Klokka er 18.00, temperaturen er +6,6 grader C. Og vêret er ikkje omsnakkande. Det er vått, grått og slapsete. Ikkje freistande å gå ut i alle fall. I går på denne tid gjekk eg ein tur rundt på Vallabøen, då var det opplett og ganske fint å vere ute.
Nils måtte ein tur nedover i dag, for lysrøra over kjøkkenbordet streika. No har han kjøpt nye, men har ikkje fått dei til å virke - enno i alle fall.
I dag har eg vore litt i aktivitet. Før middag baka eg tre grove brød, som vi måtte smake til "lunsj".Så ringde ei av veninnene mine, og det blei ein lang prat. Så shina eg opp både kjøkken og bad og vaska golva.
I morgon skal Margrete til Ålesund og Ingeborg skal vere med. Dei tre andre blir her i mellomtida. Det blir no kjekt for oss gemlisane å vere i ungdommeleg selskap. Erlend hostar framleis etter at han har vore forkjøla ei tid. Ser på FB at mange slit med både forkjøling og influensa.
Eg plagast ein del med rygg og hofte, men det hjelper å ligge strak ut på sofaen innimellom. Å sitte er i grunnen det verste. Var bra nokre dagar, men så kom dette vêret igjen, trur ikkje det er bra for dei som har giktrelaterte plager.Vi må no vel snart ha fått nok nedbør no. Tussa har i alle fall lova oss billeg straum i fleire år framover. No er det lys på kjøkkenet igjen.
Bilda har eg tatt frå døropninga, var ikkje råd å gå ut på altanen ein gong.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar