fredag, august 31, 2018

Dagbok 2018: 31.august

I dag er det siste augustdagen. Den var litt spesiell i min barndom og ungdom sidan både far min og mormora mi var fødde på denne datoen, med 20 års mellomrom. Besta i 1879 og pappa i 1899, no når vi er langt inne i 2000-talet er det rart å tenke på at mange eg kjende var fødde så langt tilbake som på 1800-talet. 
I min barndom var 1.september første skuledagen om hauste, då var sommaren slutt
No er klokka 19.30, temperaturen er + 16 grader C og vi har hatt ein nydeleg dag. Det å vakne opp til sol og lys er noko heilt anna enn å stire ut i skodde og regn.
Dagen har gått veldig fort. På føremiddagen var Marit og eg nedover og handla mat på Spar. Eg åt tidleg middag, og så var eg ute og jobba ei stund. Rydda litt i boss og rot, før eg gjorde litt hagearbeid, plukka inn nedfallseple blant anna.
Sløva på altanen ei lita stund før eg gjekk inn og laga ein ganske stor porsjon med kjøttkaker. Eg ventar Einar innover i morgon, han skal køyre meg litt rundt så eg få gjort ein del ærend, og så skal vi ete middag i lag. Har bruna sausen også- det er slik med oss eldre, vi vil gjere alt i god tid, slik at vi slepp å stresse. Når eg først lagar mat, lagar eg rikelig, slik at eg har eit lite lager.
No er det massevis av program på TV, særleg i helgane, så  no er det berre å benke seg i godstolen.
I morgon må eg få tak i tablettar, no har eg gått nesten heile veka utan-men merkar ikkje så stor skilnad. eg får vere glad for at eg ikkje verker når eg sit i ro.
Ønsker alle ei fin helg !

torsdag, august 30, 2018

Dagbok 2017: 30.august

Klokka er 19.45, temperaturen er + 14 grader, og no skin sola. Ho gjer det av og til, men så har vi hatt mange kraftige regnbyger i løpet av dagen.
Denne dagen har stort sett gått opp i surr, ingen ting har eg gjort, og det vesle eg har kava med, har vore mislykka. Stort sett.
Meininga var at Einar skulle komme innover i dag; eg visste at el-kontolløren skulle komme, men rekna ikkje med at det skulle ta så lang tid. Så fekk eg melding frå Silje om at eg måtte vere med han ned i kjellarleilegheita også for han ville ikkje gå inn åleine, og ho var på skulen. Då ville det ta lengre tid. Så Einar og eg avtalte at han skulle kome laurdag i staden. 
Det var bra for inspeksjonen tok mykje lenger tid enn eg hadde tenkt. Han var inn i alle rom og sjekka alle stikkontakter etc. Eg blir truleg nøydd til å skifte ut heile sikringsskapet for å få moderne sikringar. Der var eitt og anna å sette fingeren på, men det meste var i orden. Eg kjem til å få ei liste over alt som må gjerast. Eg begynner å få augene opp for at det krev sin "mann" å vere huseigar.
Men det var noko som var litt artig. Eg høyrde på den unge mannen at han ikkje var herifrå, men det var noko kjent med stemmen/ dialekten. Han fortalde at han var frå EID-namnet var Sunde, og eg kjende i si tid både bestefaren hans og oldeforeldra. Bestefaren heitte Karl. Det kan no vere at inspeksjonen tok litt lengre tid enn vanleg sidan vi måtte snakke litt om slekt og opphav.
Før inspeksjonen hadde eg rota og leita litt på data, strikka litt etc. Og så skulle eg lage potetstappe. Eg hadde skrelt masse fine , gode poteter i går. I dag kokte eg og mosa dei, hadde oppi ein smørklatt og tok melkekartongen rett frå kjøleskapet og tømte oppi. Den var datert 06.09.18  så eg brydde meg ikkje om å sjekke om melka var god, slik eg vanlegvis gjer. Ut av kartongen kom ei tjuktflytande masse av sur og klumpete melk og heile stappa vart øydelagd. Eg prøvde å fløyte vekk melka, men uansett så hadde eg ikkje lyst på det som vart att.
Syntest at dagen var rimeleg mislykka så langt, så eg bestemte meg for å gå ein tur. Gjekk ned på Kiwi, kjøpte ein lyngplante og gjekk fram på grava med. Ville prøve om kneet heldt. Det gjorde vel kanskje det, men det ER problematisk å gå på asfalt, særleg nedover. 
Stoppa med Helge og Anne Elise og åt plommer og prata.
Då eg kom heim fann eg fleire meldingar på dataskjermen. Den eine var frå Øystein som skreiv at han og snikkaren ville komme innover på mandag, og tysdag ville snikkaren starte opp reparasjonsarbeidet på huset. Endeleg.
No må eg visst ha litt mat, blir svolten av frisk luft.

onsdag, august 29, 2018

Dagbok 2018: 29.august


Klokka er snart halv åtte. Det har vore overskya, men opplett i dag, heilt til for ein times tid sidan, då begynte det å styrtregne, og regnar gjer det framleis. No må vi no snart ha betalt prisen for dei fine sommardagane vi hadde ? Temperaturen er + 13 grader og eg fyrer i omnen med all slags rusk og rask eg vil bli kvitt.
I dag hadde eg tenkt å prøve å gå til Vik, men så vart det til at eg vaska og rydda i vaskekjellaren i staden. Mesteparten av vaskinga gjekk for seg med spyleslange, så golvet er ikkje heilt tørt enno. 
Eg laga med ei "klessnor" frå eine plommetreet til det andre, hengde opp golvteppet og spylte det. Det skumma godt, så eg har truleg søla litt vaskepulver. Der var både skite og støvete i kjellaren, for eg har gått mykje ut og inn i skitne støvlar og sko. Eg har sett trillebåra under teppet, i tilfelle det skulle ramle ned. Det gule som heng der er oppblåsbare plastputer. Merkeleg kor mange behov ein har hatt opp gjennom åra. Vi har budd her i huset i nesten 45 år, så mykje har samla seg opp. Eg har litt av ein ryddejobb framføre meg. Etter vaskesjauen var det rett i dusjen, eg var gjennomvåt.
Elles skreiv eg ferdig avisnotisen min og sende av garde i dag.
Etter ein pause med mat og spøt og litt boklesing, gjekk eg ut i hagen og jobba litt - der er det alltid noko som skal gjerast.
Då kom Ragnhild på besøk men juspressa ho hadde lånt, så vi fekk oss ein hyggelig prat. Eg set pris på å få besøk. Og i morgon får eg truleg besøk av Einar, då skal eg ha lista klar slik at eg får handla og utført diverse andre ærend. Eg må planlegge godt, så blir mykje gjort. 
Det blir visst meir om gullbryllaupet til kongeparet. I går sat eg og såg om att ein del av eit program eg har sett før. Eg er ikkje overdrive interessert i dei kongelege. Men eg kom på ein gong eg hadde kjøpt eit svensk ukeblad, som eg kjøpte sporadisk, der stod det og kronprinsen og kjøpmannsdottera. Det var før dei hadde skrive om det her heime. Eg blir mektig irritert på kong Olav når eg høyrer historia om dei to som måtte vente i 9 år på å få kvarandre. Mykje har endra seg sidan den tid. Og takk for det.
No skal eg snart lage meg eit skikkeleg kveldsmåltid-så søv eg godt til natta.



tirsdag, august 28, 2018

Dagbok 2018: 28.august.

Klokka har passert 20.00, temperaturen er + 16 grader og det har vore ein fin dag med mykje sol.
Eg venta ikkje så lenge i dag før eg sette i gang med plenklipping, så tok eg ein pause midt på dagen og tok ein liten rest i kveld. Spylte klipparen etter bruk, sli k Nils alltid gjorde. Det var mykje gras i dag også, særleg nede i skråninga, der eg gjødsla sist. Elles har eg skrive eit utkast til avisomtalen til pensjonistmøtet, det er no fort gjort.
No i kveldinga har eg vore oppe hos Anne Elise og Helge og ete plommer, dei har mykje meir enn det eg har hatt i år. Dei held på og skal skifte vindu, så der kom eit par naboar til og skulle hjelpe til. Og ein av dei skulle sage ned ein dødt plommetre. 
Ei ung mor som bur lenger ute i gata,  og to småjenter som var tvillingar, kom også og fekk seg plommer. Ei dame, som også bur åleine, kom for å få gode råd, ho driv og pussar opp kjøkkenet sitt. Så i dag vart det ein sosial slutt på dagen.
Elles hadde eg meg ein god middagslur på solsenga i dag.
Inne har det ikkje skjedd så mykje , litt oppvask og klesvask vert det alltid. No har eg fyrt i omnen, for her stod alle dører opne mens eg var ute.
I morgon MÅ eg på apoteket, for eg er lens for betennelseshemmande tablettar og diverse anna. Hadde tenkt å GÅ nedover i dag, men kunne ikkje både klippe og gå på samme dag.
No skal eg finne meg litt mat, har ikkje ete så mykje før i dag, anna enn plommer og bær.

mandag, august 27, 2018

Dagbok 2018: 27.august

Klokka er 18.00, temperaturen ute er +13-14 grader og det regnar framleis, ikkje heile tida, men nokså jamt.
I dag har eg vore flink og fått mykje gjort, synest eg sjølv. Eg starta opp med å støvsuge grundig alle teppegolva, tørke litt støv og rydde litt. Sant å seie er det ikkje så mykje som trengst når eg går her åleine, kan ikkje rote så mykje då. Men litt husarbeid, klesvask, oppvask etc. blir det alltids. Det eg brukar minst tid på er matlaging. Og lagar eg noko har eg som regel i minst to dagar.
Så hadde eg ein jobb som tok litt tid. Eg hadde skrive opp songane som vi skal ha på pensjonistmøtet, å printe dei ut frå maskina går ikkje, det blir berre rot. Så trykte eg dei opp 36 eksemplar av kvar song og stifta i hop 3 og 3 ark. Det var nesten som å vere i jobb igjen. Det var mykje printing i skulen den gongen, og mange ark. No går det vel meir på data- og skjerm; det er sikkert ryddigare. No er ikkje dette nokon stor jobb , men det tek tid.
Etter at eg hadde ete las eg ut boka som de kan sjå under her.  Innimellom er eg inne på FB for å sjå om det skjer noko- og det gjer det. I dag har eg "prata" med ei venninne i Bergen (eg har to) -på Messenger.
Tenkte eg skulle gjere meg ferdig med potetene, så eg gjekk ut og grov opp resten av dei som stod ved bringebæråkeren, det vart ikkje så mykje i dag, berre ei halv bøtte ca. Eg har nokre stilkar i jorbæråkeren, dei skal eg ta seinare. Eg reinska vekk noko ugras, raka på plass molda og begynte å ha streng på staurane. Men då begynte det å regne såpass at eg gav meg på det og gjekk inn og dusja.
Marit kom heim frå hytta i går kveld, i dag føremiddag har ho vore på seniordans, men ho kjem kanskje ned i kveld viss ho ikkje får gjester.
 I morgon reknar eg med at Einar kjem att frå Oslo, men han kjem vel til Vigra, trur eg-er ikkje sikker. Så då må eg snart planlegge ein middag med kjøttkaker og brun saus-det ser eg fram til.

Bok nr.28 - 2018: Stjerner over Mørke under

Forfattaren debuterte med denne boka for få år sidan, og den fekk mykje positiv omtale då.

Handlinga går føre seg på slutten av 1800-talet, og romanen har delvis form som eit brev frå lensmannen til broren. I brevet fortel lensmannen om eit drap han har oppklara, samtidig som han tek eit oppgjer med broren. Alt blir avdekt undervegs, noko som er forventa i ein avslutta roman. Men romanen er berre delvis eit brev, for forma skiftar med vekslande synsvinkelbruk. Dette er greitt nok, men eg skulle ønske brevet hadde vore sett i kursiv eller noko for å skilje det frå resten av teksten.

Sjølve mordgåta er lett å gisse etter relativt kort tid, men boka har likevel eit særpreg som gjer den spesiell og leseverdig. Eg har liggande ei bok til av same forfattar, og eg må seie eg er spent på å sjå korleis stilen vert vidareført.


Denne boka har eg lese på papir, det går vesentleg fortare enn å lese lydbok. Eg har kopiert det Margrete skreiv om boka, sidan eg stort sett er samd i det ho skriv.
Ti å begynne med synest eg boka verka litt for "lett" men den kom seg etter kvart. Litt spesielt å lese krim utan dei vanlege hjelpemiddela som data, mobil, overvåkingskamera og slikt som politiet no kan bruke. Lensmannen i boka finn løysinga ved å snakke med folk og ved å observere. På slutten kom eg til å tenke på ein annan boktittel: "Forbrytelse og straff". Eg likte boka og anbefaler den til andre som gjerne les litt annleis "krim". 
Krimsjangeren er blitt så mangslungen etter kvart at eg heller ville kalt denne boka "Roman om en forbrytelse" slik somme krimforfattarar gjer.
Eg las nettopp at forfattaren fekk Rivertonprisen for debut-boka si. Bra!
Har bok nr.2 liggande, den skal eg også lese på papir.

søndag, august 26, 2018

Dagbok 2018: 26.august

Arne og Carlos design, men min hæl.


Klokka er 18.35, temperaturen er + 12 grader, akkurat no er det opplett, men det har vore regnbyger i heile dag, så eg har ikkje vore ute.
For ein gongs skuld har eg ikkje gjort noko særleg av fysisk arbeid i dag. Har rippa ei bok og strikka litt, snakka med Solveig i telefonen, og no på ettermiddagen ringde Ambjørg. Innimellom har eg sett på vaskemaskina, laga litt middag og lese i ei papirbok. Ikkje så mykje å snakke om altså, og heller ikkje så mykje å blogge om. 
Eg har endeleg lært meg å strikke etter Arne og Carlos sin plan, men eg feller hælane på gamlemåten. Dette paret vart ferdig i går, og eg er godt i gang med neste par. Det er Solveig som kjøper garn til meg, og så får ho lestene i retur. Ho strikkar mykje anna, men eg synest det er greitt med slike småarbeid.
Eg ser at graset veks og veks, og det må snart klippast igjen. Eg har brukt å klippe mandagane så sant det er tørt nok. Eg skal gjødsle rundt huset så snart som mulig, der vart gjødsla relativt seint på sommaren på grunn av det tørre vêret. Nede i skråninga gjødsla eg enda seinare, så der blir ikkje meir gjødsling i år. Eg gjødslar ikkje for å få meir gras, men for å bli kvitt mosen. Skulle vore og handla både gjødsel og plantar-det byd seg sikkert ein sjanse.

lørdag, august 25, 2018

Dagbok2018: 25.august

Klokka er no 18.30, så i kveld rekk eg visst å få med meg nyheitene. 
Temperaturen er + 12 grader - og best som sola skin , så høljer det ned. Ikkje så godt å bestemme seg for om ein skal vere ute eller inne då. I dag har eg vore inne det meste av dagen, ikkje snakka med eit menneske -knapt nok sett eit. Sov dårleg i natt, men tok det att på morgonkvisten.
I dag føremiddag vaska eg eg bad og kjøkken, og gjorde diverse anna husarbeid. Litt skriving vart det også, i samband me pensjonistmøtet som skal vere den 5. september. Med andre ord har eg ikkje vore så aktiv. Hadde lyst å gå ein liten tur, men så kjem bygene. begrensa meg til å gå ut i hagen og plukke opp nedfallsfrukt, dvs. eple, og så fann eg nokre opalplommer på eine treet. Rista ned nokre blå plommer, men dei var overmodne, så dei fleste var ikkje etande.
La meg på sofaen og las i ei papirbok, og sovna ei lita stund. Eg har ikkje strikka ei maske i dag, eg kjenner at eg må ta det litt med ro, og ikkje overdrive strikkinga, då får eg låkt både her og der.
Elles har eg i oppgåve å gi Lollo, katten til Marit, mat, mens ho er på hytta. Men Lollo har ikkje vist seg. Eg sette meg opp på uteplassen til Marit for å sjå om katten kom då. Men nei. Kattar veit som regel å finne seg mat, og eg trur ikkje ho svelt i hel om ho er ein dag utan mat.
I kveld blir det sikker mykje å sjå på TV, elles har eg mange bøker eg kan lese, både på papir og på øyret, så eg har alltid noko eg kan gjere.

fredag, august 24, 2018

Dagbok 2018: 24.august

Klokka er 16.50, temperaturen er + 16 -17 grader C. Akkurat no er det fint ute, lettskya og litt sol, men det har også vore kraftige regnbyger innimellom.
Då eg vakna i dag verkte eg i heile kroppen, rekna med det var gikt , så eg tok det ikkje så tungt. Har opplevd det samme før, får ofte gikt og smerter når det er vått i vêret. Snart var det berre høgre armen som verkte, så eg belaga meg på å legge vekk strikketøyet i dag. Men så var det akkurat det eg ikkje gjore. Tvert imot sette eg meg til å strikke og høyre lydbok. Etter ei stund vart eg låk i venstre skuldra, det er typisk, og snart var eg heilt fin og kunne gå ut og jobbe. Hagearbeid er det kjekkaste eg veit, særleg når eg får gjere akkurat det eg vil, slik eg vil. Eg klipte med kantklippar i skråninga der ROTA stod, der er litt for mjukt til klipparen enno. Reinska vekk løvetann og styrte på. Men så kom det ei byge, så eg måtte i hus. Då passa det fint med litt lunsj, middagsmat har eg ikkje lyst på før det lid på kveld.
Så klårna det opp att og eg gjekk ut og klipte langs hellegangen , mol opp kvistar etc. Tenkte eg kunne gjere meg ferdig med potetopptakinga på eine sida av bringebæra, og det gjorde eg. Tok opp ein av stilkane i jordbæråkeren også, og fekk ein bra fangst. Eg veit ikkje kva sort poteter det er , men alle er raude og faste i fisken, dvs. at dei treng relativt lang koketid. Vi har i fleire år halde oss til mandelpoteter frå Skjåk, dei vart ferdigkokte på under eit kvarter.
No vart det veldig fint ute, så det kan hende eg går ein liten tur når eg har kvilt meg litt. Marit har reist på hytta, og Ragnhild er i barnedåp i Oslo, men så lenge eg kan vere ute har eg det heilt fint, berre synd at eg ikkje kan gå nedover - og helst ikkje på asfalt. Då blir det å vere i hagen eller gå tur i skogsvegane. Eg har mange bøker eg kan lese, og i kveld begynner dei vanlege fredagsprogramma på igjen  så det blir litt å sjå på TV.
Ønsker alle ei god helg, håper på fint vêr for alle som må vere inne på jobb i veka.
For øvrig er det i dag fire månader til julaftan.




torsdag, august 23, 2018

Dagbok 2018: 23.august

Klokka er 21.00, temperaturen er + 14 grader og i dag har det stort sett vore opplett, men overskya.
Eg har ikkje vore mykje ute i dag-hadde ikkje noko som skulle gjerast der heller. 
Føremiddagen gjekk mykje til å lage i stand middag til gjestane mine. Eg er litt ute av trening når det gjeld matlaging. 
Margrete hadde foreslått fløtegratinerte poteter etter som eg hadde så mykje sjølvdyrka. Eg lurte litt på om eg skulle koke potetene først, men fann ut at eg hadde så god tid at eg kunne fylle i forma og la den stå i steikomnen. Der blei den ståande veldig lenge utan at potetene vart heilt mjuke. Margrete meinte det hadde med "ny-poteter" å gjere. Konklusjon: Eg skulle ha kokt dei først. Men dei vart no gode -det var ikkje noko i vegen med smaken. 
Som tilbehør til potetene vart det Stroganoff -gryte og grønsaker. Is og kaffi til dessert. Vi hadde det koselig, Margrete og eg og dei to gutane. Så skulle dei to på Kai-huset og spele, og Margrete vart att hos meg. Var ned på butikken ein liten tur, så no har eg bunkra opp med brus og Cola. Elles vart det ein liten hagerunde, sidan hage er eit tema som interesserer oss begge.
Margrete var bort og fiksa litt på datamaskina, no håper eg den vil rippe litt fleire bøker.
Så er det torsdag kveld og det er tid for å sette ut boss-dunken, før eg benkar meg framfor TV-en med strikketøyet.

onsdag, august 22, 2018

Dagbok2018: 22. august






Klokka er no ca.17.45. Temperaturen er + 15 grader, no er det opplett men heile føremiddagen silregna det. Eg visste at regnet ville kome, så derfor fekk eg unna mest mulig utearbeid i går og det er eg glad for.
I dag skulle eg til Nordre Vartdal for å bestille gravstein. Planen var at Marit skulle vere med og køyre til Vik, så skulle vi ta bussen derifrå. Men så fann ho ut at ho ville køyre heilt ut-noko som sikkert sparte oss for mykje tid. Ho skulle bestille plate til å ha framfor steinen til Robert, så vi hadde ærend begge to. Vi vart vel mottekne og fekk god sørvis. Eg hadde i grunnen bestemt det meste på førehand, men der var eit par ting eg ville sjå "live". Turen gjekk fint, og på heimvegen stoppa Marit på Kiwi slik at eg fekk handle litt. Ventar Margrete og dei to musikargutane til middag i morgon. Gler meg til å lage mat til fleire- og til å få besøk.
Då eg kom heim åt eg litt, sette meg så til å høyre sisten resten av boka mi, mens eg strikka ferdig ein lest. Det var ikkje mykje å skryte av-g lite mosjon hadde eg fått, så eg tok ein liten runde ut Starevegen og eit lite stykke opp Storebakken og så heim att. Dei driv med to maskiner så lenge det er lyst og bygger opp fonnvernet. No er det ganske høgt, vi ser det godt  herifrå. Eg møtte ein mann som bur lenger ute i gata, han fortalde at dei har laga ein stor dam ute i elva. Sjølv om eg synest heile greia er noko overdrive, er det litt spennande å sjå korleis det blir til slutt. Det skal jo vere ein 400 meter lang "voll" -så mykje skog er borte. Kanskje blir der blåbærmark neste år. Eg kunne ikkje gå så langt i dag på grunn av den umulege foten min. Ein av naboane skal legge asfalt i oppkjørselen sin, der er det også maskiner i arbeid. Eg likar å følgje med på alle slags byggeprosjekt, mitt eige prosjekt står på vent. Viss de skal få glede av bilda er det lurt å dobbelklikke.

Bok nr.27 - 2018: Sikre tegn på din død



En pasient forsvinner på Akershus universitetssykehus. Samme natt blir han funnet i et kott i kjelleren, med strupen skåret over. Da tidligere rettsmedisiner Jennifer Plåterud blir tilkalt for å undersøke liket, vet hun ingenting om hvor tett involvert hun selv er i drapet. I det ubarmhjertige sommerlyset blir hun tvunget til å se sammenhenger hun helst vil lukke øynene for. En psykologisk lukket rom/sykehus-krim befolket av Torkil Damhaugs univers av karakterer fra Romerriks-traktene. 
……………………………………………………………
Då har eg fått lese ut denne boka etter diverse problem med ripping etc.
Det er ein kriminalroman, men ikkje av det mest lettbeinte slaget. Det er rett og slett ei god bok. Godt skriven er den også-det einaste eg vil sette fingeren på når det gjeld språket er at dei framleis "ryggar bakover"-unnskyld meg, men finst det nokon som ryggar framover?
Etter at eg hadde lese ei stund reagerte eg på at boka var særdeles bra til å vere krim - og då eg såg på framsida, såg eg at den har fått Rivertonprisen. Det boka handlar om kunne faktisk ha skjedd i røynda.
Eg likar svært godt opplesaren Håkon Strøm. Han les roleg og tydeleg og utan for mange "effektar" som roping, synging etc.
Eg vil anbefale denne boka.  


tirsdag, august 21, 2018

Dagbok 2018: 21.august.

Klokka er ca. 17.30, temperaturen ute er+ 19 grader og i dag fekk vi endeleg sol og finevêr igjen-så lenge det varer.
Alt er så mykje kjekkare når vêret er fint, for då kan ein vere ute og styre på. dessutan treffer ein naboar og andre folk; i regnvêr blir eg ofte sittande inne og strikke og lese etc. Det kan bli litt trasig i lengda. 
Sidan det er meldt at dette finevêret skulle vare berre ein dag, måtte eg komme meg ut og jobbe. Det var for vått til å klippe plen, så eg tok og demonterte erter-åkeren, tok vekk netting og staurar, planta solbærbusken og ein liten avleggar av stikkelsbærtreet. Let eine stauren stå att-i tilfelle treet treng støtte. Dei andre staurane ligg på plenen, tenkte regnet skulle få vaske dei før eg sette dei vekk.
Etterpå reinska eg ugras i bedet ved garasjen etc. Solveig nabo kom og prata litt, ho skulle reise til Molde i dag og besøke mor si.
Etter kvart vart det såpass tørt at eg kunne klippe plen. Eg klipte rundt huset, før eg måtte inn og ha meg litt mat. Så var det skråninga! Der var det så mykje gras at eg måtte stille opp klipparen. Til slutt klipte eg oppe ved gata, så no er heile tomta barbert. Det vart diverse pausar etter kvart som det dukka opp naboar både her og der.
Eg fekk melding på e-post frå Vartdal om at eg kunne få kome og sjå på gravstein i morgon, dvs. i dag, for mailen var skriven i går. Verken Marit eller eg var klar for å fare, og det leid langt på dag, så eg fekk utsett det til i morgon klokka 12. Då tek eg bussen frå Ørsta kl.11.10. Marit blir med .
Elles fekk eg telefon frå Aslaug Marit Øyehaug, ho ville ha meg som listefyll på SV lista, og det sa eg ja til, har stått der i fleire valomgangar. Eg er nokså sikker på å ikkje bli vald inn i kommunestyret. Ho fortalde at mora hadde vore innlagt på Rehab på Ørstaheimen, då ho braut eit bein. Hadde eg visst det skulle eg besøkt henne. No er ho heime, og hadde det ikkje vore for fonnforebygginga kunne eg gått og besøkt henne- skogsvegen.



Naboen hadde to eksemplar av denne boka, og ville gi meg den eine. Eg syntest det var for mykje å ta imot, men han insisterte. Så no får eg litt å studere på. Kjem neppe til å lese den frå perm til perm, men eg har faktisk ønska meg ei slik bok.

Mens eg sat her og skreiv, kom Håkon på besøk. Han hadde kjøpt bensin på kanna vår. Vi har ei felles bensinkanne, han skal ha til båten og eg på klipparen. Så fekk eg ein å drikke kaffi med i dag også. Kjekt det.

mandag, august 20, 2018

Dagbok 2018: 20.august.


Desse strikka eg ferdig i går. Det er Arne og Carlo design, men eg brukar mi oppskrift-så då blir dei ikkje heilt som dei skal. Solveig kjøper garn-eg strikkar. Eg strikkar ofte fleire lestepar i veka, men brukar ikkje å legge dei ut på bloggen.

Klokka er no 19.50, temperaturen er + 12 grader C og vi har rett som det er voldsomme regnbyger. Eg har halde meg inne stort sett i heile går og i heile dag. Men då fekk eg nok. Eg tok meg ein tur i skogen, same ruta som førre veka. Var ikkje godt nok kledd så det vart rett i dusjen då eg kom heim, var våt til skinnet likevel, og måtte skifte kvart eit klesplagg. Men viss eg ikkje blir verre i kneet av turen, så gjorde den godt for sinn og skinn.
Eg blir så lei av å gå inne i regnvêret ! I dag shina eg opp kjøkkenet, og så laga eg potetbåtar av dei potetene som var att. Eg vil ikkje seie at det vart så veldig vellykka. Trur eg hadde for sterk varme og let dei stå for lenge i omnen. Men eg åt i alle fall middag-karbonadar og potetbåtar. Torsdag skal eg truleg lage middag til Margrete, Erlend og Håkon (kameraten til Erlend) og meg sjølv. Det blir ei utfordring.
I dag har eg sete mykje og strikka mens eg har høyrt på lydbok. Det var opphald ei lita stund, då var eg ned og tok opp poteter og planta solbærbusken eg kjøpte på Eid.Plukka også epla som hadde falle ned. Dei blå plommene heng på treet og rotnar, for eg når ikkje opp. Kunne ha rista dei ned-viss det hadde vore tørrare på marka.
Måndagane plar eg starte plenslåtten, det kunne eg ha gjort i dag også, der er gras nok, men ingen kan klippe så vått som det er no.
I dag har eg snakka med ein mann. Eg trefte han oppe i skogen, han var ute og lufta hunden sin. Og folk med hund kjem ein alltid i prat med, det veit eg frå den tida eg lufta hund sjølv.
No skal eg skjere meg ei tjukk og god skive av brødet eg baka i går, og ta meg ein kaffiskvett attåt. Og så blir det vel TV og strikketøy igjen. No er det ny Arne og Carlo design så får vi sjå korleis det blir. Det er litt spennande med ferdigmønstra garn.
I desse dagar er det 60 år sidan eg steig i land i Trovågen for første gong.

søndag, august 19, 2018

Dagbok 2018: 19.august


Når alt anna sviktar.

 Klokka er 19.00, temperaturen er + 13 grader og det har regna i heile dag. Akkurat no er det opplett såpass eg fekk gå rundt huset og leite etter plommer. Vi har to Opal-tre, der er plommer på eine greina på eine treet. På Victoriatreet, som var så fantastisk i fjor, er der nokre få plommer, men på Rivers Early er der ein del. Dei er små, men modne og veldig gode, også til sylte.  Eg rekk ikkje opp å plukke dei, men har både stige og gardintrapp, så viss nokon i familien har lyst å plukke, så er det fritt fram. Alt var så vått no at eg orka ikkje å plukke opp epla som har falle ned ein gong, dei skal eg lage jus av, når eg har mykje. Det var ein success i fjor.
Sist natt låg eg og ikkje fekk sove, noko som skjer nokså ofte. I 4-tida stod eg opp og åt eit knekkebrød og etterpå sovna eg og sov til klokka var ca. halv 9.
Eg hadde ingen planar eller avtaler for dagen, men hadde vêret vore betre hadde eg gått ein tur. I staden vart eg sittande inne og strikke og høyre lydbok. 
Så vart eg svolten etter kvart og fann ut at eg ville bake brød. Det vart tre digre brød med mykje godt i. I 16-tida var dei ferdige, så då vart det lunsj. Eg var så syndig at eg skar av skalken i begge endar på det eine brødet-det vart lunsj i dag. Mykje betre enn poteter!
Såg ferdig ein film som eg begynte på i går, og så strikka eg litt igjen. Blir nok ferdig med lest nr. to i kveld.
Elles har eg vaska ei maskin med klede, og ei maskin med oppvask- det sleit eg meg heller ikkje ut på. 
Eg blir så tiltakslaus når vêret sviktar; eg har mykje som eg kan og bør gjere, men har liksom ikkje tiltak til noko. Og så balar eg litt med denne datamaskina-det er slikt som tek tid.
I morgon er det mandag og på mandagar plar eg klippe plen. Tvilsomt om eg får klipt i morgon.

lørdag, august 18, 2018

Dagbok 2018: 18.august

Klokka er 18.30, temperaturen er + 12 grader og det har silregna i heile dag. Eg prøver å trøste meg sjølv med at straumen kanskje ikkje vert så dyr til vinteren som dei har trua med. No blir vel alle magasin fylte, i alle fall i vår del av landet. Som den pessimisten er  tenkte eg på det då vi hadde alle dei fine dagane i sommar at dette kjem vi til å få svi for seinare. Men så kan vi no skilte med at det vart ny varmerekord for Ørsta i år. No slepp eg å vatne, men graset veks som aldri før, så arbeidslaus blir eg ikkje. 
I dag har eg vore ekstremt lat, har ikkje gjort det skapte grann verken ute eller inne - og akkurat det trivst eg dårleg med. Men energien forsvinn i dette vêret. Det einaste litt nyttige eg har gjort er å strikke, men det er ikkje direkte mosjonerande.
Marit og eg var på ein liten handlerunde i dag. Var innom Gjenbruk og kika etter noko eg hadde sett på FB, men det var der sjølvsagt ikkje lenger. Der eg utruleg mykje fint, og vareutvalet veks og veks, trur dei fleste har for mykje. Marit og eg kjøpte ingen ting, vi var einige om at vi hadde nok frå før.
Mat handla vi på REMA 1000. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men eg fann meg to fine oransje ildtoppar, til halve prisen av det dei kosta på blomsterbutikk. Dei held seg godt og varer lenge. Må til å pynte opp litt inne no, når eg ikkje lenger får vere ute heile dagen.
Sidan eg hadde heimeavla poteter tok eg og laga middag til meg sjølv i dag, men det skal bli lenge til neste gong. Eg steikte laks og kokte poteter til. Frosne grønsaker hadde eg også. Eg vart så mett at eg vart aldeles uvel. Sidan det var sjølvdyrka poteter måtte eg ete litt ekstra. Ikkje ofte eg et poteter no for tida. Sovna i godstolen med lydboka etterpå; før eg vakna til live igjen, kokte kaffi og begynte å strikke.
Dette blei ei heil historie om ingen ting. Men det skjer ikkje så mykje slike dagar, og det kan vere det beste. Ein annan ting er at NRK1 sviktar så totalt, berre sport og reprisar heile tida.
Hadde det klårna opp og blitt litt mindre kaldt skulle eg gått ein tur om ikkje anna, men no får eg konsentrere meg om boka mi.
I dag fyller svigermora til Rasmus 80 år. Sigrid er ei kvikk og koseleg dame. Ho er lett på foten og har plukka molter i år også, eg tippar det blir servert molter og krem i dag. Gratulerer med dagen, Sigrid! Håper eg få ta meg ein tur til Kongsberg i løpet av hausten.

fredag, august 17, 2018

Dagbok 2018: 17.august



Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader og i dag har det regna ganske mykje. Derfor kom eg ikkje heilt i mål med det eg hadde tenkt å gjere ute.
På føremiddagen styrte eg med diverse inne før eg gjekk ut og heldt fram med arbeidet t i hagen. I dag fekk eg vekk alle sener og strengar både på ertene og på bringebæra. Vi har gått der og knytt på sen i hytt og ver både Nils og eg - i mange år, så no ville eg ha alt vekk og sette opp nye strengar på bringebæra. Erter-åkeren skal avviklast. Eg klipte også vekk ein heil del bringebærkratt som eg mol opp på kompostkverna. Men då eg var nesten ferdig begynte det å regne så eg måtte gå inn. Strikka litt og las litt, men så har eg det med at eg blir så sigande trøtt på ettermiddagen at eg sovnar ei lita stund. 
Eg var heldigvis vaken då Marit kom over vegen ein tur og vi fekk prata om det eine og det andre; det blir mykje mimring, og vi går aldri tomme for samtale-emne. 
Eg måtte ut og rydde litt etter arbeidet i føremiddag, og då eg raka attmed bringebæråkeren såg eg noko rosa nede i molda-det var ei diger potet. Eg grov vidare med hendene, og resultatet ser de på bildet over. Eg kan ikkje garantere at alt var under ein stilk, men resultatet er no flott om eg var bort under stilk nr. to også. Det var på same staden som eg sette den eine mandelpoteta i fjor. No er det svært sjeldan at eg et poteter, men eg må kanskje koke ei eller to for å smake på dei?
I morgon kan det hende eg skal vere med Marit bort på REMA 1000.
Ønsker alle ei fin helg. Og over helga er det skulestart også for elevane går eg ut frå-eller kanskje dei alt har begynt? Leigebuaren min kjem vel snart att også, så då må eg slutte å slå dørene og spele høg musikk seint på kveld /natt.

torsdag, august 16, 2018

Dagbok 2018: 16.august

Klokka er no 21.45, temperaturen er+ 13 grader og det har regna ganske mykje i dag også.
Hadde ingen planar for dagen, men begynte å tørke støv på datarommet etter at eg hadde hengt opp nokre bilde og styrt med ymse anna. Mens eg heldt på  med støvtørkinga ringde Eli -eg trudde styremøtet var neste veke, og hadde skrive det opp i dagboka mi på 16.august. Det eg ikkje hadde fått med meg var at 16.august var i DAG. Ja, ja, dei fekk ha møtet utan meg, og så har eg snakka med Eli i telefonen og fått referat. Første møtet i sesongen blir onsdag 5. september.
Eg blei fort lei av støvtørkinga så eg gjekk ut i hagen. Begynte å rydde ved sukkerert-åkeren. Tok bort skiferhellene(33 stk.) køyrde dei opp på plenen, spylte dei reine og løda dei opp. Plasten og duken som låg under, vart skylt litt i ein balje og putta i ein sekk. 
Når alle sukkerertene er oppetne skal eg ta bort "hesa" og så skal eg plante bærbuskar. Bringebæråkeren får eg ikkje rydda før eg har tatt opp potetene. 
Eg likar å vere ute og sjaue-i staden for å vere inne og pusle. Då eg var ferdig ute, var eg klissvåt og skiten frå topp til tå, så det vart rett i dusjen. Etterpå slappa eg av med lydbok, til eg tok fram strikketøy. Solveig kom ca.17.30 og vi var ein tur på Amfi; eg skulle ha berre mat i dag, Solveig såg på klede men kjøpte ingen ting. Så for vi heim her og drakk kaffi og prata.
Så gjekk den dagen over i historia - men eg håper på fine dagar utover hausten.

onsdag, august 15, 2018

Dagbok 2018: 15.august



Klokka er 17.00, temperaturen er +16  grader C og det regnar. Tidlegare i dag var det opplett og relativt fint. Eg kom nettopp att frå ein liten skogstur. Det var bra vêr då eg gjekk heimanfrå,  no sit eg her nokså drukna, men reknar med at kleda tørkar på kroppen. Hadde berre ei fleece - jakke utan hette på meg, så eg vart nokså våt i håret, før eg kom på at eg hadde ein plastpose i lomma som eg brukte til hue. Måtte prøve å berge frisyren frå i går, men trur ikkje det gjekk så bra.
Vart lei av å gå å virre inne i huset og tenkte eg kunne ta ein liten tur rundt Storebakken, men då eg kom bort i Fonnavegen vart eg freistea til å gå opp i skogsvegane, der eg gjekk nesten kvar dag for nokre år sidan. Nils og eg sette namn på alle vegane, så det skulle vere lett å finne meg i tilfelle det  skjedde noko. Ofte har eg tatt ein liten tur ut Raudhyttevegen og ned att Åsmundmarka. Det gjekk ikkje i dag. Det er store endringar etter at arbeidet med Fonnvernet tok til. Så eg gjekk ut Raudhyttevegen og sette meg på benken. Trudde der skulle vere fint utsyn no, men så langt opp hadde dei ikkje rydda, så eg såg berre inn i nokre graner som var enda høgare enn før. Ein annan ting som eg undra meg over var at vegen som eg hugsar som heilt flat skråa oppover heile vegen ut, og tilsvarande ned på tilbakevegen. Men det gjekk veldig bra å gå på den delvis attgrodde stigen, eg fekk ikkje så veldig vondt i kneet, men passa på å ikkje gå bratt nedover. Så får eg sjå kor det verkar i ettertid. Viss det går bra å gå i terreng så har eg eit alternativ-på asfalt går det i alle fall ikkje bra.
Tidlegare i dag har eg rydda og støvsuga i huset, eg har vore på data og ordna diverse og festa trådane på eit lestepar som eg skal ha sjølv. No skal eg slappe av litt. Blir sikkert ikkje noko hagearbeid i dag; sjølv om det lettar opp att er det nokså vått ute. Eg begynte på ei bok i natt då eg låg og ikkje fekk sove. Trur eg må lese første plata om att for eg fekk ikkje med meg så mykje. Ein av grunnane til at eg ikkje fekk sove var at opplesaren hadde så irriterande stemme.

tirsdag, august 14, 2018

Dagbok 2018: 14.august

Klokka er 19.15, temperaturen er + 19 grader C og det har vore ein fin lettskya dag. Dagane fyk av garde når vêret er fint, og dei blir alltid for korte til det eg har tenkt å gjere.
I dag hadde eg tenkt å vaske og støvsuge, men det blei med vaskinga. Det kom ein hyggeleg mann på besøk på føremiddagen, med 2 liter blåbær som han hadde plukka, sidan eg ikkje har føter til å gå i skog og mark tilgodesåg han meg med ein del av fangsten. Det er kolossalt med blåbær i år seier dei, og dei store hogstfelta bugnar av bringebær. Men eg har altså ikkje føter til å gå opp i fjellsida, dvs. opp kunne eg kanskje kome meg, men ikkje ned att.
Solveig nabo ville køyre meg til frisøren klokka 13.00 - så i dag var eg til min "gamle" frisør i Mosmarka. Eg har vore kunde hos henne sidan ho var ei ung jente, no har ho godt vaksne born. Håret mitt er no kort og mørkt ! Då eg skulle heim gjekk eg ned til gravplassen, og så henta Solveig meg der. Var bort og såg til grava, nellikane var bra fine enno, eg kneip vekk dei visne knoppane, men der var mange knoppar att.
Med det samme eg skulle gå ut av bilen, ringde Ragnhild, ho kom i går og lånte juspressa mi for å bruke den på bær. Det funka heilt fint. Ho ville kjøpe ei slik sjølv, men eg meinte vi kunne eige den i lag. Kor mange gonger for året brukar ein den, liksom.
Etter at eg hadde ete litt var eg ute i hagen og åt "erterpøler" , som vi sa heime, og så fekk eg smake plommene til Solveig og Gudmund- mine er ikkje modne enno. Ikkje får eg så mange heller.
Så gjekk eg inn att, las ferdig lydbok og strikka ferdig eine lesten i eit parallell-par. Har begynt å strikke lestar parallelt-det er ikkje så dumt. 
Har litt meir på programmet i dag, skal henge ut ein klesvask, og så må eg reinske blåbæra. Eg har det bra!

Bok nr.26 - 2018: Veien over klippene.



Er sannheten alltid nødvendig for å kunne leve sant?


Lucia lever sammen med sin forlovede Jack i London. Hun skal hjem på ferie, hjem til den værharde barndomsøya på Helgelandskysten der hun vokste opp med sin italienske mor og norske far, med utedo og sanking av ærfugldun. Lucia frykter hva Jack vil si om de enkle kårene hun kommer fra, og tyr til en løgn, sier at moren er blitt syk og ikke orker besøk av andre enn henne. Det går troll i ord da moren brått og uventet dør mens Lucia er hjemme. Full av skyldfølelse kan hun ikke annet enn å si ja til å oppfylle morens siste ønske: Å sette ned urnen på hennes hjemsted på Liguriakysten, et sted Lucia aldri har vært og som moren sjelden snakket om. 
…………………………………………………………………………
Når framsida på ei bok viser ei dame- med ryggen til- som går bortover ein ve, ei brygge eller liknande, er eg alltid på vakt. Då er det gjerne ein såkalla "dameroman" á la ukeblad-følgjetong. Og slike bøker likar eg berre sånn passeleg. Men når eg hadde ein heil bunke lydbøker liggande og ingen ville rippast -utan denne, så blei det til at eg las den. Eg hadde heile tida ei kjensle av at eg hadde vore borti den før, og då eg søkte på bloggen mi-ja, så hadde eg lese den før. Det kan vere ei velsigning med dårleg hugs somme tider-for eg hugsa ingen ting. No har eg altså lese den for andre gong. Eg likar ikkje ordet "tidtrøyte" men dette var altså det. Det er ikkje så mykje historia det er så mykje i vegen med, men måten den er fortalt på.

Lucias motvillige Italia-reise blir ikke bare en reise mot sannheten om hva som skjedde da moren forlot landsbyen, men også en reise på leting etter seg selv.

mandag, august 13, 2018

Dagbok 2018: 13.august

Klokka er 19.25, temperaturen er + 18 grader C og det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Men ikkje så varmt som det var tidlegare i sommar.
I går sovna eg på solsenga, noko som straffa seg i natt, det varte og det rakk før eg endeleg sovna, og då sov eg til den lyse dag. (Har veldig mørke gardiner på soverommet). Ergo kom eg litt dårleg ut  -kom ikkje i gang med alt eg skulle gjere før det leid på. Grasklipping var jobb nr. 1 i dag, men eg måtte vente litt til doggen var ute av graset. Venta ikkje lenge nok for eg høyrde at naboen dura på, så då starta eg også opp. Det var litt tyngre å slå i dag enn det brukar å vere, det var mykje gras og underlaget er mjukt etter alt regnet. Men fekk no klipt heile tomta til slutt, med diverse avbrot. Ei venninne kom og skulle råne jus-pressa og vi sat og prata, og så var det diverse drikkepausar og også ein matpause. Pausene vart nytta til diverse andre aktivitetar også, som tømming av vaskemaskin og liknande.
Det var langt ut på ettermiddagen før eg fekk spylt klipparen og sagt takk for i dag. Så vart det dusjing etc. før eg la meg ut på solsenga for å kvile foten min. Eg sovna litt i dag også, så no er det berre å håpe på at ikkje nattesøvnen vert øydelagd.
Inne i hus blir det ikkje gjort mykje slike dagar-her er mykje som står på vent-sidan eg prioriterer utelivet.
I morgon skal eg til frisør klokka 13.00. Eg syntest håret mitt var så "langt" og stygt, i dag synest eg ikkje det er så gale, men vil ein ha kort hår så må ein klippe seg ofte.
No skal eg ned i kjellaren og grave fram mat frå frysaren og ta opp klede frå vaskemaskina og henge ut. Og slik går no dagane- og dei går fort. Håper på finevêrsdagar framover, slik det plar vere når skulane startar opp.
Den lydboka eg les for tida har eg heile tida hatt ei aning om at eg har lese før. No såg eg etter på bloggen min, og ja, eg har lese den før. Og det var absolutt ingen god idé å lese den om att. Eg har liggande ein dunge med lydbøker, men eg får ikkje til å rippe dei, så eg hadde ikkje noko val. Håper her kjem ein datakyndig person innom snart som kan fikse det slik at eg får ril å rippe-det er sikker ikkje så vanskeleg, men eg prøver ikkje i redsel for å rote det til.


søndag, august 12, 2018

Dagbok 2018: 12.august






Klokka er snart 19, av ein eller annan grunn er det ofte på desse tider eg skriv blogg, kva no grunnen kan vere. I dag har vi hatt ein fin dag med ein god del sol, og no er temperaturen + 17 grader.
Då eg vakna i dag verkte eg noko forferdeleg i skuldrane, og eg forstod det var gikt. Då er det berre ein ting som hjelper; ulltrøye/genser dag og natt. Så i dag er eg godt kledd med ull på ull og skuldrane er heilt fine no.
I går skulle eg eigentleg rydde i garasjen, men det regna slik at eg slo det frå meg. I dag, derimot....Ja, det er kanskje gale å begynne med slik grovarbeid på søndag, men det gjorde eg altså. No har eg ikkje "finrydda" om nokon skulle tru det, men eg har i alle fall fått flytta litt på rotet og kosta golvet. Når snikkaren kjem, skal han ha ein stad å stå og sage, og det må vere under tak. Så denne ryddinga er for han. Der er mykje, mykje meir att som skal ryddast opp i, men det får kome seinare.
Etter at eg avslutta arbeidet var eg svolten og fann fram ein rest av Taco som var i frysaren. Det blei eit bra måltid. Etter at eg hadde ete, vore på data, snakke med ei venninne i telefonen m.m. la eg meg ut på solsenga, med madrass, pute og pledd. Det regna nokre få dropar, men eg sovna tvert og sov i timesvis, tungt og godt. Konklusjon: Fysisk arbeid+ mat gjer at ein søv godt.
Solveig og Gudmund var ute i hagen og plukka bær, så eg har no hatt litt menneskeleg kontakt i dag også. Innearbeidet sparer eg til hausten og vinteren. Det er masse eple på epletreet, så eg håper på å få lage mykje god jus i år også. Eg klipte plenane måndag og tysdag i førre veka, men no er graset så langt som aldri før. Slik er det kvart år; når ein endeleg har fått orden på plenane-DÅkjem hausten. Var ute for ei lita stund sidan og tok nokre bilde.

lørdag, august 11, 2018

Dagbok 2018: 11.august

Klokka er 19.20, temperaturen er + 13 grader C og det har vore regnbyger i heile dag. Eg misser litt av energien når det blir slikt vêr. Har tusen ting eg kunne gjort inne, men eg vil helst vere ute.
Tok og avisa og vaska frysedelen i kjøleskapet og fann både middag og dessert, som eg TVINGA i meg, ville heller hatt brødskiver. Men eg likar ikkje å kaste mat og som eit gammalt ord seier: "Alt går i grisen. " Eg var relativt tidleg oppe, så det vart tidleg middag og eg vart så trøytt av eg sovna ein liten augneblink i godstolen. Det gjorde susen!
Energien kom tilbake, så eg gjekk ut og plukka resten av stikkelsbæra, klipte ned busken og mol opp greinene, så fekk eg gjort litt i dag også.
Etter at eg kom inn att kom Marit på besøk, såpass eg fekk prata litt i dag også.
Elles blir det strikketøy og lydbok, viss eg ikkje finn noko på TV. Kjedar meg gjer eg sjeldan.
Komande tysdag har eg tinga time hos frisøren, det er eit skrikande behov for klipp og farge.
Ser at Olaug  er i Bergen og innreier den nye hybelen sin, ho har fått plass på ein studentheim. Eirik er vel framme og innstallert i Trondheim, Solveig og Øystein eg vel heime etter ferien i Italia. Måndag begynner lærarane skuleåret, og litt seinare  må elevane også møte fram. Det er berre vi pensjonistane som kan ha ferie framleis. Eg er lei av regn no, vil ha meir sol, sommar og uteliv, takk !

fredag, august 10, 2018

Dagbok 2018: 10.august.

Klokka er 18.45, temperaturen + 14 grader og det regnar meir enn det har gjort dei andre dagane i denne veke. I dag har det vore heilgrått. Eg er som hoggormen, mest aktiv i fint og varmt vêr-i dag har eg lagt i hiet mitt, dvs. vore inne. Marit og eg var nedover og handla på AMFI i dag. Eg trefte ei dame som eg kjenner, som eg ikkje har snakka med på ei stund, så det blei ein litt lang prat. I dag handla vi mat på Bunnpris.
Eg har ikkje gjort noko anna nyttig i dag enn å tømme oppvaskmaskina, sette på vaskemaskin og strikke. Elles har eg berre lata meg. Dessutan er eg komen til laurdag i tankane mine, og eg greier ikkje å om-programmere.
Mens eg sat og åt begynte eg å tenke så veldig på Eirik, fann ut at det var veldig lenge sidan eg hadde sett han. Ikkje før hadde eg tenkt tanken, så ringer han frå Hovdebygda og vil komme på besøk. Så fekk eg ein å drikke kaffi med i dag også. Alltid kjekt når barnebarna kjem på besøk, og etter kvar er dei no blitt vaksne personar som det er veldig kjekt å prate med. Eirik skal reise til Trondheim alt i morgon, der han skal bu i lag med to kameratar mens dei studerer. Eirik skal studere musikk, og han er som rimeleg er spent på kva studiet inneheld og kva nivået er, kva som blir forventa av studentane osb. Det skal bli interessant å få vite meir om det.
Rasmus og familien er heime i Kongsberg, der er det berre Eivind som skal skifte beite i år, han skal begynne på vidaregåande.
Vi skal vel ikkje klage på sommarvêret i år, men no synest eg det har regna nok. Eg kjøpte ein solbærbusk i går som eg gjerne skulle ha planta, den står i ei potte. No ser det ut til at eg kan få med meg dagsnytt i dag- og så er det vel sport...…. Ikkje før var vi ferdige med Lars Monsen, så tek idretten over. Ikkje alle er like interesserte.
Sidan kalenderen seier at det er fredag, vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, august 09, 2018

Dagbok 2018: 9.august


Klokka er ca.21.30, vêret er lettskya og fint, men det er tydeleg at det har vore regnbyger mens eg var borte.
I dag har eg hatt ein fantastisk dag; Margrete og eg har vore på tur til Eid, og der vart vi verande både vel og lenge. Marit køyrde meg ned til bussen, så var det buss til Volda og ferje til Folkestad ,der Margrete venta. Vi var så vidt oppom huset til Margrete før vi køyrde til Eid. Første stopp var kyrkjegarden, vi ville sjå korleis gravene såg ut før vi kjøpte noko. Det blei ein liten runde på kyrkjegarden, der det var mange kjende namn på gravene. Så var vi ein tur på AMFI på Eid, og der såg vi utruleg mykje fine klede. Det var mykje eg kunne ha tenkt meg, men stålsette meg og tenkte på kleskapet heime. Margrete her meir bruk for klede enn eg, så det kan vere ho tek seg ein tur til. Vi var innom Hildenes gartneri og kjøpte to lyngplantar på gravene, og ein solbærbusk til meg. Der er så mykje fint på den butikken-ikkje berre blomster, men all slags "stæsj".
Bodil hadde sendt meg ein e-post som eg ikkje hadde lese, men vi hadde i alle høve tenkt oss opp på Hildegard. Vi vart vel mottekne der. Bodil hadde laga brennsnut, eller betasuppe som vi kallar det, og etter kvart dukka begge døtrene opp i tillegg til Elin ,systera til Bodil. Det er ho som er meister for den fine løparen på bildet. Den ser litt "knørva" ut, fordi den har lagt tett saman - pakka. Elin er veldig flink med all slags handarbeid og driv mykje med quilting. No fekk eg endeleg ein fargeklatt i stova, eg har sakna det. Dei to dørene strikka. Men alle åt og vart mette, og etterpå fekk vi kake og kaffi. Det vart mykje prat, både om slekt og anna. Vi hadde det veldig kjekt. For meg som ikkje har vore på Eid på tre år, var det mykje nytt å sjå, så eg må nok ha meg fleire turar. På heimvegen var vi opp att på gravene. 
Vi køyrde heim over Grodås, og eg blei frakta til døra heime. Eg har mange å takke for denne fine dagen. Så takk til alle! "Ingen nevnt, ingen glemt", som det heiter.


onsdag, august 08, 2018

Dagbok 2018: 8.august

Klokka er 18.50, temperaturen er + 17grader C og det regnar. Tidlegare i dag var det opplett så då var eg ute og jobba i hagen ei stund. Dei siste par timane har eg vore inne, har sete ved datamaskina og høyrt lydbok mens eg strikka. Men heller ikkje strikking er ufarleg for ein gammal kropp, held eg på for lenge, blir det protest i venstre skulder.
Eg starta dagen med litt husarbeid, så fann eg ut at eg ikkje hadde rydda opp i alt garnet i går, restane frå dei to kofteprosjekta var att. Så var det å få orden på dei nøsta også. Egg begynte så smått å bli motivert til å strikke halskanten på siste kofta, men kvar var den? Ei stor kofte må no vere mulig å finne, men til denne tid har den ikkje dukka opp. Eg har leita alle mulige og umulige plassar utan resultat. No har det til tider vore litt hektisk i heimen, og når eg ryddar i full fart kan mykje skje. Men dette forstår eg altså ikkje. Skal bli interessant å sjå om kofta dukkar opp- og kvar.
Utearbeidet i dag bestod av klipping av gras-med saks, såkalla finpuss, litt luking og fylling av bossdunk.
I morgon skal Margrete og eg til Eid, eg har sjekka buss og ferjeruter og sikra meg skyss ned til bussen med Marit G. Ho skal på trening klokka 11-og køyrer meg til bussen først. Då skal eg teoretisk sett rekke ferja klokka 11.30. Viss dei ikkje stoppar for lenge i Furene. Eg har lang trening i bussturar til Volda, men det er ei stund sidan sist. Margrete møter meg på Folkestad.
Ser på FB at Rasmus og fam. var på flyplassen på veg heim, kva tid Solveig og Øystein kjem, veit eg ikkje.Det nærmar seg skulestart for lærarane no- og snart for elevane også, så dei fleste vender heim i desse dagar. Sjølv om eg har heilårsferie så er det litt vemodig at sommaren snart er slutt. Til eldre ein blir til fortare går tida.
I går skreiv eg om dei tre klematisane mine, i deg var det komen ein lavendelblå blomst også. Så alle tre er i live. Og snart må eg ta opp potetene mine, trur eg.

tirsdag, august 07, 2018

Bok nr.25 - 2018: På grunn av et løfte

Manhattan, 02:17 om morgenen: Telefonen på Myron Bolitars nattbord ringer. I den andre enden er Aimee Biel - en skremt tenåring som har ringt til den ene voksne som har lovet å hjelpe henne hvis hun noen gang skulle havne i trøbbel. Han snubler ut av sengen, og kjører av sted for å hente henne på et kaldt gatehjørne og bringe henne i sikkerhet. Mot bedre vitende lar han henne overtale seg til å slippe henne av på en ukjent adresse i en forstad. Det skal vise seg å være en feiltagelse han vil angre. Aimee forsvinner inn i natten, og øyensynlig fra jordens overflate.

Drevet av skyldfølelse og Aimees fortvilte familie, bestemmer Myron seg for å bli personlig involvert i letingen. Men han har en plaget fortid, hvor hans kjære ofte har måttet ta støyten. Nå må Myron en gang for alle bestemme hvem han er og hva han står for, hvis han skal kunne redde både Aimee og seg selv.
………………………………………………………………………………
Eg er ikkje så veldig begeistra for denne typen kriminalromanar. No vurderer eg denne som lydbok. Særleg lydbøker bør vere det eg kallar "fokuserte". Med det meiner eg at det ikkje skal vere for mange digresjonar og avsporingar. Heller ikkje så mange personar å halde greie på-når ein ikkje les boka samanhengande blir det mykje å halde orden på. Denne boka var vel verken betre eller dårlegare enn andre bøker av samme forfattar. Det blir gitt ut mykje krim, særleg som lydbøker. Etter kvart vert ein kresen og vil ha noko nytt, ein ny vri etc. Ein vil gjerne bli litt overraska, det blei eg ikkje her.

Dagbok 2018: 7.august

Eg har tre sortar klematis. Den mørkt lillablå har eg hatt lenge og delt den opp, så no har eg tre av den sorten. Den som ser kvit ut på bildet er eigentleg i to rosa nyansar. Har også ein lavendelblå, men han har ikkje vist seg enno.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 24 grader og sola skin. Det er så fint som det kan bli ute akkurat no. Tidlegare i dag kom det nokre få regndropar, men ikkje så mykje at det gjorde noko. 
I dag kan eg ikkje skryte av alt eg har gjort, for det er sant å seie ikkje mykje å skryte av. For det første vart eg liggande meir og mindre vaken i heile natt, men i tillegg til å vere trøtt, var eg kvalm og uvel på føremiddagen, særleg. Eg mistenker at det har med dei betennelseshemmande tablettane å gjere, fekk ein ny sort sist eg kjøpte. Og så kan det hende eg har tatt tablettane lenge nok. Legen sa at eg kunne ta dei så lenge eg ikkje vart dårleg i magen, og det har eg ikkje vore. Har merka litt andre dagar også, så eg lurer på om det er betre å ta dei om kvelden. 
I dag måtte eg på apoteket og få tak i sovetablettar, og eg spurde Solveig nabo om ho skulle nedover, og det skulle ho. Ho hadde to barnebarn med seg, så vi var fullasta. Eg fekk tablettane og så kjøpte eg litt mat. Eg var så svimete då eg gjekk inne på Amfi at eg var redd eg skulle svime av, men så gale vart det ikkje. Eg gjekk ut og sat på ein benk og venta litt
Elles sat eg og gjorde ferdig eit reste-leste-par før vi for nedover, mens eg høyrde lydbok. No er eg snart ferdig med boka, heldigvis. 
Då vi kom heim åt eg litt og så gjekk eg ut og klipte plenen opp mot vegen, så no er eg komen rundt-og kan ta ei veke fri-frå klippinga.
Har ikkje vore så arbeidsam i dag, men prøvde å få vekk litt av gras og andre grøne vekstar som veks i singelen. Kvar sommar driv eg også og ber opp att singel som har sige nedover mot kjellardøra til dømes. Singel ligg ikkje i ro! Ein skulle like godt ha asfaltert først best, sjølv om eg ikkje er så begeistra for asfalt. Etter som åra går får ein meir og meir erfaring, då veit ein kva ein skulle ha gjort-eigentleg. Men det er for seint !
Torsdag skal Margrete og eg ein tur til Eid om alt går etter planen. Det er tre år, minst, sidan eg var der. Då skal eg ta buss til Volda og så møter Margrete meg på Folkestad. Det er litt logistikk berre ein skal ein liten tur når ein ikkje køyrer sjølv.

Dagbok 2019: 11.desember

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar litt. Det er ein del is på tunet, men vegane er nesten berre når ein kjem ut av...