søndag, desember 31, 2017

Dagbok 2017: 31.desember Nyttårsaftan


Klokka er 13.40, utetemperaturen er + 2 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr.
Eg har lagt inn to vêrbilde, dei siste i år, neste år må eg prøve å ta bilde andre stader enn på altanen og trappa. Det får vere eit nyttårsforsett.
No har eg dusja, vaska håret og delvis kledd meg om. Skal gå ut til Nils så snart eg er klar. Eg har hatt problem med å sove om nettene i det siste, så i dag tok eg meg ein liten blund i godstolen etter at eg hadde fyrt godt i omnen.
Vi skal "feire" nyttårsaftan på Heimen, der får vi maten servert, og så har vi stor god TV-skjerm; eg har ein god stol å sitte i, (med fjernkontroll) og Nils ligg i senga si. Mange nyttår har vi vore i lag,  dette blir spesielt, men vi kosar oss så godt vi kan. Eg har "pynta" meg med delvis nye klede, så det står ikkje på.
Dette siste året har vel vore det brattaste for oss ,så langt. Men vi har hatt mykje hjelp og støtte av familien, slekta, naboane og andre venner. Eg vil nytte høvet til å takke alle som har hjelpt og støtta oss. Og så vil eg ønske alle ei god nyttårsfeiring og eit 
GODT NYTT ÅR

lørdag, desember 30, 2017

Dagbok 2017: 30.desember

Lommelykt og hodelykt, julegåver frå Margrete; eg hadde skrive det på ønskelista mi.


Klokka er 22.20, utetemperaturen er minus 2 grader C, det er lettskya og måneskin. Framleis kvite snødekte vegar der eg går, med broddar på skorne. Kom heim for ca. 20 minutt sidan, men måtte ned i tilbygget for å hente ved, sidan det var tomt i garasjen. Då kom det el med at eg hadde fått lommelykt og hodelykt til jul. Ja, hodelykta fann eg ikkje att-hadde gløymt kvar eg hadde lagt den, men då eg sette meg ned ved PC-en, låg den rett framfor nasen min.
I dag har det vore enda ein søndag i hovudet mitt, og det til tross for at eg har både vaska og støvsuga. Men ikkje vore på butikk.
Gjekk utover til Nils i 15-tida og gjekk heim klokka 21.30. Eg synest det er litt trist at eg ikkje kan ha han med meg her heime, men det går berre ikkje. Heldigvis er eg frisk og lett på foten, når ein tenkjer på at eg er gammal, så turane fram og tilbake til Heimen gjer meg berre godt. Naboane står klar og køyrer meg om eg treng det ein dag. Nils har det godt der han er, men skulle nok ønska at han kunne vere meir sosial og ha meir besøk. Men det er vanskeleg å vite kva tid han orkar å vere i lag med andre enn meg. I går var han bra på føremiddagen, men slapp seinare på dag-i dag var det omvendt. Han har mobilen på nattbordet så det går an å ringe til han - han likar det.
Han sov då eg kom i dag, men vakna og heldt seg vaken til vi hadde lide oss gjennom DDE-konserten. Eg venta på at dei skulle avslutte med "Vinsjan på kaia "-men det varte og rakk.
I morgon ska vi "feire" nyttårsaftan på rommet hans. Mat får vi, og kaffi, så eg treng ikkje tenke på noko. No har vi aldri vore så flinke med "feiringar" verken han eller eg-kanskje skulle vi ha vore "festlegare" mens det enno var tid?
Sist natt sov eg lite og dårleg, så eg håper på å få sove denne natta. Har ikkje sove på Heimen i dag i alle fall.
I morgon tidleg reiser Einar nordover for å jobbe i NRK i Alta. Dei andre barnebarna blir heime ei stund til.
Håper Nils får sove godt i natt, for eg tok med ut yndlingsputa hans i dag. Eg syntest ikkje putene dei har der ute var noko gode.

fredag, desember 29, 2017

Dagbok 2017: 29.desember

Klokka er 22.20, utetemperaturen rundt 0 grader, det er skya, men opplett. Godt at det er mindre kaldt, men det er ikkje så fint som i går. Eg kom heim frå Heimen for om lag eit kvarter sidan.
Nils ringde rett etter at eg hadde stått opp i dag(ikkje tidleg) og sa at i dag følte han seg i fin form. Einar og Audun skulle komme innover i dag, så det var vel eit klarsignal. Dei ville besøke Nils klokka 13-og komme hit etterpå. Derfor bad eg dei på middag, litt meir inspirerande å lage mat og dekke bord til tre enn å sitte her åleine. Å koke middag til berre meg sjølv gjer eg aldri-men eg får i meg nok mat, det står ikkje på det. På menyen stod svineribbe, såpass eg fekk meg litt sprø svor i år også. "Gutane" hadde med nydelige roser til Nils og meg, ein bukett til kvar. Eg trudde dei måtte ha kjøpt dei i går, for i hovudet mitt var det søndag i dag.Audun skal vere heime til 7. januar, men Einar reiser opp til Alta no med helga. Håper han finn seg til rette og trivast der.
Dei kom i bilen vår, noko som vi tykte var kjekt. Etter at dei for rydda eg opp det grøvste før eg gjekk ut til Nils. Dei baud til å køyre meg, men eg vil ha desse spaserturane for å få litt frisk luft og mosjon.
Nils var ikkje så sprudlande som eg hadde tenkt då eg kom ut til han litt før klokka 17. Han var trøtt, slik han plar vere, og nokså slapp. Eg sa at han fekk ta seg ein blund, og det hjelpte no litt.
Elles var det den vanlege rutinen, men dei gløymde at han skulle ha kveldsmat, så eg gjekk ut på kjøkkenet og etterlyste den. Dei er sikkert nedbemanna i jule/nyttårshelga, for eg trur dei står på  dei som er der. Han fekk sjølvsagt både mat og drikke. Han hadde fått dusja før i dag, så i kveld vart det berre tannpuss før eg gjekk. Han ligg og ser mykje på TV, den skal stå på støtt, men han må få lov til det, sjølv om eg trur at det også kan trøtte han ut. Men spør eg han om noko som har hendt, kan han lett svare på både sjakk-og sportsresultat.








torsdag, desember 28, 2017

Dagbok 2017: 28.desember



Bilda er tatt i dag kl. 12.30
Klokka er 22.10, utetemperaturen er minus 8 grader, det same som i dag tidleg ,det er måneskin og stjernelyst og aldeles nydeleg ute. Til og med vegen vår er kvit, så alle som har drøymt om ei kvit jul, må berre komme seg opp av godstolen og ut.
Ja, rett skal vere rett, eg hadde vel sete inne eg også om eg ikkje hadde hatt turane til Ørstaheimen på ettermiddag og kveldstid. Kom heim for mindre enn eit kvarter sidan.
Snakka med Nils i telefonen før middag og spurde korleis han hadde det. "Eg er dårleg", sa han. "Korleis?" - "Eg er kvalm og elendig". Ikkje så oppløftande, men av lang erfaring veit eg at han ofte blir betre ut på dagen.
I dag bestemte eg meg for å vere litt flink. Vaska soverom, bad og kjøkken m.m. Litt meir inspirerande å gjere reint når ein får hengt ut teppa.
Og så hadde eg tilbod om å vere med Marit G. på Amfi ein tur. Det var ikkje mykje eg skulle ha, men kika rundt og såg om der var noko på SAL. Eg fann meg faktisk ein tynn ullgenser som eg likte, nedsett frå 700 til 400 kr. Genserar er noko eg aldri får nok av, og dei fleste er gamle og velbrukte. Har brukt kleda mine meir dette siste året enn før, for det har vore eit år med mykje vandring.
Eg åt godt før eg gjekk ut på Heimen, for eg vil ikkje ete middag der, og eg har sagt ifrå om at eg ikkje skal ha middag, men kveldsmat et eg i lag med Nils-for selskaps skuld.
Eg var ikkje sikker på korleis det var å besøke han i dag, kor dårleg var han og korleis. Men då eg kom inn på rommet til han var han i bra form. Legen hadde vore der i dag og han hadde fått ny medisin mot kvalmen, så då dei kom med middagen hans åt han opp alt, og det gjekk fint. Men så begynte han å verke i ei arm, så eg var ut og bad om smertestillande til han, og det fekk han. Han vart såpass bra etter kvart at han fekk barbert seg. Eg hjelper han, og så hjelper eg til med kveldsstellet før eg går. TV-en står på nesten heile tida, så det blir til at vi ser litt av kvart.Men han har no selskap i det. I morgon ville Einar besøke han, og det trur eg skal gå bra.

onsdag, desember 27, 2017

Dagbok 2017: 27.desember

I går kveld strødde eg havregryn på altanrekkverket, for no var det nokre dagar sidan eg har sett svarttrosten som har vore ein dagleg . I dag sat han der, og eg skulle ta bilde gjennom vinduet. Men då klikket kom var "fuglen fløyet" - så her er bildet eg stod att med.

Klokka er no 22.20, og det er ei lita stund sidan eg kom vandrande heim. Det er nydeleg vêr ute; måneskin, snø og ca. 3-4 grader minus. Skulle ønske det ville vare.

Det første eg gjorde i dag var å ta inn gardintrappa som stod nedsnødd og frosen ute. Den måtte tinast, for no visste eg kvar alle di underlege pipelydane kom frå. Det var frå dei gamle brannvarslarane på soverommet og i gangen. Eg hadde ikkje greidd å lokalisere lydane før i går kveld/natt då eg skulle legge meg! Men å gå ut i nattkjole klokka 2 om natta for å hente trappa? Jau, det hadde eg faktisk gjort om den ikkje var full av is og snø. No er alt i orden og ingen ting pistrar og pip, med unntak av høgre øret mitt so er fullt av tinnitus.
Elles strauk eg nokre klede, vaska og tromla nokre andre som Nils skulle ha. Eg tek kleda hans heim og vaskar dei her. Solveig melde at ho og Øystein kom innover for å besøke Nils, og så ville dei ta bilen vår med dit ut; Nils vil at Audun skal ha den mens han er heime, slik at bilen får "køyrt seg" litt.
Først besøkte dei Nils, så kom dei hit. Øystein var forkava så han reiste ut att med det samme han hadde mòka og fått bilen i gang. Solveig gav seg tid å drikke kaffi og ete lefser i lag med meg. Rasmus hadde ringt til Nils mens Solveig og Øystein var der ute, så det vart ingen lang prat. Så ringde han meg, og vi prata  til Solveig kom.

Nils var ikkje i form i dag. Han var trøytt og hadde dårleg appetitt. Han sov litt og vi såg TV i lag, og  så hjelpte eg han med kveldsstellet før eg gjekk. Han kvikna til ei stund, men så vart han trøytt igjen. Men det er ikkje anna å vente; eg er glad så lenge vi kan snakke fornuftig saman, for det er ikkje noko som feiler han i hovudet. Viss han av og til seier noko som er feil er det gjerne fordi han har fått mykje medisin. Det er ikkje alltid så oppløftande å besøke han, men vi er utruleg takknemlege for dei 7 månadane han fekk vere heime. Det var rein bonus.Vi får ta dagane som dei kjem.


tirsdag, desember 26, 2017

Dagbok 2017: 26.desember. Andre juledag.

Klokka er 22.20, og det er ei lita stund sidan eg kom att frå Ørstaheimen. Brukte litt ekstra tid i kveld. Eg gjekk med broddar og måtte stoppe nokså ofte og sjekke at eg hadde begge - og brått var den eine vekke og eg måtte gå nokre meter tilbake for å finne den att. I dag hadde eg funne fram nokre gamle, litt høge støvlettar som eg kan bruke no når eg brukar så smale bukser.
Temperaturen er no 0 grader C og så spørs det om den går opp eller ned, akkurat no er det i alle fall opplett og passeleg lite snø, så det kan vere vere slik ei stund.
Før middag gjorde eg så å seie ingen ting, fyrte i omnen, åt litt, rydda litt etc.
I 14.30 tida gjekk eg ut til Nils, hadde snakka med han i telefonen og visste at han hadde det bra. Men då eg begynte å tenke på retretten i kveld, blei han kvalm og uvel. Eg forstod då at det hadde vore slitsomt å ha meg på besøk så lenge. Og ikkje berre det, vi hadde hatt eit litt slitsomt program. Eg begynte å lese høgt frå boka "Den 12. mann" og den var så interessant at det var vanskeleg å halde opp. Som kjent såg eg filmen i går og vi har begge sett "Ni liv" og "I Baalsruds fotspor" på TV.
Seinare såg vi naturmagasinet på TV- så det vart litt for "hektisk" for han å konsentrere seg så lenge. Ja, vi hadde no blunda litt begge to, før programmet. Eg sov lite sist natt, så eg var også trøytt. Men det er noko heilt anna. 
Han kom seg til att før eg gjekk, og eg hjelpte til så han fekk pusse tennene. Men han får god hjelp til det meste der ute- og dei er fagfolk. Men eg må instruere dei så dei gir han kvalmetablettar før måltida, det måtte han ofte få her heime også.
Ja, det blir mykje sjukdomsprat, men eg veit at mange lurer på korleis Nils har det. Han likar å få besøk, men ikkje lenge om gongen. Berre eg kan vere lenge, men kanskje ikkje for lenge.
No er det heldigvis slutt på helgedagane for ei stund - eg likar kvardagar best. Har tenkt meg på butikkar ein dag det passar, og sjå om der er noko spennande att.
No skal eg sette på ein klesvask, blant anna.
Desse vêrbilda mine blir nokså einsidige, tatt frå anten trappa eller altanen.

mandag, desember 25, 2017

Dagbok 2017: 25. desember Juledag

Klokka er 23.05, temperaturen ute er så vidt under 0 grader og er trur det blir kaldare etter kvart. Eg kom heim for ei lita stund sidan, ikkje frå Heimen i kveld, men frå kino. Margrete køyrde meg heim etter at heile familien hennar+ meg hadde sett filmen "Den 12.mann". Solveig og Øystein hadde sett den der ute, og vi er ikkje heilt like i dommen over filmen.
Eg vil ikkje skrive så mykje her om kva eg synest, men sidan eg har sett filmen "Ni liv" eit par gonger, ser eg kor mykje sterkare midlar dei brukar når dei lagar film no. Filmen var spennande, det skal dei ha, og Harald Zwart sin intensjon med å lage filmen var å få fram alle dei som hjelpte Jan Baalsrud. Vi hadde håpa å sjå litt meir til Sjur Trovåg, men der vart vi skuffa.
Eg snakka med Nils i telefonen på føremiddagen og då var han i god form. Då eg kom ut i halv 3-tida var han ikkje SÅ bra. Det går litt opp og ned. Han hadde ikkje fått i seg middagen i dag, og hadde problem med bløtkakestykket han fekk til kaffien, det var ikkje godt sa han. Men det var det, for eg fekk også. Middag hadde eg ete før eg for heimanfrå.
Eg fekk også telefon frå Ellen Marie, ho er flinkare å ringe enn det eg er. Når eg er på Heimen blir det mykje til at vi ser TV, Nils sovnar innimellom, og i dag tok eg meg ein lur også. Så no kan eg vere oppe lenge. I går kveld la eg meg klokka 2- men vakna mange gonger før eg stod opp.
Margrete og alle fire barna kom oppom Heimen og henta meg og sat ei stund før Margrete køyrde to vender til kulturhuset. Ho er veldig lovlydig, men det hadde vel blitt litt vanskeleg å få plass til alle.
No ringde Nils slik vi hadde avtalt, og han hadde det bra. Fortsatt god jul til lesarane mine.
.

søndag, desember 24, 2017

Dagbok 2017: 24.desember-Julaftan



Klokka er 13.20, temperaturen er + 2 grader C, og som de ser av bilda er det grøn jul her i Ørsta.
Eg har prøvd å rydde litt i huset og har pakka ørten bereposar som eg skal ha med ut på Heimen. Det er gåver, og så er det klede til Nils, som eg har vaska, og nokre som er litt fine i tilfelle han vil kle seg om. Det er lite truleg at han orkar. Han hadde vore dårleg i dag tidleg, mest i magen, så eg trur kanskje ikkje han hadde tolt bacalaoen eg hadde med til han i går. Men det skal elles lite til før han blir skipla når noko spesielt skal skje. Nabo Anne Elise sende melding om at ho vil køyre meg ut til Nils. Det var kjekt, ho kjem og hentar meg i 14-15-tida og køyrer meg ut på heimen, elles hadde eg måtta spørje einkvan annan, for eg skal ha med meg ein god del..
Naboen i Larsen-huset kom opp ein tur med julekort. Ho hadde foreldra sine på besøk frå Nordfjord. Eg har ete ei brødskive og drukke kaffi-det er ei stund til klokka 17. Eg var litt forundra over at der ikkje skulle vere noko felles underhaldning, t.d. kor eller musikk på Ørstaheimen. Men vi har TV-en. God jul til alle!
Den fine buketten midt i vinduet var det Anne Elise som kom med. Det er litt vanskeleg å fotografere med blitz mot vindu og lampar etc. Eg prøvde litt utan også.


Klokka er no 23.10,temperaturen ute er+ og det er enno tidleg på kveld for meg. Men eg gjekk frå Nils og heim ca 22.30, for då ville han sove. Men begge var vi einige i at vi hadde hatt ein fin dag. Kanskje somme synest det er rart at vi kan seie det når Nils har lege i senga og eg stort sett har sete i ein stol heile ettermiddagen og kvelden. Men vi kosa oss i fred og ro. Maten fekk vi servert-eg fekk ein diger porsjon, Nils litt mindre sidan han ikkje hadde vore så bra før i dag. Det var tradisjonell og god julemat og til dessert fekk vi moltekrem og krumkaker. Og julebrus å drikke! Vi pakka opp gåvene og det var berre slike ting vi ønska oss. Eg fekk bruk for den stilige lommelykta då eg gjekk heim-eg ser godt å gå utan, men det er godt å ha lys når ein skal teste føreforholda. Eg fekk også hodelykt, men den har eg ikkje funne heilt ut av enno, og Einar hadde kjøpt piggsko til meg -frå Nils. Så det er tydeleg at folk vil eg skal komme meg trygt både ned og opp att. 
Ja, eg gjekk heim i kveld også, utan at eg var nøydd til det. Anne Elise sende melding om at ho kunne hente meg. Men eg VALDE å gå. Når ein sit så lenge i ro, er det godt å få lede på seg. Kjende at venstre kneet var litt trøblete før eg kom i siget. På bildet kan de sjå Nils med kasserollen vi fekk frå Solveig, den stod også på ønskelista mi. Det var Rasmus som hadde kjøpt boka "Den 12.mann". I morgon skal Margrete og barna+ eg på kino og sjå filmen. Eg må følgje godt med så eg kan berette for Nils. Vi fekk mange gåver til tross for at vi hadde sagt at dei måtte begrense seg, det er ikkje så mykje vi treng. Litt artig at Rasmus hadde hugsa dagboka i år også. No skal eg kose meg litt her åleine-eg har det heilt greitt. Ikkje er eg verken husredd eller mørkredd eller redd for å vere åleine heime. Fortsatt GOD JUL.


lørdag, desember 23, 2017

Dagbok 2017: 23.desember

Klokka er 22.35, utetemperaturen er + 1 grad C. Eg gjekk frå sjukeheimen klokka 22, og kom heim for vel 10 min. sidan. Ingen ny fartsrekord i dag, men vegane var begynt å bli litt sleipe (Kanskje "underkjølt regn?"), og så hadde eg litt å bere på. Vart ganske våt på turen.
Her er ikkje ferdig pynta og vaska etc. til jul, men det betyr ikkje så mykje for meg.
På føremiddagen var eg ein tur til naboane og så laga eg kvit bacalao. Det veit eg Nils likar, så eg ville ta med litt til han. Han har hatt mykje besøk i dag, så han var trøtt i kveld, derfor gjekk eg såpass tidleg heim.  Olaug og kjæresten(Alexander) hadde vore der. Margrete og barna kom hit først og så var dei alle fem ein tur ut til Nils for å ønske han god jul. Håkon kom også, og no fekk han og Eirik skifta vinterdekk på bilen vår, Audun skal få ha den til han reiser att, den 7.januar. Nils meiner at bilen treng å bli kjørt litt. Eg hadde ikkje nokon voldsom oppdekking, det gjekk i kaffi og litt attåt. Då alle dei andre hadde fare køyrde Håkon meg på Kiwi så eg fekk handle litt, og så tok vi turen ut til Nils, Håkon for ei lita stund, eg vart lenger. Men eg såg at Nils var sliten, og så var han begynt å tenke på morgondagen. Om han klarte å sitte oppe i den rullestolen osb. Eg beroliga han og sa at det gjer ingen ting om han og eg sit inne på rommet heile kvelden. Vi får i alle tilfelle julemiddagen inn til oss.
I dag var eg skikkelig trøtt mens eg var der ute, klokka var over 4 før eg sovna sist natt, så både Nils og eg tok oss ein blund mens eg var der. Eg åt litt kveldsmat der ute, hadde ikkje ete sidan frokost, men no trur eg at det skal smake med litt bacalao. Hadde med ein liten porsjon til Nils og den gjekk ned på høgkant. Hadde eg tatt med mykje, hadde han ikkje sett seg syn med å prøve å ete .
No skal eg sette på vaskemaskin, tømme oppvaskmaskina og rydde litt. Så får vi sjå-ingen bryr seg om at eg ikkje legg meg i "skikkelig" tid.

Ønsker alle som les bloggen min ei fin og fredeleg jul. Takk for alle helsingar!

fredag, desember 22, 2017

Dagbok 2017: 22.desember

Klokka er snart 22.00, utetemperaturen + 4,5 grader C, g det silregnar. Eg kom inn døra for nokre få minutt sidan, og eg kjenner at det dryp av hovudet mutt til tross for at eg hadde hette på meg. Det var nesten som eg angra på at eg tok Elvevegen i kveld, for jammen var Vikelva stor, og det høyrdest. Men alt gjekk bra, og eg trur eg var litt under 20 minutt i kveld. Eitt gode er det med regnet, det renn vekk av seg sjølv, og vegane er ikkje glatte. Det vart visst to goder.
Dette vart ein litt rar dag. Eg venta Einar og Audun innover, så eg sette ikkje i gang med noko storarbeid, og ikkje hadde eg så mykje som skulle gjerast heller. Eg rydda litt, strauk litt etc. Og så gjekk plutseleg lyset og alt stoppa opp. Straumen kom att etter mindre enn eitt minutt, men då var TV-en ute, laptoppen var kobla frå og store-maskina var det heller ikkje særleg liv i. Alle veit at det kan bli litt plundrete med straumbrot, men no veit eg heldigvis at eg må ta ut ruteren og starte den på nytt, og det gjorde eg. DAB-radioen hadde eg fått liv i før på dag. Folk i gamle dagar måtte jammen få mykje tid til overs-med tanke på den tida vi no brukar på alle duppedittane våre.

Då gutane kom var det langt på kveld, følte eg, for ute var det bekmørkt. Etter at dei hadde fiksa eitt og anna for meg, vart det handling i Furene. Einar og eg har handla i lag før, og han er noko av det mest effektive eg veit, men å stille med to shopping-assistentar -det er ikkje til å beskrive. Eg hadde stort sett berre å dra kortet. Varene vart plassert i nett og borne ut i bilen. Det var stort sett matvarer, men vi var også innom Plantasjen. Ikkje heilt uventa var der nokså utplukka.
Vi var heimom med varene før dei køyrde meg ut på Heimen. Eg trudde nesten det var midt på natta, men klokka var ikkje stort meir enn 5. Eg var der til vi hadde sett Beat for beat.
Nils har hatt ein bra dag i dag; heilt pigg er han ikkje, og matlysta var ikkje på topp. Det var eg som åt mesteparten av kveldsmaten i dag; eg kom brått på at eg ikkje hadde ete sidan frokost.
Nils har panta seg ein stor , god rullestol, som han nesten kan ligge i. Den skal han ha på julaftan.
No skal eg ned i kjellaren. Der ligg alle varene strøydde utover golvet. Dei skal plasserast i kjøleskap og frysar. Rikeleg av det meste, men kjenner eg meg sjølv rett, må eg kanskje ein liten tur på butikk i morgon også. Olaug og Håkon kjem innover då, og kanskje dukkar det opp fleire.
HBO-ane spurde ofte om vi var einsame, det var så mange eldre som var det. Vi kunne med stor glede seie at einsame er vi ikkje.

torsdag, desember 21, 2017

Dagbok 2017: 21.desember

Klokka er 21.30, utetemperaturen er + 5 grader C. Det er berre ei lita stund sidan eg kom heim, det var mørkt så eg såg ikkje vêret så godt, men eg trur nokså sikkert at det både regna og hagla-o g eg skal ikkje seie det sikkert, men eg tykte eg såg eit lyn også. Godt for meg at eg likar å gå fort, så eg heldt varmen, og eg likar eigentleg godt sånt skikkeleg VÊR.
Men i dag vart vi snytt for middagsluren på Heimen så eg gjekk heim litt tidlegare enn vanleg, så Nils skulle få kvile seg ut til i morgon.
I dag før middag kom Ragnhild på besøk, kjekt at folk besøker meg også. Torbjørn hadde vore på besøk hos Nils før eg kom, og overrekt han "Hjørundfjordboka" for i år. Det vart litt høgtlesing før eg gjekk heim.
Eg hadde ete før eg gjekk heimanfrå-hadde gløymt at det var torsdag. Eg kunne fått ball viss eg hadde villa, men var rett og slett ikkje svolten. Men kveldsmaten åt vi i lag. Det er enkelt med brødskiver og kaffi.
Elles har Nils hatt ein bra dag i dag. Han fekk dusja før middag og fekk på seg reine klede, eg ber skittentøyet heim og reint tøy tilbake, så gjer eg LITT nytte for meg.
Solfrid kom mens eg var der for ho ville treffe oss begge, det var derfor det ikkje vart middagslur.
Ho heldt med oss i at vi ville vere på Heimen julaftan-det er strabasiøst for Nils å komme seg heim. Vi skal noko kose oss same kvar vi er.
No skal eg prøve å få gjort litt her heime, i går fekk eg mykje unna etter at eg kom heim. Eg har god arbeidslyst etter midnatt.
I morgon kjem Einar og køyrer meg på butikken. Eg har ei liste liggande.
Eg har ikkje bakt ei einaste kake, ikkje kjøpt ei einaste gåve og ikkje skrive eit einaste julekort. Men JUL blir det nok.

Bok nr.33 - 2017: Drømmetyderens død.

Så fekk eg endeleg lese ferdig denne boka. Skulle ønske eg hadde fått lese den meir i samanheng, for det har blitt mange fram- og tilbakespolingar. Eg har lese bøker av denne forfattaren før, og likt dei godt, spesielt fordi han blandar fiksjon og fakta på ein artig måte-eg føler at eg lærer litt av kvart undervegs. Språket er godt, utan for mange digresjonar  som ikkje har med handlinga å gjere. Elles har Solveig skrive om boka før.

onsdag, desember 20, 2017

Dagbok 2017: 20. desember

Etter å ha hatt kvit vinter og "julestemning" ei stund, kom våren til Starevegen i dag. No er klokka 22.05, utetemperaturen er + 4 grader og det regna litt då eg gjekk heimover. Sette ny rekord i dag, kom under 20 minutt på heimturen. Det er motiverande å slå sine eigne rekordar, og så kjem eg meg fort heim. I dag gjekk eg heimanfrå i 15-tida eller vel det, så de forstår at eg er mykje på Heimen i staden for å bake til jul etc.
Ingeborg og Margrete var hos Nils då eg kom ut, og eg hadde med meg følgebrevet, slik at dei henta pakken frå Rasmus og var opp i Starevegen med den. Der henta dei pakkane frå Solveig. I Rasmus sin pakke var det gåver til alle, men det blir ein del farting fram og tilbake no når alle er heime, så det blir vel råd å få distribuert alt før jul.
På føremiddagen i dag fekk eg gjort litt av kvart, men det kjekkaste var at ei av naboane kom innom og prata ei stund. det sette eg pris på.
Eg åt "middag" før eg for heimanfrå i dag, men kveldsmat åt eg i lag med Nils på heimen. Han  (og eg) kunne fått lutefisk i dag, men det er ikkje Nils så glad i, så han fekk fiskekake i staden. Eg har så lyst å lage noko godt til han og ta med ut, men det nektar han meg.
Etter middagen sov vi, begge to. Når eg får kvile middag der ute, kan eg vere lenger oppe om kvelden, og Nils treng ein skikkelig lur. Han er trøytt og slapp, men blir sjølvsagt slapp av alle tablettane også.
Eg er ikkje lenger medisinansvarleg, så eg tok med den medisinen vi hadde her heime ut dit, det er synd å kaste så mykje dyre tablettar. Ja, vi har ikkje betalt dei, sjølvsagt. Vi lever i eit godt land. Hadde vi skulla kjøpt medisin for eigne pengar hadde vi rett og slett ikkje hatt pengar nok.
Vi ser som regel mykje TV når vi er der ute. I dag såg vi mellom anna ein fin konsert i samband med innsamling til Frelsesarmeen. Ja, TV er godt å ha når ein er bunden til senga. Eg blei verande til kveldsstellet var ferdig og eg fekk med meg skittentøyet heim. Då var Nils så trøtt at eg trur han sovna før eg hadde kome ut.
Og i morgon snur sola.

tirsdag, desember 19, 2017

Dagbok 2017: 19.desember


Klokka er 21.40, utetemperaturen er + 6 grader, og det var opplett då eg gjekk heim frå Ørstaheimen for vel ein halvtime sidan. I dag før middag kom ein av kameratane til Nils med blomehelsing til pasienten. Eg pakka den ikkje ut, men tok den med på Heimen. Men eg måtte ta den med heim att. Julestjerner får dei ikkje ha der ute, på grunn av allergi. Eg hugsar eit år eg vart så allergisk, og trudde det var julestjerna si skuld, så eg kasta den store flotte planten. Noko eg angra på, for eg vart ikkje betre av det. Somme seier at viss ein tek bort sjølve blomsten og let dei raude eller kvite blada stå, så går det bra. Men eg begynner ikkje å diskutere med dei der ute, det som er bestemt er bestemt, men eg tenkte det kunne vere greitt å opplyse om det.
Sist natt sov eg dårleg og var veldig trøtt då eg stod opp, men det kom seg, så i dag fekk eg i alle fall gjort litt. Vaska litt grundig på bad og kjøkken for eksempel. Men eg stressar ikkje med noko, det viktigaste er å vere hos Nils så mykje som HAN orkar. I dag kom eg utover ca. 15.30, og dermed kom dei med middag til meg også, kjøttkaker i brun saus. Eg har sagt at eg ikkje skal ha middag der, for eg et før eg går heimanfrå- og det er sant.
Etter at vi hadde ete sov vi middag, han i senga og eg i stolen. Det går heilt fint. Så ser vi TV, les litt i Mørenytt og pratar. I dag kom Håkon innom ein tur så Nils fekk briefe han om skifting av dekk. Håkon skulle kontakte Eirik, for det er han som har gjort det før. Det blir kanskje torsdag, for Håkon jobbar til og med i morgon. Han har ein jobb som assistent på VVS, der som Margrete jobbar. Elles jobber han med master i norsk. Han skal bli lærar. Interessant å følgje med barnebarna og sjå kva yrkesval dei tek.
No er det heilt bestemt at vi blir på heimen i jula. Nils har ikkje så mykje vondt, men er veldig svak og slapp, begge deler har mykje med medisinen å gjere. Det er travelt for han å snakke mykje også, så når eg er der blir det eg som "tyt" mest. I morgon får han besøk av kameraten som kom med blomsten i dag. Han kjem vel før middag, så går eg ned seinare. Han likar at eg er der om kveldane og hjelper til med kveldsstellet. I kveld hjelpte eg til så han fekk barbere seg og pusse tennene før eg gjekk. Sjukepleiarane synest vi masar for LITE.Men det er no kjekt å vere litt til nytte når eg først er der.

mandag, desember 18, 2017

Dagbok 2017: 18.desember


Klokka er 22.30, utetemperaturen er + 3 grader C og i dag har det regna litt. Snøen og isen smeltar og julestemninga forsvann som dogg for sola. No vil eg håpe at all snø og is på vegane smeltar før vi får neste porsjonen med vinter.
Det er ca. 1/2 time sidan eg kom att frå Ørstaheimen, det er ein frisk liten tur og gå ned og opp att.
Snakka med Nils i telefonen før middag, han var ikkje i storform, det er han sjeldan, men kjem seg litt utover dagen.
I dag ringde Eirik og ville besøke han, så eg gjekk nedover litt tidlegare enn vanleg. Eirik går på folkehøgskule i Melhus sør for Trondheim, og er heime på julefrie. Då eg kom ned på heimen hadde Nils besøk av ein mann, som stod på farten til å gå. Ei stund etter kom Eirik, og etter kvart kom også Solveig. Solveig og eg tok ein tur og handla, og eg fekk varene heim, før vi reiste ut att til Nils. Solveig skulle hente Olaug jr. som kom med flyet frå Bergen, der ho studerer til tannlege. I morgon kjem Audun, som framleis held til  i Oslo heim med bussen, og då er vel alle barnebarna komne til rette etter kvart.
Det blir sikkert ein del besøk både her og på heimen etter kvart.
I dag før middag var eg så trøytt, eg orka ingen ting. Eg sette meg til med lydbok og strikketøy og sovna der eg sat. Ikkje mange minuttane-men det hjelpte godt på forma. Eg fekk i alle fall rydda litt i julepynt og diverse anna. Det blir ei annleis jul for Nils og meg no når vi ikkje lenger bur i lag. Men vi skal kose oss så godt vi kan.

Bildet: Denne juleduken kjøpte eg i Volda. "GÅR det an å ha ein slik duk?" spurde eg venninna mi. "Ja, viss du ikkje har for mykje anna pynt," sa ho. Det har eg ikkje, og duken skal ligge på spisebordet, men ikkje når vi et.Den er i raudt og gull om de ikkje ser det.

søndag, desember 17, 2017

Dagbok 2017: 17.desember.

Klokka er ca. 20.30, utetemperaturen er +4 grader og snøen smeltar. I dag tidleg såg eg tendensen, så eg brydde meg ikkje med å mòke den snøen som kom i går kveld, det var ikkje så mykje heller.
No kom eg nettopp heim att frå besøk på Ørstaheimen, gjekk ned litt tidlegare enn vanleg og vart ikkje så lenge som eg plar. Eg ringde Nils før middag, då var han ikkje i form, så han ville ikkje  ha besøk av andre enn meg i dag. Og vi som hadde hatt det så kjekt i går! Ja, det vart kanskje litt for "kjekt" for han, for han var nok heilt utsliten, sov til 10.30 i dag.
Men då eg kom ned i ettermiddag var han relativt bra. Han såg heile handballkampen, mens eg sovna i godstolen. Ikkje så rart, eg la meg seint i går og stod opp til vanleg tid i dag. 
Dessutan har eg styrt på i dag. Baka brød, og så støvsugde eg alle teppegolva. Blant anna.
Men etter kampen då dei kom med kveldsmaten var Nils heilt gåen igjen. Han er ikkje sterk, og treng mykje kvile og søvn. Så han er vel fornøgd når han får vere på Heimen og ha rom for seg sjølv.
I dag hjelpte eg til så han fekk barbere seg; velstelt vil han vere uansett. Og han blir vaska og stelt og får reine klede så ofte han treng det. Eg tek skittentøyet med heim og vaskar det. Rasmus hadde ringt i dag, men dei to yngste gutane måtte snakke med farfaren før Rasmus slapp til.
Det har ikkje vore noko snakk om jula og om at han skal heim til jul, eg trur ikkje det blir aktuelt. Det blir for slitsomt for pasienten, og ikkje har han lyst heller. Han er fornøgd når han får ligge i senga, får medisin og slepp å verke. Det blir ikkje så annleis for oss å "feire" jul der ute enn det hadde blitt å vere heime. Vi har vore i lag alle juler sidan 1959, og får vere glade for at vi har fått så lang tid i lag.
Nils et i alle fall når han er der ute, så han er ikkje blitt skrinn.

lørdag, desember 16, 2017

Dagbok 2017: 16.desember

Klokka er 22.40, temperaturen ute er minus 1 grad og det snøar. Tidlegare i dag var det opplett.
Eg kom nettopp heim frå Ørstaheimen, vart der litt lenger enn vanleg i dag, fordi det var noko vi skulle sjå på TV. Sidan Nils er "Lothepus -fan" bestemte vi oss for å sjå på TV 2, men det vart langdrygt, og så kom det 45 minuttars pause med nyheiter og reklame- før vi endeleg fekk sjå Lothe. Då heldt Nils på og skulle sovne i frå heile greia. Men Rolf, bror hans ringde så det redda situasjonen.
Om laurdagane et dei middag tidlegare, så vi fekk ikkje felles middagslur i dag. Nils har hatt ein bra dag, men så fekk han ein tablett som han vart litt slått ut av. Det var før Rolf ringde. Nils får litt problem med å snakke tydeleg når han får dei tablettane, men eg trur Rolf forstod det.
Eg hjelpte til så Nils fekk vaska og stelt seg, pussa tenner, fekk reine klede og var klar for natta. Alt skjer mens han ligg i senga. Slik føler eg at eg kan gjere litt nytte for meg. Eg prioriterer Nils framfor kakebakst, vasking og alt anna julestyr.
Tidlegare i dag har eg ikkje gjort mykje. Eg mòka litt snø, men Torbjørn tok det meste med fresen. Det var ikkje mykje nysnø, men det låg att litt frå før. Elles slappa eg av med lydbok ei stund og strikketøy. 
Og så driv eg og leitar etter eit smykke som eg ikkje kan hugse kvar eg har gjort av. Smykket har eg ikkje funne til denne tid, men jammen har eg funne mykje anna ! Eg brukar alltid å seie at når ein leitar etter noko-finn ein noko anna. Det blir spennande å sjå kva eg finn i morgon.
Når eg kjem att såpass seint om kvelden, kan det vere at eg legg meg litt for seint, så eg håper ingen tek det ille opp om eg søv lenge om morgonen. (Er som regel vaken før 9-gammal vane).

fredag, desember 15, 2017

Dagbok 2017: 15.desember

Klokka er 21.15, temperaturen minus 3 grader. Det har for det meste vore opplett, men det kom akkurat ei lita snøbyge då eg var ute og vandra. Denne dagen har gått som ein røyk, og det har vore ein god dag. God fordi Nils har vore i betre form og for at eg fekk besøk av Julenissen og Nissemora på føremiddagen. Julenissen kom med fly frå Oslo, heim på juleferie.
Dermed vart det ikkje "gjort stort i dag heller, har blitt lite husarbeid siste veka, men i dag fekk eg i alle fall vaska "rundt" på kjøkkenet før nissen kom.
Vi drakk kaffi og kosa oss. Nils ringde og fortalde at han hadde hatt besøk av Matias, så vi tenkte det kunne vere ei lita stund mellom besøka.
Etter at nissen og mora hadde køyrt ut på heimen, gjorde eg meg klar for å GÅ nedover på Amfi, det var noko medisin eg skulle ha-til meg sjølv denne gongen, og så skulle eg ha nokre andre småting. Ikkje noko tungt. Det tok si tid, for det vart venting på apoteket i dag. Då eg kom ut frå AMFI snødde det. For å sjekke kor lang tid det eigentleg tek å gå frå Amfi til Ørstaheimen såg eg på klokka. Det tok 15 minutt- og eg går ikkje fort.
Nils var akkurat ferdig å ete middag då eg kom, så etter ei stund flata vi ut begge to. Seinare åt vi kveldsmat i lag, og eg hjelpte til så han fekk barbere seg etc. Det var så kjekt å sjå at han var i så mykje betre form i dag enn i går. I går kveld hadde han sovna klokka 10-og sove til klokka 10 i dag. Så vil eg ønske alle ei god helg.
Eg skal sjå TV-krim no.

torsdag, desember 14, 2017

Dagbok 2017: 14.desember



Bilda er tatt ca. kl.10.30
Klokka er 21.20, temperaturen er minus 6-7 grader C ; det er fint og stjerneklårt. Kom att frå Ørstaheimen for ei lita stund sidan, det var lett å gå i kveld, utan broddar, for vegane er sanda og så er det såpass kaldt. Nedover hadde eg broddane på meg, men det er ikkje så behageleg å gå med broddar på grus.
I dag ringde eg Nils på føremiddagen og då var han ikkje i form. Eg hadde tenkt meg ein tur til Vik, men miste lysta sidan han var dårleg. Pusla med litt av kvart her heime i staden, til det var tid for besøk. Då hadde han kome seg til litt og var litt kvikkare. Slik var det når han var heime også, somme dagar var ikkje gode, spesielt på føremiddagane.
Han ville ikkje ha middag i dag, men fekk havregrynsgraut i staden (Han fekk velje) og den åt han opp. Så sov vi middag begge to, så no kan eg vere oppe lenge i kveld også. Eg er så glad i å vere lenge oppe.
Nils låg ikkje godt, for automatikken i senga virka ikkje. Så etter kveldsmaten kom dei med ny seng, med eine madrassen oppå hi, så no trur eg han har det bra. Eg hjelper han med litt av kvart når eg er der, slik at eg kan føle meg litt nyttig. No skal eg sjå den nye krimserien på NRK 1.

onsdag, desember 13, 2017

Dagbok 2017: 13.desember


Klokka er 21.45, temperaturen er minus 1 grad c, og det har frose på. Tidlegare i dag var det mildt og regn, no er det stjerneklart. Kom att frå Ørstaheimen for ei lita stund sidan, etter å ha vore der sidan ca. kl. 16.10.Solveig og Øystein henta meg her, køyrde meg ut til Heimen, der eg var hos Nils mens dei for på handletur før dei besøkte Nils.
Nils var ikkje i så god form i dag som i går, for han sov dårleg sist natt. Han var akkurat ferdig med middagen då eg kom, så då kvilte vi i lag, han i senga, eg med lydbok i godstolen. Solveig og Øystein kom og  var der ei stund, og alle fekk kaffi. Det er greitt med korte besøk, men Nils blir fort sliten. Klokka 19.00 var det kveldsmat, og eg fekk ein stor porsjon med gode smørbrød, så i kveld slepp eg å lage meg mat.
Etterpå kom dei og tok Nils med på badet, og han fekk dusje og vaske håret, noko han sette stor pris på. Men det var travelt, så han sovna litt etterpå. Han vakna igjen før eg gjekk, men eg håper han får ei god natt, så han er utkvild i morgon.
Solveig hadde kjøpt broddar til meg, ho er så redd eg skal dette og bryte bein. Men dei passa ikkje på dei skorne eg hadde i dag, men eg kom meg heim utan problem, og like heil.

I dag heldt eg meg heime før middag. Eg sette ein stor bolledeig som vart til bollar i løpet av nokre timar. Så skulle eg pusse kopar og messing, men sidan det berre var ein liten skvett att med koparpuss på boksen, vart ikkje alle tinga blanke. Eg strauk nokre løparar og la på etc. I år pyntar eg til jul-gradvis. Kvar vi blir i jula er enno eit ope spørsmål. Nils blir ikkje sendt heim mot sin vilje, det sa sjukepleiaren i dag. På heimen har dei hjelpemiddel som ikkje kan brukast heime, og så er dei faktisk fagpersonar som KAN sine ting. Vi får sjå korleis det går. Eg er med på alt, berre Nils kan ha det bra.
No har eg sett i gang vaskemaskina. Eg vil at Nils skal ha reine klede så ofte som det trengst, han søler på kleda når han skal sitte/ligge i senga og ete. Men det er ikkje noko problem å vaske.
I morgon kjem ein av fiskekameratanehans og skal hente lina som ligg klar i frysaren og har lege der lenge. Eg håper han ikkje kjem før eg er oppe. Eg har ein tendens til å legge meg litt seint.....

tirsdag, desember 12, 2017

Dagbok 2017: 12.desember

 Morgon.

Ettermiddag.

Klokka er no 21.20, temperaturen er minus tre grader, C og det er lettskya. I dag tidleg var det minus 8 og etter kvart sol i fjella.
Eg kom att frå Ørstaheimen for mindre enn ein halv time sidan. Nils har det veldig bra så lenge han får ligge i senga og slepp å gå fram. Dei steller godt med han der ute, og er veldig hyggelige mot meg også. Det einaste som opprører Nils litt er når dei begynner å snakke om at han kan reise heim. Eg har sagt til han at eg gjerne vil ha han heim, men då må dei komme og sjå og forklare korleis vi skal møblere og ordne oss. Vårt hus er ikkje bygt etter universell utforming. I dag var han veldig bra, sa han. Når han av og til rotar litt og seier noko som er feil-så er det på grunn av medisineringa. Elles er han klar som blekk. 
Og eg må berre vere der så mykje eg vil og kan, seier dei, og mat kan eg også få. Det har eg takka nei til så langt.
Eg er nokså bestemt når eg snakkar med både lege og sjukepleiar, så han stolar på at alt blir ordna på beste måte.Når eg seier det!
Elles har eg hatt ein fin dag. Føremiddagen heime vart heller kort, så ingen ting vart gjort. Venninna mi henta meg 11.30 og så køyrde vi til Volda, der sola skein. Vi handla mat på Mega og elles diverse ting rundt om på butikkane og så var vi på kafé og drakk kaffi.Det er lenge sidan eg var til Volda sist- og då var det ein snartur til sjukehuset for at Nils skulle få ei sprøyte.
Eg skal ikkje legge skjul på at det er godt for meg å komme meg litt meir ut. Skulle ønske Nils også var meir mobil. Takk til Ragnhild for ein fin tur.
I morgon kjem Solveig og Øystein innover ein tur og då skal dei sjølvsagt besøke Nils.



mandag, desember 11, 2017

Dagbok 2017: 11.desember





Klokka er 20.40, temperaturen ute er minus 4 grader, det er nysnø, stjerneklårt og heilt nydeleg ute. Eg kom nyss vandrande heim, etter å ha besøk Nils nokre timar. Han var så glad fordi han hadde fått klipt seg i dag. Det kjem frisørar til Ørstaheimen kvar 14. dag, så då er det berre å skrive seg på lista. Men det er slitsomt å klippe seg! Eg kom mens han åt middag, og etter at han hadde ete, fekk han legge seg å sove ein halv times tid. Då kom han seg. Eg sette meg i godstolen med lydbok, eg hadde også behov for ein pause,- det var berre det at øyreproppane var kaputt.
Etterpå såg vi TV og prata slik vi plar og så kom kveldsmaten klokka 19, fire halve skiver med godt pålegg gjekk ned på høgkant. Så hjelpte eg til slik at han fekk pusse tennene før eg gjekk i 20-tida. Han synest han har det godt på heimen, slik han er no. Legen kjem innom avdelinga hans i morgon, så då kjem det an på kva ho seier. Sjølv seier han at han er "friskare" no enn då han reiste heimanfrå.
Han hadde hatt besøk av Solfrid i dag. Ho er ei god støtte for oss begge.





I dag vakna eg av at leigebuaren skrapa bil og mòka snø. Eg hadde sett mobilen på vekking, men det hadde han visst gløymt. La meg seint i går kveld /natt.Eg heiv på meg klede og kom meg ut. For å oppsummere kort, mòka eg snø det meste av tida før eg gjekk utover til Nils litt før halv fire. For mens eg fekk snøen unna ein stad, hopa den seg opp andre stader. Eg sa det for nokre dagar sidan at no ønskte eg snø, for eg trong mosjon. Der fekk eg den. 
Torbjørn nabo meinte at bilen måtte inn i garasjen, så han fekk frese tune, vi eig ein fresar i lag. Bilen har stått ute veldig lenge, den siste tida med topphatt. Nils har masa om at den måtte inn, men eg har hatt så mykje styr i garasjen at der var rett og slett ikkje plass. Men så tok eg meg på tak og rydda enda litt til, og fekk av bilen topphatten etc. og så skulle Torbjørn rygge den inn.
Då var batteriet flatt. Men her i "pensjo-gata" har vi alle slags folk, og Torbjørn snakka med Einar bilmekanikar, som køyrde bilen sit hit, brukte startkablar og rygga den inn i garasjen. Så henta han ein batteriladar, den virka ikkje. Men trur de ikkje han fann vår! (Eg finn ingen ting i alt garasjerotet). Eg måtte ringe til Nils å fortelje at no var bilen trygt teken hand om. Ja, eg seier som så mange gonger før: Vi har fantastiske naboar her i gata. Veit ikkje kva eg skulle gjort utan dei.
I morgon førmiddag er eg invitert på biltur til Volda med ei venninne, viss eg ikkje blir tilkalla til Ørstaheimen for å snakke med legen. Ein veit aldri. 

søndag, desember 10, 2017

Dagbok 2017: 10.desember



Klokka er 20.45, temperaturen er 0 grader og det er opplett. Her ligg litt snø på marker og vegar, og gatene er såpeglatte. Ikkje ein gong gangvegane er strøydde, så det er litt risikabelt for gamle folk å gå ut.
Eg kom att frå Ørstaheimen frå snart ein halvtime sidan, men sidan eg gjekk oppover, var det ikkje problematisk i det heile. Og i elvevegen var det frosne traktorspor og det hjelpte på. Men eg hadde lova Nils å ringe når eg var heime, så han ikkje skulle bekymre seg, og det har eg gjort.
I går kveld vart det seint i seng,;eg har alltid problem med å komme meg til køys når ingen jagar på. Så i dag tillet eg meg sjølv å sove til eg vakna og då var klokka over 9.
Det vart ikkje gjort så mykje her før middag, men det er no sundag. Eg rydda litt i kjøleskapet. Når eg brått blir her åleine er det ofte for mykje av mangt.
Eg bakte tre grovbrød for å få brukt opp noko melk, tenkte eg skulle lage julebrød, men var fri for rosiner. 
Vi hadde avtale om at Einar skulle besøke Nils frå kl.14.30-så skulle han komme opp hit kl.16 og hente meg + div. som han skulle ha med til Hareid.  Han kjørte meg ut på heimen, og var med inn å sa ha det til Nils.
Eg hadde ikkje tenkt å vere der så veldig lenge i dag, men eg ville sjå kva han fekk til kveldsmat før eg gjekk. I kveld fekk dei rundstykke med kjøttpålegg og diverse "pynt"-det såg godt ut, men eg ville ikkje ete der i kveld, så eg takka nei til mat.
Nils ser ut til å trivast der, han får god hjelp, i dag hadde dei til og med hjelp han så han fekk barbert seg- det har alltid vore min jobb. Vi vart sittande å sjå litt på TV, men eg ville ikkje sjå Farmen før eg gjekk - då vart det for seint å ta på heimveg.
Nils er ikkje verken betre eller dårlegare enn han var heime, men han føler seg tryggare der enn her, fordi der er mange hjelparar og hjelpemiddel.
Eg hadde med medisin-dosetten for heile neste veke, og så måtte eg minne dei på at han skulle ha nytt plaster i dag. Og det fekk han. Han har det godt, og er fornøgd.

lørdag, desember 09, 2017

Dagbok 2017: 9.desember



Klokka er 21.00, temperaturen er + 1 grad, og vi har fått 20-30 cm med våt og slapsete snø. 
I dag gjekk eg berre og surra på føremiddagen. Eg hadde tenkt meg ein tur ned på Amfi, og så opp på Ørstaheimen.
Eg hadde snakka med Nils i telefonen og han let vel, hadde det bra og kjende seg trygg. Han hadde fått hjelp av to damer då han skulle ut av senga og var blitt vaska og stelt. Han var fornøgd.
Eg snakka også i telefonen med eit par venninner før eg gjekk nedover. Tok på meg gummistøvlar, men ikkje regnkåpe, trudde det vart for kaldt.
Eg vart plukka opp av ei nabodame før eg var komen særleg langt. På Amfi var det vill vest, der var nesten ikkje råd å snu seg, så fullt var det der, men eg tok meg ein runde og kjøpte det eg skulle ha. Noko meir kunne eg ikkje bere med meg opp på Ørstaheimen først, og heim etterpå.
Sidan eg ikkje gav meg til så lenge i Vik kom eg relativt tidleg opp på heimen, og Nils hadde det bra. Han hadde nyss ete risgraut til lunsj. eg vart verande heilt til han hadde fått både kaffi og kveldsmat. Dei insisterte på at eg også skulle ha, så eg vart nøydd til å ete, eg også. Nils vart trøtt etter kvart, han hadde vel sett fram til å sleppe maset mitt nokre dagar.
Eg hadde med meg lydbok som eg kunne lytte til viss han sovna og det gjorde han, men då kom kaffien.
Eg gjekk frå heimen klokka 20.15, men brukte nesten ein hal time sidan eg vaspa i snø mykje av vegen. Dei hadde pløgd gatene, men eg gjekk elvavegen sidan eg oppdaga at eg hadde mista refleksen.
Mòka snøen av trappa då eg kom heim og henta inn ved. Gudmund var ute og mòka, han også, og så tilbaud han meg å komme bort å sjå "oppussinga"-og det gjorde eg sjølvsagt. Eg hadde med meg kamera og tok bilde ute, men no finn eg ikkje minnebrikka. Kjekt å ha noko å leite etter.

fredag, desember 08, 2017

Dagbok 2017: 8.desember

Klokka er ca. 18.30, men eg føler det er mykje seinare. Vakna tidleg i dag, det er vel derfor.
Ute blæs det og regnet har gått over i sludd. "Kaldt og mørkt og lite sol, såleis er det fram mot jol..."heiter det i ein gammal julesong som blir brukt her i Ørsta.
I dag hadde vi avtale med Solfrid om at ho skulle komme klokka 9 og ta nye blodprøver før Nils fekk mat og medisin. Eg sette vekkinga på 8,  vakna klokka 6, men låg og las ei stund.
Solfrid tok blodprøve og målte tempen, litt feber hadde han. Blodprøva viste at CAP(infeksjonsverdien) hadde stige frå 39 i går, til 68 i dag. Dette er ikkje høgt, men medisinen lurer oss litt.
Seinare kom ein annan sjukepleiar og ville ha urinprøve, der fann dei ikkje noko skummelt. Men Solfrid meinte at han skulle leggast inn på sjukeheimen, og ho fekk ordna det slik. Dei hadde eit rom som blei ledig i løpet av dagen, men først måtte det vaskast ned. Derfor vart det ikkje før i 16-17 tida.
Vi skulle få ambulanse-skyss. Men så ville fastlegen sjå litt på han, så vi måtte innom legesenteret, og dermed kom ambulansen klokka 14.30.
Nils låg heile føremiddagen, men eg fekk vaska bad og kjøkken, lagt i hop klede, dusja og kledd meg om før den tid. Og så var det å pakke med seg det vanlege. Dette siste året har eg pakka ryggsekken til Nils mange, mange gonger. Tok også med tablett-dosetten, slik at medisinen var klar. Det trur eg dei vart glade for, for eg fekk ein ny dosett slik at eg kan fylle opp for neste veke.
Ambulansemannen frå Hamar sjekka blodtrykk m.m. slik at det var klart då fastlegen kom ut i ambulansen for undersøking. Han fann ikkje noko å sette fingeren på.
På Ørstaheimen vart vi vel mottekne, rommet var ikkje heilt ferdig, så Nils måtte sitte i ein stol mens dei reidde opp senga. Han fekk rom nr.5-og det har han hatt før. Vi kjende oss att. Vi fekk etter kvart middag begge to, det var fiskegrateng, noko som vi har ete ganske mykje av begge to i seinare tid.
Linda, som er lege på Ørstaheimen, var ikkje gått heim for dagen, så ho kom og prata med oss. Ho tykte ikkje Nils var så dårleg at ho trong å sette i gang med behandling- ho ville sjå det an litt først.
Så diskuterte vi litt medisinen som han får. Og så måtte ho og Nils "prate fisk". No kan det høyrast ut som om Nils ikkje er så dårleg, men han er ikkje så bra heller. Det største problemet er foten, som er veldig vond når han skal prøve å stige på han. Det er vanskeleg å komme seg opp i senga og ut av senga. Vanskeleg å komme seg på badet og få vaska seg etc. Nils er sjuk på den måten at han har lite krefter og ikkje klarer så mykje. Eg er heller ingen Goliat, så eg har ikkje krefter nok til å løfte og støtte han slik eg gjerne ville. Eg trur det er det beste for oss begge at han får vere på Ørstaheimen og så får vi ta det etter kvart. Det er no ikkje så langt å gå dit på besøk heller. Vi kjenner mange av dei som jobbar der etter kvart, og mange ønska Nils velkommen igjen. Trur det blir kjekt med litt forandring for han også. Helst av alt ville eg hatt han heime, men eg synest ikkje det er heilt forsvarleg slik det var no. Elles vil eg berre rose alle som hjelper oss. Ein høyrer som regel berre om det som er gale, men der er massevis av folk i helsevesenet som gjer ein fantastisk jobb. Og takk for det.
Margrete kom innom Ørstaheimen og ho køyrde meg heim.

torsdag, desember 07, 2017

Dagbok 2017: 7.desember

Klokka nærmar seg 18.00, ute regnar det og blæs litt. Temperaturen er + 6 grader C, og det har vore mørkt lenge.
I dag har eg gjort lite og ingen ting, mesteparten av tida har eg gått rundt meg sjølv.
I går var Nils veldig slapp og trøytt, men kvikna til utover ettermiddagen og kvelden.
I dag var han enda trøyttare; eg vekte han med mat og medisin klokka 9.00 som vanleg, men han sovna frå alt i hop.
Vi venta at HBO skulle komme og ta blodprøver klokka 11.00, men dei kom litt før. Dei kunne ta prøva på soverommet, men Nils ville opp og det gjekk bra. Men han sovna igjen så snart damene var vekk. Sjukepleiaren ringde meg med det samme dei hadde fått resultatet. Blodprosenten var som før men infeksjonsverdiane hadde auka frå 10-39 på 14 dagar.
No er ikkje dette høge verdiar,(han har hatt verdiar opp i 200 når han har vore sjuk) men så må ein ta høgde for at han går på mykje medisin som kan skjule ein infeksjon. Solfrid ringde etter at ho hadde fått resultatet og ho hadde kontakta fastlegen. Det vart bestemt at dei skal ta ny blodprøve i morgon tidleg, og då vil legen avgjere om det skal settast i gang behandling. Det vil truleg bli på Ørstaheimen i tilfelle.
Nils har sove mykje i dag, men har vore litt meir vaken no på ettermiddagen. Han har ikkje fått i seg særleg mykje mat. Eg reknar med at legen kanskje kjem opp hit i morgon etter arbeidstid. Men eg veit ikkje noko meir før vi får resultatet av nye prøver. Han vil vel sjå om infeksjonsverdiane stig hurtig.
Eg skriv dette her slik at dei som er interessert kan følgje med.

Eg starta dagen med å skrive referat frå møtet i går, og var for så vidt ferdig før dei kom og tok prøver.
Elles har eg rippa alle tre bøkene Solveig kom med, strikka litt, lese aviser og gjort aldri så lite husarbeid.
Mesteparten av tida har eg passa på Nils, tatt temperaturen, gitt han medisin etc. Det var ikkje så kjekt at han blei dårleg no når vi hadde vant oss til at han var relativt bra dei fleste dagane, og infeksjonsverdien har halde seg på 0 sidan han kom heim frå Ørstaheimen den 2.mai. Han har blitt dårlegare i kroppen etter kvart og har store problem med å gå, sjølv med rullator, men han har hatt bra appetitt og vore klar i toppen, så vi har hatt det ganske bra lenge.
Håper dei får bukt med infeksjonen denne gongen også, det er sjette gongen han er "sjuk"-  første gongen han vart innlagt på sjukehuset var på 80-årsdagen i fjor.
No får vi håpe han får god hjelp denne gongen også.

onsdag, desember 06, 2017

Dagbok 2017: 6.desember




Klokka er 20.30, utetemperaturen + 2 grader C og det regnar.
Dagen i dag har ikkje vore heilt vanleg.
Eg var oppe som vanleg og rakk å støvsuge før Nils stod opp.
Han var ikkje i form i dag heller, så etter kvart vurderte vi å ringe til Solfrid. Sidan eg skulle på møte måtte vi sikre oss best mulig, men vi fekk ikkje tak på Solfrid på telefonen.
Vi hadde avtale med Solveig om at ho skulle vere her med Nils og hente meg etter møtet. Torbjørn hadde også bode til å sjå til Nils. Eg dusja og gjorde meg klar i god tid, og bra var det, for då ringde det på døra og det var Solfrid som kom. Eg rekna med at ho hadde sett at vi hadde ringt, men det hadde ho ikkje, så det var heilt tilfeldig at ho kom akkurat i dag. Det er alltid godt å få snakke med henne, ho er liksom mellomledd mellom oss og legen. Eg måtte gå mens ho enno var her, og like etter at Solfrid gjekk kom Solveig. 
Eg hadde det kjekt på møtet, skulle berre ønske at Nils kunne ha vore med, han hadde lyst sjølv også. Det var eit kjekt møte
Vi hadde juletallerken på møtet vårt i dag, og eg kan ikkje hugse sist eg åt så mykje middagsmat.
Solveig henta Marit og meg. Ho hadde handla det eg hadde bede henne om: Mjøl, melk og strikkegarn. Og så hadde ho med seg 3 lydbøker som eg har begynt å rippe.
Nils som har sove både dag og natt i det siste, hadde vore vaken heile tida.
I morgon kjem dei for å ta blodprøver, då sjekkar dei blodprosenten og ev. infeksjonsverdiar. Det er infeksjonsverdiane eg er mest spent på. Nils ser sport på Tv, eg rippar bøker på ei maskin og skriv på ei anna

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...