søndag, februar 28, 2021

Dagbok 2021: 28.februar

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 9 grader C, det har vore fint ver, opplett og delvis sol i dag. I dag hadde eg ein plan, eg ville gå ut til Vinjevoll, og så opp Kanalvegen til eg kom til krysset med Vikageila, så nedover Vikegeila(Skålavegen)til eg kom til avkøyrsla til Fonnvernet osv. Det er ein ganske lang tur, men eg var i bra form. Det gjekk ikkje heilt som planlagt, eg gjekk nedover Vallabøen til Håkonsgata, ut forbi Ørstaheimen og til Vinjevoll. Eg fann ikkje nokon veg som gjekk opp til Kanalvegen, så eg forstod at den var lenger ute. Nils og eg var der mange gonger, men vi køyrde med bilen, og då verka det ikkje så langt. Eg fann ut at det vart for langt å gå, så eg gjekk tilbake til Håkonsgata og vidare Vikegeila opp forbi Kornberghuset. Det var ikkje så veldig langt opp til avkøysla til Vernet. Då tok eg ein runde på Vernet også, før eg gjekk heim. Då hadde eg vore ute og gått i nesten to timar, men var ikkje sliten.
På Vernet trefte eg fleire eg kjenner, blant anna ein mann med hund. Eg hadde han som elev ein gong, og så jobba han i lag med Nils. Han har hatt fleire hundar av samme rase, og den han har no hadde vakse kraftig sidan sist eg såg han. Birk heiter hunden, mannen heiter Helge.
Då eg kom heim, ca kl.14, låg der melding frå Audun om at han ville komme ein tur innover og besøke meg. Det var veldig kjekt, men som den husmor eg er tenkte eg straks på kva eg skulle "servere". Då var det berre å slå i hop ei vaffelrøre i full fart. Audun kom som planlagt og vi åt vaflar og drakk kaffi og prata. Eg har ikkje hatt tid til å kjede meg i dag heller. Og no er februar forbi, det er akkurat fire veker til Palmesøndag og påske.

lørdag, februar 27, 2021

Dagbok 2021: 27.februar

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 7 grader, det er overskya og delvis regn. Bildet over tok eg på vegen heim , eg har vore på andre sida av gata i fleire timar og besøkt Marit. Vi var begge to åleine heime i dag -så vi hadde oss ei lang pratestund. Tidlegare i dag har eg ikkje gjort stort anna enn å legge i hop eit par klesvaskar og så sat eg og strikka ei stund. Eg har ikkje lagt ut bilde på eit par dagar; eg trudde det var noko gale med telefonen, men så var det berre eg som hadde tatt feil ledning - telefonen er heilt OK, men så begynte datamaskina å trøble, så det gjekk ein halvtime før eg hadde fått orden på den. Elles har det ikkkje hendt så mykje i dag, eg har ikkje ein gong vore på butikk, men no har eg tenkt å ta meg litt mat-eg kallar det middag. Og så blir det vel TV resten av kvelden, og strikketøy om eg finn noko garn som passar. Kaffi har eg drukke hos Marit, men eg hadde sagt ifrå at eg ikkje ville ha kaker e.l. -for eg et for mykje og må bremse litt på inntaket. Eg skuldar på Koronaen for det også. Eg hadde lyst på ein tur på byen i dag, og på Plantasjen, men vi er standhaftige, Marit og eg, handlar berre det vi må, dvs. mat. Det ser ut til at det blir lenge til vi får vaksinen-men vi får holde ut.

fredag, februar 26, 2021

Dagbok 2021: 26.februar

Klokka er no 19.45, det er knapt 5 plussgrader ute og det regnar. Eg synest ikkje dette veret er så populært, men snøen minkar i alle fall. Eg får ikkje tatt bilde; har eit skikkelig speilreflekskamera som er noko i vegen med, og no får eg heller ikkje bruke mobilen. Eg lurer på om eitt av dei gamle kamera eg har brukbart, skal sjekke i morgon.Det er alltid noko som er i uorden. I dag datt ei plate som er inne i omnen ned, det har hendt før ein gong også, men då fekk eg til å sette den på plass igjen. Det er ikkje alltid like lett å greie alt åleine. Men det er no slik eg vil ha det. På føremiddagen i dag tok eg fredagsvasken, det var rimeleg fort gjort, så eg lurte litt på kva meir eg skulle ta meg til. Då ringde Margrete, ho skulle til Volda og kjøpe meir garn, og så ville ho komme hit for å få ein rundpinne og for at eg skulle "hjelpe" henne med noko. Dermed fekk eg eit påskot til å fare på butikken og handle litt. Men når ein fer på butikk utan lapp og utan å vite kva ein skal ha, då er det ikkje godt å vite kva ein kan komme heim med. Men vi hadde no i alle fall litt attåt kaffien då Margrete kom. Og vi fekk gjort det vi skulle på genseren hennar.Då ho reiste sette eg meg til med kryssord og Sudoku, sidan eg hadde fått bladet Pensjonisten i postkassa i dag. Men så vart det til at eg sette meg til å sjå ein serie på TV- det var då det gjekk gale, eg drøymde meg heilt bort og det var så vidt eg fekk med meg korona- nyheitene på NRK. Det er ikkje så positiv utvikling når det gjeld pandemien, men her har vi hatt det stort sett bra heile tida. I dag er det 1 år sidan Koronaen kom til Norge; -eg er glad for at eg ikkje visste kor lang tid det skulle ta, det veit vi nok ikkje enno heller. Eg har vanskeleg for å halde greie på dagane i veka, eg veit at det er fredag i dag-men oppe i hovudet mitt er det laurdag. Så vil eg i alle fall ønske alle ei god helg. Om vel ein månad er det påske - og då vert det vel sommartid også, det gleder eg meg til.

torsdag, februar 25, 2021

Dagbok 2021: 25.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 6-7 graderC og det regnar. I dag hadde eg ein plan, så då fekk eg gjort litt før middag. Først laga eg kjøttkaker av to pakkar kjøttdeig som eg kjøpte før jul.Så laga eg hamburgerbrød etter ei oppskrift som eg har fått av Marit. Det er eigentleg store grove rundstykke som er eit heilt måltid i seg sjøv. Då Nils var sjuk begynte eg å ha egg i all slags mat for at han skulle få nok proteiner, det er ikkje så dumt å auke proteininnhaldet i maten, så eg hadde egg både i kjøttkakene og rundstykka i dag. Begge deler er no kome i frysaren. Eg hadde ein klatt graut att frå ein dag før, og så hadde eg fløte som var ute på dato,til saman vart det riskrem. Så eg styra mykje på kjøkkenet i dag, og vaska opp for hand etter kvart som eg rydda opp. Fekk tid å strikke litt mellom øktene. Klokka 13.30 ca. tok eg på meg og gjekk tur, først på Vallabøen og så ei halv runde på Vernet, der eg ikkje gjekk i går. Då eg kom heim var det tid for middag, i dag vart det speilegg og hamburgerbrød, og riskrem til dessert-så der rauk slankekuren i dag også. Eg sette meg til å strikke til det var tid å skrive blogg, eg gjekk ut og skulle sjå på tempen, då kom Håkon, Birte og Amund på besøk. Dei hadde skrive melding på Messenger, men den såg eg ikkje før dei var reiste igjen. Eg fann no litt kaffimati frysaren, men det var no ikkje så mykje å skryte av. Amund såg veldig på meg til å begynne med, men så fann eg nokre leiker som han likte og det var stas. Så "lærte " eg han å klappe i hendene-"klappe søte" kalla vi det i gamle dagar. Dei var her ikkje så lenge, men det var no kjekt å sjå dei. Lenge sidan sist. Torsdag er eigentleg treningsdag, men vi hadde fri på grunn av vinterferien, så i dag har eg ikkje skulka. Eg synest det er trasig å ikkje få legge ut bilde, eg veit ikkje kva eg skal gjere med det problemet.Sudokuen som eg bala med i går har eg ikkje fått til, men i kveld får eg ny oppgåve frå Møre-Nytt. Klokka 22ca. går eg inn på nettet og då kan eg lese avisa der. Det er ikkje ofte eg får brev, men i dag fekk eg takkekort med bilde frå Sturla , sonen til Anne - Merete.

onsdag, februar 24, 2021

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt rotete dag for meg, med mange små frustrasjonar, men ingen store heldigvis. På føremiddagen gjekk her og dulla med det eine og det andre, tok oska ut or omnen og vaska rute, kosta og spylte trappa etc.etc Då klokka nærma seg 13 gjekk eg ein tur ut, først opp på Fonnvernet,der eg gjekk berre på sjølvet muren, den andre vegen var ikkje berr og eg gjekk i joggeskor. Så eg tok ein runde på Vallabøvegane i staden og trefte folk som eg prata med, først ei dame som eg kjenner, ho fortalde at ho sat inne og spann ullgarn av ulla frå sauene som dei har på Raudøya; eg trefte legen med rullatoren også og vi var samde om at vi har hatt fint ver, men at det er fint å få det bert også. Då eg var nesten heime trefte eg ei som eg kjenner godt, så vi vart no ståande ei stund. Då eg kom heim var det tid for å lage middag, og i dag hadde eg eit par ball att frå i går, så det vart lettvint. Det er mange som meiner at ballen er best dagen etter og steikt. Eg er tilbøyeleg til å vere samd i det. Så var det frustrasjonane. Den første var at eg ikkje heilt har greidd å løyse ein sudoku frå pensjonistbladet. Eg løyser alle som kjem i Møre-Nytt, dei fleste ganske lett.Denne har eg ikkje fått til-men dagen er ikkje sluut. Frustrasjon nr. 2: Eg får ikkje til å legge bilda frå telefonen inn på datamaskina. Det er noko som eg oftast gjer fleire gonger for dag, men i dag får eg ikkje til å stikke leidninga inn i telefonen. Eg har sjekka mange gonger og deter rette leidninga. Så sette eg meg til å strikke,eg måtte finne ein ny pinne for den eg hadde var for lang. Den såg ut til å vere nr.3, men då eg målte fann eg ut at det var3,5, så eg fann ein med høveleg lengde og strikka i veg, men eg blei mistenksom for eg syntest den var for tjukk, så eg målte nøye og fann ut at der var 3 eg skulle ha. Det viste ikkje på strikketøyet at det var feil, men eg VISSTE det, så eg rekte opp og strikka på nytt. Det var no greitt nok, men så er det andre ting som eg ikkje er heilt nøgd med. Eg strikkar nesten utan å ha mønster så det går litt på gefylen. Eg skriv til Solveig og ber om råd når det blir for gale. No strikkar eg på halskanten og når den er ferdig kan eg prøve den.Neste gong eg strikkar noko skal eg følgje oppskrifta!

tirsdag, februar 23, 2021

Dagbok 2021: 23.februar

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 10 grader og det blæs. Snøen smeltar kvar dag, men det er enno mykje att. I dag har eg hatt besøk av dei to døtrene mine. Eg brukte mykje av føremiddagen til å lage mat, for i dag vart det ball. Det er mange år sidan eg har laga det, det er ikkje slikt ein lagar til ein person. Eg brukte ferdig ballmjøl, men eg vart ikke heilt fornøgd med resultatet. Eg skulle nok ha hatt litt meir vatn i. Til tilbehør hadde eg mellom anna pinnekjøtt som eg kjøpte inn til jul. Vi åt i alle fall godt alle tre, og ingen ville ha kaker til kaffien. Margrete har enda vondt etter at ho slo seg, men håper det går over av seg sjølv. Eg gjekk ikkje trimtur i går, og i dag skulka eg treninga, så i morgon må det bli mosjon av ein eller annan sort. Eg fekk Solveig til å sjå på strikketøyet mitt, og ho gav gode råd, så eg kan fortsette utan å rekke opp. Så får vi sjå om det går bra. Eg slepp å strikke restestrikk i kveld i alle fall.Eg har fått meir og meir lyst til å gå på butikkar å shoppe, og lengtar etter å få den første sprøyta om ikkje anna. Eg synest eg har vore tolmodig lenge- nettopp fordi eg hadde noko å sjå fram til, men det går seint med vaksineringa.

mandag, februar 22, 2021

Dagbok 2021: 22.februar

Klokka er no 17.20, ute regnar det ganske mykje og temperaturen er berre+ 5 grader, i går var den oppe i 10. Det beste eg kan seie om vêret på desse kantar er at det er variert, og det kan vere bra så har vi alltid noko å snakke om.Då eg vakna i dag var eg sikker på at det var sundag, men etter ei stund gjekk det opp for meg at det var det ikkje. I dag tok eg ein runde med støvsugaren blant anna. Så fekk eg lyst på risengrynsgraut og då begynte eg å koke på den, men før den var ferdig tok eg ein runde på butikken og kjøpte diverse som eg treng til i morgon, for då kjem begge døtrene mine til middag. Vi kunne gjerne vore fleire, men det blir no veldig kjekt å sjå dei att, har ikkje vore i lag med dei sidan jul. Då eg hadde ete grauten min i 15-tida vart eg så trøtt at eg sette meg i godstolen med "Windsor"-den serien er så greinalaus at det gjer ingen ting om ein dett ut av og til, for det gjer eg. Uansett om det sker lite eller ingen ting, så går dagane fort unna, altfor fort for meg. Eg bur rett nok åleine, men eg har kontakt med mange på nettet, så eg føler meg aldri einsam. I dag fyller Audun 31 år, han er nest eldst av barnebarna. Han er framleis i det militære, som befal rett nok, oppe i Nord-Norge,men han har leilegheit på Hareid og er ofte heimom ein tur. Eg har gratulert han på Facebook, men for ordens skuld gjer eg det her også: Gratulerer med dagen, Audun !

søndag, februar 21, 2021

Dagbok 2021: 21.februar

Snøen smeltar. No er klokka 20.16,temperaturen er + 8 grader C, det har vore opplett og litt vind i dag. På ettermiddagen kom sola fram ei stund. No er eg nettopp komen heim etter å ha vore på besøk hos Eli og Terje; Lisbet og Jan var der også, så vi var samme gjengen som for to år sidan. Eg gjekk nedover og eg gjekk heim att slik at eg skulle få litt mosjon i dag også. Vi fekk nydelig middagsmat og til dessert var det ei veldig god bløtkake;inni var det krem og friske ripsbær og på toppen var det krem og bringebær. Enkelt, men veldig godt. Vi prata og kosa oss. Dette er jo folk som eg har vore i lag med på spanskkurset mellom anna, og vi har alle gått på Volda lærarskule-om ikkje alle på samme tid. Eg er den eldste i denne flokken også. Eg gjekk heimanfrå kl.15.30 og før den tid hadde eg blant anna strikka litt, farga håret,rydda kjøkkenet og gjort diverse anna i huset. Eg trivst godt med å vere her åleine, men det var no kjekt å få vere i selskap også, og når ein ikkje er fleire, greier eg å følge med i praten. Men eg ser veldig fram til å få brukbare høyreapparat slik at det ikkje blir så vanskeleg å følgje med. No skal eg inn og sjå TV , og viss der ikkje er noko særleg interessant på NRK får eg ta ein tur på Windsor- der er det heilt cracy !

lørdag, februar 20, 2021

Dagbok 2021: 20.februar

Klokka er no 16.40, og det er like før sola går ned, bilda over har eg nettopp tatt. Temperaturen ute er + 9 grader, sola har ikkje vore framme før no på sein ettermiddag. I dag tok eg ein tur på butikken tidleg på føremiddagen, då er der lite folk på Kiwi.Elles har eg gjort lite og ingenting i dag, sette på ei maskin med ullklede, og så vaska eg ein liten vegg på gangen, den eg kallar barnebarnveggen. Då tok eg også ned alle bilda og tørka støv av dei. Det gjer eg eit par gonger i året, og for å gjere opphenget lettvint, tek eg eit bilde først, så kjem alle bilda på rett plass igjen.
Vi hadde avtalt at Marit skulle komme ned til meg kl.14 og det gjorde ho, så no har vi kosa oss med kaffi og kaker-og prat. Eg har ikkje gått tur på fleire dagar, men i dag fekk eg lyst å gå igjen, for no kjenner eg meg bra. Vegane er berre, men det er is på tunet. Då eg skulle ha ut bilen i dag, kunne eg har rygga rett på Even som hadde kome over gata for å sande litt til meg. I kveld ser eg fram til Melodi Grand Prix, eg har ingen favoritt, men dei verste songane er vel luka bort? Sola skin enno inn glaset her, så no blir det lengre dagar. Hadde vi fått sommartid no, ville det vore midt i blinken.

fredag, februar 19, 2021

Dagbok 2021:19.februar

Dette bildet tok eg no kl 18.15. "ryggebuska" slit seg fram i snøen. Klokka er no 17.55, temperaturen er + 7 grader C, det er overskya, men opplett. Snøen og isen smeltar sakte, men vegane begynner å bli berre. I dag har eg ikkje vore så effektiv, men eg er i betre form etter at eg har slappa av eit par dagar-og ikkje gått tur. Eg hadde ikkje planlagt denne dagen så nøye, men eg fekk i alle fall rydda og vaska bokhylla på stova, det er meir arbeid enn ein skulle tru. Så tørka eg støv og rydda litt her og der utan å overanstrenge meg. Så fann eg ut at eg ville lage suppe til middag for å få brukt opp meir av geønsakene mine,og så gjorde eg det. Etter middagen sette eg meg i godstolen for å slappe av litt med Nettflix.Eg fann ikkje att serien som eg såg på i går, men hamna borti "Windsor" ein forferdelig serie om det engelske kongehuset, eg veit ikkje om eg skal kalle det parodi, og det var ikkje heilt pent.No fekk eg ikkje med meg alle poenga, for eg kjenner ikkje så mykje til den yngre garde. Eg sovna no ifrå det ei stund også. Og så var den dagen over. Eg har vore inne på FB ganske ofte for å høyre korleis det går med Margrete som var så uheldig å dette og slå seg då ho lufta hunden i går kveld. Det er skuldra som har fått det verst. Ho har ikkje vore til lege, men viss ho ikkje er betre i morgon, må ho vurdere å ta seg ein tur. Veldig trasig for henne, sæleg sidan ho har begynt å strikke, noko ho ikkje har gjort mykje av før. Eg har ikkje vore ute og gått tur i dag heller, men i morgon må eg truleg ta ein tur på butikken, og så kjem Marit ned, om ikkje noko anna skjer. Sundag er eg invitert på middag hos ei anna venninne-. Eg har det ikkje trasig på nokon måte. Dei har visst begynt å vaksinere på mi gruppe no (75-84), men det kan gå ei stund før det blir min tur. Når eg har fått første sprøyta, skal eg slutte å vere så "inneslutta". Margrete skulle kome bort til meg på tysdag, men no veit eg ikkje korleis det blir. Håper Solveig også kan ta ein tur. Det er ikkje det at dei ikkje vil komme på besøk, men dei er redde for å føre smitte med seg. Akkurat no er det ingen som er smitta i Ørtsa/Volda.Då vil eg ønske alle ei god helg, og GOD VINTERFERIE for dei som har det.

torsdag, februar 18, 2021

Dagbok 2021: 18.februar

Klokka er no 16.20,temperaturen ute er + 8,5 grader C, det er skya, men opphaldsvêr. I dag skulle eg eigentleg ha vore på trening, men eg var ikkje i form til det. Eg verkte i heile kroppen i går kveld, verkte i natt også, og då eg stod opp i dag. Eg vart litt betre etter kvart, men ombestemte meg ikkje. Eg laga ein brøddeig; ville prøve Ingers (slanke-)brød igjen, dei bakte eg i fleire år, før eg vart lei. Det var ei mengde med ingrediensar som skulle til og eg måtte røre med hand, for deigen var altfor stor til miksaren. Det vart mykje oppvask-og brøda vart ikkje så gode, så dette gjer eg ikkje om att. Eg bestemte meg for å ta ned "julegardinene" og henge opp dei andre i stova. Men dei måtte vaskast. Eg har vaska dei i maskina før og det gjekk bra. I dag fekk eg enda ein god ide, eg tok gardinene rett frå maskina, sette på klypene og Voila! Treng ikkje å stryke desse! I mellomtida hadde eg vaska opp og rydda på kjøkkenet og pussa stuevindua på innsida. Når ein tek seg fri ein dag, får ein jammen gjort mykje. Det er vårkjensla som melder seg-og lyset gjer at ein seg mykje som skulle ha vore gjort. Eg har ikkje laga middag i dag, men ete av "slankebrødet". Marit måtte fare åleine på trening i dag, men då eg begynte på treninga, var eg der berre ein gong for veka, eg har såpass mykje å styre med her heime i sommarhalvåret at eg treng ikkje å trene så mykje då. Eg har ein del å gjere inne før eg må til med våronna ute. Snøen og isen er heilt vekke frå altanane, men det eg lurer på er om jorda greier å ta til seg alt vatnet når snøen smeltar. No skal eg slappe av med ein kaffikopp og noko attåt.

onsdag, februar 17, 2021

Dagbok 2021: 17.februar

Klokka er no 16.20, temperaturen er + 6 grader C og sola skin inn vinduet-enn så lenge. Eg har nettopp vore ute og gått ein liten tur, men eg blei så fort trøtt i beina i dag, eg gjekk med piggskor, eg visste ikkje at vegane var delvis berre, så eg måtte gå litt ut på sida. I dag hadde eg ein plan. Eg skulle vaske ned badet, og eg hadde tenkt ut noko som eg trudde var lurt.Eg gjekk ut i garasjen og henta bilsjampo og svamp. Det skulle eg bruke på dusjkabinettet, eg trudde det skulle bli fint-og det blei det egentlig også. Det er eit styr å vaske badet, tusen ting skal ut og tusen ting inn att. Og det er vanskeleg å komme TIL alle stader. Eg gjorde så godt eg kunne, og det får vere bra nok. Eg vaska kjøkkengolvet i samme slengen, så no seier eg meg ferdig med "fredagsvasken". Eg hadde tenkt å leve på frukt og grønsaker i lang tid framover, men magen min likte ikkje det. I dag fekk eg ein god ide, trudde eg, eg ville lage amerikanske pannekaker. Eg fann fleire oppskrifter på nettet, men landa på Tine sin. Eg laga røra, og mens den stod og godgjorde seg, las eg ut siste resten av ei bok. Ikkje for å skryte, men pannekakene blei veldig gode -altfor gode eigentleg, enda eg berre hadde blåbærsyltetøy på dei. Eg fekk litt dårleg samvit fordi eg åt så godt, at eg måtte gå ein liten tur. Men eg vart så trøtt i føtene at det var ikkje så kjekt. Gjekk ganske mykje i går, etter trening, så det var kanskje ikkje så rart. I morgon er det trening igjen frå 12.30-13.30, det er ei dum tid, for ein øydelegg både før- og ettermiddagen. Eg treng å komme i sving tidleg på dag om eg skal få gjort noko. Og eg har mykje eg skal gjere inne før utesesongen tek til.I dag har dei skrapa vegane, og lagt den skitne snøen oppå den reine, men det er vel ikkje anna å gjere. All is og snø på altanen nedover er borte vekk, og snart er det ingenting att på altanen over tilbygget heller, det er rett og slett vårleg ute-men det kan komme mykje vinter enno. I dag har barndoms-og ungdomsvenninna mi fødselsdag-ho fyller 81 år.Sidan eg veit at ho les bloggen min av og til gratulerer eg henne her: Gratulerer med dagen AMBJØRG ! Viss eg ikkje tek feil er det vinterferie neste veke. Eg hadde håpa at eg hadde fått vaksine før den tid. I morgon er det vaksinering her, men verken Marit eller eg har fått innkalling. Det beste hadde vore om vi fekk den vaksinen som ein skal ta berre ein gong, men det blir for lenge å vente på.No held sola på å gå ned bak fjella i sør-vest. Eg har ikkje fyrt i omnen dei siste dagane-det har vore varmt nok utan.

Bøker 2021: Bok nr.14: Etter det kom sommeren

Denne boka har eg lese på papir. Eg har lese den på senga om kveldane, men i dag tok eg meg tid til å lese resten før middag. Det er vanskeleg å forklare kvifor eg likte den så godt. Det er ikkje fullskrivne sider, men ein liten tekst på dei fleste av sidene, og heile historia blir ikkje fortalt frå A til Å, men til saman blir alle dei små tekstane ein heilskap.Og så blir ein liksom MED-diktar. Heile boka er på ca.340 sider, men historia er ikkje SÅ lang. (Eg likar best tynne bøker) Det er ofte vanskeleg å forklare kvifor ein likar ei bok, eg veit det ikkje alltid sjølv heller.

tirsdag, februar 16, 2021

Dagbok 2021: 16.februar

Klokka er no 16.12, temperaturen ute er + 4 grader og det er opplett. Då eg stod opp i dag, var himmelen klår og etter kvart kom det sol i stova, ca 9.25. I dag var det trening, men før vi kom så langt hadde eg gjort litt husarbeid og sett meg til å strikke. Etter treninga var eg ein liten tur innom Spar, det var noko eg trong til brødbaksten - kanskje i morgon. Då eg kom heim hadde eg frå meg varene, men bestemte meg for å gå ein tur mens eg hadde ytterkleda på.Eg trefte på naboen med det samme eg kom ut og ho fortalde at no var det fint å gå på Fonnvernet for dei hadde laga brei veg. Så eg bestemte meg for å ta den turen i dag-og det gjorde eg. Men det var berre på sjølve muren det var brei veg, på andre sida var det same gamle,smale råsa som før. Men det gjekk heilt fint å komme seg rundt når eg gjekk i piggskor. Eg har også vandt meg til å gå med ein stav, mest for å rette meg opp i ryggen, men den hjelper meg på ein annan måte også - kanskje med balansen? Då eg kom heim og såg på klokka hadde eg jammen vore vekke ein time i dag også. Eg laga ikkje middag i dag , men tok eit par brødskiver, det er no greitt nok somme dagar. Etter måltidet sette eg meg til å strikke, så eg har halde meg vaken til denne tid. Det skjer ikkje så veldig mykje om dagane, og det er kanskje det beste. Det var nokon som la inn bilde på FB frå vinteren 1979. Då var det veldig mykje snø, og det gjekk ras på Engeset, der tre menneske mista livet og fleire hus gjekk med. Det er ikkje så langt frå der vi bur, men eg trur ikkje det er fare for skred her. Eg hugsar den dagen då alle som kunne var med og grov. Nils var der også. Elles så minte naboen meg på at det er "Grautatysdag" eller "Feitetirsdag" som vi sa, i dag. Det hadde ikkje eg kome på. Men eg skal ikkje lage rømmegraut i dag. Har ei heil skål med ferdigkokt graut i frysaren, men den tek eg ikkje opp når eg er her åleine. Naboen i nr.5 var innom ein tur, og ho hadde vore heldig. Ho hadde handla mat for over 500 kr på Spar, og då ho var på veg heim fekk ho melding på telefonen om at ho hadde "vunne" like mykje pengar som varene kosta; pengane var sett inn på truf-kontoen hennar. Dette er visst noko som skjer 4 gonger for veka, men det har aldri hendt meg. Det kan vere lurt å handle mykje i gongen i tilfelle.......

mandag, februar 15, 2021

Dagbok 2021: 15.februar


Klokka er no 16.45, temperaturen på trappa er + 3 grader. Det er ingen vakker solnedgang i dag, heller ikkje strålande bilde av sol og snø. Eg skal innrømme at eg saknar sola, men det er deilig med mildare luft. No tinar isen på altanen og sikker alle anndre plassar, men kvar skal det bli av vatnet-når snøen smeltar, det er store mengder vi snakkar om. Det blir spennande å sjå. I dag hadde eg store planar om å gjere mykje i huset, men eg vart ikkje enig med meg sjølv om kvar eg skulle begynne. Til slutt valde eg "roserommet" og fekk all julepynten ned i kjellaren, og dukane på plass i skuffa. Eg sette i gang ei vaskemaskin, og så ei til etterpå, etter at eg hadde bytta på senga. No står første ladninga på tørk i trommelen. Eg gjekk ikkje tur i ein heil time i dag, for før eg gjekk ut hadde eg vaska og tørka håret, men så regna det såpass at eg måtte inn att å tørke meg. Eg hadde avtalt å drikke kaffi med Marit kl.14, så då var i grunnen arbeidsdagen over. Marit hadde kake frå i går så der rauk slankekuren i dag også. No har eg ete suppe også, og der er nok til ein dag til.Det er merkeleg å sitte her attmed PC-en utan at omnen er på-og ikkje fryse. I går såg eg "The Crown" -men så var der brått ikkje fleire episodar. Er der berre 4 sesongar? Eg synest det er merkeleg at det går an å lage slike seriar om folk som enno lever; det er mange som blir utlevert! Eg hadde tenkt å begynne å "vaske ned"- det vart ikkje i dag, og det blir ikkje i morgon, for då skal vi på trening. Marit og eg diskuterte litt om vi kan køyre i morgon eller om vi må ha taxi. Eg trur det går an å køyre, men det trur ikkje ho. Eg trur det blir snart berre vegar viss temperaturen held seg godt over 0. Eg er i grunnen litt lei av restestrikk, men i dag rydda eg litt i garnrestane og fann ut at eg sikkert kan få til noko meir. Synest ikkje eg kan kaste alle garnrestane heller. Eg har ein annan serie eg kan sjå -på NRK TV mens eg strikkar. På Møre-Nytt sine nett-sider kan eg sjå at dei forventar + 10 grader når det lid mot helg igjen. Ja, det er ikkje meg imot. Neste veke er det vel vinterferie, eg hadde håpa på at eg fekk 1. vaksinen før den tid, men slik ser det ikkje ut.

søndag, februar 14, 2021

Dagbok 2021: 14.februar. Morsdag. Valentins dag. Fastelavn.

Klokka er 16.15, temperaturen ute er minus 2 grader og sola varmar ikkje så godt som før, fordi det har lagt seg eit tynt lag med skyer over himmelen. Det er vel slutt på det finaste vêret som har vart i nesten 2 veker. I går kveld slapp eg å kveike opp i omnen fordi huset var oppvarma av sol. No er det ikkje så lenge før sola går ned for i dag. I dag før middag sette eg meg til å strikke med det samme eg hadde ete frokost og rydda på kjøkkenet. Eg hadde gjort ein feil i går, men fekk retta på det i dag. Menyen for i dag var grei. Eg hadde kjøpt masse grønsaker som eg skulle lage suppe av. Somme grønsaker var nye for meg, men eg er alltid klar for noko nytt i matvegen. Eg laga suppa ferdig, og så laga eg riskrem av noko av grauten eg hadde frå i går. Og så gjekk eg tur i ein time. Marit U gjekk i lag med meg eit godt stykke, men ikkje heile runda mi. Eg venta litt før eg tok middag.Suppa var klar, trong berre litt salt,for grønsakene er veldig søte.
Suppa var god, og den fine fargen fekk den av raudbetar som var ein del av blandinga eg hadde kjøpt. Eg åt godt og med godt samvit sidan eg meiner der er relativt få kaloriar i slik mat. Verre vart det då riskremen kom på bordet- då vart det litt for mange kaloriar likevel fordi eg ikkje greidde å la vere å ete for mykje. Kom i hug Lady Diana som hadde bulemi- men eg stakk ikkje fingrane i halsen slik som ho. Eg har fått ein stygg vane i denne koronatida, har hatt for god tid til å lage mat, sidan eg ikkje får gjort så mykje anna. Men så trøsta eg meg med at det er morsdag-utan kake, og fastelavn - utan bollar. Så då får det passere. Ser fram mot vår og hagearbeid så eg får litt anna å tenke på enn mat-og strikketøy. Då koronatida sette inn i fjor vår vaska eg ned både bad, kjøkken og stove m.m. Kanskje eg må ta reprise i år. No kan eg i alle fall rydde vekk resten av julepynten. Eg ventar kvar dag på at eg skal få melding om vaksinering-men no trur eg dei set inn mest muleg der som det er store utbrot-og det meiner eg er rett. No går sola ned og då kan eg sette på Netflix og fordjupe meg i det engelske kongehuset- mens eg strikkar. Håper alle har ein fin dag!

lørdag, februar 13, 2021

Dagbok 2021: 13. februar

Klokka er 16.43, og sola held på å gå ned bak fjella. Temperaturen ute er no minus 4 grader. Tidlegare i dag var den oppe på 0.Det har vore enda ein fin dag. Hittil har februar vore den finaste på det eg kan hugse- i alle fall for oss som har hatt sol. I dag starta eg dagen med å rydde kjøkkenet og vaske opp etc. Gjorde litt anna husarbeid også før eg gav meg ut på tur klokka 12.30, gjekk ein times tid rundt på Vallabøen, men trefte berre ei eg kjende i dag. Elles var det mykje folk på Fonnvernet, men dit skal eg ikkje før det blir bert-trur eg. Ungane akar på "madrassene" sine frå Fonnvernet og ned. Eg hadde tatt av meg brillene for å ta på solbriller, men først då eg var på toppen av Storebakken, merka eg at eg gjekk utan briller. Ser like godt utan, når eg ikkje skal lese eller gjere anna arbeid. Då eg var heime att sette eg meg til med litt "spansklekse" før middag. Då ringde det på døra og der stod "blomsterbudet" med ein nydeleg blomsteroppsats frå dei tre barna mine -i anledning morsdagen. Det var veldig kjærkome med blomster no, for eg har ikkje mykje som pryder opp. Eg har rett og slett ikkje tort å kjøpe blomster, så kaldt som det har vore. Sammenplantinga som eg fekk av Einar til jul, står no på vent her på datarommet, i håp om at den vil blomstre opp att seinare. Til middag i dag laga eg graut av resten av jasminrisen som eg hadde til middagen i går. Eg har kokt graut av jasminris før, men denne var veldig gjenstridig, den ville ikkje bli skikkeleg mjuk, men berre voks og voks. Mett vart eg i alle fall. No har eg opna restekassa og lagt opp eit nytt strikketøy, det er litt morsomt å sjå kva ein kan lage av garnrestane - det blir mest lestar, ser det ut til. Elles skjer det ikkje mykje, men eg har alltid noko å halde på med, så eg kjeder meg ikkje. No når sola er vekk, kan eg for eksempel sjå "The Crown"- det er Diana som er hovudperson no-enn så lenge. Eg vil ønske alle mødrer ein fin Morsdag- så får alle feire Valentin, kven han no ein gong er-og ikkje minst så er det fastelavn. God helg !
Huset ytst i Starevegen er selt. Der har pågått restaureringsarbeid aldri så lenge. Huset er nyare enn vårt.

fredag, februar 12, 2021

Dagbok 2021: 12.februar

Klokka er no 17.03, temperaturen er alt komen ned i minus 7 grader. Eg har sete her attmed datamaskina ei stund, og merka ikkkje akkurat kva tid sola forsvann, men eg kjenner på temperaturen at det er ei stund sidan.Vi har det framleis fint og kaldt-men så lenge det er sol, så klagar ikkje eg. I dag hadde eg tenkt meg ned på ALTI tidleg på dag før der vart så mykje folk, men det var mange som hadde tenkt det samme.Eg trefte mange eg kjenner. Eg skulle mellom anna ha sjampo etc.og då må eg ned til Mariann. Mat etc. handla eg på Kiwi. Då eg kom heim bytta eg berre på meg andre skor og så gjekk eg ein tur på Vallabøen, litt kortare enn vanleg fordi eg må passe på kneet mitt. Eg kom heim att litt tidlegare enn eg plar, så eg måtte vente litt med middagen, som var restar frå i går. I mellomtida øvde eg litt på spanskkurset på You tube. Etter middagen har eg sete og forfatta eit brev til Telenor- og slikt tek litt tid for meg. Elles får eg vel lage meg eit spøt så eg har noko å henge fingrane borti. I går kveld måtte eg kveike litt i omnen , for når eg ikkje strikkar blir eg meir frostig.I dag trur eg sjølvsagt at det er laurdag, men sidan eg veit at det er fredag vil eg ønske alle ei god helg med mykje sol. I tillegg til at komande sundag er både morsdag, fastelavn og Valentinsdag, hadde naboen Peder fødselsdag den 14.februar. Ein gong snakka han om at det var noko spesielt som skjedde på 5-årsdagen hans i 1945. Det var då Dresden vart bomba. Ingunn , kona hans spurde så om vi visste kva som skjedde på hennar 5-årsdag. Det var ikkje så vanskeleg, for ho fylte 5 år den 6.august 1945. Eg tenkjer på dei to ofte, det var gode naboar, og i dag såg eg på blodbøken som Peder planta i si tid, og passa på å klippe den ned, så den ikkje vart for stor. I dag stod den så fin med snø på toppen. /Bildet)

Bøker 2021: Bok nr. 13: Delt omsorg

Denne boka har eg lese på papir om kveldane etter at eg har lagt meg. Då kan det ikkje vere så særleg krevande litteratur. Det eg tenkte mykje på mens eg las denne var kor annleis folk oppfører seg no enn det som var i min ungdom. Hovudpersonen i boka skal skrive master, ho er sambuar med ein mann og dei har ei lita jente på tre år. Så flyttar han ut for å flytte i lag med ei jente frå NORDFJORDEID. Dei skal ha dottera kvar si veke. Dei vekene mora har fri tek ho kontakt med menn på Tinder og går ut i lag med dei-og tek dei med seg heim om natta.Ho greier ikkje å samle seg om masteren og alt går meir eller mindre skeis. Eg kan berre tenkje på kor greinalaust dette hadde vore på 1950-60-talet.Eg forstår ikkje heilt kva forfattaren vil med boka-men ho kjem no fram til ei slags løysing, til slutt.

torsdag, februar 11, 2021

Dagbok2021: 11.februar

Desse bilda tok eg i dag morgon før sola kom til oss, då var der sol i Vik og på Velle. I dag kom og for sola til same tid som i går, så no skjer det visst ikkje så mykje lenger.---------Klokka er no 16.55, og temperaturen ute er minus 8-9grader, men det blir nok kaldare etter kvart. I går hadde sola varma så godt at eg slapp å tende opp i omnen. Varmepumpa står på heile døgnet. Elles hjelper det også godt å strikke viss ein er frostig. I dag skulle vi ikkje på trening før 12.30, så då fekk eg tid til å støvsuge alle teppegolva før vi for. Fekk endatil tatt ned julestjerna som har hange i vinduet sidan lenge før jul. Den siste tida utan lys, rett nok. Det vart til at eg køyrde til treninga i dag også, og etter trening handla vi på Spar. Eg visste ikkje kva eg trong, så det vart litt lite system i handlinga mi. Men eg hadde i alle fall handla det eg skulle til å lage meg ein betre middag. I dag vart det BALI kyllinggryte med svinekjøtt i staden for kylling. Med ris til. Når eg ikkje har gått tur i dag, kjem det delvis av at eg har mosjonert nok, men også fordi eg har litt plage med høgre kneet. Når eg får slike plager er eg livredd for at det skal gå hol på enda ei cyste, slik at eg vert sittande eit halvår utan å kunne gå . Har vore ute for det ein gong i kvart kne, og no er det første kneet som trøblar igjen, og det verste er at det er bremse-og gass-foten. Det er nokså nøyaktig 3 år sidan det small i første kneet, det var mens Nils låg på Sjukeheimen. Eg håper det går bra. No er eg snart ferdig med eit digert lestepar som eg har strikka av grå restar. Trur det blir typiske støvlelestar- passande for ein fiskar. Eller så kan eg ha dei sjølv som tøfler. -Eg har begynt på 4.serien av The Crown; når ein har Nettflix slepp ein å sitte å sjå på TV-program som ikkje interesserer.Sidan det blir storinnrykk i helga til dei som bur i kjellaren må eg vel på butikk i morgon også, før det blir fullt av bilar her.

onsdag, februar 10, 2021

Dagbok 2021: 10.februar

Klokka er no 16.42, og sola gjekk ned for 2 minutt sidan.Ho kjem inn i stova om lag til samme tid kvar dag men drøyer litt kvar ettermiddag. Sist natt hadde det snødd aldri så lite, temperaturen akkurat no er ca minus 6 grader, men den kryp nok nedover, for no er det klårt så det blir nok kaldt til natta igjen. Elles så er det fine dagar så lenge sola er framme. I dag bestemte eg meg for å gjere litt husarbeid, så eg vaska kjøkken, bad og sorerom. Fint å ha ut golvteppe når det er opplett. Så kledde eg meg om og skulle gå tur kl.13. Men då eg kom opp i Storebakken såg eg så mange bossdukar som stod ved vegen. Då kom eg på at det var henting i dag, og eg skunda meg heim på vona at bossbilen ikkje hadde vore der enno.Det hadde han dessverre. Eg gløymer ofte at det er bosshenting, men som regel høyrer eg når bossbilen fer ut gata, og då har eg tid til å sette opp dunkane til han kjem tilbake. Men bilane fer stilt på snøvegane no. Eg hadde ikkje gått heile runda mi, så eg gjekk ut att og tok ein liten tur til. Målet er å gå ein time kvar dag. Eg laga ikkje middag i dag, men tok meg litt brødmat i 15-tida. Fekk melding frå Einar i går om at han kanskje kjem innom her i kveld, sidan han hadde eit oppdrag på desse kantar -men eg veit ikkje sikkert om han kjem.Elles er det ikkje mykje som skjer-og det er på ein måte bra. No ventar eg berre på å få innkalling til vaksinering. I går heldt varmen seg så lenge i huset at eg slapp å fyre mykje. I kveld trur eg det blir kaldare. Elles så blir det mange episodar av "The Crown", når det ikkje er noko anna eg skal sjå på TV. Men eg kan ikkje sjå så lenge sola er her, for den skin på skjermen. Eg sit mykje og strikkar av restegarnet mitt, "for å ha noko på hendene".Det er litt dumt å seie det når ein er så heldig å vere frisk, men det går an å bli lei Koronaen - no har det vart i snart eit år.

tirsdag, februar 09, 2021

Dagbok 2021: 9 februar

Bildet over er tatt kl.16.20.Klokka 16.33 gjekk sola ned.----- No er klokka 16.30, temperaturen ute er minus 7 grader, og vêret har vore det same ei heil veke no. Tysdag for ei veke sidan moka eg snø før vi for på trening. Sidan har det ikkje vore nedbør. Stort meir er vel ikkje å seie om vêret.Det meste er sagt før.I dag var vi altså på trening. I treningsstudio er det kaldt. Dei set på alt dei har av varmepumper og omnar men like vel er det kaldt. Eg kler meg godt, så eg klarer meg. Dei øvelsane vi har er ikkje mykje å bli varme av heller. Eg handla litt på Kiwi på heimvegen, men eg har ikkje vore ute og gått tur i dag. Det angrar eg litt på. Eg fann ut at eg skulle rydde litt i frysedelen på kjøleskapet, noko som resulterte i ein kjempemiddag. Eg fann nemleg att restar av nyttårsmiddagen min. Der var både kjøtt og sprø svor. Kjøttet blei middag i dag. Eg fann også ei skål med brun saus som eg laga ein gong og som var så god at eg hadde tatt vare på resten. Eg fann også grønerterstuing,- og tyttebær har eg alltid. Det vart berre å koke poteter så hadde eg full middag. Åt sjølvsagt altfor mykje, så i morgpon må det bli dobbel-trim. Her heime er det berre fingrane som får trim i det eg sit og strikkar-no går det i restelester-litt interessant å sjå kor mykje ein kan få ut av ei kasse med garn. Eg fekk ein telefon i dag, truleg ein selgar. Han snakka ei heilt uforståeleg trønderdialekt, så eg måtte berre legge på. Kan ikkje forstå at dei kan bruke slike folk i telefonsal. Rettnok har eg hørselsproblem, men eg forstår no dei fleste eg snakkar med. No ringde telefonen igjen, det er eit "firma" som har ringt meg nesten kvar dag i nærmare eit halvt år. Men eg kjenner nummeret, så eg svarer ikkje. Det var stilt ei stund etter jul, men no har dei starta opp igjen. Det er ein uting. I dag var eg på kjøkkenet akkurat då sola kom, så eg fekk ikkje tatt tida. Eg trur ikkje ho kjem så mykje tidlegare for kvar dag, det er helst solnedgangen som blir seinare . No blir det vel strikketøy og TV resten av dagen/kvelden, men aller først skal eg lage meg kaffi og lese ferdig Møre-Nytt -frå perm til perm. Ingen corona-smitta i Ørsta og Volda no.Det står i avisa!

mandag, februar 08, 2021

Dagbok 2021: 8.februar

Klokka er no 16.30 og temperaturen er minus 7 grader C. I dag då eg stod opp var det minus 11, men då eg kom heim frå turen min litt etter klokka 14, var de berre 4 minusgrader. I dag fekk vi sola inn kl. 9.43 og klokka 16.30 gjekk sola ned bakom fjella. Vi er heldige som bur her oppe på solsida, ein skal ikkje langt ned før det er kaldare og mindre sol. Dagen i dag har ikkje vore så spesiell. På føremiddagen sette eg ein brøddeig og laga 3 brød. Etterpå gjekk eg ein tur 13-14, om lag same turen som eg har gått dei andre dagane. Då eg kom heim, jobba eg litt med spansken før eg åt tomatsuppe frå i går til middag. Elles driv eg og jobbar litt med garnrestane mine, no har eg begynynt på barnelestar. Det er ikkje så mykje ein kan gjere i dette vêret, eg vil helst vere inne der som det er varmt. Det er fint med dette veret for osss som har sol, men eg minnest med gru dei kalde vintrane på Melle. No kjem eg til å lese litt strikke og kanskje sjå Serie før klokka blir 19 og eg skal sjå dagsnytt.I morgon er det trening så då må eg ut med bilen igjen, kanskje handle litt også, men eg går minst muleg på butikk.Eg ser fram til den dagen eg kan fare på skikkeleg shopping igjen, det er så mykje eg har lyst å kjøpe. Men no er det snart mi gruppe som skal vaksinerast og då ser ein lyset i tunnelen. Bildet over er tatt frå Olavsgata og oppover, eg forventar at de ser eit hus de kjenner att.

søndag, februar 07, 2021

Dagbok 2021: 7.februar

Klokka er no 16.25, og sola gjekk akkurat ned bak fjella i sør-vest. Temperaturen er no minus 7 grader på trappa, då eg så på målaren før i dag var det berre minus 4 grader, og det kjendest nesten varmt ut. I dag tidleg vakna eg klokka 8, men hadde ikkje lyst å stå opp så lenge før sola. Men så sovna eg igjen og fekk ikkje tatt tida på sola på føremiddagen. Men i dag var sola her 8 minutt lenger på ettermiddagen enn i går. Får berre håpe på at veret held seg så fint at vi får nyte varmen av sola inne i huset lenge. I går kveikte eg ikkje opp i omnen før klokka var over 19.--I dag før middag skulle eg sjå på TV programmet, men oppdaga at eg ikkje hadde tatt inn avisa som kom fredag.Ein av grunnane til at eg kan gløyme noko slikt er at eg sjekkar avisa på nettet kvelden før. Eg har begynt på eit prosjekt der eg strikkar klutar/tvoger av bomullsgarn- restar, no held eg på meg klut nummer tre. Viss ingen andre vil ha dei, så kan Solveig få dei til skulekjøkkenet sitt. Dei to første vart i minste laget fordi garnrestane var for små, den eg strikkar no skal bli stor nok. Eg gjekk tur mellom 13-14 i dag også, runden eg går er minst dobbelt så stor som runden på Vernet. Eg går sakte-mykje på grunn av piggskorne. Då eg kom heim laga eg meg tomatsuppe med hardkokte egg og makaroni(som eg hadde ferdig kokt i frysaren)og med ein fløteskvett ved servering. Det var god mat, og eg har til i morgon også. Eg prøver å bruke mat som eg har i hus, kan ikkje berre lagre. Elles så ser eg The Crown i ledige stunder, men ikkje så lenge sola er oppe. Søndagane er gjerne dei dagane det "skjer" minst. Men neste helg blir det liv i leiren, for då fyller Erik i kjellaren 25 år. Då kjem foreldra hans hit og besteforeldra og brørne hans og skal feire dagen her i Ørsta. Foeldra og besteforeldra skal bu på hotell, men brørne hans skal bu her. Kor mange brør det er snakk om , veit eg ikkje. Det er sikkert kjekke folk!

lørdag, februar 06, 2021

Bøker 2021: Bok nr.12: Redd deg selv, lille hjerte

«Sitrende og sanselig om utroskap fra en forfatter som det definitivt er verdt å følge med på!» Sindre Hovdenakk, VG Sex er voksenlivets lek, det er hengivelse, risiko og overskridelse. Det er håp om intimt fellesskap og et dunkelt løfte om belønning og tilfredsstillelse. Hvordan ser dette ut for en kvinne over midtveis i livet i et mangeårig ekteskap, der han har følt seg styrt, mens hun har følt seg avvist? Hun som en gang for tjue år siden bedro ham, han som bekjenner for henne at han lever et dobbeltliv med en yngre elskerinne og gjerne vil fortsette med det. (Denne omtalen har eg funne på nettet, men Margrete har ein minst like god omtale på bloggen sin. Eg vil berre legge til at eg likte boka veldig godt. Eg las papirutgåva og boka er på ca.150 sider. Eg likar veldig godt korte bøker).

Dagbok 2021: 6. februar

Klokka er no 16.00 og eg sit og nyt dei siste solstrålane i dag.Temperaturmålaren på trappa viser minus 6 grader, men eg har inntrykk av at det er kaldare. I dag fekk eg sola inn i stova klokka 9.45, litt tidlegare enn i går, dagen blir nokre minutt lenger for kvar dag. Men kaldt er det om morgonen før sola får varma opp, eg kveikjer ikkje opp i omnen før sola går ned. I dag hadde eg ikkje noko spesielt å gjere, så eg las ut boka eg heldt på med før eg vaska håret og kledde godt på meg for å gå tur. Eg har brukt den raude hua som eg strikka, men den har ein tendens til ikkje å halde seg nede på øyra mine-i går såg eg ut som ein julenisse då eg kom heim. I dag fann eg fram ei blå "Bankranar-hue" som eg strikka til Nils ein gong. Den var mykje betre, den var tjukkare og varmare og heldt seg på plass over øyra. Det vart til at eg tok ein times tur i dag også, om lag same ruta som i går. Då eg kom tilbake til Starevegen møtte eg nokre naboar såpass eg fekk litt sosial kontakt i dag også. Dei to bilda over er tatt frå same ståstad, der Olavsgata går over i Storebakken. Mange går på Fonnvernet no også, men der er berre ei smal rås, så eg vil heller gå på den breie vegen. Ei stund etter at eg kom heim skulle eg ha noko som likna på middag. I dag tok eg fram glaset med Julesild frå SILDAKONGEN, åt den på eit par brødskiver, men tenkte at i morgon skulle eg koke poteter og lage kålstuing og ete silda som spekesild--eg rota rundt i glaset for å sjå kva som var att. Det var ikkje mykje! Eg skal tilstå at eg er over middels glad i spekesild o.l.Der gjekk sola ned kl.16.15
Eg har ei stor plastkasse full av garnrestar som eg har sortert etter farge. Eg har no tatt denne kassa opp på stova for å sjå om eg kan bruke garnet til noko. Det kan vere t.d. huer og lestar. Problemet med lestar er at eg må ha to like. No har eg lagt fram alle dei grå nøsta, lurte på om eg skulle lage ei hue med "Fifty shades of grey" - men kor mange huer treng ein eigentleg ? I heile dag har det vore sundag inne i hovudet mitt, det er ei plage, men heldigvis er det laurdag og vi kan glede oss til MGP på TV. Dei to siste gongane har det ikkje vore mykje å glede seg til,men ein gir ikkje opp håpet. Elles så ser eg ein episode eller to av "The Crown" når det ikkje er noko anna eg skal sjå på TV. Elles har eg i dag lese at dei i Israel har funne opp ein medisin mot Corona. Det er veldig bra viss det held seg oppe. Då kan dei som blir smitta bli friske igjen-på kort tid.

fredag, februar 05, 2021

Dagbok 2021: 5.februar

Klokka er no 16.30 og temperaturen ute er minus 8 grader. I dag hadde vi sol i stova frå 9.46 til 16.12. Sola varmar godt inne-og bra ute også. Har gjort lite og ingenting i dag. Eg hadde ein liten rydde og oppvasksjau på kjøkkenet etter frokost, så var eg ein tur inn på datamaskina før eg sette meg til å strikke. Klokka 13.10 la eg ut på ein spasertur her rundt på Vallabøen, om lag samme ruta som sist. Eg møtte berre ei som eg kjenner og vi vart ståande å prate ei stund så klokka var neste 14.30 før eg var heime, altså fekk eg minst ein time mosjon. Ja, her går tilsynelatande alt etter stoppeklokka. Til middag i dag åt eg opp resten av suppa som Einar og eg hadde i går, det var i grunnen litt for mykje for meg, men heller det enn å ete den ein dag til. Skulle lese litt i boka mi etter middag, men vart veldig søvning, eg veit ikkje heilt sikkert om eg sovna eller ikkje. Det blir ikkje gjort så mykje slike kalde ,fine dagar, eg held meg helst der det er varmt og godt, men frys ikkje når eg går ute. Innimellom les eg på spanskleksa mi-det går ikkje så fort inn, men har no litt å bryne meg på. Dagane går veldig fort når ein tek til på kvelden i 16-tida. No skal eg strikke meir, og så skal eg kanskje sjå ein episode eller to av "The Crown". Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei fin helg.

torsdag, februar 04, 2021

Dagbok 2021: 4.februar

Starevegen kl.16.15. Sjå kor fint dei har pløgd og moka ! Klokka er no 16.20, temperaturen er minus 9 grader, men kjem nok til å sige lenger ned. Sola varmar godt så lenge den er her, særleg inne i hus.Eg ventar på Einar, han kjem vel om ei stund. I går kveld då eg skulle legge meg, fann eg ei "spansklekse"frå Eli. 1,5 A 4 sider med tekst. Eg fekk ikkje sett så mykje på den før i dag, då brukte eg ein del av tida før vi skulle på trening til å lese og forstå teksten. Eg blei litt overraska over kor mykje eg eigentleg forstod. Ergo vart det ikkje gjort så mykje anna før vi skulle fare. Det var Marit som køyrde i dag. Det er fine vegar, kan ikkje hugse sist vi hadde kvite vintervegar. Men det er kaldt; sjølv om varmepumpa står på heile døgnet er det kaldt om morgonen, men då eg kom heim frå trening og shopping då var her varmt og godt takka vere sola. Sola kjem før klokka 10 og er her til over 16.Det er skilnader på temperaturane i Ørsta. Vi er ikkje av dei som har det kaldast. Og takk for det! No får eg ta å lese over leksa mi mens eg ventar på Einar.

onsdag, februar 03, 2021

Dagbok 2021: 3.februar

Bildet: Øvst i Storebakken. Klokka er no 16.35, temperaturen ute er ca. minus 9 grader, men det blir vel kaldare etter kvart. Sola har skine inn i huset frå kl.9.52-16.05, den varmar godt, så eg slepp å fyre så lenge eg har sol, men no må eg snart kveike opp i omnen; varmepumpa står på heile døgnet. Det er likevel fantastisk å få oppleve dette fine vintervêret som vi ikkje har sett på mange år-sjølv om det er KALDT. Sidan eg tok fredagasvasken på onsdag i førre veka, måtte eg gjere det i dag også, så no er det gjort.Etter at eg var ferdig med vasking etc. tok eg på meg piggskrone og gjekk tur ute i ein time. Eg gjekk ut Starevegen, opp Storebakken,ned Fonnavegen, ut Olavsgata og oppatt til Starevegen og heim.Eg trefte blant anna min venn Terje K som hadde same sort piggskor som eg. Han hadde kjøpt dei på ein skobutikk her i Ørsta. Elles så treffer eg ofte dei samme personane kva dag, det er vel andre som har liknande program for dagen. Å gå tur mellom kl. 13-14 er ikkje så dumt for då har sola vore oppe ei stund. Då eg kom heim hadde eg ikkje middagsmat klart så eg tok meg eit par brødskiver. Etter at eg hadde ete, sette eg meg i godstolen for å lese, men hadde problem med å konsentrere meg når eg skulle lese på papir. Dessutan vart eg trøytt slik ein ofte blir når ein har vore ute og kjem inn att, så eg hadde tendens til å sovne.-- Hadde tenkt å finmoke altanen i dag, men det var altfor frose. No tenkjer eg på å bere opp frå kjellaren den store plastboksen med restegarn og sjå om eg finn garn til Bernie -vottar, eller noko anna. Den "tullete" hua eg strikka til meg sjølv av restegarn, har eg brukt nesten kvar dag. Alle folk eg møter er godt kledde, så godt at det er vanskeleg å sjå kven det er - men alle helsar - for sikkerheits skuld ? Ned Fonnavegen:
Olavsgata:
Heim:

Bøker 2021: Bok nr. 11: Ondt spill

Pass på hvem du åpner døren for... Charley Webb er alenemor og spaltist i Palm Beach Post. Hun har ofte kontroversielle meninger og blir ikke likt av alle. Da en anonym leser begynner å sende henne trusler på e-post, vet ikke Charley hvor alvorlig hun skal ta dem. En dag blir hun kontaktet av en kvinne som er dømt til døden for å ha tatt livet av tre små barn. Hun vil at Charley skal skrive hennes versjon av det som skjedde. Det kommer frem at Jill hadde en medskyldig, en som fikk henne til å begå udåden. Charley oppdager at hun har viklet seg inn i et livsfarlig spill, der hennes egen sønn står i fare for å bli morderens neste offer. --------No i kveld har eg høyrt resten av denne boka, og meiner at eg no har lese alle bøkene av Joy Fielding som ligg på Storytel. Denne boka var ei av dei beste, etter min smak. Men no må eg finne meg lektyre som ikkje tek så mykje av tida mi, slik at eg får gjort litt anna også. Men lesestoff må eg ha. Har mange papirbøker som eg kan lese.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...