fredag, mai 31, 2013

Dagbok 2013: 31.mai

Klokka er vel halv seks. Temperaturen ute er + 19 grader og det regnar. Om det skal halde fram med det, eller om det berre er ei byge eller to, står att å sjå. Før regnet kom var det lettskya og fint.
I dag er Margrete i Bergen på sensor-opplæring, og Nils henta dei to yngste ungane i Volda etter skuletid.(Dei tek ferja åleine) Eirik vart ikkje med for han skulle spele fotball.
Eg laga fiskebollar på føremiddagen av lyren som Nils fiska i går, og serverte dei med kvit saus, bacon og finrivne gulrøter. Amanda fekk kvile seg ei stund før Nils køyrde henne ned til Kulturhuset. Det er vårshow på ballettskulen i dag og i morgon, vi skal på første framsyninga i morgon.
No er det berre Erlend som er her hos oss, og han merkar vi ikkje mykje til, han er oppteken med data. Margrete skal hente han når ho kjem heim i kveld, men Amanda skal vere att til i morgon. Det er travle dagar for dansarane.
No håper eg at regnet som kom skal sette fart i graset, så vi får bort isbrannen på plenen. Eg likar godt sol og varme, men det friskar opp med ei regnbyge, berre den ikkje varer heile sommaren.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, mai 30, 2013

Dagbok 2013: 30.mai

Klokka er ca 21.30, temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya og fint. Det har vore ein varm og nydelig dag, med temperatur opp til +27 grader.
Nils for på sjøen i 8.00 tida, det var nok litt for seint på dag, for han fekk lite fisk. Vi hadde så vidt nok småsei til middag, og så har vi litt lyr som eg kanskje skal lage noko av i morgon. Eg vaska golva til helga, men utsette støvsuginga.
Har gjort lite og ingenting ute i dag, vart så låk i føtene(hælane) etter gårsdagens trakking. Har lagt mykje på altanen og slappa av med lydbok. Då det leid utpå ettermiddagen, etter at vi hadde ete ein sein middag, tok eg meg sammen og skreiv referatet, så no skal eg sende det til avisa. Det er ikkje så lenge gjort når eg først kjem i gang. Skriv "fort og gale".
Elles har eg stått mykje oppe ved muren til Marit og prata med alle som går forbi. I kveld tok eg bilde av nokre av blomstrane hennar. her hos oss har vi ikkje fått orden på plantinga enno.


onsdag, mai 29, 2013

Dagbok 2013: 29.mai.

Gratulerer med 13-årsdagen, Amanda.

Klokka er ca halv åtte. Ute skin sola og det er + 24 grader i skuggen.
Eg kom nettopp heim frå pensjonistmøte, gikk frå Kulturhuset og heim, så eg kan ikkje seie at eg fraus akkurat.
Då vi var på Kulturhuset frå klokka 12.00 og utover, dekka bord og ordna til, hadde vi mistanke om at det vart få frammøtte i finevêret, men der tok vi jammen feil. Det kom fleire enn vi hadde dekka til, det har aldri hendt før. Kjekt var det!
Nils køyrde meg ned og eg venta utanfor til den nybakte tenåringen kom til ballettøving. Så eg fekk knipsa eit heilt fersk bilde.
Nils tok med seg Eirik heim, og vidare til Høddvoll; Margrete og Erlend gikk tur med Lucas, hunden som dei passar for tida.. Eg er ikkje sikker på kva tid kampen skulle begynne, og kva tid det er slutt.Men det nærmar seg vel.Veldig kjekt at det vart finevêr i dag, i alle fall, slik at dei foballinteresserte fekk ei kjekk oppleving.
Så har eg berre att å skrive referat frå møtet i dag, så har eg ferie til i august ein gong.

tirsdag, mai 28, 2013

Dagbok 2013: 28.mai

Klokka er snart halv ni, ute er det lettskya og + 20 grader. Hadde eg vore litt betre til beins skulle eg hatt meg ein tur ut i vår-/sommarkvelden.Veit ikkje kva max temperaturen var i dag , men eg trur den var rundt +26 grader.
Vi vakna til strålande sol i dag og eg hadde som ein plan om å få gjort noko ute i hagen, der er det mykje som står på vent. Men først måtte vi kjøpe frø og plantar. Etter å ha vore inn på nesten alle butikkar i Ørsta, fekk eg endelig tak i blomkarsefrø til å så nedafor garasjen. Skulle ha nokre sommarblomster å plante i beddet ved garasjen også, men fann ikkje det eg var ute etter. Alle rosetrea som står der, er døde og mykje anna også. Etter ein liten diskuskon blei vi i kveld enige om å gjere bedet smalare, eg vinn ikkje over å stelle alle bed etc.og Nils har nok med åkrar og plen. Så no har vi ein plan. Dermed vart det ikkje til at eg planta dei tre plantane eg kjøpte i dag.
Vi hadde att ball frå i går, som vi hadde til middag. Det er ein mettande sort, så det passa bra at det kom litt vind og skyer, såpass vi kunne ligge på altanen og sove middag.
Vi jobba litt i hagen etterpå, men motivasjonen er litt laber; fekk i alle fall sådd blomkarsen.
I morgon skal Nils til Ulsteinvik på fotballkamp mens eg er på pensjonistmøte. Han skal vere i lag med Hareidskarane og ha med seg Eirik herifrå. Margrete skal køyre Amanda til Ørsta på ballett, det er fullt køyr med dans no fram til helga. Då er det vårshow.Så det blir ein travel bursdag for 13-åringen.
Det er siste pensjonistmøtet før sommaren, så no får også vi pensjonistane ferie.

mandag, mai 27, 2013

Dagbok 2013: 27.mai

Klokka har passert 20.00, temperaturen ute er + 22 grader C, det er lettskya og fint.
Før middag var det ekstra fint, så då var vi ute i hagen og jobba litt. Eg klipte greiner og Nils mol dei opp på kverna. Så rensa vi litt ugras og klipte litt gras osb.
Vi fekk tid å slappe av litt på altanen også, deilig å ligge ute sjølv om sola vart delvis borte. Det var tross alt + 26 grader.
Elles så laga eg ein stor porsjon med ball (klubb) til Margrete og ungane skulle komme.
Eirik kunne ikkje vere med i dag, han driv og skal ta mopedsertifikat og var oppteken med det. Kjekt å få prate litt med Ingeborg og høyre kva ho har opplevd i den store verda.
Elles driv dei nye naboane og flyttar inn i nummer 10. Håper dei vil trivast her i gata vår.

Bok nr. 26 - 2013: Nattergalens død.

Nattergalens død

Frå nettet:
 Nina Borg er sykepleier på et asylmottak i København. Gjennom jobben kommer hun i kontakt med ukrainske Natasja og hennes åtte år gamle datter.

Natasja soner en dom for drapsforsøk på sin forlovede. Datteren er under Ninas vinger på asylmottaket. Men ikke lenge. Noen er ute etter å bortføre jentungen, som også viser seg å ha en overraskende egenvilje.

Og under en transport til asylmottaket, stikker moren av fra politiet. Handlingen utspiller seg i løpet noen hektiske døgn i København, men med glimt tilbake til Stalin-tiden i Ukraina.

Plottet er fiffig nok og drivet upåklagelig i bokens siste halvdel. Men før vi kommer så langt har vi vært gjennom ganske lange strekk med kjedsomhet og heller flate skildringer av både personer og omgivelser.

Bokens hovedperson, Nina Borg, får egentlig aldri noen sjanse til å fylle rollen, og København blir aldri noe annet enn en påstått kulisse, helt uten atmosfære av noe slag.

Denne anmeldaren har gitt boka terningkast tre, og det er nok, for dette var kjedelige greier.
Synest svært mange krimromanar er sydde over same lest. Eit brotsverk i vår tid, har trådar tilbake til ei anna tid, og gjerne til eit anna land. I denne boka blir vi tekne tilbake til Ukraina på 1930-talet, der "Onkel Stalin" var den som alle måtte lyde. Dette er kanskje det mest interessante i boka.
Dei to damene som har skrive boka, må ta seg sammen elles har dei ikkje noko i bransjen å gjere.

søndag, mai 26, 2013

Dagbok 2013: 26.mai

Klokka slo nettopp seks (18.00), temperaturen ute er + 13 grader C og skodda ligg nesten like sid som før. Veit ikkje kva som gjer det- eg blir heilt "sprø" av skodde. Men det er kanskje greitt at det ikkje regnar, for så kjem ein seg i alle fall ut på tur.
I dag gikk vi tur i eit veldig populært område, og vi møtte kjentfolk både med og utan hest,hund og sykkel. Eg har vore i området før, men ikkje gått den ruta som vi gikk i dag.
Først køyrde vi fram til Askjelhaugen (gravplass) og parkerte der. Så gikk vi opp på vegen som går til Mossetra, der gikk vi ofte før, men no var vegen utbetra og utvida.Det er mange som har hytte der framme og ein kan køyre heilt fram med bil. Men vi gjekk altså, og der er flatt og fint lant framover. På andre sida av elva (Rossåa) går vegen til Nupen og Vallasetra, der det også er bilveg, men ikkje så fin som på Mossida.
Vi kunne sjå over til andre sida av elva til huset der vi budde ein gong.

Vi gikk fram til ein gammal gardfjøs, der det gjekk ein sti ned mot elva, så der "snudde" vi.
Det var fint å gå på stien også, og over alle små-elvar og bekkar var det laga bruer, så vi gjekk tørrskodde heile vegen. Eg har vore i området, som blir kalla Dalateigane fleire gonger, men det er lenge sidan. Hugsar eg var der med Ingeborg og Eirik den sommaren Amanda var baby, då fann vi ein skog vi kalla Trollskogen. Elles har eg vore her med skuleklasser.
Men området er større enn eg visste, heilt urtrulig at det ikkje har vore dyrka der frå gammalt av, så store flater som der er. Vi møtte ein av grunneigarane som vi kjenner, og han tipsa oss om ein sti som gikk heilt ned att, langs elva. Så slapp vi å gå opp att på bilvegen. Det var ein veldig fin og lett tur, men lang NOK for meg.







Då vi kom heim laga vi fiskesuppe, noko som alltid går ned på høgkant, og så fekk eg endelig legge meg på sofaen med lydboka mi. Fekk ikkje med meg mykje av det eg "las", så eg må nok ta ein runde til.Då eg skulle reise meg opp att, hadde eg slik krampe i beina at eg hylte, men det kom seg etter kvart.

lørdag, mai 25, 2013

Dagbok 2013: 25.mai.

Morgon.

Klokka er snart 20.00, ute skin sola frå nesten skyfri himmel og temperaturen er + 13 grader. Då vi stod opp i dag, låg skodda sid og det var iskaldt. Eg hadde i grunnen tenkt å kjøpe plantar og fikse opp litt rundt dørene, men miste aldeles lysta i det gråkalde vêret.
Vi tok ein tur til Vik, handla litt småtteri her og der, og så gikk vi opp i gata for å sjå om der var kjentfolk. Vi hamna på kafeen "Adam" der dei har buffet om laurdagane. For 100 kr fekk ein forsyne seg av mange rettar, så mykje ein ville ha. Full middag for vår del. Eg kunne tenkt meg litt sterkare smak på maten, men dei er kanskje redde for at nordmenn ikkje toler å svi litt på tunga. Der var chilisaus som vi kunne ta av viss vi ville. Eg ønsker at denne kafeen skal klare seg, for viss eg først skal ete ute, vil eg ha anna mat enn den eg lagar sjølv heime.Beste dagen å gå på "Adam" er tysdagane, for då får dei inn friske grønsaker, der er nemnlig butikk også. Og tomatane ein får der smakar mykje betre enn dei vi får på andre butikkar.
Då vi kom heim i 14-tida begynte det å klarne opp, så vi la oss på altanen og sov middag, eg hadde sjølvsagt bok på øyret.
SÅ gikk vi ut og jobba i hagen ei stund; Nils flytta m.a. ei buske som stod oppe ved garasjen ned på plenen, og eg reinska eføyveggen for brune blad, det vart to breiddfulle baljar. Så no kan vi slappe av i trua på at vi har gjort noko nyttig i dag også.
Det vart ingen lottogevinst denne veka heller, men vi må berre halde fram med same rekka nokre år til....Ein kan aldri vite.
Kveld.

fredag, mai 24, 2013

Dagbok 2013: 24.mai.

Morgonstemning i Starevegen.
 
Klokka går mot 20.00, temperaturen er + 10 grader C, det er opplett, men fotsid skodde. Det er det er det eg kallar Ørstasommarvêr.
Før middag støvsuga eg ta ville pina alle teppegolva ganske grundig.Så tok vi oss ei shoppingrunde. Først var vi på Felleskjøpet på Rystelandet der vi kjpte oss ny vedkløyvar. Nils var i tvil om vi skulle kjøpe stativ, men eg insisterte. Det er ein liten kløvar som er grei å ha med seg i bilen.Eg synest det eg kjekt å kløyve ved, og det er eit arbeid som eg greier utan å få vondt både her og der.No har vi ikkje tenkt å begynne med profesjonell vedproduksjon,då.
Utsikt frå Rystelandet mot Vallabøen.
 

Elles så handla vi mat på to butikkar.Det vart ikkje til at vi kjøpte noko til hagen, eg er ikkje så motivert for å plante i kulden.
Til middag laga vi pølser og stappe.Og så vart det middagslur.
Etter ein god kopp kaffi kom eg meg ut på tur rundt om på Vallabøen. Gikk med bok på øyret og såg på det som skjer i nærmiljøet. Lommekamera hadde eg i den andre lomma.
Husa i Millionærsvingen tek form.
Leikeplassen ved Vikemarka skule.

Vike-elva. Mykje skog fjerna på andre sida, så no har vi betre utsikt.
Ønsker alle ei GOD HELG ! 

torsdag, mai 23, 2013

Dagbok 2013: 23.mai

Klokka nærmar seg 20.00. Ute er det strålande vêr, lettskya , men sol.  Temperaturen på trappa er det berre +14 grader, men der er det ikkje sol. Vi var ikkje budde på så fint vêr i dag.
Før middag vaska eg alle golva som ikkje er teppegolv, rydda etc. Hengde opp klede og styrte på. Så hadde eg ei økt med såkalla "kontorarbeid". Nils køyrde veden han kløvde i går ned i tilbygget og lødde den opp der.
I dag var det råd å ligge å sole seg litt på altanen, så eg fekk lese i boka som eg lånte i går.
Til middag steikte eg sei, det var ei stund sidan vi hadde hatt det no, så det vart eit festmåltid. Elles har eg teke inn og lagt i hop klede, hengt ut meir klede osb. mens Nils har slått plen for første gong i år.
Skulle ha stelt meir i hagen, men eg vil først sjå om det kjem liv i noko av det som ser daudt ut, før eg kjøper nye plantar. Trur alle rosetrea, med unntak av klatrerosene, er døde. Det såg ille ut for ein liten raud rhododendron som vi kjøpte i fjor, men jammen er der liv og blomster.Det har vore ein hard vinter med mykje berrfrost, så det er ikkje anna å vente enn at somme plantar bukkar under.

onsdag, mai 22, 2013

Dagbok 2013: 22.mai.

Klokka nærmar seg 20.00. Ute er det regn og grått, og temperaturen er berre + 8 graderC. Den varme sommaren forsvann fort. Men plometrea rakk akkurat å sprette ut før det slo om til regn og kulde.Plenen nedanfor huset er lite å skryte av. Nils har gjødsla for å få bort mosen, og så er det vel litt isbrann også. Ja, det kjem seg vel.
I dag har det vore ein litt halvsløv dag. Nils for nedover tidlig i dag for å klippe seg. Eg shina opp kjøkkenet mens han var vekke, bytte på sengane og vaska håret.
Så skulle vi nedover og handle. Vi var og såg på vedkløyvarar hos Clas Ohlson, men fann ut at vi ville sjekke Bygg-Mix i Volda også. Ingen ting blei bestemt i dag. Den kløyvaren som no står inne hos Margrete, er for veik til store kubbar, dessutan er han ikkje heilt i orden.
Då vi kom tilbake til Ørsta handla vi på Spar. Der er veldig godt vareutval, god orden, men dyrare enn der vi plar handle. Nils fekk veldig lyst på Taco, og då passa det bra at dei hadde kjøttdeig på tilbod. Taco blei det då vi kom heim, men først var eg innom biblioteket, der eg fann ei heilt ny bok. Krim til ei forandring. Ja, eg har faktisk lese fire bøker etter kvarandre som ikkje var krim. Tenk det!
Etter at vi hadde kosa oss med Taco, vart det avslapping på sofaen, og så måtte eg til å rippe den nye boka og legge den inn på MP3-spelaren, slik at eg kan ha den i lomma.Eg hadde litt plunder med datamaskina, så då tek det si tid. 
Hadde eigentlig tenkt å gå tur mens Nils ser fotball, men eg er ei fryse-pyse og likar meg ikkje ute når det er både regn og kaldt.

tirsdag, mai 21, 2013

Dagbok 2013: 21.mai


Klokka er akkurat 16.00. Temperaturen er + 10 grader C, det er opplett, men fotsid skodde. Snakk om nedtur etter dei varme, fine dagane. Eg må innrømme at eg likte vêret i går betre enn det vi har i dag.
Vi var tidlig oppe, og tok 9-ferja frå Volda. Vi hadde planlagt å sage og kløyve litt meir ved i dag. Eg hadde ei tynn T-skjorte på meg + regnjakke, men hadde ein genser i bilen - på vona. Vi sette i gang å jobbe med det samme vi kom inn og heldt godt heten mens vi drog på plass veden.Nils saga opp i høvelige lengder, eg bad om å få kløyve sidan eg ikkje hadde så godt av å gå opp og ned i bratta.
Bruk av kløyvaren hadde eg sett meg inn i , så det gikk fint, særlig så lenge eg hadde frisk or å ta av. Med tørrare bjørk, vart det litt meir problematisk. Alt gikk bra , heilt til eg klemra langestonga på høgre handa, det hadde ikkje vorte så vondt, om eg hadde hugsa å sleppe hendelen med venstrehanda.....Ja, det er ikkje så gale, berre litt låkt. Det begynte å styrtregne straks etter at vi var komne i gang å jobbe, og til tross for regnjakker, vart vi nokså gjennomvåte. Det får vi ta på eiga kappe, det var ingen som tvinga oss til å jobbe i regnvêret. Nils kava på, så han fraus ikkje, men for meg som kløyde vart det ikkje så mykje varmande mosjon.
Då vi kom bort til kyrkjevegen, kom Harald og Ruth, dei hadde vore på kyrkjegarden på Eid også, og planta. Og på Eid regna det ikkje.
Då eg kom heim våt og frosen, var det berre å få på seg vinterkleda igjen. Eg sette på varmepumpa og Nils fyrte i omnen, så no held eg på å tine opp att. Tok oss ein kaffikopp og ei skive, så får det bli middag seinare.

Resultatet av dagens jobb. Vi fekk ikkje hatt veden i sekker, så det er vanskelig å berekne kor mykje det vart.
 
Katten LOL(a)-låg i ei kasse på altanen og lata seg, mens vi jobba.

mandag, mai 20, 2013

Dagbok 2013: 20.mai



Klokka er snart 19.00, temperaturen på trappa er +24 grader C, max temp. i dag var + 27 grader C. No har det skya over, meir og mindre. Det finaste vêret er over, men vi har hatt eit knippe nydelige dagar.
Vi har vore heime og kosa oss i sola. I dag gikk eg ikkje morgontur, men i 13-14 tida vart det for varmt på altanen, så då køyrde vi fram i Bjørdalen og gikk rundt Dalsvatnet. Då var der kome litt skyer og så er der alltid ein liten bris frå fjella. Det var fint der framme;men som eg har skrive om før, fekk skogen ein fæla medfart av Dagmar, og dei har hatt mykje arbeid med opprydding. Mykje står enno att.I fjor var vi der to gonger, både haust og vår.
Sjekka batteriet på kamera før vi for og fann ut at der var lite straum. Var litt sparsom med fotograferinga først på turen, men tok det att på slutten.
Då vi kom heim la vi oss på altanen og sov middag, og eg fekk lese ut boka mi.
 
 
 
 
 
 
  

Bok nr. 25 - 2013: Da duene forsvant.

Da duene forsvant
"Da duene forsvant" er en stor fortelling om okkupasjon, motstand og forræderi; om et ulykkelig ekteskap; om kjærlighet og farlige forbindelser; om modige og svikefulle valg. Handlingen foregår i Estland under og etter andre verdenskrig. I 1941 jages sovjetmakten ut av landet, og tyskerne blir de nye okkupantene. Tre år senere gjenerobrer sovjetstyrkene makten. På 60-tallet er kommunistregimet fast etablert med sitt nett av kontrollører og overvåkere.Tre personers liv er i sentrum: Motstandsmannen Roland kjemper for et fritt og uavhengig Estland. Hans fetter Edgar er kameleonen som alltid går dit makten er, og kan skifte identitet og lojalitet uten å nøle. Juudit er ulykkelig gift med Edgar, forelsker seg i en tysk offiser, og har bånd til den idealistiske Roland.

Eg har no lese tre bøker etter ein annan, der handlinga er lagt til 2.verdskrigen. Den første frå Norge, så ei frå Hellas, og no altså denne frå Estland. Mens dei to første var veldig enkle og greie på alle måtar, må eg innrømme at eg hadde litt problem med Sofi Oksanen si bok.Eg har lese berre ei bok av denne forfattaren før, "Utrenskning"-og eg meiner eg hadde visse problem med den også. No vil eg gjere merksam på at eg har lese lydbokversjonane, noko som kan gjere det vanskelig å halde orden på personane t.d. Dessutan har eg lese det meste av boka mens eg har gått tur eller sola meg på altanen.
Med det samme eg begynte på boka, hadde eg ei kjensle av å komme "midt i teaterstykket"-eg forstod liksom ikkje kven personane var eller kva som skjedde. Det var som å begynne å bok nr.2 i serien, utan å ha lese nr.1. Eg undersøkte om det var tilfelle, det var det ikkje.
Det gjer det heller ikkje lett at fortellinga skifter i tid om rom.
Men dette er ikkje eit bokslakt. Langt ifrå. Dette er for meg heilt nytt stoff, her får ein sjå verdskrigen frå enda eit perspektiv. Ein møter nye måtar å tenke og vurdere hendingane på. Forfattaren har eit ganske spennande språk, ho vart jo meir og mindre geniforklart etter debutboka si "Stalins kyr." (Som ikkje finst på lydbok). Boka er litt utfordrande å lese, så eg føler eg burde lese den ein gong til, men eg trur eg vil vente litt med det. Helst burde eg ha lese den på papir.

søndag, mai 19, 2013

Dagbok 2012: 19.mai.

Klokka er snart 18.00, og det er ikkje så varmt som tidlegare i dag. Vêret er framleis nydelig og temperaturen er +24 grader C -veit ikkje kor varmt det var på det varmaste, men kan no legge på eit par grader i alle fall.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, og sidan eg har ein tendens til å hovne opp i beina når det er varmt, tok eg meg ein skogstur i 9.30-tida, då var det passelig temperatur. Hadde ein fin tur, berre så synd at eg ikkje kan gå så mykje eg vil, hofta er fin, men no er det hælen. Det skal ikkje vere enkelt. I dag høyrde eg gauken for første gong i år, og lyden kom frå nord. Ikkje så rart, kanskje, sidan det er der skogen er.
Resten av føremiddagen låg eg på altanen og sola meg, med lydbok på øyret. I dag måtte eg ligge på magen, sidan eg fekk nok sol på framsida i går. Eg har ikkje kunna ligge på magen på nærmare ti år, men i dag gikk det bra. Til middag steikte eg pannekaker, så hadde vi kaffimat også. Vi er ikkje så nøye på kva vi et når vi er "åleine" heime og det er finevêr.
Har sola meg etter middag også, men kan ikkje ligge pal. Må inn og drikke somme tider. Det skal bli fint i morgon også, men tysdag skal det vere +10 grader og regn, i følge yr.no. Eg berre nemner det..
No har Nils vore og henta seg ein liten venn som han tek med seg på fisketur. Han har lova det så lenge, men sidan han helst fer ut om morgonen, passar ikkje det så bra.Får håpe dei får litt fisk, sånn for moro skuld.
Det er ikkje så mykje fint i hagen vår enno, så eg tok eit bilde hos naboen til å ha øvst på dette innlegget.

lørdag, mai 18, 2013

Dagbok 2013: 18.mai

Klokka er snart 18.00 og ein nydelig dag går mot kveld. Temperaturen er + 23 grader C, og sola vil nok skine enno eit par timar. Max temp. som vi har registrert i dag var på + 25 grader C.
No ringer kyrkjeklokkene pinsa inn, og eg vil nytte høvet til å ønske alle ei god pinse. Her i Ørsta har dei frå gammalt av ein skikk som var ukjend for meg då eg kom hit, nemlig å brenne pinsebrising (bål). Lensmann Riise(far til Arill) som var naboen vår nokre år, lærte meg at pinsebrisingen skulle loge, mens jonsokbrisingen skulle ryke.No trur eg dei fleste nøyer seg med å grille, anten det er pinse eller jonsok. Nils og eg skal ikkje grille i dag, vi har nettopp sett til livs store mengder med fiskesuppe. Det var det vi hadde lyst på i dag.
I dag har eg vore gør-lat. Rett nok støvsuga eg alle teppegolva føst på dag, men sidan har eg stort sett lege på altanen og sola meg med lydbok på øyret.Nils har pusla litt i hagen, og vore ein liten tur på nærbutikken.I fjor hadde vi nokre fine dagar i mai, og det var den sommaren vi fekk, så det gjeld å nyte  sola mens ho er her, vi får tids nok skodde og gråvêr.
I kveld blir det vel ei endelaus Grand Prix-sending, som eg berre MÅ sjå, sjølv om eg synest det er nokså kjedelig. Eg vil ikkje at den norske songen skal vinne, så eg slepp å bli skuffa om vi hamnar langt nede. Som favorittar har eg Nederland, Island, Ungarn og nokre til. Likar songar med skikkelige melodiar. Men så er eg vel ikkje i rette målgruppa.Vi har ingen spesielle planar for helga, vi får la vêret og dagsforma inspirere oss.

fredag, mai 17, 2013

Dagbok 2013: 17.mai.

Klokka er ca 20.45, og vi kom heim for ei lita stund sidan. Vi har feira dagen på Hareid i lag med Solveig sin familie.Det har vore ein veldig fin dag på alle måtar, ikkje minst når det gjeld veret. Då vi reiste frå Ørsta i 13-14 tida var det lettskya, og temperaturen var + 21 grader. I Ulsteinvik var det berre +13, men på Hareid var det nesten like varmt som i Ørsta. Vi sat ute og prata til det var tid å ete lunsj.Menyen var spekemat med tilbehør,og til dessert Pavlova+ gele med heimelaga vaniljesaus. Vi gjorde ære på maten og åt godt.
Då vi kom var det berre den yngste av barna som var heime, etter kvart kom også russeguten og til slutt journalisten, som hadde ei lita fristund. Han var elles på jobb i dag.
Etter at vi hadde site på altanen, prata og drukke kaffi ei god stund, var det folkefest i Hareidshallen.Der var mykje program, blant anna song Hareid kammerkor fleire songar. Hareid har jo vore korbygd nr.1 her i distriktet i fleire generasjonar, så det er kjekt å sjå at tradisjonen lever. Elles var det ei nokså lang tale, før 6.klassingane fekk sleppe til. Dei var veldig flinke å synge!! Elles var det ein gut som spela piano og ein som viste filmen han hadde delteke med i UKM -og som han gikk vidare med. Ja, det er ikkje sikkert eg nemner programinnslaga i rett rekkefølge.
Øystein hadde fått i oppgåve å snakke om Ivar Aasen og språkåret. Det greidde han fint, utan at det vart for langt. Han var flink!
Dei hadde leigt inn skikkelig lydanlegg og lydmann som styrte det. Det gjorde sitt til at song, musikk og taler nådde fram til alle. Det var foreldra til 6.klassingane som var 17-maikomite. Ei grei ordning.
Ikkje alle bilda eg tok var like vellykka og ikkje alle kom med.Men her er Olaug med den eine kanina og Håkon i russekostyme.Solveig har sognebunad og Olaug sunnmørsbunad.



 

torsdag, mai 16, 2013

Dagbok 2013: 16.mai.

Klokka er snart 19.30 og Nils har funne fotballkamp i dag også. Eg har begynt på ei ny bok, så eg har mitt. Ute er det lettskya og fint vêr, temperaturen er + 15 grader. Det er gode meldingar for morgondagen. Lenge sidan det har vore ein 17. mai med finevêr. Nils og eg plar ikkje feire så voldsom, brukar knapt å gå ut for ei dør; men i morgon skal vi til Hareid. Vi reiser utover til lunsj og blir med på folkefesten der Øystein skal delta med program.
I dag var Nils vekk då eg vakna, ikkje heilt uvanlig, og eg forstod kvar han var. Han var sjølvsagt ute og fiska, var heime att då klokka var vel 9. Han hadde ein passelig fangst, så vi har fisk å ta med til Hareid i morgon. Vi + nokre av naboane hadde kokt småsei til middag i dag. Her deler vi godene.
Eg vaska litt til helga og la i hop ein stor klesvask før vi tok ein liten tur til Vik. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, men eg trefte ei dame som eg hadde ein lang og hyggelig prat med.
Hadde tenkt å sole meg på altanen då vi kom heim, men sola var ikkje framme, så eg gikk tur i staden. Gikk opp skogsvegen til ein plass vi kallar "Svingen", der må ein bestemme seg om ein skal gå lenger oppover, same vegen tilbake eller ta råsa ned att.Råsa er stien som går oppå fonnvernet. Eg valde det siste. I seinare år har eg gått berre på vegar, så eg er heilt utrena i terreng, men det gikk bra når eg tok tida til hjelp. Det er mange år sidan eg har gått denne råsa, så det var kjekt å sjå att dei kjende stadane.(Hadde berre lommekamera, så bild er deretter).

Elva heiter Skytjåa og renn saman med Vike-elva ved kyrkja.
(Under asfalten)

I dag har Eivind fødselsdag. Han fyller 11år, og er blitt ein stor og lang gut. Snill og kjekk er han også. Vi gratulerer heile familien med dagen! Har dessverre ikkje noko nytt bilde av Eivind, så det får bli eit bilde frå oktober 2012.

onsdag, mai 15, 2013

 
Klokka er snart 18.00.Ute er det overskya, litt lett regn og + 13 grader. Vi får kalle det godt grovêr. Før middag var det sol, men kald vind. Vi skulle prøve å gjere litt ute, men eg hadde litt problem med å finne ut kvar eg skulle begynne. Det vart til at eg hengde opp klesvask ute på altanen, og laga tidlig middag. Vi trong å kvile oss litt etter gårsdagen også, eg hadde litt vondt i ryggen, men ikkje så mykje at det gjorde noko.
Det store som skjedde i dag var at Ingeborg og Sandra kom att frå "verda rundt" -reisa si.Det var så vidt vi rakk fram til flyplassen før flyet landa, ti minutt for tidlig. Eg kom meg ut døra då dei første passasjerane kom inn og fekk det første bildet. Dei såg ut til å vere i god form, men trøytte. Og dei var like gode venner som før dei reiste. Ein slik tur kan virke begge vegar.
For dei som ikkje har fått med seg ruta, her er den: Thailand, Singapore, Sør-Afrika, Brasil, Peru og til slutt USA, der dei har besøkt både Las Vegas og San Francisco m.fl. Til slutt besøkte dei "kjentfolk" i Minnesota. Eg gler meg til å høyre meir om turen, men først må dei få sove seg ut.

Etter at vi kom heim, tok eg meg ei trimrute og las ut boka mi. I dag vart ruta kort.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...