torsdag, september 30, 2010

Vermelding 30. september 2010


 Klokka er no 16.30, temperaturen +11-12 grader C, og veret er strålande. Før middag var eg inne og støvsuga og gjorde anna husarbeid. Til middag steikte eg sei, og etter middagen har eg lege på altanen og lese i lydboka mi. Det er eit alternativ til å gå tur i fjell og hei, noko som eg altså ikkje kan. Men det er i alle fall herlig å få vere ute i sola-varmt er det også.
Når eg står på altanen  vår, kan eg sjå bort på Melle, eller Melsbygda, der vi budde dei første fem åra i Ørsta. Der er sola no borte lange stunder kvar dag, og snart forsvinn ho heilt. Det er godt å bu på solsida, sjølv om vi ikkje akkurat er fødde her. Sola er ikkje vekke meir enn ca 3 veker før og etter solsnu her vi bur no.Inne i huset vert det knallvarmt slike dagar utan at vi fyrer.
Posted by Picasa

onsdag, september 29, 2010

Vermelding 29.september 2010.

Klokka er no 14.45, temperaturen er + 13 grader C og der er framleis nydelig ver. Men det er ikkje så klårt som det har vore, eit tynt skylag dekker mykje av himmelen. Reknar likevel med at eg kan sole meg på altanen i dag også.Skulle ønske det vart like fint neste veke når mange skal ha haustferie.
No har vi nettopp ete middag; ingen fisk i dag, men spaghetti og tomatsaus. GROV spaghetti vel å merke, noko anna blir ikkje akseptert her i huset.
Før middag var Nils nedover og klipte seg, og etterpå var vi nedover i lag og handla mat, for ein gongs skuld var det nesten tomt i kjøleskapet.
Bildet: Althans er verdens beste plommer,men dei er ikkje heilt modne enno, så vi treng nokre soldagar til.

tirsdag, september 28, 2010

Bok nr.48 2010: Øya under havet.

 
No har eg lese ut denne boka av Isabel Allende.Boka har blitt samanlikna med Åndenes hus, noko som gjorde at eg hadde skyhøge forventningar.Det er sjeldan bra å ha for store forventningar på førehand, det endar kanskje med at ein vert litt skuffa?
Historia er lagt til Frankrike, Karibia og dei amerikanske sørstatane, dvs. til dei franske koloniane i dette området. Tida er slutten av 1700-talet og første delen av 1800-talet, og vi får såleis med oss både Den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Forfattaren tek med viktige historiske hendingar i dette tidsrommet, men det er dei fiktive personane som spelar hovudrollene. Her er rike "herrar", fine fruer, negerslavar, blandingsbarn osb. Eit persongalleri som til tider kan vere vanskelig å halde greie på, særlig når ein les lydbok. Skulle gjerne hatt papirutgåva til støtte, for her er mange namn å hugse. Noko eg likte godt var at boka har ein skikkelig slutt-den heng ikkje i lause lufta.
Eg har brukt lang tid på boka, har lese i sømnlause netter, og delvis om att neste dag , noko som eg synest er uheldig. Synest bøkene blir best når eg får lese dei mest mulig i samanheng.Trur eg kjem til å lese denne boka om att når det har gått ei tid, og då helst i papirutgåva.
Det som gjer det litt vanskelig å lese lydboka er at ho som les ikkje uttalar namna tydelig nok, så eg får ikkje alltid tak på dei-vil gjerne ha eit "ordbilde" på netthinna. Synest ikkje ho les tydelig nok elles heller.( Men det kan vere spelaren min som ikkje er god nok.)
Allende har i alle fall enno ein gong fortalt ei historie som har alt: kjærleik og hat, overtru og framande skikkar, grusomme hendingar og lykkelige samantreff, kort sagt alt som livet kan by på.Sjølv synest eg ikkje denne boka kjem opp mot Åndenes hus,det er dette litt overnaturlege elementet som manglar, eller skal eg seie det eventyrlige? Men for all del, her er action så det held.Les boka og døm sjølv.
Eg skulle ønske at nokon ville lage TV-serie av denne boka. Det ville blitt ein slags Røtter 2. Heilt fantastisk ville det blitt !
Posted by Picasa

Vermelding 28.september 2010


KLokka er no 17.00. Temperaturen i skyggen er + 14 grader, men vesentlig høgare i sola. Etter middag har eg lege på solsenga på altanen og kokt, er redd å kle for mykje av meg på grunn av gikt.
Før middag laga eg ein stor porsjon seiburgerar, så det  vart også middagen i dag. Oppskrifta ligg på bloggen, men vi brukar poteter i staden for hamburgerbrød.Og med rikelig salat til, blir det eit godt måltid. Sist eg laga slike, hadde eg kvitløk i, i dag tok eg grasløk i staden, for kvitløken heldt på å forpeste heile frysaren, til tross for at fiskekakene var pakka i plast. Etter at eg var ferdig med fiskekakene vaska og rydda eg kjøkkenet+ badet.
No held Nils på å klipper plenane, truleg for siste gong i år. Eg tok bilde, men med det same eg sette minnebrikka i laptoppen, vart skjermen svart. Det same skjedde i går, men då tok eg ut ledninga og let maskina gå seg tom for straum, så var den heilt i orden igjen.No prøver eg same medisinen i dag. Har lagt inn bilde før i dag, og då hende det ikkje noko gale.Eg forstår meg ikkje på slikt.
Seinare: Det virka i dag også, så no er bildet her.
Som de ser er Thujaen meir brun enn grøn, men der kjem nye grøne skudd mellom alt det brune, så vi ventar enno ei stund før vi dømmer den til døden.

mandag, september 27, 2010

Vermelding 27.september 2010

Klokka er no snart 17.00. Temperaturen på baksida av huset er + 12 grader, men i sola er det skikkelig varmt! Eg har lege på altanen og sola meg, lese og sove middag. Nils for ut og fiska i grålysninga, han fekk sei i alle storleikar, så i dag vart det fersk småsei til middag igjen. Eg var heime og baka brød og gjorde diverse anna husarbeid .
Nils måtte ein snartur til Volda for å hente ein resept. Eit tungvint system, spør du meg. Det måtte no gå an å sende ein resept frå sjukehuset til apoteket pr. mail ?
Men så fekk han teke med og levert "attegløymene" til Margrete -dei som ho la att her sist laurdag.
Fekk ikkje lagt inn bilda som eg tok i dag, for plutselig virkar ikkje laptoppen.Håper det ikkje er noko alvorlig ! Men skjermen er altså heilt svart.

søndag, september 26, 2010

Advokatten.

Denne katten har vi adoptert på ein måte. Eigarane har flytta til Volda, men dei fann ikkje tak i katten då dei for. Katten skulle eigentlig avlivast, men no bur han hos oss og lever godt på fisk. Om natta ligg han i rommet under altanen.Namnet er det vi som har gitt han.
Posted by Picasa

Vermelding 26.september 2010

Klokka er no15.00. Temperaturen er + 12 grader C og det er nydelig ver ute. Men i dag var det rim på hustaka då vi stod opp. Sidan det var så fint ver, måtte vi finne på noko, og det vart ein biltur til Halse,Rjåneset og Barstadvik. Vi køyrde opp til garden Halse før vi kom til Rjåneset. Vi stoppa då vi kom til grinda. Sist vi var der,gikk vi framover denne skogsvegen. det gjorde vi ikkje i dag.

Frå Halse har vi ei fantastisk utsikt, sidan garden ligg så høgt. Her ser vi Raudøya og Raudøyholmen fremst; lenger ute ligg Yksnøya og heilt til høgre ligg Eika. Den undersjøiske tunnelen går under Yksnøya og Eika. Prøvde også å ta eit bilde av Liadalsnipa -rett mot sola.

Vi måtte ein liten tur ned i Rjåneshamna og sjå til båten også, før vi køyrde til Barstadvik og opp i Erdalen der det er ein besøksgard med mange slags dyr .Der er ope sundagar frå 12-16.
Mens vi var der, vart minnebrikka i fotoapparatet fullt, og batteriet tomt.

lørdag, september 25, 2010

Vermelding 25.september 2010

 
Klokka er 18.30, temperaturen er + 11 grader og det har vore strålande sol i heile dag.Men vi ser at det er haust, skuggane blir lange og det mørknar tidlegare om kveldane.
I dag har vi hatt besøk av Solveig og Margrete + Olaug, Eirik og Erlend. Det er ikkje som før at alle kjem på ein gong. No er ungane så store at dei har andre planar og gjeremål.Det er ei naturlig utvikling.
Menyen var fårikål + eplekake med krem.Lettvint mat å lage.
Posted by Picasa

fredag, september 24, 2010

Singin` in the rain ?


Eg har før skrive om regnklede-butikken her i Ørsta. I dag "sneik" eg meg inn i butikken og tok nokre bilde.Støvlane er av merket Ilse Jacobsen.Dei finst i både høge og lave modellar.Dei har mykje meir i butikken enn det som eg viser her. Butikken ligg rett over gata for "Fru Svendsen" -kaféen i det gamle huset.


Posted by Picasa

Vermelding 24. september 2010

Klokka er 15.30, temperaturen er + 9 grader og det er bygever.
Vi er nettopp komne  heim frå handle-og biltur. Det var nemlig så fint ver då vi kom ut frå butikken at vi fekk lyst å køyre ein tur rundt Berkneset. Vi køyrde gamlevegen ut til Hovdevatnet(bildet) og inn på nyevegen etterpå. Då såg vi at det kom tette byger ute i fjorden, mens sola skein inne i Vik. Ikkje lenge etter styrtregna det. Vi køyrde langs Voldsfjorden, men det var så vidt vi såg salt sjø for berre skog. Her må det nok meir enn satellittstyrte geiter til !

  Vi stoppa på "nyevegen" og såg inn mot Vik - og ut fjorden, der regnet kom innover.

Langs Voldsfjorden veks det tett med skog, men eit lite lyspunkt fann vi, der vi kunne sjå inn mot Dalsfjorden.

Posted by Picasa

torsdag, september 23, 2010

Vermelding 23.september 2010

 
Klokka er 17.15. Temperaturen er + 14 grader og det er opplett. Det skal visst bli betre ver på sikt. Håper det, for dette våte  veret er ikkje godt for gikta!
Nils var ein liten tur nedover f.m. mens eg støvsuga til helga. Best å vere ute i god tid.
Naboane nedanfor oss driv og flyttar, dei har kjøpt seg leilegheit i Ålesund, men er ca halve året på Gran Canaria. Det var snakk om at Nils skulle hjelpe til, derfor utsette vi middagen. Det blir sein middag i dag.
Det har vore dårlig klestørk i det siste, men i dag fekk eg ta inn att denne duken. Som så mykje anna av det vi har, stammar den frå restekassa hos Målar-Olav/ Stil og stemning. Det er ei gardinlengde av typen "lystett". Reknar med at andre har samme erfaring som eg når det gjeld dette stoffet. Mi maskin nekta i alle fall å sy det, så eg måtte til med hand. Etter mykje strev og såre fingrar fekk eg laga ein fald i kvar ende, men det er synd å seie at det vart pent. Sidene gav eg opp.Duken er suveren til kvardags, dette stoffet er virkelig strykefritt! 
Posted by Picasa

onsdag, september 22, 2010

Vermelding 22.september 2010

 
Klokka er no16.45. Temperaturen er +14 grader C og det regnar.( Bildet er behandla i Picasa, derfor ser det ut som om veret er litt finare enn det er i røynda.)
I dag har det ikkje skjedd mykje. Nils var nedover eit ærend f.m. Eg vaska og rydda litt, blir ikkje så mykje med meg slike dagar, men no seier Nils at det skal bli fint på fredag,så då har vi noko å sjå fram til. Eg har så vidt begynt på boka til Isabel Allende, strevar litt med dei franske og spanske namna når eg ikkje ser dei på trykk, men det går seg vel til.Og på TV er det fotball.
På Austlandet har dei hatt ganske fint ver i det siste. Her er Eivind på besøk i barnehagen der Vebjørn går. Der har dei fått nye leikeapparat nylig.
Posted by Picasa

tirsdag, september 21, 2010

Bok nr.47 2010: Det lovede landet.

 
Dette er den 3.boka i innvandrartrilogien til Toril Brekke, og no har eg endelig kome gjennom den. Syntest liksom eg var nøydd til å lese nummer tre også, sidan eg hadde lese dei to første.Ikkje det at eg likte dei så godt heller.
Trur det er ei "feme", som vi seier her i Ørsta, å skrive bøker der forfattaren tek tak i meir eller mindre kjende historiske hendingar, og plasserer fiktive personar inni denne ramma . Det kan gjerast skikkelig elegant, slik som i Salme ved reisens slutt, men i dei fleste tilfella blir det nokså mislykka. Eg nemner døme som Øya, Hjemkomsten, Havets katedral, Hotellet på hjørnet av bitter og søt, Morgen i Jenin m.fl.
I dei fleste av  desse bøkene er det den "sanne" historia som er interessant, mens dei fiktive personane blir klisjéaktige og lite truverdige, og historiene ofte syltynne.
I dei tre bøkene Toril Brekke har skrive om innvandringa til Amerika, er det mange historier og mange menneske. I tillegg reiser desse personane over heile det Nord-Amerikanske kontinentet og kjem i kontakt med alle slags miljø. Dette kunne i og for seg blitt ganske interessant, men MEG fenga det ikkje.
Meir enn ein gong kom det eit bilde framfor meg: -reklamen der dei to "golfdamene" sit og bladar i eit magasin og kommenterer: Vanlig, vanlig.......her er liksom ingen ting nytt, ingen ting som overraskar ein eller grip ein.
Men andre har kanskje heilt andre meiningar om boka-eller bøkene. I fall du har lyst å lese denne serien er det ein fordel å lese bøkene fortløpande.
Posted by Picasa

Vermelding 21.september 2010


Klokka er 13.40, temperaturen er +12 grader og det er regnbyger. Då vi stod opp i dag var det nydelig sol og vi belaga oss på ein fineversdag. Eg hadde også eit lite håp om at eg skulle blitt kvitt noko av verken i kroppen. Men herligheita varte ikkje lenge.
Vi var ein tur til Volda der eg hadde eit par ærend.Fekk meg tak i "kosedress" i fleece til 199 kr, same sort som eg har frå før. Brukar stort sett berre buksene, men dei er varme og gode og toler all ligginga mi. Kika litt på gardiner også. På kjøpesenteret Spinneriet har dei ein gardinbutikk med 1000 sortar prøvelengder, som ein kan bestille ut frå. Men til fleire sortar, til verre er det å bestemme seg, og det greidde eg heller ikkje i dag. Stovegardinene våre er ti år gamle og eg har lyst å skifte dei ut. Nemlig.
I Ørsta handla vi mat på Amfi, og så var eg innom biblio og fekk tak i to flunkande nye lydbøker. Så Solveig-du veit kva du kan gjere på laurdag ?
No skal eg lage Taco til middag. MÅ berre skrive det, så de ikkje trur vi et fisk KVAR dag.
Posted by Picasa

mandag, september 20, 2010

Vermelding 20.september 2010

 
Klokka er14.15, temperaturen er + 13 grader og det er opplett. Faktisk er sola framme av og til også. Nils kom nettopp heim frå sjøen, men i dag vart det berre småsei. Så det blir middagen i dag. Det er nesten gale å seie det, men eg likar småsei betre enn kveite; med mandelpoteter frå Skjåk og gulrøter til, blir det eit herremåltid.
Eg har vore flittig mens eg var heime åleine. Har baka brød, vaska og rydda nokre kjøkkenskuffer, sydd to puter til,( hadde så mykje stoff att) og så har eg hengt opp og tatt ned klede etc. Alt slik som husmødrer gjer utan at nokon legg merke til det.
Ser at det er mange vonde halsar, forkjøling og hoste blant folket, men vi har gått klar til denne tid.
Posted by Picasa

søndag, september 19, 2010

Fransk film: Sammen er vi mindre alene.

 
I dag har eg sett denne filmen på DVD. Eg er alltid skeptisk til å sjå filmen etter å ha lese boka, men eg tok sjansen på denne. Filmen var fin den, og det meste stemte med det eg hadde sett føre meg. Det er berre det at filmen varer ca 1 1/2 time, mens lydboka varer i mange timar, slik at ein blir mykje betre kjend med personar miljø osv. Konklusjonen er at filmen er fin, men boka er betre. Filmen egna seg som ein slags repetisjon. Eg sluttar aldri å forundre meg over denne boka, at det går an å skrive ei heil bok om menneske som er snille mot kvarandre, hjelper kvarandre og finn løysingar på problema. Det er nesten for godt til å vere sant.(Og så er det vel fiksjon også.)
Posted by Picasa

Vermelding 19.september 2010

Klokka er13.30, temperaturen er + 11 grader C og det regnar.Stort meir er det ikkje å seie om den saken.Har prøvd å gå tur i regnveret, det fall ikkje heilt heldig ut, for å seie det slik. Då må ein heller finne noko å pusle med inne, kan ikkje ligge å lese og sjå TV heile tida, heller.
I går hadde eg eit ærend inn på Målar-Olav, ein butikk i gågata. Fekk ikkje det eg eigentlig skulle ha, men som vanlig rota eg litt i restekassa der dei sel utgådde gardinlengder til 70 kr.stk. Eg brukar å sy meg puter og dukar av slike restar. I går fann eg eit veldig tjukt og godt stoff som eg ville ha til puter i sofaen "min"- der eg ligg og ser TV etc. Så i dag drog eg fram symaskina, som ikkje er min beste venn, og sydde to like puter- og enda har eg mykje stoff att !
Nils gikk seg ein tur i gråveret imens.Den nye støvsugaren er eg alt blitt kjempeglad i, berre det å støvsuge opp alle trådane og rusket så lettvint!
Til middag i dag skal vi ha den siste "resten" frå frysaren, så det blir hjortekjøt og kjøttkaker, med mandelpoteter frå Skjåk. Ein av "kameratane" til Nils har hytte der oppe og er der ofte, så han har tenkt å forsyne oss med poteter i vinter. Ja, vi betalar dei sjølvsagt sjølve. Vi brukar å kjøpe når vi reiser forbi om hausten, men i år var dei ekstra store og fine.
Komande laurdag får vi besøk av begge "jentene" og diverse ungar. Solveig skal sjå på støvlar. For dei som ikkje er orientert har vi her i Ørsta spesialforretning for regnklede og støvlar. Butikken ligg i gågata, på Ørsta Torg. Dei har mykje fint, men det er ikkje billig.

lørdag, september 18, 2010

Vermelding 18.september 2010

 
Klokka er ca 15.45, og det er akkurat som om det mørknar ute. Temperaturen er +10-11 grader C og det regnar stort sett heile tida. Men i dag har eg gått til det store steget å kjøpe meg paraply, så no er det håp.
Vi var ein tur nedover på sein føremiddag; eg vaska og rydda kjøleskapet først. Var både på Amfi og opp i gågata, så vi trefte mange kjende. Handla ikkje så mykje-men litt småtteri var det i dag også.
Det er mange gode grunnar til ikkje å like dette veret, men for meg er verkinga i kroppen den viktigaste. Kler på meg med både ull og anna utan at det hjelper noko særlig. Men vi fyrer i omnen og har det varmt og godt inne.
Posted by Picasa

fredag, september 17, 2010

Vermelding 17.september 2010


Klokka er ca 16.45. Det er overskya og +13 grader C. Det har vore regnbyger innimellom og det er litt hustre. Skodda ligg langt ned i fjella, og det er tydelig at hausten er komen.
Bildet har eg tatt frå altanen ned i den blomstrande clematisen, derfor det litt undelige perspektivet.
Nils var i gravferd f.m. Det var kona til ein av turkameratane hans som var død.Ho vart berre 76 år. Før ville eg vel sagt at ho var gammal, men det er rart med det, den "gammal-grensa" har ein lett for å forskyve etter kvart som ein nærmar seg.
Eg valde å vere heime å støvsuge og rydde til helga.
Middagen fann vi i frysaren i dag, og då vi hadde ete, ringde Ellen Marie og vi prata i veg. No skal vi drikke kaffi, og så få vi sjå om det skjer noko meir før Gullrekka.
God helg til alle som er innom bloggen i alle fall.
Posted by Picasa

torsdag, september 16, 2010

Vermelding 16.september 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 14 grader C, og akkurat no er det opplett. Sola har så vidt vore framme også. Som de ser har den 3. og siste av solsikkene også fått blomst, men dei er litt pjuskete og våte alle tre.
Nils har brukt føremiddagen, så langt, til å sjå over krabbeteiner etc.Det er vel snart tid for krabbefiske, og Hassan gler seg nok til det.Han likar krabbe, han også.  Hummarfisket startar ikkje før 1.okt.
Eg har starta helgevasken, deler det på to dagar, vask i dag, støvsuging i morgon. Viss eg ikkje får eit anfall av energi seinare i dag.
Til middag skal Nils koke salta kveitehaud etc. Er litt spent på den retten. Eg er vanligvis altetande, men der er visse grenser.
I dag er det fødselsdagen til den einaste av kusinene mine  som eg har kontakt med, så eg vil nytte høvet og gratulere Ellen- Marie med 72-årsdagen i dag.Håper du får ein fin dag i lag med barn og barnebarn!

onsdag, september 15, 2010

Vermelding 15.september 2010

Klokka er alt blitt 17.30, men eg føler at dagen nettopp har begynt. Er litt vrangsøvde her i pensjo -heimen; seint i seng og seint opp att. Ute er det surt, grått og regn, og lite teikn til betring. Temperaturen er + 9 -10 grader C.
Amanda har vor på ballett i dag også, så Margrete og dei to minste kom hit i etter middag. Ungane skal vere her mens Margrete er på teater og ser Liv Ullmann i Lang dags ferd mot natt.
Akkurat no er Amanda godt i gang med leksene ved kjøkkenbordet, ho er pliktoppfyllande og flink.
Erlend er også flink, men når han er her hos oss fristar den stasjonære datamaskina med stor skjerm -så då blir det dataspel med han. Fredelige og greie er dei begge to, så det er inga sak å "passe " dei. Nils har fyrt godt i omnen så vi kosar oss inne.
Var ein liten tur nedover og handla i dag, og eg var innom biblio og fekk meg tak i ei ny bok. Derfor måtte eg lese ferdig den eg heldt på med først. Ja, ja, vi er priviligerte vi pensjonistane som slepp å stresse.TID er ein ressurs!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...