Regn kvar dag
Klokka erno 16.27, temperaturen ute er +10 C,og det regnar både titt og ofte. Eg har tenkt meg ut fleire gongar, men før eg har fått på meg skorne regnar det igjen. Temperaturen ute er+11graderC no.
I dag har eg gjort nesten ingen ting ,anna å ete og sjå tV; to koppar kaffi har hamna i golvteppet, så det er bra at eg ikkje har rensa det enno. Eg må innreømme at eg har sete og sett(meir og mindre) på TV i dag.Eg trudde først at Norge skulle spele fotball i dag, men der tok eg feil, det er visst i morgon det store slaget skal stå.
Eg kan ikkje tru at Erlend er komen heim heller, for då skulle han kome opp til meg.Den einaste eg har hatt kontakt med på FB er Rasmus-Han skal vise fram bilen i morgon så han får vite om den blir godkjent. Det er no litt spennande for meg i alle fall, eg har eit mykje betre liv med bil. Men noko er no blitt betre, og det er handa mi, eg slepp å gå med "bind" rundt handleddet no. No kjem sola fram att endå ein gong, så viss den held seg der, kan det hende eg kjem meg ut ein tur. Å styre i hagen fristar ikkje når alt er så vått. Men denne tida har det vore slik, sol ei stund og så regn. Men ofte blir det betre mot kveld.Så då kan det hende eg tek ein tut på Vernet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar