lørdag, februar 29, 2020

Dagbok 2020: 29.februar




Desse bilda er tatt klokka 8.30 i dag, då er det sol nede i sentrum, men ikkje her oppe. Her kjem den litt seinare. Sola er høgt på himmelen no, men det er ikkje mykje vi har sett til den i år.


Klokka er ca.18.00, temperaturen på trappa er + 5 grader no. Då eg stod opp i dag var det klårt og sol ute, men det varte ikkje så lenge før det skya meir og meir over, og vinden bles snøen av trea.
Mens det enno var fint, bestemte Marit og eg oss for å gå tur klokka 12. Vi gjekk ikkje så lang, berre ut Starevegen og inn att Olavsgata. Der trefte vi ei vi kjenner og vart ståande å prate med henne. 
Tilbake i Starevegen spurde Marit om eg ville vere med opp til henne og drikke kaffi og det ville eg. 
Då eg kom heim var det alt langt på dag, så eg sette på ei panne med poteter som eg skulle ha til middag attåt spekepølsene mine. Så begynte eg på sudokuen for tredje gong, men var ikkje komen langt før ein bil stoppa på tunet-ein liten raud KIA. Margrete hadde vore på UKM i lag med dei to heimeverande barna, og tok turen opp hit. Vi drakk kaffi og prata ei stund før ho måtte fare.
Då først la eg merke til at heile tunet mitt var fint mòka-og ikkje nok med det, der låg også eit nytt snøbrett. Då eg fann ein sekk ved i garasjen fekk eg mistanken min verifisert. Eg har veldig kjekke naboar, elles kunne eg vel ikkje ha budd her åleine.
Både Margrete og andre har ringt til meg i dag, men det hjelper lite når eg hadde lagt frå meg begge telefonane ved datamaskina. Doroen brukar eg elles alltid å ha i bukselomma. Denne dagen har gått veldig fort, og eg har hatt det kjekt. No har eg ete middagen min, og snart blir det å benke seg framfor TV-en.
Olavsgata i dag. Mange var ute med spark. Eg har ein nesten ny spark hengande, men fann ut at det var ikkje vits i å ta den fram for det er meldt mildvêr og regn.

fredag, februar 28, 2020

Dagbok 2020: 28.februar


Klokka er 17.20, temperaturen er + 1 grad C og det snøar. det har det gjort uavbrutt i heile dag, og eg synest ikkje det er populært. Men eg kan no vere glad for at vi handla i går i alle fall. Eg har ikkje tenkt å moke vekk denne snøen, den skal få ligge til den smeltar!
Etter at eg la meg andre gongen i natt sov eg heilt til klokka 9, og då eg såg veret var eg freista til å legge meg igjen. Det gjorde eg ikkje.
Slike planlause dagar vert det sjeldan gjort noko særleg - og ikkje i dag heller. Det vil seie eg har jobba ein god del med spansken, vi har mykje og vanskeleg lekse denne veka. Lærdommen går ikkje så lett inn som i unge år.
Sudokuen slo seg også vrang; eg plar klare den på vel ein halvtime, men denne må eg visst gi meg på. Det er no ingen viktig sak for andre enn meg sjølv, som helst ikkje vi gi tapt.
Eg har vaska og tørka litt klede, rydda litt i skap etc. Der var eg heldig at eg fann att "støtta" til handleddet, den er det god hjelp i. 
Til middag i dag steikte eg potetene og resten av fisken frå i går+ litt Wok-grønsaker vart det fullgod middag. Potetene var best.
Så har eg lese litt i boka mi. I fjor vinter hadde eg det mykje kjekkare, for då kunne eg strikke så mykje eg ville. No må eg vere forsiktig med kva eg brukar armane til. Heldigvis er det mykje å sjå på TV om fredagane.
No har eg laga meg til ein kopp kaffi såpass eg held meg vaken ei stund til. Ønsker alle ei god helg. Eg håper på ein tidleg vår.

torsdag, februar 27, 2020

Dagbok 2020: 27.februar


Klokka er snart 17.00, temperaturen er + 3 grader og det er fint, men overskya, vêr. Det er ikkje mykje vi har sett til sola i vinter. Bildet over har eg funne på Facebook. Det er Nelly Perdy Øye som har tatt det. Eg kjenner henne frå pensjonistlaget. ho er ein habil fotograf og mange av bilda som blir vist på lokalsendingane på TV er det ho som har tatt. Bildet er tatt nedanfor Ose-brua i dag.
I dag vakna eg tidleg, men greidde å ligge i ro til 7.30, då berre måtte eg stå opp. Eg blir betre i hender og armar så snart eg kjem i bevegelse. 
I dag sette eg meg til med litt skrivearbeid, men får ikkje gjort det heilt ferdig utan å snakke litt med Eli.
Eg skulle skrive melding til Marit for å spørje om ho skulle handle i dag, men då eg gjekk inn på Messenger, låg der ei melding FRÅ henne, ho lurte på om eg skulle handle i dag. Vi vart samde om å fare til Vik klokka 13.30. Vi handla på Spar og så var det rett heim att.
Før vi for nedover hadde eg tatt "fredagsvasken", dvs. shina og vaska golv på bad og kjøkken.
Då vi kom heim att tok eg meg litt mat, middagen får vente litt til. Eg har kjøpt steikt sei i frosen tilstand-ikkje langt frå "fiskepinnar"-  eg fekk så lyst på fisk. Om ei stund skal eg steike fisken og koke poteter til. I mellomtida har eg lese i boka mi og sløva på sofaen. DET må vere lov når ein vaknar så tidleg.
Eg har jobba litt med spansken i dag også. Eg har ingen problem med å forstå, det er verre å hugse. Men dei andre på kurset har det sikkert på samme måte. I går forkynte Eli: "Han Knut ha no sett lyset!" Då kom det lakonisk frå Knut: "Ja, men det vart fort mørkt igjen".  Der er veldig mange program på data der ein kan lære spansk. Dei ligg på You tube. Vi brukar dei i undervisninga, men det er kjekkare å kome i lag å lære enn å sitte heime åleine. Vi gjer begge delar.
Eg har litt dårleg samvit for at eg ikkje har trimma i dag, men får ta det igjen i morgon.
PS: Dobbeltklikk på bildet for å få betre effekt.

onsdag, februar 26, 2020

Dagbok 2020: 26.februar

Klokka er 18.00 om eit par minutt, temperaturen er så vidt under 0 grader, men er nok på veg ned. Det er ikkje heilt klårt, men vi har no sett sola i dag også. Eg var oppe klokka 8 i dag, kunne like godt stå opp når eg var vaken. Eg dusja og vaska håret og kledde meg relativt pent til eg skulle på kurs. Det var kjekt som vanleg, vi tek ikkje verken oss sjølv eller andre særleg høgtidleg-det er lov å gjere feil. Eg hadde no gått gjennom det same heime som dei hadde gjort på kurset førre veka, så det vart ikkje heilt flause. Vi blir betre kjende med kvarandre etter kvart-det er alltid kjekt med nye venner i tillegg til dei gamle.
Etter spanskkurset var det styremøte i pensjonistlaget, og no er det to skriveprosjekt som eg må få unna. orka ikkje å begynne på det i dag, det kjem ein dag i morgon også.
Var ned på biblioteket og hadde frå meg boka eg hadde lånt der. Eg handla ikkje i dag, må ete litt meir tomt først.
Syntest ikkje det var fristande å gå inn då eg kom heim, så eg tok ein spaser-runde på Vallabøen, opp Storebakken osv. Ville ikkje gå på Vernet i dag, dels fordi det var ekkelt å gå der i går, og så hadde eg dei nyaste støvlettane på meg, og dei ville eg ikkje fare stygt med. Vegane var delvis berre og tørre.
Då eg kom heim var klokka over 15, så då vart det litt mat. Så var eg på data ei stund før eg fyrte i ovnen og la meg på sofaen og las bok.  Som de ser har eg ikkje så mykje å skrive om, men det er no såpass at de veit eg har det bra. No skal eg snart ta fram spøtet og sette på TV. Eg har ikkje planlagt noko for morgondagen, anna enn litt skrivearbeid for Pensjonistlaget. No skal eg skrive ei lita oppsummering frå møtet i dag.

tirsdag, februar 25, 2020

Dagbok 2020: 25.februar


Klokka er no 17.25, temperaturen på trappa er minus 1 grad, men det blir nok kaldare etter kvart.
Eg vakna tidleg i dag, og verkte veldig i nakke og skuldrar, men eg sovna igjen, og då eg stod opp vart eg betre med ein gong. Eg såg ut og der låg snøen kvit og fin, og himmelen var klår. Sola kom inn i stova før klokka var halv ti. Sola varmar inne no og vi har den her heile dagen-er ikkje sikker på kor lenge.
Eg hadde ikkje store planar i dag, men eg la i hop ein klesvask om ikkje anna.
Så var eg så syndig at eg sette meg til å lese ut boka eg heldt på med. "Gaven" heiter den, og de kan lese om den under her.
I dag måtte eg berre ut i finevêret sjølv om det var kaldt. Kledde godt på meg og så gjekk eg på Vernet. Det var litt utfordrande å gå der i dag, for der var både is og snø, så eg måtte passe meg for å dette. Kvilte litt på benkane som står rundt omkring, for å få sitte i sola. Var vekke ca. 1 time.
Det vart ei økt med spansk før eg laga meg til noko mat. Berre smørbrød i dag. Det er greitt nok.
Når eg kjem frå kulden og inn i varmen, blir eg trøtt og vil sove, så eg la meg å dagsenga ei stund etter at eg hadde ete. Trur ikkje eg sov så lenge. Og så var det på an igjen med spansken. Eg lærer ikkje så fort no når eg er gammal.
No ser eg fram til spansken i morgon, det er sosialt og kjekt. Og etter kurset skal vi ha styremøte i pensjonistlaget på same staden, altså Bakk-Ola-marka. Så må eg ein tur på biblioteket for å levere ei bok. Ja, meir veit eg ikkje enno.
Eg angrar på at eg ikkje fekk all snøen vekk frå trappa i går, for no vart det is.
Det ser ut til at vi får samme vêret i morgon - og det er ikkje meg imot. Vegane er ikkje så fine, for dei pløgde ikkje snøen som kom i går, så det er noko ruglete når ein skal køyre, ja når ein går også, sjølvsagt.



Her ser de tydeleg korleis ein kan køyre Vikegeila oppover mot Skåla, og parkere ved Fonnvernet. Det er mange som gjer det.

 Dette er Lynvegen.

Bok nr. 11 - 2020: Gaven



GAVEN

Bare den som kan se med det innerste øyet,
kan forstå de klokes hemmelighet.
Siden hun var liten, har Anne visst at hun er født med en gave, en evne til å se, og et kall til å hjelpe syke og lidende. I stedet for å være stolt over denne gaven, gjemmer hun den bort. Hun vil ikke være annerledes.

Vinteren 1841 reiser Anne fra Vardal til Christiania for å tjene hos byens mest berømte gullsmed og hans unge, vakre kone. Hun har valgt den veien hun tror er den rette. Det eneste hun har med seg er noen tørkede planter, en sort bok og en hemmelighet. Men livet i Christiania er ikke som hun hadde trodd, og det er først da hun tror at hun har mistet alt, at Anne finner kraften til å stole på hvem hun er.
Gaven er en roman basert på livet til Anne Brannfjell, husmannsdatteren som ble Norges mest kjente kloke kone. Den er en fortelling om frykt og fortielse, men også om kjærligheten og tillitens plass i våre liv, og om mulighetene som åpner seg når vi våger å stå ved oss selv. Gaven er en historie om dyp fattigdom, svik og krenkelser, men det er også en kjærlighetshistorie om mot, håp og om å finne veien hjem.
Ellen Vahr er Anne Brannfjells tipp-tippoldebarn
……………………………………………………………………………..
Denne boka på nesten 400 sider har eg lese på kort tid. Eg likar å lese bøkerfort, då blir opplevinga meir intens. Ellen Vahr har skrive ein roman om tipptippoldemor si, Anne Brannfjell, som var det som den tida heitte klok kone. Det vil seie at ho kunne helbrede folk med uttrekk av plantar etc.+ diverse mystiske ritual.
Boka er på mange måtar litt gammaldags i skrivemåten, men lett å lese. Eg synest det var interessant å lese-mest fordi mykje var henta frå røyndommen i Christiania på 1800-talet.
For meg kom det fram ei fortelling som farmora mi fortalde. Då far min var liten tok ho han med til ei slik kone, fordi ho meinte han hadde "vannhode". Den kloke kona hadde nokre underlege ritual, men bestemor var sikker på at det var ei god dame, for ho las Fadervår mens ho smelta bly i ei panne.
Les gjerne denne boka.

mandag, februar 24, 2020

Dagbok 2020: 24.februar

Klokka er 17.42, temperaturen er 0 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr.
I dag vakna eg til kvite marker, noko eg ikkje var spesielt glad for, men viss snøen får ligge i ro og det ikkje kjem meir, er det OK. Sol har det også vore i dag, men berre innimellom.
Eg sov ekstremt godt sist natt og utover morgonen. Eg hadde ein mistanke om at eg hadde tatt sovetabletten min to gonger i går kveld, og det stemmer nok, for eg har vore nokså trøtt i dag.
På føremiddagen sette eg i gang å rydde litt i kleskapa mine, men eg var ikkje spesielt entusiastisk. Eg har for mykje av alt, men får ikkje så godt til å sortere ut, heller. Litt betre orden vart det likevel. Så var det snømòking. Å måke snø når ein ikkje kan løfte armane, det er ein liten kunst, men eg greidde det på ein måte. Eg brukte snøskufla som snøbrett og fekk rydda såpass at eg kan komme meg ut med bilen viss eg må. Brettet er øydelagt og eg har ikkje kjøpt meg nytt enno - og no er det vel i seinaste laget.
Til middag i dag var eg rimeleg kreativ. Eg tok resten av grønnsakene i ein pose og steikte, og så hadde eg ein rest av spagetti ståande. Eg trur retten vart veldig berekraftig, halve tallerkenen var grønsaker. Eg driv og skal ete tomt kjøleskapet, så det blir nok mange rare rettar framover. Når det er tomt der, har eg ein frysar på 400 liter som er ganske fullstappa. Ikkje alt er middagsmat, altså.
Etter middagen sette eg meg på ein hard kjøkkenstol og las i boka mi; måtte vere sikker på å ikkje sovne. Hadde ein kopp kaffi også. 
I morgon skal eg ikkje trene og ikkje torsdag heller, men no gleder eg meg veldig til å komme på spanskkurs igjen på onsdag. Viss det blir fint vêr i morgon må eg ha meg ein tur ut.



søndag, februar 23, 2020

Dagbok 2020: 23.februar

Klokka er no 17.42; temperaturen ute er + 1 grad, og det har kome litt snø. 
Då eg stod opp i dag var det bert og eg tenkte at det kunne bli ein tur på Vernet, men lysta avtok då det begynte å snø. Eg er så lei av vêret denne såkalla vinteren.
Men eg har alltid noko å ta meg til, og eg får aldri gjort alt eg har tenkt. 
På føremiddagen i dag festa eg trådar på eit plagg eg har strikka, vaska det og la det til tørk. Deretter rydda eg i strikkepinnar og garnrestar. Eg har mine eigne garnrestar i tillegg til dei eg har fått av Solveig, og alt skal bli til noko om eg kjøper litt garn attåt. Lestar blir det til dømes aldri for mykje av. Slike ryddeprosjekt tek meir tid enn ein skulle tru, men eg sit ikkje i tidsklemma. Så laga eg meg litt middag, i dag vart det også steikte grønnsaker, men sidan det var sundag tok eg ein pølsebit til. Eg prøver å ete opp restar som eg har i kjøleskapet på kjøkkenet. Eg har den uvanen at eg kjøper inn meir enn det eg et opp-det bør eg slutte med.
Eg har sjølvsagt jobba med spansken i dag også, og gler meg til eg skal på kurs onsdag.
Eg la meg inn på dagsenga for å lese i ei av bøkene eg hadde fått frå Øystein, ei bok som eg trur eg vil like godt. Men trur de ikkje eg sovna? Klokka var 17.30 då eg vakna og då meiner eg å ha sove ei god stund. Det er lettare for meg å sove om dagen enn om natta. 
Eg var lens for ved, så eg har ikkje fått fyre i omnen siste dagane, men no har eg sendt melding til Even om at eg treng meir brensel. Eg held meg mykje på datarommet mitt, for her blir det fort varmt sidan her er berre ein ytrevegg og rommet er lite. Her har eg liksom kontoret mitt og ei seng eg kan legge meg ned på. Men når eg skal sjå TV må eg inn på stova. Eg brukar sjeldan å sette på TV-en før klokka 19. Men no skal eg sette meg inn i godstolen og lese bok. Er det KVILEDAG, så er det KVILEDAG og då skal ein vel KVILE ?


lørdag, februar 22, 2020

Dagbok 2020: 22.februar



Året er 2011


Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 2 grader, og det er vått, vått, vått. Regnet tek aldri slutt.
I dag fyller Audun 30 år, og den dagen han vart født regna det også-det hugsar eg godt. Det var tidleg vår det året . kan ikkje seie det på same måten i år, for vi har nesten ikkje hatt vinter-berre regn.
I går kveld både regna og bles det i tillegg til at det var torevêr.  Eg hadde ei dårleg natt attpå alt, verkte verre i armane enn nokon gong, men etter at eg stod opp i dag tidleg har eg hatt det rimeleg bra. Men eg er litt trøtt, så eg ville sovne då eg sette meg ned. Hadde time hos frisøren klokka 12, og etterpå var eg ein liten tur på ALTI. Eg trefte ingen eg kjende. 
Til middag i dag steikte eg frosne grønsaker og hadde litt Wok-saus på. Det var godt.
Vart sittande inne i stova og halvsove, så eg vart frostig, så no skal eg koke meg litt kaffi.
Gløymde visst å seie GOD HELG i går, så får eg gjere det i dag. Og så er det slutt på vinterferien for dei som har hatt det. Dagane og tida går fort. Komande veke skal eg ikkje på trening , men spanskkurset vil eg ikkje unnvere fleire gongar.
Det er litt huskaldt med meg, det merkast at leigebuarane ikkje er her og fyrer.
"Bursdagsbarnet" er langt oppi nord, han var heime her, men var sjuk mesteparten av tida, så eg fekk ikkje treffe han. Men det blir vel treff i påska om ikkje før.

fredag, februar 21, 2020

Dagbok 2020: 21.februar


Klokka er 16.30,temperaturen ute er+ 4 grader og det har regna mykje i dag også. 
I går kveld hadde eg gløymt heitle sudokuen som eg plar hente frå Møre-Nytt på nett, kvelden før avisa kjem ut. Klokka var halv tolv før eg hugsa det, og sudokuen var såpass vanskeleg at eg måtte gi meg på det og gå til sengs, for å ta den att til frokost i dag. Og enno er eg ikkje ferdig. Måtte dusje og vaske håret før Solveig kom kl.11. 
Vi har hatt litt av ein dag. Vi har stima rundt til fots både i Volda og Ørsta og kjøpt litt av kvart. Starta på Møre konfeksjon, der var det SAL. Så var vi på strikkebutikk og på Varmesen. Det regna og det bles. 
I Ørsta skulle vi på kafé, vi parkerte ved Kiwi. Kika inn døra på Fugl Føniks men der var det alt overfylt, så det blei pærekake på Fru Svendsen i staden. Var ein tur på Jernia også, før vi gjekk bort til bilen som stod parkert . Måtte inn der og kjøpe litt kaffimat blant anna, slik at vi kunne drikke kaffi i Starevegen også.  Dei som er godt kjende i bygdebyane forstår at vi har labba rundt litt.
Solveig hadde med ein fin, gul orkidé til meg. Eg er veldig glad i orkidear.
Eg hadde strikka eit par lesta til Solveig, dei sette ho pris på. 
Dessutan hadde ho med bøker frå Øystein og det passa bra for no hadde eg lese ut dei fleste som eg hadde frå før.
No skal eg ta att sudokuen og sjå om eg kjem i mål før det blir TV-tid.
I morgon skal eg til frisør klokka 12, eg gler meg til å få stussa ragget mitt.
Forutan kongen veit eg om minst to andre som har fødselsdag i dag, det er Hilde, dottera til Rolf-eg er altså tanta hennar. Og så er det Henning som vi var i konfirmasjon til i fjor, eg er tanta til mor hans. Eg vil gratulere dei med dagen!




torsdag, februar 20, 2020

Dagbok 2020: 20.02.2020


Klokka er 16.45, temperaturen er + 1 grad C. På føremiddagen var det grønt som ein maidag ute, men etter at eg hadde kvilt litt, var dette synet som venta meg. Måtte berre ut på trappa for å verifisere vêret.
Sist natt sov eg godt utan problem, armane var vonde då eg stod opp, men elles var eg i bra form. Eg hadde ein liten plan for dagen og det var å ta fredagsvasken i dag sidan Solveig ville kome ein tur i morgon. Den vasken tek ikkje lange stunda så eg hadde nokre andre jobbar på lur. Solveig ringde og vi avtalte for morgondagen. Vi skal ein tur til Volda for å handle litt og så får vi sjå kva vi elles finn på. Eg er litt pysete med det at eg ikkje køyrer til Volda sjølv-det har med vegar og trafikk å gjere. Her i Ørsta køyrer eg overalt.
Då eg var ferdig å vaske golv tok eg og laga til ei bytte med eddik-vatn og vaska vindua med mopp utvendig. Eg har ikkje tru på at dei vart fine og blanke, men kanskje ser dei litt mindre skitne ut ? Svaret får eg når sola kjem fram.
Sidan eg ikkje var på spanskkurset i går, har eg jobba ganske mykje med spansken her heime. Vi jobbar mellom anna med "Mi vida loca" på data, og det kan eg gjere heime også, er redd for å dette av lasset viss eg ikkje får med meg alle "timane". Brukte mykje tid her heime i alle fall. 
Til middag kokte eg spagetti og åt den med riven parmesan. Det kan no ikkje vere skadeleg ? Det som var att av spekesilda måtte eg berre kaste. Når ein er åleine kan ein ete akkurat det ein vil-det er ein fordel.
Eg la meg ei lita stund på dagsenga mi og høyrde  lydbok. Held meg mykje her på datarommet når eg er her åleine, for her er det varmare enn inne i stova. No skal eg kanskje bøte nokre lestar-det er slikt eg gjer innimellom. Kan ikkje strikke for mykje, men strikka ferdig eit lestepar i går. Det går bra å strikke når det ikkje blir for mykje.
Den snøen som kjem ned no var eg ikkje budd på, men den regnar vel fort vekk igjen.


onsdag, februar 19, 2020

Dagbok 2020: 19.februar



Klokka er 17.30, temperaturen er + 4 grader C, og no er det opplett ute, det ser ut for at eit finare vêr er på veg.
Eg hadde to ting å sjå fram til i dag, spanskkurset og kino. Men eg gledde meg for tidleg. Ei lita stund etter frokost blei eg brått veldig dårleg i magen, men eg trudde det skulle gå over, det gjorde det ikkje. Eg tok nokre tablettar som eg kjøpte i går, og det roa seg. Eg veit ikkje om det er ei omgangssykje eg har fått, eller om det er reaksjon på dei betennelses-hemmande tablettane eg tek. Legen har sagt at viss eg blir dårleg i magen må eg slutte med dei straks - eg har ikkje tatt dei desse siste dagane. Eg kunne ha gått på spansken, men eg tykte det var for utrygt så eg vart att heime, og jobba med spansken åleine + You tube. Strikka ferdig ein lest og las ut boka mi, det er det eg har gjort i dag, og eg kjenner meg ikkje frisk nok til å gå på kino heller.
Når eg for ein gongs skuld planlegger noko-då skjer det seg nesten alltid noko som øydelegg. Så eg har aversjon mot planlegging.
Eg har vore frostig i dag, så eg har halde meg på datarommet, her får eg det varmare enn inne i stova, men no er her FOR varmt-det er kanskje teikn på at eg frisknar til.
Eg er ikkje vand til å vere sjuk, berre ha vondt i armar og bein - elles plar eg ikkje feile noko. Få håpe dette går fort over.
Fastelavnsriset kjøpte eg av Mari Ella.

Bok nr.10 - 2020: Byens spor. Skyggeboken

Byens spor



Hva hører vi når vi lytter til byens lyder? Hvilke spor etterlater den i oss? Hvem er det i andre enden når det ringer? Sentralt i Byens spor står Maj Kristoffersen, hennes skjebne er tett vevd sammen med byen og gatene hun lever i: Men like mye menneskene hun deler byen med, først og fremst barna, Jesper og Stine. Kvinnene i Røde Kors som utgjorde Fagerborgs usynlige sosiale ryggrad. Barna er blitt voksne og tidene forandrer seg. Håp og drømmer får brynt seg på en verden som ikke lenger går på skinner. Voksesmertene preger dem alle når nye dører åpner seg og de gamle lukker seg. Lars Saabye Christensen har lagt øret inntil byens konkylie og lyttet til dens spor. Med finstemt følsomhet avlytter han hver enkelt rille. Han ser lyset kaste skygger den ene veien når solen går ned over byen som en gang var, og den andre veien når solen står opp over en by som våkner til en ny tid. Uvegerlig reiser spørsmålet seg: Hvem er vi som bor i denne byen, dette landet og denne tiden - og hvem vi vil være? Medrivende, storslått og tankevekkende avslutning på trilogien Byens spor. Første bok Byens spor - Ewald og Maj Andre bok Byens spor - Maj Tredje bok Byens spor - Skyggeboken  

…………………………………………………………………
No har eg lese ferdig siste boka i trilogien "Byens spor", dei to første las eg på Storytel på mobilen, den tredje las eg i papirutgåva frå biblioeket, den måtte eg vente på ei stund. Boka er på 540 sider, men ikkje tung å lese. Dei to første var nokså alminnelege, men i den tredje boka kjenner eg forfattaren att. Han har det med å gå delvis ut av røyndommen og inn i fantasien, det gjer han her, i tillegg til han flettar si eiga historie inn. Lars Saabye Christensen er ein av favorittane mine.
Og eg likte heile trilogien.


tirsdag, februar 18, 2020

Dagbok 2020: 18.januar





Klokka er 17.35, temperaturen er + 3 grader, det er skodde i fjellsidene, men det har slutta å regne, trur eg. På føremiddagen silte det ned.
Eg stod opp relativt tidleg i dag, sidan vi skulle på trening. Hadde god tid, så eg kika litt på spanskleksa også. Vi var trøtte og lite motiverte då vi begynte treninga kl.10. Men vi kom gjennom programmet. Torsdag skal Marit til Loen, og då skal vi ikkje på trening, og neste veke blir fysioterapeuten borte, så då får vi vinterferie. Håper det blir litt betre vêr så vi kan mosjonere ute.
Før eg reiste på trening i dag ringde eg legesenteret for å bestille time hos fastlegen. Ja, time kunne eg få, langt ute i april månad. Men eg må fornye førarkortet før 28.mars! Derfor måtte eg få time hos ein annan lege. Eg må berre finne meg i det, men eg ville no helst vore hos fastlegen , som kjenner meg. Timen eg fekk er 20.mars.
Etter treninga var eg ein tur på apoteket og så handla vi på Spar. Eg trong ikkje så mykje, sidan eg hadde handla laurdag kveld.
Mens eg heldt på å rydde inn i kjøleskapet det eg hadde kjøpt, fekk eg auge på noko som freista meg over all måte : ein pakke med frosen spekesild. Men eg var så trøtt at eg gjekk og la meg på sofaen ei lita stund;-spekesilda var i tankane, så det var berre å stå opp, legge silda i vatn til tining og så kokte eg poteter og kålrabi til. Det vart eit herremåltid, eg åt opp alle potetene og rabba, men løyvde sild. Det var SÅ godt. Eg "elskar" spekesild, eller saltsild som mange seier her, og det har eg alltid gjort, då eg var lita også. Eg hugsar at mamma også var glad i sild. I min barndom kjøpte vi silda heil og reinska den sjølve, og eg gløymer aldri smaker av strengen med ister frå sildemagen. Den fekk eg viss eg var der når mamma reinska silda.
Eg vart i alle fall stappmett, og det var ikkje mulig å halde seg vaken lenger, så eg la meg på sofaen og SOV.
Då eg vakna var eg såpass energisk at eg støvsuga stova og gangane. Hadde ein liten samtale med Solveig over telefon. Ho kjem inn ein av dagane, då skal vi kanskje shoppe.
I morgon har eg tenkt meg på kino i lag med Margrete og ev.døtre. Filmen heiter "Little Women" -så den skulle passe for oss -little women.
Eg har ikkje høyrt noko anna , så eg reknar med at det er spansk i morgon.Og eg må øve meir på leksa. Cada dia!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...