Det blir mange krimbøker etter kvarandre for tida. Og no har eg lese ut denne av av danskane sin yndling Jussi Adler Olsen. Og no held han på å bli yndlingen min også.
Å fortelje kva ein kriminalroman handlar om er ikkje så enkelt, utan at ei røper for mykje. Her er ein ekstern forteljar som flyttar seg i tid og rom slik at lesaren er orientert om det som skjer og har skjedd. For dei som ikkje kjenner Avdeling Q enno, kan eg fortelle at det er ei lita gruppe som jobbar i kjellaren på politistasjonen. Denne gruppa består av sjefen Carl Mørck, syraren Assad ,som etter Karl Mørks meining fornyar det danske språket, og Rosa, den svartkledde skapningen som av og til skiftar personlegdom og opptre som den rosa Yrsa. Her er det duka for mykje humor. Men om Assad og Rosa er litt småpussige er det heller dei enn Carl Mørck sjølv som løyser gåtene. Språket i boka er glimrande og elegant. Ikkje mange flosklar og utslitne uttrykk, men nye stilige formuleringar.Eg fryder meg over språket og opplesaren. Eg synest det er litt artig når ein forfattar av krimlitteratur, brukar ord som t.d."eklatant"- ikkje direkte dagligdags språk.
Svenskane har sin Leif GW Persson, danskane har Jussi Adler Olsen. Eg synest at denne boka minte mykje om den svenske kriminalromanen eg las nylig.
Absolutt anbefalt.
(For dei som vil vite meir om boka, er det mykje stoff på nettet.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

3 kommentarer:
Den står høgt på ønskelista mi når det gjeld lesing!
Den ligg på PC-en min.
Legg inn en kommentar