Då eg vart pensjonist, bestemte eg meg for å skrive "livshistoria" mi,slik at barn og barnebarn kunne få vite litt om korleis det var å vekse opp under og etter KRIGEN.Og om åra fram mot den tida dei kan hugse sjølve.
Eg sette i gang med friskt mot, og skreiv meg fram til 13-årsdagen.Då kollapsa harddisken og eg miste alt.Eg orka ikkje å begynne om att på samme historia ein gong til, men fekk eit tips frå Solveig om at eg kunne skrive litt på bloggen innimellom.Det er derfor eg skriv desse historiene frå gamle dagar. På Internett ligg dei trygt får vi tru?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
2 kommentarer:
Trasig at du skulle miste det du hadde skrive. Både du og bror din har godt minne frå då de var born, og mykje interessant skjedde her i tettstaden. Kanskje du får energi til å skrive på nytt, då må du skaffe deg ein minnepenn eller plate og kopiere etter kvart. Ikkje så kjekt å leggje private ting ut på bloggen, heller. Eidabesta
Det største problemet er vel at har desse sitteproblema, så det blir så korte økter eg får jobbe med det. Eg har minnepenn, der legg eg bilda.Har også plater til kopiering, så eg gjer ikkje samme bommerten igjen.Har no lært litt etter å ha mist to harddiskar.
Legg inn en kommentar