torsdag, juli 31, 2014

Dagbok 2014: 31.juli


Klokka er 22.15, temperaturen ute er + 14 grader C, det er overskya og regnbyger. Siste julidagen vart ikkje så sommarleg, men eg har tru på at sommaren kjem tilbake.
I dag har eg hatt ein rolig dag, har ikkje vore så aktiv. Før middag var vi nedover og handla litt mat, og etter kvart laga eg middag.
Audun kom i 15-tida, og etter at vi hadde ete og drukke kaffi, reiste mannfolka på sjøen for å sette liner. Dei skal drage i morgon.
Eg fekk ei stille åleinestund som eg brukte til ein liten middagslur og til å lese i boka mi, i tillegg til litt chatting på FB.No har vi ete kveldsmat og TV-en er sett på. Det kan ikkje skje like mykje kvar dag.
Reknar med at Lars og ungane er heimkomne no. Solveig og Øystein+ dei to yngste er vel framme i London, Einar er på Norway cup, og Rasmus med fam. reiser til Mallorca i morgon. Eg har ein liten jobb med å passe på kvar alle er til ei kvar tid.  Men tenk kor annleis det er no. Vi kan ha kontakt med kvarandre same kvar vi er i verda. Før skreiv vi prospektkort når vi var på ferie. Kort som kom fram lenge etter at vi var komne heim.

onsdag, juli 30, 2014

Dagbok 2014: 30.juli.

Klokka er 19.10, temperaturen er + 17 grader C, noko som kjennest rimelig kaldt . Det er overskya og litt regn av og til. For meg har dette vore ein rimelig sløv dag. Brukte ei stund på å legge ut bilde og skrive om turen i går.
Så hjelpte eg Nils med vedkløyving. Sidan eg kollapsa fullstendig i ryggen sist eg kløyvde har eg ikkje rørt kløyvaren. Men i dag fann vi ut ei arbeidsfordeling som funka; Nils løfta kubbane, mens eg styrte maskineriet. Og kubbane vart kløyvde. No vil han ha litt hjelp med sekkane, men bøye meg eller løfte, kan eg berre ikkje.
Etter vi hadde ete lunsj vart eg så trøtt at eg måtte legge meg på sofaen ei stund, då kjende eg at det vart litt kaldt, så Nils kveikte i noko rusk.
I dag laga eg middag av slikt eg fann i ymse skuffer og skap. Det vart ei slags pølsegryte med ris til. Det smakte bra.
I morgon kjem Audun innover og blir til fredag. Han vil vel fiske i lag med morfaren. Resten av familien, med unntak av Einar, reiser til London nokre dagar.

tirsdag, juli 29, 2014

Dagbok 2014: 29.juli= olsok

Klokka er 22.10, temperaturen ute er + 18 grader C, og det er nokså skya, med delvis rosa skyer.
Vi er nettopp komne heim frå ein lang biltur, så eg orkar ikkje å skrive så mykje i kveld. Etter så mykje biling får eg meir tinnitus enn vanlig og så er eg litt svimmel.
Men eg likar å reise, det er ikkje det. Vi var litt seine før vi kom oss av garde, for Nils heldt på å egne liner ute i garasjen. Han kom med eit uventa forslag om å ta ein tur til Måløy- men eg lukta lunta!
(Der er nemlig ein veldig velutstyrt butikk med alle slags fiskesaker i byen).
Ruta vart: Volda-Folkestad- Straumshamn  (ein liten stopp hos Margrete)-Bjørkedalen-Hjelmelandsdalen- Stårheim osv. til Måløy, der Nils fekk handla onglar etc.Eg såg meg omkring og prøvde å finne hus og gater eg kjende frå før. Vi åt middag på ein Thai restaurant som Bjørg hadde skrive om på bloggen sin. Nydelig mat. Så gikk turen vidare til Raudeberg-Vedvik-Refvik-Raudeberg-Måløy-Maurstad- Åheim- Fiskå- til ferjeleiet på Koparneset der vi måtte vente nesten ein time på ferja.(Dårlig planlegging). Vi køyrde så rett heim. Slik kan det gå når ein har ein innbitt uvilje mot å reise same vegen tibake. Men vi hadde ein veldig fin tur, og i alle fall eg, såg mykje vakker natur.
Skal legge inn bilde med kommentarar seinare, no er eg svolten.
Bildereportasje:
Vegen over frå Bjørkedalen til Hjelmelandsdalen var om lag så dårlig som eg hugsa den, men vi fann brua der Margrete plar stoppe for å gå på den gamle postvegen. Elles vart det ingen stopp før vi kom ned til setrane i Hjelmelandsdalen.
På setrane i Hjelmelandsdalen var eg fleire gonger i ungdommen, men eg kjende meg ikkje att, for no er der hytter og vegar overalt. Men denne setra kjenner eg-trur Bodil må hjelpe meg med namnet.
Den tida vi budde på Raudeberg, reiste vi ofte til Eid, men det var tungvint. Innover reiste vi med buss til Måløy, så var det ferje over sundet og ny buss på andre sida. Heim att reiste vi gjerne med båten Sunnfjord til Måløy, og så måtte vi vente til bussen gjekk til Raudeberg.Det var før brua kom. Sist vi reiste over Måløybrua bles det 25m/sek.-denne gongen berre 2m/sek.


Overalt i byen var det blomster, både i gatene og i private hagar. Trur Molde må gi frå seg tittelen "Rosenes by" til Måløy. Her har eg funne att det som var hovudgata i gamle dagar. Eg trur kanskje det må vere Gate 1. Som kjent har ikkje gatene i Måløy namn, berre nummer. Om lag som i New York.
Dette glasmagasinet var det Bjørg Lefdal (gift Gotteberg) som dreiv i mange herrens år. Trur ho var nærmare 90 år sist eg var innom. Ho hadde alltid stort og godt vareutval og eg handla mykje med henne. Har enno ei vassause i rustfritt stål som eg kjøpte av henne, til ein "god pris". Eg veit ikkje om nokon i slekta driv butikken no, men for meg var det litt kjekt at den var der.
                                              RAUDEBERG
På Raudeberg er mykje forandra sidan vi budde der  frå 1962-65. Men kyrkja står der ho stod, og båtane ligg der dei låg, dei er berre blitt større og finare. Dei to første åra budde vi i bakken rett ovafor der som båtane ligg. Denne gongen lukkast vi i å finne att huset, som no var blått, den gongen lysegult. Vi budde i kjellaren, og den viser ikkje på bildet.Det eg kjende att var tørkestativet, det stod som for over 50 år sidan. Vi måtte gå eit lite stykke oppover stigen, som var snarvegen til butikken den gongen, men butikken er det ikkje mykje att av.Eit trist syn.
I denne kyrkja vart både Solveig og Rasmus døypte. Mamma bar Solveig til dåpen, Nils bar Rasmus.Margrete vart for øvrig døypt i kyrkja på Eid.
Eg jobba på Raudeberg skule i to år. Då var det kome opp bygget til høgre, mens huset til venstre er mykje nyare. I mi tid stod "gamleskulen" der.
 Her er huset vi budde i dei to første åra, Per-kjellaren kalla vi leilegheita vår.
 Og her er vegen ned til butikken, ikkje lange stubben å gå.
Våren 1964 flytta vi inn i andre etasje i dette huset, og det var her vi budde då Rasmus vart fødd. Ho som eigde huset var pensjonert lærar, og eg kjende henne frå skulen. Det var ein hekk rundt huset, og det var mange bilkollisjonar i den såkalla "Hekksvingen".


Frå Raudeberg køyrde vi mot Vedvik der ein har flott utsikt vest i havet, og snur ein litt på seg, kan ein sjå vindmøllene på Kvalheimsfjellet.





Refvik og Refviksanden er eit kapittel for seg. Sidan eg har to veninner som har "fritidsbolig" i området har eg vore her nokre gonger. Temperaturen og vêret frista ikkje til bading denne dagen, men eg tippar stranda var rimelig full på dei varmaste dagane.
Det blei ikkje teke bilde på heimreisa, for vi hadde inga aning om kor lang tid det ville ta å køyre frå Maurstad til Koparneset. Hadde eg visst at vi skulle vente nesten ein time på ferja, hadde vi stoppa oppe på Åheimsfjellet (eller kva det heiter) for der var det veldig fint. Og det var lenge sidan vi hadde vore akkurat der. Vi vurderte å køyre heimover over Selje, men fann ut at turen til Stadlandet ville vi ha til gode til ein annan gong. Det vart ein tur med mykje bilkøyring, men når sjåføren ikkje klagar, er det greitt for meg.

mandag, juli 28, 2014

Dagbok 2014: 28.juli

Klokka er 21.15, temperaturen ute er + 21 grader C og sola skein til for ei lita stund sidan. Då vi stod opp i dag var det både skyer og skodde, men så vart det fint igjen. Eg har ikkje sjekka men det var visst opp i 27 + i dag også. Kongsberg hadde rekorden med + 29, men då reknar eg med at det var målt på ein litt "kald" stad. Her i Ørsta måler dei visst ved flyplassen, og der er det mange grader kaldare enn her hos oss.
Når ei husmor tek fri ei heil veke syner det att i huset, det er som eg plar seie, husarbeid syner berre att når det ikkje vert gjort. Så i dag vart det vasking, støvtørking og støvsuging heile føremiddagen, så no ser her bra ut, så lenge det varer.
Nils fekk ved av ein nabo som hadde saga ned ei stor bjørk og ikkje trong veden sjølv. Så han vart ståande å kløyve ved i garasjen ei stund, før han slo plen.Det er alltid noko å ta seg til når ein har hus og hage.
Etter lunsj slappa vi av på altanen, og eg fekk lese ut boka eg har halde på med litt for lenge.
Nils koka salta lange til middag, og då må eg berre halde meg langt vekke, for det skal han gjere på sin måte.(Eg synest fisken skal koke/trekke litt lenger enn han gjer).
No har vi hatt ei stund og sett TV, og meir blir det. Elles har vi sett lite TV i sommar, dvs. NILS har sett fotball, en ikkje eg. Det har vore ein utrulig fin sommar, og for min del kan den gjerne vare lenge enno.

Bok nr.48 - 2014 : Slakteren.

Øystein Wiik har skrive fire kriminalromanar så langt, og no har eg lese alle. Rett nok ikkje i rett rekkefølge, men det går bra.
Bøkene er:
1. Dødelig applaus (2010) 
2. Slakteren (2011)
3. Hvit panter (2012)
4. Casanovasyndromet.(2013)
 
Dette er ikkje vanlige kriminalromanar, men meir som eventyrbøker. Og eg tek ingen ting heilt alvorlig. Bøkene er groteske og forferdelige på mange måtar, men det er også dei norske folke-eventyra. Eg har fryda meg over desse bøkene.
Fordi forfattaren skriv så utrulig bra. Skildringane hans av menneska, naturen og miljøet er eminente. Metaforane og andre samanlikningar er nye og uventa- ingen klisjear her, nei.
 
Handlingane kan vere litt vanskelige å henge med på om ein ikkje les bøkene i eitt jafs. Her er mange paralle historier, som til slutt blir vevd saman.
Eg anbefaler desse bøkene for dei som ikkje er altfor fintfølande, for her er ein del groteske scener.
Solveig har nylig skrive om boka også.
NB: Sjølv om eg likar å lese slike vanvittige bøker innimellom, set eg sjølvsagt pris på å lese meir seriøse bøker. Alt til si tid.

søndag, juli 27, 2014

Dagbok 2014: 27.juli


Klokka er no snart 19.30, og ute regnar det etter det har lyna og tordna i timesvis. Ikkje meg i mot at hagen blir vatna frå oven! Det kan godt vere overskya i morgon også, for heile huset treng ei oppshining etter at eg har "feriert" i ei heil veke. Temperaturen er no +19  grader C, høgste tempen vi har målt her i dag var + 29 grader, men vi har ikkje vore heime heile dagen.
Før middag gikk eg ut og plukka noko rips som eg fraus til dessert.
Så reiste vi på Rjåneset, med knekkebrød og kaffi for å "feire" 52-års bryllaupsdag. Nils bada fleire gonger, mens eg berre steikte meg på ei svaberg. Der var godt å vere uansett, for der bles litt. Eg blir verken brunare eller solbrend, har ikkje brukt ein drope solkrem heller.
Då vi kom heim plukka Nils rips hos ein nabo, han meiner den er betre enn vår, den skulle vi ha til dessert.
Middagen i dag var  steikt laks med Woka grønsaker+ agurk og rømme. På bryllaupsdagen vår for 52 år sidan var det kald, kokt laks på menyen. Vi gifta oss i Bergen, og  det var berre nærmaste familie til stades. Det hadde sine grunnar det også. Dessutan har vi aldri vore flinke å "feire" noko som helst. Eg skulle ønske vi var.
Til dessert hadde vi i dag rips med kesam, sidan eg ikkkje likar ferdigkjøpt vaniljesaus. Hadde kjøpt både vaniljekesam og limekesam. Limekesamen var absolutt best, men vanilje passa best til rips, var min konklusjon.
Då vi skulle drikke kaffi starta det opp med eit forferdelig torevêr som varte i timesvis, har knapt sett/høyrt maken. Men så kom endelig regnet.
Eg skulle hatt bilde av oss begge i dag, men sidan eg hatar å sjå meg sjølv på bilde, får Nils representere oss begge.

Rettingar,


Ved hjelp av ein observant nabo, har eg no fått eit kart som viser vegen vi reiste i går. Vatnet som ligg øvst på Nordfjordsida heiter Sætrevatnet eller Heggjadalsvatnet. Setrane ved nordenden av vatnet heiter Frislidsætra og Heggjadalssætra. Grøndalsvatnet ligg på grensa mellom Sunnmøre og Nordfjord. På Sunnmørssida ligg Osdalsvatnet
http://www.norgeskart.no/

lørdag, juli 26, 2014

Dagbok 2014: 26.juli

Klokka er 19.00, temperaturen er + 25 grader C og sola skin her  no.
Først på dagen var ikkje vêret så strålande, så etter at vi hadde vore til Vik og handla, fann vi ut at vi kunne ta ein biltur. Eg likar ikkje å sitte inne i bilen når sola skin utanfor, men i dag var det greitt.
Vi fann ut at det var fryktelig lenge sidan vi hadde køyrt Heggjadalen, ikkje sidan vi var på Eid og feira Svein sin bursdag 25.oktober og det begynte å snø. Ein stor trailer stengde vegen over Stigedalen, så vi måtte gjere ein vri. Kan ikkje hugse årstalet, men der er i alle fall veldig lenge sidan, og verken Nils eller eg hugsa mykje att av vegen. Vi forventa oss smal og dårlig veg, og det fekk vi.
                                                Grøndalsetra.
Vi har eit fjellkart over Sunnmøre i bilen, så vi var godt orienterte om namn etc. på vår side av grensa, men på Nordfjordsida var det verre. Kva heiter det store vatnet som ligg nesten på toppen? Eg meiner setra der heiter Frislidsetra? Sikker er eg ikkje. Det var faktisk interessant å sjå att dette landskapet.Vi var ned til vatnet, og Nils prøvde eit par kast med flugestonga,  utan å få noko. Alle stader er det tilgrodd med skog, så vi måtte ned til ei hytte for å kome til vatn. Der var ikkje folk på hytta, og vi gjorde ikkje noko gale.


Då vi kom ned i Heggjabygda såg vi det store raset som hadde gått på andre sida av Honndalsvatnet sist vinter.
Vi fann ei hytte i nedste enden av vatnet, der vi fekk ete nista vår, og Nils fekk fiske.

Så køyrde vi mot Grodås, men stoppa ikkje der. I fjor vår då vegen til Otterdal var øydelagd, gjekk vi på føtene nesten heilt inn i Otterdalen, i dag køyrde vi på ny og fin veg heilt inn. Og så måtte Nils fiske litt. Der var laga til fin badebrygge, der mange kom seg ut i vatnet.





Derifrå bar det strake vegen heim; var innom Kiwi og kjøpte pizza, som blei middagen i dag. Ja, vi måtte sjølvsagt stoppe ved padda, og ta bilde av oss der. Nils synest eg var fin på bildet - samanlikna med padda.
Ønsker alle ei god helg!

fredag, juli 25, 2014

Dagbok 2014: 25.juli

Klokka er 21.40, temperaturen er + 19 grader C og vêret er fint. Rettnok låg skodda ei stund utover føremiddagen, men så kom sola fram. Ikkje så veldig varmt, max 26 grader, og det er no berre herlig.
Denne dagen har det hendt minimalt, og vi har gjort minimalt. Kanskje det er det mest perfekte i vår terrortruga tid?
Før middag rydda vi skikkelig opp nedst i hagen, så steikte vi makrell ute og åt middag ved hagebordet.
Ettermiddagen gjekk med til soling, lesing og prating med naboar. Nils fekk besøk av ein kamerat og eg besøkte veninna mi rett over vegen. Sant å seie kunne eg godt tenkt meg å ha det slik heile året. Eg likar sol og varme.
I morgon startar Naturfestivalen her i Ørsta, og då er det "Saudehornet rett opp"- men eg forstår det slik at Einar og ein kamerat var der i dag? Det er sikkert mykje som skjer her i Ø desse dagane, så eg får sjekke avisa i kveld. Men no skal eg først sjå "Mord og mysterier". For ein gongs skuld har vi sett på TV 2.
PS: No har eg sett "Mord og mysterier", berre for å oppdage at eg har sett episoden før. Nei, lat meg halde meg til Stas-kanalen, slik som eg plar gjere. Ikkje mykje å sjå der heller om sommaren, forresten, men eg slepp i alle fall reklamen.
Ei lita retting når det gjeld Naturfestivalen, den tek til i morgon, men "Saudehornet rett opp" er laurdag 2.august. For spesielt interesserte, kan eg nemne at de finn meir om saka på www.naturfestivalen.no   

torsdag, juli 24, 2014

Dagbok 2014: 24.juli

Rett over fjorden ser vi fabrikkane til Ørsta stålindustri- no "Vik Ørsta".Dalen mellom fjella heiter Skorgedalen; der har eg vore ein gong, og har eit fåfengt ønske om å sjå denne vakre dalen ein gong til, men det er bratt å gå før ein kjem opp i sjølve dalen.



Ørstafjorden i dag ca klokka 16.00. Då var det litt vind. Til høgre ser vi Liadalsnipa og Lianeset.

Her ser vi gardane Sørheim, ved sjøen, og Eidheim lenger oppe.Fjellet heiter Veten, eller Lidaveten. Har vore på toppen ein gong.De kan sjå den gamle vegen langs sjøen, og nyevegen til tunnelen høgare oppe.

Klokka er 21.00, det er + 22 grader på trappa vår og sola skin ikkje lenger her hos oss, men det har vore kjempefint i dag også, og minst 28 varmegrader. Berre synd at desse fine dagane går så fort over i historia.
I dag fann eg ut at eg måtte få på meg noko anna enn ei svart joggebukse, og faktisk hadde eg ei sommarbukse liggande. Det var berre det at ho var så "høg" at ho rakk nesten opp i armhola. Eg spretta av "linningen", klipte av buksa og sydde på att linningen, og gudane må vite at det gikk litt vilt for seg. Men buksa blei faktisk brukbar, og eg reknar ikkje med at nokon går meg etter i saumane. Om det er noko her i verda eg er i nærleiken av å hate, må det vere symaskina ! Då eg var ferdig var klokka alt blitt 11.00, så eg var litt sein å komme i gang med det som var dagens jobb, nemlig å klippe ned staudene og bruke kantklipparen på muren mot naboen. Heilt ferdig vart eg ikkje, for den batteridrivne kantklipparen er berre noko herk, eit kvarter ca og så er batteriet flatt.
Vi sat ei stund og prata med naboar, før vi åt litt lunsj, og så køyrde vi ut på Søre-Stranda for å bade. Då var det ikkje så heitt at eg vart frista,for det bles, men Nils fekk seg ein dukkert.
I dag slappa vi av på altanen, som vanlig, og eg somna i solsteiken-det gjer meg ingen ting.
No snakkar dei mykje om terror, men eg er ikkje så veldig redd.Tenkjer litt på dei som reiser til Tyrkia i kveld, men reknar med at dei er trygge i charterflyet.

onsdag, juli 23, 2014

Dagbok 2014: 23.juli

Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 22 grader C og sola skin. Vi har hatt enda ein vakker og varm sommardag. Då vi stod opp i dag, låg skodda heilt ned på marka, men det varde ikkje lenge før den var borte.
I dag har eg gjort nesten ingen ting. Dvs. eg har vatna i hagen og det er etter kvart ein liten jobb, for no er det mykje som er tørt. Litt ugras har eg fjerna også etc. Men mykje av tida har eg lege eller site ute i sola med lydboka mi. Det har ikkje vore så varmt i dag som før i veka, ikkje så mykje over 25 grader, trur eg, men det er nok når ein er godt kledd.Men varmen plagar meg ikkje på nokon måte.
Nils tok seg ein tur på sjøen på ettermiddagstid; han fiska eit par småseiar som vi hadde til middag, og så fekk han bade.
I dag går "Hundedagane" inn og dei varer til 23.august. I Norge meinte ein at om Hundedagane gjekk inn med finevêr, skulle dei gå ut med dårlig vêr, og omvendt; ikkje heilt ulogisk. Ved kysten venta ein at det skulle vere stille på sjøen denne tida.
Morfaren min, Isak Andreas Skåden, vart fødd 23.juli 1874.
I min barndom, då vi hadde både foreldre, tanter, onklar og besteforeldre på Eid, hadde nesten alle dei vaksne bursdag om sommaren. Eit par gonger kan eg hugse at vi feira fødselsdagar i Stigedalen, på fjellhytta der.

tirsdag, juli 22, 2014

Dagbok 2014: 22.juli

Til minne om 22.juli 2011

Klokka er no 20.00, og enda ein nydelig sommardag er historie. I skrivande stund er temperaturen +24 grader C, og sola går ned om ein halvtimes tid her hos oss. Det har ikkje vore fullt så varmt her i dag, og det har vore litt skyer og vind. På det varmaste var det +28 grader. Vi hadde ingen ting som vi måtte gjere i dag, så vi bevilga oss ein fridag. Det vart ein tur på Rjåneset, der Nils fekk bade eit par gonger, mens eg måtte halde meg på land. Vi hadde med oss mat og kaffi så det vart ein liten lunsj ved eitt av rasteplassborda.

Nils var også ned på hamna og såg til båten. Det er den som no har fått Evinrude-motor.Dessverre var eg ikkje i form til båttur i dag. Det er berre å beklage.Men det var utrulig fint på sjøen i dag. Etter kvart kom det nok meir vind, solgangsbrisen som her i Ørsta heiter "utrønå ". Vi var nedom ei anna båthamn også og såg etter båten til ein av naboane som er på ferie. Nils tek på seg slike oppdrag, passar kattar og båtar alt ettersom.
På heimvegen stakk vi innom to butikkar på jakt etter ny solseng, men begge var utselde. Vi gad ikkje å fare inn på fleire butikkar då, men reiste heim og sola oss her.
Etter kvart vart det middag; spekemat etc. i dag, og då var det såpass svalt at vi kunne sove middag på altanen. Etter at eg vakna til live igjen, måtte eg fylle på med væske, elles toler eg godt å ligge i sola.
No er Nils på terminalen for å fiske makrell. Eg har ein haug med klede som eg skal stryke, så snart det kolnar litt i huset.

mandag, juli 21, 2014

Dagbok 2014: 21.juli

Klokka er no 21.00, sola forsvann herfrå for ei lita stund sidan, rett etter at eg tok bildet. Temperaturen i skuggen er no + 22 grader C. Eg kan ikkje med sikkerheit seie akkurat kor varmt det har vore i dag, men det har i alle fall vore oppe i +31 grader C. Og aldri har eg sveitta som eg har gjort desse dagane, men det går bra, berre ein hugsar på å drikke nok! Til vanlig drikk eg veldig lite utanom kaffien til måltida. 
I dag var eg så dristig at eg tok på meg bomullsokkar i staden for ull, og sant å seie gjekk eg utan ei stund også. Med andre ord har eg vore relativt bra i dag. 
Både Nils og eg har jobba litt i dag. Han har klipt plenane, eg klipte litt kantar og vatna blomster og busker.
Men først støvsuga eg alle teppegolva og shina kjøkkenet.
Vi var ein liten tur nedover også, vi skulle ha medisin begge to, og så var det litt anna vi trong også. Ein tur på biblio er obligatorisk. No skal eg kose meg med eit eventyr med Øystein Wiik. Låg på altanen og las ei stund seint på ettermiddagen, med ryggen mot sola. No har eg dusja og vaska håret, og ser relativt sivilisert ut, etter å ha gått med hijab mykje av dagen.
Dette er herlige dagar, og så får ein finne seg i at andre både badar og går tur; vi kan ikkje alle vere like spreke.
Nils tok nota av jordbæråkeren i dag; jordbærsesongen vart kort og intens i år, og ikkje eitt einaste bær hamna i frysaren. Frosne bær kan vi kjøpe om vi vil, eller kjøpe bær og røre. Gutane til Rasmus, særlig  Mellombror, var veldig ivrig å plukke rips som han åt med vaniljesaus på. Eg synest den ferdigkjøpte vaniljesausen er direkte ufjelg, etter å ha smakt Solveig sin heimelaga.
Vi hadde salta lange til middag i dag, det var av "storlanga"- og veldig god. Vi drakk mykje etterpå. Saft+ vatn. Og kaffi.

søndag, juli 20, 2014

Dagbok 2014: 20.juli

Klokka er snart 22.00, og det har blitt kjøligare ute. No er det berre 22 +-grader, tidlegare i dag var vi oppe i +33 grader C. Det er herlig, men eg greier ikkje å sole meg i denne varmen -i alle fall ikkje lenge om gongen. Sveitten renn, og eg går i svarte joggebukser og strikkalester likevel. "Du skulle hatt på deg tåss (shorts)", sa Ingar, og han har vel rett i det.
Rasmus og fam. reiste relativt tidlig i dag, rett etter frokost. Det vart stilt i heimen då vi vart åleine att. Sidan det var for varmt å vere ute, begynte eg å vaske sengetøy, både gjestane sitt og vårt eige. Fantastisk tørkevêr, så eg har fått på plass mesteparten i skapa. Godt å ha noko å styre med når gjestane er vekk. Det var kjekt å ha besøk, og særlig var det fint at vêret vart så godt dei siste dagane. Familien er no vel framme på Hunderfossen, men eg veit ikkje kor lenge dei blir der. Dei skal til Mallorca den 1.august, så det blir litt av ein sommar på dei.
Margrete er heime att etter å ha vore i Oslo og feira 50-årsdagen til ei veninne frå Ulsteinviktida.
Vi har framleis ingen planar enno, vanskelig å reise når forma er i ulage og alle legar (nesten) har ferie.
Nils har ikkje fiska i dag, men han var av gårde og dyppa seg i sjøen. Eg var bra misunnelig.
I morgon får han litt av ein jobb med å slå plenar, han må vel ta det i fleire økter. Eg plar klippe kantar, så han slepp å bry seg med det. Elles blir det gjort minst mulig i finevêret.Jordbærsesongen er ver, så no et vi sukkererter i staden. Og rips.
I morgon må eg i alle fall på biblio, for eg er heilt utan lesestoff.
I år var dei ekstremt heldige med vêret under Rockefestivalen i Malakoff, og det unner eg dei.Det hadde sikkert vore kjekt å vore på Eid og sett på folkelivet, men denne gongen høvde det ikkje.

Bok nr.47 - 2014: Flaskepost fra P

Det er andre gongen eg les denne boka. Litt spesielt å lese krim om att, men med min dårlige hukommelse går det godt an.Og eg får så mykje meir med meg når eg les om att.
Eg har lese heile serien om Avdeling Q, og desse bøkene er GODE. Det handlar om så mykje meir enn det å fange forbrytarar. Eg vil anbefale å høyre dei som lydbøker.
Eg har brukt litt for lang tid på boka denne gongen, sidan det ikkje blir lese så mykje når vi har besøk. Det er ein fordel å lese mykje samanhengande, sidan her er mange "parallellhandlingar" å henge med på.
Det er ikkje nødvendig å lese dei i rett rekkefølge, men det er ein fordel.
1. Kvinnen i buret.
2. Fasandreperne.
3. Flaskepost fra P.
4. Journal 64.
5. Marco-effekten.

lørdag, juli 19, 2014

Dagbok 2014: 19.juli

                                                  Ingar 4 år

                                                 Vebjørn 8 år.
Eivind 12 år.

Klokka er 22.00, temperaturen er + 20 grader C, og vi prisar denne flotte sommaren. Giv den må vare og vare!
Tenkjer på kor heldige dei er, dei som har konsertar og andre arrangement og får så godt vêr, for eksempel på Malakoff.
Vi har jo hatt litt ymist vêr denne veka, men dei to siste dagane har vore flotte. I dag var det rett og slett for varmt for meg i sola, men så går eg litt meir påkledd enn vanlig.
Før middag reiste dei tre eldste karane på sjøen. Nils vil gjerne at gutane skal få smaken på fiskarlivet, og Ramus likar også å fiske. Dei fekk ikkje så mykje fisk i dag, men det var meir for moro dei for ut. Eg var nesten litt misunnelig, det er friskt på sjøen når det er så varmt her i byggefeltet. Eg styrte med litt husarbeid, som vanlig; vaska klede og vaska opp, begge deler maskinelt. Prøvde å sitte ute med lydbok, men fekk problem med varmen. +27 grader var det midt på dagen.
Wenche tok med seg Ingar til leikeplassen på Vikemarka.
Då fiskarane endelig kom heim i 16-tida, hadde dei kjøpt med seg pizza, så det vart lettvint middag, som alle likte. Med rikelig salat til blir det ganske sunt også.
No driv dei og steiker småfisk ute, på ei laus kokeplate vi har, Så blir det steikt lyr til kvelds til dei som vil ha.
Særlig Vebjørn har plukka rips i dag og ete med vaniljesaus på. Vi sa at han kunne plukke av naboen sine busker også. Og dei hadde både mest og best, meinte han
I morgon føremiddag reiser dei austover igjen, dei har campingvogna ståande nede i Gudbrandsdalen ein stad. Då blir det stilt i heimen. Det har vore kjekt å ha besøk.

Dagbok 2014: 18.juli

Klokka er 0.45, og nokre i familien har lagt seg.Temperaturen ute er ca +12 grader C no midt på natta, og det er klårt.
Sommaren kom tilbake i dag med nydelig sol og sommarvêr. Rasmus og fam. reiste til Hareid i 11-tida og var vekke heile dagen. Nils og eg valde å vere att heime og slappe av i sola, etter først å ha rydda opp litt inne. Fekk ein liten ekstrajobb sidan bokhylla kollapsa - sånn delvis, Nils måtte reparere og eg rydde bøkene på plass igjen. Det var det mest dramatiske som hende i dag.
Det er voldsomt kor graset har vakse etter at regnet kom, så eg er redd Nils må til å klippe i morgon. Eg var ute og rydda litt i bedda i kveld, det gror fort til med ugras også når det blir vatna.
Vi var ein liten tur på Kiwi og handla i kveldinga, før Rasmus & Co kom heim att. Dei hadde hatt det kjekt og gutane hadde fått både padla og bada i Snipsøyrvatnet. Det er bilde på Solveig sin blogg.

torsdag, juli 17, 2014

Dagbok 2014: 17.juli

Kokka er 23.00. Temperaturen ute er 16,5 grader C, det er overskya, men opplett. Vi har trua på godvêr i morgon. Då skal Rasmus og fam. til Hareid, så det er kjekt om det blir fint då.

I dag sov eg til langt ut på morgonen, det samme gjorde Wenche, mens dei tre eldste karane reiste ut for å fiske. Dei fekk bra fangst. Og det blei steikt sei til middag, seinare på dag. Sidan Ingar tykte det vart for lite vaflar sist, måtte eg steike meir i dag. I dag løyvde vi litt, men dei gjekk med til kvelds. Her er smått med oraniserte måltid, men middag eg vi i lag i alle fall
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag. Eg har stort sett sett inn og tatt ut av oppvaskmaskina, og vaska litt klede i tillegg til matlaging.Wenche, Rasmus og Ingar var ein tur på butikken, elles har vi halde oss heime. Dagane går fort unna uansett.

onsdag, juli 16, 2014

Dagbok 2014: 16.juli

Klokka er 21.30. Temperaturen ute er + 15  grader C. Det er overskya, men opplett akkurat no. Tidlegare i dag var det kraftige regnbyger.
Margrete hadde tannlegetime i Ørsta i dag, så ho kom her før middag og vart her til vi hadde fått både middag og kaffi. I dag hadde vi relativt barnevennlig mat, spekemat med poteter og potetsalat, og risengrynsgraut til "dessert".
Heldigvis virkar det nye oppvaskmaskina heilt perfekt, noko som er viktig når vi er såpass mange. No i kveld har vi besøk av ein gammal kamerat av Rasmus, så her er mykje mimring, særlig sidan kameraten no bur på Eid, og vi har mange felles kjende der også.
Dei to yngste gutane har fått vist litt av kunstane sine.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...