onsdag, september 30, 2020

Dagbok 2020: 30.september

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 15 grader, det regna litt før i dag, men no på sein ettermiddag vart det sol og fint. Eg har ikkje utretta mykje i dag. Eg skulle vere på spanskkurs klokka 11, så eg brukte tida etter frokost til å øve på leksa. Det vart litt vanskeleg no når vi begynte på igjen, med koronatiltak og på ein frammand plass. Alt er litt utrygt -spansken også. Men det går seg vel til. Godt var det i alle fall at Margrete testa negativt på coronaen. Eg for beine vegen heim etter kurset, og sette meg til med meir spansk sidan Eli hadde lagt ut leksa for neste veke.Vart sittande ei god stund ved PC-en med diverse oppgåver. I dag lærte vi at i Spania har dei ein dessert -"Arroz con leche"-ris med melk, altså noko som liknar på risgraut. Dermed fekk eg veldig lyst på risgraut til middag, også fordi at eg fekk bruke noko melk som gjekk ut på dato i går. Med litt Stranda- morr ved sida av vart det fullgod middag. Men det vart lite mosjon for kroppen i dag, sjølv om hovudet fekk sitt, så eg måtte ta ein mosjonsrunde på Vernet i dag også. I dag ville eg gå "rette" vegen rundt og prøve ut trappa. Den var ferdig sidan sist eg var der. Eg greidde fint å gå ned der sjølv om trinna var både høge og breide.Det hadde vore bra med eit rekkverk. Eg gjekk sidelengs og det var bra.
Eg sat ikkje oppe og høyde på Trump og Biden i natt, så eg håper dei sender litt av talane på TV i kveld i kveld. Eg har ikkje strikketøy for hånden, men det må eg skaffe meg. Eg merkar at kveldane blir lengre og mørkare for kvar dag, eg likar det ikkje, men det er ingenting å gjere med det. I morgon skal vi ha trening frå kl.12.30 til 13.30. Eg kjenner at eg må passe på høgre kneet mitt, det er ikkje heilt bra, men eg trur øvelsane virkar-det er verst når eg sit mykje i ro. I morgon startar vi på oktober, eg synest tida går altfor fort.Men det hender at det er fint i oktober også.

tirsdag, september 29, 2020

Dagbok 2020: 29.september

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 12 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Eg var relativt tidleg oppe i dag og hadde god tid før eg skulle på trening. Etter treninga var eg ein snartur heim og bytte på meg andre klede før eg køyrde fram i Mosmarka til frisørdama "mi". I dag rekna vi ut at ho hadde stelt håret mitt i meir enn 25 år. Eg har vore til diverse andre innimellom, men går alltid tilbake til Åse. På vegen heim var eg innom Kiwi og handla litt. Middagen vart den samme i dag som i går og dagen før, berre ein mindre porsjon, såpass at eg kunne ta meg eplekake med krem til dessert. Før eg gjekk frå bordet tok eg for mef Møre-Nytt og las den frå perm til perm, med unntak av diskusjonssidene og andre lesarinnlegg. Eg har ikkje jobba så mykje med spansken denne veka, for vi hadde lite lekse. Trudde eg. Men då eg sette på datamaskina såg eg at der var ein mail frå Eli, med meir lekse, så no lyt eg jobbe litt med den. Kurset er i morgon. Eg får alliere meg med Google translate til å begynne med. Ergo får eg ikkje gjort noko verken i hus eller hage denne dagen, men det var heller ikkje planen. Det er vel neste veke det er haustferie, eg håper på betre ver då-men framfor alt håper eg at alle får vere friske. Ja, med alle meiner eg her dei som er i storfamilien. Men eg håper også at denne ferien ikkje skal resultere i enda fleire smitteutbrot.No må eg sette meg til å pugge spansk. Det er ein meny som er leksa denne veka. Vi trener på å gå på restaurant og bestille mat og drikke. Por favor.

mandag, september 28, 2020

Dagbok 2020: 28.september

Klokka er no 20.00 og temperaturen ute er+ 13 grader. Det har vore fint vêr nesten heile dagen, men på sein ettermiddag begynte det å regne. I dag kom eg meg endeleg i gang med litt hagearbeid. For ei stund sidan røska eg opp jordbærplantane i andre delen av "jordbæråkeren". Idag spadde eg den opp og tok vekk ein del stein. Eg vart skikkeleg låk i ryggen, og då er det berre å sette seg ned . Då eg kom meg til igjen tok eg grafsa og hakka sund klumpane etc.-og så var ryggen vond igjen.Skal ta det att og hakke litt meir før eg rakar det pent til. Dette kan eg.Om eg plantar jordbær etter set poteter til våren er enno ikkje avgjort. Innimellom gjorde eg diverse andre jobbar i hagen, men ryggen sørger for at eg ikkje gjer for mykje. Eg blir for bra igjen når eg får kvilt litt. Klokka 15 var det middag, det var restar frå i går, og der er ein rest igjen til i morgon også. Eg hadde dusja og vaska håret før eg åt, og då eg sette meg ned i godstolen heldt eg på å sovne. Marit hadde laga eplekake i går, så i dag vart det kaffi hos henne. I morgon skal vi køyre på trening i kvar sin bil, sidan eg skal til frisør rett etter treninga. Til vanleg plar vi handle på Spar begge to etter treninga. Datamaskina mi har fått eit anfall igjen, når eg vil inn på eit eller anna programm, seier ho berre PLING!Men eg kom meg no inn her, då.Og så har eg laptopen som eg kan sjekke etter andre ting t.d. e-post Eg har nettopp sett dagsnytt og etter kvar sending hissar eg meg litt opp over folk i Oslo som ikkje kan følgje reglane, ja, det er no ikkje berre oslofolk då.No er det vel eit par veker med haustferie i landet, så då kjem det an på kva som skjer. Funne i åkeren: Det var ein gong Korona var jordbær.

søndag, september 27, 2020

Dagbok 2020: 27.september

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er + 15 grader og sola skin frå nesten skyfri himmel. Det har vore ein strålande dag,sjølv om det var litt kaldt først på dagen.No ser eg skyer kome siglande. Sidan det var kaldt ute heldt eg meg inne og strikka på føremiddagen, sjølvsagt var eg på FB og oppdaterte meg også. Eg er litt lei av berre å gå på Vernet, og eg skulle gjerne ha gått i lag med andre på tur, men dei fleste som går tur er mykje sprekare enn eg, sjølv om dei er nesten like gamle. Eg er fornøgd med at eg no kan gå utan å halte og utan å ha vondt.Det vart ein tur på Vernet i dag også; eg trefte ei som eg kjenner og vi gjekk i lag ei stund, men så ville ho gå fortare og det forstod eg godt. Akkurat den runda på Vernet kan eg godt gå åleine. Då eg kom heim fekk eg lyst å lage meg noko godt. Eg hadde planlagt det på turen. Det blei spagetti med kjøttsaus, det er innmari lenge sidan eg åt det. Eg har stort sett ete brødskiver til middag dei tre siste åra, men no får eg stadig lyst på middagsmat.For å seie det sjølv så var det veldig god middag i dag.
Etter at eg hadde ete,rydda opp og sett på oppvaskmaskina, gjekk eg ut på altanen og la meg på solsenga. Hadde med meg ei bok-men las ikkje. Då eg kom inn att laga eg kaffi og åt litt eplekake til, så i dag føler eg meg uanstendig mett. No er dei stygge støvlane mine tørre etter lang tid på tørk, så morgon får eg kanskje spadd opp den "nye" åkeren min. Elles er her mykje att å klippe, men plommetre og epletre står med fullt grønt lauv enno, så ein lyt vente med å klippe/sage der. No får eg ta og sjå på spanskleksa før eg set på TV-en.

lørdag, september 26, 2020

Dagbok 2020: 26.september.

Klokka er no ca 5 min. på seks, temperaturen ute er + 12 grader, det er fint vêr og sol. Om lag slik har det vore i heile dag, men innimellom har vi hatt litt kald vind. Eg starta dagen med frokost, sjølvsagt. Etterpå dusja eg og vaska håret og tok på meg reine klede. Eigentleg skulle eg ha jobba ute i dag, slik eg snakkar om kvar dag, men eg hadde ikkje lyst å skitne meg til. Etter litt "akkedering" med meg sjølv fann eg ut at eg kunne gå ein tur på Vernet for å få litt mosjon. Eg trur det gjer bra for knea mine. Før eg gjekk sette eg på vaskemaskina. Det var storhende på Vernet i dag, dei har begynt å lage ei solid steintrapp opp der som har vore litt problematisk til no. Eg har ikkje likt å gå ned der, men har gått opp og helde meg litt i gjerdet. Når trappa er ferdig kan eg gå andre vegen viss eg vil-og ned trappa. Etter at eg hadde gått ein runde på Vernet tok eg ein liten omveg heim att. Til middag i dag vart det ostesmørbrød, og så kom Marit ei stund etterpå og då hadde vi eplekake med krem. No blir det snart å ta fram "spøtet" og plante seg framfor TV-en. Eg ser alltid fram til Sjernekamp.Morgondagen har eg ingen plan for-enno.

fredag, september 25, 2020

Dagbok 2020: 25.september

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 11 grader C. Sola skin og det er nydeleg vêr no. Det vart finare og finare utover dagen. Eg sov godt og lenge sist natt, for eg stressa ikkje med noko eg SKULLE. På føremiddagen tok eg fredagsvasken og i dag fekk eg ut teppa på soverommet også. Då eg var ferdig å vaske, sette eg meg til med lydboka mi ei lita stund, men så såg eg at den nærma seg slutten så då las eg ferdig. De kan lese om boka i innlegget under. I dag vart det middag kl.15, slik som det skal vere og menyen var suppe frå i går. Den gjekk ned på høgkant i dag også. Etter middagen har eg prøvd å gjere noko ute. Der er rikeleg av jobbar å ta av, i dag valde eg å klippe litt her og der, ikkje med grasklipper men med diverse sakser. Så fekk eg fylt opp eit par halvfulle sekker. Eg har litt problem med å bøye meg, ryggen protesterer. Komande tysdag har eg bestilt frisør til kl.12.30, rett etter treninga.Har ikkje klipt håret sidan 4.juni. For helga har eg ingen planar. Bildet viser svartsurbærbuska mi, det er berre den som har fått haustfargar så langt. Eg kjøpte denne buska på grunn av haustfargane, og bæra for fuglane med. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg, håper vêret blir fint.

Bok nr. 53-2020: Naken i hijab

Naken i hijab er en roman basert på forfatterens egne erfaringer og opplevelser fra flere år i Egypt. Det gjør romanen spennende, og levende. Før jeg begynte å lese boka sa flere til meg «hvordan kan en nordmann vite hvordan det er i Egypt?», og dermed unngått å lese boka. Dette synes jeg er feil, og veldig dømmende. Jeg synes Gunn Marit Nisja har veldig gode og levende beskrivelser i boka si, at jeg fikk gåsehud flere ganger da jeg leste boka. Beskrivelsene og refleksjonene hun har gjort seg var så gjennomgripende at jeg ikke klarte å legge boka fra meg. Jeg har selv vært i Egypt som turist, men også sett hvordan egyptere lever bak kulissene. Min søster forelsket seg i en egypter da vi var der som turister, og bor i Egypt og har fått barn. Beskrivelsene jeg leste i boka, minnet meg om mine egne opplevelser og refleksjoner i møte med Egypt og menneskene i dette landet. Jeg anbefaler boka på det sterkeste, spesielt for de som skal eller har vært i Egypt........................................... Eg må innrømme at denne boka vart så spennande etter kvart at eg berre MÅTTE lese den ferdig midt på dagen.Anbefalt.( Eg las den på Storytel).

torsdag, september 24, 2020

Dagbok 2020: 24.september

Klokka er no 15.35, temperaturen er + 10 grader og det har regna i heile dag, men det kan hende det lettar opp mot kveld, slik som i går. I dag var det oppstart på spanskkurset, så klokka 11 var vi på plass i eit rom på hotellet. Det var vel eit såkalla konferanserom. Rommet var stort og vi hadde god avstand mellom kvarandre, så det vart litt annleis enn før. Dessutan var der to nye elevar som Eli måtte ta seg spesielt av. Ingen av oss hadde særleg tru på at vi kunne prestere så bra i dag, men mange kom ifrå det med æra i behold. Det går nok betre etter kvart- vil eg tru. KLokka 12 var det matpause med rundstykke og kaffi. Det var heilt OK. Eg køyrde beint heim etter kurset, berre innon Kiwi for eit par småting. Eg tok ikkje alt kjøtet til fårikål sist laurdag, tok av nokre bitar som eg salta. I dag kokar eg grønnsak og kjøtsuppe. De har kanskje lagt merke til at eg lagar meir middag enn eg har gjort før. Dei siste2-3 åra har middag til ein vore sjeldan. Men eg får litt for god tid når det ikkje er vêr til å jobbe ute, så eg må bruke tida til noko. Mens kjøttet kokte laga eg ei eplekake, så no har eg to på lur. Det var fordi eg hadde to digre eple att og så kjøpte eg berre litt attåt. Eg har ikkje ete middag enno, sidan eg hadde lunsj i dag. Det har vore ei litt spesiell veke no, men neste veke blir det litt annleis igjen. Treninga tek til kl 11, det same gjer spanskkurset, så eg slepp å stå tidleg opp ein einaste dag. Eg tenkte eg skulle klippe plenane igjen når lauvet dett av trea, men lauet er no like grønt enno. Alt er seint i år, både på godt og vondt. Kjekt at det eg mykje som blomstrar enno, men det blir vel vanskeleg å rydde opp til vinteren. For dagane framover no har eg ingen plan. Men no har eg planar om å ete suppa mi.

onsdag, september 23, 2020

Dagbok 2020: 23.september

Klokka er no 16.45, temperaturen er + 13 grader C, no skin sola, men i dag morgon regna det. Dagen starta med at Solveig ringde til meg klokka 7, etter avtale, sidan eg ikkje har vekkarklokke. Eg hadde god tid før eg skulle vere nede hos Eli kl.8.50 Vi hadde også god tid i Ulsteinvik før kurset starta kl.10. Dei andre gongane eg har vore på "Høstkonferanse" har vi halde til på Folkehøgskulen, der som det var hotell før, men denne gongen var vi på hotellet midt nede i byen. Dei som heldt kurset var alle frå Nord-Møre, og eg er ikkje så veldig fan av dialekten deira. Men dei hadde bra mikrofonutstyr så eg trur eg fekk med meg det meste. Vi hadde fleire korte pausar, og ei lengre lunsjpause, då fekk vi mat. Vi forsynte os sjølve. Varmretten var kylling med ris og grønsaker. Eg angra litt på at eg ikkje forsynte meg meir. Dessert var kaker, bær og krem. Eg sat i lag med fire damer som eg ikkje kjente frå før, det viste seg at to av dei hadde budd i Ørsta. På bildet ser de kva vi fekk i premie. Viss de lurer på den kvite kula, så er der eit regnskydd inni. Det raude hjertet skal ei ha å knipe på for å trene handa og fingrane.Det gule brettet er til å skrape is av ruta med. Det er mykje å absorbere av tekst og prat slike dagar. Heldigvis er Eli flinkare til slikt enn eg.Og det var ho som køyrde. Ja, så er eg ferdig med dette, og i morgon er det spansk på hotellet. Det tek no ikkje heile dagen. Eg tok på meg den blå kofta i dag, eg var litt i tvil -kanskje den blei for varm. Men slett ikkje, faktisk vart eg litt frostig etter kvart. No skal eg ned i hagen og sjå om eg finn meg ei saftig Victoriaplomme. Der er ikkje mange.

tirsdag, september 22, 2020

Dagbok 2020: 22.september

Klokka er 16.20, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar, som det har gjort i heile dag. Eg vakna tidleg i dag også, men stod ikkje opp før 9. I dag skulle vi på trening klokka 11, så eg hadde ikkje noko eg skulle gjere før den tid, anna enn å ete frokost shine meg opp og lese avisa. No går vi altså på trening med dottera til henne vi hadde før, og det blir sikkert bra. Vi var ikkje så veldig mange i dag. Etter treninga hadde eg samtale med fysioterapeuten om korleis vi skal legge opp treninga framover. Det var Marit som køyrde i dag, så eg fekk sitte på med henne i den nye bilen, Nissan Note mørkeblå 2007-modell , men veldig fint brukt. Etter treninga var vi ned på ALTI. Eg gjekk opp på Clas med vekkerklokka som eg ikkje fekk til å virke. Dei hadde ikkje fleire slike, men dei hadde digitale som gjekk på batteri. Så skulle dei demonstrere den for meg, men ingen av dei to fekk klokka til å ringe. Eg vart til slutt utolmodig og spurde om eg ikkje berre kunne få ein "tilgodelapp" og det fekk eg-rett inn på kortet mitt. Slik kan dei gjere det no. Men eg var framleis utan vekkerklokke! Eg har to små lause vekkerklokker som ikkje virkar og så har eg den elektriske klokka som står på nattbordet og lyser. Den skal også gå an å bruke som vekkerklokke, og eg testa den ut då eg kom heim. Og ja, den virka men lyden hadde ikkje vekt ei fluge.Eg veit at eg kan bruke mobilen, men eg har ikkje sett meg inn i korleis. Så eg trur eg får gjere som eg har gjort før, eg får nokon som er tidleg oppe til å ringe meg i morgon tidleg. Eg skal vere ned hos Eli kl.8.50 og må stå opp eit par timar før.Haustkonferansen som skal vere på Folkehøgskulen i Ulsteinvik tek til kl.10. Eg har vore der to gongar før, og reknar med at det blir noko liknande denne gongen også-men truleg med coronatiltak. Eg las ut boka til Tore Renberg før eg åt middag, som var restar frå i går. Så strauk eg litt klede, men det blir ikkje gjort så mykje i dag. Alle jobbane som står på vent er ute, og der er det ikkje verande. Så eg får heller jobbe litt med spansken, vi har ikkje hatt kurs etter at corona kom, i første delen av mars.Så eg trur det blir tungt å komme i gang igjen. Det er torsdag det blir kurs denne veka, seinare blir onsdag kursdag og trening tysdagar og torsdagar. Det blir litt mykje no til å begynne med, men når utearbeidet er over får eg god tid. Det gjeld å halde det gåande.

Bok nr.52- 2020: Ingen tid å miste

Når Edels mann går bort etter lang tids sykeleie, står en kvinne på 84 år tilbake med åpne og underlige dager. En fremmed tomhet kommer til syne, ensomhet og lengsel. Hva skal Edel fylle tiden med? Det er 1998. Edel er både munn- og fotrapp, lekker og elegant. Hun er årvåken i møte med mennesker, men også litt skarp i tungen, hvis noe skulle irritere henne. Og det er det jo en hel del som gjør. Suverene Edel har en innadvendt datter som ikke pynter seg, en datter moren synes skulle legge seg i selen for å få tak i et skikkelig mannfolk. Skal det være så vanskelig å male leppene en smule og fremstå noe innbydende? Og hvor er verden for øvrig på vei? At de ikke serverer poteter på kinarestauranten kan hun til nød lukke øynene for, men sånn folk slenger rundt seg med omtrentligheter og river ned alt som er pent, hva skal det bli av det hele? Sammen med datteren Tove steller Edel i stand et enkelt arrangement. De to kvinnene skal møtes hver onsdag. For, som Edel sier, «å tilbringe litt tid sammen». I Ingen tid å miste blir vi kjent med to svært ulike kvinner sorgen har utpekt til nytt samvær. Renberg går tett på det bestandige, det forgjengelige og det forfengelige. Det er en slående enkel roman, kraftfullt lysende og humørfylt, fra en av våre store fortellere. ............................. Denne boka brukte eg ikkje lang tid på, så den kan ikkje vere så tjukk. Eg har høyrt den på Storytel, lesen av forfattaren. Eg vil seie som ein av dei som har vurdert boka: Ei nydeleg bok! og så vil eg legge til at Tore Renberg er ein fin opplesar. Om boka er skriven på nynorsk eller bokmål veit eg ikkje, for Renberg les på sitt eige språ-eller dialekt. Anbefalt.

mandag, september 21, 2020

Dagbok 2020: 21.september

Klokka er 17.40 og temperaturen ute er +13 grader C. Tidlegare i dag var det opplett og vind, men då måtte vi rekne med at regnet kom seinare og det gjorde det." Det kjem alltid bløyte etter blåster", sa dei i gamle dagar. Det har ikkje vore skikkeleg lyst i dag, så akkurat det vart litt "tungt". Men eg hadde ein plan, og eg var effektiv først på dagen. Fekk inn i bilen 7 sekker med hageavfall og fór bort på VØR og fekk tømt dei der.Det var ikkje store sekker, men slike som vi brukar til plastavfall. Det var ikkje siste turen på VØR, for enno er det mykje som skal visne og falle av, det er knapt noko som har visna enno. Eg hugsar koleis det var i fjor haust, då regna det heile tida og det som skulle klippast vart ikkje tatt før i januar i år. Så var eg fram på Mosflata på EIK-senteret og spurde etter lok på bensintanken. Det vart mykje om og men før dei fann fram på nettet. Det var ein som ville prøve seg på å seie at klipparen ikkje var kjøp der, men då var det ein ungdom som hadde funne det på nettet.Dei legg alle kjøp inn på data slik dei gjer på El-butikkane. Då eg kom heim hadde eg litt lyst å jobbe ute , men vinden var kald , så eg gjekk i hus. Jobba litt med spanskleksa før eg laga middag. I dag fekk eg brått lyst på Pasta Carbonara,og då vart det det, Der vart ikkje så mykje att til i morgon, men det var berre bra.Etter måltidet vart eg så mett og trøtt at eg la meg på dagsenga med Storytel ei stund. Eg vakna tidleg i dagmorgon og vart liggande å halvsove nokså lenge, så eg var trøtt . Lenger er eg ikkje komen i dag, men eg har eit par jobbar på vent. I morgon skal Marit og eg på trening frå 11-12. Etterpå skal vi på Alti fordi vi har ærend der. Marit skal køyre denne gongen, så då får eg sitte på i ein mørkeblå Nissan Note. Det er ein fin bil ho har fått seg.

søndag, september 20, 2020

Klokka er no 18.35, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar. Det har det gjort i heile dag, så eg har halde meg inne. På føremiddagen chatta eg litt på Messenger og på Facebook og så skreiv eg eit langt brev til ei venninne. Så las eg ferdig ei bok på Storytel før det vart middag. Det var fårikål frå i går så no er den retten fotært. Så hadde eg nokre "småjobbar" før eg gjekk opp til Marit i 16 -tida. No er eg nettopp komen heim att, og snart er det TV -tid. Denne sundagen har gått fort til tross for dårleg ver og null uteliv. Det er ikkje så mykje meir å fortelje. I morgon må eg nok ha meg ei runde -poste brev, til EIK senteret og til Clas for å bytte vekkerklokka som ikkje funkar etc.Blir det fint vêr har eg tusen ting å gjere ute.

Bok nr.51-32020: Tante Ulrikkes vei

TANTE ULRIKKES VEI "Svarting, muslim, fra Stovner." To gutter vokser opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldrene hadde et håp. Selv står de midt i brytningen mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterer og keef. Denne boka har eg høyrt på Storytel-og det er eg glad for. Eg trur det hadde blitt problem å lese den på papir. Den handlar om to gutar med utanlandsk bakgrunn som bur på Stovner i Oslo.Dei sender "lydbrev" til ein forskar og fortel om livet sitt. Den skuleflinke Mo (Mohammad) og Jamal som ikkje ein gong snakkar grammatikalsk rett norsk, men heller det som kallast kebab-norsk. Mo får plass på universitetet og jobbar godt med studiane. Jamal kan berre så vidt lese, og har problem med å skaffe seg ein jobb. Eigentleg er det ikkje noko poeng med å fortelje meir, les heller boka. Eg vil anbefale lydbok.

lørdag, september 19, 2020

Dagbok 2020: 19.september

Klokka er no 18.22, sola skin og temperaturen ute er + 13 grader C. Vi fekk ein uventa fin dag i dag, fint frå morgonen av, sjølv om det var litt kaldt. Eg hadde diverse planar for dagen, men først måtte eg chatte litt med slekt og venner. Litt ut på føremiddagen tok eg ein liten tur ned på Kiwi, der kjøpte eg mellom anna to store kålhovud, fordi det var så billeg, men eg hadde no ein baktanke også. For eg visste at eg hadde ein pose med lammekjøtt i frysaren, så då eg kom heim att tok eg den opp og sette på ei koke med fårikål. Henta poteter av eige avl i kjellaren og skrelte. Fårikålen passa seg sjølv, så eg kunne gå ut og jobbe i hagen. Blant anna bar eg to store bøtter med mold frå komposten bort i det som no er min einaste jordbæråker. Gjekk inn for å sette på potetene og då dei var kokte hadde eg eit herremåltid. Eg må vel ha det samme i morgon også, det var planlagt, så kan eg ha nedpå litt meir kål. Seier som Erlend:"Det er kålen som er best!" Etter at eg hadde ete måtte eg legge meg ut på solsenga ei lita stund, før eg tok og snauklipte heile tomta. Det var litt tungt i dag for graset var langt og vått. Men eg kom i mål. Heilt på siste slutten hadde eg eit lite uhell. Eg heldt på å klippe rundt nokre busker og der spratt loket på bensintanken av, og loket var skada. Eg skrudde det på att med plast imellom, så eg trur det er tett. Men eg får fare ned på EIK-senteret over helga og høyre om dei kan skaffe eit nytt lok. No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Eg ser veldig fram til Stjernekamp.Gløymde å ønske alle god helg i går, men håper de har hatt det bra likevel. Eg håper vi får fleire slike fine dagar som vi har hatt i dag.

fredag, september 18, 2020

Dagbok 2020: 18.september

Klokka er 15.30, temperaturen er + 15 grader C. Det har slutta å regne no, og sola eg på veg fram. I dag har eg angra på at eg ikkje klipte plen i går, naboen sette i gang etter at eg hadde gått inn.Og i dag kan eg blerre gløyme å slå, for no er det vått igjen. I dag har eg vore relativt effektiv. Det første eg gjorde var å lage ei eplekake med store eple frå Sandane. Så shina og vaska eg kjøkken og bad. Når eg har fløterestar som er ute på data brukar eg av og til å koke rømmegraut. I dag hadde eg ein nokså stor skvett og så brukte eg om lag eit beger med lettrømme. Eg tenkte eg skulle spe med melk , men grauten var heit perfekt utan melk og feittet pipla fram. Eg tenkte som så at om eg et grauten som han er eller sper med melk og litt meir mjøl- så er det eit feitt! Det vil seie at eg kunne ete grauten som han var-og det gjorde eg. Den blei veldig god! Og så slepp eg å bli svolten igjen med det første. I små pausar tek eg fram spansken, og no har eg fått timeplen for vekene framover. Det blir spanskkurs om onsdagane og trening tysdag og torsdag. Komande veke blir det spansk på torsdag fordi Eli og eg skal på haustkonferanse i Ulsteinvik på torsdag. Eg likar ikkje dette nye oppsettet på bloggen, for når eg legg ut bilde, ser eg her på kladden berre mykje tal og bokstavar. Dermed blir det ikkje forklaring av bilda. Kanskje nokon lurte på kva eg meinte med å legge ut bildet av eit gjerde i går? Før flyplassen kom var der ei lita tjønn der, Hovdekjønna. Nils og eg gjekk ofte der borte og såg på fuglane som hekka på tuene i tjønna. Då var det ikkje gjerde. Tjønna minka då flyplassen vart laga, og enda meir då den vart utvida. no var der verken vatn eller fuglar å sjå. I dag skal eg legge ut eit bilde som eg tok frå det høgste punktet eg var i går, heilt oppe ved skogen. Der har Hovdebygda idrettslag to fotballbaner og diverse ann. T.d. eit klubbhus. Eg har nettopp lese gjennom avisa og no kjem det an på kva eg skal bruke resten av dagen til.

torsdag, september 17, 2020

Dagbok 2020: 17.september

Klokka er no 14.40 og temperaturen er + 19 grader. Sist natt og i dag tidleg var det skikkeleg kaldt. Eg var oppe i passeleg tid, men det vart ikkje så mykje gjort før eg køyrde bort i Hovdebygda ved flyplassen. Eg leverte bilen, og spurde på same tid om det var mogleg å få ein ny nøkkel, den eg har er ein reservenøkkel. Då fekk eg vite at for å få ein ny nøkkel måtte dei ha den ekte nøkkelen, ikkje reservenøkkel. Viss eg skal få ny nøkkel må dei skifte heile "hjernen" i bilen og det blir dyrt. Ca. 25000 kr sa han eg snakka med. Han var for øvrig veldig hyggeleg. Dei skulle ha bilen ferdig til kl. 13.30, så eg gjekk ein tur i nabolaget, opp til fotballbana ti Hovdebygda og ned att, hadde begynt å gå utover torvmyrvegen då eg fekk melding om at bilen var klar. På heimvegen var eg innom ALTI på Clas Olson og kjøpte ei gammaldags vekkerklokke, som rett nok går på batteri. Eg kunne sikkert brukt den el.-klokka eg har på nattbordet, men eg har iikkje sett meg inni korleis den funkar på vekking. Når eg skal på noko, anten det er trening eller kurs likar eg å stå tidleg opp og ha god til til eg skal fare-derfor må eg ha vekkerklokke. Etter at eg kom heim att har eg snakka med naboar og ete 15-måltidet mitt. Ikkje middagsmat i dag. Sola er ikkje så mykje framme lenger, men det er opplett så eg må sjå om eg får gjort noko ute.I alle fall skal eg henge opp klede, for i dag går det i klesvask.

onsdag, september 16, 2020

Dagbok 2020: 16.september






Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 11 grader C. Då eg såg ut glaset i dagmorgon såg eg at sola var på veg, og det vart mykje meir populært å stå opp enn  når regnet silar ned.
Det var ikkje mykje eg fekk gjort ute i dag heller, for det var ikkje heilt fritt for regn og alt var vått,  men eg fekk i alle fall plukka opp epla som låg på marka og flytta dei bort i komposten. Det var ikkje anna å gjere med dei. Eg inspiserte svartsurbærbuska, der var knapt eitt bær att, fuglane har tatt alt. Så no får vi vere glade for at fuglane har fått vitaminar og antioksidantar så dei held seg friske over vinteren. Så får heller eg knaske i meg tablettar.
Eg har elles fått gjort lite og ingen ting i dag. Dvs. eg har jobba litt med spansken, vi har fått lekse på data. Så vaska eg håret og shina meg før Marit og eg for på butikken ca. kl.16. I dag fekk eg kjøpt store fine eple frå Sandane, så no skal eg lage eplekake på sikt. Billige var dei ikkje, men dei må no få betalt på Sandane også. 
Før vi for åt eg middag, det vart fiskegrateng i dag også, så eg åt altfor mykje. No har eg gøymt resten av gratengen i frysen, så får eg ta den opp att etter nokre dagar. Eg har vore meir enn stappmett i to dagar og slik kan eg ikkje halde på.  Då vi var heime frå handleturen tok  ein runde på Vernet for å brenne litt kaloriar, men det monar ikkje nok.
I morgon kl.12.30 skal eg bort på Toyota-verkstaden attmed flyplassen. Dei skal gjere eitt eller anna med eine airbagen. Det er visst ein fabrikasjonsfeil dei har oppdaga. Vel seint synest eg, bilen min er frå 2004.Men det er gratis. Det tek ein time så då kan eg gå ein tur der borte. Eg lurte på om eg skulle ta med hageavfallet i same slengen, men då griser eg vel til bilen. No skal eg sette på TV-en og sjå dagsnytt.

tirsdag, september 15, 2020

Dagbok 2020: 15.september


Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 14 grader C og det regnar fortsatt. No er vi komne til den 15. og det har regna nesten kvar dag sidan vi begynte på september. Eg klør i hendene etter å få komme ut i hagen og ordne opp. Har sjølvsagt mykje eg kunne ha styrt med inne, men det freistar ikkje.
Men ein ting MÅ eg berre gjere og det er å repetere spansken vi har lært, før til vi skal starte opp att neste veke. Eg sit i timesvis ved kjøkkenbordet og les spansk- "oppi høgt" som mange seier her. 
Eg har hatt litt dårleg samvit for at eg har ete for lite av fisken som eg kjøpte på Vartdal, så i dag fann eg ut at eg kunne ta meg tid til å lage fiskegrateng. Det laga eg relativt ofte så lenge Nils var heime.
Eg vil ikkje seie at det er så innvikla å lage, men det er mange prosessar og det blir mykje oppvask. Eg tok to seifiletar frå frysaren, så no er der berre 4 små filetar att. Det vart relativt mykje fisk i gratengen så den vart mektig-men god. Eg åt mykje meir enn eg hadde godt av, og blir ikkje så snart svolten igjen. Resten av gratengen må eg fryse -og ta att seinare.
Vi brukte aldri poteter til gratengen, der er no makaroni i,  berre råraspa gulrot. Slik hadde eg det i dag også. Det er ikkje ofte eg lagar skikkeleg middag til meg sjølv - men det er no mitt val.
I tillegg til å lage mat og vaske opp att,  og så lese spansk, har eg vore mykje på data og chatta med mange. Olaug , som er i Bergen, fortel at dei ikkje lenger få praktisere som tannlegestudentar, på grunn av Corona. Det er trasig særleg fordi det er siste året og dei treng praksis. Ingeborg i Oslo skriv om norskstudiet sitt og Amanda i Trondheim fortel om det dei gjer på. Kjekt å få høyre frå alle. No skal eg ikkje gramme meg for Coronaen for min del, for eg lever om lag som før, men eg ser at dei unge blir meir råka, sjølv om dei er friske.
Dette vêret er visst søvndyssande, for eg som har vore plaga at lite søvn heile sommarhalvåret har no fått eit anna problem; eg søv for lenge, i går var det skikkeleg gale, men i dag vart det også for sein oppstandelse. Og det enda eg hadde vekkerklokka på,- men det hjelpte lite så lenge den ikkje ringde. No må eg visst ned til Clas og kjøpe meg ei ny.


mandag, september 14, 2020

Bok nr.50-2020: Krigshistorier

Dette er den hittil siste boka Øystein har skrive. Eg har spart litt på den, lese ei eller to historier for dag, men i dag vart eg så riven med at eg gløymde både tid og stad. Eg vil nesten påstå at boka blir betre og betre til lenger ut ein kjem. Det er små historier frå krigens dagar, noko er vel sant og noko dikta. Mange fine historier er det.
Men så kjem eg til "Balladen om onkel Sjur" og då veit eg at det er ei sann historie om onkelen til Nils. Og det er svært rørande å lese.
I del to har Øystein skrive om far sin og også der held han seg til det som verkeleg har hendt. Det var så spennande å lese at eg gløymde å sette på 19-nyheitene. Og det skal mykje til.
Eg har ein stor feil når eg les , eg les altfor fort - og gløymer fort. Denne boka skal eg ha liggande framme og lese om att forteljingane ei og ei -lese sakte.

Dagbok 2020: 14.september






Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 12 grader C. I dag kan eg ikkje tru de har vore opphald mellom bygene. Eg har vore nokså Handikappa i dag. Det var ei stund eg var nokså bra i hendene, då tok eg ein Ibux kvar kveld når eg la meg, og hendene var brukbare om morgonen, men så vart det slutt på Ibuxen , og hendene svikta. Eg prøvde med Paracet, men det hadde ikkje samme effekten. I dag har eg vore nesten arbeidsudyktig, men eg greidde i alle fall å få støvsuga alle teppegolva.
Elles har eg vore mykje på data, no har eg fått timar tysdag og torsdag før middag på treningssenteret. Men så er det spansken- her kan det bli kollisjon. Der var først sagt at spanskkurset skulle vere på kveldstid, men det siste eg har høyrt var at det skulle vere tysdagar klokka 11, akkurat same tid som eg skal trene. Viss eg må velje tek eg spansken, og trenar berre ein dag i veka. Men vi får sjå-
Eg gjekk her berre å tutla, men så bestemte eg meg for å fare ned på ALTI -der kjøpte eg ei ny treningsbukse og så kjøpte eg Ibux. Men kva tid eg får bruke superkreftene mine står att å sjå-ein gong må det vel slutte å regne. Viss eg skal trene to gonger i veka og så studere spansk, så får eg no å gjere. Eg veit ikkje om eg har skrive at Eli og eg skal på "Høstkonferanse" i Ulsteinvik den 23sept.
Det var vi to som var der for to år sidan også, i fjor var det ingen frå vårt lag som møtte fram.
Eg føler meg veldig lat når eg ikkje får jobbe i hagen, men eg brukar tid på å repetere spansken, og så les eg bøker innimellom. TV-en er på berre om kvelden- og då strikkar eg. I går greidde eg ikkje det, men no har eg mosjonert fingrane bra i dag , her på tastaturet, og så har eg no Ibux.

søndag, september 13, 2020

Dagbok 2020: 13. september

 
Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 12 grader og det har regna innimellom i dag også. Sola har så vidt vore framme.
Eg låg ei god stund etter at eg var vaken i dag, for eg hadde ikkje lyst å stå opp til enda ein gråvêrsdag. Men eg kom meg no fram, fekk på meg kleda og år frokost.
Eg hadde programmet klart i dag, det var repetisjon av heile spanskkurset, både det vi har lært i år, og det vi læte året før. Eg vil ikkje påstå at alt sit lite fastspikra. Men kva kan ein vente, når ein rett som det er ikkje hugsar dei norske orda når ein treng dei ? Eg seier om att det eg har sagt før: Eg går ikkje på spanskurs først og fremst for å lære spansk, men fordi er treng hjernetrim og fordi det er kjekt og sosialt.
Eg sat ut med kjøkkenbordet og las og  streva ei god stund. Men så letta det opp litt ute, og eg meinte det kunne gjere godt med ein tur på Vernet, så det vart det. Der var andre folk også ute og gjekk, blant anna ein mørkhuda mann som eg har snakka litt med før, i dag hadde han med seg to små gutar3-4 år, det såg ut som dei var tvillingar. Dei var heilt nydelege. "Hei !" sa eg " God dag!" sa han, litt meir formelt. På Vernet helsar alle, nesten alle, på kvarandre. Det er nesten som å treffast på skogstur.
Då eg var heime att nærma det seg middagstid, så eg henta opp poteter frå kjellaren. Eg skulle skrelle potetene, og då måtte eg innsjå at dei ikkje heldt heilt mål, men dei var brukbare. Eg snakkar om dei sjølvdyrka potetene. Eg kokte rikeleg og som tilbehør hadde eg Strandamør og rømme. Eg åt opp alle potetene, med unntak av ei som ikkje såg heilt god ut. Mett vart eg i alle fall, og trøtt, så eg var snar å henge på kaffien. Så tok eg for meg boka til Øystein og las fleire forteljingar frå den. Frå før har eg lese ei forteljing for dag.
Eg hadde sett "Skal vi danse " på serieopptak, meiner eg, men då eg skulle sjå programmet i dag, var der ikkje noko å sjå. Samme kan det vere, det kjem no fleire "episodar". Eg er meir interessert i "Stjernekamp" og der har eg ein klar favoritt i Odd Einar.






lørdag, september 12, 2020

Dagbok 2020: 12.september

Klokka er no19.25, temperaturen ute er + 9 grader og det har regna i heile dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør.
Eg hadde ikkje så mykje eg måtte gjere i dag , så etter morgonstellet og  bretting av ein klesvask sette eg meg til å jobbe med spansk på data. Det gjeld å friske opp att til nytt kurs som startar på tysdag. Vi har fått lov å bruke eit godt utstyrt rom på Hotel Ivar Aasen. Eg ser fram til å komme i gang igjen.
Sidan eg var så trøtt då eg såg serien "Livsvarig" tok eg og såg om att dei to første episodane. Eg la opp eit lestebrot såpass eg hadde noko å henge fingrane i. Då eg var ferdig med serien kom det noko anna som eg ville sjå på TV-og så balla det på seg. Til vanleg set eg ikkje på TV-en før klokka 19.  Mens TV-en framleis var på laga eg pannekakerøre og steikte bacon.
Eg blei så mett etter pannekakemiddagen at eg heldt på å sovne over strikketøyet, men heldigvis kom Marit ein tur ned  (Eg hadde invitert henne), såpass eg kokte kaffi og livna til litt. Til vanleg går eg ofte inn på datarommet og sjekkar om der har kome meldingar, men i dag hadde eg ikkje gjort det, så når Solveig kom rett etter at Marit hadde gått, var eg ikkje budd på det. Men har ein kaffi og is, så overlever ein ei stund på det. Veldig kjekt med besøk slike styggevêrsdagar.
Eg er  lei av regn, eg har lyst å vere ute og eg har mykje eg skulle gjort i hagen. Det er no tidleg haust enno så eg håper vi får nokre fine dagar. No er det snart Stjernekamp og det gleder eg meg til. Eg lovar at eg skal vere flinkare å sjekke Messenger i dagane som kjem. Mobilen er eg lite fortruleg med, men det går an å sende meldingar på den også.

fredag, september 11, 2020

Dagbok 11.september 2020 " NIne eleven"



Klokka er 17.15, Temperaturen er + 12 grader C og det regnar. Det ligg fullt av eple under epletreet men det fristar ikkje å plukke dei opp. Dei skal ikkje ligge lege før sniglane er der. No er eg glad for at eg fekk tatt opp potetene i går.
I går skreiv at  eg  mistenkte fuglane for å ete opp svartsurbæra mine og i dag tok eg to på fersk gjerning, om det var starar eller trostar kan eg ikkje seie, dei forsvann i alle fall fort.
I dag visste eg kva eg skulle gjere, så eg kom fort i sving. Først laga eg ei prinsessekake, som eg ikkje vart heilt nøgd med, og etterpå vaska eg opp for hand før eg shina og vaska  bad og kjøkken.
Det vart tid til ein spanskleksjon før eg åt "middag".
Så slappa eg av med Storytel før eg shina opp meg sjølv til helga, med dusj, hårvask og reine klede. No har eg planar om å sjå TV og strikke ei stund. Eg tenkte å sjå noko av serien Livstid, fordi eg sovna då eg skulle sjå den ein kveld. Viss eg har vore mykje ute, har eg ein tendens til å sovne når eg kjem i hus.
Eg har vore i god form  siste tida, men der er noko grums i eine kneet mitt som gjer at eg begynner å lure på om det er ei ny cyste som skal sprekke. Sist eg hadde kneproblem var det venstrefoten, og då sa Svein at den hadde eg no ikkje bruk for (automatgir) men no er det høgre foten som ikkje er heilt i vater, men det er helst med det samme eg reiser meg opp. Eg har ikkje lyst på den historia igjen. Sist eit kne kollapsa var eg plaga i over eit år. Men eg fekk strikka mykje.
Eg fekk melding frå fysioterapeuten om at eg er tatt inn på den gruppa eg var på før
Så får eg ønske alle yrkesaktive, alle studentar og også pensjonistane ei god helg. Eg ønsker meg betre vêr slik at det går an å vere ute, det er for tidleg å krype i hi no, men det var snø i fjella i går.

torsdag, september 10, 2020

Dagbok 2020: 10.september

Klokka er no snart 19.00 og no har eg endeleg fått bloggen til å virke på gamlemåten. Ute er det litt regn no og + 9 grader C. Elles har det vore opplett heile ettermiddagen.
I dag har eg fått gjort unna litt arbeid her i heimen, men først var Marit og eg på butikken og handla. Det tek lener til enn vanleg sidan vi ikkje er så godt kjende på nye Spar. Det var eg som køyrde i dag.
Då eg kom heim sette eg i gang med sylting av plommer, og mens plommene tinte og kom på kok sette eg ein deig til focaccia. Mens deigen heva kokte plommesylta ferdig og eg fekk den på glas før focacciaen skulle i omnen. Det var god utnytting av tida. Så åt eg middag klokka 15 som vanleg.

Etter ein god pause med Storytel kom eg meg ut og fekk tatt opp potetene. Vi hadde to dobbeltsenger med jordbær. Sist vår drog eg duken av den eine og planta ei rad med jordbær og ei rad med settepoteter. Eg er fornøgd med avlinga eg fekk. Eg er ikkje så glad i poteter, men synest det er artig å få litt att for dei gamle ubrukelege som eg grov ned. Det var ikkje så mykje arbeid å ta dei opp, meir arbeid var det å spade opp ei diger bregnerot nedst i åkeren. Den andre delen av dobbelsenga skal eg også gjere noko med i haust-eller til våren. Sidan eg først var i gang rydda eg litt meir i hagen.


Det var både mandelpoteter og store raude poteter i åkeren, sidan settepotetene vart tatt av slikt som slong rundt omkring i huset, i kjøleskap og kjellar.
No har eg eit lite kjøleskap i vaskekjellaren som er fullt av heimelaga syltetøy. Eg et faktisk ganske mykje sylte til pålegg så då er det kjekt å ha litt sjølvlaga også.Eg såg på svartsurbærbuska mi før eg gjekk inn. Den har vore full av bær, men no ver mykje av bæra borte-tru det er fuglane som har tatt dei. Bæra er ikkje så veldig gode, men dei er enormt sunne. I morgon må eg vel plukke opp epla som har falle ned og sjå om der er nokre som er brukbare. Eg tvilar på det.
I dag føler eg at eg har fått gjort litt til nytte.

onsdag, september 09, 2020

Dagbok 2020: 9.september


Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 10 grader C og det regnar og regnar, men ikkje akkurat no. No såg eg ut glaset og fekk auge på to starar som sat på ein ledning og observerte epletreet mitt. Ja, dei må berre forsyne seg, eg skal ikkje ha dei epla.

Eg går og ventar på finevêr, så eg kan vere ute, men det ser smått ut. Eg kan no ikkje berre sitte med hendene i fanget uansett, så i dag tok eg å jobba litt inne. Først tørka eg støv på datarommet, og er det nokon stad det er støv så er det der.
Etterpå fekk eg den lyse ideen å bake bollar, slik at folk som kjem på besøk kan få noko anna enn is til kaffien. Eg har ei god bolleoppskrift som eg har brukt mange gonger.
Etter at eg hadde laga deigen og sett den til heving, jobba eg litt med spansken på data. Mens eg sat der, kom det eit bilde opp i hovudet mitt. Eg såg bakebollen, og såg at deigen rann over kanten. Eg for ut på kjøkkenet i ein viss fart. Og der såg eg bildet frå fantasien. Men det var ikkje verre enn at eg berga det som rann ned på utsida av bollen. Eg har brukt oppskrifta før og brukt same bollen, men eg lurer på om eg har forstått det før at 100 gram gjær er TO pakkar-det tviler eg på. Men alt gjekk fint og no skal eg forsyne frysaren med 44 bollar.....eller kanskje 43 ?


Til middag i dag vart det restar frå i går og eg trur der er til ein dag til. I morgon skal Marit handle på Spar og då kan det hende eg blir meg. Men då må eg lage liste. Det hadde eg ikkje gjort i går, og dermed gløymde eg det meste. Eg tekte eg skulle lage eplekake, men då må eg ha gode eple med smak på. Eg får ikkje trene denne veka så eg styrer tida mi sjølv. Skulle ha vore på VØR med hageavfall, men sekkane er ikkje heilt fulle enno. Viss det blir vêr til det har eg mykje å rydde opp i enno.
Sat og tenkte på at eg kunne gå ein tur på Vernet, men så kjem det visst ei bye att.



tirsdag, september 08, 2020

Dagbok 2020: 8.september







Klokka er no 16.40, temperaturen ute er +11 grader C, og det har regna det meste av dagen, så langt. Akkurat no regnar det ikkje.
I dag vakna eg tidleg sidan eg "skulle på noko". Problemet var at eg var ikkje sikker på kva klokka vi skulle møte fram til styremøtet i pensjonistlaget. Eg hadde ved eit "uhell" sletta meldinga på telefonen, utan å ha sjekka klokkeslettet. Eg sende meldingar til Eli utan å få svar og eg prøvde å ringe-men nei. Eg tenkte at eg fekk satse på at det var klokka 12, slik det oftast er. I mellomtida dusja eg og vaska håret, og tok ein spansk - leksjon på data etc.
Møtet var på Bakk-Ola-marka, så eg parkerte ved legesenteret. Ei ung jente stod og dirigerte bilar til nedsida av legesenteret. Eg kom ikkje på kvifor med det samme men eg hugsa noko eg hadde sett i avisa. Det er nemleg slik dei dirigerer dei som skal teste seg for corona. Og det var mange.
Det var ein heil seremoni å komme inn på Bakk-Ola også, for der var eigentleg stengt. Vi fekk vere der -men corona-reglane galdt. Vi måtte sprite oss, sjølvsagt, og skrive oss inn med namn og telefonnummer.
Det var kjekt å treffe att dei andre i styret. Vi  diskuterte om vi skulle ha møte i samband med Den internasjonale eldredagen. Vi kan ha møte i fall vi tek strenge reglar mot smitte. Vi fann ut at det vart ikkje så kjekt på den måten, men vi kan sjå det litt an om det kanskje blir enklare etter kvart.
Elles vart det bestemt at Eli og eg skal reise til Ulsteinvik på Høstkonferanse, den 23.september. Eg har vore der to gonger før, og eg skulle ha vore der i fjor, men då hadde eg penicillinkur og var ikkje heilt i vater. Det er på det bygget som før var hotell, no er det folkehøgskule. Vi plar få veldig god middag der, lammesteik etc.
Etter at møtet var slutt køyrde eg ned til ALTI, der eg handla på apoteket. Utanfor inngangen stod ei ung dame som kom og gav meg ei gul rose fordi eg var så snill. Eg forstod teikna. Ho hadde eit skriv der det stod at ho hadde to små barn og ingen pengar til mat osv. Eg plar ikkje gi til tiggarar, men eg gav henne ein slant - kva har eg å tape? På heimvegen var eg innom KIWI , men eg kjøpte ikkje så mykje anna enn mjøl og gjær. Viss det blir slikt vêr framover får eg begynne å bake- slik som Marit.
Til middag i dag laga eg Bali kyllinggryte, med svinekjøt i staden for kylling- og ris attåt. Det blir nok reprise i morgon.
Eg ønsker meg finare vêr for eg har mykje å gjere ute, og det er ute eg helst vil vere.


mandag, september 07, 2020

Dagbok 2020: 7.september



Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar. Det har det gjort i heile dag, så eg måtte gi opp planane eg hadde for å ta opp poteter og eventuelt klippe plen. Det blei innedag!
Eg tenkte at eg kunne i alle fall bake brød om ikkje anna, og sette ein deig av ein pose eg fann med 4 sortar mjøl blanda. Gjer hadde eg ikkje så det måtte eg låne av Marit. Det gjekk heilt fint med bakinga heilt til eg skulle sette brøda i omnen, då datt dei i hop- og dei reiste seg ikkje att. Dei er for så vidt etande, men noko bastante i konsistensen.  Eg åt av dei til middagsmåltidet mitt.
No har eg vore oppe hos Marit og drukke kaffi og prata-vi har alltid noko å snakke om. I morgon skal ho til fysioterapeuten, og då får ho vite om ho får halde fram med treninga. Eg har ikkje høyrt noko om eg skal få begynne igjen. Det er dottera til henne vi har gått med som tek over praksisen. Sjølv skal eg på Bakk-Ola-marka  der det er styremøte i pensjonistlaget, så no er ferien slutt.
I dag har eg vore lat, mesteparten av tida har eg sete og lagt kabal på PC-en mens eg har høyrt lydbok. Eg har nesten dårleg samvit, men berre nesten. Eg håper vi får fleire godversdagar framover, for det er mykje å gjere ute før vinteren kjem.


Bok nr.49 - 2020: ALT ER MITT

 


Møt Clara og Haavard. Et vellykket ektepar i en arvet villa på Oslos vestkant. Han er barnelege fra en rik hovedstadsfamilie, hun er en ambisiøs vestlending med toppjobb i Justisdepartementet. På kort tid rystes sommer-Oslo av flere brutale drap. Snart kaster drapene lange skygger over ekteparets liv. Både samfunnselitens maktspill og sykehusets intriger er i ferd med å bli farlige, samtidig som hovedpersonenes samliv slår alvorlige sprekker. For hvem er Clara og Haavard? Og hvor godt kjenner de egentlig hverandre?
……………………………………………………………………………………….
I dag hadde eg tenkt å ta opp potetene mine, men så var ikkje vêret så høveleg. Det er derfor eg har lese ut denne boka i dag, men eg trudde ikkje det skulle ta SÅ lang tid. Eg har litt dårleg samvit når eg sit og les på høglys dag-sjølv om eg er pensjonist. Det er sjølvsagt berre tull.
Denne boka likte eg godt, sjangeren er vel det ein kan kalle " Psykologisk Thriller". Boka er skriven dels på bokmål, dels på nynorsk, fordi den har ulike forteljestemmer. Det er imidlertid same person som les alle stemmene, det hadde gjort seg med ei anna stemme på nynorskdelane. Eg har litt problem med å høyre bokmålsfolk lese "teaternynorsk". Men det er ein bagatell.  Boka er spennande på sin måte og alle løyndomar vert avdekte litt etter litt. Anbefalt.


PS: Eg har høyrt boka på Storytel.

søndag, september 06, 2020

Dagbok 2020: 6.september





Klokka er 17.00, temperaturen er + 16 grader , det er lettskya og opplett. Vêret vart betre enn eg hadde trudd i dag. Men det var kaldt om morgonen og eg kom meg ikkje i gang med noko -anna enn å ta ein spanskleksjon på You tube og så høyre bok på Storytel.
Etter kvart bestemte eg meg for å fare fram på gravplassen og byte ut potterosa med lyng. Rosa var i så bra form at eg kan plante den her heime.
I staden for å mosjonere på Vernet i dag, tok eg ein tur langs Rossåa fram til Dalateigane. Eg var der ein tur i vår, men då kom eg meg ikkje heilt fram på grunn av snø.
Jettefossen


Nils og eg var ofte framover der.  Mens vi begge var i bra form gjekk vi ofte lange turar om sundagane. Ein gong gjekk vi i lag med pensjonistlaget fram i Dalateigane, då var det nokon som hadde laga det fint til med "stolar" og bord, slik at vi kunne sitte der og prate og ete. Denne uteplassen har nok sett sine beste dagar no, men det er kanskje nokon som tek grep og lagar der til igjen slik der var. Eg møtte eit ektepar som eg kjende fordi eg hadde hatt sonen deira som elev. Dei var begge 80 år no, men i bra form. Dei kunne fortelje at ei anna 80-år gammal dame, som har vore veldig sprek til no, hadde falle og slått seg då ho var på line-Dance.





Der var merkeleg kor mykje lengre vegen var i dag, enn den var i gamle dagar; men det var bra å gå der i dag, der var ikkje så veldig vått. Men eg hadde tatt på meg gummistøvlar og det var bra.
Då eg kom heim var klokka over halv 4 og eg var svolten. Det blei salat i dag også, ikkje fordi eg ikkje hadde anna, men det var det eg hadde lyst på. No skal eg ut og plante rosetreet  for eg slappar heilt av.




lørdag, september 05, 2020

Dagbok 2020: 5.september


Klokka er 18.10, det er + 10 grader ute, det regnar og det har det gjort i heile dag, meir og mindre. Eg hadde ikkje så mykje eg måtte gjere i dag så eg tok det med ro, strikka litt, sjekka Facebook og høyrde lydbok.
Margrete ringde og sa at dei var i Ørsta og ville komme oppom, og det vart no eit kjekt besøk. Margrete hadde kjøpt med seg wienerbrød og eg hadde kaffi, brus og is.
Marit og eg hadde avtalt at vi skulle ta ein tur i Furene seint på dag når trafikken hadde avtatt og det gjorde vi. I dag var det Marit som køyrde.
Først var vi på Plantasjen, der ho skulle ha ein potteplante og eg skulle ha lyng til grava. Eg fekk veldig fin lyng, og det kan hende er fer fram på gravplassen i morgon om det ikkje regnar for mykje.
På Rusta hadde eg aldri vore før, så i dag tok eg sjansen på å utforske den billigbutikken. Eg kjøpte diverse småting som eg følte eg hadde behov for. Til slutt handla vi mat på Coop Extra. Då vi kom heim sat vi og prata i bilen ei stund slik vi plar gjere. Vi synest det er kjekt å vere i lag og handle i staden for å fare åleine. No ser eg fram til ein underhaldande kveld med både song og dans i to kanalar. Men først skal eg lage meg litt mat som liknar på middag.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...