fredag, januar 31, 2014

Dagbok 2014: 31.januar

Klokka er 16.30, temperaturen ute er minus 2 grader C og det har vore ein nydelig dag. Sola har skine på huset vår frå ca 10-16, med eit avbrot på vel ein time då ho var bak Melshornet.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, Nils skulle til rutinekontroll hos fastlegen, og viss alt var i orden skulle han og kamerat Kjell ut og fiske etterpå. Og fisketur vart det, fangst vart det mindre av. Dei fekk ein del småsei, men ingen store fiskar i dag. No driv Nils og lagar kokt småsei til middag.
Mens han var på fisketur styrte eg på her heime, baka brød, støvsuga etc.
NIls ville ha seg ein pause etter han hadde styrt med fisk, men eg ville ut i sola ein tur. Og så var eg så heldig at eg trefte ei veninne (Rigmor)  som også var ute og lufta seg. Vi gjekk rundt her på Vallabøen i sola i 1 1/2 time og prata og prata. Det er ikkje så ofte vi snakkast, for ho bur ikkje fast i Ørsta.( Møter henne og mannen på Amfi av og til). Men vi var ikkje i beit for tema, hadde sikkert hatt stoff til enda ein time, og vel så det.Verken ho eller eg var interesserte i å gå fort, berre i å vere ute.
Då eg kom inn att ringde Ingeborg og takka for pannebandet, ho hadde ikkje kome seg til postkassa i går elles hadde ho fått det då. 
Det har snødd noko alvorlig i Kristiansand. På bildet over kan de sjå kor mykje snø her er. Men dette vesle fjomet har lege her i vekesvis, på vegane ligg der også snø ytst på kanten. Men til helga er det meldt regn og sterk vind, så då blir det endring på det meste.
Så står det berre att å ønske alle ei god helg !

torsdag, januar 30, 2014

Dagbok 2014: 30.januar

Klokka er 17.30, temperaturen er minus 1,5 grader C og vi har framleis fint, lettskya vêr, utan nedbør. I dag hadde vi sol i fleire timar, meir og mindre, men sidan det ikkje var heilt klårt var ikkje sola så sterk.
Føremiddagen gikk til diverse arbeid, Nils fekk på plass ved ute og KOSTA plenen for sagmask -med piasavakost!!! Å ha sagmask liggande på graset er å be om trøbbel, for den isolerer slik at telen blir verande i jorda og ein får isbrann.
Eg vaska og styrte på inne og fekk dampen opp etter ei stund.
Eg er ein skikkelig frostpist og vil helst vere nær omnen. Etter at vi hadde ete "lunsj" og slappa av litt, tok eg med sjølv i nakken, kledde godt på meg og så gikk vi tur opp Storebakken og ned på Kiwi og handla litt. Eg hadde putta lommeboka i lommen på vona vi fann ut at vi måtte ha noko. Etter kvart vart eg varm og fekk i gang blodomløpet. Men den dørstokkmila er lang.
No skal eg snart lage middag. Det vart middag i går også, litt seint men godt.
Elles driv eg og strikkar på sjalet mitt, det viser seg at det var meir arbeid enn eg trudde med det tynne garnet, men eg strikkar opp det garnet eg har, og så får det vere nok-uansett storleik. Eg har eit trekanta sjal som eg har kjøpt, men har aldri tenkt over kor stort det eigentlig er.
No er det bekmørkt ute. Nils fyrer i omnen-godt å ha ved!

onsdag, januar 29, 2014

Dagbok 2014: 29.januar

Klokka er 15,30, temperaturen ute er + 4,5 grader C, det er overskya, men opplett. Stort betre kan det vel ikkje vere i slutten av januar.
Vi har nettopp hatt oss ei brødskive og ein kaffikopp, så får vi sjå om det blir middag i løpet av kvelden.
I dag hadde vi ingen spesifikke planar, men eg hadde i alle fall noko ved eg skulle kløyve. Nils fann ut at då kunne han felle eit par små bjørker han hadde sett seg ut. Så mens eg kløyvde, og etterpå plukka vekk restar av blomkarse på garasjeveggen, var han i "skogen". Han kom heim med eit lass med kubbar, og mens eg kløvde dei, henta han enda eit lass med ved. Med lass meiner eg det han får inn i bagasjerommet på bilen, så det er ikkje så mykje som det kan høyrest ut.
No, då eg skulle til å skrive på laptop-en kjenner eg at armane og skuldrane er litt tunge å få med seg. Ikkje så farlig, det går nok over. Som de ser på bildet har Nils fått ein liten skade i dag, det var ei grein som sveipa borti han. Kan vi søke erstatning frå naturskadefondet, tru? No gler vi oss til alle kommentarane-reknar med at eg får skulda for "kloret".

tirsdag, januar 28, 2014

Bok nr 5 - 2014: Svart sti.

Det er vinter i Lappland. På Torneträsk ligger arkene, de små fiskebuene på meier, godt forankret i isen. Folk kryper sammen der inne i varmen fra propanapparatene. Men den isnende stormen tar tak i en av arkene og feier den av sted. Ute på isen prøver en halvnaken mann, som hadde et ærend ut og plutselig er blitt hjemløs, å berge livet. Han bryter seg inn i den mørklagte naboarken – og finner en myrdet kvinne i sengen. Hvem er hun? Hvordan har hun havnet i arken? Hva er det for slags merkelig båndformet brannskade hun har rundt vristen? Dette er opptakten til Åsa Larssons tredje roman om juristen Rebecka Martinsson og politifolkene Sven-Erik Stålnacke og Anna-Maria Mella i Kiruna. De oppdager snart at saken har internasjonale forgreninger.

Eg har lese mange bøker av Åsa Larson, sikkert nokre som er nyare enn denne også, for mykje av privatlivet til hovudpersonen er kjent frå før. Når eg likar denne boka er det meir på grunn av fortellingane som ligg innafor ramme-fortellinga, enn sjølve krimmen. Og eg likar skildringane av livet i Kiruna-traktene.Åsa Larson er ein flink menneskeskildrar og personane hennar er interessante.Boka er ingen tungvektar, men grei underhaldning. 

Dagbok 2014: 28.januar

Klokka er 17.30. Temperaturen +2-3 grader C. Det har vore ein fin dag. Før middag hadde vi sola frå 10.30 -12 ca, så var den bak Melshornet ei stund før den kom att for fullt ca kl.14.00. Slike dagar burde ein sjølvsagt vere ute, og Nils jobba med å rydde opp i veden som låg att. Eg fekk ikkje gjort stot anna enn å vaske håret og rydde i heimen før vi tok ein tur til Vik. Eg måtte blant anna ha litt meir teppesjampo. Nils hadde ærend på apoteket, og så var det litt mat som mangla.
Då vi kom heim, rensa eg teppa på gangen og vindfanget, så kan vi rydde bort maskina for denne gong.Tepperensing er god mosjon for armar og rygg, for å seie det på den måten. Det er så rart med det, er det fint lett vêr, får ein ny energi.
Til middag i dag blei det steikt kveite med heimelaga, relativt mager, remuladesaus, grønsaker og mandelpoteter. Etterpå måtte vi berre slappe av litt!
I går begynte eg å strikke på eit sjal-fann oppskrifta på Strikkemor(o) sin blogg. Eg hadde ikkje rette sorten garn og brukte ikkje rette sorten pinnar, så sjalet mitt vert heilt annleis.Gjorde ein feil og måtte rekke opp, og så var det ikkje så lett å "komme innpå "igjen, men det er no berre eit sjal. Garnet eg brukar er noko eg hadde liggande. Men så lærer eg mønsteret, som eigentlig er veldig lett, og kan strikke eit fint sjal seinare ein gong. Mens eg strikkar les eg krim, er snart ferdig med den boka eg held på med no.
Bilda er tatt klokka 14.30.

mandag, januar 27, 2014

Dagbok 2014 - 27.januar

Klokka er 16.15, temperaturen er + 1 grad og det har vore nydelig, lettskya vêr ute. Vi har fått sola inn i stova to gonger, først frå 10.30 - 12, og så var ho her ei lita stund rundt klokka 14.00.
Nils var inn og rydda litt på hogstfeltet sitt, og tok ned nokre små oretre, slik at det skal sjå pent ut.
Eg sette i gang med å rense teppegolvet på stova med den nye tepperensmaskina. Hadde ikkje tenkt at eg skulle ta heile golvet på ein dag, men det gjorde eg. Det var ikkje så tungt. Tok litt i gangen også, men då var det slutt på teppesjampoen. Og då kom Nils heim.
Eg steikte pannekaker til middag i dag, måtte bruke opp litt av alle egga vi har hamstra. Vi har eit ekstra kjøleskap i kjellaren, og så gløymer vi å bruke det vi lagrar der.Brått har vi veldig mykje egg som snart er ute på dato.
Med det same vi var ferdige å ete, ringde Rasmus, og han og eg prata mens Nils tok seg ein middagslur. Rasmus har vore til fastlegen, og er no friskmeld 50%, og sjukmeld 50%. Så no må han berre avtale med arbeidsgjevar korleis det skal ordnast. Han skal også gå til fysioterapeut, og trene heime. Han får nok plagast ei stund.
Eg synest det er litt dumt at eg ikkje har vore ute i dag, men så er det slik at det er dei fine dagane ein får arbeidslyst inne også. No har eg shina opp kjøkkenet, men så har eg tenkt å begynne på eit nytt handarbeid.
(Bildet er tatt frå altanen i dag klokka 16.00).

søndag, januar 26, 2014

Dagbok 2014: 26.januar

Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er så vidt under 0 grader C, og det har vore ein fin dag. Vi fekk så vidt sjå sola ei stund i dag, hadde det vore heilt klårt er det ikkje godt å seie kor lenge ho hadde vore her. I dag var vegane isfrie, tørre og stort sett berre. Den snøen og isen som enno ligg att var lett å unngå då vi gikk ein lang spasertur rundt på Vallabøen før middag. Før vi gikk ut, strikka eg ferdig pannebandet eg begynte på i går kveld. Vaska det og la det til tørk.Dette var eit prøveprosjekt, måtte teste ut garn og opplegg etc.
Då vi kom inn att kokte vi poteter og åt spekemat til. Heilt grei middag, det. Eg somna med lydboka på sofaen etterpå.Somme synest kanskje eg er fæl til å sove, men vi legg oss heller seint om kvelden........
No skal eg lese vidare i boka, men må vel legge meg opp eit spøt. Strikkar berre småting mens eg ventar på mønsteret til Margrete sin genser.
No har Nils og eg gått gjennom rekneskapet til Ørsta Mållag, eg er såkalla ettersynsperson, ein jobb som tek ca 1 kvarter for året. Nils hjelper meg, det er han som har gått handelsskule !
Det er proffe folk som set opp rekneskapet på Exel, så det er veldig greitt.

lørdag, januar 25, 2014

Dagbok 2014: 25.januar

Klokka har akkurat passert 16.00, ute skymest det og Nils ser på TV. Vi har nettopp ete middag, i dag vart det ferdigkjøpt pizza.Ute er det overskya og gnallkald vind,i alle fall nede i Vik, her oppe blæs det ikkje mykje. Det er stort sett opphaldsvêr, men før i dag flaug det rundt nokre små snøflukser, og etterpå litt regn. Det er i alle fall ikkje så fint som det har vore i det siste.Temperaturen er + 4 grader C.
I dag hadde vi oss ei arbeidsøkt rett etter frokost. Eg kløyvde resten av veden. Det var berre nokre få ,små kubbar, så det er ikkje noko å snakke opp. Nils hadde resten av den kløyvde veden i sekker, og så rydda vi opp. Det var DEN bjørka ! Det blir kanske fleire seinare.

Så kledde vi oss om og tok ein tur til Vik. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, men kjekt å ha seg ein tur og møte folk. På Amfi var det så mykje folk at vi kjøpte nesten ingen ting,hadde nok med å brøyte oss fram,og så handla matvarer på Rema 1000 i staden. Der er lite og oversiktlig, men no driv dei og bygger ein diger butikk ved sidan av Prix- då blir det enda ein diger matbutikk i sentrum.Eg er ingen sjefsøkonom, kjøper som regel det eg treng og betaler det det kostar utan å reflektere så mykje over prisane. Men i dag stod eg og vog på om eg skulle kjøpe to halvkiloar med steikemargarin eller ein heil kilopakke. Steila litt då eg rekna ut prisskilnaden, men no har eg gløymt kor mykje det var.
Det blir ikkje trimtur i dag, men vi tok to runder på Amfi, ei oppe og ei nede. Mall-walking-trim får vi kalle det.
No skal eg slappe av litt med lydboka mi, og sjå om eg greier å bli ferdig med CD 1 etter to-tre dagar.
Får ikkje begynne på genseren til Margrete, for mønsteret var ikkje kome. Hadde kontakt med butikken i Volda på FB. Facen er brukandes tildet meste.

fredag, januar 24, 2014

Dagbok 2014: 24.januar.

Klokka er 19.15, temperaturen ute er +2,5 grader C og vi har hatt same fine vêret som i går. Her oppe hos oss blæs det ikkje, men eg kjende at nede i Vik var det iskald vind.
Då eg stod opp i dag, etter ei natt med lite søvn, var eg lemster og låk i ryggen, men etter at eg hadde støvsuga og styra litt var eg nesten heilt bra. Det gjeld å halde seg i bevegelse.
Har hatt problem i heile dag med å forstå at det er fredag, for eg har fått laurdagskjensle, uvisst kva det kjem av.
Dette har vore ei variert veke, med mange kjekke aktivitetar og besøk.
I dag hadde vi stevnemøte med Lise og Kjell på Amfi, der vi benka oss på kafeen og prata om alt som fall oss inn. Dei var på handletur frå Stryn og hit. Når siste tunnelen blir ferdig, skal vi ein tur til Stryn, lenge sidan vi har vore der no. Skal kjøpe noko der som ikkje er her.
Chatta med Ingeborg i går. I Kristiansand er det mykje snø og kaldt. Ho hadde lyst til at eg skulle strikke panneband til henne, og i dag kjøpte eg garn. Men så er eg ikkje sikker på om eg har "handla" rett, så dersom nokon av dei som les bloggen, har tips om eit godt mønster og høvelig garn, så set eg pris på det. Trur ikkje det som dama på strikkebutikken foreslo, blir varmt og tett nok. Skal no sjekke dei mønstrene eg har sjølv også.
Då vi kom  att frå Vik i dag, steikte vi småsei til middag, det var ei god avveksling frå all ballen.
Elles har Nils koka grønerterstuing av 5 pk. grøne erter, og frose ned i høvelige porsjonar. Det er noko som han, og visse andre, likar godt.
Eg har fått rippa alle tre bøkene eg lånte i går, og skal levere dei tilbake i morgon. Eg sit framfor dataen og strikkar mens rippinga går føre seg. Er snart ferdig med enda eit par "restelester". Og slik går no dagane. No skal eg berre rydde litt i heimen og legge i hop ein klesvask, så er det TV resten av kvelden. Nesten for mykje av det gode på fredagskveldane. Men eg ser aldri TV på dagtid, så eg overdriv ikkje TV-tittinga. Trur eg.
Ønsker alle ei god held. Håper det blir vêr til å vere ute både for små og store.Kjekt for dei som vil gå på skeiser at det er fin is mange stader. Særlig sidan det er smått med snø.

torsdag, januar 23, 2014

Bok nr. 4 - 2014: Lindemanns tivoli.

Dette er framhald av boka "Lindemann & Sachs" som eg las før jul. Eg må innrømme at eg har lite greie på økonomi og finans på høgt nivå, så det er ikkje alt eg får med meg i desse bøkene. Likevel synest eg dei har vore interessante, særlig denne siste.
Eg har litt problem med å samanfatte kva bøkene handlar om, derfor dette utklippet frå nettet. Det som eg finn mest interessant er å få eit innblikk i korleis finanssystemet virkar, og filosoferinga omkring "butikk" og moral. Eigentlig skulle eg ha lese bøkene i samanheng, for det er ein del folk å halde orden på, særlig når ein les lydbok.

Dahl skuffer ikke.
På den bakgrunnen var jeg ekstra spent da en ny bok forelå med utgangspunkt i den finansielle kombinasjonen Lindeman & Sachs og romanen av sammen. For å ha det unnagjort; jeg er ikke skuffet denne gangen. Der den første boken, med utgangspunkt til 70-tallet og vennskap, rivalisering og etter hvert bittert fiendskap mellom de to pengenestorene Vebjørn Lindeman og Erling Sachs, lar Kjell Ola Dahl denne nye romanen finne sitt handlingsrom i løpet av tre år på 90-tallet.
De to nå litt mer enn middelaldrende fiendene viker – mer eller mindre – plass for sine barn og deres ektefeller, kjærester, elskerinner. Ulrikke Sachs, Per Ole og Anders Lindeman. På scenen slipper også den yngre finanssluggeren Jim Klafstad til; Per Ole Lindemans studiekamerat, co-gründer og beste venn. Sammen med den programmeringstalentfulle Anders Lindeman, som er personlig konkurs og ellers forakter sin bror av et godt hjerte, dukker en indisk venn av ham opp, minst like informasjonsteknologisk lovende som Anders. Det er midt i internetts første virkelig store blomstringstid; de to ender opp som gründere. Barnet heter Tivoli AS. Dataspill og en ny nettleser er idékapitalen.

En underholdene mikstur

Fortellingen i «Lindemans tivoli» fremstår som en mikstur av familiesaga, såpeopera, teknologi- og finansthriller og god gammel røverhistorie. Og; det er riktig underholdende, vesentlig bedre fokusert og målrettet enn den første. En av grunnene til dette er Dahls evner som forteller med en ekstra flair for mange baller i lufta samtidig, en annen er at mannen ikke bare kan dette stoffet; han vet hvordan kunnskap og innsikt kan formidles skjønnlitterært uten å bli påtrengende; informasjonsteknologisk historie (om vi skal kalle 90-tallet for nær eller fjern IT-fortid er diskutabelt), finansmarkedenes ulike måter å virke på og hvordan en pengebader med urent mel i posen opererer. Innimellom slippes til glimt av levende mennesker med kronglete følelsesliv – kronglete, men troverdig; usentimentalt, men nært formidlet.
Jeg innrømmer åpent at jeg fremdeles håper Kjell Ola Dahl har en virkelig ambisiøs og vellykket kriminalroman på beddingen. Igjen. I mellomtiden har jeg hatt noen riktig interessante og underholdende timer med Lindemans tivoli. Aller mest morsomt var det å lese side 467 rett etter en nyhetssending full av en viss krise. Den siden er det som i enkelte sportssammenhenger kalles en innertier. Det er bare å glede seg.

Dagbok 2014: 23.januar



Klokka har passert 17.00, ute har det møkna men vêret er framleis fint, verken regn, snø eller vind. Men ikkje sol heller i dag. Dessverre.
Nils var i skogen og rydda etter seg i dag ig kom heim med eit lass greiner som han skal sage opp på sikt. Eg gjorde diverse husarbeid før eg gjorde meg kla til å besøke venninna mi. Praten gikk lett og timane fort, så eg vart der lenger enn eg hadde planlagt. Etterpå var Nils og eg ein tur på Amfi og handla matvarer.
Kva vi hadde til middag i dag, trur eg ikkje at eg skal nemne her.
No står Nils klar og skal hente eit par ski som Rasmus har kjøpt på nettet av ein mann her i Ørsta. Reknar med at det ikkje er til han sjølv.
...............................................
Det blei til at eg vart med og henta skiene, og tok ein tur innom biblio med det same. Biblioteksjefen hadde lagt til sides bøker til meg, eg plar som regel vere den første som får dei. Så no har eg tre bøker på lager.

onsdag, januar 22, 2014

Dagbok 2014: 22.januar

Klokka er 18.30. Temperaturen ute er minus 1,5 grader C. Det har vore nydelig vêr i dag, og for første gong i år skein sola inn glaset og rundt heile huset. Dvs. det kunne ha skjedd for nokre dagar sidan, men det har ikkje vore klårt før.
Eg nytta finevêret til å henge ut sengkleda til lufting, bytte på sengane og vaske klede.Samt vaske soverommet. Stort meir rakk eg ikkje før vi reiste til Volda for å treffe Margrete. Ho og eg skulle velje ut fargar til ein genser som eg skal strikke. Mens vi diskuterte garn og fargar, var Nils og Erlend inn på Narvesen og kjøpte Flax-lodd. Det vart eit par gevinstar som vart brukt til enda fleire lodd, men eg er ikkje sikker på kva sluttresultatet var. Han gikk trulig ut i null. Vi greidde til slutt å bestemme oss for garn, men sjølve mønsteret var utselt, så eg må bort att ein gong til. Tok ikkje med garnet i dag, ventar til eg får mønsteret.
Vi var ein tur på Spinneriet også. Ærendet var ei fleecejakke til meg, og det vart kjøpt. Dessutan fann eg ein genser på "Kle og kaffi" som eg likte og tok  med heim, den var sett ned 30%. Skulle ta fine bilde i Volda, der heile sentrum ligg bada i sol, men kamera var sikkert feil innstilt, for bilda vart ikkje bra.
Då vi kom heim varma vi opp att ball frå mandag og åt godt. Altfor godt. Dessutan var her heitt og godt i stova, så eg slokna på sofaen med lydboka på øyret, og det er spørsmål om eg kjem meg til att i løpet av kvelden. I dag då eg stod opp, var eg ikkje låk i ryggen, men det er eg no. Eg skuldar på sofaen! Eg har i alle fall stoke sengkleda og strekt dei på att. Nils har kløvt resten av kubbane, så no er den jobben gjort.
Dessverre har vi enda meir ball att!

tirsdag, januar 21, 2014

Dagbok 2014: 21.januar

Klokka er snart halv fem og det er framleis lyst ute. Heller ikkje i dag har vi sett noko særlig til sola, men det er på grunn av skyer. Vi har eit nydelig vêr uansett, med lettskya opphaldsvêr og 0 grader.
I dag hadde Nils planlagt fisketur i lag med Mathias, og eg ville kløyve ved. Så Nils hadde rigga opp vedkløyvaren. Då Nils kom att frå fisketuren, hadde eg kløyvd ferdig nesten alle kubbane han køyrde heim i går. Eg gjorde meg ferdig og stod og snakka med naboen oppe på vegen då ein bil stoppa. Det var nestleiaren i pensjonistlaget som forkynte at eg skulle ha vore på styremøte i pensjonistlaget. Dei hadde sendt melding både på mobil og FB, men no har eg høyrt så mykje om det å ha pause frå sosiale media at eg hadde kopla ut alt.
Eg sette meg inn i bilen slik eg gikk og stod, med sagmask og det heile, var på møtet til det var slutt, og vart køyrt heim att. Først då kom eg på at eg gikk med nokre ti år gamle briller, var redd eg skulle øydelegge dei nye under kløyvingsprosessen.
Mens eg var vekke hadde Nils køyrt heim to lass til med kubbar, som vi gikk løs på etter at vi hadde tatt oss litt mat. Å kløyve er ikkje problemet, men det å løfte dei tunge kubbane oppå kløyvaren. Nils begynte å løde mens eg kløyvde.Som de ser på bildet har vi nokre få kubbar att.
Eg ser det paradoksale i at to gemlisar som begge er dårlige i ryggen driv med slikt arbeid. Eg skal verken bøye meg eller løfte, og Nils skal ikkje løfte tungt. Men dette gjer vi fordi vi har lyst til det, og eg nyt det å få jobbe ute i staden for å trakke ned dørstokkane inne.  
Fiskarane var ikkje så heldige i dag, dei fekk berre litt småsei, såpass vi skal ha til middag no i kveld, restane av ballen får vente til i morgon.
Fekk melding frå Rasmus om at han hadde fått av gipsen i dag.


mandag, januar 20, 2014

Dagbok 2014: 20.januar

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 1,4 grader C, det er lettskya og opplett. Stort finare kan vi vel ikkje vente det i januar. Merkar at dagane har blitt ein god del lenger-ikkje fullt så mørkt som det var ved juletider. I dag stod vi relativt tidlig opp, Nils hadde tenkt seg på vedaskogen blant anna. Eg hadde ikkje så mykje på programmet, anna enn at eg skulle koke ball (klubb) til Margrete og Erlend kom. Elles så hadde eg litt småjobbing i huset å ta meg av.Var dårlig i ryggen då eg stod opp, men når eg fekk bevega meg litt gikk det over. Og det var bra, for no etter kvart har eg tenkt å starte opp vedkløyvaren. Nils kom heim med bilen full av kubbar, eg trudde det var halve treet, men han påstår at det berre er 1/4-part. Eg synest det er kjekt å kløyve ved, men dessverre er det ikkje så bra for ryggen å løfte på dei tunge kubbane.
Margrete og Erlend kom i halv- firetida, og vi vaksne åt oss stappemette på middag; Erlend var ikkje så begeistra. Han vil helst ha blomkålsuppe eller tomatsuppe.Han fekk lov å velje seg ein gulløyrering av dei to eg hadde som var single.Det var no litt stas.
Trur ikkje eg blir så aktiv resten av dagen, ball er tungt ! Men måtte berre lage ein gong, no når eg hadde kraft frå pinnekjøtet å koke dei i. Så får eg håpe eg letnar til i morgon. Nils fabulerer om å fare ut og fiske, det er gode meldingar.


søndag, januar 19, 2014

Dagbok 2014: 19.januar



Klokka er snart halv ni og det er ei stund sidan vi kom att frå Hareid, der vi har vore det meste av dagen. Ute er det + 3 grader og opphaldsvêr. Det er vel ikke så mange stader i landet dei har det så bra som vi, akkurat no.
Håkon fylte 20 år i går, og i dag var vi samla  på Hareid til mykje god mat og god prat.Sjølv om ikkje heile storfamilien var til stades, så var vi mange rundt ei stor gryte det nydelig suppe med kjøt, kjøttbollar og grønnsaker.
Etter suppa var det dessert og kaffi, og etter eit par timars "faste" vart det brød , pålegg og ei nydelig marsipankake som lisjesysta Olaug hadde pynta. Eg trudde først det var Solveig som var meisteren for kunstverket, men akkurat kakepynting er ikkje hennar bord, akkurat der er ho lik mor si.
Erlend underheldt oss med litt pianospel,elles er ungane etter kvart meir og mindre vaksne og styrer seg sjølve.
Det er tradisjon å knuse peparkakehus på Håkon sin fødselsdag, og Olaug henta fram hammaren og knuste minst eitt av dei flotte husa ho laga før jul. Hadde det vore opp til meg hadde det blitt pakka vekk til neste jul. Eg har laga eitt einaste peparkakehus i mitt liv, og det var eitt mareritt.
Det som har hendt i Lærdal i helga er tragisk, men heldigvis miste ingen livet. I 2006 var vi ein tur til Kongsberg i mai, og på heimvegen stoppa vi i Lærdal, der eg gikk rundt og fotograferte dei gamle husa. Det var midt i syrinblomstringa, hugsar eg. Fekk lyst å leite opp bilda no.
Dersom eg ikkje tek heilt feil, fyller Øyvind på Eid 21år i dag. Vi gratulerer!
19.januar 1902 vart onkelen min, Matias, fødd. Han døde i desember 1986.

lørdag, januar 18, 2014

Bok nr.3 - 2014: Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse,ekteskap

 Denne novellesamlinga av nobelprisvinnaren Alice Munro, har eg hatt som attåtbok til lydbøkene som eg les på senga og andre stader eg slappar av. Noveller må ein lese ei om gongen, meiner eg, og ha ei tenkepause etterpå. Særlig desse novellane, for her er det mykje å lese mellom linjene.Og her er stort rom for å dikte sjølv-ikkje alt blir sagt/skrive. Hermed er boka anbefalt.
Margrete har skrive om boka før.

Dagbok 2014: 18.januar.

Klokka er 14.40. Temperaturen ute er + 4 grader, det er lettskya og fint. Hadde himmelen vore klår i dag, hadde vi hatt sola ei stund på føremiddagen, og kanskje hadde ho kome att i Os-skaret (ca midt på bildet) ei lita stund på ettermiddagstid også. Men vi klagar ikkje, vêret er fint det.
Det er lett for oss å hugse at sola kjem rundt Håkon sin fødselsdag. Naboen vår, som er særs dyktig med alt som har med stjerner og planetar å gjere, har forklart kvifor ikkje sola kjem på same dato kvart år. Det har mellom anna med skotår å gjere. Året etter skotåret kjem sola ein dag tidlegare enn vanlig t.d. Han har også fortalt at i år kjem vårjamdøgn den 19.mars. Heller ikkje det er likt kvart år.
Sist natt vart eg liggande utan å få sove igjen. Høyrde på lydbok til klokka var 7 i dag morgon, før eg endelig fekk ein liten blund. Det er ryggen som plagar meg, og tablettar hjelpte ikkje. Men etter at eg stod opp og kom i bevegelse gikk det betre. Det vart til at Nils tok ein tur til Vik åleine, mens eg pusla litt i huset, og dessutan farga håret. Må no vere litt fin når eg skal til Hareid i morgon og feire at Håkon er blitt 20 år. Det er i dag han har fødselsdag. Det er slutt på den tida då vi kan samle heile storfamilien. Både Audun og Ingeborg er for langt borte til at dei kan kome heim. Rasmus med familie kjem sjølvsagt ikkje heller. Skulle ønske dei var litt nærmare.
Gratulerer med dagen Håkon!
Før likte Høkon godt å vere her nokre dagar om sommaren og fiske i lag med morfaren. Dette bildet er frå 18.august 2008. Denne seien var på 6 kilo, minst.

fredag, januar 17, 2014

Dagbok 2014: 17.januar

Klokka har passert 17.00. Ute er det + 1grad C og fint lettskya vêr. Men mørkt. I dag hadde vi sikkert hatt sola inn i stova ein eller kanskje to gonger om det hadde vore klårt. Det såg i alle fall slik ut.
Det har ikkje hendt all verda i dag, så dette blir berre "small-talk".
I dag sette vi i gang å montere tepperensmaskina - eg las i bruksanvisninga og Nils sette i hop. Det gikk i grunnen ganske greitt.
Etterpå støvsuga eg alle teppegolva før vi for ned på Amfi i 12-tida. Vi var trulig litt seint ute, for vi trefte ikkje så mange vi kjende. Pensjonistane er der helst tidlig på dag. Sidan det var litt ebbe i kjøleskapet, handla vi litt matvarer i dag, men det var ikkje så veldig mykje vi trong.
Eg var ikkje gira på å gå tur då vi kom heim, så det vart ikkje i dag. I staden laga eg god middag. Fann enda eit måltid i julelageret. I dag vart det kokt juleskinke med bernaise, poteter og wok-grønsaker. Opna ein boks ananas-det viste seg at den var crushed! Min feil - eg las berre på den spanske sida av boksen.
Måtte ligge litt på sofaen og kvile etter middagen, og så var det kaffitid. Det er ikkje så verst å vere pensjo....
Men det er noko eg saknar: FREDAGSKJENSLA-dette å tenke å at ein har fri frå arbeid i to heile dagar! Den følelsen får ein ikkje når kvar dag er "en herlig feriedag". Ønsker alle ei god helg !

torsdag, januar 16, 2014

Dagbok 2014: 16.januar

Klokka er 15.00, temperaturen ute er minus 3 grader C og det er overskya.Vi var spente på om vi fekk sjå sola i dag, og det hadde vi nok fått, om der ikkje hadde kome skyer i vegen. Merkelig med skyene-dei legg seg ofte akkurat fram for sola. Tok bildet i 11-tida. Når ein tek bilde rett mot sola, blir resten veldig mørkt. Eg har lagt på ein god del lys, likevel ser det skymt ut.
I dag hadde eg to jobbar på timeplanen min, eg skulle vaske golv og skrive referat. Vaske er greitt, men skrivesperra melder seg alltid. Derfor tok eg golvvasken først, og då gikk skrivinga som ein leik. Men det tek mykje lenger tid enn eg trur på førehand.
Så det vart tid for middag då eg vel var ferdig. Vi steikte sei i dag, to dagar med graut gjer at ein får lyst på "skikkelig" mat. No skal vi ha oss ein pause, men i løper av ettermiddagen/kvelden får vi prøve å pakke ut tepperensmaskina som Nils henta på posten i dag. Eg bestilte den på nett. Før har eg brukt å leige maskin, men då er det gjerne dags-eller timeleige, så det blir litt travelt. Når eg har maskina i hus, kan eg rense over fleire dagar, og kanskje litt oftare enn før. Rasmus har same sorten og dei er fornøgde med den. Vi har mange teppegolv og eg er veldig fornøgd med det. Det er bra for tinnitusen blant anna.
No begynner det å minke i kjøleskapet så vi må handle anten i kveld eller i morgon.

onsdag, januar 15, 2014

Dagbok 2014: 15.januar

Klokka er ca. 20.00. Temperaturen ute er minus 4,5 grader, og det er nesten fullmåne, trur det er i morgon den skal vere heilt full.
I dag har vi vore opptekne med pensjonistmøtet det meste av dagen. Eg dusja og vaska håret før vi for nedover første gong, så var det gjort. Vi fekk på plass songbøker m.m. og hjelpte til med borddekking etc.
Då vi kom heim varma vi resten av grauten frå i går, åt og kvilte før vi pynta oss, og var på plass på Kulturhuset litt før halv fire. Sidan Nils hjelper til med billettsalet, må han møte litt tidlig. Det vart ikkje heilt fullt hus i dag, kanskje er folk kviafulle i kulden? Der var bra lunt inne til å begynne med , etter kvart begynte eg å fryse. Trur der er eit automatisk "klimaanlegg" som blæs kaldluft inn i salen.Det var i alle fall godt å kome heim att og få på seg ein skikkelig varm genser -og eld i omnen.
Møtet vart så langt eg kan bedømme vellykka, men eg vil ikkje skrive så mykje om det, for i morgon må eg skrive referat til avisa. Det er noko eg alltid gruar meg litt til, men sjølv om eg er skeptisk i utgangspunktet, kjem eg alltid i mål. No vil dei gjerne ha med til referent i "Hørselshemmedes landsforbund" også, der eg er medlem. Trur eg takkar nei.
I dag var ikkje sola langt borte. I fjor fekk vi den inn i stova for første gong den 17.januar, men då var det overskya både den 15. og 16. Det er vanskelig å vite akkurat kva tid vi får sola att, for det er ikkje klårt alle dagar.

tirsdag, januar 14, 2014

Dagbok 2014: 14.januar.

Klokka er 16.15 og det er nokså mørkt ute, merkelig nok, for vêret er ikkje så verst. Og no har temperaturen stige opp til minus 1 grad C. Det kom bitte lite grann snø på føremiddagen, men vi kunne godt fått litt meir.Temperaturen har gått både opp og ned siste veka.
Nils tok seg ein tur opp i skogen i dag før middag, men eg bestemte meg for å ta ein husmordag. Ryggen er bra, men ikkje i tungarbeidsmodus. Derfor tok eg meg av litt lettare husarbeid i dag. Rydda kjøkkenet, strauk klede etc. Så veldig mykje vart det ikkje. Til middag koka eg risgraut av melk, fløyte og rømme som var ute på dato. Nils prøvesmakte alt før bruk. Særlig fløyte held seg langt utover datoen som er fastsett. Grauten vart god, og eg er særdeles glad for å få betre plass i kjøleskapet. Som tilbehør hadde vi spekepølse og mandelpoteter, berre graut er liksom ikkje middag.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men i morgon blir det full rulle. Då skal vi dekke bord og gjere klart for pensjonist-møtet som tek til klokka 16.00. Etter møtet hjelper vi til med oppryddinga, så klokka er som regel ca.19 før vi er heime att.
Og torsdag føremiddag set eg av til skriveria mine. Det er heilt utrulig kor mykje positiv feedback eg får på desse referata. Dei som har vore på møta, les dei og kosar seg med det. Ikkje alle høyrer like godt, derfor skriv eg mykje om det som blir sagt, slik at dei også blir orientert. (No høyrer eg ikkje så godt sjølv at det gjer noko, så Nils truar meg snart til å skaffe nye høyreapparat-han begynner å bli lei av all "ka"-inga mi.)
No må eg ta meg av ein klesvask, trur eg puttar den i trommelen.Kleda eg hengde ut for nokre dagar sidan heng enno stivfrosne og er ikkje tørre.
I dag fyller Roar Jarle Trovåg 46 år. Der ligg eit bilde på Nils si FB-side. Eg trudde først det var Rolf. SÅ lik er han far sin. Vi gratulerer med dagen.
Komande sundag skal vi til Hareid og feire Håkon, han fyller 20 år på laurdag.Det blir mange fødselsdagar i familien framover våren!

mandag, januar 13, 2014

Dagbok 2014: 13.januar

I dag er det 20.dag jul og siste frist for dei som ikkje har kasta ut jula enno.Eg hugsar eit år vi hadde juletre til langt ut i februar, vi tok vekk pynten og hadde berre lysa på. Treet dryssa ikkje, men fekk lange, nye skot. Vi hadde i grunnen tekt å ha det så lenge det stod så fint, men vi vart lei før treet.
I dag har det vore nokså kaldt, ca minus 8 då vi var nedover på føremiddagen;  no har temperaturen stige til minus 4 grader C. Det er såpass skya at vi ikkje har sett sola i dag.
Har ikkje gjort det minste grann i dag. Låg vaken heile natta og verkte i ryggen, er ikkje bra no heller. Somna ei stund mellom 6-9, men det med søvn er ikkje så farlig når ein ikkje skal på jobb.
Vi hadde ærend nedover i dag også, Nils skulle på bilbutikken og i banken, eg skulle på biblioteket. Forlenga lånetida på "Barfotdronningen", og sette meg på venteliste på fleire nye bøker som er i kjømda. Fekk med meg ei flunkande ny bok heim i dag også.
Skulle ha litt småtteri på Amfi også, og så passa vi på å bruke dei fleste av tilbodslappane våre på Coop.
Vi trefte mykje kjentfolk, blant anna ein nabo som var ute i same ærend som eg. Det vart til at vi kjøpte oss heilt like "innesko". Her heime går eg for det meste på sokkelesten, men når eg skal på besøk er det godt å ha eit par sko som er lette å ta på og av.
Til middag i dag åt vi sild og egg+ brødskiver. Vi tærer enno på julelageret.
No skal vi sjå filmen "Ni liv", som vi har tatt opp.

Bok nr.2 -2014: Dødelig applaus.

Øystein Wiik er velkjent som både skuespiller, sanger og operalibrettist. Dette er hans første forsøk på spenningsroman, og resultatet har blitt både friskt og spenstig. For slik Wiik beskriver det, er den utad så prektige og snobbete operaverdenen preget av både intriger, maktkamp, pengebegjær og perversjoner. 
For James Medina er ikke den eneste operastjernen som må bøte med livet.
Hovedpersonen Tom Hartmann, som gir ut det eksklusive bladet «Opera Today», får et tilbud av avdøde Medinas manager, den mektige Victor Kamarov. Hartmann skal få et stort pengebeløp hvis han vil vie et helt års utgivelser til Medinas minne, og Hartmann takker ja. Samtidig er hans ekskone, politikvinnen Cathrine Price, ansvarlig for etterforskningen av drapet på Medina, noe som gjør hverdagen hans en smule komplisert.

..............................................................................
Sist natt låg eg og ikkje fekk sove. Då las eg dei to siste platene i denne boka, men sidan eg ikkje var sikker på at eg hadde fått med meg alt, las eg dei om att i dag. Og det var bra.
Dette er den andre krimboka eg les i år, og den er så totalt annleis enn den nøkterne realistiske politiromanen til Jørn Lier Horst.
Romanen startar pent og pyntelig med eit mord i den nye operaen i Bjørvika, men mesteparten av historia er lagt til Wien.
Boka er som ei krysning mellom Jo Nesbø og DanBrown, på ein måte. Med andre ord nokså eventyrlig med mykje action. Men underhaldande. Øystein Wiik skriv faktisk godt. Han les boka sjølv og syng ei strofe eller to innimellom.Stemma hans er, ikkje uventa, svært behagelig å lytte til. 
Eg likte best første delen av boka, seinare tok den av litt for mykje etter min smak.

søndag, januar 12, 2014

Dagbok 2014: 12.januar

Klokka er ca. 15.00, temperaturen ute er minus 3,5 grader C. Vêret er fint og lettskya, men eg er ei pyse og har ikkje kome meg ut til denne tid. Nils var ein liten tur før middag. Eg har gjort litt "kontorarbeid" i dag, strikka litt og laga middag. I dag blei det steikt sei av fisk som ikkje har vore frosen. Det er noko av det beste eg veit og vi har ofte slik mat om sundagane. 
Elles har det skjedd veldig lite så langt i dag.
Eg skulle hatt lyst og vore på nyttårskonserten til Hornmusikken + div. andre. Men så mykje lyd er plagsomt når ein har tinnitus. Eg har det best når det er stilt, men hadde nokon av barnebarna vore med, så hadde eg sjølvsagt stilt opp. Viss Nils hadde hatt lyst, hadde eg også vore med. Slik er det med den saken.

lørdag, januar 11, 2014

Dagbok 2014: 11.januar.

 Klokka slo nettopp tre (15.00).Temperaturen ute er ca minus 6 grader C og det er nydelig, lettskya vêr. Bildet over tok eg klokka 10.30, då såg vi skinet av sola på veggen i stova. Det er godt at dagane veret lysare. I dag hadde vi litt ærend på Amfi igjen, såpass vi fekk kledd på oss og kom oss ut. Då vi kom heim gikk eg ei runde rundt Storebakken før eg gikk i hus. I dag fekk eg endelig bruk for den nye, side jakka som eg kjøpte sist haust. Brukte den på julaftan også.


Clas Ohlson er trulig den butikken som dreg mest folk til Amfi. Dei som ekspederer er flinke, kunnskapsrike og hjelpsomme. Og er det noko dei ikkje har, så opplyser dei om kvar ein kan få tak i det! Vi fekk eit gåvekort til jul, det kunne ein bruke på same måten som ein brukar eit vanlig Visakort. No tømde vi det på to dagar, men kjøpte berre nyttige ting. I dag skulle Nils varme opp bilen , som stod ute sist natt, med vifteomn. Men så kom vi i hug at vi trulig har kasta den omnen vi hadde, så i dag kjøpte vi ein ny. Ein liten nett ein, som er lett å ta med seg. Vi betalte 399 kr for den, men dei hadde vifteomnar frå 199 kr og oppover. Bilda over tok eg frå parkeringsplassen ved Amfi ca kl.13.00. På det øvste bildet ser vi fjellet (Lida)-Veten midt på, bildet under viser Helgehornet og Hovdebygda.
No har vi ete nydelig middag: Carlo spekesild med kålstuing, mandelpoteter og rødbetar. Betre mat får eg ikkje!

fredag, januar 10, 2014

Dagbok 2014: 10.januar.

Klokka er snart 16.00. Temperaturen ute er under 2 +-grader og for ei lita stund sidan snødde det; ikkje mykje som ligg att på marka av den snøen. Tidligare i dag var det opplett.
I dag vart det rekar-dag på oss. Vi hadde sjølvsagt eit par ærend i Vik, eg har knapt nok vore på butikk heile veka. Først var det ut på bilbutikken for å høyre korleis det vart med eigenandel etc. men dei hadde ikkje oversikt enno. Nils hadde ærend på apoteket, og eg på Clas, så det vart ein tur på Amfi.Det vesle vi trong av mat, handla vi på Bunnpris.
Eg hadde behov for fargar i heimen, så vi tok ein tur på Plantasjen, der kjøpte eg fem Primula for 100 kr + ein orkide som heller ikkje var dyr. Eg veit at primulaene ikkje står seg så lenge i stovevarmen, men eg brukar å plante dei ut om våren. Ei tid hadde eg massevis av dei ute, i alle fargar, men no er dei vekk.
Då vi kom heim gikk vi ein tur rundt Storebakken, og såg på leikeplassen som no er ribba for STORE tre, der ser likevel ikkje så ryddig ut, for all småskogen står att. Dei har felt minst seks store lerketre pluss eit par store graner.

Til middag i dag vart det restemat, og no skal vi slappe av.
Ønsker alle ei GOD HELG !

torsdag, januar 09, 2014

Dagbok 2014: 9.januar

Klokka er 16.30, temperaturen ute er + 3 grader, og det merkast  inne at det ikkje er så mildt lenger.
I dag var vi oppe i "skikkelig" tid, for Nils hadde avtale med ein kamerat om fisketur. Eg hadde ikkje anna på programmet enn støvsuging og klesvask, så eg var ferdig før han kom heim med passelig mykje sei. Klok av skade fiskar han ikkje for mykje om gongen, då blir det for mykje etterarbeid.
Eg nytta litt av åleinetida til telefonsamtale med ei veninne i Stavern. Det kan gå vekesvis mellom kvar gong eg brukar telefonen, det er Nils som brukar DEN.
Vi tok oss berre ein kaffikopp og ei brødskive då han kom heim, så vi har middagen til gode. I 18-tida ventar vi Håkon som skal få fiskefarse med heim, så Solveig får lage blandaball.
Eg har site ved datamaskina ei stund no på ettermiddagstid. Skulle skrive litt om pensjonistmøtet neste veke, og måtte hente litt opplysningar på nettet. Godt å halde seg "litt i ånde" og ikkje bli sløv før tida.
Blei for sein å ta bilde i dagslys i dag, det mørknar så brått; men eg såg i alle fall rosa skyer i aust. Trur det blir vinter no, håper det kjem litt snø før vi ev. får kulde. Berrfrost er ikkje bra for hagevekstane.
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen!

onsdag, januar 08, 2014

Dagbok 2014: 8.januar.

Klokka er snart halv to, temperaturen ute ca + 10 grader, det er skya, men opplett.
Kan ikkje tenke meg høveligare vêr å pusse vindu i.Vindua på stova vart ikkje vaska til jul, men i dag fekk dei ei renselse. Gjer det veldig lettvint: Ei bøtte med Zalovatten+ ein mopp, og så skylling med hageslange. Det var så fort gjort at eg like godt gjorde det ein gong til. Om det ikkje blir perfekt så er vindua reine om ikkje anna.
Men før eg kom så langt hadde eg shina opp kjøkkenet+ vaska steikomnen.
Og sidan eg hadde teke fram både bøtte og mopp vaska eg badet og kjøkkengolvet også. I morgon skal eg støvsuge, og så kan det berre bli helg. Eg har blitt skulda for å vaske "støtt"-det gjer eg absolutt ikkje, så no lovar eg å ikkje skrive om vasking på nokre dagar.
I morgon har Nils tenkt seg ut for å fiske, og så ser det ut til at vi skal få vinter! Nils har heile tida "spådd" at kulden kjem ved fullmånen, så får vi sjå om det stemmer.
Bilen er ferdig reparert, så no skal Nils GÅ ned og hente den, mens eg lagar middag. Pølser og potetstappe i dag.
Eg fekk bilde av foten til Rasmus i går, den var utan gips med mange svarte sting. (Han veit godt eg eg ikkje likar å sjå slikt.) I går tok han stinga, og fekk på ny gips som han skal ha i 14 dagar. Då kan han så smått begynne å belaste foten.
No skal eg ut og ta bilde av grøne plenar før snøen kjem. Ev.



Graset er grønare hos naboen. Også i januar.

tirsdag, januar 07, 2014

Dagbok 2014: 7.januar

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 9 grader C, men i dag har det regna litt.
I dag var vi oppe i rimelig tid, og eg hadde ein jobb på programmet, det var å "rydde ut jula". Begynte rett etter frokost, og klokka 11 var vi nesten ferdige. Det einaste som stod att var å bytte gardiner på kjøkkenet. Då fekk eg melding om at det var styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. Så var det berre å hive seg rundt. Leiaren hadde skrive melding på mobilen til alle, men meldingane hadde nok ikkje kome fram, så vi vart berre tre på møtet.
Vi skal ha lagsmøte neste veke, og så kjem årsmøtet i februar, så mykje av tida gjekk med til å førebu det. Då er det årsmelding, rekneskap og val som står på programmet. Etter møtet var Nils og eg på Amfi og handla litt før vi for heim.
Etter at vi hadde fått oss litt mat, la eg meg på sofaen for å lese ut boka mi, og det har eg gjort.
Så fekk eg endelig styke og henge opp sivile kjøkkengardiner, det har vore nok stjerner for ei stund. Og så står det berre att å vaske og legge vekk juledukar, gardiner etc. og håpe på at vi kan ta det fram att om 11 månader.For å få litt farge i stova kjøpte eg ein liten rosa ildtopp i dag. Blomsterutvalet er ikkje så stort enno, men primulaen kjem vel snart.
Nils fekk fjerna siste resten av den gjenstridige rota i dag -og takk for det.

mandag, januar 06, 2014

Bok nr. 1 - 2014: Nøkkelvitnet




Den anerkjente krimforfatteren Jørn Lier Horsts debutbok, Nøkkelvitnet, er en realistisk fortelling bygd på en autentisk sak.         
                                                                
Preben Pramm har ligget død en uke. Han er naken, bundet og har vært utsatt for rystende tortur. Huset er endevendt, men det ser ikke ut til at drapsmennene har funnet det de lette etter.
Pramm hadde ingen slektninger eller venner, og tilsynelatende ingen kontakt med mennesker rundt seg. Hva var Pramms hemmelighet? Hvorfor måtte han dø så brutalt?
«Saken er omtalt som et av de mest brutale og bisarre drapene i nyere norsk kriminalhistorie. På min første dag på jobb i Larvik-politiet fikk jeg slippe forbi sperrebåndene og inn på åstedet. Det var en spesiell opplevelse å skritte over dørterskelen og følge i fotsporene til en ukjent drapsmann. Opplevelsen av å gå fra rom til rom og se de nådeløse sporene en kamp på liv og død ble starten på mitt forfatterskap.»
Jørn Lier Horst, politiførstebetjent og forfatter.

...................................................................
Denne politiromanen virkar veldig realistisk og autentisk utan noko fiksfakseri. Men så er den også skriven av ein politimann.Så veldig spennande er den ikkje, og slutten vart litt langdryg , men det var kanskje fordi eg las den mens eg sov middag.Den er på 7 CD-plater og blir godt lesen.

Dagbok 2014: 6.januar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 9 grader. Det har vore opplett og litt vind i dag. Fint vêr, men eg likar best at årstidene er normale, så no ville eg hatt snø og vinter. Vi får nok det også-kanskje i februar.
I dag venta eg Margrete og Erlend til middag, derfor brukte eg mykje av føremiddagen til å lage lasagne heilt frå botnen av. Det tek litt tid, og det blir litt rot, men så er det enkelt å servere og ikkje noko rot etterpå. Var ikkje sikker på om Erlend åt lasagne, så eg laga ei panne med blomkålsuppe på vona. Det viste seg at han likte begge deler.
Så vaska eg håret og dusja.
Vi har høyrt store tre falle på "leikeplassen", så vi tok ein tur ut for å undersøke. No har dei felt alle dei digre trea, og det var ei lette. Ikkje minst for dei som bur i området. Det er folk frå kommunen som styrer på. Ja, dei slepp no å mòke snø.
No har eg lege på sofaen og lese lydbok; eg har ei papirbok som eg les innimellom, men då kan eg verken ligge eller strikke samtidig.
I morgon skal jula ut!

søndag, januar 05, 2014

Dagbok 2014: 5.januar

Klokka er snart 19.30, temperaturen ute er + 10,5 grader C og det har stort sett vore opphaldsvêr. No manglar det berre at det blir stilt på sjøen, så blir det fint fiskevêr. Nils lengtar etter å komme seg ut i båten.
Nils gikk ein tur før middag, men eg var ikkje god i hofta, så eg sløva inne.Vi var ikkje tidlig oppe, for å seie det slik. Vart sittande å sjå film til klokka var nærmare 2 sist natt.
Til middag i dag hadde vi steikt sei, det var lenge sidan vi hadde hatt fisk no. Og no smakte det godt. Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag, berre lese, strikka og sove middag. Blir så sløv når dagane er så korte og mørke.
I morgon gler vi oss til å få besøk av Margrete og Erlend.
Nils ser ein del sport på TV, så derfor les eg lydbok. Men i kveld begynner det vel ein ny serie på TV.
Eg skriv litt kvar dag anten eg har noko på hjertet eller ikkje. Snakka med ei dame i går som hadde vore i Thailand i jula, ho sa at ho hadde følgt bloggen min mens ho var der borte, for å sjå korleis det stod til heime i Ørsta.Det synyest eg var litt kjekt.

lørdag, januar 04, 2014

Dagbok 2014: 4.januar.

Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er vel 8 grader C, det er opplett og litt vind av og til.
Vi var litt treige i avtrekket i dag, så det vart berre ein tur til Vik før middag. Vi starta på Europris og eg gjekk gjennom gata og var ein tur inn på Gåvebua, mens Nils køyrde til Amfi. Trefte to damer frå Eid på den vesle turen, ja, dei bur her i Ørsta altså. Systra til Svein Langeland var den eine, ho kunne fortelle at ho har juletrelys som far hennar og far min laga i laga. Det var stjerner av metall med lyspære i midten. Eg kan hugse nokre slike lys, men trudde kanskje det var Svein som hadde dei. Kan hende laga pappa fleire slike? Eg hugsar i alle fall dei første elektriske juletrelysa vi hadde heime, dei hadde pappa laga av patronhylser og mala i raudt og grønt-ja kanskje fleire fargar også. Hugsar det var eit styr med å kople dei kvar jul.
På Amfi møtte vi mange kjende som vi prata med. Då vi kom heim ville eg gå ein tur mens eg var godt påkledd.
Då Starevegen vart befolka for ca 40 år sidan, vart det sett av ei tomt til leikeplass for alle ungane i gata. Dei var der aldri, gata eller vegen vart leikeplass, og tomta grodde til. Etter kvart voks trea seg kjempestore, og vart ikkje heilt ufarlige for dei som bur nær. Nils var der og veda for nokre år sidan, men såg seg ikkje syn med å ta dei største trea. Vi vart glade då vi såg at det kom folk frå kommunen og begynte å felle skogen.Til no har dei tatt ned to store graner, og eg håper dei tek dei store stygge lerketrea også. Vi såg at dei som bur i husa nedanfor skogen var med og hjelpte til.Dei ser sikkert fram til å sleppe lerkenåler i takrenner og på taka.
I dag gikk vi rundt Storebakken for å sjå på verket, før vi åt middag, som i dag bestod av egg, sild og brød. Vi et aldri skikkelig kvelds eller frokost, så vi får ikkje ete opp julepålegget om vi ikkje tek det midt på dagen.
Etterpå somna eg med lydbok på sofaen.
Skulle ha skrive det i går, men det vart gløymt, så derfor ønsker eg alle GOD HELG i dag.

fredag, januar 03, 2014

Dagbok 2014: 3.januar

Klokka er ca 18.45, temperaturen nesten + 10 grader og det er opphaldsvêr. Liknar lite på vinteren i fjor. Såg på FB at nokon har funne hestehov ved Hovdevatnet.
Eg har hatt ein relativt aktiv dag. Før middag støvsuga eg alle teppegolva grundig, før vi hadde ein liten tur til Vik. Handla litt mat blant anna.
Eg var invitert til lunsj hos ei veninne klokka 13.00. Vi fikk mykje godt, blant anna ein nydelig pai.Og praten gikk livlig.
Klokka 15.00 braut eg opp og reiste heim. Lars skulle køyre Ingeborg og Sandra til Vigra, dei skal tilbake til Kristiansand i kveld. Dei kom hit ca 15.30, Eirik , Amanda og Erlend var også med, så her vart fullt hus.
Margrete skulle komme hit etter arbeidstid, og ho kom før dei andre var reiste, såpass ho fekk seie "ha det" til Ingeborg ein gong ekstra.
No er Nils og eg her "åleine" igjen, og det er fredagskveld, litt vanskelig å halde greie på vekedagane i desse jule-og nyttårstider. Godt når alt kjem på plass igjen.
Amanda såg fram til å begynne på skulen att, sa ho.
For oss pensjonistar er det ikkje så stor skilnad.
Arne, svigerfaren til Rasmus, fyller 80 år i dag. Vi trudde det var berre 79 elles hadde vi sendt ei helsing. Men vi får gjere det godt att på sikt. Vi kan i alle fall gratulere med dagen!

torsdag, januar 02, 2014

Dagbok 2014: 2.januar

Klokka 14.00, temperaturen + 9 grader C, det er opplett og litt vind. Det er som ein vårdag ute, berre lyset og sola manglar.
Då vi stod opp i dag, var Nils låk i ryggen. Det var for så vidt eg også, men eg kjem meg nesten alltid når eg kjem i bevegelse.Eg hadde planlagt å vaske alle golva etc. og det blei gjort. Støvsuge får eg gjere i morgon. Så er vi komne inn i den gamle tralten, med "fredagsvask".
Nils sin rygg betra seg også, men eg vart litt skeptisk då han gikk laus på granrota på hjørnet og ville ha den opp. No har eg ikkje tal på alle røter "Gubben og Gamla" har drege opp her på tomta - og andre stader; tre har blitt planta og tre har døydd eller vakse seg store og blitt saga ned. Av reiskapar som har vore brukte kan eg nemne både øks,sag, talje, tau, spett, slegge og bil m.m. I dag vart Nils ståande med kilar og slegge i timesvis, før han prøvde med tau og bil, men rota er framleis fast i jorda.
Denne grana vart planta til mamma sin 80 -årsdag i 1984, då vi kjøpte nokre busker og planta ganske nær veggen. Stakkars granbuska vart planta nær bakmuren og har ikkje hatt det verken feitt eller vått, så ho har nok strekt røtene maksimalt. 
Då eg hadde vaska huset, og deretter håret, laga eg ei suppe av broccoli som eg fann ferdig reinska i kjøleskapet(frå 2.juledag). Laga den som ei blomkålsuppe med spedde på med litt purre og ein skalk av ei spekepølse. Etter to dagar med pinnekjøt, kan det vere OK med litt lettare mat.Og suppa vart fortært den. No er det pause i pensjoheimen.

onsdag, januar 01, 2014

Dagbok 2014 : 1.januar. Godt nytt år.

Dette bildet frå nyttårsnatta i Ørsta er det ein nabo på andre sida av vegen som har tatt, derfor viser heile huset vårt.
 
Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar litt. Før middag var det opplett og tørre vegar. Nils ville gå ein tur, men eg var frostig og urven, så eg orka ikkje. No har han vore ute og gått i mørkret, mens eg har styrt litt i huset. Eg er glad for at det er slutt på jula og helgedagane, likar kvardagar betre. Dei som må begynne på jobb igjen ser kanskje annleis på det.
Nyttårsafta i Ørsta vart feira med meir rakettar enn nokon gong. Eg synest det er greitt å skyte litt ved midnatt, men her var det som å vere i full krig frå tidlig ettermiddag. Og det var ikkje måte på kor det small. Vi måtte skjerpe oss for å få høyre kva som gikk for seg på TV.
Nils og eg var her "to-eine", som han seier, og hadde det rolig og bra. God mat og mykje TV. Som sagt hadde vi pinnekjøt m.m. og i dag åt vi restar. Trur det blir ei stund før vi får lyst på meir av det slaget. No gler eg meg til vanlige dagar med vanlig mat, og så skal eg sjølvsagt trimme meir, og ete mindre. Kven skal ikkje det, akkurat no?
Nils har snakka med systra si i telefonen i dag, elles har vi ikkje hatt kontakt med nokon anna enn på FB. Rasmus ringde i går kveld, det går bra med han, men han sit no der! Han ser fram til at han skal skifte gips.
Eg er enno ikkje ferdig med boka mi, det har blitt mykje TV no i jula, og tilsvarande lite lesing.
I dag kan vi gratulere nyttårsbarnet, Magnus, med 19 årsdagen !


Bok nr.71 -- 2013: Barfotdronningen.

Hun går i land i Càdiz – fri, men med ytterst få muligheter til å brødfø seg selv. Etter dramatiske hendelser ender hun i Sevilla hvor hun finner veien til sigøynerstrøket og med ukuelig pågangsmot får innpass og arbeid. Hun blir kjent med sigøynerkvinnen Milagros og de blir etter hvert uatskillelige venner.
Flamencoen vokser frem som noe mer enn sang og dans sigøynere imellom, men også som noe spanjoler er fascinert av. Dansen fører kvinnene til Madrid.
Falcones belyser de historiske og psykologiske prosessene som gjør det mulig for kvinnene – tross fordommer og ussel fattigdom – å tro på livet, forelske seg, tåle motgang og lidelser, og kjempe for det de mener er rettferdig.
...........................................................
Det er utrulig dumt å begynne på ei lydbok med 21 CD-plater midt opp i jula. Det blir lese mindre pr. dag og det tek utrulig lang tid å bli ferdig når kvar plate er på ca 70 minutt. Derfor kan det hende eg gjer boka urett når eg skal bedømme den.
"Barfordronningen" er, i likheit med "Havets katedral" av same forfattar, ein historisk roman. Men ikkje frå Barcelona. Denne gongen tek han oss med til sigøynermiljøet i Sevilla på 1750-talet. Sigøynarane lever etter sine eige skikkar og lover og menger seg lite med andre folkeslag.Og der er feidar mellom ulike sigøynerfamiliar.Så hender det at medlemmene i familiane blir spreidde rundt i landet, av ulike årsaker, og lesarane får innblikk i det som skjer i heile riket.Her er det mykje interessant historisk stoff innimellom.

Når ein skriv ein historisk roman,må ein gjere mange val. Kor mykje skal ein ta med av den "verkelige" historia, og kor mykje skal ein dikte inn. Som regel blir det til at forfattarane plasserer fiktive personar i ein historisk kontekst. Men så skjer det i denne boka, det som ofte skjer når eg les slike bøker; den fiktive historia blir berre så altfor eventyrlig, så langdryg og til dels uinteressant. Då eg las denne boka , hugsa eg noko som ein lærar skreiv som kommentar til ein stil eg hadde skrive: "Du har så lett for å skrive at du står i fare for å bruke for mange ord."
Forfattaren av "Barfotdronningen" har etter mi meining brukt altfor mange ord, noko som er særdeles tydelig når ein les lydbokversjonen og ikkje kan "skumme" kjedelige avsnitt.
Eg likte heller ikkje så godt "Havets katedral" -om det kan vere til trøst.(Eg veit at mange likte den).
Det beste med boka, var i grunnen etterordet.
Men FOR ein TV-serie det kunne blitt, om engelskmennene tok tak i fortellinga!

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...