Klokka er no 21.20, temperaturen ute er + 13 grader C, det er overskya men opplett, Vi har hatt ein del sol i dag også, mest på førmiddagen. Då eg vakna i dag var det kaldt syntest eg, så eg var ikkje så snar å stå opp. Ikkje visste eg kva eg skulle styre med i dag heller. Etter å ha stått opp eit par gongar og fått på meg to ullgenserar , kom eg meg endeleg ut. Eg begynte å finpusse på det eg hadde gjort i går, det vil seie at eg klipte meir av buska (som eg har kalla ryggebuska mi )-og rydda beddet rundt omkring. Seinare klipte naboen plenen ovafor garasjen så då blei det no ekstra fint.
Eg sat oppe på platten med Marit ei stund, då var det fint og varmt fordi sola skein, men då det skya over gjekk eg heim. Etter kvart kom eg meg i arbeid igjen og klipte gras for hand der nede i hagen som eg driv og ryddar. Der var ein gong ein jordbætåker som eg ikkje har greid å halde ved like.
Eg har vore litt sløv i dag, og heile tida har eg trudd at det var søndag-endå eg visste at et var tysdag. No har eg sete og sett Tv-mest nyheiter. Er det nokon eg er bra lei av å sjå og høyre der, så er det Trump no begynner han å snakke om Grønland igjen. Eg trudde han hadde slått frå seg å kjøpe den øya no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar