Viser innlegg med etiketten Tilbakeblikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tilbakeblikk. Vis alle innlegg

lørdag, desember 14, 2013

Dagbok 2013: 14.desember.

Byggetid.(gammal dias)
Klokka slo nettopp 19.30. Temperaturen ute ligg litt under + 9 grader C, og det er opplett. Elles såg eg månen i kveld, men han blir ikkje full før på tysdag.
Dagen i dag har vore litt spesiell, eg har hatt kjensle av at det er sundag, men det er det altså ikkje. Nils og eg har vore litt uenige om kva dato vi flytta inn i huset her, han sa 13. og eg 14.desember. No har eg sjekka med naboane som flytte inn same dag, og for ein gongs skuld hadde eg rett. Det er i DAG 40 år sidan vi flytta inn i Starevegen 7. Heilt utrulig at vi har budd så lenge i same huset, når eg tenkjer på kor ofte eg flytta tidlig i livet.
I dag sette vi i gang med matlaging rett etter frokost, for at Margrete skulle få seg litt mat før ho skulle på "jobb" på Kulturhuset. I fellesskap laga Nils og eg ei stor panne med ertersuppe, såpass dei fekk med seg ein slank heim att også, og vi har middag i morgon.
Dessutan laga eg to Focaccia-brød når eg først var i gang. Harald hadde ærend til Ørsta, så han kom oppom med Eirik. Margrete hadde ikkje fått tak i han på mobilen, og lurte på om han hadde overnatta i Ålesund, der han var på skuleball i går. Men han hadde kome heim til Volda utpå natta. Utsøvd var han ikkje, så han la seg på sofaen og sov det meste av tida han var. Erlend hadde fått faren sin gamle Smart-telefon, så han hadde litt å styre med. Veldig fredelige typar.
Margrete kom oppom før andre framsyninga som begynte klokka 17.00. Det var ei fin framsyning. No er det berre Amanda av våre som var med, og denne gongen berre i første delen av programmet. Men det er no kjekt å sjå på alle. Det var sikkert ikkje berre eg som kunne tenke meg å vere like sprek som dansarane.
Eg har planen klar for i morgon. Eg skal gjere klar ein jule-middag og så skal vi pakke julegåvene som skal sendast.Eg har ikkje tenkt å bake meir; viss eg vil ha meir kaker, så kjøper eg. Nils og eg kan ikkje ete så mykje av sorten, og får vi besøk, lagar eg som regel til noko anna. Men ein kan lett få litt angst når ein lese om all verdens kaker og lefser på FB. Men eg står imot presset. Ha ei fin helg.(Det gløymde eg å skrive i går.)

Det er med vilje eg ikkje "klipper" vekk den "uferdige" tomta. Vi har faktisk lagt ned ein del arbeid i hagen også. Vi gjorde alt med handemakt.

søndag, februar 03, 2013

Dagbok 2013: 3.februar.

Klokka er snart 14.00, bildet over er tatt tidlegare i dag, no er det ikkje sol. Men det er opplett og rimelig bra temperatur, +3 grader. Nils måtte moke litt i dag også, for dei hadde vore her og skrapa vegen, blant anna.
Elles har vi gått oss ein frisk tur fram til Engeset, der vi budde for 40 år sidan. Det var mykje is og glatt på vegane, men eg hadde broddar på skorne, så det gikk heilt fint. Eg var frostig før eg kom med ut, men no er temperaturen på topp. Eg sov dårlig sist natt fordi eg verkte i magen. Det er vanlig at eg ikkje toler så godt HOT  Taco, men MÅ berre ha det av og til.
Her var huset vi flytta inn i etter å ha budd på Melle i 5 år. Vi budde her i 3 år. Huset er blitt ombygd sidan den gong. Vi budde i første etasje, huseigaren i etasjen over, men då var der ikkje vindu nedover. Sidan den tid har dei løfta taket og fått full høgde oppe. Dette skriv eg, for det kan hende dei som besøkte oss der ikkje kjenner seg att.
No har det kome enda eit tilbygg, såg vi i dag. Eg hugsar kor svært vi tykte det var å flytte hit etter å ha budd i det falleferdige huset i Melsbygda. På Engeset hadde vi skikkelig bad, to stover og stort kjøkken. Og den tida greidde vi oss med to små soverom. Fekk vi gjestar, fekk vi låne eit rom i kjellaren. På nedsida av vegen budde ein familie med fem barn, så ungane våre hadde leikekameratar. Dette vart litt mimring. 
No skal vi ha oss ein kaffikopp og ei brødskive, så lagar vi middag seinare. Det blir sei i ei eller anna form i dag.

onsdag, mai 16, 2012

17.mai i sol og regn.

Vi hadde ein del 17.maibilde på dias som Rasmus fekk lagt inn på data. Eg veit ikkje kva årstal bilda er frå, men eg ser at Solveig går i 2. eller 3. klasse, og Rasmus ei klasse under. Margrete er ikkje med på bilda, så det er før ho begynte på skulen.
Solveig begynte på skulen i 1970, så bilda må vere frå -72-73.På det øvste bildet er det mykje mindre snø i Melshornet enn det er i år.







mandag, mai 14, 2012

Elevar ved Eids gymnas våren 1958

Apropos russekjolar, så hadde vi alle saman kjolar av samme stoff, ein slags glatt poplin som var slitesterkt og haldbart. Vi brukte russekjolane lenge etter at vi hadde vore russ; dette var før "bruk og kast-tida". Min kjole var mellom anna med til Brüssel på russetur. Det var ikkje vanlig at russen reiste på så lange turar, men vi drog trøstig i veg med ein buss frå  "Nordfjord og Sunnmøre billag" utstyrt med kvite spisstelt. Det var etter at skulen var slutt, hugsar vi var i Brüssel 4.juli.
Denne våren fekk eg ein dag i oppdrag frå rektor om å gi beskjed om fotografering av alle elevane på skulen. Og som de ser på bildet gjorde eg ein god jobb. Det var visst berre ein elev som ikkje møtte opp-og gjett kven det var som gløymde heile greia?  
På fremste benkerekka sit mange russejenter, mellom dei ein av naboane våre.
I dette huset gjekk eg på skule frå eg begynte i 1.klasse til eg var ferdig på gymnas. Flytta berre opp og ned i etasjane. Dessverre brann dette praktfulle bygget ned. Med det var lenge etter mi tid.
(No fekk eg til å legge inn bilde, men ikkje det bildet av gymas-elevane.)

mandag, november 14, 2011

Nils fyller 75 år i dag.

I dag kan vi gratulere Nils med 75-årsdagen. For meg er det heilt utrulig at han er blitt så "gammal".
Dette bilde er frå 70-årsdagen, som vart feira hos Solveig på Hareid. Her er Nils i lag med søskena sine. Anne Marie i midten er storesøster og Rolf til høgre er den fem år yngre broren. Søskenlikheita er påfallande.
Nils voks opp på den veste staden Trovåg i Solund-øyane ytst i Sognefjorden, der dei fleste dreiv med fiskeri i den tida. Nils var vel ikkje meir enn ca 7 år då han først begynte å "drive sjøen"- ein aktivitet som han tok opp att då han vart pensjonist. Han arbeidde som fiskar heit fram til 1963, då han krabba på land og blei der. Mykje er forandra på alle desse åra, ikkje minst livet om bord i fiskebåtane.
På bildet under er Nils på sildefiske med skøyta Lily.Bildet er frå 1955.

Her er eit bilde frå Trovågen. Trur det må vere frå ca 1970. Nils er fødd og oppvaksen  i huset midt i bildet. Skulehuset er det vesle kvite huset til venstre for huset deira. Der hadde eg min første jobb. På dette bildet har det kome veg i Trovågen, det var der ikkje då eg kom dit sjøvegen i 1958.
Viss de vil sjå korleis der ser ut i Trovågen i dag, kan de gå inn på Google maps.

Det har skjedd mykje på desse 75 åra sidan Nils fart fødd, og materielt sett har folk fått det mykje betre. I Trovågen fekk dei ikkje elektrisk lys før i 1956, og alt var mykje meir tungvint enn i dag. På den tida straumen kom til Trovågen, var Nils i det militære i Stavanger.Den tida var militærtenesta 18 mnd. og få slapp unna.I 1957 hadde Nils permisjon i tre mnd. frå det militære for å reise på sildefiske. Då var han maskinist på "hjelparen"   Skipper Worse.
Nils dimma i juli 1958, og i august dukka eg opp på arenaen.Fire år seinare gifta vi oss-det blir 50 år sidan til sommaren.

lørdag, mai 01, 2010

Apropos konfirmasjon.

Denne helga er det konfirmasjon mange stader i landet, og det er vel derfor han som steller med gamle bilde i Møre-Nytt har funne fram dette konfirmasjonsbildet frå 1947.
Eg fekk ein stuss då eg såg at alle jentene hadde bunad, truleg Sunnmørs-bunad.
Var det vanleg på den tida?
Eg vart konfirmert i Eid kyrkje i september 1954 og vi var det første kullet der alle hadde kvite kapper, dvs. alle jentene. Dei som var konfirmerte året før hadde side, kvite kjolar, nesten som brudekjolar, men utan slør. Vi såg det som ei stor lette å få kapper, for no slapp foreldra å koste på oss meir enn ein kjole, den vi kalla an-dags-kjolen (2.dags-kjolen), og vi slapp at folk sat i kyrkja og vurderte konfirmantkjolane.
Bunad var det ingen som hadde, så vidt eg kan hugse. Det var ikkje så veldig mange i det heile tatt som brukte det.Derfor vart eg forundra då eg såg dette bildet frå Ørsta.
Dette er konfirmantane i Eid kyrkje 1954. Presten, Kristoffer Dale, døydde seinare same hausten.Den yngste av dei tre sønene hans er mellom konfirmantane.

lørdag, januar 09, 2010

Vermelding 9.januar 2010



Temperatur klokka 11.40: minus 11 grader C.
Veret er som før, kaldt og klårt, men sola kjem litt lenger ned for kvar dag som går.
No har vi tenkt oss ein tur ned i sentrum for å handle, der er det nok kaldare enn her oppe hos oss.
Kulderekorden for Ørsta kommune denne sesongen er det Follestaddalen som har.
Den er på minus 31,5 grader C.


Dette bildet er tatt mot vest klokka 16.30.Temperaturen er ca 10 grader.





I dag har søsken-barnet mitt på Sørumsand fødselsdag og vi gratulerer.
Då han var liten og budde på Eid, var det fast program-post i barne-selskapet å hauste juletreet, som deretter vart tatt ut.Då var jula definitivt over.
Her sit han på fanget til vår felles bestemor på Hildegard.
(Eg presser meg så vidt inn i bildet heilt til høgre).

søndag, november 29, 2009

Bok nr.79:Dødstårnet.


I min barndom og tidlege ungdom hadde vi ikkje TV i Norge.Og på radioen var det ein norsk kanal å høyre på. Og den brukte vi alle flittig. Det vi gledde oss til mens vi var små, var laurdagsbarnetimen frå klokka 18-19.Då var det som regel "høyrespel" som  gjekk som framhald frå veke til veke.Seinare kom det kriminalhøyrespel for vaksne(og barn) -og det var noko alle høyrde på og såg fram til.Det var så spennande at det var nesten ikkje til å halde ut.Den første serien eg hugsar var den om detektiven Paul Temple, seinare kom serien God aften! Mitt navn er Cox.De finst sikkert liknande ting på radioen no også, men eg er ingen radiolyttar. Her går det i TV og lydbøker.
Eg må innrømme at det var ved eit feiltak eg kom heim med høyrespel frå biblio, og eg vil ikkje påstå at eg er overbegeista for denne forma for lydbok, men litt nostalgisk var det i alle fall.Sjølv om både forma og innhaldet var noko passé.
Verre var det at sidan eg ofte brukar lydbøker som sovemiddel, vart det lite søvn sist natt, for best som dei ropte og smelte med dører, sette det inn med syntetisk sekkepipemusikk. Klokka 4 stod eg opp og fann ei bok eg hadde lese før og somna i løpet av 5 minutt.
Høyrespelet var kort. Berre 3 CD-ar.


tirsdag, september 08, 2009

Apropos tilbakeblikk.

Då eg vart pensjonist, bestemte eg meg for å skrive "livshistoria" mi,slik at barn og barnebarn kunne få vite litt om korleis det var å vekse opp under og etter KRIGEN.Og om åra fram mot den tida dei kan hugse sjølve.
Eg sette i gang med friskt mot, og skreiv meg fram til 13-årsdagen.Då kollapsa harddisken og eg miste alt.Eg orka ikkje å begynne om att på samme historia ein gong til, men fekk eit tips frå Solveig om at eg kunne skrive litt på bloggen innimellom.Det er derfor eg skriv desse historiene frå gamle dagar. På Internett ligg dei trygt får vi tru?

søndag, september 06, 2009

Flash-back.

I kjellaren på det det gule huset midt i bildet, budde vi første tida på Raudeberg. Dei tre første bilda er tekne frå samme ståstad.
Raudeberg skule. Bygget til høgre var der i mi tid,det til venstre er mykje nyare og har teke plassen til Gamleskulen.

Her budde vi 1964-65. Kjekt å sjå at eigedomen er så fint helden.Ragnhild,som vi budde hos,var ikkje gift,og det var ein gut ho var tante til som arva huset.

Nord-Vågsøy kyrkje. Her vart Solveig og Rasmus døypte av den islandske soknepresten.


Refviksanden. Det var her, på den delen av stranda som veninna mi eig, at Toralv Maurstad gifta seg siste(?) gongen.

I dag var det så kjedelig ver at vi fann ut at det var dagen for biltur. Vi køyrde utover og skulle ta ferja Årvik -Koparnes. Hadde sjekka ruta og funne ut at den gikk kvar halvtime.Det var litt lenger å køyre enn vi trudde og vi kom 2 min for seint. Så venta vi på neste ferje- som aldri kom.Akkurat DEN gikk nemleg ikkje, så det vart langt på dag før vi kom oss over fjorden.Vi køyrde over Maurstadeidet, til Måløy og Raudeberg.
Etter kvart som vi nærma oss Raudebrg begynte den eine personen føre og den andre etter å dukke opp i tankane våre, og vi hugsa brått alt som skjedde for over 40 år sidan.
Frå 1962-1965 budde vi nemleg på Raudeberg og eg jobba på skulen der to av åra. Nils jobba på fiskemottak. Begge dei eldste borna våre vart fødde mens vi var der, og vart døypte i Nord- Vågsøy kyrkje.
I mi tid var der to skulehus, Nyeskulen og Gamleskulen. No var gamleskulen borte og eit nytt bygg hadde kome i staden. Første tida vi budde der, hadde vi ei lita nett kjellerleilegheit, seinare flytte vi inn i 2.etasje hos ei pensjonert lærarinne.Det var veldig kort veg til skulen. For å illustrere det, stilte eg meg opp på same staden og tok bilde av huset, som no er påbygt og oppussa,og skulen.
Vi har vore på Raudeberg fleire gonger sidan vi flytte derifrå, men akkurat i dag gav vi oss tid å sjå oss litt ekstra omkring og minnast korleis det var då vi kom dit unge og nygifte, med heile livet framfor oss.Kan ikkje nekte for at det var litt vemodig.
Vi var også ein tur til Refvik og Vedvik, før vi for tilbake. Då hamna vi først på Kinarestaurant på Eid, og så på Hildegard.Vi hadde så smått tenkt oss innom Bjørnaset også, men fann ut at vi då ville komme midt i leggetida, så det droppa vi denne gongen.

Slik vart ein grå dag ein skikkelig opplevingsdag.Carpe Diem !!!!


fredag, september 04, 2009

Russekort anno 1958.

Dersom du trudde at russekort var ei ny oppfinning, må du tru om igjen. Alt i 1958 var det ein godt innarbeida skikk, rettnok berre for gymnaselevane. I dag driv eg og ryddar skuffer, det er derfor eg er så nostalgisk.

Eid skulehus.




I denne bygningen gikk eg på skule frå eg var sju til eg var 18 år.
I kjellaren var det sløydsal, kjemirom og skulekjøkken. Ikkje undervisningskjøkken, men laging og servering av middag for utanbygds elevar.I første etasje heldt folkeskulen til. Vi greidde oss med tre rom,for vi gjekk berre annan kvar deg. I mi tid gjekk ein anten to år i 5.klasse eller to år i 6., skulen var dermed ikkje heilt fulldelt, og vi greidde oss med tre lærarar.
I 2.etasje var det gymnas, med engelsklinje og reallinje.Sidan skulen var to-årig var det ikkje behov for meir enn fire klasserom.Dei som gjekk på engelsklinja, gikk andre året i 3.etasje. Der heldt også realskulen med sine to klassar til.
Såleis var skuletida mi ei vandring mellom romma i dette huset, berre to rom har eg ikkje hatt som klasserom.
Denne praktfulle bygningen fekk ei sørgelig endelikt då han brann ned til grunnen 14.april 1978.Men då var det lenge sidan eg hadde vore innom døra. Som mange veit er det bygt ny fin vidaregåande skule i samme området, og no har også operebygget kome til.
Det er bygt ny barneskule for mange år sidan, den heiter Nordfjordeid skule, ikkje Eid skule som i "mi tid".

For 60 år sidan.

Dette bildet er frå skuleåret 1948-49. Då gikk eg i 2.klasse på Eid skule.Læraren vår heitte Astrid Midthjell.Vi var 18 elevar i klassen, og vi gjekk alle i lag dei 7 åra på Folkeskulen, som det heitte den gongen.
Vi må ha vore ei flink klasse for mange av oss tok det som den tida vart kalla "høgane utdanning". Det er ikkje så mange av klassekameratane eg har hatt kontakt med, men ho som var besteveninna mi då vi begynte på skulen, snakka eg med seinast i går. Om nokon av klassekameratane skulle råke til å sjå dette innlegget, ville det vere kjekt å få eit lite livsteikn.

lørdag, august 22, 2009

Apropos hybelliv.


Kjellarleilegheita i Volda har vore nytta av fleire medlemmer av Storfamilien. Eg vart litt nostalgisk då eg såg innlegget til Margrete, og fann fram dei to bilda eg har frå då ho og Lars budde der.Her feirer vi fødselsdagen til Lars litt på førehand.Året er 1990, og Solveig held baby Audun, som vi berre ser eine foten av.

fredag, august 14, 2009

Gamle kunstar.




Far i huset har vakse opp i fiskarmiljø, der dei måtte klare det meste sjølve. Såleis kan han ymse ting som etter kvar går i gløymeboka. Til dømes kan han å "bitte gan" (binde garn), dvs. at han kan både å lage fiskegarn og reparere dei.I dag driv han og demonstrerer for meg korleis han gjer det.Dimensjonane på prøvelappen er 16 omfar pr. alen. For sikkerheits skuld har han målt med eit gammalt alnemål.Til orientering er ei alen ca 63cm.
Dersom nokon skulle ha lyst å lære denne kunsten, stiller han seg villig til å lære bort. Som de ser har han ei spesialnål til dette bruk.I enden av arbeidet kan de sjå eit trestykke som han kallar vre, det bestemmer maskestorleiken.


onsdag, august 12, 2009

Skulestart.





Hausten 1958 fekk eg lærarjobb på Trovåg skule i Solund, og alle veit korleis det gjekk.
Året etterpå ville eg prøve å få jobb litt nærare Eid, og søkte m.a. på ein skulepost i nærleiken av Førde. På Karstad skule i Solheimsdalen, som på den tida høyrde til Naustdal kommune. Eg fekk mitt livs sjokk då eg kom til ein avsides dal utan elektrisk lys eller andre moderne innretningar.Men dalen var vakker, og eg fekk nyte den vakre naturen på min daglege spasertur til og frå skulen, 4 km kvar veg, langs eit nydelig lite vatn. Ned til sjøen, der både rutebåten og melkebåten la til, var det ca 7 km. Der var det også butikk med relativt begrensa utval av matvarer.
Då eg kom til Ervik, som staden ved sjøen heiter, første gongen, vart eg møtt av husverten min med hest og vogn, og så gikk ferda i bratte motbakkar opp til Øygarden.Eg fekk eit fint rom i det nybygde huset, med utsikt mot Øygardstjønna, alle var snille mot meg, og eg vart teken vel imot.Men eg hugsar enno panikken og fortvilinga når eg tenkte på at eg skulle vere på denne staden eit heilt år. Dette er 50 år sidan no, og den hausten var eg 19.
Det vart ein lang vinter, uvant som eg var med å vere så mykje åleine og utan elektrisitet. Heldigvis hadde eg den blå Kurér reiseradioen min, der eg fekk inn Radio Luxemburg, som var det store den gongen.Og så fekk eg besøk både av mamma og av Nils.
Ungane på skulen var kjekke og greie og vi hadde mange fine stunder i lag.
For 2-3 år sidan fekk eg kontakt med ei av elevane, som den gongen gikk i 4. klasse, og ho har fortalt meg litt om korleis det har gått med dei andre.Eg hugsar alle godt!
Viss du les dette, Jorunn, må du helse dei andre så mykje.

No går der veg til Solheimsdalen, som no er ein del av Førde kommune. Ein reiser mot Askvoll, men tek av til Øygarden, som er namnet på garden der eg budde. Har vore tilbake i dalen eit par gonger sidan eg jobba der. Det gamle skulehuset er borte, og eit nytt er kome i staden. Lurer på om elevane framleis går på skeiser på isen i friminutta slik dei gjorde i mi tid?

tirsdag, juni 09, 2009

Barnebiblar.


Det har vore ein del skriving om bibeltekstar i det siste.Då kom eg til å tenkje på den gamle Barnebibelen til bror min.Han kjøpte den for sine eigne pengar ein gong i barndommen, men då han seinare kom i akutt pengekrise, selde han den til meg.Prisen kan eg ikkje hugse, men no vil eg gjerne "selje" den tilbake til ein billig penge(gratis). Bibelen er på bokmål og trykt i Oslo i 1949. Den inneheld fine gammaldagse bilde. Om eg skulle gløyme det, så minn meg!!
Den andre barnebibelen er frå 1987, den har eg kjøpt sjølv og den er på nynorsk.
Fordelen med barnebiblar viss ein vil lese/ fortelje til barn er at bøkene er oppdelt i forteljingar i staden for kapittel og vers. Dessutan er ikkje alt teke med, berre det som høver for born, stort sett.

mandag, juni 08, 2009

Før og no.


Fall for freistinga å stele eit bilde frå Solveig og legge til eit bilde av dei same to frå sist laurdag.Ingeborg er 10 mnd. eldre enn Håkon, men som de ser, var dei ikkje så gamle før Håkon vaks forbi henne.Gode venner er dei framleis, sjølv om interessene naturleg nok ikkje er akkurat dei samme som då dei var små.

Apropos Bruce......

Solveig etterlyste Bibel-teksten som er bakgrunn for songen Jacob´s ladder.
I mi skuletid var kristendom eit viktig fag i skulen, og vi lærte mange bibelforteljingar utanboks, noko som gjer at vi hugsar dei enno. Ja, for min eigen del må eg legge til at eg har hatt nokre repetisjonar.
Eg veit at det ikkje lenger er lov å undervise i religion i skulen på samme måten som før. Det er ikkje den raudgrøne regjeringa som har bestemt dette, sjølv om det er mange som trur det. Det er eit direktiv frå EU.
Men eg vil tru at mange, både lærarar og elevar,gjerne ville ha høyrt og fortalt dei gamle forteljingane frå Bibelen. Ikkje minst forteljingane frå det gamle testamentet.Dei siste elevane mine, som gikk over i ungdomsskulen for sju år sidan, elska i alle fall desse historiene, og sjeldan var dei så stille og lydhøre som då eg fortalde om Josef, Moses og dei andre personane.EG synest borna i dag går glipp av noko når dei ikkje får med seg dette. Men det er ikkje ULOVLIG for foreldre og andre å fortelje desse fortellingane.
Bibelsoga til venstre fekk eg då eg var seks år gammal.Den tida måtte ein kjøpe skulebøkene sjølve. Som de ser er det både sliten og reparert. Den til høgre er ei nyare utgåve av samme boka. Den høyrer eigentlig til på Velle skule.

Dagbok 2026: 29.september

Klokka er no17.45 , temperaturen ute er +11 grader, og i dag har vi hatt både sol og skyer, men ikkje regn. I dag hadde eg litt å gjere på f...