Klokka er ca 19.00. Temperaturen ute er +1-2 grader C og det er full vinter og masse snø, av den heller våte sorten. Men det blir vel ingen lang vinter denne gongen. Det går mot vår uansett.
At eg likar dette ville vere å overdrive.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, men Nils var ute og moka snø før middag. Eg dreiv å laga diverse mat til i dag og til i morgon, så eg var for det meste på kjøkkenet. Elles har eg lese ut boka "Papirgutten", og strikka ferdig eit par lestar. No trur eg at eg har brukt opp det meste av garnrestane.
Til middag i dag hadde vi steikt kveite med heimelaga remuladesaus, Det er noko Nils likar betre enn eg; eg er ikkje glad i kveite, men no har vi heller ikkje meir.
I morgon ventar vi Margrete, og ev. ein son eller to, til middag. Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget, denne gongen skal også vara- vere med, så då blir Nils og eg på samme møtet.
Han stiller forresten opp som hjelpar på alle møta, så vi stiller sterkt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
De har fått meir snø enn vi, ser eg, ikkje bruk for snørydding her, er snart vekk-regna. I morgon skal eg på ope møte i Pensjonistlaget kl 11.00 på Bryggen hotell (i kafeen). Har litt oppdrag no som kasserar. Ønskjer dokke ei fin veke.
Eidabesta
Legg inn en kommentar