaste eg har å utsette på den er at den er i lengste laget med sine 15 CD-plater. Men kjedelig blir det aldri.Margrete har skrive om boka før.

fredag, mars 28, 2014

Dagbok 2014: 28.mars

Klokka er snart 18.00. Sola skin og det er nydelig vêr ute, men det var litt treigt før det klårna opp i dag.
Temperaturen ute er no +11 grader C.
I dag har vi feira 74 -årsdagen min. Eg er i grunnen ikkje så glad i å feire meg sjølv, men når gjestane kjem på eige initiativ, synest eg det er veldig kjekt.
Bodil og Svein kom til lunsj , som avtalt, Solveig og Olaug kom overraskande, og Margrete og Svein kom innom på veg til Kristiansund, der dei skal vere publikum på UKM -sidan Eirik og "Lommerosk" skal delta.
Det blei eit relativt rotete "festbord", men det er slik eg likar det: Ta det som vi har det !
Mange fine gåver har eg fått, nokre er alt tekne i bruk. Bodil kom med tre rosebukettar som eg miksa litt, Solveig med potteplantar, dette i tillegg til andre gåver. Det er liksom ikkje måte på ! Elles fekk eg telefon frå Ingeborg i Kristiansand og frå Ellen Marie og Anne Marie. For ikkje å snakke om alle helsingar på mobil og FB, skulle tru eg var 80. Minst. Men slik er det i vår digitale verd- ein har fleire venner enn ein veit om.
No er eg sterkt frista til å ta meg ein tur ut for å nyte dei siste solstrålane i dag.

torsdag, mars 27, 2014

Dagbok 2014: 27.mars

Klokka har passert 16.30, temperaturen ute er + 11 grader, og no kom sola fram att. Den har vore litt til og frå i dag. Før middag var det nokså skya, og det passa meg bra, for eg skulle både lage litt mat, vaske og støvsuge. Då eg var ferdig og vi hadde tatt oss litt mat, la eg meg ut på solsenga og las lydbok-og sola skein og varma. Sjølvsagt somna eg, for eg var tidlig oppe i dag. Skal bli godt å komme i gang med sommartid.
Skulle vel heller gått ein tur, men hofta plagar meg for tida, etter å ha late meg i fred nokså lenge.
Det skya over og eg gikk inn, men så kom sola fram att. Uansett er det eit herlig vêr. Nils er optimist, så han legg om til sommardekk, som regel må vinterdekka fram att før det blir sommar. 
Eg tok ein tur rundt i hagen og kika etter vårteikn, men det er stort sett berre krokus og små påskeliljer som blomstrar enno. Nils kjøpte hønsegjødsel til halv pris i dag, det var nokre sekker som låg att frå i fjor. Han gjødsla og vatna ovafor garasjen - og forpesta heile nabolaget.

Denne fine, blå blomsten fekk eg av naboen. Eg hadde to frå før, men den eine er halvdaud, så det passa fint å få ein som er frisk. Desse skal eg plante ut i beddet når telen er borte; har ein frå før som eg har hatt glede av i mange år.
No skal eg snart lage litt sein middag.

onsdag, mars 26, 2014

Dagbok 2014: 26.mars.



Klokka er 17.15, temperaturen ute er + 11 grader C, og vêret kan ikkje bli betre.Eg prøvde å ta bilde av sola, det er ikkje så godt utan filter, men bildet gir vel eit inntrykk av kor fint vi har det. Det er kaldt om nettene, og det går ei god stund utover dagen før det er så varmt som no.
Eg brukte føremiddagen til forefallande husarbeid, blant anna baka eg ei kake + 3 brød. Dermed vart det varmt brød og kaffi til lunsj; middag har vi ikkje ete enno.
Nils var nedover og henta den nye motoren til båten, eg hjelpte til med å få den på plass, og Nils har prøvekjørt den i ein balje med vatn. Så spørs det om det blir sjøsetting i morgon. Synest at heile veka, så langt, har dreia seg om motor.
Eg er ikkje heilt god i hofta for tida, så i dag har eg ikkje gått tur, men lege ute på altanen på solsenga , høyrt på lydbok og sove innimellom.Så har eg i alle fall fått sol og frisk luft. No har Nils funne ut at han vil ha båten ut i kveld, så då blir eg med ut på Rjåneset ein tur.


Frå Rjåneset:






tirsdag, mars 25, 2014

Dagbok 2014: 25.mars

Klokka er snart 18.00.Det er eit strålande vêr og temperaturen ute er+ 7  grader C. Inne er det vesentlig varmare; sola varmar godt inne når ho står lågt på himmelen. 
Vi har nettopp hatt oss eit fabelaktig Tacos-måltid, og det på ein tysdag. Ja, når ein et graut på søndag, så er alt mulig.
Det første som skjedde i dag, var at Nils for nedover og klipte seg.Mens han var vekke fekk eg endleg pussa vindua på stova utvendig også, og det gjorde seg. Dei såg fæle ut etter at vi har hatt både regn og vind.
Elles hengde eg ut klesvask etc. etc.
Så var vi ein tur nedover og handla litt, og eg henta eit par bøker på biblio.
Etter ein liten lunsj blei vi enige om å køyre ut på Viljevoll for å gå tur på Kanalvegen, men i det vi skulle til å fare, fekk Nils telefon frå påhengsmotorreparatøren, han måtte komme ut og sjå på noko. Dermed måtte vi litt lenger ut enn planlagt, men det var no i same retning. Han hadde ikkje fått til motoren, og såg seg ikkje syn med å reparere den, så den blei lagt i bilen.
På turen på Kanalvegen trefte vi andre pensjonistar som var ute og lufta seg, så det vart ein del prat. Men det viktigaste var no å vere ute. Fekk også ein telefon frå helsekoordinatoren om eit møte som eg skal vere med på den 2.april. Vi skal planlegge "Verdens aktivitetsdag" for pensjonistane. Eg representerte pensjonistlaget i fjor og har lova å gjere det i år også.
På heimvegen var vi innom han som i si tid selde påhengsmotoren til Nils. Han ville heller ikkje reparere den, det blei så mange nye delar at det ville ikkje lønne seg. Men han får ein innbyttepris for den gamle motoren når han kjøper ny. No veit eg ikkje korleis rota kom i sjøen, men det er altfor mykje som ligg og flyt og øydelegg, og somme ting vert kasta på sjøen med vilje.Og påhengsmotorar blir ikkje dekka av naturskadefondet.Trur eg.

mandag, mars 24, 2014

Dagbok 2014: 24.mars


Morgon
Klokka er snart halv sju, temperaturen er + 5 grader C og det har vore ein nydelig dag, med sol frå nesten skyfri himmel. Eg har visst gått over til indre sommartid ei veke for tidlig, for eg vakna og stod opp relativt tidleg i dag. Då låg der eit tynt lag med snø på marka. Men den forsvann fort.
Og kva gjer ein når ein får ein slik bonusdag? Sjølvsagt burde ein hive ifrå seg alt og kome seg ut, men Nils hadde planlagt å besøke ein sjuk venn, derfor heldt eg meg heime. Ut med dyner og tepper, på med vakemaskina full av sengetøy, fram med vaskebytta osb.osb. Til og med kjellaren fekk ei lita opprydding. 
Etter nokre timar med fullt kjør, var eg veldig fornøgd med meg sjølv og sette meg ned med boka mi. Det siste eg gjorde før eg tok pause, var å tømme oppvaskmaskina. Etter fem minutt kom Nils heim, og ropte over seg då han kom inn på kjøkkenet. Eg hadde vaska opp "gittera" til ventilatoren i maskina, og lagt dei bort på komfyren til tørk med alle platene på 1 (trudde eg) - og gløymt heile greia. 
Ikkje berre hadde eg snudd brytarane feil veg slik at platene  stod på fullt, men eg hadde ikkje tenkt på at "handtaka" var av plast. Dei var delvis smelta og fastbrende i platene. Etter mykje strev fekk Nils reparert såpass vi fekk ristene opp att. Og eg fekk platene reine, utan problem. Det er ikkje så mykje gale eg gjer, men eg har eit lite komfyrproblem. Lurer på om eg må få meg alarm? Men som eg plar seie: Det er dei som gjer noko, som gjer noko gale også.
Etter at vi hadde ete litt sein lunsj, la eg meg ut på solsenga med lydbok eit par timar, orka ikkje å gå tur akkurat då. Hadde både teppe og dyne så eg fraus ikkje, men hadde ei herlig stund, før eg fekk stroke sengetøyet og hatt det igjen. Har lært eit lite triks av naboen, det er å ha trekka på dynene mens dei heng på altanen. Det er ikkje dumt. Mens eg styrte med dette, koka Nils poteter og fisk til sein middag.No er sola vekke her hos oss, men når vi går over til sommartid, kjem vi til å ha sola til halv åtte neste veke,dersom ho er framme då.
Kveld

søndag, mars 23, 2014

Ingeborg fyller år.

I dag er det 21 år sidan vesle Ingeborg kom til verda, og då er ho endelig myndig - også etter gammal målestokk. Sidan Ingeborg vart fødd berre nokre få dagar før min eigen fødselsdag, fekk eg eit fotoalbum i gåve, der det er bilde av jenta frå første dag, eller første minutt er vel rettare å seie. Ho er den eldste i søskenflokken, og vårt barnebarn nummer tre. På Hareid hadde dei to gutar, og særlig nr.2 var veldig begeistra for den vesle kusina. Vi hadde ein liten mjuk hårbørste som han børsta håret hennar med i det uendelige. ( Han er tre år eldre enn henne.) 
Ingeborg var mykje hos oss den første sommaren, og  då hausten kom, flytta dei til Ulsteinvik. Men ho har aldri vore langt borte frå oss før no i år når ho er i Kristiansand. 
Ho har gått i mora sine politiske fotspor og er no medlem i AUF, derfor var det fristande å ta med dette bildet der ho møter Jens Stoltenberg. Margrete har eit bilde av seg og Gro Harlem Bruntland frå den gong ho var AUF-ar. 
Kunne sikkert ha skrive ein roman om Ingeborg, ho er ein spesiell person som eg sjølvsagt er veldig glad i. (  Eg har stoff nok, men skal la det vere.)
Eg har gratulert henne på FB før, men no kan eg gjere det her også:

GRATULERER MED DAGEN INGEBORG !

Dagbok 2014: 23.mars

Klokka har passert 18.00, temperaturen er+ 7 grader og det er fint, lettskya vêr ute. Då vi stod opp i dag var det skuffande grått og vått, men no har meteorologane lova oss ei heil veke med finevêr.
Det var i grunnen ikkje fristande å gå ut på føremiddagen, så eg tok likegodt og vaska og rydda kjøleskapet. Godt alt som er gjort. Sidan eg fann ein pakke melk som var ute på dato, så tok eg like godt og koka litt risengrynsgraut som vi åt til "lunsj". Så no er det kanskje på tide og dykke ned i frysarane for å sjå om eg finn noko saltmat til kvelds.
Elles har eg lese litt, og Nils har sett TV, og elles veit eg i grunnen ikkje kvar dagen har blitt av. No på ettermiddagen skulle Nils ha eit par ord med båtmotorreparatøren, og sidan han bur på vegen mot Rjåneset, køyrde vi ut dit for å få litt frisk luft. Vi gikk tur på dei stigane som er, men særlig mykje mosjon vart det ikkje av det. Dessutan var der iskald vind, noko vi stort sett slepp her oppe i bakkane.
Eg er så glad i å vere ved sjøen, og no var det lenge sidan sist vi var der, så eg måtte ta mange bilde.
Fiskebrygga for handikappa er reparert. Det var Dagmar som for med den.

På badestranda fann Nils ei rot; det var vel ei slik som øydela motoren.
Her ligg færingen til naboen i lag med litt meir snobbete kameratar.

lørdag, mars 22, 2014

Dagbok 2014: 22.mars

Klokka er18.45, temperaturen er + 7 grader C , det er overskya, og nokre få regndropar av og til. Tidlegare i dag bles det, men no er det stilt.
Nils og eg har nettopp gått ein times tur i nærområdet, var litt seine med å kome oss ut i finevêret som var tidligare på dag.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, Nils vaska litt på båten f.m. mens eg rydda litt i huset, og så var vi nedover og kjøpte det vi gløymde i går. Og eg var innom biblio.
Til middag i dag vart det fiskekaker frå frysaren, og etter at vi hadde ete sette eg meg til å rippe boka eg hadde lånt mens eg las ferdig "Hvit panter" og strikka langsmed.
Eg har mange prosjekt som står på vent, men kjem liksom ikkje i gang med noko. Slike prosjekt har det med å bli verande, så eg risikerer ikkje så mykje. Og neste veke er det meldt sol kvar dag! Viss det slår til må vi nyte dagane ute.Det er ikkje mykje snø att no, berre små klattar her og der.
Naboane for på konsert, men vi blir heime. Her er det noko ein kan gå på kvar dag om vi vil, så det manglar ikkje på tilbod. Likevel blir vi sittande heime og sjå TV. Og det er vel også lov?

fredag, mars 21, 2014

Dagbok 2014: 21.mars

Klokka er nosnart 19.30. Ute er det regn og vind og heilt ufyselig vêr. Eg blir trøtt og vêrsjuk av heile greia.Temperaturen er 4,3 grader C. 
Som den realist/pessimist eg er, har eg venta på at vinteren skulle kome i mars-april, etter ein eviglang haust/vår med behagelig vêr og temperaturar. Og no kom altså det vi ikkje ville ha. Eg blir trøtt og uopplagt av heile greia. Godt at eg hadde tatt helgevasken i går, elles hadde det vel ikkje blitt.
I dag var vi først nedover og handla inn mat, då hadde vi ikkje vore på butikk sidan laurdagen. Godt å ete tomt litt.
Då vi kom heim, var det såpass fint ute at Nils kunne hente heim båten, men ute i hamna bles det. Han leverte motoren til reparasjon og tok båten heim for vask og stell, den har lege ute heile vinteren.
Mens han var vekke laga eg god middag. Eg laga steikte kyllingfiletar med ris, salat og jornøttsaus (peanøttsaus). Fekk endelig prøvd ut den nye riskokaren eg fekk av Solveig til morsdag, og den funka heilt fint. Etter middag somna eg med lydboka på sofaen. Var så vidt vaken då ei av veninnene mine ringde.
No blir det vel TV resten av kvelden.Har eit lite strikketøy å henge fingrane borti. Har litt att av lyboka som eg har lagt inn på bloggen. "Kritikken" kjem seinare.
For dei som ikkje har fått det med seg er det Downs syndromdagen i dag. Spent på kva dag det er i morgon.
I alle fall ønsker eg alle blogglesarar ei GOD  HELG !

Bok nr. 18 - 2014: Hvit panter

Høyt tempo, fargerike karakterer og ulidelig spennende til siste side! «Hvit panter» er Øystein Wiiks tredje thriller i serien om Tom Hartmann.
Skipsreder Herman Nordahl omkommer i en brann i leiligheten sin. Ved obduksjonen viser det seg at han har vært utsatt for tortur med et redskap kalt Somalisk Jomfru, hyppig brukt i afrikanske diktaturer.
Pastor Hellener, familiepresten, som skulle forrette ved Nordahls begravelse, dukker aldri opp i kirken og blir funnet livløs i en skiløype i Lillomarka. En papirløs, døvstum gutt blir kidnappet. Tom Hartmanns ekskone, Cathrine Price får oppgaven med å løse mysteriet.

Samtidig befinner Tom Hartmann seg i Den arabiske gulf om bord i oljetankeren Fenris Fighter for å skrive en roman. Tankeren blir kapret av somaliske pirater under ledelse av en mystisk skikkelse kalt Den tilslørte. Det skal snart vise seg at dette ikke er noen vanlig kapring. En farlig aksjon er i gang, en aksjon som lenge har vært et fryktet scenario, men som ingen har våget å gjennomføre - inntil nå. Kan Tom Hartmann hindre katastrofen?

Øystein Wiik har skrive fire kriminalromanar:
Dødelig applaua
Slakteren
Hvit panter
Casanovasyndromet

Eg har no lese tre av dei, berre Slakteren står att
Dei to første eg las har vore elleville eventyr, særlig Casanovasyndromet, men Hvit panter er litt meir realistisk, sjølv om den er fantasifull nok. Den er også litt ryddigare og lettare å halde orden på enn dei eg har lese før. Her er  mange handlingar og ikkje alle er parallelle, men det gikk greitt.
Det eg likar med bøkene til Ø.W er det frodige spåket og det at han les så godt. Sjølv om denne boka også er eventyr, er den litt finurlig også, og litt samfunnskritisk, som seg hør og bør. Men mest er den just for fun. No har eg vor på biblioteket og henta heim enda ein underhaldningsroman: Hemmeligheter av Kate Morton.

torsdag, mars 20, 2014

Dagbok 2014: 20 mars.


Klokka har passert 17.30, temperaturen ute er +4,6  grader C og det regnar. Freistar ikkje å gå ut, så eg stakk så vidt kamera ut altandøra og knipsa eit bilde før det mørknar. Dette vêret likar eg ikkje. Likar ikkje å gå ute i regnet, så det har vore enda ein innedag. Skulle ut og gå tur i går, men då var det brått mørkt. Det er slikt som kan skje når ein får litt datatrøbbel, då går tida fortare enn berekna.
Det vart ikkje til at Nils fekk ta opp båten i dag heller. Men i morgon skal det skje. Han har avtalt med reparatør. Ja,ja, så går vel den dagen.
I dag var eg relativt flittig før middag. Fekk vaska og støvsuga til helga, skrive referat frå møtet sist onsdag og så steikte eg sei til middag. Vaskemaskina har også jobba på, og trommelen; ikkje råd å tørke klede ute i dette vêret. No skal eg legge i hop kleda. Elles har eg lese litt i lydboka mi. Latmannsliv ! 
No håper eg ar mildvêret varer så lenge at snøen blir heilt borte, så vi kan starte med hagearbeid når det lettar opp.Vi var i grunnen godt i gang før snøfallet kom. Forresten likar eg snø-men berre om vinteren.
I dag kan vi gratulere Ivar med dagen. Han er som vanlig to år eldre enn eg.

onsdag, mars 19, 2014

Dagbok 2014: 19.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya, for det meste opplett, men litt regn har det også vore.
Før middag gjorde eg litt husarbeid etc. før eg møtte på styremøte i pensjonistlaget. Dette var første styremøtet etter årsmøtet, derfor var også varamedlemmene med, og Nils er vara både i pensjonistlaget og eldrerådet, så i dag stilte vi sterkt.
Til middag i dag hadde vi restar frå måndag, det var for så vidt planlagt.
Vi åt, kvilte, drakk kaffi ....og dermed var vi komne langt utpå ettermiddagen. Sidan Nils hadde noko å gjere i garasjen, vart eg sittande med lydbok og strikketøy. Blei endelig ferdig med labb nr.1 - strikkar til "Føden" i Volda. Men eg skal finne meg ei anna oppskrift og kjøpe mjukare garn, dersom eg skal halde fram med prosjektet. Kjekt å ha noko på hendene når eg les lydbok, får ikkje til å sitte rett opp og ned mens eg les. No vurderer eg å gå ein tur, med bok på øyret, før det mørknar.
I morgon må Nils ta opp båten. Dei var litt uheldige i går og køyrde på ei rot som låg i sjøen, under vasskorpa. Vi kunne reist ut i dag, men det er best å dra båten opp på flo sjø. Påhengsmotoren har trulig fått ein skade. Ja, det er vel slikt ein må rekne med, at det skjer eitt eller anna.Når det ikkje er noko verre, får ein berre ta det med ro.
Den 19.mars 1878 blei farmora mi fødd, og eg hugsar at vi brukte å samlast på Hildegard når ho hadde fødselsdag. Det året ho fylte 70 år var det stor stas. Då hadde dei leigt fotograf som kom og tok bilde av heile storfamilien.Eg hadde lapp med meg på skulen, for eg måtte gå før skuleslutt den dagen.Siste fødselsdagen eg var med og feira var 90-årsdagen. Ho rakk å bli 91 år, men siste tida var ho på sjukeheim.Eg tenker litt ekstra på bestemor den 19.mars.

tirsdag, mars 18, 2014

Dagbok 2014: 18.mars.


Klokka er ca 16.30. Temperaturen ute er +5 grader C, og det har vore eit nydelig vêr i heile dag.Nils og kamerat Kjell for på sjøen for å fiske i 8-tida, og eg vart att heime. Når eg har huset for meg sjølv plar det gå ut over både tak og vegger, og i dag bestemte eg meg for å ta "glasskapet" på stova. Nokre glas brukar vi ofte, men andre blir mest  ståande og samle støv. I dag vart skapet tømt, og alt som trong ein vask fekk det. Hadde i grunnen tenkt å ta dei andre skapa i same slengen, men så vart det så fin sol ute at eg berre MÅTTE ut. Tok den vanlige runda, som vanligvis tek mindre enn ein time; i dag tok den to. Møtte mange kjende og vart ståande å prate med dei. Veldig koselig, det. Elles så hadde eg no lydbok med meg i tilfelle eg vart gåande åleine. Då eg kom heim, var Nils komen att, fiskefangsten var ikkje overveldande, men vi har så vi klarer oss. Nils hadde kokt kaffi, så småseimiddagen har vi til gode.Eg la meg på sofaen for å kvile beina litt, og heldt på å bli liggande.Gikk nesten i koma på grunn av varme. Her blir utrulig heitt inne når sola står på.Og dei kapittela eg las mens eg kvilte, trur eg må repeterast. Synest det er litt slitsomt å drage på det store kameraet når eg går tur, i tillegg til lydbok, mobil etc. , så det blir bilde frå altanen og trappa i dag også. Det øvste bildet er tatt rett mot sola, har lært eit lite triks av naboen.

mandag, mars 17, 2014

Dagbok 2014: 17.mars


 Klokka har passert 19.30, og eg har hatt litt av eit strev for å komme meg inn på bloggen min, såpass eg kan skrive eit nytt innlegg. Eg er av og til lettsindig med å trykke på tastar for både det eine og det andre utan å vite kva eg gjer, så no trur eg begge maskinene våre treng ei skikkelig reingjering.Apropos så tok Nils ein liten sjekk på varmepumpa i dag, og den vart meir effektiv etterpå.
Så var det vêret- i dag har vi hatt litt av kvart, våde snø, sol og vind, men det er mindre snø enn i går, trur eg. Eg har ikkje vore ute i dag.
Det første eg gjorde i dag var å lage dessert. Det er sjelden vare her i huset, men eg fekk lyst å prøve å lage slik dessert som eg fekk hos ei veninne førre veka. Det gjekk bra, nem neste gong eg lagar den, skal eg justere litt.
Elles tørka eg støv og pussa vindu på innsida. Det var ikkje mykje hjelp i, for det var på utsida dei var skitne. Middagen var nesten ferdig frå før, det einaste eg hadde å gjere var å lage brun saus.
Det var berre Margrete som kom i dag, men ho fekk med seg mat heim til ungane. Det er no berre to av dei som bur heime no.
Elles går dagane fortare enn eg likar å tenke på. Med lesingav bøker, chatting på PC og diverse husarbeid - det går an å kombinere..... Skulle ønske eg hadde kome i gang med diverse oppgåver som står på vent- men det er ikkje nok å ønske.

søndag, mars 16, 2014

Dagbok 2014: 16.mars

Klokka er ca 19.00. Temperaturen ute er +1-2 grader C og det er full vinter og masse snø, av den heller våte sorten. Men det blir vel ingen lang vinter denne gongen. Det går mot vår uansett.
At eg likar dette ville vere å overdrive.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, men Nils var ute og moka snø før middag. Eg dreiv å laga diverse mat til i dag og til i morgon, så eg var for det meste på kjøkkenet. Elles har eg lese ut boka "Papirgutten", og strikka ferdig eit par lestar. No trur eg at eg har brukt opp det meste av garnrestane.
Til middag i dag hadde vi steikt kveite med heimelaga remuladesaus, Det er noko Nils likar betre enn eg; eg er ikkje glad i kveite, men no har vi heller ikkje meir.
I morgon ventar vi Margrete, og ev. ein son eller to, til middag. Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget, denne gongen skal også vara- vere med, så då blir Nils og eg på samme møtet.
Han stiller forresten opp som hjelpar på alle møta, så vi stiller sterkt.

Bok nr.17 - 2014: Papirgutten.

Det finnes en gammel myte om en fremmed som blir kalt Papirgutten. Som stjeler barn og tar livet av dem. Som kommer i mørket og ikke skyr noe i jakten på sine ofre. Myten tilhører fortiden, og i dag er det nesten ingen som husker det gamle sagnet.
Så forsvinner plutselig to gutter på vei til tennistrening. Et kraftig snøvær har rammet Stockholm og gjør letearbeidet vanskelig. Samtidig blir en førskolelærer skutt i skolegården foran øynene til flere barn og foreldre.
Fredrika Bergman og Alex Recht står overfor sin vanskeligste etterforskning da de dras inn i jakten på en morder som er like hensynsløs som effektiv. Etterforskningen leder dem til den såkalte Papirgutten. Men hvem er han egentlig? Er han virkelig? Er hendelsene tilfeldig, eller har de to sakene noe med hverandre å gjøre?
Eden Lundell blir ufrivillig en brikke i morderens spill. Hun bærer på en hemmelighet som hun prøver å holde skjult for alle. Men i jakten på morderen snus situasjonen mot henne selv, og familien hennes blir utsatt for stor fare.
............................................................................
Denne boka likte eg berre sånn passe, eller knapt nok det. Det er i grunnen ikkje noko gale med den anna enn at den er så rotete. At der er ein del personar å halde greie på, er i orden, eg laga meg ei rolleliste, så eg hadde kontroll. Men etterforskinga går i mange retningar, og sjølv om eg las ut boka i våken tilstand, er eg neimen ikkje sikker på kven som drap kven.For all del -det kan vere min eigen feil. Saka var vel at eg ikkje vart riven med. No skal eg lese"Hvit panter" av Øystein Wiik, så sjølv om eg er lei av krim, trur eg det kan bli bra underhaldning.

lørdag, mars 15, 2014

Dagbok 2014: 15.mars


Klokka er no 15.00, temperaturen ute er ikkje  mykje over +3 grader C, og no fekk vi eit snev av den vinteren vi venta på. Då vi stod opp i dag, snødde det som på bildet over, men no er det som det nedste bildet viser.  I Vik var det sterk og kald vind, det merkar vi ikkje mykje til her oppe.
Vi somla litt i dag føremiddag, las aviser, strikka(eg), såg TV (Nils) osb, før vi tok ein tur til Vik. Eg skulle levere nokre bøker på biblioteket, og til mi store glede fann eg ei ny krimbok av Øystein Wiik. Det er sikkert ikkje stor litteratur, men eg synest han har eit variert og litt ukonvensjonelt språk. Bøkene hans er "just for fun".
Neste stopp var Amfi, men der var ikkje så spennande, så vi tok ein tur på "Fru Svendsen"- ikkje særlig mange vi kjende der heller, men vi kjøpte oss pai med salat til, så eg har sagt ifrå om at noko meir middag blir det ikkje i dag. Det er ikkje så dumt å gå på kafe, for då får ein tilmålte porsjonar, og et seg ikkje ut på viddene, slik ein kan gjere heime.
Ny runde på Amfi, for å handle, i dag blei det berre mat+ litt babygarn. Skal kanskje strikke labbar til "Føden" i Volda. Har ikkje høyrt noko meir frå strikkebutikken der borte som skulle sende meg melding på Face når dei fekk inn mønster. Har vore og masa ein gong.
No skal eg ha meg ei kosestund med strikketøy og lydbok, mens er rippar "Hvit panter". Bestefaren frå Kjøllesdalen sagar i dag også, i dag er det plommetrea som får lide.

fredag, mars 14, 2014

Dagbok 2014: 14.mars


Klokka er snart halv seks, temperaturen ute er + 3 grader C, og vêret blir meir og meir guffent. Dei to bilda over er tatt med 2-3 timars mellomrom. I dag har vi vore heime heile dagen og har ikkje gjort så mykje, derfor er det interessant å følge med i det som skjer i nabolaget. Dei to bilda er nokså like, men kven kan "finne feilen"? Ja, vêret har forverra seg, men det er ein skilnad i tillegg.
I eit anna hus har dei hatt besøk av Gjenbruk som fylte bilen med møblar, der er det generasjonsskifte.Og vi kan følge med når vi drikk kaffi ved kjøkkenbordet. Det er då er lurer på om vi har litt for god tid.
Dette sure, våte vêret gjer at eg misser piffen, for no var eg eigentlig godt i gang med våronn både ute og inne.
I dag har eg vore så syndig at eg har lese lydbok på høglys dag, mens Nils var ein tur ut og såg til båten, det var nokre skruar som skulle skiftast.Hadde det vore finevêr hadde eg vore med.
No har eg skrive relativt mykje om ingen ting, så då står det berre att å ønske alle ei god helg.

torsdag, mars 13, 2014

Dagbok 2014: 13.mars

Klokka er seks (18.00) og temperaturen ute er 6,6 grader C. Det har vore grått og vått i heile dag, og sidan det har blæse litt, virkar det kaldt og hustre. Sjølv om vi har hatt mykje fint vêr i vinter, har vi hadde lite sol. Ikkje som i fjor då sola skein heile vinterhalvåret-sjølv om det var bitande kaldt. Ja, det er store variasjonar i vêret på våre kantar.
I går gjorde eg unna mykje husarbeid, så eg tenkte vi kunne finne på noko i dag, men då eg såg kor ufyselig det var ute, hadde eg ikkje lyst til noko. Ein tur på Amfi vart det rett nok, og på biblioteket, der eg endelig fekk meg ei ny lydbok.
Nils spurde om vi skulle reise til Volda og ete kinamat, og det var ikkje nei i min munn. I dag ville vi ha kylling i peanøttsaus, det var det eg hadde tenkt å lage sjølv i dag, men "Kinadama" advarte oss. "Det er sterkt", sa ho. Vi bedyra at vi hadde ete det før og at vi likte det, og bestilte to porsjonar av nr.94. "Dokke tok nr.93 sist dokke var her," sa ho.( Ho hugsar alltid kva vi har ete før. Men sist vi var det var ikkje HO der). Maten var god og sterk slik vi likar den, førre gongen vi åt nr.94 var den ikkje sterk nok. Då vi kom heim, fann eg bringebær i frysaren som vi åt med vaniljekesam til, det vart kaffimaten.
Så rippa eg lydboka eg lånte i dag, mens eg las ut den vesle ungdomsboka eg har skrive om. No har Nils fått på TV-en med noko sportsmas, så eg trur eg set meg inn på "kontoret" og festar trådar.(Og høyrer lydbok).

Bok nr. 16 - 2014: The rise and fall of Gøran Trovåg

Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok om det å vere ung gut i ein liten norsk by.
....................................................................
Denne vesle papirboka på vel 100 sider kjøpte Margrete på grunn av tittelen. I tillegg til Gøran møter vi også kameraten, Eivind, som ikkje heiter Trovåg.
Dette er ei ungdomsbok, og eg er slett ikkje i målgruppa. Likevel likte eg boka godt. Den er godt skriven, og innhaldet er meiningsfylt-også for meg. (No er eg ikkje HEILT ukjend med unge gutar som spelar i band heller).
Noko som er syntest var litt artig var at dei hadde laga ein sing som heitte-(Sitat) "Osteoporose, som var ein slags ballade. Han var i alle fall rolegare enn dei andre og handla om at livet kunne vere skjørt som beina til gamle damer og knekke når ein minst venta det."
Boka er skriven på heilt vanlig, korrekt nynorsk utan dialekt og andre vanskelige ord. Eg meiner at boka ville høve godt for ungdomsskuleelevar i urbane strøk, der dei har problem med å lese nynorsk.Eg synest boka rett og slett var GOD.

onsdag, mars 12, 2014

Dagbok 2014: 12.mars.

Klokka er 18.30, og det er så vidt åt og skymest ute.Temperaturen er + 9 grader C. Dagen i dag har gått fort, som dei fleste andre dagar. Vêret er udramatisk, verken sol, regn eller nedbør.Men ganske fint!
I dag har eg vore husmor. Sidan Nils skulle på møte i Eldrerådet klokka 13.00, fann eg ut at eg like godt kunne ta helgavasken i dag, så er eg fri resten av veka, om vi skulle finne på noko. Eg vaska og støvsuga til den store gullmedalje, før eg la meg på sofaen og las i boka mi. Sidan eg las på  papir somna eg ikkje. Nils kom att. "Har du vore ute og gått tur?" Ja, SÆRLIG!
Sidan eg hadde vore aktiv før middag, var det rett og riktig at han laga middag. Kokt lyr med poteter og gulrot. Forresten så tiltrur han meg ikkje å koke fisk. Heilt greitt det ! Maten var god,den. Og så las eg ut boka mens han kvilte før vi drakk kaffi.
Og slik går no dagan!
I dag ringde dei frå biblioteket, no hadde dei ei lydbok til meg .Krim, til ei forandring.

Bok nr.15 - 2014: Fange 59. Taterpige

Den unge taterjenta Maria kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthuset. Her fortel ho historia om livet på landevegane, med familien og folket hennar, og med guten ho blei forelska i.
Ei ung taterjente er på flukt gjennom Trondheims gater. Byens vaktarar vil ha henne og folket hennar vekk frå byen. Maria kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthuset. Her fortel ho historia om livet på landevegane, med familien og folket hennar, og med guten ho blei forelska i.
Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet. Dette er ein roman om lengt, vennskap, pågangsmot og kjærleik.
Aina Basso debuterer som vaksenbokforfattar med denne romanen.
Aina Basso (født 14. mai 1979) er en norsk forfatter og historiker. Hun kommer fra Giske i Møre og Romsdal. Basso har utgitt tre romaner: Ingen må vite (2008), Fange. 59. Taterpige (2010) og Inn i elden (2012), alle på Det Norske Samlaget.
Hun ble i 2012 nominert til Brageprisen i klassen for ungdomsbøker for romanen Inn i elden. I 2013 ble hun nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for samme bok.
Aina Basso er spaltist i Nationen og Sunnmørsposten og medlem av redaksjonen til det nynorske nettleksikonet Allkunne.no.
...............................................................................
Eg har lese denne boka på papir. Den er på 250 ikkje altfor tettskrivne sider. Boka er skriven på nynorsk i ein litt spesiell stil.Det eine er at språket er svært stakkato. Korte setningar, ei mengde punktum, avbrotne setningar og setningar som er ufullstendige.Om lag som når vi snakkar.Teksten vekslar mellom notid og Maria sine tankar om fortida. Her er også innfelt diverse gamle tekstar. 
Boka seier på ein måte ikkje alt, det meste må vi lese mellom linjene.Elles har Margrete skrive meir utførlig om den.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...