torsdag, oktober 31, 2013

Dagbok 2013: 31.oktober

Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er + 8 grader og det blæs litt. Elles har det vore regnbyger med sol innimellom. Eg var ute og tok nokre bilde då det var ein solgløtt på føremiddagen, men de kan sjå at himmelen er mørk i vest.
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen. Nils hadde rett nok litt fisk å filetere og eg hadde eit par telefonar  eg skulle ta etc.men elles var det ingen ting vi måtte gjere.
Så fekk eg melding frå Bodil om at dei hadde eit ærend til Ørsta og ville stikke oppom ein tur. Det var veldig kjekt å få besøk. Vi hadde ei koselig pratestund over ein kaffikopp med litt attåt. Eg likar veldig godt slike impulsive besøk!
Ja, det var ein ting til eg hadde på programmet i dag, og det var at eg skulle farge håret. No er det også gjort.
No er dei vel framme i Barcelona dei som skulle dit, håper dei får ei fin oppleving.
Dette maleriet fekk vi av Svein. Motivet er frå Norangsdalen.

onsdag, oktober 30, 2013

Dagbok 2013: 30.oktober

Klokka er ca 19.45. I dag har det vore overskya, men ikkje så mykje nedbør, det eg veit, har faktisk ikkje vore ute for ei dør. Akkurat no er temperaturen +3-4 grader C.
Det har vore ein lang og innhaldsrik dag på mange måtar. Nils reiste ut og fiske klokka 8.30 i lag med den pensjonerte soknepresten vår, som opprinnelig kjem frå Sandane.
Eg fekk huset for meg sjølv nokre timar, og nytta høvet til å støvsuge og vaske heile kåken.
Så hadde eg eit par telefonar eg måtte ta i embets medfør, og dessutan ein del skriverier.
Meir rakk eg ikkje før Nils kom heim att med sei, skate og lysing. Lysing, eller kolkjeft som dei kallar han her, er ein nydelig fisk. Skatevengane skal Nils få ha i fred for meg.
Vi laga ikkje middag med det same, men åt brødskiver og drakk kaffi.
Så vart det ein pause. Middag vart det seinare, kokt småsei, sjølvsagt.
Eg har levd meg totalt inn i historia om Rasmus Rebellen dei to siste dagane. Har lese den på rekordtid til meg å vere. Les sjeldan bøker på papir, men det går altså mykje fortare enn å høyre dei. Til gjengjeld får ein ikkje gjort noko anna samtidig.
Har skrive litt om boka, men viser helst til det andre har skrive så mykje betre. Boka er berre heilt fantastisk. Ikkje berre formidlar Øystein historia på ein framifrå måte, men språket er det som imponerer meg aller mest. For meg er språk som musikk. Eg er kanskje ikkje særlig musikalsk i vanlig forstand, men eg er ein språkelskar og kan nyte ord og vendingar på same måte som andre nyt musikk. Innbiller eg meg.
Eg må heilt sikkert lese boka om att SAKTE og nyte kvart ord.
Eit lite sitat. ( Aslak fortel til Ragnhild, barnebarnet til Store-Rasmus, og seier):
"I opphavet var korkje himmelen eller jorda eller havet, men ein umåtelig lengt etter varme og drikke, mjølk og vatn. Berre ei lita stund kviler vi på mor sin arm. Eit menneskeliv er ikkje anna enn eit flakkande lys over himmelen. Så er det over."

Bok nr.60 - 2013: Rasmus Rebellen.


På høgt nivå
Den historiske romanen har høg status i norsk litteratur. Arven etter Sigrid Undset og Vera Henriksen er blitt halden i hevd av fleire dyktige forfattarar med både skrivetalent og solid historiekunnskap. Den moldebaserte sunnmøringen Marta Schumann (1919-1994) og fræningen Ragnhild Magerøy (1920-2010) er berre to av fleire framståande namn på området frå vår del av landet.
Ein fersk representant for sjangeren er Øystein Orten frå Hareid, med sterke familierøter i Sandøy. Han begynte som lyrikar med debutsamling i 1995 og gav ut to samlingar til etter det. Han har også fleire romanar, ei novellesamling og ei dokumentarbok på lista. Det har heller ikkje skorta på kritikarros. Og nå også ein historisk roman frå 1600-talet med tittelen «Rasmus Rebellen».
Det er ikkje eit ukjent historiske materiale Orten legg til grunn for boka. Han tar oss med tilbake til dansketida på midten av 1600-talet og viser fram det velkjende herre-slave forholdet som eksisterte mellom den kongelege makteliten i Danmark og dei utplyndra småkårsfolka på øyar, inne i fjordane og langs strendene på Nordvestlandet. Økonomisk svinebundne fiskarar og småbønder vrir seg under maktmisbruken dei blir utsette for av kongens embetsmenn og korrupte skattefutar. Det er som om heile situasjonen ropar etter eit opprør, etter aktiv motstand. Kort sagt etter ein rebell.
Og rebellen stig fram frå historias halvmørke i helteskapnaden til den karismatiske fiskarbonden Rasmus Engelbrektsson Bust. Fødd i 1588 på Søre-Vartdal i Hareid sokn, Ørsta skipreide, opplyser forfattaren, som sjølv er ein fjern etterkommar etter Store-Rasmus.
Som nemnt skriv Orten innanfor ein godt kjend historisk kontekst. Utfordringa er at dette ikkje er presentert som ei historiebok, men ein roman. Og denne utfordringa tar forfattaren så å seie på strak arm. Det historiske stoffet er blitt transformert på overtydande vis til ein fascinerande roman, til eit solid litterært verk. Ei dramatisk og tragisk livshistorie blir rulla opp, og vi følgjer bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust frå først til sist. Romanen forsyner oss også med eit rikhaldig galleri av bipersonar, mange av dei framstår som svært viktige i handlinga.
Mykje av styrken i romanen botnar i to forhold: forteljestilen og historiekunnskapen og det intime samspelet mellom dei. Orten lar Store-Rasmus sin forsterson, Aslak, opptre som forteljar i romanen, noko han gjer med bravur når han heilt usentimentalt fortel fosterfarens ofte blodige historie til Ragnhild, Rasmus sitt barnebarn.
Eit avgjerande element i forteljestilen er bruken av språket. Måten Aslak ordlegg seg på kan minne om den korthogde og uttrykksfulle sagastilen. Ingen overflødige ord, korte setningar, velvalde ord med røter i lokalmiljøet, fargerike personnamn og tilnamn, utsøkt replikkunst, alt dette er det som skaper ein atmosfære av barskt vestlandsk kystmiljø og ein dåm av norsk kolonihistorie på 1600-talet. Forfattaren har dukka ned i sin eigen og vår forhistorie og funne ei soge som han formidlar på framifrå vis. 

Jostein Sæbøe

...........................................................
Etter mi meining er dette det beste Øystein har skrive til no.
Eg har saksa litt frå ein bokblogg. De kan også lese kva Øystein sjølv skriv og kva Margrete meiner, de finn det på bloggane deira.

tirsdag, oktober 29, 2013

Dagbok 2013: 29.oktober

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader og i dag var det kome snø i fjella igjen. Det har vore nokre regnbyger i dag også, men ikkje så mange.No er det stupmørkt ute, bilda tok eg før mørket kom.
I dag før middag fekk eg gjort ganske mykje i huset, før vi var ein liten tur nedover. Sjølv om vi berre er to er det litt av kvart som skal gjerast. Hadde nokre små nødvendige ærend, men var heime att før klokka 13.00. Vi hadde relativt tidlig middag sidan vi hadde restar frå i går.
Har styra ein del med klesvask i dag, ikkje at det er noko arbeid i og for seg, men ein skal no både henge ut og legge i hop m.m.
Begynte på boka til Øystein i går, og har lese litt i dag også. Har lese ca 100 sider til no. Boka er lettlesen og fengande, så det er vanskelig å legge den frå seg. Stussa då eg såg kva bøker som var nominert til Brageprisen, det er i alle fall ikkje dei bøkene som har fått mest merksemd siste året!
Nils skal på møte klokka 20.00, så då får eg huset for meg sjølv og kan lese bok utan å føle meg "uselskapelig". Og utan å ha TV i bakgrunnen. I morgon tidlig skal Nils ut og fiske, då har eg planar om å ta "fredagsvasken". Og slik går no dagane.....
 

mandag, oktober 28, 2013

Dagbok 2013: 28.oktober

Klokka er 20.15, temperaturen er + 8 grader og det regnar. Eg må innrømme at på denne årstida vil eg heller ha regn enn snø, så eg er glad så lenge det held seg mildt.
I dag brukte eg litt av føremiddagen til å lage mat, og vel ein time til styremøte i pensjonistlaget. Sjeldan at vi er så effektive.
Margrete og Eirik kom ca 15.30 og åt i lag med oss. I dag var det svineribbe og medisterkaker på menyen. Eg er ikkje så flink med dessertar, så det blir oftast is, og ev. litt kake frå frysaren. Slik vart det i alle fall i dag.
Etter at gjestane hadde reist og eg hadde rydda opp på kjøkkenet, sette eg meg ned og las ut boka, så no er eg klar for å begynne på rebellen. Berre synd eg ikkje har den på lydbok, så eg kan strikke langsmed, eg har litt vanskelig for å konsentrere meg når eg ikke han noko å henge fingrane borti.
Pensjonistmøtet er onsdag i neste veke, så eg lyt skrive eit innlegg til avisa seinast no torsdag. Eg skriv både på førehand og etterhand. Nemlig.

Det er litt synd at så få yngre pensjonistar støttar opp om arbeidet i pensjonistlaget; med yngre, meiner eg folk under 75 år. Det er ein del arbeid og tankeverksemd som skal til for å få det til å snurre og gå, og eg synest det er givande å kunne vere litt til nytte. Eg veit at mykje frivillig arbeid blir lagt ned i mange lag og organisasjonar, og det er bra. Men så sant ein får leve, blir vi alle gamle, og då kan det vere bra at pensjonistlaget fungerer.
På møtet komande veke, kjem dei frå Sparebank 1 for å dele ut premiar til dei pensjonistane som mosjonerer og registrerer turane sine. Eg er ikkje mellom dei.

Bok nr. 59 - 2013: Den blinde guden.

Denne krimromanen er vel verken verre eller betre enn dei fleste andre. Feilen er at eg fekk den på ei MP 3-plate ein dag eg ikkje fann noko anna. Dette formatet likar eg ikkje, så det har blitt veldig sporadisk lesing.I ettermiddag og kveld sette eg meg føre å lese den ferdig, og no er eg i mål.
Kvar har eg det frå dette at eg absolutt må lese ferdig bøker anten eg likar dei eller ikkje? Er det rett og slett ei tvangshandling?
Eg har lese så utrulig mykje krim at det skal noko til før eg blir engasjert i desse historiene. Lasse Lindtner les godt og det er nesten som radioteater med alle stemmene som han legg på aktørane. Men det er mange involverte, og mange dialogar og samtaler, så det blir litt slitsomt.
Chris Tvedt har denne gongen hatt hjelp av kona si, så i tillegg til alt anna får vi vite kva folk har på seg, korleis dei har det heime, og om dei har rydda og vaska i huset sitt.
Eg likar best krim når den er stramt komponert og fokusert på det saka gjeld. At alle forbrytarar har ei dårlig mor kjem forresten tydelig fram i denne boka.
No er eg litt sarkastisk, men mange likar boka og den har fått gode kritikkar. Berre sjekk på nettet.

søndag, oktober 27, 2013

Dagbok 2013: 27.oktober

Når vi går langs Rossåa kan vi sjå over til andre sida av elva, der vi budde ein gong.
Klokka er snart halv åtte. Det har vore ein fin dag, lettskya med ein god del sol. Temperaturen er + 6 grader C.
Vi venta med å sette klokka tilbake til i dag, så vi fekk ein relativt lang føremiddag. Eg brukte den ekstra timen til å rydde nokre skuffer, blant anna og til å gjere unna noko "kontorarbeid".
Då det lei litt på dag gikk vi tur. Vi køyrde fram til gravplassen på Øvre Mo og gikk langs elva Rossåa framover Dalateigane, det er området mellom elva og setrevegen til Mosetra. Det er eit stort, flatt område, som blir brukt til beite, mellom anna.
 
Merkelig at det ikkje er meir dyrka. Det var vått og skite å gå der i dag, så det var godt å gå å vegen tilbake. Vi gikk same turen i vår, men då i motsett retning. Det er ein fin og populær tur, men same kvar ein går eller køyrer, er det mykje gammal halvroten skog som øydelegg inntrykket av vakker natur. Slik er det også i dette området. Og ein annan ting er at den gamle oreskogen er eit eldorado for flått.
Noko vi la merke til i dag var at vegen går i slike krokar og svingar at ein misser litt taket på kvar ein er og kva ein ser. I dag vart eg forvirra over å få gardane i Nupen og Helgehornet inn på same bildet.
Då vi kom tilbake til bilen, tok vi ein liten tur på kyrkjegarden. Det er vemodig at så mange av naboane våre, og andre kjende, alt ligg der. Det er ikkje så mange år sidan gravplassen vart tatt i bruk.
Vi hadde ikkje planlagt middagen i dag, så Nils dukka ned i frysaren og fann nokre grillpølser. Så får vi heller ha "søndagsmiddag" i morgon når Margrete og Eirik kjem.
Eg måtte ligge lenge på sofaen etter middag, for eg er ikkje så veldig sprek for tida. Eg slit med å komme gjennom den MP3-boka som eg held på med. Skulle lagt den vekk for lenge sidan, men no må den vel snart vere slutt?
I går snakka vi med Rasmus i telefonen, og så var minstemann på tråden: "Det er Ingarrrr !"-han er så kry av dei fine rullande r-ane sine. Eg spurde om han visste kven er var, og han meinte det var bestemor, men då måtte eg skuffe han med at det berre var farrrr-morrr. Bestemor er bestemora på Kongsberg. Det er så synd at dei er så langt borte, blir liksom ikkje så godt kjend med dei.
No har eg site og rippa ei bok på 16 CD-plater, mens eg har strikka og høyrt lydbok. Multitasking her.
I dag fyller Bjørnar på Eid 18 år, og vi gratulerer!

lørdag, oktober 26, 2013

Dagbok 2013: 26.oktober

I dag kan vi gratulere Rasmus med 49-årsdagen! Dette bildet er frå yngre år, frå den tida Solveig dreiv og fotograferte og framkalla  bilde i ei kjellarbod.
Har ikkje så mange ferske bilde av dei vaksne, det er helst barna som blir fotograferte. Skal ringe til Kongsberg om ei lita stund, for å gratulere familiefaren.
Klokka er snart 19.00, og det er bekmørkt ute. I morgon blir det enda verre når vi er over på normaltid. Det har vore overskya og litt regn i dag. No er temperaturen +8  grader C ute , og snøen er vekk i fjella igjen.
Eg veit ikkje om det er vêret si skuld, eller det er fordi eg har site så mykje siste dagane, men i dag er ryggen heilt umulig. Men eg kan bevege med fritt, så vi var ute og gikk tur før middag. Men først var vi ein tur nedover, på biblio og på Amfi. Trefte Ruth og Harald og vart ståande lenge og prate med dei. Ja,vi trefte andre kjende også.
Vi kjøpte med oss ein pizza heim til middag, og etter middag vart eg liggande på sofaen med lydbok. Eg synest ikkje boka er noko særlig, og eigentlig burde eg berre lagt den vekk, men akkurat det er eg ikkje så flink til.

fredag, oktober 25, 2013

Gratulerer med dagen, Svein.

I dag fyller bror min, Svein Arne, 72 år. Bildet er henta frå ei kalender. Svein si store interesse i alle år har vore bilar, i seinare år særlig veteranbilar.Han driv også med slektsgransking, og så malar han fine bilde med oljemaling. Vi er berre to søsken, det er berre 1 1/2 år mellom oss, men interessene våre er nokså ulike, som de forstår.
Vi gratulerer han med dagen!

Dagbok 2013: 25.oktober.

Klokka er 18.45, temperaturen er + 6 grader C, det er overskya og opplett. Tidligare i dag kom det litt regn. Sidan bror min har fødselsdag i dag, tog vi oss ein liten tur til  Eid før middag for å helse på.Vi hadde eit lite ærend på Starumshamn også, når vi først tok turen over fjorden.
Vi hadde ei koselig pratestund med Bodil og Svein, etter kvart dukka også dei to yngste barnebarna opp. Kjekt å sjå dei også. Vi hadde i alle fall tenkt oss ein tur på gravene i dag, Bodil hadde kjøpt blomster, så det vart til at vi planta dei, i staden for å kjøpe nye.Neste gong kan det bli omvendt!
Det var fint på gravplassen i dag, og fin utsikt til alle kantar, problemet er at der er for mykje lauvtre, så det ligg visna lauv over alt. Det skal visst gjerast noko med det.
Vi henta heim vedkløvaren som stod att inne hos Margrete sidan vi var der og veda. Det kan henge vi treng den om vi finn ut at vi skal skaffe oss meir ved.
No har vi ete middag, Nils hadde tatt opp fiskekaker frå frysaren i går kveld, så det gikk fort å få til eit fullverdig måltid.
No blir det ein lang TV-kveld, så det står berre att å ønske alle ei god helg!


torsdag, oktober 24, 2013

Dagbok 2013: 24.oktober = FN-dagen

Klokka har passert 20.00, ute er det regn, grått og +8 grader. Før middag var det opplett og rimelig bra vêr, då var Nils ute og "raka" litt lauvmed plenklipparen. Vi må nok gå over fleire gonger, for alt lauvet har ikkje falle av trea enno.
Mens han styrte på ute, støvsuga eg alle teppegolva inne. Etterpå var vi ein tur nedover, hadde eit par ærend, blant anna eit stort nett med flasker som skulle pantast. Nils driv og ryddar i garasjen av og til, nemlig.
Vi var også innom biblioteket der eg fann to spilders nye lydbøker som fekk bli med heim. Då vi kom heim rippa eg begge bøkene inn på maskina, mens Nils laga middag. Han kokte salta lange i dag, og då kan eg ikkje nærme meg kjøkkenet. Vi blir nemlig aldri enige om kor lenge den skal trekke/koke. Og eg er såpass smart at eg let han få viljen sin, så får eg "husmorfri".
Det går litt seint med meg og Chris Tvedt sidan eg må lese boka på Walkman, men den er såpass kjekk å høyre på at eg held ut. Det er Lasse Lindtner som les på bergensdialekt (og andre dialektar), så det er om lag som å høyre bøkene til Stålesen -utan språkblomster.
Klokka 18.00 var det konsert i Volda-kyrkja, og Erlend skulle spele offentlig for første gong. Vi var ein heil benk med noko lett nervøse pårørande. Lars og faren var der med dei to eldre søskena, så kom vi og til slutt Margrete som hadde maratondag på skulen i dag, undervisning og møte frå 8.00-18.00.
Erlend kom langt ut i programmet, og spela "Dovregubbens hall" så det store flygelet rista - slik det skulle. Og ein heil benk sukka letta. Han begynte å spele i januar, og det har herska ein liten tvil om at han var like musikalsk som søskena. Men det gikk altså over all forventning. Kjekt at han er med, no når Eirik ikkje går på musikkskulen lenger. Han får nok musikk på musikklinja på VVS- Der har han sang, piano og gitar(?). Amanda har begynt å spele gitar, og så spelar både ho og Eirik i kops.
Vi er litt treige med å komme oss ut, så det er godt å ha barnebarn som får oss opp av godstolen av og til.

onsdag, oktober 23, 2013

Dagbok 2013: 23.oktober

Klokka er snart 20.00, og vi har nettopp ete ein noko forseinka middag.
Ute har det vore overskya heile dagen, med diverse regnbyger, trur eg, har ikkje vore ute for ei dør. Snøen i fjella er borte, og akkurat no er temperaturen ute +12 grader C.
I dag har eg for ein gongs skuld gjort noko nyttig. Eg har vaska ned kjøkkenet, tak, vegger og golv. Skuffer og skap tek eg etter behov, heile året. Eg kjenner at eg ikkje lenger er ung når eg driv og klatrar opp på bord og benker. Men eg var så lur at eg tok på meg nokre gamle briller, for sterke progressive briller er nokså utrygt under klatring.
Nils dreiv og frakta vedsekker frå under altanen og opp i garasjen, og så har han vore og kjøpt ein jekk, kan aldri vite kva tid vi må legge om til vinterdekk.
Måtte kvile ei stund etterpå og prøvde å lese i MP3- boka på Walkman, skulle ønske eg fekk til å legge den over på den vesle MP3-spelaren, for då kan eg gå med bok på øyret heile dagen, om eg vil.
I dag fekk eg boka til Øystein, og den gler eg meg til å lese på papir.
No i kveld laga eg spaghetti og kjøttsaus, eg brukar grov spaghetti for å få litt betre samvit.
Elles har de kanskje lese på FB at eg har blitt forsøkt svindla? Og eg er visst ikkje den einaste.
I morgon skal vi på konsert der Erlend skal spele, for første gong. Og mandag er det styremøte i pensjonistlaget, det har vore ein pause i alle aktivitetar no ei stund.

tirsdag, oktober 22, 2013

Dagbok 2013: 22.oktober

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er +13 grader og det regnar. Temperaturen har eg ikkje noko å utsette på, men regnet likar eg ikkje.
Vi har vore litt sløve i dag også. Nils var først til Vik og klipte seg, etterpå var vi nedom Clas på Amfi og kjøpte ny brødristar, noko eg er heilt avhengig av. Eg kjøper alltid ein billig sort, for dei blir stygge etter ei stund, heilt uavhengig av pris.
Vi hadde ikkje lyst å sitte heime og kure heile dagen, vi ser aldri TV på dagtid, for eksempel, og arbeidslysta mi var laber. Nils foreslo at vi kunne ete middag i Volda, og eg seier aldri nei til slike forslag. Men først tok vi ein shoppingrunde på Spinneriet og på Møre konfeksjon, så no har eg klede til jul. Siste tre åra har eg kjøpt ny tunika til jul, så brukar eg dei på møte i pensjonistlaget t.d. Må ha litt å variere med.
Middagen på Landscape var heilt OK, men maten der er ikkje så veldig spennande. Vi kjøper alltid kinesisk, men dei har norsk mat også. Der er alltid mange pensjonistar, praktisk sidan kafeen ligg under same tak som Coop.
Etter at vi kom heim har eg berre stroke litt klede og gjort litt småarbeid.
I går kveld etter at eg hadde skrive på bloggen, shina eg opp kjøkkenet litt ekstra. Blant anna vaska eg steikomnen, og for ein gongs skuld hadde eg funne ein steikomnrens som virka godt. Den var av merket Jif. Det kan no vere eit tips til spesielt interesserte.
Eg har lese ganske flittig i det siste, sidan eg har ei MP3- plate på vent, den kan eg ikkje legge inn på maskina, så då må eg bruke Walkman, og det kan ta si tid å lese når eg ikkje kan gå med boka på øyret heile tida.

Bok nr.58 - 2013: Dødens disippel

En ny bok om psykologen Sebastian Bergman, som vi ble kjent med i «Mannen som ikke var morder».
«Dødens disippel» er andre bok i serien om den sexmisbrukende og traumatiserte kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman.
En rekke uhyggelige kvinnedrap begås i Stockholmstrakten. Politiet står uten spor. De seksualiserte drapene bærer alle kjennetegnene til Edward Hinde, seriemorderen Sebastian Bergman fikk sperret inne for 15 år siden - og som fremdeles sitter bak lås og slå. Bergman tvinger seg på ny inn i etterforskningen. Under samtaler med Edward Hinde skjønner han at drapene angår ham selv helt spesielt.

Den første boken om Sebastian Bergman, «Mannen som ikke var morder», kom på norsk 2011. Dette er spennende, stilsikre og intelligente kriminalromaner.
.........................................................
Eg har også lese den første boka om kriminalpsykologen Sebastian Bergmann, og sett TV-versjonen med Rolf Lassgård i hovudrolla.
Det er ikkje tvil om at dette er bra bøker innafor sjangeren. Det er berre det at eg har lese så mykje krimbøker at eg føler eg har lese alt før. Her er ikkje berre ein seriemordar, men også ein copy-cat. Så det er berre å glede seg, Solveig!
Eg har lese boka som lydbok, den var på 13- CD plater, men den siste plata slutta så brått at eg vil kalle det ein cliff-hanger. Så vidt eg veit er det planlagt ein serie på 5 bøker.

mandag, oktober 21, 2013

Dagbok 2013: 21.oktober

 
Klokka er18.30, det har skya over og temperaturen har stige til + 6 grader C. Det er ikkje så fint som før, men vi slepp kulden.
Sidan vi rekna med at dette vart siste finevêrsdagen på ei stund, ville vi vere mest mulig ute.
Vi er stadig på leit etter nye plassar å gå tur. I dag køyrde vi opp i Solidalen der det er ei skytebane. Vi parkerte bilen eit stykke ned i bakken og gikk siste stykket. Der var inga skyting i dag, så vi gikk heilt trygt.På bildet over ser de eitt av "skytehusa" og fjellet Helgehornet som er med på nesten alle bilde frå altanen vår. Vi er i Volda kommune.Herifrå går det merka sti opp på fjellet. Har vore på toppen eit par gonger, men då gikk vi opp frå Hovdevatnet.
Då vi kom ned att til bilen gikk vi ein sti bortover, der det var tett skog på begge sider av vegen. Eg prøvde å ta eit bilde av Voldafjorden mellom trea, med dårlig resultat.Her er det tømmer nok til ei ny Dagmar.
Eg stussa litt på om namnet på dalen var rett stava på skiltet.Solidalen, stod der. For meg blir det sol-i-dalen. Eg meiner det må heite Sollidalen, eller Solliddalen=sol-lid-dalen.Eg skal sjekke eit kart.
Vi handla litt på Rema 1000 på heimvegen, og så var det heim og steike sei til middag.Det er no stas kvar gong.
Eg var ikkje så sprek å gå i dag, trur det kjem av at det er regn i kjømda, alle giktiske "sjukdommar" reagerer vel på vått vêr.Eg må berre skrive det, så folk ikkje trur eg er LAT. 

søndag, oktober 20, 2013

Dagbok 2013: 20.oktober.

Klokka er 17.30 og sola held på å gå ned. Neste veke er det slutt på sommartida, då kjem vi til å merke at vi er inne i den mørke årstida.
Sist natt var det frost ute, men så langt har eg berre registrert at blomkarsen er skada.Eller rettare sagt død.
I dag har det vore ein vakker dag, med sol frå klår himmel, ute er det ikkje så varmt, men innom hus er det tropisk her som sola står på stoveglasa heile dagen. Akkurat no er det +1 grad C ute.
Nils gikk ein tur tidlig på føremiddagen, men eg vart att inne og vaska håret etc., og då lei det så langt at eg like godt laga middag. Gikk ut og inn Starevegen og tok bilde før vi åt (ca kl.14.00).
Etter middag vart det ikkje gått ut, men NO skal eg ta med ein tur ut, mens Nils ser TV.(Fotball?) Bøsseberarane har vore her. Eg ville no heller gitt pengar til "svoltne barn i Afrika"- men eg kan no gjere det også viss eg vil.
 

lørdag, oktober 19, 2013

Dagbok 2013: 19.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen ute er 0 grader C og vi har hatt ein ganske fin dag. Det har vore lettskya og ein god del sol.
Det første eg gjorde i dag etter at frokosten var overstått, var å lage fiskekaker. Lagar aldri mykje om gongen, berre 3-4 middagar. Likar ikkje at fiskekakene blir liggande lenge i frysaren.
Ut på føremiddagen var vi ein tur nedover, Nils hadde ærend på apoteket, blant anna. På Amfi var der eit svara spetakkel, det var eit band som spela musikk à la "Vassendgutane"- ikkje akkurat min favorittmusikk. Men det var veldig mykje folk på senteret i dag, og vi trefte sjølvsagt mange kjende. Vi gikk ein tur i Gågata også, der var det knapt eit menneske å sjå. Vi tok det som dagens trimtur.
Då vi kom heim vart det å lage middag, ete og kvile på sofaen, med lydbok. No brakar det snart laus med song og dans resten av kvelden. Eg brukar å ta opp på TV2, og sjå på NRK 1.
(Bildet over har eg lånt frå FB. Det er ei veninne på andre sida av fjorden som har tatt det. Vi bur heilt til høgre i bildet.)                 

fredag, oktober 18, 2013

Dagbok 2013: 18.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen er + 4 grader C. Det er kraftige regnbyger, innimellom kjem det små gløtt av sol. Snøen er komen langt ned i fjellsidene, men eg håper at det ikkje er sjølve vinteren som er komen, berre ein liten forsmak.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha vore verken flink eller flittig, har eigentlig ikkje gjort noko som helst. Vi var nedover og handla litt før middag. På Coop trefte vi mange kjende, mellom anna ein av naboane frå Melle som eg ikkkje har sett på mange år.
I dag fall vi for freistinga å lage Taco, og tilfeldigvis er det altså fredag. Vi åt retten i vanlig middagstid og det smakte godt innimellom all fisken.
Var innom biblio i dag også, og fekk med meg nyaste boka til bergens-krimforfattaren Chris Tvedt,Den blinde guden, boka er dessverre i MP3-format, så då må eg bruke den store Walkman-en. Men eg har testa at den funkar der.
Var ein liten tur ned i kjellaren og rydda litt, men eg har mykje som skulle ha vore gjort - så mykje at eg ikkje veit kvar eg skal begynne, derfor står eg heilt i stampe. Ja arbeidet spring no ikkje ifrå meg.
No er det fredag igjen, og mykje å sjå på TV, men først må eg ha meg ei lita lufterunde, tross vêret.
Ønskar alle ei god helg, og håper vinterdekka er på plass.

Bok nr 57 - 2013: Mors gaver.


Da Cecilie Engers mor havner på sykehjem med Alzheimer, blir barndomshjemmet tømt i løpet av en helg. Under opprydningen finner Cecilie morens sirlig nedtegnede lister over samtlige av familiens julegaver gjennom fire tiår. Gaver gitt og gaver fått, til og fra mennesker med svært forskjellige liv. Med listene som utgangspunkt skriver Cecilie Enger sin egen families historie, fra slutten av 1800-tallet og frem til i dag.
Samtidig fortelles en annen historie. I løpet av de to årene Cecilie Enger skriver Mors gaver, viskes morens hukommelse og personlighet gradvis ut. Denne romanen er en fortelling om gaver, erindring, og om lengselen etter å holde tiden fast.
....................................................................................
Cecilie Enger er fødd same året som Solveig, 1963, mens mor hennar er ca fem år eldre enn eg. Det gjer at boka på ein måte omfattar heile mitt vaksne liv, og mykje av det som skjer i samfunnet er slikt som eg hugsar.
Boka er kort og lettlesen. På ein måte kan den minne om Helene Uris bok "Rydd ut", men Enger si bok er enklare. Elles høver det godt å lese den akkurat no når demens er aktuelt i samband med TV-aksjonen.Boka er vel verd å lese.Sidan det er ei ny bok, er det mykje å finne på nettet, ikkje berre det eg har "saksa".
Av forfattaren har eg lese berre ei bok før, nemlig "Himmelstormeren", også det ein dokumentar-roman.

torsdag, oktober 17, 2013

Dagbok 2013: 17.oktober

Starevegen klokka 14.00 i dag.
 
Klokka er no 17.15, ute er det overskya, regnbyger og snø i fjella.Temperaturen er+ 3 grader C. Av og til er sola framme så vidt det er.Det er sikkert giktvêr, så det er det som gjer at ryggen er trøblete.Det er verst når eg sit i ro.
I dag før middag reiste Nils på sjøen for å fiske, han fekk ikkje så mykje, men det vart småsei til middag og litt til.Feilen med å ete småsei tidlig på dag, er at det er fare for at middagskvila kan bli litt for lang! Eg agiterer stadig for å ete middag seinare på dag, så ein får utnytte dagslyset.
Mens Nils var ute og fiske, fekk eg støvsuga og vaska til helga, litt vinduspuss vart det også. Såg litt svart på jobbinga på førehand, men ryggen kom seg etter kvart, så det gikk fint.
Som de ser på bildet er det snø i fjella, enda lenger ned no. Vi har ikkje lagt om til vinterdekk, men så skal vi heller ikkje på jobb tidlig om morgonen slik som mange andre.
Eg synest det er trist å tenke på at vi er inne i vinterhalvåret, sommaren er så altfor kort. Begynner snart å forstå dei som rømmer til varmare land om vinteren.

onsdag, oktober 16, 2013

Dagbok 2013: 16.oktober

Klokka er ca 18.30, temperaturen ute er + 6 grader C, det er overskya no, men det har vore ein fin dag. Mykje sol, med litt skyer innimellom. Nils og eg har nettopp hatt oss ein tur rundt på Vallabøen og sett på kva folk styrer med rundt omkring.Eg har vore bra i ryggen før i dag, men fekk litt problem no.
Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag. Men vi var ein tur nedover og handla før middag. Eg går og kikar litt på vintersko, og då vi var inn på skobutikk nr.2 var der ei dame som smilte og helsa. Eg såg at eg kjende henne, men eit øyeblikk stod det heilt stille, men då eg såg jenta ho hadde med seg, fall det på plass. Det var Margunn og Kristine som var i Ørsta fordi Kristine skulle til tannregulering her. Det er bra gale når ein ikkje kjenner tjukkaste slekta. Til mi unnskyldning må eg seie at eg ofte har problem med å kjenne att "gamle" elevar som har blitt ganske vaksne etter kvart, så det er min første tanke.Dessutan venta eg ikkje å treffe eidarar her i dag.
Då vi kom heim laga eg middag, i dag vart det steikt kveite og heimelaga remuladesaus. Det smakte ikkje så verst.
Var innom biblio i dag og leverte tilbake boka eg  hadde lese ut. Lånte ei anna lita bok på 5 CD-plater, så slepp eg å lese den krim-boka eg har liggande. Eg likar veldig godt korte bøker.No skal eg kvile ryggen litt, og så blir det kanskje litt strikking, sjølv om eg har ein liten mistanke om at det ikkje gjer så godt.
Det ser nesten ut som om det kan kome snø i fjella.

tirsdag, oktober 15, 2013

Bok nr.56 - 2013: De usynlige.

Det er veldig mykje å lese om denne vesle boka på nettet. Men eg vil ikkje verken lese det, eller legge det ut her.Eg vil ha mi eiga oppleving av boka.
Då eg var 18 år hamna eg sjølv på ei øy i havet, ikkje på Helgelandskysten, rett nok. Men eg veit noko om livet i eit fiskarmiljø på ei øy i havet; noko har eg erfart sjølv, mest har eg lært av Nils. Eg veit noko om korleis det er å klare det meste sjølv - av alle dei praktiske ting som må gjerast i eit fiskar-bondemiljø.
Eg synest dette strabasiøse miljøet blir godt skildra i denne boka, som går tilbake til tidlig 1900-talet-eller enda lenger. Det er eit strabasiøst liv med mange utfordringar, og det er ikkje mykje spørsmål om lykke, berre om å klare seg. Men draumane om eit betre liv, det har dei.Trua og overtrua er også med.Trur dette er ei bok, mest for oss som har levd ei stund. Eg vil anbefale andre å lese den.
Og for all del, les lydbokversjonen. Opplesaren les på "nordnorsk", noko som løfter boka i dette tilfellet.
Språket er poetisk og vakkert, nesten så ein skulle tru at Hamsun sjølv hadde vore den som heldt i pennen. Tankane mine streifa innom "Markens grøde". No er det ikkje alle som likar den boka, men slik er det, ein opplever det ein les ulikt, derfor  vil ikkje alle like Roy Jacobsen si bok, heller. Men eg blei fascinert.

Dagbok 2013: 15.oktober

Klokka går mot 19.00. Temperaturen på trappa er+ 9 grader C, det er overskya, men opplett. Det kom rett nok nokre regndropar tidlig i dag, men det blei ikkje mykje av det.
Før middag baka eg brød og shina opp kjøkkenet, pluss litt anna husarbeid. Sidan vi hadde suppe igjen frå i går, slapp vi å lage middag, og vi åt tidlig.
Etter ein pause var vi ute i hagen og jobba litt.Nils hadde saga ned litt av eit tre og mol opp greiner. Eg klipte litt greiner frå buskar og tremens han likevel hadde kverna framme. 
Eg var låk i ryggen i utgangspunktet, og vart ikkje betre av hagearbeidet. Ryggen har ikkje plaga meg så mykje i seinare år, men no er det gale. Får vel finne fram varmare klede, det plar hjelpe. Vurderer å ta eit par tablettar og gå ein tur, det er ikkje godt å vite kva som gjer godt og kva som ikkje gjer det.
Held på med siste plata av Roy Jacobsen si bok "De usynlige". Heile boka er på berre 5 CD-plater.

mandag, oktober 14, 2013

Dagbok 2013: 14.oktober = Vinterdag

Klokka er 18.00, og sola gikk ned for eit par minutt sidan. Temperaturen ute er + 9 grader C.
I dag har eg ikkje vore lenger enn ut på altanen. Var veldig flink f.m. Eg baka to stk.matpakkebrød, laga ein stor porsjon brennsnut og pussa vindu, både inne og ute. No veit eg at ein ikkje skal pusse vindu når sola skin, men skal eg gå ut på altanen og pusse i regnvêr ? Gløym det. Det får bli som det blir, det er i alle fall gjort.
Margrete kom i halv fire tida og var her mens Amanda dansa ballett. Ho åt sjølvsagt middag her hos oss. Elles har det ikkje hendt så mykje, somme dagar må ein berre vere litt husmor sjølv om sola skin aldri så mykje.No er det slutt på haustferien både her og der og alle er komne heim og på plass, så vidt eg veit.

søndag, oktober 13, 2013

Dagbok 2013: 13.oktober


Klokka er 18.15, og sola forsvann heilt plutselig. Det har vore enda ein nydelig haustdag. Litt kaldt om morgonen, men sola varmar. Akkurat no er temperaturen + 8 grader C.
Før middag gikk Nils og eg ein tur på "Kanalvegen". Der er det ope så sola får skine. I gatene her er skuggane av husa så lange! Vi hadde ein fin tur, og trefte kjentfolk å prate med, sjølv om vi var utanfor komfortsona vår.
Då vi kom heim, laga vi middag, og så vart det ei kvilestund etterpå.
Nils skal hente Margrete på flyet i 19.30-tida, så han køyrde bilen hennnar ned til Bunnpris, der ho skal handle litt før ho reiser heim til seg sjølv.
Mens Nils var vekke gikk eg ein liten tur rundt "Storebakken" med kamera. Det er så fine haustfargar at eg må forevige dei.

 
 

lørdag, oktober 12, 2013

Dagbok 2013: 12.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader C, og det har vore ein strålande dag  med sol frå skyfri himmel. Fine haustdagar er nydelig, men skulle gjerne hatt fleire slike mens det enno var varme i lufta.No har sola gått ned her hos oss oh ein halv måne er å sjå i sør-aust.
I dag var vi ein snartur nedover og handla, men det var tidlig på dag. var innom biblio og henta ei bok som dei hadde lagt av til meg. Gler meg til å lese noko anna enn krim.
Då vi kom heim gikk vi ei trimrunde rundt i nabolaget før vi gikk i hus. Nils laga ein rett som han kallar plukkfisk, mens eg rippa den nye boka og strikka. Her går det i lestar! Etter ei god pause-eg kom endelig imål med boka eg har halde på med lenge- var eg ute i hagen og klipte ned staudene. Sant å seie er det andre gongen i haust. Klipte dei ned så tidlig at dei vaks opp att! Det som står att no er å klippe greiner og kvistar av trea, men vi ventar til lauvet er borte.
Solveig og øystein er tilbake frå Irland og i morgon kjem Margrete att frå Kr. sand.Så er det full rulle fram til juleferien. Har sett både kakemannar, julebrus og peparkaker på butikken. Vi skal bli bra lei av julevarene før jula kjem !
I kveld er det både "Stjernekamp" og "Skal vi danse", så det blir litt switching og litt opptak, for å få med seg alt.

Bok nr. 55 - 2013: Skyggerom.

 "Skyggerom - krim" av Jan-Erik Fjell
Skyggerom - krim
Skyggerom er en utsøkt beskrivelse av råskap, de vondeste overgrep, hevn, vennskap og sorg. Og midt oppi dette er romanen rett og slett morsom. Anton Brekke dessuten har blitt en enda sterkere karakter – fortsatt komisk flåkjefta, men nå også følsom og sårbar.

Det er snart jul og småkriminelle Bernandas fra Litauen kjører inn i Norge med en forseglet last, på oppdrag fra den russiske gangsterbossen Doskino. Kontakten som skal overta lasten, dukker aldri opp ved den avsidesliggende hytta ved Fredrikstad. Når Bernandas oppdager hva slags "varer" han har smuglet, skjønner han at han selv er i fare og får panikk. Neste dag blir den eldre læreren Viggo Holm funnet død i sitt hjem i Sarpsborg, brutalt knivmyrdet. Det viser seg at Holm og Bernandas´ kontakt er samme mann. En motvillig Anton Brekke blir satt på saken. Parallelt med etterforskningen følger vi Bernandas´ stadig mer desperate kamp for å komme seg ut av den skvisen han er i, strandet i et fremmed land og klemt mellom en mordetterforskning og trusler fra bakmannen i Litauen.

Om forfatteren:
Jan-Erik Fjell (født 1982) er født og oppvokst i Fredrikstad. Han er utdannet innen IT, kontor og administrasjon, men er nå forfatter på heltid. Han debuterte i 2009. Hans første krimroman, Tysteren, kom i 2010, og samme år ble han, som den yngste noen gang, tildelt Bokhandlerprisen. I 2011 mottok han "Frederikprisen" som deles ut til en ung og lovende kulturutøver.

..........................................................
Eg har brukt lang tid på denne boka, lese litt no og då, lese om att....osb. Denne boka burde eg ha lese i samanheng og helst laga med ei "rolleliste" frå begynnelsen av. Sidan eg altså ikkje gjorde det, fekk eg dårlig samanheng i det eg las. Men boka er i seg sjølv noko "springande"-best som vi er i Vilnius, så er vi i Oslo eller Fredrikstad m.fl. Kort sagt gikk det litt i surr for meg, og eg fekk ikkje rette inntrykket av boka.
Når det er sagt, vil eg halde fram at boka er godt skriven, med mange gode formuleringar og til dels gode karakterar.Elles er her utrulig mange klisjear, når ein har lese så mange krimbøker som er har, er det ikkje til å unngå at mykje av det same går att.Til vanlig blir mysteriet løyst vesle julaftan, men her skjer det på sjølve julekvelden! Ny vri altså.
Eg kan ikkje fordra slike "etterord" med takk til alle som har hjelpt til med research og anna, det passar utrulig dårlig i lydbøker.

fredag, oktober 11, 2013

Dagbok 2013: 11.oktober.

Klokka er 19.15,og sola har gått ned . Vi har hatt ein nydelig dag med sol frå skyfri himmel. Temperaturen er no +6 grader C. Det blir nok kaldt til natta. Eg er glad kvar morgon blomkarsane ikkje har frose.
I dag reiste Olaug jr. og Nils på sjøen for å fiske sei. Og bra fangst fekk dei. Mens dei var vekke fekk eg vaska og støvsuga til helga. Vi åt fersk, kokt småsei til middag, og etter at vi hadde slappa av litt, dusja og stelt oss, køyrde vi ut att med Olaug og seifiletane som Nils hadde laga klar. Håkon var komen heim så Olaug slapp å kome til tomt hus.
Vi svinga nedom Hareid sentrum og fylte bensin på bilen og kaffi i Statoilkoppane våre. For ein gongs skuld passa det å ta ein tur til Flø, ein ynda plass for alle fotoamatørar. Og eg knipsa i veg.....men så vart det brått slutt på batteriet! Ja, det er mi eiga skuld, som ikkje sjekkar slikt.No er vi vel heime att og har ein lang TV-kveld framfor oss.Ønsker alle ei god helg!




torsdag, oktober 10, 2013

Dagbok 2013: 10.oktober

  Morgonstemning.
Klokka er snart 19.00, temperaturen +6 grader og vi har hatt ein nydelig dag.
Vi var litt seine før vi kom i siget i dag. Eg skulle strikke litt og så skulle vi sjå Ørstafilmen som eg fekk i posten i dag osb.
Det blei til at vi køyrde bomvegen opp til Krøvelsetra, men for å få frisk luft, gikk vi siste stykket. Det var nydelig der oppe i dag, men ganske kaldt.
Volda i bakgrunnen.
Piken på broen.
Eit praktisk "hagebord" som står for ein støyt. Med innlagd handvask.
Gamle hytter-og nye.Sjølve seterhusa er lenger oppe i lia, men det var for vått å gå opp dit.
Sist eg var der gikk vi heile vegen opp, men det er mange år sidan.
Der er både gamle og nye hytter der oppe, nokså stor skilnad på standarden.
Då vi kom heim laga vi middag. Eg hadde ferdige kjøttkaker , så det var fort gjort å lage litt saus og koke poteter og kål til. Etter at vi hadde slappa av litt, blei det is og kaffi.
No er den eldste og den yngste ute og går tur, mens eg sit her. Eg må helst gå tur åleine, for eg er ei sinke. I morgon har dei tenkt seg ut å fiske, så då kan eg ta fredagsvasken. Skulle vore ute i hagen og rydda også, men det har vore så kaldt og vått hittil.
 

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...