mandag, juni 30, 2008

Ut mot havet.







Alle barna, svigerbarna og barnebarna, minus to, er på ferie i Sverige, og vi gamle er framleis heime. I dag tok vi oss ein tur gjennom tunnelen og besøkte Fosnavåg og Ulsteinvik. I Ulsteinvik er vi relativt ofte, men Fosnavågen har vi ikkje sett på mange år. I dag var vi heldige, det var fint ver, og vi fekk skode havet. Øya Runde ser vi lengst ute til høgre i bildet.

I Ulsteinvik var vi inne på opp til fleire kjøpesenter, men til tross for at alle butikkar er fylt opp med varer, fekk eg tak i berre ein av dei tre tinga eg var på utkik etter.Vi åt Kina-mat på "Sunt og nam" (FOR eit namn) på Blåhuset i Ulsteinvik. Så då vart det som ein liten feriedag på oss også.

I Fosnavågen fann Nils ein kompis med same interesse som han sjølv, som han slo av ein prat med.

fredag, juni 27, 2008

Besøk frå Kongsberg.


I dag har vi hatt hyggelig besøk av sviger-foreldra til Rasmus, som er på biltur langs kysten.No skulle dei vidare til Atlanterhavs-vegen, etter å ha køyrt langs Sørlands-og Vestland-skysten. Vi fekk ein fin orkidé i presang.
Der er første gongen dei har vore her hos oss, mens vi har vore på besøk hos dei nesten kvar gong vi har vore austover.

torsdag, juni 26, 2008

Klippe, klippe, klippe....(Rappa overskrifta)


I dag skulle Nils klippe plenen, og brått stod klipparen i 7 steinar.

Vi tenkte på saka i ca 10 sek. før vi bestemte at det skulle kjøpast ny. Med drag, kravde eg, så kan eg også klippe. Dessutan vert vi ikkje yngre eller sprekare med åra - verken han eller eg.
Denne gongen ville han IKKJE ha elektrisk, sjølv om det er mest miljøvennlig. Trur han er lei av å dra rundt på ledningen.
Han kom altså heim med ein bensindriven Jonsered bioklippar.
Så får vi håpe at den fungerer som den skal, han surrar og går ute no i alle fall.Og han som køyrer har fått større fart enn på lenge.Dessutan slepp han å tømme gras i komposten.
NB: Kan også brukast med oppsamlar. Det er valfritt.

Kjensla av............




I det siste har det vore fleire innslag på bloggane og kommentarane som tek til slik. Dette er ein svært intern "humor"- og uttrykket er henta frå tittelen på ei diktsamling som Øystein har skrive. Den kom ut på Samlaget i 2004.

onsdag, juni 25, 2008

Audun har tatt sertifikat i dag!!!

I dag har vi hatt besøk av begge døtrene+ seks av barnebarna. Det vart ein lite strukturert dag, for alle hadde jern i elden. Margrete skulle på kontroll med Erlend, Øystein skulle på verkstad med bilen, Audun skulle køyre opp til sertifikat osb.
Middagen blei fortært etter som folk hadde tid. Margrete hadde med seg marsipan-kake-rest frå konfirmasjonen som vi hadde til kaffien. Det vi løyvde gikk til han som ikkje var med, men som skal ete seg opp til Majonaden.
Til helga reiser dei alle til Ørebro, der også Rasmus kjem til å dukke opp. Akkurat no er han i Legoland med heile familien og campingvogn. Vi ventar halvvegs på at foreldra til Wenche kjem innom ein av dagane; dei er på biltur langs Vestlandskysten.
Kva tid vi gamle skal ta "ferie" er enno i det uvisse.

tirsdag, juni 24, 2008

Gratulerer med dagen, Einar!


I dag fyller vårt eldste barnebarn 21 år. I min ungdom var det alderen for å bli myndig, og såleis nokså spesielt.Einar har alt to års journalist-utdanning bak seg og jobbar for tida i Vikebladet i Ulsteinvik.Forutan å skrive om all verdens fotballkampar, spelar han også sjølv; for tida på eit lag som heiter Hasundgot.Sidan han neppe ville likt at eg la inn bilde av han åleine, tek eg like godt med heile laget.Så kan det vere ei utfordring til lesarane å finne Einar.
NB: Bildet er scanna frå eit avisutklipp.

mandag, juni 23, 2008

Det er visstnok EM i fotball..........

I alle fall har eg fått lese veldig mykje i det siste. No er eg ferdig med Den femte kvinnen av Henning Mankell.Den var veldig bra etter min smak.Typisk Mankell; ryddig, grundig og alvorlig.Alle lause trådar blir knytta og alt blir oppklart.
Denne boka passar til å vere lydbok fordi det er lett å halde styr på både personar og hendingar. Skulle eg kritisere noko, måtte det vere at den er vel lang og vel langsom.
Den er skriven av ein eldre mann for andre eldre personar, føler eg.
Min "yndlingsreplikk" i boka er, når Kurt Wallander filosoferer over all volden i samfunnet, tenkjer som så:" Samfunnet endra seg då folk slutta å stoppe sokkane sine"!
No har eg enda ei Mankell bok liggande, men må ha ein liten pause før eg starter på den.

Sommarhit.

Eg har leita på Youtube etter sommarsongar som eg knyter spesielle minne til, men dessverre, så gamle songa har dei ikkje lagt inn. Med unntak av "Love letters in the sand", som eg har skrive om før.

Den sommaren Solveig vart fødd var det ein song som var veldig populær: "Når dagen gryr, jeg ber for deg ,o Laila, da går min tanke til de tusen sjøars land..." slik begynte den.Bror min ville at eg skulle ombestemme meg og kalle jenta for Laila, i staden for Solveig, som hadde vore bestemt før, på grunn av denne songen.
Den sommaren eg var gravid med Rasmus gnåla alle på "Jeg tror, jeg tror på sommeren..." utan at veret vart noko betre av den grunn. Trur det var eit par dagar med sol, toppen.
Hugsar ikkje årstalet, men eit år var vi på ferie i Danmark og campa nord for ein liten by som heiter Sæby. Der stod det på musikk heile dagen, og det som vart spela var stort sett denne songen med Bonnie Taylor.Kan ikkje hjelpe det, men eg får framleis vondt i halsen når eg høyrer den.

søndag, juni 22, 2008

Det tek ingen ende........


-med
gratula-sjonar denne årstida.
I dag er det gymnas-lærar, forfattar, fotball-trenar og
svigerson, Øystein, som fyller 46 år.
Vi gratulere han hjertelig med dagen i dag. Reknar med at alle "juni/juli -borna" blir feira under eitt seinare i sommar.

I dag har Marit G. og eg vore i kyrkja. Det var Kamilla D. sitt tredje barn, ein gut, som vart døypt i Ørstakyrkja. Han fekk namnet Håvard.
Elles var kykja full av 50-årskonfirmantar, dei fleste damene i Sunnmørsbunad, så vi sette oss på galleriet der vi hadde god utsikt.
Bildet vise mormor Ingunn med ein av gjestane.(Ikkje barnebarn)

fredag, juni 20, 2008

Margrete 40 år i dag !

Det er litt rart når minstejenta rundar 40-då lyt ein nesten akseptere at ho er vaksen?
Fekk nettopp melding frå henne. Då var dei komne fram til Morokulien etter å ha kjørt i heile natt. Eg visste heldigvis ikkje om det,trudde dei venta til i dag. Dei er på hundeutstilling med to hundar, og alle borna er med. Dei kjem heim att på sundag, for Lars har ikkje ferie enno.
Oppdaga at eg har lite bilde av dei vaksne i familien, det er ungane som blir fotograferte for det meste. Dette bildet er saksa frå eit av bilda som vart tekne på konfirmasjonsdagen til Ingeborg.
Vi gratulerer den spreke og sporty jenta/dama med dagen!

torsdag, juni 19, 2008

Nordfjordeid 14.juli 1968


Dette er det einaste
"familie-bildet" vi har. Denne dagen vart familiens yngste, Margrete, døypt i Eid kyrkje. Ho var då ca 3 veker gammal. Storesysta, Solveig, hadde nyss fylt 5 år, og Rasmus skulle bli 4 år i oktober.Dette var også mormor Amanda sin bursdag, ho fylte 64 år denne dagen, men stod på for fullt.

Alltid nokon som fyller år.

I dag kan vi gratulere Elin med dagen. Er ikkje sikker på kor gammal ho har blitt, men er det så nøye?
Gratulerer med dagen, Elin!
Forutan å vere ein meister med symaskin og div. handarbeid, har du også eit assortert utval av dyr. Sidan eg er eit "kattemenneske" må eg innrømme at eg er litt avstandsforelska i Bottolf den 2., som eg hittil berre har sett på bilde. Det er grunnen til at eg sender deg ein kattevideo som helsing på dagen.Ha ein fin dag! Og så er det vel sommarferie for utslitne lærarar?

onsdag, juni 18, 2008

Ny Mankell ?

Eg har lese dei fleste bøkene til Henning Mankell, men av og til finn eg ei som eg trur er "ny" for meg. Denne er eg slett ikkje sikker på, men i alle fall brukar bøkene å vere såpass komplekse at ein godt kan lese dei om att viss ein vil.Ikkje hugsar eg så mykje av dei når det har gått ei stund heller.

søndag, juni 15, 2008

Denne boka les eg no.

Ikkje alle bøker passar som LYDBOK, men det gjer denne.
Her er få personar å halde orden på, og ei enkel handling som er lett å følgje.
Dette kan høyrest kjedelig og banalt ut, men det er det ikkje!
No har eg lese 5 av dei 15 CD-ane og har vanskelig for å legge frå meg Walkman- en.
Ikkje somnar eg så lett heller.
Boka har nemleg det som eg vil kalle "nerve"
eller psykisk spenning. Eg kjem kanskje til å oppdatere dette innlegget, så følg med!
No har eg lese ut boka-og den innfridde til siste slutt. Den er enkel, men ikkje banal. Dersom ein kan bruke eit uttrykk som "poetisk krim", så ville eg bruke det her.Om det er opplesaren å takke for det, er ikkje godt å seie.Berre ein ting skuffa meg-vi får ikkje oppklart ALT til slutt! Eg vil anbefale å lese denne boka.

lørdag, juni 14, 2008

Gratuterer med dagen!

I dag fyller barndomsveninna mi,som no bur i Fredrikstad, 67 år.
Neste veke går ho over i rekkja av pensjonistar. Ho er særdeles sprek og rask for alderen-meir som ein ungdom! Vi ønsker henne til lykke med dagen og feiringa, og håper ho får mange fine år framover.

I morgon er det Hilde som har fødselsdag, men ho er reine ungdommen med sine 42 år.
Vi gratulerer både unge og "gamle"!

onsdag, juni 11, 2008

Meir nostalgi.

1950-talet var det store tiåret for musicals;og tallause er dei song- og dansefilmane vi såg på kinoen i Valhall dei åra.Den tida var jo det å gå på kino stort sett det einaste underhaldnings-tilbodet vi hadde.Kinobillettane var heller ikkje avskrekkande dyre, 75 øre for born, og 1,50 kr for vaksne.Filmane vart viste i den store flatsalen i Valhall der det vart fyrt i to store, svarte rundbrennarar på kalde dagar, ein framme ved scena og ein bak ved døra. Midt i filmen var det pause, og då kunne det hende det vart litt bråk og tøys, men det gikk ikkje så lenge før vaktmesteren var på plass og snakka til oss.HAN hadde vi respekt for.Eg vart under ei durabelig skennepreike jaga på dør i full offentlegheit den gongen eg hadde "lurt" meg inn for å sjå SNEEN PÅ KILIMANJARO ca 14 dagar før eg fylte 16 år.

mandag, juni 09, 2008

Gamle bilde

Å blade i gamle album er både kjekt og vemodig. Det som er trist er at ein er blitt så mykje eldre enn ein var ein gong. Her er eit bilde av Svein frå sommaren 1957. Tippar at han er på veg heim frå bilverkstaden han jobba på i dei dagar. I bakgrunnen ser vi skulehuset som innheldt både folkeskule, realskule og gymnas. I 11 år gikk eg på skule her, flytta berre frå rom til rom i dei tre etasjane.Skulen brann ned til grunnen, men det var mange år seinare.

Fossane påska 1958.

Desse bilda tok Svein og eg av kvarandre då vi var på tur til Fossane i nydelig påskever. Det eg hugsar best frå denne turen er at då vi gjekk oppover var det fin og fast skare, då vi skulle heim att,seig vi nedi til langt oppå leggane. Den gongen var nedturen tyngre enn turen opp.


Trollenykjen hausten 1957

Dei yngre blogg-lesarane mine er stadig på lange fjellturar og klatrar opp på høge fjell. Derfor vil eg gjerne bevise at eg også har vore der- ein gong. Denne turen som Karen Marie og eg tok hausten 1957 hugsar eg dessverre ikkje så mykje av. Derimot husar eg svært godt då Ambjørg og eg tok same turen nokre få år seinare. Vi starta klokka 12 om natta ein fin sommarkveld og skulle sjå soloppgangen frå toppen. Trudde vi! Før vi nådde så langt pøsregna det. Men vi vurderte ikkje å snu, vi fullførte turen. No, nærmare 50 år seinare, mimrar vi om den turen nesten kvar gong vi snakkar med kvarandre.
Eg treng vel ikkje å kommentere at bilda vi tok den gongen ikkje var av samme kvalitet som dei ein tek no.



lørdag, juni 07, 2008

Denne kosar eg med no.

Denne boka er skikkelig artig. Forteljar- stemma er lagt til ein ung gut, noko som lesaren(Christoffer Staib) meistrar kjempegodt. Kyrre Haugen Bakke har omsett boka til eit ungdommelig språk, som funkar perfekt så langt eg kan bedømme det.Somme opplesarar legg ein ekstra dimensjon til bøkene dei les.
Les denne - som lydbok!!!

torsdag, juni 05, 2008

Olaug fyller år på svenska flaggans dag!

Kjære Olaug!
Gratulerer så mykje med 11-årsdagen den 6. juni!
No har det vore like fint ver som det var den sommaren du vart fødd, håper resten av sommaren også blir like fin som han var i 1997.
Sidan du er så glad i kaniner og sjølv driv med hinderløp, tykte eg denne filmen passa å sende som helsing på dagen.
Når du kjem på laurdag, skal du få presangar.
Lykke til med selskapet på sjølve dagen.

Dagens lydbokfangst på biblioteket.

Dette er det eg fann på biblioteket i dag. Nick Hornby kjenner eg frå før, Ian Rankin har eg aldri lese noko av. Men sidan han er ein av Wenche sine favorittar, reknar eg med at boka er bra.

onsdag, juni 04, 2008

Blå favorittar.

Har ein heil liten "åker" med iris som eg fekk med ein nabo fordi ho hadde meir enn nok av den sorten. Eg synest dei er fine, er så glad i blå blomster.
Litt seinare kjem dei høge himmelblå riddersporane som er mine absolutte favorittar.
Den rosa "symfonien" på trappa ser ut til å klare seg bra med minimalt stell.
Sjekk rosa! Der er stor fargeskilnad på knoppar og utsprungne roser!



Peon i knopp.



Denne store mørkeraude peonen har vi hatt i mange år og blomstrar gjer han, men blomstrane er små og lite fylte.Han får både vatn og gjødsel så eg skjønar det ikkje.Har nokon eit godt råd?

Hagevandring.


Gjekk ut i hagen med fotoapparat for å prøve å finne noko fint å legge inn på bloggen, men eg vart sørgelig skuffa. Nesten alt var enten avblomstra eller berre på knoppstadiet.No skal eg ikkje vere så pinglete at eg ikkje torer å presentere elendigheita.Kassane utanfor kjøkenglasa er i alle fall fine.
Her ser de gamle valmuar som stammar frå bestemor sin hage på Hildegard. Dei har vi ein god del av.

Utrønå


..er det lokale namnet for solgangs-brisen som kjem utpå dagen på varme dagar. Men det er ikkje alltid den kjøler oss nok ned, derfor har vi kjøpt oss ei eiga "utrøne". Dvs. Nils kjøpte den eigentleg for å halde flugene vekke mens han styrte med fisk, men så fann vi ut at vi kunne bruke den til andre formål også. Så no solar vi oss i ein herlig bris same kor heitt det er.
Likevel kan det bli nok varme!Det er ikkje utan grunn eg sit inne og bloggar midt på varme solskinnsdagen!Pluss 28 grader i skuggen på baksida av huset!

tirsdag, juni 03, 2008

Fersk småsei. Nam!!!

I dag var Nils komen på sjøen lenge før eg hadde tenkt på å vakne. Han var heldig med veret, for her var dammande stilt på fjorden.
Han fekk god fangst, og meir småsei enn vi greier å ete opp, så då vart det litt på andre pensjonistar også. Vi er kanskje siste generasjonen som synest det er ein delikatesse? Dei unge vil vel ikkje ha fisk med bein i! Eg gler meg til middag. Her går det med store mengder til to personar. Sunt og magert!!!

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...