fredag, april 11, 2008

Besøk frå Hareid.

I dag har vi hatt besøk av Solveig og Olaug. Olaug har lært meg litt om You tube, som eg har praktisert her på bloggen.Etter at dei var reiste måtte eg prøve litt åleine.
Sidan det er så populært med salmar for tida har eg valt å la Elvis synge yndlingssalmen min. Rart å tenkje på at det snart er 31 år sidan han døde.Han var alt då svært redusert,så eg torer nesten ikkje tenkje på korleis han hadde vore om han hadde levd i dag.
Då eg var ung var eg ikkje spesielt begeistra for Elvis, merkelig nok. Fascinasjonen kom seinare. Mykje seinare!

4 kommentarer:

Elin sa...

For eit utval du har gjort her då, Olaug! Veldig bra! For mange månader averterte eg Elvisputer/gryteklutar/mm her på bloggen min, eg kjøpte nemleg ein meter stoff, men ingen har bite på, ingen vil kvile hovudet sitt på han, så eg forstår ikkje. Men stoffet står seg...

Elin sa...

Eg har forresten føreslege ein blogge-slektstur til Hareid i løpet av våren, hadde ikkje det vore gøy då? Vi får no aldri ei unnskyldning for å ta den tunnellen vi, veit du. Og så veit eg at der er ein fantastisk kokk/bakar der ute...Jaja, eg er no frekk og frampå, men ein får ikkje anna moro enn ein finn på sjølv, ofte i alle fall...Vi er no minst 7 godt bevandra bloggarar som meir eller mindre er i slekt!

Elin sa...

http://lappetausa.blogspot.com/search/label/Musikk
Viss du klikkar på denne, får du kanskje fram Bruce, som eg la inn i fjor. Der finn du også ein link til tekstar, viss du har interesse for det. Og så kan du no lage deg ein slik jukebox som eg hadde ei stund. Her er nok å prøve seg på...
Men av ein eller annan grunn så fall nokre av mine musikksnuttar ut.

Besta sa...

Når ingen har gjort krav på Elvis, må det vere av beskjedenheit, falsk eller ekte. Bloggetreff hadde vore gøy, men det lyt vel bero til etter konfirmasjonssesongen?
Veit du kva N. gjer på You tube? Han leitar opp gamle båtmotorar som han ser på og lyttar til. Minnest vel sin våte ungdom! Til sjøs altså!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...