mandag, april 30, 2012

Vêrmeldig 30.april 2012

Klokka er 19.00, temperaturen er grader 11 grader C. Det har vore nydelig vêr i dag også, men ikkje så skyfritt som i går.
Før middag var vi ein tur til Volda der vi fekk gjort unna eit par ærend. På tilbakevegen var vi innom VØR meg diverse defekt skrammel. Så var vi på Felleskjøpet og handla gjøsel etc. Så no får vi håpe våren er komen for godt.
Elles har eg vaska klede, som for ein gongs skuld vart tørre på dagen, og gjort det vanlige husarbeidet. I dag blei det middagslur på altanen , med teppe og dyne går det bra, til tross for kald vind. Låg lenge og hosta sist natt, så eg var trøtt. Hostar ikkje noko særlig vanligvis.I morgon er det fridag, også for dei som ikkje er pensjonistar, håper på bra ver. Nils skal ut og gå i tog, eg finn sikkert på noko å styre med.

søndag, april 29, 2012

Vermelding 29.april 2012



Klokka 12.45. Veret er strålande, knapt ei sky på himmelen og full sol. Snøen tinar, men greidde å gjere litt skade på blomster og anna denne gongen også Temperaturen er no + 11 grader C.
I dag skal vi på ballettframsying klokka 16.00, og så har vi bedt Margrete og jentene på middag etterpå.Gutane og Lars er på Eid i Konfirmasjon.Lagar alt ferdig før vi fer.
No har Nils og eg gått ein tur her på Vallabøen; ut Starevegen, opp Storebakken, ned Fonnavegen, ut Olavsgata og inn att Starevegen. Eg hadde med fotoapparatet, så de kan få bli med på turen. Vi ser på hagane til folk, og gler oss over alle trea som blir felte. Vi likar opne landskap.Håper alle får høve til å nyte denne dagen. No skal vi ha oss ei stund på solsenga.
                                   Her har ungane laga snømann!
Den blomstrande ripsen til Anne i Olavsgata

Rjåneshamna klokka 20.30.

lørdag, april 28, 2012

Vermelding 28.april 2012

Klokka er 12.00. Ute snør det trollkjerringar og det har det gjort heilt sidan eg stod opp. Vi sit her og ventar på at snøen skal smelte, slik at vi kan fare nedover og handle etc. Nils har lagt på sommarhjul for andre gong, så eg synest han må sleppe å skifte enda ein gong. Det er + 1grad C ute, så det ser svart ut-eller eigentlig kvitt ! Altfor kvitt !
Det var det første irritasjonsmomentet i dag, og så kom avisa UTAN referatet mitt ! Inga stor sak akkurat, men eg hadde skrive og opplyst om at " Den gylne spaserstokk" startar opp att komande onsdag, heldigvis hadde andre sett inn annonse.
Lurer på korleis det går med Margrete som skulle til Ulsteinvik i lag med ei veninne i dag.
Så er det også premiere på ballettshowet  i dag, men dit skal vi først i morgon.
Eg synest ikkje det er så sjarmerande med kvite marker på denne årstida, men ein av vennane mine på FB syntest det var positivt at vi fekk enda ein vår. SÅ positiv er ikkje eg.Eg VIL ha lov til å vere lettare irritert.

fredag, april 27, 2012

Vermelding 27.april 2012

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya og stort sett opplett. Fint vårver får ein vel nesten seie; godt at det ikkje er nattefrost i alle fall.
Denne dagen har eg ikkje vore så effektiv, men har no fått utretta det eg skulle. Litt husarbeid  f.m.;til legen for å få attest for at eg kan køyre bil, på apoteket og på Coop for å handle. Fekk nokre tablettar med legen som skal ta bort siste rest av forkjølinga. Er ikkje sjuk på nokon måte, men føler meg litt "attegrodd" i halsen.
Margrete skulle til Ø. i dag for å hente gardinene sine, og så skulle ho og Nils kike på bil. Der var eit tilbod i Regionavisa som kom sist onsdag, men det varte ikkje lenger........?
Eg for heim og laga blomkålsuppe og karbonadar med løk som vi åt då dei kom opp att. Margrete var her ei lita stund før ho måtte fare heim att. Ho skal vel henge opp gardinene sine i kveld.
Så vil eg ønske alle blogglesarane ei GOD  HELG.
Sundag skal vi på ballettframsyning på kulturhuset her, og sundagen deretter er det konfirmasjonen til Eirik. Olaug sin konfirmasjon er laurdag den 13.mai.

torsdag, april 26, 2012

Vermelding 26.april 2012



Klokka har passert 13.00.  Ute er det fint, lettskya ver og temperaturen er + 15 grader C.
Eg har vore nokså effektiv denne føremiddagen. Først av alt skreiv eg referat frå møtet i går, og det er slikt som tek litt tid. Så vaska eg kjøkken og bad til helga. Nils var nedover til Vik ein tur.
No har dei vore her frå LINK, firmaet som grov grøfter og la ned fiberkabel. Dei lova sist haust at dei skulle komme att med mold og grasfrø til våren, og i dag kom dei. Som de ser gjorde dei fint arbeid, men Nils hadde no greve opp steinane som låg i grøfta og gjort klart. Det arbeidet hadde nok ikkje dei teke på seg. No får vi vente på at graset gror, slik at såra i jorda vert lækte.
Nils fekk låne ei valse (ein vals?) av naboen, så dette blir nok bra.

onsdag, april 25, 2012

Vermelding 25.april 2012

Klokka er no ca 20.30. Temperaturen ute er +7 grader C. Dagen starta med sol og strålande ver, men etter kvart skya det over, og no i kveld kom det litt regn. At veret skiftar fort er vi vande med, særlig i april.
På føremiddag gikk eg her og surra, og fann så ut at eg like godt kunne lage nokre fiskekaker av resten av den oppmelne fisken i kjøleskapet. Det var litt meir enn eg hadde tenkt, men eg kom i mål før vi skulle møte på samfunnshuset klokka 12.00 for å dekke borda.
Då det var gjort, hadde vi ei lita pause før vi skulle møte opp att klokka 16.00. Pausen brukte vi m.a. til å ete fiskekaker, og eg fekk meg ei lita stund med lydboka.
Pensjonistmøtet i dag var veldig vellykka, slik eg ser det. Ein ung gut frå musikkskulen kom og spela fiolin, og det var vakkert å høyre på. Gunnar Ellingsen viste bilde og fortalde frå Svalbard, og etter mi meining var det veldig interessant og bilda var nydelige. No skal eg skrive referat frå møtet, så eg får begrense meg her.
Fekk med meg den siste Mo Hayder-boka heim før middag, rippa den plata som mangla forrige gong, og leverte boka tilbake i kveld.Så no er eg sterkt frista til å ta den i staden for "Englemakersken".
I dag fyller Wenche på Kongsberg år og vi gratulerer så mykje. Om ei veke har Mellombror bursdag og 14 dagar deretter er det Storebror sin tur. Har oppdaga at nesten heile storfamilien har fødselsdag på samme vekedag. I år er det onsdag.

tirsdag, april 24, 2012

Bok nr.17 - 2012: Journal 64

Det blir mange krimbøker etter kvarandre for tida. Og no har eg lese ut denne av av danskane sin yndling Jussi Adler Olsen. Og no held han på å bli yndlingen min også.
Å fortelje kva ein kriminalroman handlar om er ikkje så enkelt, utan at ei røper for mykje. Her er ein ekstern forteljar som flyttar seg i tid og rom slik at lesaren er orientert om det som skjer og har skjedd. For dei som ikkje kjenner Avdeling Q enno, kan eg fortelle at det er ei lita gruppe som jobbar i kjellaren på politistasjonen. Denne gruppa består av sjefen Carl Mørck, syraren Assad ,som etter Karl Mørks meining fornyar det danske språket, og Rosa, den svartkledde skapningen som av og til skiftar personlegdom og opptre som den rosa Yrsa. Her er det duka for mykje humor. Men om Assad og Rosa er litt småpussige er det heller dei enn Carl Mørck sjølv som løyser gåtene. Språket i boka er glimrande og elegant. Ikkje mange flosklar og utslitne uttrykk, men nye stilige formuleringar.Eg fryder meg over språket og opplesaren. Eg synest det er litt artig når ein forfattar av krimlitteratur, brukar ord som t.d."eklatant"-  ikkje direkte dagligdags språk.
Svenskane har sin Leif GW Persson, danskane har Jussi Adler Olsen. Eg synest at denne boka minte mykje om den svenske kriminalromanen eg las nylig.
Absolutt anbefalt.
(For dei som vil vite meir om boka, er det mykje stoff på nettet.)

Vermelding 24.april 2012



Klokka er alt 17.30. I dag har det vore overskya ute, og litt regn av og til. Akkurat no er temperaturen +10 grader C.
I dag fekk eg endelig vaska ferdig resten av stova;  første halvdelen tok eg tysdag for ei veke sidan. Men for å få vaska resten var eg avhengig av litt hjelp til flytting av tunge møblar, og då må eg passe på å ta ein fiskefri dag..
Så laga eg blandaball til middag, assistert av Nils, som passa maten mens eg pussa vindu og støvsuga.
Etter ein kopp kaffi var vi klar for ein liten tur til Volda; Nils hadde eit ærend og eg blei med for eg skulle på biblioteket i alle fall. Og så handla vi litt på Coop og på apoteket. Kjøpte ein ny sort hostesaft, for eg blir liksom ikkje kvitt den hosten. 
I morgon er det fullt program, for då er det møte i Pensjonistlaget. Då er det å stille opp på Kulturhuset klokka 12.00 og dekke bord etc. Møtet tek til klokka 16.00, og når eg kjem heim, brukar eg å sette meg til å skrive referat mens eg enno  hugsar kva som har skjedd.
I dag fekk vi vite at der var rosande omtale av Amanda i Volda-avisa MØRE. Vi lånte den hos naboen og fikk scanna artikkelen om Musikkskulekonserten sist laurdag, den som vi ikkje var på. Amanda spela kornett, sjølvsagt, samme melodien som ho spelte i dåpen til Eirik.
No skal eg sette meg til å rippe bøker. Lånte "Englemakersken" til tross for at eg ikkje er så begeistra for Camilla Læckberg, og så ei sånn tjukk "bestseller"-bok, som eg kan ha i bakhand. Slett ikkje sikkert at eg les den.

mandag, april 23, 2012

Vermelding 23.april 2012

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er no + 10 grader C og det har vore ein fin dag med mykje sol.
Før middag var vi ute i hagen og jobba litt, men vi har ikkje all verda å rydde opp i sidan vi rydda så mykje sist haust. Til middag hadde vi restar frå i går, og etter middagen la eg meg ut på altansenga og las. Føler veldig trang til å vere ute etter alt innelivet i vinter.Så får det heller vere at ein ikkje får "gjort" så mykje.
No har vi gått ein tur rundt Storebakken og sett på skogen og på hagane. Vi ser at det er ein god del skogrydding og veding på gang og det trengst. Det var veldig fin vårstemning med kvitveis og fuglesong.
Innfor Fonnavegen er det ei gruppe med ungdommar som skogar og lagar opp ved. Det er jo veldig positivt at dei får vekk mykje av krattskogen.
Las att blåbæra er utrydningstrua i Norge. Kanskje ville det hjelpe om noko av skogen vart borte? 
Då vi kom heim stod påskeliljene og lyste på trappa. Eg kjøpte dei til påske! Og først no blomstrar dei.
I dag kan vi gratulere Bodil med dagen!
Håper du har hatt ei fin feiring.


søndag, april 22, 2012

Vermelding 22.april 2012

Klokka er 19.30 og veret er strålande. Det var ganske skya frå morgonen att, men så vart det finare og finare.Vi har nettopp hatt ei stund på altanen, men måtte gå inn før det blei kaldt. No er temperaturen på trappa + 10 grader.
I dag har vi hatt besøk av Margrete og alle fire ungane, ikkje alle like lenge. Jentene var på ballettøving frå klokka 14-17, Eirik kom att frå Ålesund i 17-tida, Berre Margrete og Erlend var her heile tida-og guten var for det meste på datarommet.
Eg laga ei stor panne med ertersuppe/kjøttsuppe til middag og baka eit focaccabrød til. Det er grei mat når ikkje allekjem til samme tid.
Minstemann kom ikkje med på bilda i dag, sidan han var i eit anna rom.
Det blei ikkje til at Nils fekk botnsmørje båten; det viste seg at han må ha +15 grader før han kan ha på smurninga, og det får vi vel ikkje på lenge enno. Så det blir vel til at han set båten ut att utan smurning.

fredag, april 20, 2012

Vermelding 20.april 2012

Klokka er 13.15, temperaturen er+ 16 grader C og sola skin ! Det har vore litt skya før i dag, men no er sola her for fullt.
Nils for ut for å fiske tidlig , og er no komen heim med rikelig sei, ikkje så store, men greie nok. Eg hadde steikt fisk av den førre fangsten, så det blir ikkje "levende pale" i dag. Men fisk blir det. Nils tok heim båten i dag for å vaske den til sommarsesongen. Han skal få ei ny båtplass i hamna, slik at han får plass til båten.
Sidan eg vart åleine heime på føremiddagen, nytta eg høvet til å vaske og rydde diverse kjøkkenskap, elles gikk det no ei stund med til telefonprat med ein av kameratane til Nils.
Når vi om ei lita stund har ete middag, skal eg legge meg ut på solsenga mi, her må ein nytte kvar ein stråle med sol. Nils er ikkje så interessert i å sole seg, for han er stort sett mykje ute.
Eg er snart frisk av forkjølinga, men sidan eg hostar litt voldsomt av og til trur eg det er best å halde seg litt borte frå intim kontakt med andre folk. Kinosjefen opplyser at filmen som eg ikkje fekk sett i går, kjem på ordinær kino komande tysdag.
Då er det berre å ønske alle ei fin helg. No må vi nyte godveret mens det er her.
Seinare:  Dei er komne att dei som  legg fiberkabel, så no skal dei få, dei som ikkje fekk sist haust. Akkurat no driv dei og borar veg til kabelen under gata, slik at dei på oppsida skal få kople seg på. Det blei plutselig litt liv og røre her i gata.Bokstavleg tala.

Sjekk den store dungen med stein som kom til overflata då dei grov grøfta forbi oss.





Og sjå kor fint det blomstrar ovafor huset vårt no. I morgon skal det visst regne, så eg er glad eg har fått vore ute i dag. Somna som ein stein på solsenga etter middag.

torsdag, april 19, 2012

Vermeldig 19.april 2012



Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 13 grader C, og vi har hatt ein nydelig dag med mykje sol og litt skyer. 
Var såpass bra før middag at eg begynte å vurdere å gå på kino, men så fekk eg ei hostebyge........
Må innrømme at eg hadde gledd meg til akkurat denne filmen, men det kjem vel eit høve seinare.
Fekk vaska til helga i dag, så gjorde eg litt kontorarbeid og litt husarbeid. Laga middag t.d.
Elles laga eg til altansenga mi, så eg fekk ligge ute og lese ei stund. Har opptil fleire pledd, så det er ingen sjanse for at eg frys.
No i kveldinga gikk vi laus på laurbærheggen vår. Det er ein hardfør og lettstelt busk, men no hadde han vakse ut av alle proporsjonar, og mange stammar var nesten av. Nils tok fram saga og tok dei tjukkaste greinene, og så klipte vi litt i tillegg. Fint vart det ikkje i første omgang, men dersom han held fram å vekse som før, blir snittflatene snart skjult.På bilda ser de busken etter klipping, og dungen med avsaga greiner.

onsdag, april 18, 2012

Vermelding 18.april 2012

Klokka er ca 18.00, temperaturen er +11 grader og det er lettskya og fint ute. 
Eg sit inne og lengtar ut. Forkjølinga har berre blitt verre og verre til denne tid, så det er ikkje mykje eg orkar. 
Tok meg saman og gikk på styremøtet i pensjonistlaget frå  kl.13-15. Sidan har eg stort sett lagt på sofaen. Eg er ein veldig lite tolmodig pasient, for å seie det forsiktig. Og så har eg så mykje eg skulle ha gjort. Kan ikkje forstå kvifor eg vart forkjøla NO. Pensjonisttreffet på Velle skule måtte eg melde avbod til.
Ja,ja det er no slikt som går over, så det er berre å ta tida til hjelp. Ikkje skal eg på jobb heller.
Har eit par skriverier som eg må ha ferdig før morgondagen er over, men det går vel bra. Og så spørs det om eg får gå på kino i morgon og sjå den filmen som eg har reklamert så mykje for.
Time will show.

Bok nr.16 2012: Hjemstavn


Hjemstavn - Arnaldur Indridason  Silje Beite Løken
Eg har lese alle kriminalromanane til denne islandske forfattaren og likt dei fleste godt. Dei to siste eg las var litt annleis enn dei andre, sidan hovudpersonen Erlendur ikkje har vore til stades. Han reiste på ferie, men ingen veit kvar han er. No veit eg det. Han har reist til ei bygd i nordaust-Island, der han budde i barndommen. Han kan aldri gløyme kva som hende ein gong då han og veslebroren var med faren, og dei kom ut for snøstorm. Broren var aldri funnen, og Erlendur har i alle år gått rundt med skuldkjensle for det som skjedde.No vil han enno ein gong prøve å finne ut kvar det vart av broren. Når han kjem til heimbygda får han høyre om ei anna forsvinning også. Ei kvinne forsvann sporlaust i 1942.
Erlend har såleis to "cold cases" å finne ut av.
Det eg likar best med desse bøkene er skildringane av livet på Island i notid og fortid. Om segner og folketru og mykje anna.
Eg tykte denne boka vart litt langdryg, men trur det kom mest av at eg har hatt for mange tilbakespolingar. Elles held eg fast på omgrepet "Krim for eldre".

tirsdag, april 17, 2012

Vermelding 17.april 2012




Klokka er 12.00, ute er det lettskya  og  +3 grader. Fint, men kaldt, altså.
Nils var ekstremt tidlig oppe i dag og reiste ut for å drage garn; eg stod opp i halv 8- tida, ei lita stund seinare kom sola, og eg tok bilde frå altanen. Det har skya mykje over sidan det - berre det ikkje går slik som i går kveld,, at vi får snøbyger igjen.
I dag har eg vaska ca halvparten av veggene på stova. Det er noko som eg gjer annakvart år. Vi er vel snart dei einaste som ikkje har måla dei trekvite panelveggene våre, men framleis har dei i naturell forfatning. Mange spør korleis vi greier å halde dei så lyse. Og her er oppskrifta: Vask med Faxe-såpe naturell. Bløyt godt og ta over fleire gonger utan å gni for mykje. Vask i lengderetninga av treet.(Elles kan treverket flise seg opp). No på mine gamle dagar brukar eg trådmopp! Og så har eg litt grønsåpe i vatnet, den tilfører god lukt og litt feitt, slik at ikkje treet blir for tørt.
Etter at eg hadde vaska det eg skulle i dag, støvsuga eg grundig-og så kom Nils heim att.
Fiskefangsten i dag var skuffande dårlig, men han fekk ein liten torsk on nokre seiar, så vi får i alle fall fersk kokefisk til middag. Med flatbrød og Kvitseidsmør er det ein delikatesse.

mandag, april 16, 2012

Vermelding 16.april 2012

Klokka er no 21.15. Temperaturen er +2 grader og snøen lavar ned.  I dag før middag var det rett nok sol, men kaldt. Bildet over er tatt for ca 1 time sidan.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, anna enn at Margrete og ungane har vore her til middag. Menyen var lammesteik og heimelaga kjøttkaker, begge delar frå fryselageret.
Nils la om til sommardekk på bilen til Margrete, spørs om det var særlig lurt. Nils og ein kamerat for ut for å sette garn i kveld og så skal dei drage i morgon. På yr.no var det meldt strålande ver både måndag og tysdag. Det må vere noko dei ikkje har sett.
No kom Nils heim. Han fortel at det var fint ver ute på Rjåneset.

søndag, april 15, 2012

Eirik fyller 15 år .



I dag gratulerer vi Eirik med 15 -årsdagen. At Eirik er ein kjekk og grei gut er det vel ingen tvil om, og vi reknar sjølvsagt med at han vil halde fram med å vere like snill og grei i åra framover. Bilda er frå dåpsdagen hans, 1.april, der han stilte i stilig dress frå Moods of Norway. Storesystra, Ingeborg og tre litt eldre kameratar var fadrar. Det blir vel kanskje ikkje så mykje feiring i dag, sidan vi har feira såpass mykje på førehand.
Gratulerer med dagen, Eirik og resten av familien. Ser dykk i morgon !

Vermelding 15.april 2012.


 Utsikt frå altanen klokka 8.30 i dag tidlig.
Utløpet. 
 Den nye brygga.
Badestranda treng ei opprydding.
Fint område ved badestranda. 
No er klokka ca 13.00, og vi har hatt ein nydelig dag, så langt. Imidlertid ser det ut til at det skyar over i dag også. Det fall litt snø i går kveld, og det har vore kaldt i natt, men sola varmar. Temperaturen er no + 8 grader C. Nils skulle flytte båten til den nye småbåtbrygga i dag, så eg blei med ut på Rjåneset og gikk tur mens han styrte med båten. Det er berre her inne i fjordbotnen det er snø, så snart vi kom ut om sentrum var det bert og fint.Eg trakka rundt båthamna, dvs eg gikk fram og tilbake på moloane, der er sjølvsagt eit utløp som eg ikkje kunne hoppe over. Så gikk eg handikap-stigen til endes. Eg tenkte ikkje over det då eg tok på meg den gamle svarte jakka i dag, men den gjorde at sola varma ekstra godt.Båtplasseringa vart ikkje heilt vellykka. Nils hadde bestilt 2-metersplass, men den var for trang. Lurer på korleis dei måler? Alle dei andre med små båtar kjem til å få samme problemet.

lørdag, april 14, 2012

Klokka er snart 19.00. Ute dalar snøen ned, og enda ein vinter er på veg, ser det ut til. Temperaturen er + 1 grad C. Sist natt var det kuldegrader. På føremiddagen i dag var det fint ver og delvis sol, men kaldt. Slik er vel april ? Veret skiftar - nesten frå time til time.
Nils var så flink og flittig før middag at har fekk gjort ferdig vedprosjektet sitt.
Eg tok fram "Smalhans"-kokeboka mi og laga mulligatawny-suppe etter Gunda si oppskrift. Hadde både hønsekjøt og kraft att frå påska. Ser at der er utrulig mange oppskrifter på nettet, så det er vel med denne suppa som med bacalao, einkvar lagar den etter sitt hovud eller smak. Suppa blei god, den, men eg har gått rundt å ei kryddersky i heile dag, trur krydderlukta har sett seg både i hår og klede.
Resten av dagen har eg vore gørlat. Har delvis lege på sofaen og delvis site og strikka, mens eg las ut boka som eg heldt på med. Somme bøker er vanskeligare å legge frå seg enn andre.
I dag gratulerer vi Kristoffer på Eid med dagen.

Bok nr.15 - 2012:Sommerhus med svømmebasseng.


Dette er den andre boka eg har lese av den hollandske forfattaren Herman Koch. Den første heitte "Middagen". Eg har likt begge bøkene godt.
På nettet er denne boka kalla ein psykologisk thriller, og det er vel det nærmaste ein kjem.
Forteljaren i boka er ein noko underlig "fastlege"- dvs. han er dyktig, men har kanskje ikkje den moralske ballasten som vi meiner legar bør ha.
Han har to døtrer som han elskar høgare enn noko anna, og på ein ferietur skjer det noko med den eine av dei..........
Det er ingen vits å fortelje meir om handlinga i boka, då fell mykje av spenninga bort. 
Som i den første boka, handlar også denne boka mykje om forhold mellom menneske, og om moralske spørsmål. Det kan høyrest keisamt ut, men boka har det eg kallar "nerve" og er vanskelig å legge frå seg. 
Opplesaren er framifrå. Boka er på 9 CD-plater.Anbefalt!

fredag, april 13, 2012

Vermelding 13.april 2012

Klokka har passert 17.00, temperaturen er + 4 grader C. Skodda ligg nesten heilt ned på marka og det regnar.
Nei, då var det noko anna uti Ulsteinvik. Der var det lettskya, opplett - og vest i havet var himmelen blå.
Vi reiste utover tidlig på føremiddagen, etter først å ha vore innom biblioteket. Har vore der før i veka og lånt tre bøker, men den eine fann eg ut at eg hadde lesefør, den andre var det "feil" på, den tredje har eg snart lese ut. Så derfor altså.
Ærendet i U.vik var å kjøpe eit anheng til det fine perlekjedet eg fekk av barna mine til 70-årsdagen. Var innom gullsmed Waage og fekk veldig god sørvis der. Eg ville ikkje ha eit anheng som var for pinglete, så eg fall for eit eloksert sølvhjerte. Eg tykte det var litt for mørkt, då pussa han det med litt sølvpuss, så det vart meir slik som eg ville ha det.
Elles såg vi oss litt omkring i byen, og konkluderte med at det er meir å få kjøpt der enn her heime. På Oslo Glassmagasin fekk eg meg nytt kvardagsbestikk til 99 kr. Trengde litt påfyll i kjøkkenskuffa. Kjøpte ein liten ting som Margrete skal få til sitt kjøkken også. Kjekt å kjøpe litt til andre når mine eigne skuffer og skap er meir enn oppfylte.
Nils fekk seg ein tur på Biltema, der han fann ein del til båtpumpa som var så billig i høve til det rørleggarane skal ha, at vi sparte inn heile turen.
Då vi kom tilbake til Ørsta handla vi på COOP i Furene. Der fekk vi 4 pr. kjøttpålegg for 50 kr og 5 pk.kjøttdeig for 100 kr. Så i dag har vi gjort det godt.
Då eg kom heim fekk eg melding om at det blir Seniorkino torsdag i neste veke.Det er framleis "The Best Exotic Marigold Hotel" som står på plakaten.
Så steikte vi sei til middag, og Nils har allereie slokna i godstolen. Eg skal ta fram lydboka mi. Så er det liksom helg.

torsdag, april 12, 2012

Vemelding 12.april 2012



Klokka er snart halv tre. Ute er det lettskya og ganske fint, men sidan det er litt vind er det nokså kjølig. Temperaturen er 11 grader C. 
Nils har drive og kløyvt ved i dag, så han held sikkert heten om han er ute.
Sjøv tok eg "fredagsvasken" inne, pluss at eg baka brød; dermed er eg fri om vi skulle finne på noko i morgon.
No er snøen nesten vekke nede på plenen, og det er trist å sjå krokusane som ligg som vrak utover. Men heldigvis fann eg ei lita tue med scilla, enda ein av årblomstrane som eg set slik pris på. Dei blå blomstrane oppe veg garasjen, blomstrar så snart snøen er borte. Det er ein form for campanula.



Eg kjenner mange som har fødselsdag i dag, mellom anna svigerinna mi, Anne Marie. Ho er ein sprek 77-åring. Vi gratulerer henne med dagen!
Johanna, mor til Anne Marie og Nils(+Rolf) var også fødd den 12.april. Ho fekk føste barnet på sin eigen fødselsdag. Svigermor var fødd i 1909.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...