onsdag, mai 15, 2013

 
Klokka er snart 18.00.Ute er det overskya, litt lett regn og + 13 grader. Vi får kalle det godt grovêr. Før middag var det sol, men kald vind. Vi skulle prøve å gjere litt ute, men eg hadde litt problem med å finne ut kvar eg skulle begynne. Det vart til at eg hengde opp klesvask ute på altanen, og laga tidlig middag. Vi trong å kvile oss litt etter gårsdagen også, eg hadde litt vondt i ryggen, men ikkje så mykje at det gjorde noko.
Det store som skjedde i dag var at Ingeborg og Sandra kom att frå "verda rundt" -reisa si.Det var så vidt vi rakk fram til flyplassen før flyet landa, ti minutt for tidlig. Eg kom meg ut døra då dei første passasjerane kom inn og fekk det første bildet. Dei såg ut til å vere i god form, men trøytte. Og dei var like gode venner som før dei reiste. Ein slik tur kan virke begge vegar.
For dei som ikkje har fått med seg ruta, her er den: Thailand, Singapore, Sør-Afrika, Brasil, Peru og til slutt USA, der dei har besøkt både Las Vegas og San Francisco m.fl. Til slutt besøkte dei "kjentfolk" i Minnesota. Eg gler meg til å høyre meir om turen, men først må dei få sove seg ut.

Etter at vi kom heim, tok eg meg ei trimrute og las ut boka mi. I dag vart ruta kort.

1 kommentar:

solveig sa...

Dei treng vel litt tid til å akklimatisere seg!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...