tirsdag, september 28, 2010

Bok nr.48 2010: Øya under havet.

 
No har eg lese ut denne boka av Isabel Allende.Boka har blitt samanlikna med Åndenes hus, noko som gjorde at eg hadde skyhøge forventningar.Det er sjeldan bra å ha for store forventningar på førehand, det endar kanskje med at ein vert litt skuffa?
Historia er lagt til Frankrike, Karibia og dei amerikanske sørstatane, dvs. til dei franske koloniane i dette området. Tida er slutten av 1700-talet og første delen av 1800-talet, og vi får såleis med oss både Den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Forfattaren tek med viktige historiske hendingar i dette tidsrommet, men det er dei fiktive personane som spelar hovudrollene. Her er rike "herrar", fine fruer, negerslavar, blandingsbarn osb. Eit persongalleri som til tider kan vere vanskelig å halde greie på, særlig når ein les lydbok. Skulle gjerne hatt papirutgåva til støtte, for her er mange namn å hugse. Noko eg likte godt var at boka har ein skikkelig slutt-den heng ikkje i lause lufta.
Eg har brukt lang tid på boka, har lese i sømnlause netter, og delvis om att neste dag , noko som eg synest er uheldig. Synest bøkene blir best når eg får lese dei mest mulig i samanheng.Trur eg kjem til å lese denne boka om att når det har gått ei tid, og då helst i papirutgåva.
Det som gjer det litt vanskelig å lese lydboka er at ho som les ikkje uttalar namna tydelig nok, så eg får ikkje alltid tak på dei-vil gjerne ha eit "ordbilde" på netthinna. Synest ikkje ho les tydelig nok elles heller.( Men det kan vere spelaren min som ikkje er god nok.)
Allende har i alle fall enno ein gong fortalt ei historie som har alt: kjærleik og hat, overtru og framande skikkar, grusomme hendingar og lykkelige samantreff, kort sagt alt som livet kan by på.Sjølv synest eg ikkje denne boka kjem opp mot Åndenes hus,det er dette litt overnaturlege elementet som manglar, eller skal eg seie det eventyrlige? Men for all del, her er action så det held.Les boka og døm sjølv.
Eg skulle ønske at nokon ville lage TV-serie av denne boka. Det ville blitt ein slags Røtter 2. Heilt fantastisk ville det blitt !
Posted by Picasa

2 kommentarer:

solveig sa...

Åndenes hus var vel noko av det beste eg las på 80-talet...

Besta sa...

Du vil sikkert like denne også, men det var særlig dei historiske avsnitta som vart litt vanskelige på lydbok når det vart så mange namn.Men det er heilt utrulig at så mange forfatterar brukar historiske hendingar som bakgrunn for bøkene sine. Nesten alle bøkene eg har lese i seinare tid har vore "historiske". Men kanskje ere det ikkje så rart, for alle menneske lever jo midt i historia, og då må vel dei fiktive personane også gjere det?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...