lørdag, september 30, 2017

Dagbok 2017: 30.septtember

Heimelaga eple-jus.

Klokka er 22.10, og eg har kome ut av rytmen i dag, så eg er sein med blogginga. Ute er det +14 grader og regnet har ikkje kome hit enno, så det har vore ein ganske fin dag. Litt vind har vi hatt- og det likar eg.
Dagen i dag starta litt labert. Nils var ikkje i form frå morgonen av og vart liggande litt frampå. Mat og medisin fekk han til rett tid. Har kom seg til etter kvart i dag også.
Vi venta Einar i 13-tida, han skulle innover og springe rundt Rotevatnet. Eg fann ut at eg skulle plukke opp epla som hadde falle frå treet, og det gjorde eg. Vi kjøpte i si tid ei "maskin" som pressar safta ut or epla, dvs. lagar jus, og i dag fann eg fram maskineriet. Pressa ganske mykje eple, og fylte jusen på flasker som eg sette i frysaren. Då vi fekk bossdunk til glas og flasker rydda eg opp litt i kjellaren og kasta-no i dag skulle eg gjerne hatt nokre at dei flaskene.
Då Einar kom drakk vi kaffi og åt av eplekaka som Solveig hadde med i går.
Til middag blei det reprise på gårsdagens rett: kald makrell. NO trur eg det er nok for i år.
Etter middag skulle Nils kvile litt, så eg gjekk ut og saga litt greiner, og rydda rundt dørene. Køyrde sekkene med hageavfall i trillebår opp i garasjen så dei står tørt.
Då kom Birte og Håkon. Dei hadde eigentleg tenkt å sette ut hummarteiner, for hummarfisket te til 1.oktober. Men dei kom til den konklusjonen at det ikkje galdt draging, men setting av teiner, så det måtte utsettast. Men så vart det kaffi og eplekake igjen. Når det blir regn og inne-vêr må eg vel til å bake og styre litt inne i huset, men så lenge det er opplett likar eg best å jobbe ute. Og her eg nok å ta tak i både ute og inne, så eg slepp å kjede meg. No skal eg tømme oppvaskmaskina før eg ser meir TV. Har sett Stjernekamp, og tatt opp "Skal vi danse"-det kan vi sjå i morgon. I Stjernekamp heiar eg på Adam, det har eg gjort frå dag 1.

fredag, september 29, 2017

Dagbok 2017: 29.september

Klokka er 19.45, utetemperaturen er + 16 grader C og enda ein sommardag har gått over i historia.
Alle dagar går fort-spesielt dei fine og gode. I dag har vi hatt ein god dag, Nils har vore i bra form, og eg har fått jobba ein god del ute. Måtte vere om meg i dag, sidan det er regn i vente, så eg saboterte husarbeidet og jobba i hagen, får vel tids nok vere inne.

Det første eg gjorde etter at eg hadde fått Nils på beina og gitt han medisin og frokost, var å plukke inn resten av Victoria-plommene. Dei begynte å bli til dels overmodne. Klipte litt greiner av treet også og begynte å be-skjere dei andre plommetrea også med saks og sag. Etter middag mol eg alle greinene på kompostkverna og hadde skatet i sekker. Eg sveitta som ein sil i varmen, men det er berre lekkert-i alle fall for meg sjølv.
Til middag i dag hadde vi kald kokt makrell, noko som Nils har ønska seg i heile sommar. Han likte det godt, men greidde ikkje å ete så mykje som han hadde lyst på, men vi har meir att ! Og fisken står seg i kjøleskapet i mange dagar om så gale skulle vere at vi ikkje får has på den.
Solveig kom klokka halv seks. Eg hadde bede henne om å kjøpe med seg kaffimat, for eg måtte jobbe ute. Ho hadde like godt bakt ei eplekake og vispa krem. Vi sa ikkje nei takk.
Ho fekk med seg Victoria-plommene heim att, så kan ho bruke dei til det ho vil. Fisk fekk ho også med seg, så det vart ein liten byttehandel.
No ser Nils fotballkamp, så eg har planar om å få lese litt i boka mi mens kampen varer.
Ønsker alle ei god helg uansett vêr- og føreforhold.

torsdag, september 28, 2017

Dagbok 2017: 28.september


Klokka er 20.15, utetemperaturen er + 13 grader C, og vêret har vore strålande og varmt.
Nils var i god form i går kveld, og han fekk dusja før han la seg, noko som er svært travelt for han. Men i dag då han vakna, var han ikkje i form. Han ville bli liggande ei stund utover føremiddagen, etter at han hadde fått medisin og frokost på senga.
Eg sette i gang å støvsuge, sidan stova var tom, og gjekk over alle teppegolva. 
Så gjekk eg ut og saga opp greinene frå hekk-klippen og begynte å klippe skråninga. Etter kvart vil Nils stå opp, og han hadde berre så vidt kome seg ut av senga og fått på seg litt klede, så kom heimesjukepleiaren for å ta blodprøver. Dei brukar å gjere det annan kvar torsdag. Då sjekkar dei blodprosenten og infeksjonsverdiane. Dei siste var på 0. Blodprosenten hadde gått litt ned sidan førre målinga. Men den er ikkje alarmerande låg.
Nils ville berre slappe av, så eg gjekk ut att og klipte resten av tomta, og spylte klipparen. Det er ikkje sikkert det blir fleire klipp i år, men det er i alle fall lurt å spyle klipparen etter bruk.
Eg har i grunnen jobba det meste av dagen, med klesvask, oppvask, matlaging etc. etc.  Så i dag kan eg ikkje klage over at eg ikkje har "gjort "noko. 
Men eg skulle ha rydda i blomsterbedet, plukka ned plommene og mykje meir; eg prøver å vere mest mulig ute i det fine vêret, og eg synest det er trist at Nils ikkje orkar å komme seg ut.
Den siste jobben i kveld var at eg kokte fire store makrellar som vi skal ha kalde i morgon. Nils har snakka om den retten i heile sommar, og no kom Kjell med fiks ferdig reinska og vaska fisk. Vi har to små seiar liggande, og i morgon har Nils tenkt at han skal lære meg å filetere fisk. Ja, han kan no leve i trua.
Og så har eg festa trådane på fire kjøkkenklutar og eit par lestar, så no trur eg at eg må slappe av resten av kvelden.

onsdag, september 27, 2017

Dagbok 2017: 27.september

Klokka er 19.15, utetemperaturen er + 16 grader C, og "The Indian summer" varer framleis. Gjev den aldri tok slutt !
I dag har eg ikkje gjort noko særleg nyttig verken ute eller inne, men dagen har gått som ein røyk - over i historia.
Marit og eg hadde planlagt handletur klokka 11.00 - då var eg ferdig med morgonstellet. Hadde fått Nils opp og gitt han frokost, blant anna. Turen vart utsett ein liten halvtime, men vi kom oss bort i Furene og eg fekk bunkra opp med både melk og brus, og diverse anna. Kaffi fekk eg på Lefdal. Dessutan var vi innom Amfi ein tur også. Eg skulle ha litt medisin og nokre andre småting.
Då eg kom heim var fiskekameraten, Kjell, komen med makrell og sei til Nils (og meg). Eg er lite vant til å stelle med rå fisk, men fekk no ordna opp med fangsten. Det meste var gjort før. Fisken var både sløgd og vaska. Vi vart enige om at vi skulle ha kokt småsei i dag, etter at HBO hadde vore her. I mellomtida tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp.
Margrete ringde og kom på besøk, ho fekk lite og ingenting å bite i, men kaffi fekk ho i alle fall. Eg er ikkje så flink med mat- blir lite matstell for tida. 
Etter at sjukepleiaren hadde vore her, kokte eg småsei og nypoteter. Den tid Nils dreiv og fiska hadde vi ofte slik mat, no trur eg det må vere år og dag sidan sist. Men det var godt, og Nils greidde å ete ein bra porsjon. Når vi legg middagen så seint på dag er det for at Nils har best appetitt då.
Med det same vi var ferdige å ete, ringde ei venninne og vi hadde ein lang prat. Dermed var dagen nesten til ende- men det kjem ein dag i morgon også, då eg kan få gjort litt av det som eg ikkje rakk i dag.
Nils er framleis slapp, anna er ikkje å vente, men han har vore relativt bra i dag. No blir det vel TV og strikketøy. Held på med den fjerde kluten, Solveig!

tirsdag, september 26, 2017

Dagbok 2017: 26.september




Klokka er 19.00, utetemperaturen er + 15 grader C og vi har hatt enda ein fin sommardag. For oss pensjonister er det no det samme kva tid sommaren kjem.
Nils var heldigvis litt kvikkare i dag enn i går, kanskje fordi han fekk nytt plaster i går kveld?
Eg fekk ei dårleg natt etter at eg hadde spurta ned på apoteket og opp att i går. Verkte både i hofta og kneet, men eg er betre i dag. Men ikkje heilt bra.
Alle har vel oppdaga at eg er svært oppteken av å sage og klippe. Det er så mykje som har vakse seg for stort i hagen, og i fjor vart det ikkje gjort noko. I dag skulle eg kutte ned tujabuskene som dannar ein slags hekk mot naboen.
Eg henta teleskopsaksa til Gudmund og trudde det skulle vere enkelt å ta toppane. Men toppane var altfor tjukke og kraftige, så her måtte det sag til ! Eg står ikkje i ei vinglete gardintrapp og sagar, SÅ dum er eg ikkje. I staden tenkte eg at eg fekk gå laus på buska i midten..
Eg klipte og saga til det ikkje var så mykje att av den, så no ser det ut som om der er hol i hekken. Men den veks sikkert ut att. Ein må passe på slike busker og klippe etter kvart, for det er ikkje måte på kva som kan skje. Tjukke greiner vaks over og under og rundt kvarandre. Eg vart enig med meg sjølv om at det fekk bli med denne buska i dag, og så fekk eg rydde opp, slik at det var overkomeleg. Som vanleg la eg til sides dei tjukkaste greinene til ved. Alt skatet mol eg opp på kompostkverna, det vart ca. 1 1/2 sekk. Det er lettvint å få på VØR. Eg har brukt nesten heile dagen på jobben, men har no gjort husarbeid og stelt med pasienten innimellom.
Til middag i dag kokte eg dei minste potetene og så hadde vi spekemat til. Av den eine poteta eg sette i jorda vart det 30 nye.Vi syntest potetene var veldig gode !
I morgon før middag skal Marit og eg bort i Furene og handle, så då stikk eg innom Lefdal og kjøper kaffi også.


mandag, september 25, 2017

Dagbok 2017: 25.september

Klokka er 20.30, utetemperaturen er + 12 grader og det har vore ein strålande sommardag. Dessverre sjekka eg ikkje temperaturen då det var på det varmaste.
Eit skår i gleda er det sjølvsagt at Nils ikkje er i form, han er framleis slapp og har dårleg appetitt. I går tok han tablettar for å kvikke seg opp, det har han ikkje gjort i dag. Han fekk som vanleg medisin og mat på senga, og eg nytta høvet til å vaske bad og kjøkken mens han låg frampå.
Når ein er heimesjukepleiar får ein ikkje gjort all verda, det viktigaste er å stelle godt med pasienten. Men når det er så fint vêr må ein jobbe litt ute også. I dag fekk eg saga opp til ved diverse greiner som eg har saga av før. Må rydde opp etter kvart så det ikkje blir for stort tiltak. Eg sagar alt med hand, med ei vanleg bordsag; motorsaga er eg litt redd for å bruke.
Det var fleire som gjerne ville besøke Nils i dag, men han sa greitt  ifrå om at han var for slapp til å ha visittar. Eg har trua i fleire dagar med at eg skal lage fårikål, men eg vil no helst at han skal klare å ete det. I dag fekk eg klarsignal og kokte retten. Vi vart etter kvart samde om at vi ikkje skulle ete den før etter at HBO hadde vore her. Så retten fekk koke både lenge og vel.
Sist vinter var eg mykje heime åleine, så det var så vidt at mandelpotetene frå Skjåk vart oppetne. Ja, dei siste fekk nokså lange ålar etter kvart. Då fann eg ut at eg skulle grave ned ei av dei, for moro skuld, nedst i bringebæråkeren, for der var det plass. Eg stakk poteta i jorda og heiv over ein spade med kompostjord. Eg har vitsa litt om "potetåkeren" min i løpet av sommaren og følgt med på om potetgraset visna.
I dag fann eg ut at eg ville sjekke korleis det stod til under jorda. Forventninga var ikkje stor. Eg drog opp graset, og der hang det på nokre små poteter om lag som erter, men nede i jorda såg eg noko. Eg grov med hendene (med hanskar på) og trudde nesten ikkje det eg såg. Store fine poteter i mengdevis. Vi kokte av dei attåt fårikålen, og dei var heilt nydelige. Dette var min debut som potetbonde.
Nils skal ha nytt smerteplaster i kveld -men vi hadde ikkje i hus. I heile dag har eg planlagt tur på apoteket, og utsette det i det lengste, først skulle vi ete middag og så kom "Kakekrigen", og plutselig var klokka nesten halv sju. Apoteket stenger klokka 7. Hadde tenkt å be Marit svippe meg ned om det blei krise, men ho var ikkje heime.
Eg fekk på med klede og sko i full fart og sprang og gjekk - og i løpet av eit kvarter var eg på Amfi; eg fekk det eg skulle på apoteket og gjekk heim att i litt rolegare tempo. Då eg var heime att hadde eg vore vekke i 50 minutt. Dermed fekk eg både frisk luft og trim etter ein noko overdådig middag.
Litt dramatikk hadde vi også i dag. Brått vart det full brannalarm, og for oss som har forsterkarar og to skjermar etc. blei det litt av eit lurveleven. Sjølvsagt var det ingen brann verken her eller der, men om det skulle bli, så blir vi i alle fall varsla.

søndag, september 24, 2017

Dagbok 2017: 24.september

Klokka er 18.20, ute-temperaturen er +15 grader. No er det overskya, men før middag var det sol.
Sundagane er ikkje så mykje annleis her i huset enn dei andre vekedagane.
Eg står opp i 8-tida, kokar kaffi og eg frokost åleine.
Klokka 9.00 går eg inn til Nils med 10 tablettar og eit gals melk. Ein halv time, eller meir, seinare får han frokost på senga. Og så ligg han til han orkar å stå opp. I dag fekk han to smertestillande mens han låg i senga, såpass han greidde å dusje og barbere seg. Han har ikkje så mykje krefter, men når han får sitte/ligge i den blå stolen sin har han det bra. Dei blå stolane skulle vore kasserte for lengst, men det er dei han likar best.
Eg greidde ikkje å sjå på dei stripete stuevindua som eg vaska og spylte i går, så eg gjekk ut og pussa dei med vindusspylervæske, og då vart dei fine og blanke. Så måtte eg ta dei innvendig også. Det ser bra ut no-så lenge som ikkje sola skin beint på dei i alle fall.
For å få vere ute litt i finevêret gjekk eg ut og klipte ned den sjuke klematisen på kjellermuren, så får vi håpe den veks opp att frisk og fin til våren. Eg plar ofte klippe den ned om hausten, men gjorde det ikkje i fjor. Eg har to til av samme sorten, dei er også sjuke. No er nummer 1 komen i ein svart VØR-sekk.
Til middag laga eg fiskebollar i kvit saus. Det er vanskeleg for Nils å få i seg middagsmat, det går betre med skiver. Etter middag kvilte han litt, mens eg strikka og las bok.
Så kom Audun på besøk, han var venta. Han hadde med seg bløtkake-restar frå Solveig -trur ikkje eg har smakt bløtkake sidan eg var på "Pårørendefest" på Ørstaheimen.
Mens Audun var her ringde Erlend frå flyplassen. Margrete og dei to yngste har vore i Oslo og sett "Cats" i lag med Ingeborg som bur i hovudstaden. Dei kom oppom ein tur, dei også. Håkon og Birte har vore innom to gonger, før og etter fisketuren. Så i dag har her vore folksomt. Eg hadde verken vaska eller bakt til helga, eg prioriterer utearbeid når det er bra vêr.
Sundagen plar vere den dagen i veka då ingen stikk innom, slik vart det ikkje i dag. Vi har hatt ein fin sundag, men no trur eg at eg rekk å fylle kvist og kvas i eit par sekker før det mørknar. Eg er i grunnen veldig trøtt, men det hjelper kanskje med frisk luft.

lørdag, september 23, 2017

Dagbok 2017: 23.september




Dagens arbeidsinnsats. Skulle hatt FØR-bilde også.


Klokka er 19.00, temperaturen er no + 15 grader C. Det har vore strålande sol i heile dag; kor varmt det har vore veit eg ikkje, men det har i alle fall vore meir enn 20 varmegrader.
Eg plar vakne ganske tidleg om morgonen, men i dag sov eg til klokka 8.00. Eg stod opp og åt frokost åleine, som vanleg, henta inn avisa etc.etc. Klokka 9.00 får Nils medisinen sin, og ei stund seinare fekk han frokost på senga. Det er slik vi gjer det no. Det er betre for han at han ligg i senga ei stund, og ikkje i samme stolen heile dagen.
Eg bar alle sekkane opp til vegen, og klokka 10.30 ca. lessa Gudmund og eg inn i bilen og han køyrde bort til Vør, så vi fekk tømt hageavfallet vårt, vi hadde nærmare ti sekker kvar -eller kanskje litt mindre.
Då eg kom heim fekk eg Nils ut or senga, og sidan sola er så lågt på himmelen no, skin ho rett inn glasa. Dei skulle vore pussa, og eg sette i gang med såpevatn og mopp. Etterpå skylte eg med hageslangen, spylte altanen osb. Vindua vart ikkje fine, dei vart stripete, så eg måtte spyle ein gong til -og enda ein gong. Stripene er der enno, så eg må visst til med gammaldags vinduspuss og ikkje i sol. Men eg skulle ha slangen forbi barlindbuska, og det var ikkje enkelt. Dermed var det fram med saks og sag til buska var rimeleg skamklipt. No har eg to dungar, ein med ved og ein med "hageavfall". Det får ligge der det ligg så lenge for ryggen min toler ikkje meir i dag.
Nils har vore litt kvikkare i dag, så det vart kanskje for mykje smerteplaster. No har vi gått tilbake til 37 mikrogram i staden for 50. Han har ikkje ete skikkelig middag i dag heller, men brødskive og spekemat. Det får vere greitt nok.
HBO-en som kom i dag har vi ikkje sett på ei stund, han har hatt litt pappaperm. Han vart far til ei jente som no er 7 veker gammal. Ho har fått namnet Elsa Marie. Eg sa at det var eit fint namn, og at det var kjekt dei hadde gitt henne eit norsk namn. Han er frå Romania men kom til Norge då han var ca 17 år.
Elles er leigebuaren vår blitt ein slags kjendis. Ho var på telefonen i "Dagsnytt 18" i går, i dag var ho på skype på Nyhetskanalen. Silje Røvik heiter ho.


fredag, september 22, 2017

Dagbok 2017: 22.september

Olaug er i Helsinki i lag med andre tannlegestudentar. Dette er Bergensstudentane i si uniform.

Klokka er 18.40, utetemperaturen er + 15 grader og no regnar det. Tidlegare i dag har det vore opplett.
I dag kan eg ikkje skryte av at eg har jobba så mykje, dagen har liksom gått litt opp i tull. Eg vaknar tidleg om morgonen, prøver å ligge litt attpå, men må stå opp fordi ryggen er vond. Det gir seg så snart eg kjem i bevegelse. Nils fekk medisin på senga i dag også, men stod opp og åt frokost. Appetitten er ikkje så stor, den var mykje betre i sommar. Men han har ikkje vondt når han held seg i ro, så det er i alle fall positivt. 
Eg var no ute og saga og klipte litt i dag også, men ikkje så lenge. Plukka litt Victoria-plommer, dei er kjempegode når dei er skikkelig modne. DET  har Nils lyst på, men kan ikkje ete ubegrensa. Elles så vart det ein enkel middag i dag, for Nils har eigentleg ikkje lyst på middagsmat. I dag hadde vi grillpølser og kjøpestappe. I går kjøpte eg to posar med Toro potetmos-det må vere første gong eg har kjøpt noko slikt etter at eg vart pensjonist.
HBO-en som kom i dag er han vi kallar "Moxnes"-eg har ikkje sett han sidan Ingeborg var her.
Einar skulle på eit oppdrag i Volda så han stakk innom. Han fekk plukke plommene som eg ikkje nådde.
No blir det vel mykje TV i kveld, og eg er snart ferdig med lesten som eg begynte på i går. Når eg er ferdig med den skal eg strikke fleire kjøkkenklutar til Solveig.
I morgon tidleg skal naboen og eg på tur til VØR med ørten sekker hageavfall. Det verste er at eg kjem til å produsere meir hageavfall så lenge det er bert.
Ønsker alle ei god helg! Eg får ikkje inn i hovudet at det er fredag -for meg har det vore laurdag i heile dag.

torsdag, september 21, 2017

Dagbok 2017: 21.september

Klokka er 20.35, utetemperaturen er + 13 grader C og i dag har det regna heile dagen. Litt av ein overgang frå finevêret i går. Nils var som vanleg ikkje i form på føremiddagen, så han fekk medisin og frokost på senga slik at han kunne ligge så lenge han ville. Han kom seg fram til slutt, men var veldig slapp. Vi begynte å tenke på om han vart så slapp på grunn av auken i smerteplaster, og det kan vel ha sitt å seie.
Han kom seg utover dagen, og åt litt middag frå i går mellom anna. Så ringde fastlegen, han ville stikke oppom ein tur, og det syntest vi var heilt greitt. Vi hadde snakka om det då vi var til kontroll på legesenteret sist, så vi var budde på det. Vi prata litt om tilstand, medisinar etc. Vi skal no prøve om det fungerer betre med mindre smerteplaster t.d. Eg spurde Nils om han ville eg skulle vere til stades, og det vil han alltid at eg skal. Eg vil ikkje at legane skal oppfatte meg som dominerande-men når Nils vil at eg skal delta, så gjer eg det.
Mobilen til Nils låg att på nattbordet hans. Vi såg at Solfrid kreftkoordinator hadde ringt, men sidan det var etter arbeidstid ringde vi ikkje opp att.
HBO-en var litt sein i dag, så ho kom etter legen hadde vore her.
Solveig hadde ikkje høve til å komme i morgon, så ho kom i dag i staden, så ho og eg var nedover og handla. Eg får sitte på med Marit når eg eg vil, men Solveig vil no ein tur innover uansett.
I morgon kjem Audun heim og skal vere heime til sundag kveld. Då skal han flytte inn i leilegheita han har kjøpt seg på Hareid. Solveig har no vore der og vaska litt her og der, sidan leilegheita har stått tom ei stund. Det er midt i Hareid sentrum, med utsikt til ferjeleiet og fjorden (sundet?) No ser Nils fotball.
Sidan det ikkje var utevêr i dag, bakte eg seks brød, strikka litt og høyrde lydbok først på dagen.

onsdag, september 20, 2017

Dagbok 2017: 20.september

Om sommaren er det på Melle dei kan nyte kveldssola, no bur dei i skuggelandet, mens vi, og ikkje å snakke om dei som bur i Mosmarka, har dei finaste kveldane.


Klokka er 19.10. Temperaturen ute på trappa er + 15 grader C, og denne dagen har vore den finaste på lenge. I alle fall når det gjeld vêret.
Elles er det ikkje så store endringar i heimen. Nils er nokså slapp, særleg om morgonen og før middag. At vi har auka dosa på smerteplasteret kan ha sitt å seie. Han fekk medisin og frokost på senga i dag også, så fekk han ligge litt frampå mens eg var ute og rydda opp i sekkane mine. Naboen og eg skal på VØR på laurdag og levere hageavfall. Han har fått låne ein eigna bil, så eg får bli kvitt litt eg også. Elles kan ein køyre boss i vår bil også-men då må eg ha sjåfør.
Eg har gått ut og inn i dag, som alle andre dagar, jobba litt her og der. Fekk rydda litt i hagen, og vaska bad og kjøkken -blant anna.
Nils et -men har ikkje så veldig appetitt, det kan eg vel heller ikkje vente. Men så lenge han er så klar i toppen som han er, og høyrer godt, så har han mykje selskap i TV-en.
Eg hadde så smått tenkt meg på butikken i dag, men så fann eg eit brød i frysaren, så då overlever vi til i morgon.
Det har vore lite besøk i det siste, det er stort sett berre HBO som har vore innom, og sidan Nils er så slapp veit eg ikkje kor mykje han toler. Best i form er han utover ettermiddagen.

tirsdag, september 19, 2017

Dagbok 2017: 19.september

Viss de dobbelklikkar på bildet vil de kanskje sjå ein mann med hjelm høgt oppe i bjørka. Den skal tydeligvis demonterast. Eg er like glad kvar gong eit stort tre må bøte med livet for å sleppe fram lys og sol. No er ikkje dette treet i vegen for oss, men likevel........


Klokka er 19.30, temperaturen + 12 grader C og det har vore ein fin dag med lette skyer og mykje sol.
Nils var sjølvsagt ikkje i form i dag tidleg, men i dag prøvde vi ein ny vri. Han fekk både medisinar og mat før han stod opp, og då greidde han å dusje. Denne gongen gjekk det bra; når han dusjar om kvelden blir han heilt gåen. I dag hadde vi middag også, det har ikkje vore så ofte i det siste. Vi hadde ovnsbakt laks-noko som har blitt ein favoritt i heimen.
Eg har jobba ute og vore inne om eit anna. Fekk klipt skråninga i dag, og etter å ha sjekka litt på nettet, fann eg ut at eg kunne klippe dei lange greinene på Victoria-treet, dei hang heilt ned på marka. Så måtte også kompostkverna fram, så eg fekk male opp greinene, og sidan ledningen likevel var ute, brukte eg kantklipparen både her og der. Eg likar å jobbe ute, men kan ikkje vere i hagen heile tida og late Nils vere åleine. Hausten nærmar seg og eg må nytte godvêrsdagane til å få gjort unna utearbeidet. 
Nils ser mykje TV, han har aldri vore nokon lesehest, så lydbøker er ikkje noko alternativ for han. Han følgjer godt med på alt som skjer i verda, og oppdaterer meg.
Vi har hatt ein god dag.

Bok nr.24 - 2017: Land ingen har sett



«Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien.

Begge brørne skal bygge seg opp frå nesten ingenting. Dei konkurrerer med kvarandre og inspirerer kvarandre og bruker stadig fleire av døgnets timar for å sikre eit betre liv seinare. I den store verda rasar første verdskrig, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. Da krigen er slutt, endrar konjunkturane seg, og det viser seg at det er mange ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over.

Den opprørske Gjertine, som no har vore tretti år på Dakota-prærien, legg ut på si siste store reise til ugjestmilde Ravenscrag i Saskatchewan, der sonen, som no skriv seg Severt Olson, har slått seg ned.

I Molde blir Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med han som om han framleis var i live, og uttalar forbløffande sanningsord om krigen og tidene.

Ut av krigen og armoda blir ei ny tid til, med telefonlinjer, automobilar og ein musikk som skaper uro i gamle og unge menneskesinn.

«Land ingen har sett» er ei mangfaldig forteljing om sterke band mellom menneske som i dei fleste tilfelle aldri skal få sjå kvarandre igjen.

................................................................................................................
No har eg lese dei tre første bøkene som Hoem har skrive om slekta si, i Norge og Amerika. Bøkene er romanar med utgangspunkt i det som verkeleg hende. Eg skal innrømme at eg likte den første boka best.(Slåttekar i himmelen) Men han skriv no på den fjerde og siste (?) boka. Å høyre Hoen sjølv lese tekstane sine på lydbok, det er berre heilt fint. Så eg vil anbefale andre å lese desse bøkene-gjerne som lydbøker. Eg har planar om å lese alle om att når eg har alle fire tilgjengelege.

mandag, september 18, 2017

Dagbok 2017: 18.september.


Det vesle Victoria-treet er fullt av store nydelige plommer. Men dei treng eit par fine dagar for å bli skikkelig modne. Treet har altfor lange greiner, men eg håper det greier seg til eg har fått letta det for plommer, og så skal det stussast.

Klokka er 19.15. Det er overskya men opphaldsvêr. Dessverre hadde det regna sist natt, så det var vått i graset først på dagen.
Nils var som vanleg ikkje i toppform med det samme han vakna, så han fekk medisinen sin før han stod opp og låg litt frampå. Eg nytta høvet til å støvsuge grundig på stova og i gangane. I 11-tida var han klar til å komme seg opp, og etter at eg hadde gitt han frokost etc. gjekk eg ut for å jobbe. Må nytte dei stundene det er opplett. Først raka eg i hop plommer som hadde falle ned frå trea, det blei fem bøtter til komposten i dag også. Ei og anna plomme kan eg finne som er god, men det er ikkje mange. Etterpå tok eg fram kompostkverna, som begynner å bli gammal og skranglete, og mol opp ein ganske stor dunge med kvistar-det blei ein liten dunge med "kompoststrø"-kanskje Solveig tek det med seg neste gong, viss det ikkje vart meir enn nok med dei to sekkene ho tok med seg sist fredag. Eg trur at denne dungen blir veldig liten når han får ligge nokre dagar. I 14-tida gjekk eg inn og fann fram litt mat til Nils og meg sjølv. Han er ikkje begynt å ete "normalt enno, men held seg til brødskiver, kavringar, suppe m.m. Klokka 16.00 kom HBO, og etter at ho ho hadde sett den daglege insulinsprøyta gjekk eg ut og begynte å klippe plen. Planen var at eg skulle klippe til bensintanken var tom. Eg fekk klipt opp mot vegen, og rundt huset og litt nede i bakken. Då var det slutt, og eg rakk akkurat inn att til "Kakekrigen" og kaffi. Det som står att på dagens program er å dusje og vaske håret, eg ser mest av alt ut som eit steinaldermenneske både i kleda og på håret. Vi har hatt ein bra dag så langt.
I kveld skal eg sjå krim på NRK 1, eg har lese nesten alle bøkene til Åsa Larsson.

søndag, september 17, 2017

Dagbok 2017: 17.september

Bella Rosa og Leonardo da Vinci-side om side.

Denne georgina som vi fekk av Margrete tidleg i sommar, har blomstra heile sommaren til ende.

Klokka er ca.19.30, Temperaturen er + 11 grader C , det er overskya og opplett, tidlegare i dag var det sol også.
Det har vore ein nokså trasig dag her i nummer 7. Nils stod opp til vanleg tid, men måtte legge seg att nesten med ein gong. Han var heilt groggy. Kvalm og elendig, men han fekk i seg ei lita skive før han la seg inn att i senga. Eg vart sittande å strikke og høyre bok, måtte vere i nærleiken utan å forstyrre han så mykje. Eg kan ikkje seie kva klokka var andre gongen han stod opp, men det leid langt på dag. Han sovna i stolen og vart sittande der å døse nesten til HBO-en kom i 16-tida. Etter at ho hadde vore her, kom han seg såpass han åt og drakk kaffi, og vi såg "Skal vi danse" på opptak frå i går. Han har ikkje feber (eg har målt) og han har det ikkje vondt no. Men slike dagar blir ein litt "satt ut". Reknar med at Solfrid kjem ein tur i morgon, og om han framleis er dårleg, får vi vel legebesøk. Ein får ta dagane som dei kjem.

lørdag, september 16, 2017

Dagbok 2017: 16.september.


Klokka er ca.19.30. Temperaturen ute er +11 grader C, og det har vore ein fin dag med mykje sol. Kvar dagen har blitt av og kva eg har brukt den til, veit eg knapt sjølv. Eg har i alle fall ikkje gjort så mykje. Det var for vått å klippe plen, og så hadde eg ikkje lyst å begynne med kompostkverna når folk er fri og kanskje ikkje likar eg eg bråker slik.
Nils tok to smertestillande før han stod opp, så i dag kom vi i siget i skapleg tid. Føremiddagen gjekk fort, litt husarbeid blir det alltid, og så laga eg tidleg middag. Etterpå vaska eg rundt på kjøkkenet og tok ein diger hand-oppvask før eg ringde til kusina mi som fyller 79 år i dag. Ho var på hyttetur og hadde det heilt fint. Nils har vore rimeleg bra i dag, det ville vere feil å seie at han er i storform, men han er klar i hovudet- minst like klar som eg.
Eg er ute ein tur av og til og plukkar inn plommer, der er enno mykje att på trea, men det er ikkje så mange av dei som er gode. Stadig dett det plommer ned på marka, så eg må nok til å rake igjen snart.
Det er ikkje så mykje fint i hagen; har styrt lite med blomster i år, har vore meir oppteken med å klippe tre og busker, og eg er langt frå ferdig. Klematisane-eg har 5 plantar, tre sortar, er sjuke, dei ser ut som om dei er mygla. Når dei visnar må eg klippe dei heilt ned og brenne dei, så ikkje sjukdommen sprer seg. Hagearbeidet er terapi for meg-for då får eg vere ute.
Elles har eg strikka litt, rippa to bøker som Solveig hadde med i går, mens eg framleis høyrer på Edvard Hoem. Det blir ikkje så mykje lese. No blir det å sette seg ned framfor TV-en resten av kvelden, trur eg. Med strikketøy.

fredag, september 15, 2017

Dagbok 2017: 15.september

Klokka er 20.30, temperaturen er +9 grader C, og vi har hatt enda ein dag med voldsomme regnbyger. Innimellom har det vore litt fint også.
I går kveld fekk Nils dusje. Han var nok litt for trøytt, så han blei dårleg. Han er ikkje sterk. I dag hadde han problem med å komme seg fram frå senga, men greidde det til slutt. Han var slapp heile føremiddagen. Solfrid kom ein tur innom, og ho køyrde ned på Rådhuset og henta handtaka som vi skal sette opp så snart vi får tak i ein Handy-man. Nils kan ikkje gå utan å ha noko å halde seg i, og rullatoren går ikkje inn overalt. No er han i bra form, appetitten er ikkje på topp, men han får no i seg mat.
For min del har dagen vore noko uryddig. Eg skulle skrive referat frå møtet i går, men det vart langt på dag før eg kom i gang med det. Men det gjekk fort og greitt når eg først var i gang.
Nils var ikkje lysten på middag men gjekk med på å ete blomkålsuppe-då var klokka blitt 17.30. Ein time seinare kom Solveig, og vi for til Vik og handla. Eg skulle ha diverse medisinar på apoteket og så vart det litt mathandel. Vi et ikkje så mykje, så eg forstår eigentleg ikkje kvar all maten blir av.
Då vi kom opp att vart det kaffi og prat, før Solveig reiste heim att. No reknar eg med at det blir TV resten av kvelden.
Ønsker alle ei God helg.

torsdag, september 14, 2017

Dagbok 2017: 14.september


Klokka er20.10, temperaturen er + 11 grader. Det har vore overskya og regnbyger i heile dag.
For min del har dagen vore oppstykka og litt travel, til tross for at eg ikkje har gjort noko særleg.
Var i tvil om eg skulle hjelpe til med borddekkinga på kulturhuset i dag, men Nils var så bra at eg ikkje hadde noko frykt for å la han vere åleine ei stund. Eg hadde dusja og vaska håret etc. før eg gjekk nedover i  halv 12 tida. Eg var ikkje vekke så lenge for Eli køyrde meg heim att.
Sidan eg visste at eg fekk karbonadesmørbrød på møtet i dag, trong eg ikkje middag. Nils fekk oppvarma fårikål og sette pris på det. Han er bra i magen no, og i det eg vil kalle "god form"-sjølv om eg veit at det er medisinen som hjelper.
Vi sat og såg TV frå gravferda til Frank Årebrot i den relativt korte stunda vi hadde disponibel, før det kom ei dame frå Hjelpemiddelsentralen. Ho kom ikkje med ny rullestol, men viste oss korleis vi skulle bruke den vi alt har i hus. etter at ho var gått var det å skifte på seg andre klede i ein viss fart. Eg sat på med Marit både ned til kulturhuset og heim att.
Så vidt eg kan bedømme var det eit vellykka møte. Berit Klepp fortalde friskt og humoristisk frå Strandabøen , ein fråflytta gard i Hjørundfjorden. Eg har lese det som tanta hennar, Solveig Hole, har skrive om barndommen sin på garden. Nils og eg hadde høgtlesing i jula frå ei bok Nils fekk av Torbjørn Urke, så eg var liksom litt kjend på garden frå før. Berit fortalde både kvikt og humoristisk. Men det skal eg skrive referat om, så det tek eg ikkje her. 
Når ein går så mykje åleine eller to-eine, blir det nesten slitsomt med så mykje folk. Nils hadde veldig lyst å vere med på møtet i dag, men det er han ikkje sterk nok til. Då tenkjer eg på alle dei pensjonistane som er friske nok til å vere med på laget, men som ikkje kjem.
I morgon er det fredag, då kjem Solveig innover ein tur, og så er det faktisk snart helg igjen.

onsdag, september 13, 2017

Dagbok 2017: 13.september




Klokka er 1945, temperaturen ute er + 13 grader C. Det har stort sett vore skya opphaldsvêr i dag, med ei og anna regnbyge innimellom. 
I går kveld verkte eg i heile kroppen, så eg tok på meg ulltrøye og låg med den i natt, det varde ei stund før eg sovna, så eg var ikkje oppe i gryotta i dag. Verkte i dag også, men det hjelpte å bevege seg.
Eg har lurt litt på kvifor eg har verkt i høgre armen, eg plar aldri ha vondt i armane, berre i beina. Så kom eg på at eg har saga nokså mykje i det siste, og det er uvant arbeid for meg. Men vondt skal vondt fordrive, så eg sette i gang å sage ned skjelettet av rosebuska. Etter kvart saga eg "stammane " opp til ved. Det har vore dagens prosjekt.
No er det stort sett berre rota att, og Nils meinte at viss eg køyrde spettet ned i jorda, kunne eg vippe opp rota. Beklager, eg har gjort både det eine og det andre denne sommaren, men no synest eg han overvurderer meg.
Det har gått bra med Nils i dag, han har tatt nokre smertestillande tablettar som han har hatt liggande og då er det ikkje så vondt i hofta. Han har hatt litt betre appetitt også; i dag åt han fiskebollar i kvit saus til middag. Eg hamstra inn slike små "halvboksar" for ei stund tilbake, og det er akkurat passeleg mykje til oss to. Vi har hatt ein fin dag i dag. Han har sove middag, eg var ute og rydda opp litt. Elles går det i litt husarbeid og litt TV etc. Dagane fell ikkje lange-snarare tvert imot.
I morgon skal eg på pensjonistmøte (Ca !6.00-18.30), og eg må vel også nedover og dekke bord før middag. Til møtet sit eg på med Marit. 

tirsdag, september 12, 2017

Dagbok 2017: 12.september.

Klokka er 20.30, temperaturen er + 12 grader C, det er nesten mørkt ute og regnet har sila ned med jamne mellomrom i dag. Men det har vore litt opplett mellom bygene.
Vakna klokka 7.00 i dag, det er tidleg for meg som sjeldan er i seng før klokka 1.00. Det som gjorde at eg vakna var at eg verkte over heile kroppen, typiske giktsmerter. Eg greidde å ligge ei stund til, men så var det opp og få på seg ulltrøye m.m. Det er tydeleg at hausten er i kjømda. Eg kom meg etter kvart, men så skulle Nils stå opp - og for han er det verre. Det er eit svare strev å komme seg ut av senga, på grunn av den vonde hofta. Men det gjekk i dag også. Han var ikkje i form i dag heller, men vi venta kreft-koordinatoren klokka 11.00 -og ho kom presis.
Ho var her i over to timar, og vi snakka om planane framover, korleis vi ville ha det. Ho kom også med forslag om medisin osb. Eg var redd at det var ein infeksjon på gang, så ho ringde etter ein sjukepleiar som kom og tok blodprøve-vi fekk svaret litt seinare, og infeksjonsverdien var lik null. Det var ei lette. Så snakka ho med fastlegen og fekk ordna med meir medisin -og i det heile tatt. Ho ordna opp i alt, ho er berre fantastisk, det seier alle som har med henne å gjere. Berre det å ta seg tid å snakke......Ja, ho fylte ut skjema også. Det er noko nytt dei har begynt med. Eit skjema som skal følge pasienten, slik at dei som får noko med han å gjere skal vere orientert utan at ein må ta alt om att kvar gong.
Middag hadde ikkje Nils lyst på i dag heller, så eg fann meg ein "rest" og han åt brødskive.
Eg var ikkje bra verken i rygg eller hofte, så eg måte røre på meg. Eg gjekk ut og raka i hop plommer som låg på marka; fem vaskebøtter fulle bar eg ned i komposten; har hatt ned før også, og enda er det mykje att på trea. Plukka forresten eit fullt plastfat med plommer som Solveig kan få til sylte, har tre fulle bæreposar i frysaren no. Trur ikkje eg kjem til å sylte sjølv.
Vi visste at Ingeborg skulle reise tilbake til Oslo i kveld, og sende ei melding om at ho gjerne kunne komme innom.(Her har vore besøksstopp eit par dagar.) Ho og Margrete kom og fekk ein kopp kaffi før Margrete køyrde Ingeborg til flyplassen. Flyet skulle gå klokka 21.00
Det vart sjølvsagt mykje snakk om valet. Margrete sit jo i kommunestyret i Volda for AP, Nils har i fleire år vore representant i Ørsta kommunestyre for SV og Ingeborg har vore AUF-ar. Det seier seg vel sjølv at vi ikkje er særleg begeistra for å få blå-blå regjering igjen. Og at Frp står så sterkt på Sunnmøre er berre til å gråte over. Men no skal eg bremse litt her og ikkje fare utpå viddene reint politisk. Men i år, når Nils likevel sit framfor TV-en og ikkje kjem seg stort lenger, har vi følgt meir med i den politiske debatten enn nokon gong før, og då er det lett å bli engasjert.
Men så har vi også "Kakekrigen" å følgje med på, og no trur eg Nils ser fotball.

mandag, september 11, 2017

Dagbok 2017: 11.september



Klokka er 19.25, temperaturen er + 15 grader, og det har vore overskya i heile dag. Somme gonger har sola kome gjennom, men vi har også hatt regnbyger.
I dag hadde eg avtale med Marit om at vi skulle handle i lag, og eg skulle stemme. Vi skulle ta laust klokka 11.00, men det vart litt før.
Nils har ikkje vore i form siste dagane, og han var ikkje betre i dag, så han ville ligge i senga til eg kom heim att. Det var det tryggaste for meg også. Han åt litt til frokost etter at han hadde tatt tablettane sine.
Først var vi ned på kulturhuset, så eg fekk stemme. Det gjekk fort og greitt. 
Så var det Coop Extra i Furene. Eg skulle som vanleg ikkje ha noko særleg , men enda opp med full korg. Då vi kom heim og eg hadde bore ned varene, sakna eg handveska mi. Marit kom ut og låste opp att bilen, men nei! Mens vi stod der ringde mobilen min, det var kassadama på Coop som spurde om eg sakna ei veske. Snille Marit kjørte bort att i Furene for andre gong, såpass eg fekk att veska.
Nils kom seg ut or senga til slutt, med mykje bal og smerter i hofta. Eg spurde om vi skulle ringe til Solfrid kreftkoordinator, men det ville han ikkje gjere. Vi kunne vente til i morgon. Men før HBO-en kom, fekk vi melding frå Solfrid om at ho ville komme på besøk i morgon klokka 11.00-viss det passa. Det passa.
Nils er slapp, litt kvalm og har dårleg appetitt, men litt har han ete og no ser han fotball på TV. Om det blir så lang val-vake på oss torer eg ikkje å seie.
Eg har ikkje gjort noko utearbeid i dag, men eg har fått bytta på sengene og vaska soverommet, lagt i hop klede og stroke etc. etc.
VI har utruleg mykje opalplommer i år, men det er berre ei og anna som er skikkelig god. No ser vi fram til at Victoriaplommene skal modne, dei er kjempestore! Det Victoriatreet planta vi for nokre få år sidan, og vi har hatt gartnar til å beskjere det, men siste par åra har han ikkje vore her, så treet er ikkje som det skal vere. No må eg lære meg den kunsten også, trur eg. Greinene heng heilt ned på marka.
I dag er det 9.11-også ein dag å hugse.

søndag, september 10, 2017

Dagbok 2017: 10.september

Klokka er 19.15, temperaturen er + 14 grader C . Det har vore skya, men stort sett opphaldsvêr i dag. Regna visst litt også.
Nils begynte å bli dårleg fredags kvelden, og i går vart han berre verre. Han la seg før midnatt og det er ikkje ofte vi gjer her i huset. I dag var han ikkje mykje betre og låg til langt utover føremiddagen. Eg nytta høvet til å støvsuge mens eg var åleine. Han stod opp omsider; sjølve "oppstandelsen" er smertefull på grunn av hofta, men då han kom seg fram gjekk det litt betre. Matlysta er heller ikkje så stor, og han må få tablettar mot kvalme. Han åt faktisk middag i dag, steikt blålange. Eg hadde laga til to stykke til kvar, men han greidde berre eitt. Men så åt han dessert (sukkerfri is) -det gjorde ikkje eg.
Han er betre no, så eg håper han kjem i form igjen-han var jo i storform fredag, men toler ikkje å anstrenge seg. Min teori er at han er borti ein infeksjon som ikkje kjem til overflata fordi han tek så mykje medisin. Vi har no ikkje fått svar på alle blodprøvene han tok fredag, heller. Det var så kjekt mens han var nokolunde bra og hadde appetitt. Håper vi får det slik igjen.
Etter at vi hadde ete middag sette eg meg til og gjorde ferdig eit lestepar. Men då eg skulle legge opp nytt "spøt" vart eg brått så låk i armen at eg greidde nesten ingen ting. Får visst berre ta det litt med ro til det går over. Eg var så vidt ut og klipte ei grein av eit plommetre, men eg har no klipt greiner i tusenvis utan å få låkt.
Eg fekk ikkje stemme då dei kom heim til Nils med stemmemateriale, så eg må ned og stemme i morgon. Marit skal nedover klokka 11.00, så då blir eg med henne, så får eg handle litt også. -( Ja, eg veit det heiter "røyste" på nynorsk.)
Torsdag er det møte i pensjonistlaget, så då må eg nedover og dekke bord klokka 12.00 og så tek møtet til klokka 16. Vi får sjå korleis Nils er då-om han treng "barnevakt".

lørdag, september 09, 2017

Dagbok 2017: 9.september




Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 19 grader C,og det har vore ein fin dag når det er snakk om vêret, litt sol og delvis skya. Nils hadde ein fin dag i går, men det vart i meste laget med aktivitet, så i går kveld blei han dårlig. Ikkje alvorleg sjuk, men i dårleg form. Han var ikkje heilt bra i dag heller, og har hatt lite matlyst, men no ser han fotball på TV, så det er ikkje så gale. Vi er samde om at han var litt overmodig i går, men at det var ein fin dag uansett.
I dag sette eg i gang å vaske litt grundig på bad og kjøkken. Nils skulle slappe av. Då ringde det på døra. Det var Jørn som kom og spurde om vi ville ha blålanga rund eller i filet. Gjett kva eg svarte!
Ei stund etterpå kom Håkon og Birte og henta utstyr, dei skulle ut og fiske.
I går var det Toro til middag -i dag vart det Knorr champinjongsuppe. Etter middag skulle Nils slappe av, eg gjekk ut for å plukke plommer. Etter ei stund ringde Ingeborg,; ho og mora stod på stand i Volda og ville komme bortom. Det var kjekt! Så drakk vi kaffi og Jørn kom med ferdigfiletert blålange + 6 små uer. I det Margrete og Ingeborg skulle fare, kom Håkon og Birte igjen, og alle vart samla.
Ingeborg er blitt så begeistra for Bjørnar Moxnes, og er hadde fortalt henne at ein av HBO-ane likna på politikaren. "Håper han kjem ein gong når eg er på besøk då," sa ho. Og trur de ikkje han dukka opp i dag. Eg veit ikkje om han takla heilt situasjonen som oppstod.Eg får snakke med han om det seinare.
Birte og Håkon plukka med seg litt plommer og sukkererter før dei for, og eg måtte salte uer og fryse blålanga. Eg stakk meg på eit uer-bein og det var innmari låkt, men no har det gitt seg. Vi har det ikkje keisamt her i Starevegen. Ikkje er vi einsame heller.

fredag, september 08, 2017

Dagbok 2017: 8.september.

Klokka er 20.10, temperaturen + 11 grader og det har vore ein fin dag å på alle måtar. Vêret har vore nydelig og Nils har vore i god form. Betre kan det ikkje bli.
Vi starta dagen som vanleg, men så var det å gjere seg klar til legebesøk. Drosjen kom til avtalt tid,; vi tok ikkje med rullestolen, berre rullatoren. Men på legesenteret hadde dei stolar som vi kunne ha brukt. Bilen kunne ikkje køyre heilt til døra i dag, for det er jo ein byggeplass der no. Vi var først på laboratoriet for blodprøver før vi kom inn til legen. Det vart litt for lenge for Nils å sitte vondt, men han trefte kjentfolk, så det var no litt kjekt også.
Då vi kom heim att ville Nils sitte ute på tunet i finevêret, og dei nærmaste naboane dukka opp, den eine føre og den andre etter, så det var nesten som i gamle dagar. Det vart ikkje tid til middag før heimesjukepleiaren kom, men Nils fekk kvile i stolen sin mens eg gjekk ut og plukka plommer. Det vart ein Toro til middag i dag.
Eg har rett og slett ikkje gjort det skapte grann i dag - dvs. verken husarbeid eller hagearbeid. No i kveld kom Jørn og ville plukke plommer, han var invitert. Folk har så mykje plommer at ingen veit kva dei skal gjere med alt. Dessutan er ikkje plommene så gode. Det sa eg til Jørn. Han hadde med seg ein kamerat frå Tyskland, og begge var inne og helste på Nils og prata. At her ikkje er verken vaska elle støvsuga til helga bryr eg meg ikkje om. Er blitt så vant til folk ut og inn, både kjende og ukjende at eg har slutta å reagere på det. No blir det å sjå TV det meste av kvelden- og eg har ein lest å strikke på.

torsdag, september 07, 2017

Dagbok 2017: 7. september




Rosene likar ikkje regn. No kunne dei ha vore på sitt finaste.

Klokka er 19.30, temperaturen + 13 grader C, og vêret har vore så ymse i dag. Vi var ikkje så tidleg oppe i dag for vi vart sittande utover kvelden og sjå eit konsertopptak som eg hadde liggande på TV. Eg såg ut på litt skodde men sola var ikkje langt borte.

Etter morgonstellet og litt husarbeid gjekk eg ut og prøvde å starte klipparen. Etter ein grundig vask og ein dag på tørk gjekk han heilt fint. Eg fann ut at eg like godt kunne klippe litt plen sidan eg var i farta. Det blei til at eg for over heile tomta. Det gjekk bra til tross for at det var nokså vått i graset. Skråninga hadde eg ikkje klipt på to veker, så der vart det bioklipp i dag. Vart ferdig til klokka 13.30, då gjekk eg inn for å lage middag.
Sveitten sila- og det likar eg godt. Utsette dusjinga til etter middag. Men kva skjer? Mens vi sit og et begynner det å regne! Heilt uventa for meg, men snakk om flaks-at eg hadde fått klipt plenane altså.
Nils var ikkje heilt i slag i dag før middag så han skulle få fred og middagskvil, mens eg gjekk ut og spylte klipparen, dusja og strikka. Eg er ferdig med dei fire klutane til Hareid ungdomsskule no. Det blir vel ein del restelestar no-har ein del garn på lager.

Ingeborg kom med flyet i 16-tida, og Margrete og begge jentene kom hit ein tur. Erlend var heime og passa Charlie. Ingeborg skal vere heime til tysdag. 
Nils var i betre form etter middagsluren. I morgon er det full utrykking med Taxi og rullestol/ ev.rullator. Ingeborg tykte det hadde vore meir lettvint at legen kom hit. Men det er ikkje så ofte legane gjer heimebesøk no for tida.


Dette er restane av Rosa Moyesi, eg gler meg verkeleg til å sage ned "stilkane"-allereie no ser eg ut som om eg har vore i slåstkamp med ein katt. Det er store tornar på denne buska.
Granbuska har minka litt etter litt, har saga av ein kubbe no og då, men den har nokre fæle røter. Eg likar å ha noko å styre med ute så lenge vêret er nokolunde bra.



onsdag, september 06, 2017

Dagbok 2017: 6.september


Klokka er 20.10, temperaturen ute er + 15 grader, og i dag letta det opp og vart fint vêr før vi forventa det.
Vi somla litt utover føremiddagen, for vi venta på at dei skulle ringe frå Rådhuset og seie kva tid dei kom. I mellomtida strikka eg litt og gjorde litt husarbeid. Då vi fekk vite at dei ikkje kom før kl.14.30, stakk eg ein tur ned på butikken. Hadde ikkje middagsmat i hus. Trefte ein mann som det er kjekt å prate med så eg vart sittande litt å snakke med han.
Då eg kom heim att hadde Solfrid vore her med ein samanleggbar rullestol, som vi skal ha med i taxien på fredag når Nils skal til fastlegen. I går og i dag har han vore i relativt bra form.
Eg gjorde klar middagen, men det blei ikkje tid til å ete før stemmesankarane kom, dei kom på sekundet 14.30, så det var presise folk. Nils fekk stemme, men ikkje eg. Så vart det endeleg middag, ovnsbakt laks i dag, og godt var det.
Så skulle Nils endeleg få ein kvilepause, så eg gjekk ut og tok fram kompostkverna og begynte å male opp resten av greinene. Einar kom innom ein tur så då gjekk eg inn og kokte kaffi. Einar skulle til Sæbø og spele fotball. HBO-en kom mens Einar var her og Nils fekk ei lita sprøyte.
Så gjekk eg ut att til arbeidet mitt, og no gjorde eg meg ferdig med malinga, hadde komposten opp i svarte plastsekker som Solveig skal få med seg neste gong ho kjem og ha i kompostkassa si. Eg raka og rydda litt, men alle "stammane" står att-det blir neste prosjekt.
I morgon kjem Ingeborg ein tur heim frå Oslo, kanskje dei rekk å komme bortom ein liten tur?



tirsdag, september 05, 2017

Dagbok 2017: 5.september

Klokka er 20.10, temperaturen er + 13 grader C og det har pøsregna i heile dag. Eg hadde diverse påbegynte prosjekt som eg hadde tenkt å fullføre før regnet kom, men då eg vakna i natt og høyrde regnet, måtte eg slå frå meg å få gjort det eg hadde tenkt.
Men eg er aldri arbeidslaus, så før middag fekk eg gjort litt kontorarbeid i tillegg til det vanlege husarbeidet. Til middag i dag hadde vi årets første fårikål, og det smakte himmelsk. Det er vel noko av det enklaste ein kan lage også, eg vil nesten påstå at retten lagar seg sjølv. Eg kjøpte lammekjøt då Solveig og eg handla på Bunnpris i går, og eg vil ikkje påstå at kjøttstykka var fine, men det var norsk lam og det smakte godt.
Ja, eg sneik meg ut ei lita stund også og klipte opp dei tjukke "stilkane "som eg hadde slengt frå meg på plenen i går. Det blir ein slags ved etter kvart. Likar å ha det ryddig rundt meg, og gjer så godt eg kan. No i kveld gjekk eg ut og rydda i klungerdungen som var att, sorterte det som skal malast opp i frå det som skal bli "ved". Dessuten fekk eg spylt og reingjort klipparen, så kanskje han sluttar å ryke.
Elles har eg fullført kjøkkenklut nr. 2 og kome godt i gang med nr.3.
Det har vore ein god dag fordi Nils har vore i bra form. Trur det hjelpte litt at han fekk ordna med førehandsrøysting. Han ringde sørviskontoret på rådhuset for nokre dagar sidan, og fekk til svar at han kunne ta taxi ned på Rådhuset og stemme. Men han er avhengig av rullator eller rullestol, så det er ikkje heilt enkelt. Så fekk han høyre at dei mange stader kjem heim til dei som er uføre, så han ringde ned att i dag. Då fekk han til svar at då måtte han gå inn på heimesida deira på data og søke om det. Ikkje alle sjuke 80-åringar er like flinke med data, men eg fann heller ikkje ut av det så raskt. Då ringde han direkte til fungerande rådmann som vi kjenner godt. Eg har hatt han som elev, Nils har jobba i lag med han  og mor hans var frå Eid. Då vart alt ordna og dei kjem heim til oss.
Fredag skal Nils til fastlegen, og no driv vi og undersøker om der er rullestolar(transportstolar) på legesenteret, slik som på sjukehuset, men det er der visst ikkje. Solfrid kreft-koordinator ville ta det opp, for ho tykte det var ein god ide å ha det.
Eg seier som eg har sagt så mange gonger at dette siste året (eller vel så det) har eg lært utruleg mykje. Ikkje minst om helsevesenet og eldreomsorga.Vi høyrer som regel berre om det som er gale, men jammen er det mykje bra også. Vi har ikkje grunn til å klage i alle fall.
Eirik ringde akkurat mens vi åt middag, så det vart ei heller kort samtale, men han hadde det bra og han hadde halde konsert, veit ikkje om han var åleine eller i lag med andre. Han likar seg i alle fall godt på skulen.

mandag, september 04, 2017

Dagbok 2017: 4. september



Klokka er 21.15, temperaturen ute er + 16 grader C, og vi fekk enda ein varm og fin dag.
Eg hadde tenkt å starte med eit nytt prosjekt i dag.Og det gjorde eg. No er det den store klunger-rosebuska som skal bort.Rosa Moyesi heiter den og er vakker nok, men den veks seg så altfor stor, og er eit problem med alle dei spisse tornane sine- når vi skal klippe plen eller plukke plommer. Eg rigga opp kompostkverna og sette i gang å klippe greiner, Fekk klipt alle toppane med hagesaksa, men må nok til med sag lenger nede. Den tid den sorg.
Nils er så sløv tidleg på dag at han saknar meg ikkje om eg er ute eit par timar. Eg har med meg mobilen, så han kan ringe viss han vil ha meg inn att, og i dag ringde han. Det hadde kome ein mann frå Hjelpemiddelsentralen med mykje utstyr til oss begge. Nils hadde ymta frampå med sjukepleiarane at eg har problem med å høyre både telefon og dørklokke, så no fekk vi forsterkarar som virkar på både det eine og det andre -og nye brannvarslarar som er tilkopla samme systemet.
På ein skjerm i stova får vi varsel om kva det er som skjer, og så fekk vi i tillegg ein mindre skjerm, som er flyttbar. Og jammen fekk eg forsterkar til mobilen også, som eg kan bruke om eg legg den i frå meg her og der. Nils fekk dusjkrakk og fleire dørstokkovergangar som han køyrer over med rullatoren sin. Eg synest vi får mykje god hjelp.
Sidan eg måtte assistere litt, kom eg meg ikkje ut att for å jobbe med prosjektet mitt før etter at vi hadde ete middag. Då fekk Nils slappe av heilt til HBO-en kom klokka 16.30. Eg blei ikkje ferdig med jobben min i dag, men det skal visst vere opplett i morgon også.
Solveig sende melding om at ho kom i 17.30-tida, så då rakk eg å dusje og vaske håret før ho og eg hadde ein liten handletur-det er utruleg kor sveitt ein blir av hagearbeid ! Men eg likar det.
Då vi kom ned på Amfi oppdaga eg at lommeboka mi ikkje låg i veska mi, der ho skal ligge,  men eg fekk Solveig til å ta ut kontantar- som eg betalte henne att då vi kom heim.Eg plar nesten aldri ha pengar, berre kort, og fekk problem når eg skulle betale, leita fram anten for mykje eller for lite, og til alt overmål er jo pengane annleis enn før.
Vi drakk kaffi då vi kom heim, og Solveig plukka med seg plommer hein. Rivers Early er nesten overmodne, men veldig gode. Opal har vi i massevis, men dei er noko smaklause i år.
No ser Nils fotballkamp. Han er ikkje heilt i strøk for tida, men er relativt bra om kvelden.








Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...