tirsdag, juli 31, 2012

Vêrmelding 31.juli - 2012


Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 15 grader C. Det er iskald skoddevind, men opplett. Det kom nokre dropar på ettermiddagen, det var bagateller. 
Det øvste bildet tok eg i 14-tida, då såg det ut som om det ville klårne opp, men det gjorde det altså ikkje.
Det har vore litt aktivitet i Starevegen i dag. Her har vore ei gravemaskin og greve ei grøft,naboen har mala, og styra på med mykje anna også.
Eg har gjort lite og ingen ting, og Nils har hjelpt meg. Han var forresten ute og drog krabbeteiner i dag, utan å få ein einaste krabbe. Margrete kom oppom etter at ho hadde vore hos tannlegen, og vi hadde ikkje mykje å by på. Hadde rekna med at det skulle bli krabbefest.
Til middag steikte eg sei, så no har vi hatt tre fiskemiddagar etter ein annan.
Nils tok med seg noko fisk og reiste fram i Åmdalen til ein som set pris på det, og som har mykje ved, så det blir litt bytehandel, der også.
Eg synest det er trist at juli månad snart er over utan at vi har hatt altfor mange soldagar.
Desse fine blomstrane fekk eg av ein nabo!

mandag, juli 30, 2012

Vêrmelding 30.juli - 2012

Klokka er 20.30, temperaturen er + 17 grader, og det er lettskya og fint ute.
Det har vore litt skiftande vêr i løpet av dagen, men ikkje regn. La meg ut på solsenga etter middag og då skya det over, men så klårna det igjen mot kveld.
Nils var tidlig oppe og for ut og fiska sei, han fekk bra fangst.Det vart levande pale til middag i dag. I kveld var han ut og sette teiner, så blir det kanskje krabbe i morgon.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, men gikk ein bitte liten tur oppom garden for å sjå om eg fann eit blåbær eller to. Fann nokre få, og dei var på storleik med einebær.

Bok nr.37 - 2012: Brødrene fra Iron House.



Dette er den tredje boka eg har lese av den amerikanske forfattaren John Hart. Eg likte godt dei to første, og denne er også god, for så vidt. Men, og det er eit stort MEN, her er fryktelig mange brutale mord og drap, som aldri blir oppklara eller straffa.(Lesaren får vite kva som har hendt.) På meg virkar det som om forfattaren meiner at det er OK å drepe onde menneske-og det strid mot min moral. Som alle dei tre bøkene eg har lese av denne forfattaren, handlar det mykje om arv, barndom og alt som formar eit menneske. Om eg ikkje heilt kjøper moralen i historia, må eg innrømme at boka er ein pageturner, og eg har lese flittig siste dagane. Boka er på 10 CD-plater. Eg er ikkje heilt nøgd med opplesaren, han les fort og litt slurvete-likevel får eg med meg alt har seier.(Dei to bøkene eg har lese før av samme forfattar har eg likt betre. Dei heiter "Det siste barnet" og "Ved elven".)
Frå nettet:
En gammel mann skal dø. Når han er borte, vil Michael være fritt vilt. Og kvinnen som bærer hans barn, vil føre jegerne til ham.
Ved guttehjemmet Iron House får to foreldreløse brødre lære at livet er noe man må slåss for. Skjøre, lille Julian overlever bare fordi storebroren Michael er fryktløs nok til å beskytte ham og ofre seg når et brutalt drap ryster institusjonen. På rømmen i New York tas Michael inn i varmen av en beryktet mafiaboss, og blir etter hvert så fryktet på gaten at han sjelden trenger å ty til våpen for å sette seg i respekt. Men etter to tiår i brutalitetens og voldens tjeneste, treffer han Elena. Drømmen om en ny begynnelse, et familieliv som han selv og Julian aldri fikk oppleve, oppfattes imidlertid som et svik av mafiaens nye overhode, og nok en gang må Michael flykte for å beskytte sine nærmeste. Denne gangen bringer flukten ham tilbake til fortiden - til gjenforening med Julian, men også til en verden av hensynsløst politisk maktspill, svimlende grådighet og livsfarlige ambisjoner. Til den brutale arven fra Iron House.

søndag, juli 29, 2012

Vêrmelding 29.juli - 2012

Klokka har passert halv ni, temperaturen på trappa er + 23 grader C, og det er lettskya og fint ute.
Full sol har vi hatt lite av, så eg har for det meste vore inne. Dumt av meg, men eg fann liksom ikkje på noko anna. 
Til middag steikte vi makrell og eg koka rabarbrasuppe. Eg åt så mykje makrell at eg ikkje orka suppe, så den fikk Nils åleine. Hadde brukt Stevia søtstoff i staden for sukker, så det var i grunnen sunn dessert. 
Eg har lese ganske mykje i lydboka mi i dag, og Nils tok seg ein tur på kaia og fiska meir makrell. Vi kan vel seie at dagen har vore ganske sløv. Så det kan hende eg har samla energi til eitt eller anna storveges i morgon.
Vi har fått oss ein ny katt, dvs. ein besøkskatt som kjem og et fisk. Han er mykje tammare enn den vi hadde før, og let seg gjerne klappe. Han er stor og fin, så eg trur det er einkvan som eig han.

lørdag, juli 28, 2012

Vêrmelding 28.juli - 2012

Klokka er no 20.00 og det styrtregnar ute. Temperaturen er + 15 grader.
Frå morgonen av såg det ut til at vi kunne få ein fin dag, når berre skodda letta. Sola var nesten framme ei stund også, men så vart det slutt på godveret.
Vi har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, men vi var ein tur på Amfi og handla litt, for å komme oss ut dørene ei stund. Der tok eg bildet over. Fjorden var blank og stille, og ein skimtar litt av den blå himmelen. Den er ikkje mykje blå no.
Elles har vi slappa av, og eg har lese lydbok, som vanlig. Til middag hadde vi risengrynsgrøt og spekemat- ikkje ulikt maten vi hadde i går. Men i morgon blir det steikt makrell, for Nils fiska frå land og fekk såpass mykje at vi har i morgon. Mange dagar sidan vi har hatt fisk. Mens blomstrane i hagen druknar, kan vi glede oss over dei vi har inne.God helg til alle! Og god tur til dei som skal ut og reise!

fredag, juli 27, 2012

Vêrmelding 27.juli - 2011

Klokka  er 22.15. Ute er det skodde og regn og +13 grader C.
På føremiddagen var det tilløp til sol og finever.
Vi reiste utover til Hareid i 12-tida og etter kvart kom også Margrete og Ingeborg.
På Hareid var heile familien heime i dag, heilt til Olaug reiste med nattbussen til Oslo og Norway Cup.
Solveig insisterte på å lage til Gullbryllaupsfest heime hos seg, og slik vart det. Menyen var rømmegraut og spekemat til første måltidet, kaker og kaffi seinare. Kakene hadde eg med frå Ørsta.
Vi hadde også eit ostefat, noko som eg synest er VEL så godt som kaker. Dei som vil vite meir om selskapet, kan frekventere bloggen til Solveig.
Margrete måtte forlate selskapet før oss, så vi tok med Ingeborg til Volda, der vi fekk treffe Ruth og Harald også.
No fyrer Nils i omnen i staden for å sette på varmepumpa, og kvelden er enno ung.
I morgon begynner naturfestivalen her i Ø. og varer ei veke. Då blir det vel Saudehornet rett opp neste helg. Og i all den snøen som ligg der enno!

torsdag, juli 26, 2012

Vêrmelding 26.juli - 2012

Klokka er 21.15. Temperaturen på trappa er + 14 grader C, det er opplett men skodda ligg langt nedi Vallahornet, som de kan sjå på bildet.
Likevel har det vore ein ganske god dag for meg, for eg har vore tilnærma smertefr, så eg har fått gjort  relativt mykje. Har vaska, støvsuga, stelt i hagen etc.
Elles har det ikkje skjedd mykje. Nils slår plen nesten kvar dag, men ikkje alt på ein gong. Plenen veks godt !
I morgon skal vi ein tur til Hareid.

onsdag, juli 25, 2012

Vêrmelding 25.juli - 2012

Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya og litt regn. Før i dag har sola gjort fleire forsøk på å komme igjennom skylaget, utan å lykkast.
Dette er ein dag då det har skjedd lite og ingen ting. Var ein tur på butikken før middag, elles har eg tusla rundt i heimen etc. Laga ei kake bl.anna. Nils klipte litt plen no i kveldinga.
Det er jo ikkje noko MUST å gjere så mykje kvar dag, men ein føler seg litt betre når ein har gjort eit lite dagsverk. Ja, ja, eg har no ikkje kasta bort så mykje tid på solsenga denne månaden.

tirsdag, juli 24, 2012

Vêrmelding 24.juli - 2012

Klokka har passert 21.00, og sola er borte her hos oss.Temperaturen er +19 grader. Det har vore ein nydelig dag, med lette skyer og mykje sol. Det har vore varmt og godt, med ein liten bris.
Vi var ein tur ned på biblioteket før middag, og innom butikken. Elles har eg stort sett vore ute, lege på altanen og lese lydbok, og site ute og prata med naboar. Lite og ingenting har eg gjort inne.
På biblioteket fann eg boka "Gull" som eg syntest slutt så brått, det viste seg at eg ikkje hadde fått med meg siste plata, så den les eg no.

Bok nr. 36 - 2012: Av jord er du kommet



Beskrivelse:
I en skogsbygd på østlandet blir en gammel mann regelrett henrettet. KRIPOS-etterforsker Edvard Matre finner ingen spor etter morderen. I Oslo gir myndighetene etter for press og åpner en massegrav med pasienter fra Gaustad Sykehus. I Bergen blir en ung kvinne funnet drept og en annen ligger i koma. Mye tyder på at begge har vært utsatt for samme gjerningsmann. Edvard Matre blir sendt tilbake til byen han forlot for mange år siden for å finne en mulig seriemorder.Men Edvard og teamet hans står uten spor. Presset for å finne morderen før han slår til på nytt, er stort. Det hjelper heller ikke at Edvard får beskjed om at en av dem som ble funnet i massegraven på Gaustad er hans egen mor. Så vidt Edvard vet, døde foreldrene hans i en ulykke for mange år siden og ble begravd side om side på en kirkegård i Bergen.Edvard Matre er vant til ikke å vite hvem morderen er. Nå vet han plutselig ikke hvem han selv er heller. Men etter hvert som etterforskningen skrider frem skal han få lære mer om seg selv og hvor han kommer fra, enn han setter pris på.

Dette resyméet har eg henta frå nettet. Det er første boka eg les av denne forfattaren, og eg er ikkje heilt sikker på kva eg meiner om den. Dårlig er den ikkje, det er bra språk og bra logikk, for så vidt. Men direkte spennande er den ikkje, heller ikkje så svært overraskande. Eg såg diverse samanhengar ganske tidlig, og det synest eg også etterforskarane burde ha gjort. Eg ville ikkje ha kalla dette ein krimroman , men heller brukt Jussi Adler Olsen sitt omgrep "En roman om en forbrytelse"-(eller eigentlig fleire.) Forfattaren har skrive fleire bøker før.Det meste av handlinga er lagt til Bergen.
Eg syntest boka vart litt langdryg, særlig på slutten. 9 CD-plater


mandag, juli 23, 2012

Vêrmelding 23.juli - 2012

Klokka er snart 19.30, temperaturen er + 16 grader C og det har vore nokre få regnbyger. Veret er ikkje så hustre som det har vore, og i morgon er det meldt sol.!!!!!!!!!!
I dag har eg vore relativt passiv. Før middag baka eg brød, og etter middag har eg vaska kjøleskapet, så eg har ikkje mykje å skryte av.Men litt er betre enn ingen ting, seier eg.
Nils fekk reparert hjulet til Margrete og var inn og fekk plassert det på bilen. Så får vi håpe det held til den nye bilen kjem.
I dag er det første "Hundedag"- og hundedagane varer ein månad. Det vart sagt at dersom dei begynte med godver, skulle dei slutte med dårlig ver- og omvendt. I gamle dagar trudde dei at hundestjerna (Sirius) var årsaka til at det vart ekstra varmt (?) denne tida. Og denne varmen kunne gjere hundane galne.
Elles har eg sjekka veret på yr.no og København har beste veret i heile Skandinavia.
No har eg hatt eit lite avbrekk sidan EM -kusina mi- ringde. Veldig hyggelig! På TV er det fotball.Som vanlig.

søndag, juli 22, 2012

Vêrmelding 22.juli 2012

Klokka er 22.20, temperaturen er +13 grader C og det har regna i heile dag. Stort meir er det ikkje å seie om vêret.
Men første veka i august er det "Saudehornet rett opp"- og der er det langt frå bert. Det ligg faktisk MYKJE snø att enno. Dette kan eg ikkje hugse har skjedd før.


Dagen har nok for dei fleste vore prega av minnemarkeringa for det som skjedde for eit år sidan, men vi har ikkje sett TV idag, så vi får prøve å få med oss reprisane.
Saka var at bror min hadde besøk av søskenbarnet vårt som eg ikkje har møtt på over 20 år, så eg berre måtte til Eid og helse på han og kona hans som eg aldri har møtt før. 
Sidan vi likevel skulle over fjorden tok vi med eit par sekker med kunstgjødsel til Margrete, slik avtalen var. Vi rakk ikkje den ferja vi hadde tenkt i Volda og fann  ut at vi kunne køyre rundt fjorden. Det var ikkje lurt. Dårlige vegar (vegarbeid på kvardagar) gjorde at turen tok nesten dobbelt så lang tid som vanlig.
Det var veldig kjekt å møte slekta på Eid og vi hadde ei koselig stund der. På heimvegen stakk vi innom Margrete, og Nils fekk slengt utover all gjødselen. Så får vi håpe det spirer og gror.
Bildet viser fossen ved Leivdøla bru.
Her er vi fire søskenbarna samla på altanen på gamle Apoteket på Eid. Trulig sommaren 1945. Vi ser bortover Almenningen - i nærleiken av Yris hotell.

lørdag, juli 21, 2012

Vêrmelding 21. juli 2012

Klokka er 21.00. Temperaturen er + 12 grader og det REGNAR. Det har det gjort i heile dag. Det einaste positive er at det ikkje er fullt så kaldt som det var i går kveld, då var det så vidt litt over + 5 grader. Men same kor det er, så nyttar det lite å klage.
I dag har det ikkje skjedd  mykje. Vi var på ei lita handlerunde før middag, og då møter ein i alle fall folk ein kjenner og kan slå av ein prat.
Til "middag" i dag hadde vi loff med heimelaga fiskepudding, krepsehalar og majones. Vi har det privilegiet når vi berre er to i familien at vi kan ete akkurat det vi vil.
Elles har eg laga ei kake, Nils har sett fotballkamp og eg har lese i lydboka mi. Har strikka litt også, men det blei ikkje så mykje av det.
Det kjedelige bildet over la eg inn av ein bestemt grunn. Då eg såg nedover blogginnlegga mine, kunne ein få det inntrykket at her har vore mykje fint ver. Det har det altså ikkje.
Rasmus ringde i dag, dei har hatt fint ver heile ferien, dei reiser dit som vêret er bra! Men så bur dei laglig til også! I kveld skulle dei Bruce-konsert i Oslo. Der er også tre gutar frå Hareid, men det skal vel godt gjerast at dei finn kvarandre.
I morgon er det som kjent den 22.juli med alt det fører med seg av minnemarkeringar på "live" og på TV.

fredag, juli 20, 2012

Vêrmelding 20.juli - 2012.

Klokka er snart 18.00. Ute er det lettskya litt vind og litt sol. og ikkje fullt så kaldt som det har vore. Akkurat no er temperaturen + 17 grader C. Det har regna litt av og til.
Nils har filetert sei i dag og klipt plenane. Eg har ikkje gjort stort anna enn å støvsuge og steike fisk til middag. Etter middag har eg site pal og lese. Det er no aldeles for gale!
Vil ønske alle ei god helg, og no har eg som eit lite håp om at det kan bli litt meir sommarlege temperaturar, sjølv om det er meldt regn! Ja, ja, ikkje verst for oss som har heilårsferie.
Bildet av den finaste plenen på Vallabøen er teke klokka 19.30.

Bok nr. 35 - 2012: Bienes hemmelige liv.


Bienes hemmelige liv

Denne boka har eg lese før, men eg har hatt lyst til å lese den om att. Eg er litt hekta på bøker frå sørstatane i USA.Den er filma, men eg har ikkje sett filmen.
Dette er ei fin bok, men den kunne lett blitt sentimental om ikkje ei jente på 14 år hadde hatt fortellarstemma. Ho fortel si eiga historie; om mora som døde då ho var fire år, og om faren som ikkje er særlig snill med henne. Derfor rømmer ho heimanfrå i lag med den svarte hushjelpa. Dei endar opp med å bu hos tre svarte kvinner som driv med honningproduksjon.
For dei som ikkje har lese boka vil eg anbefale den. Om boka er enkel,kan ein lese mykje mellom linjene.Ein skulle vel ikkje skrive slikt, men eg trur boka vil falle betre i smak hos kvinner enn menn.
Henriette Steenstrup les godt.

torsdag, juli 19, 2012

Vêrmelding 19.juli - 2012

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er skya og kald nordavind.
Kva venta vi oss i dag? Jau, i dag skulle det vere sol og finever, og eg hadde planlagt å ligge strak ut på altanen. Ja, ja, ein drøymer om så mangt. Men alt håp var ikkje ute, det var sikkert finare ute ved kysten. "Berre vent til vi er gjennom tunnelen, så er det sol og finevêr", sa eg skråsikkert. Der var det berre enda surare, ikkje regn rett nok, men isande nordavind. Men vi hadde eit ærend, vi hadde med oss jakka som Olaug hadde lagt att her, så vi tok turen til Hareid. Vi fekk kaffi, is og hermetiske "Gunda-pærer" hos Solveig.
Eg hadde eit ærend i Ulsteinvik, som eg fekk utretta, og sidan vi likevel var på Blåhuset kjøpte eg med meg ein orkidé. Eg har mange orkidéar no, lurer på om eg kan kalle meg samlar? Når eg no kjøper slike blomster, prøver eg å finne sortar/fargar eg ikkje har frå før. 150 kr er ein rimelig pris, men på Rema 1000 var dei enda billegare (99,90). Vi fann ut at vi skulle handle matvarer der i dag. Har knapt nok vore der sidan Rema overtok lokala etter Lidl. Der var like ryddig som i Lidl-tida og veldig greitt å handle.
Då vi kom gjennom tunnelen på heimvegen såg vi sola for første gong i dag, ho skein i Vallahornet rett ovanfor huset vårt. Borte bra, men heime best! Men det var kjekt med ein tur i alle fall.

onsdag, juli 18, 2012

Vêrmelding 18.juni - 2012

Og så kom sola og sommaren tilbake. I dag har det vore bygever, dvs.litt sol mellom regnbygene. Eg var så optimistisk at eg la meg ut på solsenga, men så begynte det å regne etter ei lita stund. No trur eg sola er komen for å bli, i alle fall ein dag-eller to? Temperaturen ute er no + 18 grader. Eg går framleis vinterkledd, men føler at det har hjelpt for verken min.
Nils var ut på sjøen frå klokka 5 i dag. Han kom att med det same eg hadde ete frokost, hadde fått sei og makrell. Makrellen blei middag til oss og Peder i dag, steikt denne gongen.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, berre gått her og pusla, hengt opp klede m.m.
Nils var på ein liten fjelltur, det har ikkje vore så mange turar etter at eg måtte gi tapt. Viss det blir sol i morgon skal eg sørge for å få med meg kvar ein stråle.
(TV står på med dansebandmusikk, det absolutt verste eg veit, så no skal eg dempe den!)

tirsdag, juli 17, 2012

Vêrmelding 17.juli - 2012


Dette er ikkje noko kjekt lenger. På yr.no står det lettskya og sol, men kva har vi fått i dag? Overskya og regn, og no er det + 14 grader ute! Sjølv har eg kledd meg i vinterklede, og Nils fyrer i omnen, så no verker eg ikkje så mykje lenger.
Det beste som kan seiast om veret i juli så langt er at ein får gjort litt av kvart INNE. I dag har eg også fått unna ein del husarbeid, om eg ikkje akkurat har vaska tak og vegger.Dessutan har eg lese ut enda ei bok - viss det er positivt?
Til middag hadde vi salta brosme og lange og det var godt.
Hadde meg ein ørliten tur rundt huset og registrerte at graset veks godt og blomstrane er litt forseinka, Dei orange liljene som ofte , feilaktig, blir kalla keiserkroner, er nesten avblomstra nedanfor huset, men har nettopp starta ved garasjen, så dei har vi glede av lenge. Blomkarsen blomstrar også no. Eg speider etter kålsommarfuglar, for viss dei kjem, legg dei egg som utviklar seg til åmer på blomkarseblada.
Inne har eg ein fantastisk plante, ein duftranke som eg fekk av nokre veninner for over eit år sidan. Den har vakse seg stor og frodig og er full av knoppar.
I dag kan vi gratulere Elin og Jostein med 30 -års bryllaupsdag!

Bok nr.34 - 2012: Drømmeløs


Drømmeløs - Jørgen Brekke

Dette er den andre boka Jørgen Brekke har skrive om etterforskaren Odd Singsaker.  For ein gong skuld har eg lese bøkene i kronologisk rekkefølge, noko som er ein fordel, i og med at det er framhald i ein del av historia. Nemlig den delen som omfattar privatlivet til etterforskaren. 
Denne boka er på mange måtar enklare og mindre grotesk enn den første, men er bygd opp på samme måten, med ei historie frå notida og ei frå fortida, denne gongen frå 1700-talet - begge frå Trondheim.. Det er tydelig at forfattaren er ein historieforteljar; han boltrar seg i historiske fakta, blanda med fiksjon. Eg likar denne blandinga, og dåmen av eventyr.
I den første boka fekk vi høyre mykje om dissekering av lik i eldre tider, der motivet var å finne ut mest mulig om menneskekroppen. 
I denne boka er gamle skillingsviser tema. Ikkje fullt så motbydelig altså.
Om ein "kjøper" sjølve brotsverket og løysinga er ei anna sak, for meg vart det først og fremst forteljingar, den eine vevd inn i den andre. Ja, den eine forteljinga kunne godt vore emne til ei skillingsvise for den del.
Eg har likt desse to bøkene til Brekke, fordi han skriv godt og underhaldande. Noko meir enn god underhaldning blir det ikkje for meg, men somme tider er det greitt nok. Margrete er i ferd med å lese boka, så ho kjem vel med ei meir proff bokmelding. Der er også mykje stoff på nettet, men slike lettlesne krimbøker er det like greitt å ikkje vite noko meir om på førehand etter mi meining.
Lydboka er på 7 CD-plater.

mandag, juli 16, 2012

Vêrmelding 16.juli - 2012

Klokka er snart 19.00. Ute har det vore overskya i heile dag, men stort sett opplett. Temperaturen er no + 14   grader C.
Vakna stil og støl i kroppen, og fann ut at eg fekk prøve samme "medisin" som forrige mandag. Eg sette i gang med å vaske ned gangen og vindfanget. Det gikk for så vidt bra. Å vaske er ikkje så stort problem, for eg brukar mopp til det meste. Meir arbeid er det å plukke ned frå veggene og få alt på plass etterpå. 
Etter at eg var ferdig, laga Nils middag, dvs. at han steikte fiskekaker og koka poteter. Så vart det ei lang stund på sofaen -rett ut. Når ein ikkje kan sitte, må ein ligge. Så enkelt er det!
No i ettermiddag har eg stroke ein haug med klede, og hengt opp ein klesvask og anna småtteri. Ikkje så veldig spennande program akkurat, men slik må det vere akkurat no. Rasmus og fam. er på tur på Sørlandet, og i kveld er det show i dyreparken i Kristiansand. Der er dei vel stort sett kvart år, men Ingar er liten enno, så for han er det ekstra spennande, han hugsar vel ikkje så mykje frå i fjor. Veit forresten ikkje om dei var der då. Håkon er i England på fotballtur med Hødd. Snart er det Dana-Cup for Eirik og Norway-cup for Olaug, så dei unge er på farten. 

søndag, juli 15, 2012

Vêrmelding 15.juli - 2012

Klokka har passert 18.00. Veret er delvis skya med regnbyger innimellom.Temperaturen er + 16 grader. 
Frå morgonen av såg det ut som om vi skulle få ein fin dag, men det var eit håp som brast. No er veret greitt nok om ein kan gå turar og vere aktive, men eg kunne tenkt meg ein dag eller to med altan-vêr.
Har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, går her og surrar for det meste. I går då eg skulle begynne på den andre boka av Jørgen Brekke, oppdaga eg at fleire spor mangla på første plata, og sjølve boka hadde Margrete fått med seg i går. Men ho løyste floken og fann ut korleis ho kunne sende det heile pr.mail. Dermed vart eg sittande framfor maskina og strikke mens eg høyrde første plata. Så fekk eg ferdig eit lestepar som eg har halde på med ei stund.
Til middag i dag vart det fiskesuppe. Eigentlig skulle eg hatt meg ein månad - om ikkje lenger - med salat ; det har blitt mykje god mat i seinare tid. Og lite mosjon.
Nils held seg mykje ute i garasjen, og så er det fotballkampar innimellom.
Trur eg må prøve meg på ein bitte liten tur. Kanskje.
Seinare:
Det blei ein liten tur rundt Storebakken. Ikkje så mykje nytt i "Millionærsvingen" sidan sist.

lørdag, juli 14, 2012

Bok nr.33 - 2012: Nådens omkrets


Nådens omkrets 
Eg har site meir og mindre pal i ettermiddag og kveld og lese ut denne boka..Den er nokså makaber, men ikkje direkte spennande. Det mest interessante med boka er dei historiske fakta som den inneheld. Ikkje akkurat slike fakta som det står om i historiebøkene. Boka er heller ikkje utan humor. Den er godt skriven og Finn Schau les godt.
Elles vil eg skrive under på det Margrete har skrive om den før, og  vise potensielle lesarar til nettet. Eg var så vidt inn og såg at den hadde fått terningkast 5 og 6.
No skal eg lese ei bok til av samme forfattaren, eit slags framhald-trur eg. Den heiter "Drømmeløs".
 Brekke, Jørgen Dette er Jørgen Brekke,oppvaksen i Horten og bur i Trondheim. Han er utdanna lektor, men har jobba som journalist m.a. Han har til no skrive to bøker.

Vêrmelding 14.juli - 2012

Klokka er 14.00, det er skya, men lettare enn på lenge. 
Temperaturen er + 18   grader C.
Denne datoen er ein merkedag på meir enn ein måte. At det er Frankrikes nasjonaldag er klart, men det er også mamma sin fødselsdag. Ho vart fødd i 1904, og døde 4,august 1991. Eg tenker ekstra på henne denne dagen, og på dei feiringane vi hadde. Som regel med masse jordbær.
Margrete vart døypt 14.juli 1968, og Wenche og Rasmus gifta seg på denne datoen i år 2000. Slik er det er merkedag - ikkje berre i Frankrike, men i familien vår.
I dag skulle Margrete og Eirik til frisør, mens dei to minste skulle vere her hos oss. Eg var litt "uheldig" og nemnde ordet FISKETUR, og då vart dei to små ivrige, så i staden for å sitte med data, blei dei med morfaren på sjøen. Dei var ikkje akkurat kledde for båtlivet, så eg raska fram litt av kvart som dei fekk på seg. Amanda er jo grei, ho er såpass stor at ho kan bruke vaksne klede. Verre for han, men han tek det med eit smil!.Han hadde visst som ein plan om å fiske verdens største blekksprut.
Eg tok meg ei runde i hagen og såg på yndlingsblomstrane mine:riddersporane. Dei himmelblå er ikkje så frodige i år, men dei med mørkare blåfarge som eg planta i fjor, står fine. Berre det ikkje kjem ekstremver som knekker dei sprø stilkane. Det plar skje kvart år.



Etter frisør og fisketur vart det "middag". Menyen i dag var blomkålsuppe og vaflar. Dei tre makrellane vart med heim til Straumshamn.

fredag, juli 13, 2012

Klokka er snart 19.00, ute er det sid skodde, men opplett. Temperaturen er + 13 grader.
I dag var vi tilbake i den vanlige tralten. Før middag støvsuga eg og vaska til helga. Etterpå var vi nedover og handla, og eg hadde ein tur på biblioteket.
Då vi kom heim steikte eg rikelig sei til middag, og så slokna eg på sofaen då eg skulle lese litt i boka mi.
Bildet viser sukkerertene våre. Nils er tidlig ute og sår kvart år, men det vil ikkje dermed seie at avlinga kjem så tidlig. Eigentlig skulle vi vel hatt "modne" erter no, men vi fekk vinter og snø etter såinga, og ikkje altfor mykje sommar etterpå heller.
Så er det fredag igjen, og eg vil ønske alle ei god helg. I dag kan vi gratulere M &  S-I med bryllaupsdagen!

torsdag, juli 12, 2012

Vêrmelding 12.juli - 2012

 


Klokka er no 21.00. Skodda er fotsid og det regnar. Temperaturen på trappa er +12 grader C.
Men om det er grått ute har vi hatt ein fin dag.
Føremiddagen gikk med til fisking for mannfolka sitt vedkomande, og litt husarbeid for meg. Utpå ettermiddagen reiste vi inn til Margrete der også Solveig med familie var, og etter ei stund kom også Bodil og Svein.
I dag fekk Margrete prøve ut spisebordet med 4 plater og 14 stolar, så no er huset innvigd på skikkelig vis. God mat fekk vi, lasagne med salat og gode kaker og kaffi etterpå.
Solveig og fam. var med hit opp etterpå fordi dei skulle ha med seg fisk heim att, så no får Solveig noko å henge fingrane i. Men ikkje alle husmødrer er så heldige som ho og eg som får fisken så fint filetert og klar til bruk.
Takk til vertskapet på Straumshamn for ein fin ettermiddag. Reknar med at Margrete kanskje legg ut bilde, sjølv for eg heimanfrå i full fart utan verken fotoapparat eller mobil.
På bildet er sju av dei 11 barnebarna våre -ikkje ofte så mange er til stades på samme tid.

onsdag, juli 11, 2012

Vêrmelding 11.juli - 2012

Klokka har passert 21.00 og det er vel på tide å vere litt sosial, no når det er slutt på fotballkampen. Eg har kosa med med ei ny bok mens "karane" har sett fotball. Ute er det skodde og regn, før middag var det opplett. Temperaturen er + 15 grader C.
Vi sov lenge i dag, og etter frokost fór fiskarane ut for å drage teiner og fiske. Teinene låg heilt urøyvde med agnet i, så dei vart berre flytta til ein annan stad, og skal stå til i morgon. Etterpå fiska dei sei, som skal vidaresendast til Hareid, så denne gongen slepp eg lett unna.
Eg brukte føremiddagen til å rense ugras og rydde i hus og hage. Det drog ut før fiskarane kom, så eg tok og laga pannerøre; det vart middagen i dag. Ei stund seinare serverte vi jordbær og fløte- det er tradisjon med kremfløte første gongen vi et sjølvdyrka bær om sommaren.
Nils har vore i garasjen og filetert det meste av fisken, så den er klar til henting i morgon kveld. 

tirsdag, juli 10, 2012

Vêrmelding 10.juli - 2012

Klokka er 20.30, temperaturen ute er +15 grader, og skodda har lagt sid heile dagen, men det har vore opplett. 
Solveig og Audun kom på føremiddagen, og vi åt litt "lunsj" i lag før dei to karane reiste ut for å fiske.Solveig og eg sat og prata ei stund før ho reiste ut att.
Mens eg var her åleine, laga eg klart til middagen, las ut boka mi og prata med naboar.
Til middag i dag hadde vi kald, kokt makrell som eg laga til i går; i tillegg koka eg ei skål med rabarbragrøt.
Dei kom heim att med nokre makrellar, men hadde snikane ståande att i sjøen, så etter middag reiste dei ut att for å drage snikane og legge ut teiner. Nils likar godt å ha Audun med seg på fiskeri, blir vel litt lei av å vere åleine.Eg har rydda opp i huset og vore på data. Vart heilt sjokka då eg såg at klokka var så mykje, desse sommardagane fer så altfor fort over i historia.
"Beddet" på bildet ligg i ein krok av hagen der nesten ingen ser det, vi ser det ikkje sjølve heller, frå altanen. Dei himmelblå riddersporane som eg er så glad i er veldig taslete i år, må kanskje flytte dei over i betre jord. Den mørkeraude peonen er full av blomster, men dei er nokså enkle -ikkje så fyldige som dei Solveig hadde med seg i dag.

Bok nr.32 - 2012: Gull.


Gull

Eg sit her som eit spørsmålsteikn etter å ha lese siste plata i boka. Eller var det den siste? Har prøvd å finne ut om boka skulle innehalde meir enn dei 7 platene eg har rippa, men har ikkje funne ut av det. I fall det var slutten eg las, var den noko merkelig.
Eg vil ikkje dømme denne boka nord og ned, men for meg funka den ikkje i det heile tatt.
Eg likar best å høyre på litt eldre menn som les rolig og sindig. Ho som les her, høyrest ut som om ho les og kapp med syklistane som boka handlar om. 
Språket er fullt av samanlikningar og metaforar som ikkje heng på greip. Når eit litt usikkert smil blir samanlikna med eit nyfødt føl som ikkje klarer å stå på beina, blir det litt søkt for meg. Dette var eitt døme.
Historia kunne i grunnen ha vore bra om den hadde blitt formidla annleis: To unge kvinner konkurrerer om å komme til OL i forfølgesesritt (heiter det det?) på sykkel. Den eine av dei er singel, den andre har ein mann som også er syklist, og ei datter som har kreft. Denne jenta lever mykje i si eiga "Star Wars"-verd. Så blir det spørsmål om kva ein prioriterer høgst her i verda, barn eller karriere. De kan gjerne lese meir om boka på nettet, men eg for min del hadde problem med å henge med på denne historia.  NB! dette er mi høgst personlige meining.

mandag, juli 09, 2012

Vêrmelding 9.juli - 2012

Klokka er ca 20.30. Temperaturen ute er + 16 grader, det har vore overskya og opplett i heile dag.
Eg vakna stil og støl i heile kroppen, men fann ut at eg berre fekk finne på noko inne; å sitte i ro er inga løysing. Eg fann ut at eg ville vaske ned "gjesterommet", noko som er ein enkel jobb. Då er var ferdig med det, fann eg ut at eg kunne ta badet med det samme, det baud ikkje på dei store problema. Må innrømme at eg ikkje går så veldig grundig til verks som eg gjorde før, største problemet er å buksere det lange moppeskaftet i små rom.
Så fekk eg uventa telefon frå Bodil om at dei var i Ørsta og skulle hente nokon på flyplassen. Dei hadde vel ein time til overs, så dei kom oppom ein tur. Veldig kjekt. Audun vil komme og fiske i lag med morfaren i morgon, han skal vere til torsdag då det blir familietreff hos  Margrete; ikkje alle har sett huset hennar enno. Så denne veka blir det litt liv og røre.
Nils har vore stad og fiska nokre makrellar som eg skal koke i kveld og servere kalde i morgon ein gong. Eg brukar oppskrifta i boka "Fjordamat"- det blir veldig godt.


Eg kokar makrellen i denne laken:


1 liter kokande vatn
1 kopp eddik (5%)
2 ss sukker
1 1/2 ss salt
2 laurbærblad
2 ts heil pepar


Lat fisken stå i laken etter den er ferdigkokt, gjerne til dagen etter.
Fjordsild kan ein koke på same måten, det er nesten enda betre.
Server med kokte poteter, rømme og agurksalat.

søndag, juli 08, 2012

Vêrmelding 8.juli - 2012

Klokka er19.15. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er skodde og regn. Greitt at det kom litt vatn frå himmelen og vatna hagen, berre der vert opphaldsver igjen.
Nils gikk ein liten tur før middag, men eg held meg i ro. Brukte føremiddagen til å bake 6 Ingers brød, så no har eg nok for resten av sommaren. Hadde nokre i frysen frå før, men baka meir for å få litt betre plass i skapet-bruke opp mjøl etc. Hadde baka meir om eg hadde hatt gjær, ikkje Ingers då, men vanlig brød.
Til middag hadde vi den eine fiskepuddingen som eg laga i går. Den var himmelsk god om eg skal seie det sjølv. Nils var heilt enig.
Det var lenge før eg torde meg til med å lage fiskepudding, etter at eg hadde vore uheldig første gongen eg prøvde. No lagar eg så snart eg får kvit fisk; brukar eg berre sei blir den grå, denne gongen hadde eg lyr og sei 50-50. Nils mel fisken på handkvern først for å få vekk alle beina, og så brukar eg foodprosessoren til resten. Lagar røre til ein pudding i gongen og set formene inn i steikomnen i vannbad etter kvart. Omnen skal stå på 150 grader. Steiketida er minst 1 time, kjenn etter om puddingen er fast når du klemmer på den.Legg gjerne eit silikon-bakepapir over på slutten fo å unngå skorpe.
Eg har utvikla oppskrifta mi frå ei eg fann hos Gunda. Røra skal vere lausare enn til fiskekaker. Eg brukar sjølvsagt standardiserte måleskeier.
(Har ein ikkje oppmalen fisk, brukar ein sjølvsagt fisk i bitar rett i foodprosessoren (matmølla))


Til ein pudding (lita brødform -1,5 liter)


700 gram fisk
2 ts.salt
2 matskeier potetmjøl
litt muskat
egg
1 dl kremfløyte
4 dl heilmjølk cirka
Ha alt med unntak av mjølka i bollen og køyr; spe med mjølka til høvelig konsistens, 
vanskelig å gi nøyaktig mål, då det kjem litt an på fisken.
Fyll farsen i smurd form.
Eg serverte puddingen med kvit saus- rekene hadde vi ete opp i går.


Etter middag fall eg i koma på sofaen, og visste ikkje å kome meg til overflata igjen-det måtte eit krus kaffi + 3 brunsukkerbitar til før eg kom til meg sjølv.

lørdag, juli 07, 2012

Vêrmelding 7.juli - 2012

Klokka er 16.00. I dag vakna vi til fotsid skodde, noko som er typisk for Ørsta. No har skodda letta mykje, men så har det kome vind. Det eine er vel resultat av det andre. Temperaturen er + 22 grader, men det kjennest kaldt ut.
Før middag var vi ein liten tur til Sæbø, brukar å ha ein tur på Nilsbuda kvar sommar og sjekke ut lokalt handarbeid m.m. I dag kjøpte eg berre eit lilla skjerf til meg sjølv. Der borte var sola i ferd med å trenge gjennom skydekket og der var behagelig varmt. Og det var for ca 3 timar sidan. Bildet over er frå kaia der inne. Elles gleda eg meg over å sjå dei vakre grøftekantane når vi køyrer, med eit stort utval av ville blomster.Dei er ekstra fine og frodige i år.
Så var det til Ørsta og handle på Amfi, og det tok si tid, for i dag trefte vi utrulig mange vi kjende. Ein tidlegare kollega hadde vore på Sørumsand og kom med helsing frå søskenbarnet mitt der. Koselig.
Vi laga ikkje middag då vi kom heim, men hadde kjøpt med oss loff og reker, så vi hadde eit herlig måltid. I løpet av dagen/kvelden skal eg lage fiskepudding av noko av fisken som Nils fekk. Det er god sommarmat.
Kjenner at eg ikkje taklar så godt å SITTE i bilen, men vi skal no på tur i løpet av sommaren UANSETT. Jordbæra er i ferd med å modne, og graset veks kvar dag, så det er visst vanskelig å rive seg laus.
Trur ikkje eg ønskte GOD HELG i går, så får eg gjere det i dag!
Resultat av juleorkanen Dagmar ser vi over alt, men somme stader har dama vore svært så selektiv. Sjå godt på bildet, så ser de ein brun flekk i fjellsida.Der ligg alle granene nede- på kryss og tvers.
Elles kan eg melde at hotellet no er nyoppussa, og så har dei bygd til ein ny resepsjon, men vi var ikkje inn i dag.

fredag, juli 06, 2012

Vêrmelding 6.juli - 2012

Klokka er ca 18.00. Det har vore ein strålande dag med ein himmel utan skyer. Temperaturen er no + 25 grader.
Før middag styrte vi litt i hagen, elles har vi ikkje gjort mykje. Henge opp klede, ta dei ned, og legge  i hop og å ta ut av oppvaskmaskina er liksom ikkje noko å skrive heim om.
Låg på solsenga og las ei stund, men i dag blei det for varmt å sove middag ute. Middag har eg ikkje laga enno, men det skal eg gjere snart. Ein skikkelig lat og nydelig dag! Kanskje den siste i denne omgangen.
NYT denne blåfargen. Det er foredla storkenebb som eg har fått av Sissel. Ein villig sort.

Bok nr.31 - 2012: Langs Myrraveien.


Langs myrraveien

Eg har lese reiseskildringar av denne forfattaren før, dei har vore veldig bra, men tjukke som mursteinar. Denne boka er på 7 CD-ar og det er akkurat passelig lagt.
Tomm Kristiansen skriv godt.
I denne boka tek han oss med til Yemen, Sri Lanka, Bangladesh, Nepal og Afrika; Zimbabve og landa omkring. Han fortel om folkeliv og menneskeskjebnar. Arne Fjørtoft er ein sentral person i ein del av boka. Boka er sjølvsagt politisk, Kristiansen er ein mann med meiningar, som han ikkje er redd for å publisere. Denne boka har vore vanskelig å legge frå seg, den er hermed anbefalt.

torsdag, juli 05, 2012

Vêrmelding 5.juli - 2012

Her ser vi dei tre eldste barna til Margrete på toppen av Melshornet i går. Rett over hovudet til Ingeborg ser vi Vallahornet, fjellet som er nærmast oss.(Der er fleire bilde på bloggen "Ariel")
I dag er ikkje veret fullt så fint, men det er mildt og deilig, + 21 grader no. Det kjem av og til ei lita regnbyge, noko som gjer godt for det som skal vekse -og vi slepp å vatne.
No har eg nettopp støvsuga til helga, og vi skal ha oss ei handlerunde.Eg har ikkje vore ute av tunet sidan fredag, men håper det går bra i dag, har i alle fall kome meg mykje.
Melshornet i dag, sett frå altanen vår. Eit relativt kjent motiv? Eg har vore på Melshornet berre ein gong. Då gikk vi opp frå skitrekket på Reset i Volda-på skaresnø, det var ein lett tur. Elles er det fleire vegar som fører til toppen.
Klokka 18.30:
Temperaturen på baksida av huset er+26 grader, der er skya, men litt sol innimellom.Vi var nedover ein tur, så laga eg Taco, og etter vi hadde ete låg vi lenge på altanen -eg med lydbok. Fann to bøker på biblio i dag, den eine, "Gull", er skrive av forfattaren til "Little Bee". Tenkte det kunne vere passe lett sommarlektyre. No les eg "Langs Myrraveien" av Tomm Kristiansen. Den er interessant, og så er den ikkje så himla lang som mange andre av bøkene hans.Andre reiseskildringar eg vil anbefale er "Buddhas barn" av Torbjørn Færøvik.
Nils klipper plen i dag også, han tek litt kvar dag-tomta er meir enn stor nok!
I dag fann eg den første blomkarseblomsten nedafor garasjen.

onsdag, juli 04, 2012

Vêrmelding 4.juli - 2012

Klokka er no 20.30, det er lettskya, fint ver og temperaturen er +22 grader. Kan ikkje klage på veret då.
Nils stod opp klokka 5 i dag tidlig og for ut og drog linene. Han fekk ein del brosme, ei lange og to store lyrar. Der var også mykje pigghå på lina, men dei vart kasta uti att. I tillegg til å drage lina, fiska han etter sei på snella, og det blei kokt småsei både til oss og nokre av naboane i dag. Eg hadde akkurat ete frokost då han kom heim.
Eg brukte føremiddagen til å vaske og rydde litt i huset. Middagskvilda tok vi på altanen, og eg fekk lese ut boka mi. 
Margrete, Eirik og Amanda kom innom. Dei hadde vore på Melshornet ein tur. Dei er ivrige fjellgjengarar-særlig Margrete, trur eg. Etter eige ønske fekk dei berre kaffi, brus og is.Dermed fekk vi bytta bilar igjen, så no er "Trovågs lille røde" på plass igjen.
Rasmus ringde frå Lillehammer, dei er på Hunderfossen og ferierer, og lurte på om vi kom nedover. Sidan eg ikkje har vore heilt i form er det ikkje så lett å bestemme seg, sjølv om eg er mykje betre enn eg var.
Merkelig kor kjekt det er å få pakke i posten, sjølv om det er noko ein sjølv har bestilt og betalt.Eg har ofte ergra meg over at eg kan så lite "daglig-engelsk", så då eg såg denne boka hos Solveig, var eg ikkje sein om å bestille ei til meg sjølv. Så no skal det puggast her. Er faktisk overraska og glad over at eg forstår såpass som eg gjer. Har lært eit nytt uttrykk som eg synest er litt morsomt, visuelt, liksom:" No room to swing a cat". Tydinga seier seg vel sjølv? Kan opplyse om at boka kosta 140,-kr og ikkje har stive permar.

Bok nr.30 - 2012: Tilbakekomsten.


Tilbakekomsten - Håkan Nesser Nicolai Cleve Broch Elisabeth Bjørnson


Så har eg lese enda ei bok av Håkan Nesser. Denne kanskje litt "tyngre" enn den førre. Det som pregar bøkene til Nesser er i grunnen det store alvoret. Dei er ikkje særlig spennande, meir reflekterande. Kriminalinspektør Van Veeteren er ein alvorlig og grublande mann. Og det er på denne måten han løyser denne saka også. Han stiller fleire viktige moralske spørsmål undervegs.
Eg likte denne boka også, og den høver godt for lydbok sidan det er få personar og ei enkel handling. Denne gongen er det ei "cold case" som blir løyst.
Det er Nicolai Cleve Broch som les boka. Han les godt, men ikkje så bra som Finn Schau.
Om ein vil lese mindre dystre bøker av Håkan Nesser, vil eg anbefale "Kim Novak badet aldri i Genesaret sjø" og "Beretningen om herr Roos".

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...