tirsdag, juni 24, 2008

Gratulerer med dagen, Einar!


I dag fyller vårt eldste barnebarn 21 år. I min ungdom var det alderen for å bli myndig, og såleis nokså spesielt.Einar har alt to års journalist-utdanning bak seg og jobbar for tida i Vikebladet i Ulsteinvik.Forutan å skrive om all verdens fotballkampar, spelar han også sjølv; for tida på eit lag som heiter Hasundgot.Sidan han neppe ville likt at eg la inn bilde av han åleine, tek eg like godt med heile laget.Så kan det vere ei utfordring til lesarane å finne Einar.
NB: Bildet er scanna frå eit avisutklipp.

3 kommentarer:

solveig sa...

No truar han med å begynne med friidrett. 3 kg til og han kan vere med i majonaden.

Besta sa...

For dei som ikkje veit kva Majonaden er, kan eg opplyse om at den er relatert til MAJONES.
Eg håper at han oppgir dei planane. Kiloa kjem lettare på enn av!

solveig sa...

Eg har sagt han får stille som journalist, som vanleg. BMI på 28 er krava for å vere med.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...