lørdag, februar 28, 2015

Dagbok 2015: 28.februar


Klokka er 18.00. Temperaturen er + 8 grader C, og det regnar og blæs. Eg er ikkje heilt fornøgd med denne vinteren- ikkje mykje verken av snø eller sol. Har ikkje hatt sparken min ute ein einaste gong. Ja, vi har i grunnen hatt veldig mykje snø, men den har smelta etter kvart. Men vêret kan vi ikkkje gjere mykje med-anna enn å klage over det.
I dag var vi ein tur på Amfi før middag, handla på rabattlappane våre, men ikkje så mykje anna. Men vi trefte no litt folk vi kjenner, Harald mellom andre.
Då vi kom heim steikte eg ein stor porsjon med småsei, som Nils hadde laga klar, og jammen gjekk alt ned på høgkant. Eit par dagar utan skikkelig middag skjerpar appetitten.
Eg la meg på sofaen etter måltidet og somna med lydboka mi. At eg ligg såpass mykje på sofaen kjem av at eg ikkje er heilt god i hofta, og det hjelper å ligge langflat ei stund. Nils ser mykje sport på TV, noko som eg ikkje bryr meg om. No gjekk han ein mosjonstur opp i fjellsida, det må eg avstå frå.
Eg les no mi 4.krimbok på rad, og eg er glad eg sparte "Lotus Blues" til slutt, for den er litt kjekkare å lese enn dei andre. "Jeg-personen" er ein skikkelig drittsekk, med sarkastisk humor, noko som eg er veldig svak for.Opplesaren er flink, og boka er godt skriven. Her kjem eit lite sitat som kan vere "Ord for helga".
"Det er mange ting kvinner bør slutte med. Å kjøre mindre biler enn menn er en av dem. Drit i miljøet-det handler om penger og makt !"
Det minner meg på at viss eg ikkje får fornya sertifikatet mitt før eg fyller 75, er det tapt for alltid.Så no må eg bestemme meg.
I morgon skal Edvard Hoem vere i Aasentunet og snakke om boka si "Slåttekar i himmelen", som eg sjølvsagt har lese for lengst.

fredag, februar 27, 2015

Dagbok 2015: 27.februar


Klokka er ca 17.30, temperaturen ute er + 5 grader C, og det regnar litt. Det er i grunnen ganske vårleg, snøen er borte på plenen og snøklokkene blomstrar. Eg var ute og skulle ta nokre bilde, men kamera funkar ikkje som det skal. Eg har tre små digitale kamera som eg sikkert kunne fått til å virke, men det får bli ein annan dag.
I dag har vi halde oss heime, i alle fall eg. No for Nils av garde på styremøte i Håvoll småbåtlag,på Rjåneset, så eg skal ha meg ei fredeleg stund med lydboka mi.
Vi hadde eigentleg tenkt å ha middag no i kveld, men så kom Nils på det møtet han skulle på, og der får han fiskesuppe. (Han må under litt press innrømme at den ikkje er så god som den eg lagar).
I dag starta eg dagen med å lese korrektur på mitt eige produkt og sende det til avisa.
Så rydda eg opp i huset og vaska kjøkken og bad. Etter lunsj og siesta støvsuga eg teppegolva, så no ser her rimelig bra ut etter min målestokk. Eg legg ikkje lista så altfor høgt.
Nils ventar stadig på fiskevêr såpass han får ha ut lina si - men det har vore ein vindfull vinter, så langt.
Høyrer og ser at mange er forkjøla, vi har gått klar, så langt.
Til alle sjuke: God betring ! Og til alle: God helg.
(Bildet er tatt med eit gammalt lommekamera.)

torsdag, februar 26, 2015

Dagbok 2015: 26.februar

Klokka er 21.15. Temperaturen ute er+ 4 grader C, og det regnar. Vêret skiftar heile tida denne vinteren, så det er nye overraskingar kvar dag.
I dag starta dagen med at telefonen ringde før klokka 8.00. Det er alltid litt skummelt når det ringer svært tidleg eller relativt seint. I dag var det ei dame som spurde Nils om han snakka engelsk, så han la på. Det var eit veldig langt nummer, så ikkje veit eg kvar telefonen kom frå. Har høyrt rykte om at andre har vore ute for det samme.
Etter at vi hadde ete frokost etc. sette eg meg til å skrive referat. Det tek si tid, sjølv om eg prøver å ikkje skrive for langt. Mens eg skreiv, fileterte Nils fisk og mol opp, så eg fekk lage fiskekaker til middag i dag, pluss tre porsjonar til frysaren. Denne gongen vart fiskekakene gode, ikkje seige som bukkeskinn,som sist eg laga.
Det vart ein pause, med siesta og kaffi, før vi gjorde oss klar for å køyre til Hareid. Det var boklanseringsfest for Øystein si nye bok. Der var fullt hus og veldig kjekt program. Øystein las tekstar frå boka si, sjølvsagt, og det var enda kjekkare å høre på han enn å lese dei sjølv.
Ei gruppe på 10 menn, alle i sin beste alder, kallar seg "Gull og gråstein"; dei song fleire songar, i to avdelingar.Dei hadde eit variert program og var vel verdt å høyre på. Og sjølvsagt var Odd Goksøyr der og song og spela gitar.Programmet veksla mellom opplesing og song. Til slutt fekk vi kaffi og kaker på Samlaget si rekning, men mange hadde alt kjøpt og betalt for eige traktement.
Ein av songarane ymta frampå at når Hareid no hadde fått Nobelpris i "O-fag", var det ikkje utenkeleg med ein pris i litteratur også. Det er kanskje ikkje kjent for alle at Øystein gjekk i klasse med nobelprisvinnaren Edvard Moser i 12 år.
Det var mørkt og regnfullt å køyre heimover, men Nils ser bra i mørkret, så det gjekk bra.
Det har vore mykje rek denne veka, men i morgon må eg halde meg heime og få litt orden i huset.
Ingar fyller 5 år den 4.mars og tante Solveig har strikka genser til han. Ser ut til at han likte den. (Mobilbilde frå Rasmus).

onsdag, februar 25, 2015

Dagbok 2015: 25. februar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore overskya og litt regn i dag. Nils reiste ut for å fiske før eg var oppe, han var i lag med Kjell R. i dag. Det vart ikkje storfangst, men litt fekk dei.
Mens han var vekke, dusja eg og kledde meg - nesten klar for kvelden. Vi var på Kulturhuset for å dekke bord etc. frå klokka 12.00, og i dag var vi berre tre, så det gjekk litt lenger tid enn vanleg. Men vi fekk oss ein liten pause før vi skulle ned att før halv fire.
Møtet gikk greitt unna. Sjølv hadde eg i oppgåve å lese årsmeldinga. Eg har verken sceneskrekk eller mikrofonskrekk lenger, så det er ikkje noko eg gruar meg til. Så vart eg attvald til å vere sekretær i enda to år, noko som var avklart på førehand. Ros for arbeidet fekk eg også, det syntest eg var litt flaut. Eli fortalde frå Islandsturen og viste bilde. Etter at møtet var slutt kom først Ingeborg, så Margrete innom; dei skulle på teater. I morgon må eg skrive referat- det plar gå bra når eg først kjem i gang. No skal eg slappe av. Skal begynne på krimbok nr.4- og så ser eg fram til Anno.

Bok nr. 19 - 2015: Svart daggry

Olivia Rönning har valgt å vende tilbake til politiet etter et sabbatsår og har fått jobb i ordenspolitiet i Skåne. Da det lille lokalsamfunnet rystes av mordet på et barn, blir Olivia raskt trukket inn i etterforskningen.
Noen dager senere begås det et nytt drap, denne gangen rett utenfor Stockholm. Dødsfallet har klare paralleller til drapet i Skåne. Rikskrim kobles inn, og kriminalførstebetjent Mette Olsäter blir satt på saken. Sporene peker i retning av høyreekstreme miljøer.
Samtidig får den tidligere politimannen Tom Stilton en utklippsbok om det uoppklarte mordet på en tidligere luksusprostituert. Stilton var i sin tid ansvarlig for etterforskningen, men ble presset ut og har siden ikke klart å glemme saken.
Da det viser seg at et DNA-spor knytter sakene sammen, tar det hele en uventet vending. Mette Olsäter, Olivia Rönning og Tom Stilton må samarbeide for å bekjempe drapsmenn som ikke skyr noen midler i kampen for det de tror på.
................................................................
Dette er den tredje krimboka på rad, ei norsk og to svenske har eg lese på kort tid. Den norske var direkte dårlig, boka om Sebastian Bergmann var bra, men eg veit sanneleg ikkje kva eg skal meine om "Svart daggry". Det er blitt veldig populært at (ekte)-par skriv bøker i lag, og då kan det bli ein herlig lapskaus- eller det kan bli bra. Eg plar seie av kriminalromanar bør vere fokuserte, med det meiner eg at dei ikkje skal innehalde for mykje fyllstoff, om t.d. mat, drikke, klede og slikt som ikkje er naudsynt. Då eg begynte på denne boka, laga eg meg skikkelig "rolleliste" og noterte litt langsmed. Likevel vart det veldig mange personar å halde orden på. Og når handlinga heile tida skiftar frå stad til stad, frå det eine miljøet til det andre, kan det bli litt vanskelig -særleg når ein les lydbok. Dette er dessutan tredje boka i ein serie, og eg har ikkje lese dei to første, det kan også by på problem. Eg synest heller ikkje løysinga var så truverdig, men det er vel slik at "virkeligheten overgår fantasien"-så det får passere.
Boka har ein vissunderhaldningsverdi, det skal den ha.
No har eg ei krimbok att av dei fire eg lånte, så får vi håpe den overgår dei andre. Bibliotekaren baud meg siste Läckbergboka i dag, men då takka eg nei. No blir det "Lotus blues" av Kristina Ohlson, den er kanskje bra?

tirsdag, februar 24, 2015

Dagbok 2015: 24. februar

Starevegen i dag.

Klokka  er no 17.15. Temperaturen er + 7 grader, og det har vore ein ganske fin dag- lettskya og ein del sol innimellom, mest før middag.
Heile dagen har gått opp i "tull". Eg hadde time hos legen 11.15, men slapp ikkje inn før 11.45. I mellomtida fann vi no folk å prate med. Det var ei hosting og nysing på venterommet så det var ikkje måte på. Den "forkjølinga" som eg trudde eg hadde fått, var berre falsk alarm, men no spørs det. Eg var der berre på rutinekontroll, så det var ikke så spennande, med mindre ho finn noko skummelt på blodprøvene, men det plar ikkje vere noko. Eg fekk ein rekvisisjon på fysikalsk behandling/trening som eg kan bruke viss/ når eg vil.
Etter legebesøket, som vart lengre enn eg rekna med fordi det også var kø på laboratoriet, reiste vi til Volda og åt kinamat. Sidan vi tok "dagens" fekk vi kaffi også. Handla litt på Amfi på heimvegen, og sidan har det ikkje skjedd så mykje. Har slappa av og lese i boka mi. Må ladde opp til morgondagen, då blir det fullt kjør.(Ja, alt er relativt).
Nils lurer veldig på om det blir vêr å fare på sjøen i morgon før klokka 12.00-det er då vi skal på Kulturhuset. Vi er nesten lens for fisk og det er ein katastrofe.
Bilda som eg tok i går og i dag, blir veldig dårlege, teknisk sett: det er vel fotografen som gjer feil.
Sidan eg ikkje er  morgonfugl skulle eg ønske vi hadde fått sommartid no, så hadde dagane blitt lenger og lysare. men vi må vente ein månad til.
Fekk meldig frå Rasmus i dag, dei er på hytta i Telemark, dei har vinterferie denne veka. 

mandag, februar 23, 2015

Dagbok 2015: 23.februar

Klokka er ca 18.30. Temperaturen ute er + 4 grader C, og det har stort sett vore opplett i dag. Ja, før middag var det så fint vêr at eg vurderte å pusse vindua på stova, men straks etter regna det.
I går lata eg meg veldig, med det resultatet at eg verkte minimalt, så eg tenkte eg unne halde fram med latskapen i dag. Det har eg gjort og det har funka bra. Har gått her berre og smårydda og dilla.
Til middag i dag kokte eg risengrynsgraut; det gjer eg somme tider når det hopar se opp med melk. Vi hadde poteter og spekepølse også, så det vart middagen i dag.
Var bort til naboen og vatna blomster(dei er på ferie) og då kom Lollo (katten til ein annan nabo) springane i full fart. Ho er vant til å få tørrfisk i det huset.
Elles så har eg gått med lydbok på øyret stort sett heile dagen, så no var der ikkje meir straum på den.
Har no fått stroke litt klede og shina opp kjøkkenet i løpet av dagen. Trur ikkje Nils har gjort så mykje meir. Eg har så lyst å strikke, men torer ikkje å ta sjansen.
I morgon skal eg til legen for rutinekontroll, så då blir det vel ei lita runde på byen også.

søndag, februar 22, 2015

Dagbok 2o15: 22.februar.

KLokka er 18.00, temperaturen ute er +2 grader C. No er det fint og lettskya vêr, men før middag lava snøen ned, våt og tung. Nils var ute og mòka litt og prata med naboar som var ute i same ærend, eller var ute og gjekk.
Eg har halde meg heilt i ro i dag. Verkte såpass sist natt at eg ville prøve å halde meg mest mulig i ro i dag, for å sjå om det gjorde godt.
Så eg har pusla med diverse husmorsyslar innomhus.
Til middah steikte eg blålange. Først bresa eg den på panna og så sette eg den i steikomnen. Stykka er så tjukke at det er vanskelig å få den gjennomsteikt på panna. Tilbehøret var poteter, raspa gulrøter og remulade. Det var godt med fisk etter mange kjøttfulle dagar.
Så har eg begynt på ei ny krimbok, men til denne tid har det vore mykje tilbakespoling, det er ofte litt problem på begynnelsen av bøkene. Mange nye namn skal på plass. No har eg lese to CD-plater, så då er eg i gang. Det er mange grunnar til at eg har lese så mykje i vinter. Ein av grunnane er at Nils ser sport på TV-det gjer ikkje eg.
Eg får ikkje skikk på bilda mine for tida, og han som plar hjelpe meg med fotoproble, sit nede på Gran Canaria og solar seg. Ja, det er han vel unnt.





I dag fyller Audun 25 år. Han vart fødd på farfaren sin 75-årsdag. Farfaren er død for mange år sidan, men han ville ha fylt 100 år i dag- om han hadde fått leve.
Når eg valde dette bildet, der Audun sit med dei tre søskena si på eine sida, og to søskenbarn på hi, er det på grunn av hovudplagga til brørne Orten.Det kan minne litt om ski på TV? 
Det var vi som kjøpte huene; når dei drog i nokre band klappa dei i hendene på toppen. Det er lett å glede dei små.
I år feirer han dagen i kongens klær, og nesten på kongens dag. Vi gratulerer !

lørdag, februar 21, 2015

Bok nr.18 - 2015: Den stumme jenta



Den stumme jenta

«Den stumme jenta» er den fjerde boka om psykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman, en serie med spennende, stilsikre og intelligente kriminalromaner!
Det er påskemorgen. To små gutter og foreldrene deres blir skutt på kloss hold i hjemmet sitt. Etterforskerne skjønner at det må ha vært et vitne til ugjerningen. Guttenes 12 år gamle kusine Nicole var på besøk, og fotsporene hennes forsvinner inn i skogen. Kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman kobles inn. Jenta har vært borte i tre dager, og politiet ber publikum om hjelp.
Sexavhengige Sebastian Bergman har alltid hatt problemer med å skille jobb og privatliv. Nicole er like gammel som hans datter Sabine ville vært dersom hun ikke hadde omkommet i tsunamien. Og Nicoles mor trenger beskyttelse
.....................................................................................................
Dette er fjerde boka i serien om Sebastian Bergmann, men eg er ikkje sikker på om eg har lese andre enn den første (og kanskje den andre) ; nr.3 har eg i alle fall ikkje lese. Desse bøkene handlar svært mykje om Sebastian Bergmanns liv, så  derfor merkar eg at det er noko eg ikkje har fått med meg. Har sett eit par episodar på TV også, men bok nr. 4 var i alle fall ny for meg.
Når ein les lydbøker er det viktig at bøkene er ryddige, så ein ikkje får altfor store problem med å halde greie på personar etc. Denne boka er både ryddig, og velskriven, det skal dei ha. Innhaldet er til tider spennande nok, men løysinga i overkant fantasifull. Temaet er det mest vanlege av alle i liknande bøker: Kor langt er ein villig til å gå for å hjelpe barna sine ? Las ein kritikk, der hadde boka fått terningkast 5. Det fortener den kanskje . Boka er i alle fall minst 100% betre enn den førre krimboka eg las.

Dagbok 2015: 21.februar

Klokka er ca 17.30. Temperaturen er + 1grad C og snøen lavar ned.
I dag vakna eg med sår hals og tett nase og trudde sjølvsagt at eg var blitt forkjøla, som så mange andre. Men no kjenner eg ingen ting.
Eg var ikkje særleg sprek uansett; Nils gjekk ein liten tur i skogen, mens eg trykte opp 40 ekseplar av årsmeldinga à to sider, som eg stifta saman.
Etterpå var vi ein tur på Amfi og trefte litt folk. Eg kika litt i blomsterbedda då vi kom heim. Både tulipan-og påskeliljeløkar spirte fint, og eg såg våren kome.
Til middag varma vi opp att fårikål frå torsdag.Eg la meg på sofaen med lydboka mi, og då eg kom til meg sjølv att, trudde eg knapt mine eigne auge-snøen lava ned i store flukser og store mengder, så der forsvann draumen om vår!
I dag fyller Hilde på Nåra år, Henning på Eid også, og ikkje å forgløyme Majesteten sjølv. Gratulerer med dagen til alle tre (og sikkert mange fleire).




fredag, februar 20, 2015

Dagbok 2015: 20. februar

Klokka er 19.45, temperaturen er + 4 grader C. Før middag labba det ned mykje blaut og våt snø, men den smelta etter kvart. Etter middag vart vêret mykje finare, og det var opplett. Nils brukte mykje av føremiddagen til å skaffe ny lampe+ lysrør til kjøkkenet ,og skrue den på plass. Eg støvsuga alle teppegolva, tørka støv etc.
Så vaska eg håret og pussa meg opp litt før vi tok ein tur til Vik. Før vi gjekk inn på Amfi tok vi ein liten tur i Hamneparken. Der er skikkelig fint, men det er ikkje så ofte vi går der. Der er ei bra samling med maritime ting og symbol.
Vi orka ikkje å ete fårikål i dag også, så vi kjøpte med oss ein pizza heim.Akkurat i det vi skulle til å ete, kom Solveig på besøk, ho ville ikkje ha pizza for det hadde ho ete før i dag. Ho var i Ørsta for å kjøpe seg klede.
Ønsker alle ei god helg. Og god vinterferie til dei som han den til gode!







torsdag, februar 19, 2015

Dagbok 2015: 19.februar

Klokka er no 19.15. Temperaturen ute er + 4,4 grader C. Det har vore litt mindre grått og vått enn i går, men det ville vere å overdrive om eg sa at det var fint. Det mest positive er at snøen smeltar.
I dag skulle Margrete til Åse sjukehus for å undersøke den vonde armen, og Ingeborg ville vere med. Dei tre andre vart att her hos oss. Og så Charlie sjølvsagt. Både barn og hund er veldig fredelige å ha i hus. Nils og gutane var ein tur ut i hamna, elles var vi i ro.
Vi åt ein enkel lunsj, og då Margrete og Ingeborg kom att, serverte vi "ihelkokt" fårikål, heilt ute om sesongen. Det var ein del av konseptet "Et opp det vi har i frysar og kjøleskap". Elles har det ikkje skjedd så mykje, og bra er det. No har eg rydda kjøkkenet, sett på oppvaskmaskina etc. Og så er denne dagen snart over.


onsdag, februar 18, 2015

Bok nr.17 - 2015: Risp i berget.

Som hans førre kritikarroste novellebok Sjabervik (2011) tek Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lèt oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han det uforanderlege hos mennesket gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev.

Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskelagnader, frå det første steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra far hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin. Risp i berget er ein overtydande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.
.................................................................
Eg hadde tenkt å nyte boka i små porsjonar, men så vart eg så oppslukt av fortellingane at brått hadde eg lese heile boka.
Eg likte boka veldig godt, og skal nok ta for meg tekstane i små porsjonar seinare. Margrete har skrive om boka, og eg er som vanleg samd med henne.
Eg likte ekstra godt språket i dei første stykka. Dei korte setningane gjorde at rytmen i språket vart spesiell. Boka er sjølvsagt skriven på nynorsk, men med mange dialektprega ord.

Dagbok 2015: 18.februar

Klokka er 18.00, temperaturen er +6,6 grader C. Og vêret er ikkje omsnakkande. Det er vått, grått og slapsete. Ikkje freistande å gå ut i alle fall. I går på denne tid gjekk eg ein tur rundt på Vallabøen, då var det opplett og ganske fint å vere ute.
Nils måtte ein tur nedover i dag, for lysrøra over kjøkkenbordet streika. No har han kjøpt nye, men har ikkje fått dei til å virke - enno i alle fall.
I dag har eg vore litt i aktivitet. Før middag baka eg tre grove brød, som vi måtte smake til "lunsj".Så ringde ei av veninnene mine, og det blei ein lang prat. Så shina eg opp både kjøkken og bad og vaska golva.
I morgon skal Margrete til Ålesund og Ingeborg skal vere med. Dei tre andre blir her i mellomtida. Det blir no kjekt for oss gemlisane å vere i ungdommeleg selskap. Erlend hostar framleis etter at han har vore forkjøla ei tid. Ser på FB at mange slit med både forkjøling og influensa.
Eg plagast ein del med rygg og hofte, men det hjelper å ligge strak ut på sofaen innimellom. Å sitte er i grunnen det verste. Var bra nokre dagar, men så kom dette vêret igjen, trur ikkje det er bra for dei som har giktrelaterte plager.Vi må no vel snart ha fått nok nedbør no. Tussa har i alle fall lova oss billeg straum i fleire år framover. No er det lys på kjøkkenet igjen.
Bilda har eg tatt frå døropninga, var ikkje råd å gå ut på altanen ein gong.


tirsdag, februar 17, 2015

Dagbok 2015: 17.februar

Klokka er 17.40, temperaturen ute er ca +3 grader, og det har vore både snø og vind i dag. No regnar det visst.
Eg har "surra" i heile dag. Dvs. at eg har drive mykje med det eg kallar "kontorarbeid". Har skrive ferdig årsmeldinga til pensjonistlaget og omtalen av neste møte. Så har eg vore innom nettbanken ein tur, og tatt ein telefon til ei veninne som fyller 75 år i dag. Trefte ikkje henne for ho var ute og gjekk tur, men snakka med mannen hennar.
Føler ikkje at eg har gjort noko om eg ikkje har vaska eller baka eller gjort anna husarbeid. Men eigentleg så er eg no pensjonist.
Nils kokte salta lange til middag og det smakte godt. Elles har han hatt nokre småærend nedover. Han går stort sett og ventar på at det skal stilne så han får sette ut linene sine.
Eg fekk meg ei stund med lydboka mi, Øystein si bok les eg innimellom, ståande ved kjøkkenbenken, sidan det er vondt å sitte for mykje. Og slik går no dagane, kjenner at vinteren har vore lang nok, men det er for tidleg å vente på vår.
Sit og lurer på om det går an å gå ein bitte liten tur ut i ruskevêret- det er alt åt å mørkne.

mandag, februar 16, 2015

Dagbok 2015: 16.februar

Klokka er 18.30, temperaturen ute er +7 grader C. Det har vore opplett og ganske fint i dag også, men det blæs litt. Vind er det ikkje så ofte her hos oss, men i vinter har det vore meir enn vanleg. Det skal visst kome mykje nedbør også etter kvart.
I dag har vi vore nedover og handla litt, det er ei stund sidan sist, så vi hadde behov for både det eine og det andre. Vi var ein liten tur til Volda også, der eg kjøpte meg ein genser på sal. Eg treng eigentleg ikkje så mykje, men må ha litt nytt avog til.
Og så var vi lens for tran-begge to. Eg tek kapslar, Nils drikk ekte tran, slik legen hans har rådd han til. Vi har gått klar både influensa og forkjøling hittil i vinter. Bank i bordet. (Ingen av oss har nokon gong vaksinert oss).
Då vi kom heim laga eg nydelig fiskesuppe til middag. Det er veldig lenge sidan sist eg laga det, og den gongen laga eg så mykje at vi ikkje hadde lyst på det ....før altså lenge etterpå. I morgon er det Feitetysdag, eller Grautatysdag som dei seier her, då skal det eigentleg vere rømmegraut, men trur vi står over-eller utset det til seinare. Det har vore mykje god mat i det siste, FOR mykje vil somme hevde.
Etter fiskesuppa er det berre ein ting å gjere, og det er å legge seg strak ut, det er reine sovemedisinen. Etter siesta og kaffi har eg lese ut boka eg heldt på med, det tok litt lenger tid enn eg hadde rekna med.
Innimellom blir det litt klesvask og rydding. No skal eg ta ei lita stund på kjøkkenet-og så er det "Anno"-kveld. Boka til Øystein er eg så vidt begynt på. Papirbøker les eg innimellom dei andre bøkene. Då kan eg lese så seint eg vil, og nyte kvar setning.

Bok nr.16 - 2015: Bare et barn



Bare et barn

Politiet finner likene av to guttebarn ved Frysja i Oslo, og sammen med sine kolleger i Oslopolitiet begynner Wilma Lind å nøste i det som åpenbart er en drapssak. Denne gangen får Wilma mer enn én krevende etterforskning å tenke på: Hun satt nemlig ved siden av den drepte politiadvokaten da han ble skutt under pressebriefen. De to sakene tilfører Wilma en kunnskap om Norge som overrasker og sjokkerer henne, og hun må se etter løsninger og motiv også der det er upopulært å lete. Hun erfarer raskt at ikke alle overordnede lar seg begeistre.
«Bare et barn» retter blikket mot de mange barna som stadig forsvinner fra norske asylmottak, mange som ofre for menneskehandel, uten at norske myndigheter gjør tilstrekkelig for å avdekke fakta.
............................................................
Endeleg har eg kome meg gjennom denne relativt korte boka, etter utallige tilbakespolingar, og avsporingar. Eg vil karakterisere boka for direkte dårleg. Ein anmeldar gav den terningkast to-eg synest han var raus.
Tema er alvorleg og sikkert aktuelt nok, men det har vore betre behandla før. Det verste, når ein les denne boka på øyret, er likevel at den er så "rotete" komponert. Har er altfor mange personar involvert  og det heile er nokså uoversiktlig. Eg angrar på at eg brukte tid på denne boka. No er eg i utgangspunktet lei av krim, og fire av dei fem bøkene eg kom heim med no sist er faktisk krim, så eg håper virkelig dei andre er betre.


søndag, februar 15, 2015

Dagbok 2015: 15.februar

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 6 grader og det er stjerneklårt. Det har vore ein nydelig dag, med sol frå klår himmel. Men eg kom meg ikkje ut, noko som absolutt min eigen "feil". Nils var ut og såg til båten, men eg vart ikkje med. Har stort sett lata meg.
Vi var invitert til kaffi hos ei veninne som fyller 70 år i dag, så ettermiddagen var booka. Vi hadde tidleg middag, pølser frå frysaren med rødkål og poteter. Det vart ein liten siesta før vi gjorde oss klar til selskapet.
Det var sånn komme og gå selskap, så vi trefte ganske mange som vi kjenner, meir og mindre godt.
Det har med andre ord vore to dagar med veldig mykje prat og kaffi. Men det er no berre kjekt. Eg har lova jubilanten at ho skal få boka til Øystein, har sjekka haugenbok.no og dei har den.
Eg blir ganske surrete i hovudet av så mykje prat/lyd, så no blir det godt å slappe av.

lørdag, februar 14, 2015

Dagbok 2015: 14.februar

Klokka er snart 22.00. Temperaturen ute er + 1grad C og det er stjerneklårt. Det har vore fint vêr i heile dag, finare til lenger på dagen det leid.
Vi reiste til Hareid i 12 - tida, og har vore der heile dagen. Det var eit stort selskap i dag, begge søskena til Øystein, Margrete og Svein, pluss oss og heile familien til Solveig.
Solveig hadde kokt store mengder med deilig kjøttsuppe, til dessert var det både Pavlova og karamellpudding- store mengder kaffi gikk også med.
Seinare vart det rikeleg med kaker, ostefat etc. og enda meir kaffi. Og vi hadde som vanlig mykje å prate om.Det var ekstra kjekt å treffe søskena til Øystein, sidan vi ser dei så sjeldan, men tross alt har kjent dei i nærmare 30 år.
Øystein fekk dei første eksemplara av boka si i dag, så det var nesten som ein lanseringsfest, sjølv om den offisielle lanseringa er seinare i månaden.
Dette er verken roman eller dokumentar, men ei samling korttekstar, eg har ikkje hatt tid å sjå så mykje i den enno, så eg får skrive meir når eg har lese den.

fredag, februar 13, 2015

Dagbok 2015: 13.februar

Klokka er 18.00, temperaturen ute er  + 3grader C. Opplett, men overskya heile dagen.
Eg har som vanleg halde meg inne; Nils har vore i garasjen og filetert fisk etc.- og ein tur på butikken.
I går var eg i storform, og fekk gjort mykje, det straffa seg i dag. Det verste eg skal gjere er å sitte og strikke. Det gjorde eg i går mens eg rippa bøker. Så i dag har eg ikkje gjort så mykje, slik at eg skal vere i form i morgon.
Hadde heller ikkje mykje på programmet, men skulle i alle fall lage ei kake. Det gjekk greitt, og då eg hadde fått den i omnen, ringde ei veninne, og så prata vi til kaka var steikt og vel så det.
Så var det å rydde og vaske opp, og ta ut av oppvaskmaskina då den var ferdig etc.etc. Ting tar tid- ! Så tok eg ei lita stund ved dataen og la bøker inn på ein minnepenn til Solveig.Utrulig kor mykje ein får inn på ein sånn liten dings. 
Eg kom i hug ein mannleg kollega som forkynte for heile lærarrommet at Olaug forstod data! (Dette er mange år sidan !) Dessverre forstår eg ingen ting av datamaskina, men det gjeld også andre ting som vi omgir oss med. Eg forstår ikkje lyspæra ein gong. Men eg kan å slå av og på lyset.Og eg kan bruke mange tekniske hjelpemiddel- utan å forstå bæra!
I morgon skal vi til Hareid på besøk i lag med mange andre. Det blir kjekt å sjå att både den eine og den andre.Vi gler oss.
Så ønsker eg alle ei god helg og ei fin vinterferieveke-for dei som har det!

Bildet: Eirik går no andre året på musikklinja. Dei har i desse daghar hatt stor success med musikalen "Be our guest". Dette er klassen til Eirik, og Eirik er "general". (Kostyme frå musikalen.) Eg har saksa bildet frå FB.

torsdag, februar 12, 2015

Bok nr.15 - 2015: Serena



Serena

Gjennom sin mer enn tre tiår eldre professorelsker rekrutteres Cambridge-studenten Serena Frome til en stilling i MI5. Året er 1972. Den kalde krigen er på langt nær over. Englands legendariske etterretningstjeneste er fast bestemt på å styre den intellektuelle diskusjonen gjennom å støtte forfattere hvis politiske standpunkt sammenfaller med regjeringens. Serena skal sørge for å oppmuntre østblokkritiske skrivetalenter. Operasjonen får dekknavnet «Søtmons».
Serenas lidenskap i livet er litteratur, og hun er den perfekte kandidaten til å infiltrere kretsen rundt den unge aspirerende forfatteren Tom Haley. Men hun gjør jobben litt for godt. Først forelsker hun seg i tekstene hans. Deretter forelsker hun seg i mannen. Snart blir han vellykket heltidsforfatter, uvitende om at han er finansiert av etterretningen.
Hvor lenge kan Serena holde oppdraget hemmelig? Hvor lenge kan hun skjule sin egentlige identitet? For å finne svar på spørsmålet må Serena bryte etterretningstjenestens regel nummer en: ikke stole på noen.
.....................................................
Denne boka lånte eg ein dag eg ikkje fann noko anna på biblioteket. Eg hadde ingen forventningar til boka, og når ein stiller heilt blank, blir ein ofte positivt overraska. No er dette ikkje noko litterært mesterverk, heller ikkje ein bestseller, men boka er velskriven og litt spesiell. Den handlar mykje om politikk, men mest om litteratur, om det å skrive. Ein av hovudpersonane er forfattar, og vi får resyme av fleire av novellane han skriv. Er der likskapar mellom livet han lever og det han skriv? Kvar hentar skribenten idear, korleis brukar han sitt eige og andre sitt liv i litteraturen?  Fleire gonger mens eg las boka tenkte eg: "Dette har eg lese før", og eg er enno ikkje sikker på om eg har lese boka for lenge sidan ,sjølv om det er svært lite sannsynleg sidan den kom  ut i 2012. Den ligg i alle fall ikkje på bloggen min.


Dagbok 2015: 12.februar

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 1,5 grader C. Vart skuffa då eg såg vêret i dag tidleg. Optimismen frå i går veik plassen for eit tungt sukk: No igjen. Og då siktar eg til den klissvåte, ekle snøen som dala ned.
Men det var stilt på sjøen, og Nils ville ut og fiske, slik at Håkon skal få seg blandaball mens han er heime. Det vart ikkje storfiske, men nok til ball i alle fall.
Mens Nils var vekke, støvsuga eg og vaska golva , med andre ord :helgavsk. Godt alt som er unnagjort.
Vi tok ein kaffikopp og ei brødskive då Nils kom heim. Eg fekk melding om bøker som eg kunne hente  på biblioteket, og Nils henta heim eit heilt plastnett med lydbøker. Sidan eg får låne dei utanom alle ventelister, måtte eg rippe dei og levere dei tilbake snarast råd. No har Nils vore ned med dei, for det kom melding om enda ei bok-ei som han hadde bestilt, så han fekk henta den.
Eg sat og rippa aldri så lenge, mens eg høyrde lydbok og strikka på same tid. Nils laga middag, han kokte småsei, poteter og gulrot. Det er god mat !
No kjenner eg at ryggen held på å"knekke" så eg må ha ein pause.

onsdag, februar 11, 2015

Dagbok 2015: 11.februar


Bildet over stal eg frå FB. Det er tatt frå Rystefeltet, der dei ser rett bort til oss.Midt i bildet ser vi Vallahornet, fjellet som er rett opp frå huset vårt.
No er klokka 19.00, temperaturen er no +6 grader C, tidlegare i dag var det opp i +8,5 grader. det har vore nokså skya, men også glimt av sol. Det har vore opplett og lyst.
Når veret er slik, får ein straks meir arbeidslyst. Før middag laga eg ei kake og bakte tre brød. Nils trimma i skogen.
Eg laga tidleg middag; i dag vart det eit "funn" frå frysaren, nemlig medisterkaker, som var innkjøpt til jul. Etter siesta og kaffi, gjekk eg ein relativt lang tur, så no håper eg at det ikkje gjorde vondt verre. Eg kosar meg med å gå tur åleine, med lydbok på øyret. Eg går så seint at det er ikkje så kjekt å gå i lag med meg, heller. No har eg rydda litt i huset, og snart er det "Anno"- det er om lag det einaste programmet vi ser i lag.
i morgon skal eg på biblio og hente fem flunkande nye lydbøker som dei har lagt til sides til meg. Eg set meg på venteliste før dei får bøkene og sikrar meg på den måten. Eg plar rippe dei og levere tilbake neste dag.



tirsdag, februar 10, 2015

Dagbok 2015: 10.februar

Klokka er 17.00. Temperaturen er + 6 grader C, og det er vått og grått. Det er halvmørkt heile dagen, og energibarimeteret mitt står på 0. No treng vi lys og sol!
I dag har eg vore utrulig "lat" men det er heldigvis nokre timar att av dagen, i tilfelle eg skulle få eit anfall av arbeidslyst.
Før middag var vi ein liten tur på Amfi, ikkje berre for moro; det var medisinar som skulle hentast også.
Då vi kom heim laga eg middag. I dag var det steikt blålange, med grønsakblanding og remuladesaus. Det vart eit luksusmåltid.
Så vart det lang siesta med lydbok på øyret. Eg har begynt på ei ny lydbok, men har ei kjensle av at eg har lese den før. Sjekka bloggen min - der fann eg den ikkje. Men ein episode kjende eg tydeleg att....?
Nils skal på møte  i SV i kveld, så då får eg kanskje lese litt. Så har eg ei årsmelding å skrive og printe ut. Men årsmøtet er ikkje før den 25.feb. , så eg har god tid. No skal eg i alle fall rydde kjøkkenet, så det blir strøkent !
Arne Ola hadde skrive om musikalen i Møre-Nytt i dag, og det var berre godord! Berre ein ting var litt negativt, musikken var til tider så sterk at songen vart borte. Det er eg enig i. I kveld skal Solveig & Co til Sjøborg i Ulsteinvik og sjå/høyre forestillinga der. Margrete og Svein skal også dit. Margrete ville sjå den ein gong til. Torsdag skal dei spele i kulturhuset i Fosnavågen. Hadde det ikkje vore for at vi skal dit 4.mars og høyre 12 tenorar, så hadde vi reist ut dit no.Trur at det blir enda flottare der enn her, med det lydsystemet dei har.

mandag, februar 09, 2015

Dagbok 2015: 9.februar

Klokka nærmar seg 18.00. Temperaturen ute er ca +5 grader C. Det er overskya, litt regn, og SLAPS. Det har vore eit trasig vêr i vinter samanlikna med slik det var i fjor.
I dag før middag skjedde det ikkje så mykje, eg rydda litt, sette på ei maskin med klede etc. Det kan hende at somme synest eg ryddar mykje, og det gjer eg. Fordi det trengst! Det blei også ei økt med strikketøy og ei stund med papirboka, som eg ville levere når eg først skulle på biblioteket.
Det er nemlig der vi har styremøta til pensjonistlaget, og i dag var det møte klokka 13.00. Nils er med på alle styremøta, som fast vara. I dag vart det mykje snakk om årsmøtet som skal vere den 25 i denne månaden. Det gjeld å ha klar folk i alle "stillingar" før valet. Det er vanskeleg å få folk med til å gjere noko, så strategien er å få med nye og yngre krefter som kan gjere ein liten jobb, sjølv om dei er pensjonistar.Vi er så å seie i boks no.Vi er glade for alle nye medlemmer!
Fekk med meg ei lydbok heim i dag, såpass eg er berga til dei nye bøkene kjem på onsdag.
Middagen var klargjort før vi for. Det var fiskegrateng frå frysaren og råraspa gulrøter. Og så vart det ein aldri så liten siesta på sofaen før kaffi.
Då vi kom heim hadde det vore ei veninne her med fødselsdagspresang til meg. Ho hadde hengt den på trappa. Det var ein CD som ho og eg hadde høyrt på heime hos henne. Det er særleg tekstane som er gode, litt ironiske, noko vi begge har sansen for. Grunnen til at eg fekk den no, er at ho blir i USA på bursdagen min. Ho har ein bror som bur over there.Så no har eg mykje å høyre på.

Bok nr.14 - 2015: En duft av kanel.




En duft av kanel

Den middelaldrende og velstående kvinnen Hanan Al-Hashemi bor i Damaskus med mann og tjenestepike. En natt våkner hun og oppdager at tjenestepiken Aliyah ligger med hennes mann. Hun blir rasende sjalu, for egentlig er det hun som har benyttet seg av Aliyah som elskerinne, men etter hvert har rollene endret seg og Aliyah har fått det emosjonelle overtaket. Hanan kaster Aliyah ut av huset, men angrer seg umiddelbart. Aliyah på sin side flykter, og bestemmer seg for å oppsøke sin gamle familie, som hun ble revet bort fra som ung jente. Fortellingen gir et tilbakeblikk på de to kvinnenes svært spesielle forhold og deres svært forskjellige livshistorier, alt dette mens en sørgende Hanan Al-Hashemi vandrer hvileløst i sitt hjem og en lettet Aliyah begir seg med små skritt på vei tilbake til sitt gamle hjem og en usikker framtid. En duft av kanel er en spennende og fortettet fortelling, et dypdykk ned i et komplisert erotisk forhold mellom to kvinner, og samtidig et interessant bilde av ulike liv i Damaskus.
SAMAR YAZBEK er født i Jableh i 1970. Hun studerte litteratur før hun startet en journalistkarriere, og jobbet som manusforfatter for syrisk film og tv. Hun er en viktig syrisk forfatter, som har skrevet bøkene Child of Heaven (2002), Clay (2005), Cinnamon (2008) og In Her Mirrors (2010). I 2010 var hun med i antologien Beirut39, en antologi med tekster 39 av de mest lovende arabiske litterære forfatterne. Hun har også vunnet internasjonal anerkjennelse for dagboken A Woman in the Crossfire. Dette er en personlig berørende fortelling om hennes deltakelse under den syriske revolusjonen og regimets brutale svar på de tidlige protestene. For dette arbeidet ble hun tildelt 2012 PEN Pinter Prize Hun ble også tildelt 2012 Swedish Tucholsky Prize: den blir tildelt forfattere som har vist ekstraordinært mot for å verne om ytringsfriheten.
....................................................................
Det har vore smått med nye lydbøker på biblioteket no ei stund, men onsdag kjem det visst ei ladning. Eg ser alltid etter tynne papirbøker som eg kan lese ståande ved kjøkkenbenken. Sist eg var innom fann eg denne, på ca 130 sider. Eg likar veldig godt å lese bøker frå framande miljø, skrivne av lokale forfattarar, derfor tok eg denne med heim. Eg les ikkje om bøkene på førehand, så eg vart litt overraska over denne. Men det er interssant med noko ein kanskje ikkje ventar seg.





søndag, februar 08, 2015

Dagbok 2015: 8.februar

Klokka  er 19.00. Temperaturen ute er + 2,5 grader C. I fjor vinter hasse vi stabilt og fint vêr heile tida. I år har vi nytt vêr kvar dag, og vel så det.
I dag vakna vi opp til nysnø og ganske fint. Nils var ute og mòka, og ei lita stund seinare regna det! Så fekk vi det vêret som eg likar minst av alt, nemlig SLAPS. Så får vi håpe at også det går over.
Eg var like foretaksom før middag, men fekk lese ut lydboka mi, og strikka ferfig eit lestepar. Skal strikke lestar til eg har brukt opp garnet mitt, så kan eg kanskje finne på noko anna.
Nils ville vi skulle ete kinamat i dag, så det blei ein tur til Volda. Det var slutt på lunsjserveringa, så det blei ekte middag, dvs. om lag det samme som vi plar ete, men større porsjonar. Fordelen med å ete der, er at vi får nylaga, glodvarm mat. Og godt var det, men kaffien tok vi heime.
Det har vore ein fryktelig lat dag for meg, men i morgon skal vi gjere nytte for oss, då er det styremøte i pensjonistlaget.
Neste helg blir det samling hos Solveig, både Håkon og Audun kjem heim, og vi skal feire fødselsdagane deira, blant anna.

Bok nr.13 - 2015: Dødspakten


Dødspakten

En norsk soldat i Afghanistan ser noe han aldri burde ha sett. Tom Kristensen er tilbake med ny, intens thriller.
Det er vinteren 2009. Jahn Christoffersen - nyutdannet vognfører og grenader i Telemark bataljon - skal sammen med femti andre norske soldater eskortere en lastebilkolonne med nødhjelpsforsyninger gjennom et av de farligste områdene nord i Afghanistan. De blir overrasket av et voldsomt angrep, lasten blir stjålet, og to norske soldater dør. En av dem er Oskar, Jahns beste kamerat. Jahn får en psykisk knekk og blir sendt hjem til Norge.
Rykter begynner å spre seg blant soldatene i Camp Meymaneh i Afghanistan, og de når etter hvert Jahn. Hva var det egentlig lastebilene fraktet, hvem angrep kolonnen, og hvorfor ble lasten stjålet? Hva var det de norske soldatene ofret sitt liv for?
Jahn drikker seg full på kirkegården, og ved kameratens grav legger han ned tomhylser fra skudd han skjøt på fienden. Der og da bestemmer han seg - han inngår dødspakten.
...............................................................................
Dette er den andre boka frå Afganistan eg har lese på kort tid. Men denne boka er ein annan sjanger enn den første, ein såkalla thriller. Eg har ikkje heilt sansen for slike bøker, men las den ferdig på fjerde forsøk, fordi eg ikkje hadde noko anna. I sin sjanger er den grei nok, men eg synest slutten vart til overmål langdryg og blodig. Då var boka "Broren", som eg las først, ei mykje betre bok, når eg først fekk orden på personane. Uansett har eg lært litt om landet og det som skjer der.

lørdag, februar 07, 2015

Dagbok 2015: 7.februar

Klokka er19.15, temperaturen ute er +1 grad C. Nokon storm er det ikkje her, men det kjem nokre vindrosser av og til.
Vi kom nettopp att. Vi har vore i lag med Margrete og ungane, først på musikal og så på Rosabella og ete pizza etterpå. Vi feira både musikalen og morsdagen i morgon under eitt.
I år var det 20 årsjubileum for musikalarrangementa ved VVS, så det var litt spesielt opplegg. Dei sette saman ein kabaret, eller kva eg skal kalle det, av songar frå alle musikalane.Der var mange utruleg flinke songarar, dansarar og musikarar.
Eirik var flink, som forventa, som tøff offiser. Han song to songar, delvis solo, med kor innimellom. Eg har nesten lyst å reise til Fosnavåg og sjå heile forestillinga ein gong til. Det kjem sikkert bilde i Sunnmørsposten, og Eirik er lett å kjenne på grunn av uniforma.
Tidlegare i dag var Nils ut og såg etter båtane, vår og Jørn sin, og fekk tatt nokre bilde av Ørstafjorden. Det er ikkje ofte her blæs såpass. Men båtane hadde det bra. No skal vi kose oss med kaffi og TV.


Bildetekst: Eirik Trovåg Bjørneset imponerte i sine solonummer i "Be our guest". ( (Han song "Come together "(Beatles) og "Thriller" (Michael Jackson)).

fredag, februar 06, 2015

Dagbok 2015: 6.februar


Klokka er ca 18.00. Temperaturen er +4 grader C. I dag har det vore skya, men opphaldsvêr.
For å vere heilt "fri" i dag, vaska eg golva i går kveld. I dag har eg stort sett gjort ingenting-ladar opp til musikalen i morgon.Då bør eg ikkje ha vondt verken i rygg eller hofte, for det blir ei stund å sitte i ro.Det er synd at det skal vere slik, for elles gler eg meg veldig. Eg veit ingen ting om kva Eirik skal gjere denne gongen. Vi skal på første framsyninga som tek til klokka 15.00.
I dag hadde eg ærend på apoteket, og tok ein runde rundt på Amfi, for mosjonen sin del, og handla litt på Coop. Såg litt på blomstrane dei hadde der, men rekna med å få billegare plantar på Plantasjen, så vi reiste bort dit.Der kjøpte eg ein St.Paulia og to orkidear. Amaryllisane har eg bore ned i kjellaren, men dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Har nokre primula som syng på absolutt siste verset, men dei skal få eit nytt liv i hagen til våren.
Vi var innom biblioteket der det ikkje var noko nytt å hente, men eg sette meg på venteliste for alle nye lydbøker som er i kjømda. Var innom Kiwi på heimvegen og kjøpte det vi hadde gløymt i Vik. Alle stader møter vi folk vi kjenner, dei fleste pensjonistar, så vi blir oppdatert på det meste. Berre folk ser Nils, tenkjer dei:FISK.
I dag hadde vi ein litt sær, men god, middag: Loffskiver med majones, fiskepudding, reker og krepsesalat. Nam!
Eg var trøtt og la meg på sofaen med lydbok. Etter at vi livna til att, har Nils vaska bilen, eg har strikka, rydda - og starta vaskemaskina. Kjende meg litt sår i halsen, så eg tok ei teskei honning- kanskje det hjelper og kanskje ikkje.No føler eg for ein kopp kaffi.
Ha ei god helg alle saman. Dei har visst meldt storm igjen, men eg trur det ikkje før eg ser det.


torsdag, februar 05, 2015

Dagbok 2015: 5.februar

Klokka er 16.40, temperaturen ute er + 2 grader C, og det er overskya.
Eg har ikkje vore ute for ei dør, og ikkje har eg tatt bilde. Eg er litt lei meg for at vi ikkje kunne få behalde det fine vintervêret vi hadde i går.Har ikkje tatt bilde i dag.
Før middag brukte eg ganske mykje tid på å tørke støv og støvsuge alle teppegolva. Av og til må ein berre gjere det skikkelig.(Men det trengst ikkje kvar veke).
Nils var  ute og gjekk tur i lag med Torbjørn. Då han kom heim, kokte han middag. I dag vart det tidleg middag med salta lange, poteter og gulrøter.
Og så vart det siesta på sofaen. Har ikkje bøker att som eg er særlig ivrig på, men har no kome i gang med ei. Har lese så mange gode bøker hittil i år at det vart litt vanskeleg å finne fleire av samme kaliber.
I fjor på denne tid dreiv vi med ved, då var eg i betre form, vêret var fint og vi kunne gjere det vi ville. Eg har nok oppgåver som ventar, men eg trivst best inne i stovevarmen no for tida.
Såg i avisa Møre i dag at dei på Notabene i Volda anbefalte ei bok av Lucinda Riley som morsdagsgåve. Eg blei fornærma på vegner av alle mødrer. Har faktisk lese to bøker av denne forfattaren, så eg veit kva eg snakkar om.

onsdag, februar 04, 2015

Dagbok 2015: 4.februar

Klokka er 19.15, temperaturen ute er minus 3 grader C. Vêret i dag har vore stålande, heile landskapet har vore som eit julekort, men mykje nysnø på trea og på markane, og med sol frå lettskya himmel. Dei som er så spreke at dei kan gå tur på beina, eller på ski, har hatt ein draumedag.
Ei stund etter at eg stod opp, fekk eg melding frå ei venninne som bad meg på føremiddagskaffi. Eg takka sjølvsagt ja.
Men første var Nils og eg ein tur på biblioteket og på Amfi. Fann ikkje noko på biblioteket i dag heller, har begynt på eit par bøker som eg har liggande utan at dei fenger. Så no er rådyra gode. Ikkje alle bøker blir innlesne på CD-plater.
Hadde ei koseleg stund hos veninna, og ho køyrde meg heim-det insisterte ho på.
Etter at vi hadde slappa av litt, laga eg middag. I dag vart det spaghetti og kjøttsaus, ikkje så ofte vi har det no lenger.Men det var godt.
Har sett nyheiter både på TV 2 og delvis på NRK. Eg synest det er deprimerande å høyre om alt det vonde som skjer i verda. Mykje av det kunne sikkert vore unngått.


Bok nr. 12 - 2015: Den ene pluss en.



Jojo Moyes' roman Den ene pluss en føk rett inn på førsteplassen på norske bestselgerlister etter en uke i salg!
Den ene pluss en er en svært rørende, morsom og fengslende historie om den kjærligheten og vennskapet som kan oppstå under de mest usannsynlige omstendigheter – skrevet av Jojo Moyes, forfatteren bak bestselgeren Et helt halvt år.
Livet til Jess er virkelig kaotisk: Med to jobber, to barn og en stinkende hund forsøker hun å gjøre det beste ut av hverdagen. Plutselig får datteren hennes en fantastisk mulighet av sorten som bare kommer en gang i livet, men hva hjelper vel det når Jess slett ikke har råd til å gripe den?
Inn i livene deres kommer den kjekke Ed Nicholls – en mann som tilsynelatende har alt: Ed er rik, suksessfull og i Jess sin øyne, ekstremt arrogant. På overflaten lever de to vidt forskjellige liv, men Ed vet utmerket godt hva det vil si å være alene med tøffe utfordringer. Han har tid og lyst til å hjelpe Jess, men kan han det, når hans eget liv nylig ble snudd på hodet og han selv går en høyst usikker fremtid i møte??

...................................................................
Denne boka las eg på papir. Den er på 450 sider, men det var fort gjort å pløye gjennom den. For dette er ei bok av det lettleste slaget. Dei som har lese "Et helt halvt år" veit kva eg meiner.
Til tross for at boka er svært lett tilgjengeleg, er den ikkje utan kvalitetar. Den har mange gode poeng, og bodskapen er først og fremst at ein ikkje må gi opp, same kor svart det ser ut. Boka inneheld ikkje noko kontroversielt spørsmål, slik som den førre boka, men den er ikkje heilt utan brodd. Eg kosa meg med å lese den, og trur den vil fenge mange.Den høver godt for unge folk, og Olaug jr. vil i alle fall lese den. 



tirsdag, februar 03, 2015

Dagbok 2015: 3.februar

Klokka er 17.45, temperaturen 0 grader C og det snøar ute. Skulle ønske det var litt kaldare  så snøen hadde fått ligge i ro litt.
No har vi hatt oss eit skikkelig herremåltid ;steikt småsei med diverse tilbehør, for eksempel grønerterstuing, som Nils vil ha attåt det meste. Vi kokar store porsjonar, og frys ned i små porsjonar, passeleg mykje til oss to.
Denne bloggen min handlar stort sett om kva eg gjer og ikkje gjer, for tida. I dag kunne eg godt tenkt meg ut og mòka snø, det er kjekt å ha noko å styre med ute når vêret er så fint. Men så er det ryggen....  Dei som klarer å mòke snø, er heldige. I alle fall viss dei er pensjonistar. Nils tek det som ein trim.
Eg oppdaga i går ettermiddag at håret mitt var utruleg feitt, og det brukar det ikkje å vere. Kan det kome av at eg steikte relativt store mengder med bacon og pannekaker på føremiddagen?
I dag shina eg først meg sjølv, så tok eg kjøkkenet; flisar, komfyr etc og så bytte eg på sengane og vaska soverommet. På med vaskemaskina! Og så vart det pause til eg skulle lage middag.
Innimellom blir det data, bøker, strikketøy etc. Ikkje noko stort dagsverk. I løpet av kvelden får eg vel legge i hop eit par klesvaskar.
Det er så mykje eg har lyst til, men ein får fleire begrensningar etter som åra går. Det er då eg må ta meg sjølv i nakken og tenke på alle som lever med store handikap heile livet; det må vere ei stor "utfordring" som det heiter no, før kalla vi det problem.

mandag, februar 02, 2015

Dagbok 2015: 2.februar

Klokka er 18.30, og temperaturen ute er + 1 grad C.
Vi var relativt tidleg på beina i dag, sidan Nils skulle ut og fiske. Eg vart forundra då eg såg at det hadde snødd ganske mykje sist natt. Etter kvart kom det fleire ganske tette snøbyger, men innimellom var det fint. Sidan det ikkje er særleg kaldt, smeltar mykje av snøen etter kvart.Men Nils var ut og skrapa litt av tunet.Dessverre blir ikkje snøen liggande.
Nils plar ikkje ha så lyst på fisk med det same han kjem frå sjøen, og eg hadde brått altfor mykje egg i kjøleskapet. Derfor laga eg pannekaker til middag, med blåbærsylte og steikt bacon, slik vi likar det. Eg sende melding til Margrete og spurde om ho kom oppom, og om ho var interessert i å få med seg pannekaker heim. Det var ho, så eg laga ei ny røre, som eg steikte til ho kom i halv- firetida.
Det er stort sett det eg har gjort i dag, i tillegg til å lese ut ei bok, strikke litt, vere på FB og blogge  etc.etc.
Det gikk greitt med Nils og den nye læresveinen, så veldig mykje fisk fekk dei ikkje,men vi er ikkje fiskelens, så det går bra. I morgon skal vi steike fisk til middag.
Elles ser vi fram til å kose oss med "Anno" i kveld.

Bok nr.11 - 2015: Broren




Broren

«Broren» er en usedvanlig velskrevet, innsiktsfull og spennende roman om to brødre. En intenst spennende historie om svik og mot, og om søskenkjærlighet som drives til den ytterste grense. Og deretter enda lenger.
Fem år gamle Daniel er rammet av løpende leukemi. Cellegiftsbehandlingen virker ikke og han har maksimun fire uker igjen å leve. Bare en ting kan redde ham: beinmargstransplantasjon fra faren Alex, en norsk etterretningsagent som er savnet på oppdrag i Afghanistan.
Alex sin bror Jonas er tidligere skarpskytter og var også vervet i  Afghanistan. Under en militæraksjon skyter han en trettenårig gutt, og blir ikke den samme igjen. Nå drar Jonas tilbake til landet han trodde han hadde forlatt for alltid. Han må finne broren og redde Daniel. Sammen med sin Afghanske veiviser Omaid begir han seg inn i fjellene, blant banditter og rivaliserende talibangrupperinger og en lokalbefolkning som rives mellom sin tradisjonelle gjestfrihet og ønsket om hevn mot utlenlandske okkupanter.
..............................................................................................
1. Eg er ikkje så veldig begeistra for denne opplesaren.
2.Her er mange parallellhandlingar, noko som er litt problematisk når ein høyrer     lydbøker. Det blir mange personar å halde orden på også.
3.Dette er på mange måtar ei typisk mannfolkbok med heltar og skurkar -og det er liksom ikkje det eg likar best.
Med andre ord så var eg ikkje så begeistra for boka- til å begynne med, men etter kvart vart den meir interessant. Ein får innblikk i mykje av det som skjer i Afganistan, og ser krigen frå ulike synsvinklar. Forfattaren har gjort grundig research. Eg ser at ein anmeldar har gitt boka terningkast 6. Det kan godt hende den fortener det, sjølv om den ikkje fall heilt i smak hos meg.
Men uansett kva eg elles meiner om boka, viser den i alle fall tydelig kor vanvittig denne krigen er-og alle krigar for så vidt.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...