tirsdag, januar 14, 2014

Dagbok 2014: 14.januar.

Klokka er 16.15 og det er nokså mørkt ute, merkelig nok, for vêret er ikkje så verst. Og no har temperaturen stige opp til minus 1 grad C. Det kom bitte lite grann snø på føremiddagen, men vi kunne godt fått litt meir.Temperaturen har gått både opp og ned siste veka.
Nils tok seg ein tur opp i skogen i dag før middag, men eg bestemte meg for å ta ein husmordag. Ryggen er bra, men ikkje i tungarbeidsmodus. Derfor tok eg meg av litt lettare husarbeid i dag. Rydda kjøkkenet, strauk klede etc. Så veldig mykje vart det ikkje. Til middag koka eg risgraut av melk, fløyte og rømme som var ute på dato. Nils prøvesmakte alt før bruk. Særlig fløyte held seg langt utover datoen som er fastsett. Grauten vart god, og eg er særdeles glad for å få betre plass i kjøleskapet. Som tilbehør hadde vi spekepølse og mandelpoteter, berre graut er liksom ikkje middag.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men i morgon blir det full rulle. Då skal vi dekke bord og gjere klart for pensjonist-møtet som tek til klokka 16.00. Etter møtet hjelper vi til med oppryddinga, så klokka er som regel ca.19 før vi er heime att.
Og torsdag føremiddag set eg av til skriveria mine. Det er heilt utrulig kor mykje positiv feedback eg får på desse referata. Dei som har vore på møta, les dei og kosar seg med det. Ikkje alle høyrer like godt, derfor skriv eg mykje om det som blir sagt, slik at dei også blir orientert. (No høyrer eg ikkje så godt sjølv at det gjer noko, så Nils truar meg snart til å skaffe nye høyreapparat-han begynner å bli lei av all "ka"-inga mi.)
No må eg ta meg av ein klesvask, trur eg puttar den i trommelen.Kleda eg hengde ut for nokre dagar sidan heng enno stivfrosne og er ikkje tørre.
I dag fyller Roar Jarle Trovåg 46 år. Der ligg eit bilde på Nils si FB-side. Eg trudde først det var Rolf. SÅ lik er han far sin. Vi gratulerer med dagen.
Komande sundag skal vi til Hareid og feire Håkon, han fyller 20 år på laurdag.Det blir mange fødselsdagar i familien framover våren!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Grøt har vi ganske ofte. Kristine (og vi)er glad i både rømmegrøt (lett) og risengrynsgrøt, og når ho kjem uventa etter skulen, er det raskt og lettvint. Og som du skriv, er det fint å bruke melk med "utgått" dato til dette. Potet
treng ein vel ikkje, men godt med spekemat og flatbrød til.
Eidabesta

Besta sa...

Vi, særlig Nils, er så glad i dei gode mandelpotetene våre, at det er fristande å koke nokre attåt. Dei er ferdige på 15 min. men eg brukar vanlige risengryn, ikkje lettkokte, så grauten tek litt lengre tid. Elles går det fint å koke graut av restar av middagsris, t.d. jasmin. Det blir godt.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...