torsdag, juli 23, 2026

Tysdag 21.juli

 

Klokka er no 23.45. Temperauren ute er + 10 grader C og vi ha hatt ein fin dag,med sol. I dag hadde vi lagt opp til ein dag med mykje arbeid, og jammen fekk vi undan ganske mykje.Særleg var det Rasmus som stod på-Planen var å sage ned treet som eg har kalla "Rygge -buska". Rasmus saga og saga, menge stammatog ei diger rot, så for dei på Vør med bilen full, men eg vart att heime. Gjekk her og småpusla og rydda litt.Seinare tok Rasmus og saga sund ein heil dunge med fjøler og styr som vi hadde liggande, no blir det ved til vinteren- Eg gjekk no og kosta og rydda , mens Wenche rydda i det som skulle bli ein åker, men blei ombestemt til å bli gras bakke. Rasmus jobba mykje med rota til treet, han saga og hogg og styrte på. 

                      Vi jobba i garasjen og eg kosta og kosta  

Men omsider vat det middag som Wenche laga, i dag var det ein rett med kjøt og ris.Etter middag reiste Rasmus og fekk kjøpt blekk til den nye Printeren min, og det var eg glad for.

I morgon skal vi ikkje drive på med så mykje jobbing for då skal vi til Hareid og vere i lag med dei andre i familien. Slike familietreff er veldig koseleg og no om sommaren er det mange som kan møte fram.


Trestubbane.

onsdag, juli 22, 2026

Dagbok 2026:20.juli

 Klokka har no bikka midnatt og vi er eigentleg komne til tysdag, men eg få skrive litt om dagen som er forbi.Vi venta på Rasmus ,Wenche og Ingar som kom frå Kongsberg med to bilar, den eine var min.

Og dei kom vel fram og var hjerteleg velkomne, Vi åt først middag og sidan har vi prata og prata heilt til no. No er vi i ferd med å legge oss, for i morgon skal vi jobbe. Det blir alltid jobbing når dei kjem til meg, for det er mykje eg ikkje greier sjølv. Rasmus har med seg diverse reiskapar, så det blir eit styr. Det er så kjekt å ha dei her og ikkje berre for jobbinga.

No skal eg legge meg og prøve å sove heilt til morgonen-.

mandag, juli 20, 2026

Dagbok 2026: 20.juli


Klokka er no 18. 24, temperaturen ute er + 19 grader C, det har vore mykje sol i dag, men også vind, så det har ikkje vore så varmt. Men ei stund sat eg oppe på Platten med Marit og der er det ly for vinden  og vi kan få sole oss litt-
I dag var eg tidleg opp, som vanleg, altfor tidleg, så ein kan bli gåande trøtt heile dagen. dette må det bli ein slutt på.
I dag vaska eg badet og kjøkkenet, eg plar vaske om fredagane, men i veka som var miste eg fredagen. Eg har ikkje jobba i hagen dei siste dagane, måtte ha ein pause, men der er alltid noko ågjere for den som vil. PÅ bildet ser vi at rosene blomstrar villeg, det er "Leonardo da Vinci" som har lånt namnet sitt til rosa roser, men eg har andre roser også- det eg manglar no ei ei fin mørkeraud rose-dei har kanskje på PLANTASJEN?
I morgon kjem Rasmus, Wenche og Ingar, det gleder eg meg veldig til. Og planen er at deoi skal ha med bilen min, for no erd en godkjend. Det skal bli godt å ha bil igjen for då er eg meir sjølvhjelpt. Eg har tusen ting som Rasmus må hjelpe meg med, men det er han vant til. Det er så mykje eg ikkje kan noko med. 
Eg såg fotballkampen på TV i går også, men er det slutt no? Ikkje veit eg.
No trur eg at eg må ha litt kaffi med noko attåt, og så er det nyheiter.


 

søndag, juli 19, 2026

Dagbok 2026: 19.juli

 

Dette bildet er frå Trovågen, der Nils var frå, og det eg jobba eit skuleår. Eg budde hos onkelen og tanta til Nils. Og alle folk var så hyggelege og kjekke med meg som kom og skulle vere lærar, 18 år gammal og nettopp ferdig med gymnas.


Klokka er no 19.35, temperaturen ute er +14 grader C, det er lettskya , litt sol og vind. Det har vore ein fin dag med mykje sol . Vind er sjeldan her i Ørsta , så eg likar at det blæs av og til. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, berre sete ute i sola med Marit og laga meg litt mat då eg kom inn att.

I dag morgon då eg sette på PC-en var der melding frå Rasmus. Dei skulle eigentleg kome neste helg, men no blir det til at dei kjem førstkomane tysdag, og det er no heilt i orden og berre kjekt. Men dei to eldste gutane blir ikkje med, og det synest eg var litt trist, men ein må no rekne med at unge menn på 20 og 24år har sine eigne planar.

Ekstra kjekt er det at dei kjem med bilen min i tillegg til sin eigen. Eg ser fram til å fylle bilen med svarte sekkar og køyre på VØR. Her står sekkar med hageavfall i alle krokar så eg ser fram til å rydde opp.

Torsdag skal vi alle ut på Hareid til Solveig og hennar sommargjestar, alle som kan. Eg reknar med at Olaug jr. er der, med oldebarnet mitt Tobias,på 1 år+ eg har eit oldebarn til og han er 6 år og skal begynne på skulen, det er guten til Håkon. Det spørs om vi må ta nytt bilde av slekta , vi begynner å bli mange og det er berre kjekt.

Eg veit ikkje om hundane blir med, Margrete og Amanda har til saman 4 hundar og dei er så kjekke og fine.  Margrete og Svein har vore i Solund, der som Nils var ifrå. Kjekt at ho reiser ut dit og snakkar både med slekt og andre og held kontakten.

Det er fint ute no, og i dag morgon var det også nydeleg ver ,men den voldsomme heten har vi ikkje fått mykje av her på desse kantar. 

lørdag, juli 18, 2026

Dagbok 2026: 18.juli

                                  Laurdags kveld klokka 20.00

Klokka er no 20.15, temperaturen ute er +14 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol og varme, men også skyer på himmelen og vind. Vind er sjelden her i Ørsta, men eg likar godt at det blæs litt viss det ikkje er kaldt.

Eg må innrømme at eg heile dagen har gått ut frå at det var fredag, utan å sjekke det, så eg er ikkje klar for helg eigentleg. Ikkje har eg vaska og rydda noko særleg etc. På føremiddagen tok eg og vatna nesten heile hagen grundig, så sette eg på vaskemaskina og seinare  trommelen, det er omtrent alt eg har gjort i dag. Eg har sete mykje oppe hos Marit og prata slik vi ofte gjer, vi blir aldri tomme for noko å snakke om , og viss vi blir det, begynner vi frå begynnelse igjen. 

Eg måtte no ta meg av klesvasken , stryke litt etc. Men så tok eg helg og har sett TV. Grusomt med den  voldsomme brannen, eg begynte å lure på om eg har nummeret eg skal ringe om det blir brann. Det var heilt frykteleg å sjå alle husa som hadde brent ned og folk som hadde mist alt. Det hjelper sjølvsagt at dei er assurerte, men det er så mange ting i ein heim som ikkje kan verdsettast med pengar.

Det er altså søndag i morgon-  eg er ikkje heilt klar for helg-men det går sikkert bra. Kan i alle fall ønske alle som er innom bloggen ei god helg.


 

fredag, juli 17, 2026

Dagbok 2026: 17. juli

Klokka er no 19.50, t3mperaturen ute er +14 grader C, og no skin sola, det varte og rakk før ho kom fram i dag.

I dag hadde eg mykje eg skulle gjere,og eg fekk Erlend til å hjelpe meg litt med klipparen, så no skal eg greie meg sjølv. Veldig godt å ha Erlend her, han er så flink med både TV, Datamaskin og TV. Og eg treng mykje hjelp . Men no skal eg i alle fall greie klipparen sjølv.

I dag jobba eg med å finne fram sengklede til meg sjølv og til dei som kjem til neste helg. Eg vaska det som skulle vaskast og redde opp senger  så bra eg kunne. Det er ikkje all verda til plass på gutterommet, men eg håper dei kan vere der i år også. Det er familien til Rasmus eg siktar til. Han har tre sønner på 16, 20 og 24 år viss eg hugsar rett. Veldig kjekt for ei gammal bestemor at dei unge kjem på besøk. Og eg må seie at dei er flinke å komme innom alle når dei er i nærleiken.Dei flest barnebarna bur i byar rundt omkring, ikkje mange att her.

Eg har jobba i hagen i dag også. har luka ugras med hand og klipt plen med maskin etc.  Naboen min gjorde ein kjempejobb nedst i hagen der tomtene vår møtest, men så er ho veldig flink også. Eg likar å halde på ute, men eg har ein tendens til å overdrive av og til. Eg kan ikkje forvente å greie allverda når eg er åleine om jobben. 

Etter at eg slutta å jobbe i kveld laga eg meg god middag med steikt torsk som Solveig har kjøpt frosen. Den var veldig god. Eg har ikkje ete mykje fisk etter at Nils slutta å fiske då han vart sjuk. Mens han var frisk åt vi fisk og fiskemat nesten kvar dag. Og vi likte det-begge to.

No skal eg ta opp frå tørketrommelen siste klesvasken for i dag. Eg har litt vanskar med å vite kva dag det er , men eg har kalender som viser at det er fredag i dag. Det er neste helg Rasmus og familien kjem. Eg ser veldig fram til det-og så har dei nok bilen min med også, Den er GODKJEND!


 

torsdag, juli 16, 2026

Dagbok 2026: 16.juli

    



Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går så altfor fort.

I dag morgon var eg trøtt og hadde ikkje lyst å stå opp, men etter å ha ete frokost 2 gonger kom eg meg opp og ut. Eg skulle gjerne ha klipt plenen i dag, men eg fekk ikkje til å løyse batteriet i dag heller. Det vart til at eg prata med naboane i staden, og så sende eg ei melding til Solveig; eg bad henne ikkje om å komme -  eigentleg. men ho forstod at eg trong hjelp så ho kom. Ho hjelpte meg med klipparen og for sikkerheits skuld klipte ho plenane her også. 

Ærendet var eigentleg å hjelpe meg med innkjøp av mat etc. Eg er framleis utan bil men i slutten av neste veke ventar eg Rasmus med familie og bilen min. Det skal bli kjekt å få køyre sjølv igjen.

Men i dag køyrde Solveig på butikken og ho er flinkare å lesse opp i korga enn det eg er. Så no håper eg at eg har det eg treng  minst ei veke framover.

Eg blir heldigvis aldri arbeidslaus, eg har hagen og eg har huset, og det er alltid noko å henge fingrane i. Dessutan er eg så bra i handa at eg kanskje kan begynne å strikke snart.

Eg hugsar mor mi sa til borna mine ein gong: "Mor dokkar er ei arbeids-menneske"-  Eg forstod det ikkje heilt den gongen, men eg har tenkt på det seinare og tenkt at ho hadde litt rett, eg trivst best når eg har noko å styre med.

Dessverre nektar ryggen min å vere så hjelpsom lenger, så eg får ikkje gjort alt eg vil. Og det er veldig irriterande.

Det er noko merkeleg med veret denne sommaren. Når eg ser ut vinduet om morgonen er det som regel vått på asfalten og skodda ligg nedetter fjellsidene. Men eit par timar seinar skin sola frå blå himmel-kvar dag-



onsdag, juli 15, 2026

Dagbok 2026: 15.juli

 


Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde regna litt, det er vått på asfalten kvar morgon synest eg. Kanskje regnet lurer seg til å kome tidleg på morgonen før vi er oppe?

I dag hadde eg ein liten plan som eg fullførte. Eg hadde fram alle møblane på stova og støvsuga og tørka støv. Så veldig fint vart her ikkje ,men litt betre enn før. Skulla ha rensa golvteppet på stova, men eg fann ut at det ver betre å gjere det når sommaren var slutt, for då går vi ikkje så mykje ut og inn.

Eg kunne ikkje halde meg frå å gjere litt hagearbeid også, men det vart ikkje så mykje gjort i dag. Eg gjekk opp til Marit og sat der og prata mens vi sola oss. Etterpå gjekk eg ned att og fann fram ein gammal shorts og la meg ut på altanen på den gamle sol-senga. Mens Nils levde var vi flittige til å sole oss på altanen, men det blir litt kjedelig å ligge der åleine. No har eg sett nyheiter på TV og rg blir så oppgitt over desse mannfolka som styrer verda, berre krig og elende lagar dei til. Trump kom til Europa  for å få slutt på krigen mellom Russland og Ukraina men  no har han heller sett i gang fleire andre krigar. Eg orker snart ikkje å høyre  på dagsnyttsendingane. Men fotball er kjekt å sjå synest eg- det er no på ein måte krig det også- men det gjeld no ikkje livet. 

Mens eg sat og skreiv ramla der ned frå hylla eit gammalt fotoalbm. Det var mellom anna eit bilde frå Margrete sin dåpsdag i 1968- sidan dåpsdagen hennar var i går syntest eg det kunne høve med dette bildet. Solveig fekk ein fin ny kjole til dagen, Vi hadde sett den i eit butikkvindu før Margrete var født, og eg hadde lova Solveig at om babyen var ei jente, skulle ho få denne kjolen.Hugser du det Solveig?

tirsdag, juli 14, 2026

Dagbok 2026: 14.juli


Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag.
Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp men eg kom meg litt etter kvart. Solveig nabo kom på besøk og etterpå var vi opp til Marit og sat ute der. Elles har eg vore her åleine , ete og drukke som vanleg, så eg trur eg kan seie at eg er frisk no.
Naboane har mykje besøk,  eg er heilt åleine enno, men snart kjem Rasmus med familie, så vert det liv i leiren her også. Eg har ikkje gjort noko i hagen i dag , men det kan hende eg gjer litt i morgon, får sjå kor mykje eg kan klare.

14.juli er ein merkedag i min familie-
Mamma vart fødd14.juli1904, 
Margrete vart døypt 14.juli 1968 og 
Rasmus og Wenche gifta seg på Mauritius 14.juli 2000

Ein gong vi var i Sverige vart der fødd ei prinsesse på den dagen, men vi hadde ikkje tid til å oververe fødselen fordi vi skulle heim til Eid og gratulere mamma.
Det har ikkje hendt så mykje i dag,  det er like godt, men eg håper at eg er frisk nok i morgon til å gjere litt nytte for meg.
Naboar her og der har besøk eller dei er på tur sjølve.Eg er komen over den tida, eg er for gammal til å reise det føler eg sjølv . Eg trivst best heime no. Men det er kjekt å FÅ besøk, og det får eg.
-

t 

mandag, juli 13, 2026

Dagbok 2026: 13. juli



 


Klokka er no 17.35, temperaturen ute er ca 21 grader C og det er sol og litt vind. Vi kan ikkje klage på veret i alle fall.

Eg hadde som vanleg planen klar for det eg skulle gjere i hagen i dag, og eg starta opp med litt rydding .Men det vart nokre forsinkelsar for eg kom i gang med klippinga, men den tida brukte eg til å rydde i det eg vil kalle "rotehjørnet" i hagen.

Det var ikkje så mykje eg skulle klippe i dag, men eg hadde gjort ein stor feil-eg hadde begynt å klippe med crox på føtene. Det vil eg sterkt fraråde å gjere. Der gjekk som det måtte gå-eg datt på rygg i skråninga og slo med litt for hardt i hovudet. Med meg sjølv tenkte eg at dette vart Hjernerystelse, der eg låg mellom buskene og kjende kvalmen kome. 

Naboane kom og hjelpte meg så eg kom meg i hus før det vart verre.Det roa seg etter kvart og eg la meg inn på senga mi, og så kom Solveig i bilen sin frå Hareid. Ho slo opp på telefonen sin og kom til at det var Hjernerystelse  Eg syntest  ikkje at eg var så sjuk at ho trong om å komme. Men det var no litt kjekt, for ho fekk ordna opp med mykje, ho fekk til og med handla til meg. No har eg hatt meg eit godt måltid mat, og kjenner meg heilt frisk- Men eg skal kanskje brenne opp dei gamle croxane- eller? Det blir ikkje klipping på meg med det første for Solveig gjekk over der det var behov.

søndag, juli 12, 2026

Dagbok 2026: 12.juli


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +20 grader C, men det er ikkje så varmt fordi det blæs litt.

Eg har sete på altanen og lese i ei bok, men det vart litt kjølig etter kvart. det blir bilde frå altanen for eg har ikkje vore stort lenger i dag, berre over gata til Marit ein tur.

I dag stod eg opp mange gonger, men eg åt ikkje frokost kvar gong. Eg sat sjølvsagt og såg fotballkamp i går kveld, og vart litt skuffa -som dei fleste andre vil eg tru. Då det leid på føremiddagen gjekk eg opp til Marit som sat ute. Etterpå åt eg "middag" heime med meg sjølv. Erlend kom heim frå Tromsø der han var og spela i går kveld. Han hjelpte meg med å løyse batteriet frå koplinga, det var sjølvsagt enkelt-men ikkje for meg.

Eg har prøvd å sitte i ro på altanen, men det er litt vanskeleg for eg klør i fingrane etter å få rydde i hagen, eg vart ikkje heilt ferdig i går. 

Eg har fått meldingar frå Rasmus i dag, han driv og pakkar bilen min full av vedsekker etc  til dei skal reise hit . Då kjem dei med to bilar og den eine er altså min. Eg trudde knapt at det var muleg å reparere bilen min, men det var det altså. Eg gleder meg til å køyre alle sekkane mine på VØR og tømme dei.

Men eg gler meg no mest til å sjå att familien, det er ikkje ofte eg ser dei.

Nede i skåninga hadde vi ein jordbæråker som eg ikkje greidde å halde orden på. Så no har eg jobba ei stund med å få den vekk. Det er litt problem med at fjølene som var rundt åkeren har rotna delvis eller så er dei veldig faste. Meininga er å flate ut og så gras. Vi trudde at vi skulle lage potetåker, men det vart ikkje noko av. Bregner(Ormegras) veks det overalt på Vallabøen, og desse to som står attmed åkeren har eg spadd opp fleire gonger, men dei kjem att. Så dei kan like godt få stå i fred.

Tida går nesten alltid fort og no ser eg at klokka er ca halv sju.Eg har ikkje høyrt nyheiter i dag, så eg reknar med at det har hendt eitt og anna som eg ikkje veit om.


lørdag, juli 11, 2026

Dagbok 2026: 11.juli


 Klokka er no 18.53-, temperaturen ute er +18 grader C og sola skin enno. Det er ein liten bris ute også, så det er heilt nydeleg.

Eg skulle eigentleg klippe meir gras i dag, men eg fekk ikkje til å opne for batteriet som stod på ladding , så eg måtte berre gi meg på det. I staden raka eg med riva der eg hadde klipt i går, så det vart litt finare der. Det er litt mykje arbeid med dette graset, men berre ryggen held er det kjekt å jobbe i hagen. Eg hadde ei pause så eg fekk gå inn og kvile og ete, og så var det ut igjen. Då eg var ferdig var eg opp til Marit og sat ei stund ute der oppe.

No er eg heime og her blir eg, det biir vel TV resten av kvelden? Eg har ikkje sjekka om det er fotball i kveld, men reknar nesten med det. Det er aldeles nydeleg ute i kveld- Eg skal ta nokre bilde når eg har fått ladda opp telefonen-

I morgon er det sundag så då får eg ønske alle ei fin helg-! 

fredag, juli 10, 2026

Dagbok 2026: 10.juli



 Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +17 grader C. Det har for det meste vore opplett i dag, men det kom ei regnbye også. På føremiddagen var eg ute og klipte plen, så lenge som eg hadde straum på batteriet til klipparen; då gjekk eg inn og sette den på ladding igjen-og no når den er ferdig ladda får eg den ikkje laus. Eitkvart er det støtt.

Så kom der to kjekke på besøk, dei hadde godterier med seg også, det var Ingeborg og Eirik  som er heime på ferie. Det var så kjekt å prate med dei vaksne undommane , det er ikkje så ofte dei er her. Ingeborg bur framleis i Oslo og Eirik har sete seg til i Trondheim. Det ser ut til at dei har det bra.

I dag laga eg middag til meg sjølv, det var steikt torsk med tilbehør, ikkje ofte eg lagar så skikkeleg middag  når eg er åleine, men det smakte godt.

Det har vore ein kjekk dag og det aller beste var meldinga eg fekk frå Rasmus no: Bilen min er godkjend. Eg torer nesten ikkje å tru det, nesten for godt til å vere sant. Berre dei som er vande med å ha bil disponibel veit kor hjelpelause ein blir utan. Eg håper no at det skal gå bra med bilen, slik at eg får gjort ærenda mine utan å få hjelp andre- men det har no vore kjekt med handleturane også..

Eg prøver å ikkje vere altfor optimistisk, slik at eg blir skuffa.


torsdag, juli 09, 2026



 

Dagbok 2026: 9.juli

 





Klokka er no 20.14,temperaturen ute er + 21 grader C og det har vore ein fin dag, i alle fall med tanke på veret. I dag har det vore sommar . 

Sidan det er fredg i morgon tenkte eg at eg kunne ta fredagsvasken i dag og bli ferdig med den, og det gjorde eg. Problemet var berre at eg var veldig låk i ryggen, det blir eg alltid når eg jobbar med noko, og i går hadde eg jobba i hagen. Men eg vart no ferdig med å vaske omsider og unnte meg ei kvilestund. 

Men eg hadde ikkje gløymt hagen og det som skulle gjerast der- LITT fekk eg gjort, men mesteparten av tida sat eg og halvsov i ein  stol, så eg kom ikkje langt. Eg likar ikkje å gå frå halvgjort arbeid, men eg hadde ikkje val, eg måtte legge frå meg reiskapane og ta kveld, det vil seie at eg tok ein tur opp til Marit og sat der og kosa meg i solskinnet før eg gjekk heim og fann meg litt godt å ete- Eg har mykje meir god mat når Solveig handlar-som i går.

Eg likar ikkje å ha hagen så ustelt, men det er ikkje så mykje eg kan gjere, med tid og stunder blir der vel i orden igjen. PÅ oppsida mot vegen ser det no bra ut.

For morgondagen har eg ingen planar men i dag var det i alle fall sol og varme, så då er sommaren her.

Eg veit ikkje om det er fotballkamp i kveld, men bo har eg fått smaken det, så eg håper der er kamp på TV i kveld , eg kunne np ha sjekka. Eg hugsar då mamma var så gammal som eg er no, då var t ho heilt hekta på fotball på TV . ho hadde aldri sett ein kamp live. (Men det har no eg)

onsdag, juli 08, 2026

Dagbok 2026: 8.juli

                       Det finaste i hagen min akkurat no er desse raude peonane.

Klokka er no 18.51, temperaturen ute er + 16 grader C, det er overskya , men opplett. I dag var det avtalt at Solveig skulle komme innover, ho og Øystein skulle køyre Amund til Volda, og så skulle dei komme til meg etterpå. Og slik vart det, og det blei ikkje mykje kaffikos i dag, det vart arbeid. Øystein klipte plen og laga til kantklipparen og Soveig køyrde til butikken og hjelpte meg å handle. Sidan ho begynte med det har eg hatt mykje betre mat i huset enn det eg kjøper sjølv, (Ja, eg betaler sjølvsagt det vi kjøper. ) I dag skeia eg ut med jordbær og fløte- 

"Pensjonistane skal bli" hadde ikkje tid til å vere så lenge men dei gjorde i alle fall god nytte for seg. Eg slappa litt av med TV ei stund, men så fekk eg eit anfall av "øyresus" -eg trur det var fordi at Trump fortalde om det han ville gjere med Grønland..

Men så kom eg i siget igjen og begynte å rydde nede i Skråninga. Der har ikkje vore skikkeleg klipt i heile sommar så der såg ikkje så fint ut. Det gjer der ikkje no heller for eg kom ikkje i mål i dag. Eg klipte med kantklipparen og fekk vekk ein god del med gras, men er ikkje på langt nær ferdig. Det er mykje arbeid med ein hage, men eg likar det eigentleg, skulle berre ønske at eg greidde å gjere meir

                                                                  Her jobba eg i dag

 
                             Raude roser på kjellarmuren,Skulle hatt litt finare plass

tirsdag, juli 07, 2026

Dagbok 2026: 7- juli

 



Klokka er no 21.20, temperaturen ute er + 13 grader C, det er overskya men opplett, Vi har hatt ein del sol i dag også, mest på førmiddagen. Då eg vakna i dag var det kaldt syntest eg, så eg var ikkje så snar å stå opp. Ikkje visste eg kva eg skulle styre med i dag heller. Etter å ha stått opp eit par gongar og fått på meg to ullgenserar , kom eg meg endeleg ut. Eg begynte å finpusse på det eg hadde gjort i går, det vil seie at eg klipte meir av buska (som eg har kalla ryggebuska mi )-og rydda beddet rundt omkring. Seinare klipte naboen plenen ovafor garasjen så då blei det no ekstra fint. 

Eg sat oppe på platten med Marit ei stund, då var det fint og varmt fordi sola skein, men då det skya over gjekk eg heim. Etter kvart kom eg meg i arbeid igjen og klipte gras for hand der nede i hagen som eg driv og ryddar. Der var ein gong ein jordbætåker som eg ikkje har greid å halde ved like.

Eg har vore litt sløv i dag, og heile tida har eg trudd at det var søndag-endå eg visste at et var tysdag. No har eg sete og sett Tv-mest nyheiter.  Er det nokon eg er bra lei av å sjå og høyre der, så er det  Trump  no begynner han å snakke om Grønland igjen. Eg trudde han hadde slått frå seg å kjøpe den øya no.


mandag, juli 06, 2026

Dagbok 2026: Mandag 6.juni


 Klokka er no 17.43, temperaturen ute er +12 grader C, og det har kome ei og anna regnbyge i heile dag så det har ikkje blitt mykje hageatbeid.  Eg var fdorresten ikkje så tidleg oppe i dag, var oppe og åt frokost og la meg igjen. Veret var ikkje så forlokkande, men då eg hadde ete frokost to gonger kom eg meg ut for å gjere noko nyttig. Sjå bildet over! Ein gong var denne store buska ein del av ein juledekorasjon,. Den vart planta ut i beddet sommaren etterpå og der har den stått og vakse seg stor. No har eg bestemt meg for at den skal vekk, men då må eg ha hjelp av nokon som kan bruke motorsaga. Eg har no brukt den sjølv men det er lenge sidan, og no er eg blitt for gammal. Men i dag tok eg ei"saks" og klipte av mange greiner. sli at vi får sjå rosebuska som skal blomstre no Det er ei stor Leonardo da Vinci som veks der.
Eg har ikkje gjort mykje i hagen i dag, eg skulle klippe noko gras nede i skråninga , men kvar gong eg prøvde på det begynte det å regne, så det vart ikkje så mykje gjort.
Det første eg tenkte på at eg skulle gjere i dag, var at eg kanskje kunne få rense gplvteppet i stova, for no har det gått ned i nokre koppar med kaffi etc. Eg har maskin til å gjere det og før rensa eg teppet annakvart år. Etter at eg vart åleine har eg ikkje vore så nøye på det. Eg leita og såg om eg hadde slikt som eg skulle bruke i vatnet og eg fann litt i ei "flaske"- men det var ikkje mykje hjelp i, for middelet som var der kunne ikkje brukast , det var altfor gammalt. så eg må no ned til "Målar-Olav" og kjøpe noko som er litt ferskare.- Så eg får utsette det litt.

Som dokke ser er eg ikkje alltid like heldig med det eg skal gjere, eg trur eg kan seie at det er på grunn av dårleg planlegging, men veret kan eg ikkje gjere noko med. Eg var ned i Skråninga og skulle klippe vekk noko gras, men så begynte de å regne. Då var det ikkje anna å gjere enn å gå inn og sjå TV. Det er no denne fotballen det gjeld. Eg har sett tre heile fotballkampar i det siste og eg såg i går kveld også, og no var det stas : eg kjem no til å sjå neste kamp som Norge er med i også. Tenk om Norge blir verdensmester !!!



søndag, juli 05, 2026

Dagbok 2026: 5.juli



                                                   Regn kvar dag

 Klokka erno 16.27, temperaturen ute er +10 C,og det regnar både titt og ofte. Eg har tenkt meg ut fleire gongar, men før eg har fått på meg skorne regnar det igjen. Temperaturen ute er+11graderC no.

I dag har eg gjort nesten ingen ting ,anna  å ete og sjå tV; to koppar kaffi har hamna i golvteppet, så det er bra at eg ikkje har rensa det enno. Eg må innreømme at eg har sete og sett(meir og mindre) på TV i dag.Eg trudde først at Norge skulle spele fotball i dag, men der tok eg feil, det er visst i morgon det store slaget skal stå.

Eg kan ikkje tru at Erlend er komen heim heller, for då skulle han kome opp til meg.Den einaste eg har hatt kontakt med på FB er Rasmus-Han skal vise fram bilen i morgon så han får vite om den blir godkjent. Det er no litt spennande for meg i alle fall, eg har eit mykje betre liv med bil. Men noko er no blitt betre, og det er handa mi, eg slepp å gå med "bind" rundt handleddet no. No kjem sola fram att endå ein gong, så viss den held seg der, kan det hende eg kjem meg ut ein tur. Å styre i hagen fristar ikkje når alt er så vått. Men denne tida har det vore slik, sol ei stund og så regn. Men ofte blir det betre mot kveld.Så då kan det hende eg tek ein tut på Vernet.

Seinare: Det vart rin tur på Vernet, og der trefte eg to som eg skulle ha kjent-men dei kjende meg. Det var kona og sonen til lensmann Valstad som budde i nummer 9 ein gong i tida. Det var kjekt å snakke med henne, guten var 3 år då dei flytta herifrå så han hugsa ingen ting frå Starevegen, sa han. Det var friskt og godt med ein tur, og det var opphaldsver heile tida.




lørdag, juli 04, 2026

Akkurat no; klokka er 19.57, temperaturen på trappa er + 13graderC og det regnar litt, ikkje så sommarleg akkurat. 

Når eg tenkjer på alle dei fine dagane vi har hatt hittil i år, så er det litt dumt at vi skulle få dette veret ved midtsommar, men det kan enno bli fine dagar, kan ikkje gi opp håpet om sol og varme.

I dag har eg ikkje gjort noko særleg, eg gjekk opp til Marit på føremiddagen for ho var åleine heime. Eg visste at Margrete skulle komme til meg, men eg følgde ikkje godt nok med , for plutseleg såg eg bilen hennar nede på tunet mitt. Då gjekk eg sjølvsagt ned att. Margrete og eg drakk litt kaffi og prata ei stund og så for vi på KIWI og handla litt mat. Svein var på flyplassen og venta på bagasjen som dei ikkje hadde fått med seg på det flyet dei reiste med.

Eg har ikkje fått gjort noko ute i dag, men eg trong kanskje ein fridag?  EG har no sett på TV-en men trur ikkje eg orkar å sjå fotball i dag. Eg har faktisk sett to heile fotballkampar til tross for at eg ikkje er særleg interessert. Men eg finn vel eit program som eg likar. Lurer på kva tid eg kan begynne å strikke igjen, på grunn av at høgre handa har vore låk har eg ikkje strikka etter jul,  eg trur handa er bra no, men eg tek ingen sjansar.

Eg vil ønske alle som er innom her ei fin sommarhelg.
 

fredag, juli 03, 2026

Dagbok 2026:3.juli


 Klokka er no 19.13, temperaturen ute er + 16 grader C , det er overskya men opplett. På føremiddagen hadde vi regn. Eg visste ikkje heilt kva er skulle ta meg til å begynne med i dag, men eg enda opp med å lage ei stor panne full av blomkålsuppe, den vart god og eg å mykje,men har også litt igjen. Det vert litt meir variasjon i kosten no når Solveig hjelper meg å handle inn matvarene. Apropos så fyller eldstejenta mi 63 år i dag, og no er ho pensjonist, noko som eg nyt godt av også. 

.Eg kom meg ikkje til men noko særleg i dag, eg kan enno ikkje strikke sjølv om handa er blitt mykje betre.Men seint på ettermiddagen begynte eg å jobbe i hagen, Der som var jordbæråker før har eg lagt brakk og tenkte å sette poteter, men det blei ikkje noka av, så no prøver eg å ta bort att mold slik at eg kan legge der flatt, men det har vakse til med gras som eg må få vekk først. Det har eg altså halde på med no på ettermiddagen etter at det slutta å regne, har ein hage, har ein alltid noko å gjere i alle fall i sommarhalvåret.

 Eg synest det har vore sommar lenge, men dei som jobbar har nettopp fått fri. Margrete og Svein er komne heim at frå ferie, kvar Rasmus held seg veit eg ikkje, eg håper no dei kjem ein tur hit denne sommaren også. Eg skal ikkje reise nokon stad, eg trivst godt heime.

Sidan det er fredagskveld vil eg ønske alle ei god helg.



 

torsdag, juli 02, 2026

Dagbok 2026: 2.juli

Det regnar ute, så då er eg inne.

Klokka er no 22.15 og eg er litt forseinhka med å skrive blogg, det er delsvis fordi eg har sett TV, ikkje fordi eg har gjort så mykje i dag. Tvert imot- På føremiddagen tok eg det som eg kallar "fredagsvask", men så er det visst  berre torsdag når eg ser på kalenderen. Ja, no er det i alle fall gjort Etter at eg hadde vaska gjekk eg opp til Marit og vi sat ute på platten  så lenge sola skein, men så skya det over, og eg gjekk heim. Eg var så trøtt at eg la meg på senga mi og sov, eg veit ikkje kor lenge, men det var ei god stund. Slikt brukar eg ikkje å gjere, og det gjorde at eg vart litt uviss på kva tid på dagen det var. Det vart ikkje til at eg gjorde noko ute i dag, for det har regna så smått, så eg har sete og sett på TV.  Dagsrytmen er heilt øydelagd, så får eg vel ikkje til å legge meg i skikkeleg tid no då. Det gjer ingen ting, for det er ikkje noko eg skal eller må.
Eg ser på FB at Margrete er på veg heim, kvar Rasmus & Co er veit eg ikkje.I dag kom her ein mann med pakke til Erlend og han veit eg heller ikkje kvar er. Snart er vi vel samla igjen alle, håper eg. I morgon har Solveig fødselsdag i alle fall. Eg hugsar at då ho vart fødd på sjukehuset på Eid kom overlege Wennevold inn på stua der vi låg, og han spurde kva jenta mi skulle heite. Eg sa at eg ville kalle opp sommaren som vi hadde, så ho skulle heite Solveig. Det var verkeleg ein fin sommar det året. Litt mindre sol i år,kanskje. No har vi både sol og regn nesten kvar dag synest eg.


 

onsdag, juli 01, 2026

Dagbok 2026: 1.juli



Det er vel mange som har fått med seg at eg måtte kjøpe meg ny grasklippar, og no er den på plass. Det var Solveig og Øystein som kjøpte den for meg, og dei hadde ikkje kjøpt den aller dyraste-heldigvis..
Men det er ikkje så lett for folk på min alder å lære seg noko nytt, og dette var ikkje lett for meg. Ein av naboane kom og hjelpte meg i går, men der var visse ting som ikkje var så enkelt. Og eg var redd eg hadde gjort noko gale, så eg var ikkje så høg i hatten då eg stod opp og gjekk ut i garasjen for å sjå til klipparen. Eg fekk ikkje til å starte den ein gong og vart heilt oppgitt. Men så kom han som hadde hjelpt meg i går og han fekk orden på sakene- Det var ikkje heilt lett,men eg greidde no å klippe litt- Solveig fekk til å klippe ganske mykje , nede i hagen også. Alt gras var no eigentleg for høgt sidan det ikkje har vore ver til å klippe.Vi fekk no ikkje klipt alt før Solveig måtte reise, men seinare på dagen fekk eg hjelp av ei nabodame og guten hennar, så heile hagen, så og seie, er klipt. Maken til naboane  som eg har finst ikkje, trur eg.

Men Solveig kom ikkje berre for å klippe, ho ville også følgje meg til butikken,sidan ho har bil og eg ikkje. No har eg kjøleskapet fullt av mat, eg er litt sjokka over kor mykje eg et eigentleg. Men det er godt å ha litt ekstra mat i huset, og eg kan ikkje gå på butikken og handle. Føter har eg så eg kan gå, men eg har ein rygg som ikkje er god, derfor kan eg ikkje gå på butikken og handle. Men no er Solveig pensjonist med ny EL-bil så eg kjem ikkje til å lide nød. 
Takk til alle gode hjelparar!




 

                                                            Heile hagen er klipt

Tysdag 21.juli

  Klokka er no 23.45. Temperauren ute er + 10 grader C og vi ha hatt ein fin dag,med sol. I dag hadde vi lagt opp til ein dag med mykje arbe...