mandag, juli 21, 2014

Dagbok 2014: 21.juli

Klokka er no 21.00, sola forsvann herfrå for ei lita stund sidan, rett etter at eg tok bildet. Temperaturen i skuggen er no + 22 grader C. Eg kan ikkje med sikkerheit seie akkurat kor varmt det har vore i dag, men det har i alle fall vore oppe i +31 grader C. Og aldri har eg sveitta som eg har gjort desse dagane, men det går bra, berre ein hugsar på å drikke nok! Til vanlig drikk eg veldig lite utanom kaffien til måltida. 
I dag var eg så dristig at eg tok på meg bomullsokkar i staden for ull, og sant å seie gjekk eg utan ei stund også. Med andre ord har eg vore relativt bra i dag. 
Både Nils og eg har jobba litt i dag. Han har klipt plenane, eg klipte litt kantar og vatna blomster og busker.
Men først støvsuga eg alle teppegolva og shina kjøkkenet.
Vi var ein liten tur nedover også, vi skulle ha medisin begge to, og så var det litt anna vi trong også. Ein tur på biblio er obligatorisk. No skal eg kose meg med eit eventyr med Øystein Wiik. Låg på altanen og las ei stund seint på ettermiddagen, med ryggen mot sola. No har eg dusja og vaska håret, og ser relativt sivilisert ut, etter å ha gått med hijab mykje av dagen.
Dette er herlige dagar, og så får ein finne seg i at andre både badar og går tur; vi kan ikkje alle vere like spreke.
Nils tok nota av jordbæråkeren i dag; jordbærsesongen vart kort og intens i år, og ikkje eitt einaste bær hamna i frysaren. Frosne bær kan vi kjøpe om vi vil, eller kjøpe bær og røre. Gutane til Rasmus, særlig  Mellombror, var veldig ivrig å plukke rips som han åt med vaniljesaus på. Eg synest den ferdigkjøpte vaniljesausen er direkte ufjelg, etter å ha smakt Solveig sin heimelaga.
Vi hadde salta lange til middag i dag, det var av "storlanga"- og veldig god. Vi drakk mykje etterpå. Saft+ vatn. Og kaffi.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det er så varmt no at til og med eg må drikke saft for å få i meg nok væske!

Besta sa...

Eg har funne ei saft som eg likar.Lerum, sitron + lime. Eg blandar tynt, og har isbitar i. Eg er ikkje glad i søtt drikke.

solveig sa...

Eg blanar litt kjøpt solbærsaft i ripssafta mi. Vert rikeleg søtt til meg med ca 1/4

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...