tirsdag, april 29, 2008

Vi pyntar opp ute.

I dag vart det endelig til at vi fekk kjøpt oss stemorsblomster til kassene utanfor kjøkken-glasa. Plantane ser nokså små ut, men dei kjem seg fort.Skal putte blomkarsefrø langs kanten, slik at der kjem noko nytt når stemorsane blomstrar av.Kjøpte også ei potterose til å ha på trappa. Elles så kjem tulipanane for fullt om ikkje så lenge. Det er ei fin tid!







I dag har eg lese ut denne boka, Tyskerungen.Historia er i og for seg spennande og interessant nok, men etter mi meining er her alt for mykje "bakgrunnsstoff" som har lite eller ingen ting med fortellinga å gjere.Vi treng ikkje å få vite om kvar einaste tekopp og kake som blir konsumert t.d..Pjatt vil eg kalle det.Kjem i hug ein kommentar eg fekk under ein stil ein gong.Norsklæraren skreiv:Du har så lett for å skrive at du står i fare for å bruke for mange ord. Eg lærte noko av den kommentaren.
No har eg så vidt begynt på ei ny bok, På grunn av et løfte.
MP 3 spelaren svikta totalt på sundag, men då eg grov fram att den kasserte Walkmanen så virka den som aldri før. Forstå det den som kan.

fredag, april 25, 2008

Wenche fyller år!

Vi gratulerer Wenche med dagen i dag ! Håper det blir ein fin dag på Kongsberg. Skulle gjene vore der ein tur, men det får vere til sommaren.
Her går det i hagestell og husarbeid, som vanlig. Det er litt skya i dag, så då går det an å vere litt inne også.
Ha ein fin dag!

onsdag, april 23, 2008

Gratulerer.


Vi vil ønske Eidabesta til lykke med dagen i dag.Ho er framleis ung og sprudlande som ein fjellbekk.Veit at både barna og dei 11barnebarna set stor pris på henne, og det har dei god grunn til.
Håper de får ein fin dag på Eid i dag!

tirsdag, april 22, 2008

Fiskefangst.

No er både mann og båt heime på tunet att.Og med god fangst av sei, lyr og torsk.Herlig!
Ruth og Harald var innom, så dei fekk med seg litt, og så vankar det litt fisk til diverse naboar også.
Det blir vel fleire fisketurar?
Vel heime fekk han melding om at forsikringa for vass-skaden i kjellaren er betalt inn på konto etter mykje om og men, så i dag vart det bra fangst på meir enn ein måte.
Posted by Picasa

Nydelige dagar.

Veret siste dagane har vore så utruleg fint.Og vi har vore mykje ute; Nils har jobba i hagen, mens eg har lagt på altanen mykje av dagen. Husarbeid tek eg morgon og kveld.I dag for N. av gårde med båten for første gong i år, så no er eg veldig spent på om det blir fisk til middag. Vi har vore utan fisk ganske lenge no.Blomstrane som eg fekk med Solveig før påske har overlevd. Krokusane er ferdigblomstra og perleblomstrane syng på siste verset, Men dei nydelige narcissane står på sitt vakraste no. Veit ikkje kva denne sorten heiter.

lørdag, april 19, 2008



Posted by Picasa

Vårklippen

I dag skulle Margrete og alle ungane klippast i Volda. Sidan Lars var på jobb, stilte besteforeldra opp som assistentar. Eg veit ikkje om det var så nødvendig, for dei er flinke å ordne seg sjølve.Men det er noko anna å gå til frisør no enn den tid eg følgde bror min til Rotihaug i Hola og venta mens han var "snauda". No er det TV og bilstol og til slutt får borna velje seg ein fargeklatt i det ferdig "staila" håret.Ja, det er no berre minstemann som får slik sørvis.Som mot-yting fekk frisøren eit kurs i korleis ho kunne gå inn på Google og finne Thomas-toget der.Og så var det varm sjokoladedrikk mens han venta på søskena.

tirsdag, april 15, 2008

Gratulerer med dagen!

Vi gratulerer deg, Eirik, med 11-årsdagen den 15.april. Dette bildet er frå ein av dei første dagane dine i Livet, mens du enno var på fødeavdelinga i Volda. Litt seinare reiste du heim til Ulsteinvik og hadde ein fin sommar der. Trur det er den finaste sommaren eg kan hugse, sol nesten kvar dag.
Håper du får ein fin fødselsdag sjølv om du er ferdig med storfeiringa.
Klem frå morfar og mormor.

mandag, april 14, 2008

Sommaren 1958.

Våren 1958 var eg russ,og om hausten skulle eg begynne som lærar på skulen i Trovåg. Eg hadde ikkje eit raudt øre, men i påvente av den første lærarlønninga mi, lånte eg pengar med mamma og kjøpte ein blå Kurer reiseradio.Det var stas!!! Om kveldane den sommaren sat veninnene mine og eg ofte på rommet mitt og høyrde på Radio Luxemburg. Den største slageren denne sommaren var Love letters in the sand med Pat Boone.
Det var sikkert mange rare tankar som for gjennom hovuda våre den gongen for snart 50 år sidan;draumar og ønske for framtida.No har vi fått fasiten på det meste.
Eg lova at eg ikkje skulle legge inn fleire songar på ei stund, men sidan S.ofte oppmodar meg om å skrive om fortida, så har eg ei unnskyldning.

søndag, april 13, 2008

Enda ein song.

Sat og leika meg litt på You Tube og kom over denne versjonen av Danny Boy, sunge av den då ca 10 år gamle Declan Galbraith.
Det er noko av det råaste eg har høyrt. Måtte høyre nokre nyare innspelingar med same guten. Der er han meir skolert og syng framleis fint.Men denne er absolutt favoritten min.
Då eg gjekk på lærarskulen, lærte vi denne melodien, men med ein annan tekst.Då heitte den Londonderry Air. Eg har sjekka at det er den same melodien, men veit ikkje kvifor den har to ulike titlar, og kva for ein tekst som er eldst.
No lovar eg å ikkje legge inn fleire songar på ei stund! Trur eg.

Help

Etter å ha sett somme av desse båtvideoane, synest eg denne songen høver bra.
Elles kan den minne nokon og kvar om at ein ikkje blir yngre med åra.Av desse fire unge er det berre to att, så vidt eg veit.Så det går den vegen høna sparkar med alle.Også gamle popidol.

Fars nye hobby.

Etter at vi lærte oss å bruke You tube litt, har N. fått ein ny hobby; han lyttar til båtmotorar! Sjølvsagt ser han på båtane også, men det er lydane som er viktige. Han drøymer seg vel tilbake til sitt tidlegare fiskarliv og til atmosfæren i dei ulike fiskebåtane han var ombord i. Motorlydane er som musikk i øyra for han.

fredag, april 11, 2008

Besøk frå Hareid.

I dag har vi hatt besøk av Solveig og Olaug. Olaug har lært meg litt om You tube, som eg har praktisert her på bloggen.Etter at dei var reiste måtte eg prøve litt åleine.
Sidan det er så populært med salmar for tida har eg valt å la Elvis synge yndlingssalmen min. Rart å tenkje på at det snart er 31 år sidan han døde.Han var alt då svært redusert,så eg torer nesten ikkje tenkje på korleis han hadde vore om han hadde levd i dag.
Då eg var ung var eg ikkje spesielt begeistra for Elvis, merkelig nok. Fascinasjonen kom seinare. Mykje seinare!

Evigunge Elvis !

No held eg på å lære noko nytt.

tirsdag, april 08, 2008

Gratulerer med dagen, Mimi.

Denne fine duftranken fekk eg med Solveig til fødsels-dagen min. No har han begynt å sprette ut og er berre heilt nydelig. Viss nokon av dykk har gode råd om stell av denne planten, tek eg gjerne imot. Vil at den skal vare så lenge som mulig og ev komme att med nye blomster seinare.
Sidan Mimi fyller år i dag, kan blomsten vere ei helsing til henne også.

Trening i heimen.




Eg går no til fysio-terapeut og trener hofta mi.Det paradoksale er at no er eg faktisk meir plaga med skulder og nakke. I første omgang skal eg trene, seinare vert det ev. anna behandling. I heimelekse fekk eg nokre øvingar eg skulle gjere pluss oppskrift på eit enkelt men genialt treningsapparat. Sidan eg veit at andre i familien har same problem, får de oppskrifta her:
Du treng ca 3 meter flaggline+ ei lita trinse.Legg tauet over trinsa og lag eit handtak i begge endar.Knyt ein tauende i trinsa og lag ein knute. Fest apparatet ved å legge tauenden over dørbladet og lat att døra. Og så er det berre å drage! Bilda talar vel for seg.Nils måtte vere fotomodell, noko han ikkje har noko imot.
For å få maks ut av treninga, bør ein varme opp med t.d. ei varmepute på førehand.






lørdag, april 05, 2008

Ny sveis.


Sidan Margrete har skrive så mykje om turen til Solund, får eg fortelje litt om eit anna storhende i familien.
Minsteguten har vore til frisør! Babyen er plutselig blitt stor gut!Han vart så forandra at det var så vidt eg kjende han att. Han blir meir og meir lik storebroren, trur eg.
Den 2. mai fyller han to år.

fredag, april 04, 2008

Buttons.


Solveig minner oss på bloggen sin om den tida vi gjekk rundt med buttons der det stod:
Snakk dialekt. Skriv nynorsk. Her må eg korrigere litt. Der stod:
TAL dialekt. Det irriterte meg såpass at eg vegra meg mot å gå med desse merka. Dessutan , skulle alle skrive nynorsk? Også dei som snakka ein dialekt som låg nærare bokmålet?
Sist eg rydda i roteskuffene mine samla eg alle buttons eg fann i ein plastboks. Nokre har barnebarna fått, men her er dei som er att.Litt nostalgisk for meg, og for barna, men barnebarna har vel ikkje opplevd "buttons-tida".

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...