søndag, oktober 31, 2021

Dagbok 2021: 31.oktober


Klokka er no16.10 temperaturen ute er+ 10 grader C og det er opplett. Eg var oppe til vanleg tid i dag , sjølv om eg vakna ein time for tidleg etter "vintertid". Surra no rundt ei stund, såg TV etc. før eg dusja og vaska håret og kledde meg for å vere ute. Eg tenkte eg skulle ta ein tur på gravplassen og sette batteri i "lyset". Då eg køyrde nedover slo det meg at eg sikkert burde fylle bensin - og det kan ein gjere ein sundag førmiddag. Det var visst på tide med påfyll, for aldri før har eg fått ned på tanken så mykje. Eg ser ikkje på literane, berre på betalingsslippen. Bensinmålaren på bilen funkar ikkje, men eg brukar min 6.sans som seier frå når det snart er tomt. Eg hadde bestemt meg for å gå tur i Dalateigane i dag, sidan eg var på dei kantar. Eg følgde elva Rossåa framover. No når det ikkje er så mykje lauv på trea, såg eg godt over på andre sida, på vegen fram mot Nupen. Der hadde det  kome så mange hus som eg ikkje kjende. Anten var det hus som var ombygde eller så var der nye. På bildet over ser vi bort på huset der vi budde ein gong. Eg møtte eit par som eg snakka med på Vernet i går, prata litt i dag også. Eg hadde tenkt meg fram til rasteplassen der eg var med Pensjonistlaget då den var ny, men det var mykje lenger å gå enn eg trudde. Eg brukte nesten ein heil time fram dit. Men sidan det er heilt flatt framover er det lett å gå.








Det var ikkje mykje att av benkar og bord frå den første tida, berre halvrotne "møblar". Frå denne staden går det ein veg opp til bilvegen som fører til Mo-setra, og då gjekk eg opp der. Det er ein kjempekjedelig veg å gå, men ein går litt fortare og tryggare når ein slepp granrøtene og andre hindringar.

Den tida eg  jobba i skulen var vi fleire gonger på tur til Mo-setra. Då sykla vi så langt vi greidde på denne vegen. Så sette vi i frå oss syklane og gjekk den siste lange, bratte bakken til fots. På tilbaketuren var det kjekt å finne att syklane og sykle lett på den slake nedoverbakken. Å gå der er ikkje så spennande, men eg kom meg no nedatt til Askjelhaugen og sette meg inn i bilen. Det var godt, for det høgre kneet mitt var vondt.
Eg var kjempesvolten etter turen, så då var det heilt greitt å varme opp restar frå i går i mikroen.Sette meg i godstolen med ein kaffiskvett, og sovna ei lita stund.

I dag tidleg plukka eg bort rosene frå den fine buketten og skulle prøve å blåse nytt liv i dei. Eg kutta stilkane og kokte dei (stilkane ) i vatn -og så rett over i ein vase med reint vatn. Dette har eg prøvd før, og fått det til, men desse rosene var komne for langt. Eg fekk redda to av dei. I morgon hadde eg tenkt å få gjort noko her heime, men så spør Marit om eg vil vere med på dagkino-og filmen som går er "Verdens verste menneske"-som er Oscarnominert. Og det kan eg vel ikkje la gå i frå meg?



lørdag, oktober 30, 2021

Dagbok 2021: 30.oktober


Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +10 grader og det letta fint opp på ettermiddagen, så vi fekk sol både ute og inne. På føremiddagen laga eg ferdig middagen, det var lettvint, og dekka bord etc. Det vart litt tid til den vanskelege sudokuen i pensjonistbladet - utan ar eg kom i mål. Bodil og Svein kom relativt tidleg på dag, slik eg foreslo. Svein gjekk i gang med dekkskifte med ein gong og gav seg ikkje før alt var i orden. Eg er han stor takk skuldig for at ham gjorde dette no, for ein veit aldri kva dag det kjem is og snø. Einar har også skifta dekka dekka mine før, men no i haust er han delvis sjukmeld på grunn av eit brote bein nedst i ryggen. 

Bodil og eg hadde mykje å snakke om inne, mens Svein var i garasjen, og best det var skein sola inn gjennom stoveglasa som ikkje har vore vaska på ei stund. Det var ikkje eit vakkert syn.

Til middag serverte eg Stroganoffgryte med poteter og grønsaker. men det var desserten som var det store i dag, nemleg ostekake med Jordbærgelé. Det var liksom fødselsdagkake til han som nettopp har fylt 80 år. Vi har alltid så mykje å prate om når vi kjem i lag, at tida strekk liksom ikkje til. Det var enno lyst då dei drog, så eg heiv eg rundt og fekk gå ein runde på Vernet mens det enno var lyst. I dag tok eg tida, og då brukte eg 3 kvarter frå eg for heimanfrå til eg var heime igjen. Eg gjekk ikkje spesielt fort, og eg sat litt på ein benk. Trefte berre to som eg snakka litt med.


I kveld har eg to ting å glede meg til: Stjernekamp: (Heia Bjørn!) og til å sette klokka ein time tilbake og sleppe å legge meg før eg har brukt opp den timen.

NB: Alle desse bilda frå Vernet er i grunnen mest for å vise vêret.

 

 

fredag, oktober 29, 2021

Dagbok 2021: 29.oktober

Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 13-14 grader. Det har regna før i dag, men no var sola nesten framme. Eg likar ikkje regn, men kulde er verre, så eg er glad så lenge det ikkje er kaldt. I dag har e vore flittig, eg har gjort ein god del husarbeid, tok fredagsvasken etc. Då klokka var ca 13 tok eg ein tur på butikken, og då eg kom heim vart det ein tur på Vernet. Hadde ikkje vore der sidan tysdag, og så blir det neppe tur i morgon for då kjem Bodil og Svein på besøk. Eg ser fram til det, og Svein vil også legge på heilårsdekka mine. Ein veit ikkje ordet av det før vegane er glatte.

 Til middag i dag åt eg resten av  fårikålen frå i går, ikkje all kålen, men plukka ut kjøttet, eg lever litt for godt for tida, må vel over på grønsakdiett igjen snart.Det ser så bra ut med vêret akkurat no. Treng nokre fine dagar fo å få rydda litt meir hagen før vinteren.

Då ønsker eg alle ei god helg! 


                                  Her ser vi Starevegen frå Vernet.
 

torsdag, oktober 28, 2021

Dagbok 2021: 28.oktober

 Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 10 grader og det regnar. Likar ikkje regnet, men det er betre enn kulde om ikkje anna.

I dag var det tid for trening klokka 10, og vi var på plass, med Marit sin bil. Min stod att ved hotellet sidan i går. Etter at vi hadde trena handla vi på Spar, før Marit køyrde heim med varene og eg henta bilen min; den stod der den skulle stå og starta med ein gong.

Sidan Einar skulle komme i dag begynte eg tidleg på middagen. Eg hadde noko lammekjøt som eg kjøpte førre veka, så eg tenkte eg skulle lage fårikål, sidan eg også hadde eit heilt kålhovud liggande. Eg ville prøve å lage retten med bruna kjøt og slik vart det. Eg hadde all verdens tid, men så kom posten med bladet Pensjonisten. Der er det to sudokuar, den eine "middels" og den andre "vanskelig". Eg plar alltid greie den "Middels"- og i førre bladet greidde eg også den vanskelige- for første gong. Dermed gløymde eg både tid og stad, og klokka nærma seg at Einar skulle kome, så eg måtte legge til sides det vanskelege halvgjort, men ikkje for godt. Einar kom 15.30 som han hadde sagt, vi åt godt begge to og fårikålen var litt annleis enn vanleg, men god. No har Einar reist ut att, eg har rydda opp litt, og så skal eg ta fram att sudokuen. Det var veldig kjekt å få besøk av Einar igjen, det er lenge sidan sist han var her, men no er han på "bedringens vei". I morgon skal eg gjere diverse husarbeid -det trengst. Eg er ikkje lenger stressa no når vi har fått jubileet i hamn.

Eg har ikkje tatt bilde i dag, for det mørkna så tidleg og så brått. Det er denne helga vi skal stille klokka.

onsdag, oktober 27, 2021

Dagbok 2021:27.oktober

 
Klokka er no 19.55, temperaturen er + 12 grader og det regnar. Føremiddagen gjekk stort sett medtil hårvask etc. + Spanskkurs. Så vart det ein liten pause før eg måtte kle meg om til fest. Marit og eg hadde avtalt at eg skulle køyre nedover, og så skulle eg la bilen stå til i morgon når ho køyrer til treninga. Ingen av oss likar å køyre når det er mørkt.

Jubileums-festen tok til klokka 16, og då var alle på plass.Etter diverse talar og helsingar, songar etc.heldt Jostein Mo eit attersyn over det som hadde vore i dei første 50 åra i Ørsta Pensjonistlag. 

Så fekk vi mat. Det var hjortekjøt med nydeleg saus, most potet og ihelkokte grønsaker, Men det smakte godt. Etterpå var det karamellpudding og kaffi. Det med grønnsakene måtte vi unnskylde, for dei visste ikkje eksakt kva tid  vi skulle ha mat. Alle var fornøgde med kjøttet og det andre.

Eg hadde arbeidet med å skaffe musikk, men Eli dirigerte litt. Det var Marie Austerheim Riise som spelte el-piano, og ein felespelar frå Volda som spelte folkemusikk og det var heilt fantastisk flott. Sidan eg fekk skulda for å ha skaffa musikk takka eg dei to og snakka litt med dei. Felespelaren bur på Hareid og kjenner Øystein, sjølvsagt, men han kjente også Rasmus, hadde gått i lag med han i Molde.

Vi i styret var veldig fornøgde med festen, og det trur eg også dei andre var. Eva Berset som bur her på Vallabøen køyrde Marit og meg heim. Eg var så vidt komen inn for døra då Eli kom med den flotte buketten-trur kanskje den var frå kommunen, for ho hadde fått fleire. Det er ikkje alle som veit kor Eli har jobba for å få til denne festen på rekordtid. (Vi visste ikkje før no i haust at det var jubileum i laget.) Så det har vore litt stress. Men alt gjekk godt. Møteleiaren var Terje Kjøde.


Eg må berre beklage at eg ikkje får laga bilda betre på laptopen, slik eg kunne på PC-en.



tirsdag, oktober 26, 2021

Dagbok 2021: 26.oktober.

I dag fyller Rasmus 57 år, det er nesten uvirkelig at det har gått så mange år sidan den kalde, klåre oktobermorgonen då han kom til verda klokka 6 om morgonen på Eid sjukehus. Eg brukte å spøke med at det var einaste gongen han var så tidleg oppe. Men mykje har hendt i alle desse åra. Blant anna har Rasmus fått seg ein heil famlie , med kone og tre søner. Dette bildet vart tatt i sommar på moloen i Trovågen då vi var på rorbu-ferie i Solund.I september var vi i konfirmasjon til "mellombror" Vebjørn i Kongsberg. Då hadde eg ikkje vore der sidan 50 -årsdagen til Rasmus. Men dei har no vore her. No er "eldstebror" Eivind i Tromsø der han er student. Så slik går no åra.

I dag vil eg gratulere Rasmus og håpe at han har ein fin fødselsdag .

Det er vatn overalt. alle små bekker frå skogen tømmer seg her i det eg kallar "Avgrunnen" .Så renn vatnet ut i Vike-elva



Eg har vore litt stressa i det siste, det var brått ikkje så lettvint når den verste korona-tida var over. Då skulle vi brått i gang med møte og kurs og trening etc. Ja, trena gjorde vi no i Korona-tida også. I morgon skal vi ha 50-årsjubileumsfest for Pensjonistlaget. Det kom litt brått på for vi visste ikkje om det før ei som er blant dei eldste i laget gjorde oss merksame på det. Men Eli har stått på og fått det i orden, eg har berre hjept til litt, men kjenner på ansvar. I morgon skal vi altså feire på hotellet her, vi skal ha middag, taler og underhaldning. Festen tek til klokka 16, og eg trudde kanskje Eli ville sløyfe Spansken , men nei, vi skal ha spanskkurs frå 11-til 13. Men vi får no litt tid til å kle oss om til festen. Eg skal køyre Marit og meg ned, men viss det er mørkt når vi skal heim, tek vi Taxi og hentar bilen dagen etter, då skal vi på trening.
I dag skulle vi på trening klokka 11.Men seint i går fekk eg melding på telefonen at vatnet skulle stengast mellom 9- 16. Då vart eg litt stressa for eg måtte dusje før klokka 9. Eg har litt  lett for å stresse, for sjølvsagt gjekk det heilt greitt. Eg har ikkje merka at vatnet var vekk. Dei stenger vel ikkje alt på ein gong heller. Etter at vi hadde trena i dag, handla vi mat på Kiwi. Eg har prøvd å ete av det eg har i hus, men no var det smalhans. Eg måtte unne meg ein god middag i dag, så eg kjøpte ørret og steikte. Kokte poteter og varma frosne grønsaker. Etter ein pust i bakken med kaffikopp, kom eg meg ut og gå ein tur på Vernet akkurat når det kom ei voldsom regnbye. No må eg ta att spanskleksa mi, øvde litt før treninga i dag, men må repetere litt. Marit har bestilt influensavaksine til seg og meg, den skal vi få tysdag etter trening,

PS. Klokka er no 17.50 og temperaturen er + 7 grader. Regnet kjem i byer. Eli ringde,eg måtte printe ut fleire songar. Heldigvis hadde eg nok blekk.
 

mandag, oktober 25, 2021

Dagbok 2021: 25.oktober

Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 9 grader, og eg trur det har slutta å regne no. Før i dag har det plaska ned i eitt. Dagen har gått veldig fort utan at det har hendt så mykje. Men eg hadde i alle fall ein plan i utgangspunktet; eg skulle bake brød, måtte få brukt opp litt av surmelka eg kjøpte inn til balldagen. Det vart tre brød og ei plate med rundstykke av deigen. Eg brukar aldri oppskrift når eg bakar brød, det plar gå bra, men i dag hadde eg hatt litt for lite grovmjøl i deigen, men det er no verst for meg sjølv, Eg prøver å få i meg mest muleg jern + C-vitamin. Solveig har tenkt ut dietten min for å få opp blodprosenten. 

Etter at eg hadde gjort ferdig bakinga og rydda kjøkkenet, gjekk eg ein tur på Vernet i plaskande regn.

Eg hadde på meg regnjakke med hette, blant anna, men den hetta brukar alltid i sige ned framfor ansiktet og augene. I dag fann eg ei løysing, eg tok på meg ein caps medt stor skygge og hadde hetta utanpå. Det gjekk fint. Men buksa var klissvåt då eg kom heim, og kofta som eg hadde under regnjakka var våt opp til albogane men det var no berre å finne seg tørre klede. Eg likar i grunnen å vere ute i regnet-når eg er kledd for det og ikkje frys .

Så var det "middag"- nybakte rundstykke og ein liten boks med makrell i tomat-det eg kallar nødproviant.

Etter middagen las eg ut boka mi og strikka litt etc. før eg kokte kaffi. 

Marit og eg "pratar" heile dagen på Messenger og planlegg vegen vidare. I morgon skal vi på trening med kvar sin bil, for ho skal til tannlegen etterpå. Det er ho som skal bestille influensavaksinering for oss begge.

Onsdag er den store dagen, men vi skal ha spansk på føremiddagen likevel. Eg har hatt ein del å ordne med til jubileet, men det er no Eli som har tatt den største børa. Det er over 50 som har meldt seg på. I tillegg kjem folk frå fylkesleiinga t.d.

I dag fyller lillebroren min 80 år. Eg kan hugse så langt tilbake at han låg i barnevogna og sov mens eg sat ute på trappa. Rett ovafor huset dreiv tyskerane og laga skyttargrav. Dei sprengde litt, og ein liten stein for gjennom lufta og traff handa mi. Eg hylskreik, ikkje fordi det var så vondt, men fordi eg vart redd og trudde dei skulle skyte meg. Ein tysk soldat kom springande og ville sjå kva som hadde hendt.  Mamma tok ei av bleiene til Svein og surra rundt handa mi. Dette er noko av det eg hugsar frå første tida Svein levde. Seinare hugsar eg mykje av det vi fann på. Vi leika mykje i lag då vi var små og budde i Prestegarden. No er vi gamle, men har oppnådd å bli 80, begge to. Ikkje alle oppnår den alderen,

Gratulerer  med dagen, Svein. Eg kjem ein tur så snart eg kan.



 

Bok nr.31- 2021: AV MITT BLOD



No har eg endeleg lese ei av papirbøkene eg har liggande. Eg likte måten boka var skriven på, med ulike forteljarar, somme på nynorsk andre på bokmål. Elles synest eg historia vart vel dramatisk og ikkje heilt truverdig. Det er første boka eg har lese av denne fofattaren.
 



søndag, oktober 24, 2021

Dagbok 2021: 24.oktober, FN-dagen.

 

Klokka er no 17.10, temperaturen ute er + 11 grader, det er overskya, regn av og til og litt vind. Det har vore ein roleg og fredeleg dag, så langt i alle fall. Eg stod opp til vanleg tid og etter frokost og morgonstell strikka eg ferdig og felte av ein lest. Eg prøvde å lese litt i boka som eg held på med, men eg blei trøtt og ville sovne. Det var ikkje boka si skuld. Då klokka kjekk mot 12.30 tok eg joggeskorne på og kom meg opp på Vernet, det var opplett og fint å gå. Trefte fleire pensjonistar som eg kjende og prata med dei. Gløymde å ta bilde, så eg tok eit bilde av huset og tunet då eg kom hit. Telefonen var heilt tom for straum  etter det. 

Då eg kom heim att begynte eg å tenke på middagsmat. Eg hadde ikkje noko fristande i hus, så det vart til at eg sette egg og bacon på menyen - og kaffi etterpå. Med hjelp av kaffien har eg greidd å lese mykje i boka mi; eg vil gjerne lese papirbøker, problemet er å halde seg vaken. Eg vil lese bøker, i staden for å sjå all verdens seriar på TV- men når eg ser TV kan eg strikke........

I morgon fyller Svein, bror min, 80 år, han er ikkje så mykje yngre enn eg. Eg skulle gjerne vore der, men må utsette besøket litt på grunn av diverse anna. Dagen etter er det Rasmus sin fødselsdag, han blir 57 år. Og dit kjem vi ikkje -det er for langt. Komande veke er det som vanleg trim på tysdag og torsdag, spansken på onsdag går sin gang på trass av at vi skal ha jubileumsfest samme dag.  Eg slepp å skrive om festen, for denne gongen kjem dei frå Møre-Nytt. Første "fridag" er fredag. 

I avisa står det om influensavaksinering, der må vi bestille time, men det er gratis i år. Marit og eg skal bestille i lag. Dei anbefalte at alle over 65 år skulle ta vaksinen. Eg ser at butikkane har sprit-stasjonar enno, og folk spritar hendene , som før. Kanskje det kan dempe på andre sykjer enn Korona også. Her er framleis folk som er smitta av Covid 19, så pandemien er på ingen måte over.




lørdag, oktober 23, 2021

Dagbok 2021: 23.oktober


Klokka er no 17.30, og temperaturen ute er + 6 grader C. Då eg stod opp i dag var vêret rimeleg bra , men eg såg på gata at det ikkje var lenge sidan siste regnbya. Eg åt frokost og begynte å tenkje på kva eg skulle bruke dagen til. Eg bestemte meg for å gå ein runde på Vernet sidan vêret var så fint. Eg gjekk heimanfrå i 10-tida-har aldri vore på Vernet så tidleg før.I dag var sola framleis i aust då eg kom opp, til vanleg er ho i sør eller vest når eg er der. Men eg var der ikkje åleine i dag heller, trefte mange, men ingen eg kjende.

Då eg kom heim sende eg melding til Marit og spurde om ho ville vere med til Vik og det ville ho. Vi handla litt på ALTI, og så skulle vi drikke kaffi på ein av kaféane, men der var overfylt alle stader. Så foreslo eg at vi skulle fare på "Fru Svendsen"- og så gjorde vi det. I dag fekk Marit endeleg smake den kaka som eg har skrytt av, den med nøttebunn, pærer, krem og sjokolade. Marit syntest den var god, ho også. Der var faktisk fullt på Fru Svendsen også, men vi fann oss no ein liten plass. Det ser ut til at folk er glade for å kunne gå på kafé igjen- og bra er det for dei som driv i bransjen.

Då eg kom heim att kveikte eg i omnen med Even-ved + ein pose med plommegreiner, så eg har det godt og varmt. Til middag åt eg suppa som var att frå i går, og så sette eg meg inn i godstolen med ei bok. Det var ikkje lenge før eg sovna, men vakna igjen og las vidare. Eg måtte slutte med å sjå så mange seriar og heller gjere noko så gammaldags som å lese ei bok på papir. Så langt likar eg boka godt. 

I kveld er det Stjernekamp igjen, eg håper at Alexandra og Bjørn går til finalen.




fredag, oktober 22, 2021

Dagbok 2021: 22.oktober

 



Klokka er no 17.00 og det er + 5 grader ute. I dag har det regna i eitt, så eg har ikkje kome meg ut på tur-ikkje enno i alle fall. Eg hadde litt problem med å sovne i natt, men så sov eg nesten til klokka ringde i dagmorgon-det er ikkje ofte. Som vanleg var eg heilt hjelpelaus av gikt(?) dei første fem minutta, men så var eg bra. I dag skulle eg vere hos legen kl.10.40, men eg kjem no aldri inn presis. Eg skulle måle blodtrykket på grunn av at eg har fått nye tablettar, og dei funka fint, for blodtrykket var det ingen ting å utsette på. Eg tok mange blodprøver sist eg var der, og dei viste at eg hadde litt lav senkning og litt lav blodprosent, men det hadde eg hatt lenge. Eg spurde kva det eigentleg hadde å seie. Senkinga kunne vere at eg hadde reumatisme -  og det trur eg på. Blodprosenten har eg ikkje merka noko av. Men det blei tatt nye prøver- så får vi sjå. Eg hadde halvvegs tenkt meg på ALTI men køyrde rett heim att i det ufyselege vêret.

Marit U kom bortom ein tur, det var kjekt å prate litt med henne, vi har ikkje vore så mykje i lag i det siste. Då ho gjekk bort att tok eg fredagsvasken -  litt lettvint i dag. Og så fyrte eg i omnen, det går i plommetregreiner og kvistar, like godt å brenne det opp som å køyre på VØR og tømme. Då eg var der borte i sommar så eg at det var folk som hadde kasta heile bjørkestammar i hagebosset.  Men eg skal no skaffe meg skikkeleg ved snart. Dette veret gjer at det blir hustre og huskaldt.

Så laga eg meg deilig grønnsaksuppe med pølsebitar, laga så mykje at eg har i morgon også. Fann eit stykke med foccacia også som eg varma opp i brødristaren, då blir den ekstra god. Neste steg var å varme litt kaffi og ta fram boka eg begynte på i går. Sette meg i godstolen og skulle lese, men det var fåfengt for augene datt att heile tida, så det var berre å gi seg over og sove nokre minutt.

Eg vil ikkje seie at det har vore ei travel veke, men eg har hatt mange jern i elden og stressa litt. Det var rett før eg lengta tilbake til den rolege (for min del) Koronatida. No er klokka 17.20 og eg synest det er mørkt ute. Neste helg skal vi visst over til normaltid igjen - då blir det vel enda tidlegare mørkt. Ja, no får vi betale for det fine veret sist sommar-men eg ville ikkje ha vore det forutan. No vil eg ønske alle ei GOD HELG

Så skal eg sjå om det går an å ta bilde av grisevêret.

torsdag, oktober 21, 2021

Dagbok 2021: 21.oktober.

I dag rann det godt med vatn i elvar og bekkar.

Klokka er no15.55, temperaturen ute er + 3 grader, det vekslar mellom regn, sludd og hagl, og no ser eg også eit glimt av sola. Eg plar seie at når det haglar blir vêret betre etterpå, eg får håpe det er sant.
I dag var det spanskkurset klokka 11, og i dag fekk vi eit nytt klasserom på hotellet, det heitte Skåla. Det er eit stadnamn i Ørsta, det også, området mellom Vallahornet og Nivane sånn cirka. Eg veit ikkje kva som gjekk for seg i dag, men der var fullt på parkeringsplassane ved hotellet så eg parkerte ved kulturhuset-der var også mange bilar parkert.
Då eg kom heim att etter kurset, bytta eg på meg joggesko og tok ein runde på Vernet, i staden for å utsette trimmen til seinare. Lite folk på Vernet i dag, men eg møtte venninna mi frå Buthan, heldigvis skulle ho lenger oppover enn eg, ho går veldig fort.
Eg hadde tenkt å lage grønsaksuppe då eg kom heim, men freistinga vart for stor, så eg fann fram spekesilda, laga kålstuing og kokte poteter. Det vart kjempegod middag. No har eg fyrt i omnen og skal kose meg med ein kaffikopp. Elles har eg ikkje noko på programmet. No er det full sol her i stova!-(Men det varte ikkje lenge).

 

onsdag, oktober 20, 2021

Dagbok 2021: 20.oktober

Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar og regnar, tek visst aldri slutt. Ikkje fristande å gå på Vernet i dag, nei. Så eg trur eg let det vere. I dag har eg ikkje  gjort noko særleg nyttig. Sette på ei vaskemaskin og så shina eg opp meg sjølv sidan eg skulle på tur. Sat og strikka litt og såg serie før Ragnhild henta meg klokka 12. Vi skulle på tur til Volda og gå på kafé. Vi stakk først innom ein klesbutikk og såg på mykje som vi ikkje kjøpte. Vi stakk også innom "Det grøne Treet"- der hadde eg ikkje vore på veldig lenge, så der var heilt annleis enn før. Men både Ragnhild og eg tykte der var for svart/mørkt. Så vi lista oss ut og gjekk opp på Marias. 
Der var lite folk, men vi vart godt mottekne. Vi bestilte salat med brød til, for det likar vi begge to -og det var godt. Etterpå drakk vi kaffi. Trur ikkje Ragnhild hadde vore der før, men ho likte seg godt-med utsikt til Voldafjorden. 
Så var vi bort på Møre konfeksjon, men ingen av oss fann noko vi hadde lyst å kjøpe. Ragnhild hadde ærend på bokhandelen, og der såg eg veldig mange bøker eg kunne ha tenkt meg-eg lurer på om det er mange som kjøper bøker no. Eg gjer det i alle fall ikkje ofte. Høyrer gjerne lydbøker på " Storytel "-men les også papirbøker som eg får. Men mest av alr ser eg seriar på Netflix. 
På heimvegen var vi oppom Coop i Furene og kjøpte matvarer. Det var ikkje mykje eg skulle ha, men sikra meg ein pakke av yndlingsspekesilda mi. Måtte ha meg ei lita brødskive og ein kaffikopp då eg kom heim, og så felte eg av ein lest. Passa på å kjøpe litt lestegarn på Coop i dag for sikkerheits skuld. 
No må eg vel øve litt meir på spanskleksa til i morgon. Det vart ikkje trening denne veka, men eg få prøve å ta det igjen med tid og stunder.


tirsdag, oktober 19, 2021

Dagbok 2021: 19.oktober

 



Klokka er no 19.10, temperaturen ute er + 11 grader , akkurat som dei hadde meldt, og etter middag har det regna. Sidan det vart uventa fri dag i dag hadde eg ikkje gode planar, men eg fekk no sendt rundt diverse spørsmål på mobilen, og noko fekk eg svar på. Elles gjorde eg ferdig spanskleksa og styrte littt i huset. Så gjekk eg ein tur på Vernet før eg varma opp att middag frå i går. v Etter middag  sette eg meg framfor TV-en med strikketøy og kaffikopp   
Så kom Helge og skulle reparere PC-en men i dag måtte han gi tapt, til tross for telefonhjelp frå Kongsberg. Eg må sikkert ha meg ei ny maskin snart, for eg treng noko som eg kan stole på. Etter  at Helge hadde fare, kom Eli innom, det var også avtalt. Vi fann nokre songar som eg  har printa ut ein gong som vi kan bruke på festen vår. Bra at eg hadde noko ferdig no når maskina streika. Vi hadde også andre ting å snakke om når det galdt FESTEN.
I morgon skal Ragnhild og eg til Volda og gå på kafé, eg veit ikkje kva tid vi skal fare, men det får eg vite i løpet av kvelden. Eg skal vere glad når vi er ferdig med jubileumsfesten, ikkje at eg har gjort så mykje, men ein har no litt ansvar. Dette gongen stiller Møre-Nytt opp, så eg slepp å .skrive. Takk og pris for det no når eg har så mykje trøbbel med maskinene.





mandag, oktober 18, 2021

Dagbok 2021: 18.oktober



 
Klokka er 17.56, temperaturen er + 4 grader, og det har vore delvis sol og fint i dag. Men det var ikkje heilt fritt for is på vegane tidleg i dag, så eg var glad for at eg ikkje skulle av garde så tidleg. Eg skulle møte opp på Bakk-Ola klokka 12.00, då skulle vi ha styremøte og ta bilde av styret. Tida før eg skulle fare vart ikkje brukt til noko anna fornuftig enn å shine seg og pynte seg, med tanke på bildet som skal inn i eit hefte til jubileet neste veke. Møtet varte ca. 1 time, og då eg kom heim tok eg like godt den daglege turen på Vernet mens eg var kledd for å vere ute. 
Då eg kom heim att trefte eg Marit, ho hadde vore på seniordans, så no er dei komne i gang att. Det vart nesten litt travelt no når alt kom i gang igjen. Eg skal ikkje begynne på seniordans, for eg har spansken, og då har eg ikkje tid til noko meir. To dagar med trening  og ein dag med spansk+ det heimearbeidet som høyrer med. Og så lenge eg er i styret for pensjonistlaget, følgjer det med både møte og anna. Eg skal ut av styret på neste årsmøte, då har eg vore der i 11 år, lenger enn nokon annan. Men eg likar å vere i styret, det er meir interessant enn å berre gå på møta.
Då eg kom att frå turen på Vernet laga eg middag, i dag vart det spagetti med tomatpure og bacon. Etter middagen kveikte eg i omnen , men eg fekk så mykje røyk i rommet under fyringa at eg måtte lufte. Så sette eg meg til med kaffikopp, strikketøy og serie på TV. Lesten vart felt av, kaffien vart drukken og eg sovna. Og det enda eg sov godt sist natt. 
I morgon er det trening, og onsdag skal eg på tur til Volda i lag med ei venninne som eg ikkje har treft på ei stund, mest fordi ho har vore vekkreist. Dagane berre flyg av garde og eg er alltid på etterskot, synest eg. Har eit par ting å ordne før jubileet også.
Det er meldt 11 grader og regn i morgon, så eg håper at vegane ikkje er glatte då.



søndag, oktober 17, 2021

Dagbok 2021: 17.0ktober

.
Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 7 grader, og i dag har vi hatt mykje sol og fint vêr mellom regnbyene, som ikkje har vore så mange. Eg heldt meg inne på føremiddagen, for eg hadde nokre jobbar å gjere. Først rydda eg vekk siste matrestane  frå "selskapet", fekk vaska opp alle panner etc, noko i oppvaskmaskinen, og nokre ting for hand. Eg sette meg til å sjå gudstenesta frå Kongsberg i dag, og den var fin, mens eg såg TV strikka eg som vanleg. Så hadde eg nokre dukar og anna som eg strauk. Eg likar å få unna jobbane etter kvart, elles blir det eit ork når det samlar seg opp. Eg orka ikkje meir ball no, så i dag tok eg meg ei brødskive til "middag". Eg begynte å skrive på spanskleksa som vi har denne veka, vi skal skrive om oss sjølve -på spansk. Trur eg har gjort det før. Eg skriv det er trur eg kan, og så går eg inn på Google Translate og får hjelp der. Det er mykje repetisjon i haust, og det er bra. Denne veka må vi flytte spansken frå onsdag til torsdag, Dermed får eg onsdagen fri og kan fare til Volda i lag med Ragnhild. Eg må såleis skofte treninga på torsdag. Eg har noko kvar dag, men ikkje noko av det eg skal tek heile dagen.
Det vart ein tur på Vernet etter middagen, det kom nokre regndropar på slutten, men det var ikkje mange.No skal eg slappe av litt og kanskje sjå litt på serien min-den tek visst aldri slutt.

 

                                            Desse to bilda tok eg frå samme ståstad.

lørdag, oktober 16, 2021

Dagbok 2021: 16.oktober

I dag vakna eg opp til snø langt nedetter fjellsidene  på nordsida av huset, men litt mindre dramatisk på sørsida der vi ser Melshornet, som ikkje er så høgt. Etter kvart vart det voldsomme regnbyger. Eg hadde tenkt å få med meg Marit på ein tur til Vik i dag, men etter kvart miste vi lysta  og ville heller vere heime. Marit kom ned her og vi prata og drakk kaffi til det var på tide å tenke på middagen. Då Marit gjekk opp att kom det brått eit streif av sol, så eg heiv på meg HOKA-skorne mine og tok ein runde på Vernet. Hadde ikkje vore der sidan tysdag, trur eg. Men før eg hadde kome rundt, kom regnet igjen, men eg hadde regnjakke så det gjorde ingen ting. Til middag i dag vart det ball for tredje dag på rad, men det gjer meg ingen ting, I dag steikte ballen for å variere . No er der berre tre att-så får vi sjå om det blir same retten i morgon.
Elles har eg ikkje gjort noko særleg i dag, eg farga håret mitt(BLOND), og lagt i hop ein klesvask etc. Sidan eg jobba til langt på kveld i går med å avise fryseskapet i kjellaren, kunne eg ta litt ekstra fri i dag, meinte eg. Eg har fått melding om at spanskkurset er flytta frå onsdag til torsdag denne veka. Det er ein avtale vi har med hotellet at vi skal vere fleksible. No er det snart Stjernekamp og det gler eg meg til. Gløymde visst å ønske god helg i går, men håper alle har det bra likevel.



 

fredag, oktober 15, 2021

Dagbok 2021: 15. oktober

 

Klokka er no17.45 og det mørknar ute. Temperaturen på trappa er + 3 grader, og det har regna i heile dag. Eg var ute og henta avisa, elles har eg halde meg inne. Eg vakna tidleg i dag også, verkte i hofta og ryggen, så eg sette på varmeteppet og sovna igjen. Var betre då eg vakna andre gongen. 
I dag var det heimedag og vaskedag. Først shina og vaska eg kjøkken og bad, etterpå støvsuga eg teppegolva, så no ser her rimeleg bra ut.  Etter kvart vart det tid for middag, så då åt eg litt av restane frå i går. Eg tok att sudokuen som eg ikkje vart heilt ferdig med i går kveld, men i dag kom eg i mål.
Det ringde på døra og der stod det ei dame med ein bukett roser som var til meg. Det blomstrar veldig i stova i akkurat no.
Eg sette meg framfor TV-en med ein kaffikopp, og jammen sovna eg der også, så det har vore litt av ein sovedag.Det er vel eit teikn på at eg har slappa godt av. I går kveld var det to venninner som ringde til meg, verda er i gang igjen etter Koronaen! Komande veke har eg noko eg "skal" kvar dag til og med fredagen. Det vil seie at eg må starte opp bilen kvar dag og fare nedover. Men eg har ikkje så mykje anna å gjere no når eg ikkje kan halde på ute. Eg håper no vi får fleire fine haustdagar, for det er mykje som skulle ha vore gjort før vinteren kjem.




torsdag, oktober 14, 2021

Dagbok 2021: 14.oktober

 

Klokka er no20.13, temperaturen ute er ca .+8 grader og det har regna i heile dag. Eg har ikkje vore ute anna enn for å hente inn post. Fekk pakke frå Rasmus i dag, så no er det spennande å sjå om Helge får fart på Storemaskina igjen.
I dag sette eg på TV med det samme eg var oppe, og følgde med sånn passelig på både det som hende på Kongsberg i går, og på den nye regjeringa . 
Eg hadde bedt alle i familien til ball(klubb)-middag i dag så eg hadde litt å styre med. Eg laga forferdelig mykje ball, men rekna med at eg vart  av med det meste. Eg laga til diverse tilbehør, dekka bord osv. Margrete og Amanda kom først og så Solveig, Øystein og Audun. Då sette vi oss til å ete. Etter ei stund vart det kaffi og eplekake. Etter enda ei stund kom Håkon og Amund, så dei måtte ete åleine, det samme måtte Erlend og Ingrid gjere då dei kom. Men eg hadde sagt på førehand at alle kunne komme når det passa. Det viktigaste er å få treffe kvarandre no og då, og no i haustferien var Amanda heime frå Trondhein. Det er kjekt når vi kan møtast igjen utan å tenke på Korona heile tida.
Eg fekk ein støkk i går kveld då Nyheitene kom ein halv time for tidleg på grunn av det som hadde hendt på Kongsberg. Eg var snar å sende ei melding til Rasmus, og fekk eit beroligande svar. No har eg ikkje sett Dagsrevyen enno, men den ligg vel på TV-en min. 
Det var no ein stor dag for Margrete i dag når Jonas vart statsminister. Ho kom med raude rose til meg- det var det som passa i dag, meinte ho. Solveig kom med to novemberkaktus med masse knuppar på. Det er alltid kjekt å få blomster og akkurat no hadde eg ikkje så mykje. No har eg altså rydda opp og vaska opp, så no skal eg snart sette meg framfor TV-en.



onsdag, oktober 13, 2021

Dagbok 2021: 13.oktober




Klokka er no 7.05, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar og regnar; om det snør på fjelltoppane veit eg ikkje, for skodda ligg og skygger for alt. Eg synest ikkje eg kan klage på vêret etter den fine sommaren vi hadde-men akkurat no er det litt trasig.

I dag hadde eg spanskkurset å sjå fram til. Vi har det kjekt der, og i dag vart eg litt betre kjend med nokre av dei nye. Det er ei som heiter Olaug så det vart litt forvirrande, men ho har Penille til mellomnamn, så no heiter ho det i "klassen". Eli går veldig grundig gjennom alt og eg forstår og kan det meste, men når eg skal til å seie noko- på spansk - rotar eg det til. Trøsta er at alle har det på samme måten.

Etter kurset var eg ned på Alti og kjøpte garn på -nille, eg er kunde der, så eg får avslag på prisen. Var innom KIWI ein tur også, etter noko eg gløymde i går. Der held dei på å bygge om butikken. 

Eg laga ikkje middag i dag, for eg hadde ete på hotellet og kan ikkje overdrive heller, så det vart berre litt brødmat. Elles har eg begynt å tenke på morgondagen, og kokt litt ymse i dag, sidan det hadde blitt trangt på komfyren i morgon om alt skulle kokast då. 

Eg har invitert heile storfamilien på ballj (klubb) i morgon, og ser fram til å ha gjester, det har ikkje vore for mykje  av det siste åra.

I går gjekk eg ein runde på Vernet seint på ettermiddagen, i dag føler eg ikkje trang til å gå ut i det heile tatt, så det blir vel å strikke framfor TV-en. Litt spennande no med ny regjering , så eg ser mykje nyheiter.

Ikkje mykje å skrive om i dag, men det er ikkje like festleg alle dagar.




tirsdag, oktober 12, 2021

Dagbok 2021: 12.oktober



Klokka er no 17.17 og det er + 7 grader ute. Vêret er så kjedelig som det kan bli, med regn, skodde og tilløp til snø i fjella . Eg har ikkje kome meg til med noko i dag. Etter at vi hadde trena, var vi innom eit par butikkar, eg handla på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim var ikkje vêret så gale, men det vart verre. Eg tenkte eg skulle gå ein tur på Vernet i dag også, men ville ete middag først. No var det tredje dagen med samme menyen, så så er det slutt. Eg sette meg inn i stova med kaffikoppen og sette på TV-en-eg driv og ser ein serie som aldri tek slutt, men eg må vel halde ut. Litt nyttig gjorde eg, sidan eg har spanskboka rett framfor meg og les i den innimellom. Men vêret vart ikkje betre, eg har ikkje kome meg ut til denne tid, og kveldane kjem tidleg, men eg har ikkje gitt opp håpet enno. Eg har ikkje så mykje garn att så eg har ikkje lagt opp nytt "spøt", men eg får kanskje kjøpe garn i morgon. Då er det spansk på hotellet 11-13. No har vi fått nye tider for treninga vår, vi skal møte klokka 10 både tysdag og torsdag. Eg trur det blir greitt, det blir litt meir om føremiddagane då.Eg trur eg tek turen på Vernet no og kjem heim att i god tid til Dagsrevyen. Eg ventar på ein pakke frå Rasmus, med ein dings som skal få Storemaskina til å funke, men den kom ikkje i dag.


Det blei ein tur på Vernet i dag også.


mandag, oktober 11, 2021

Dagbok 2021: 11.oktober



 
Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 4 grader, det var fint ei stund midt på dag, men så begynte det å regne igjen; på høgste fjelltoppane har det kome snø. Kan ikkje seie at eg likar det.

Det første eg gjorde i dag etter at eg var oppe, var å sjekke datamaskina og sjå om der var svar frå avisa. Det var der ikkje. Maskina masa og masa om at adressa var feil etc.etc. Eg vart litt fortvila for eg fann ikkje att innlegget ein gong. Då eg fekk det opp att sende eg ikkje til "morenytt", men til redaktøren. Same elendigheita, mailen kunne ikkje sendast, det var feil adresse etc.etc. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, men då dukka det brått opp ein mail frå redaktøren som faktisk hadde fått mailen min. No lurer eg på kor mange eksemplar av mailen min som ligg på Møre Nytt.(Eg har problem fordi eg berre har laptopen, og eg er vant til å sende frå Storemaskina)
Eg vart i alle fall letta, og kunne tenke på noko anna. Eg sette i gang å skrelle eple og laga ei stor eplekake, med tanke på familietreff. Så gjorde eg diverse anna husarbeid, vaska opp med hand , sette på vaskemaskin og oppvaskmaskin blant anna. Så gjekk eg ein tur på Vernet, då var det sol og fint, men så skya det over igjen.

Eg hadde fått melding frå Solveig om at ho og Øystein ville komme ein tur, og Øystein skulle male litt rundt utedøra. Solveig hadde baka bollar som ho ville ta med, så eg trong ikkje gjere anna ennå lage kaffi. Men før dei kom åt eg middag, det var samme suppe og samme dessert som i går. Eg sat og såg TV og  strikka litt før dei kom. Dei vart ikkje verande så lenge, dei har mange jern i elden, men så skal vi samle heile familien her på torsdag,  har vi planlagt. Då skal eg ikkje trene, men i morgon skal eg, og på onsdag er det spansk-kurs. Eg får ikkje tid å kjede meg. Det einaste eg er litt oppgitt over er at eg ikkje får gjort noko ute. No er klokka snart 19, og då er det Dagsrevyen, den må eg ha med meg. Men no når eg har lært å bruke TV-en min, kan eg sjå kva eg vil, når eg vil.


søndag, oktober 10, 2021

Dagbok 2021: 10.oktober


Klokka er no 17.30, temperaturen er + 10 grader og det regnar. Men ikkje heile tida. 
Eg var oppe i vanleg tid i dag, og etter frokosten sette eg meg til og la siste hand på avisinnlegget mitt. Godt vart det ikkje, men eg orka ikkje å streve meir med det. Eg likar ikkje å bruke laptopen til slikt arbeid, for eg får ikkje jobbe på den måten eg er vant til.  
Eg tok meg sammen og sende manus av garde med eit klikk. Eg såg at veret heldt på å bli betre, så eg tok og laga ferdig middagen før eg gjekk ut. Sola skein og det var mildt og fint. Lollo kom ikkje då eg ropte på henne i dag, men så såg eg henne, ho låg på Marit sin bil i garasjen, så då serverte eg frokosten idet eg gjekk forbi. 
Det blei ein tur på Vernet i dag også. Ei gammal dame sat på ein benk, eg kjenner henne frå pensjonistlaget, ho er 88 år og blei enke for ikkje lenge sidan. Ho går med to stavar, men er heilt klar i toppen. Eg sat ei stund og snakka med henne, men trefte ikkje andre kjende i dag. Det er litt stussleg når naboane er vekke, men eg kjeder meg aldri-i alle fall veldig sjelden. 
Så kom eg heim til ferdig middag, det var grønsaksuppe med pølsebitar til hovudrett og riskrem til dessert. Eg åt meg litt for mett. Så sette eg meg i godstolen der eg såg og høyrde Stjernekamp i reprise, dei held no på enno. 
Eg tenkte at eg måtte sjekke om avisinnlegget mitt var sendt, det var det ikkje. Så måtte eg bale litt før eg fekk det av garde, så håper eg at eg får tilbakemelding i morgon. 
Helge snakka med Rasmus, og Rasmus skal sende ein ny "dings" slik at vi kanskje kan få storemaskina i gang igjen. Eg har no tenkt å ha ifrå meg sekretærjobben når vi kjem til årsmøtet i februar, då har eg hatt jobben i 11 år. Eg hadde tenkt å slutte etter 10-men så kom Koronaen.
Eg veit ikkje om det blir trening denne veke eller om fysioterapeuten skal ha haustferie.
Den 27.oktober skal vi ha fest på hotellet, då er Pensjonistlaget 50 år, men det er no ei stund til.




lørdag, oktober 09, 2021

Dagbok 2021: 9.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 17 grader, tidlegare i dag var den oppe på 19 grader C. Det har vor overskya, men opplett i heile dag. Katten på bildet heiter Lollo, og er Marit sin katt. Når ho er bortreist brukar eg å passe henne. Ho kjem når eg ropar på henne og så får ho mat på trappa. Inn i huset vil ho ikkje. Marit er på hyttetur i lag med Janne og familien, så i dag har eg vore heilt åleine.

Eg stod opp rimeleg tidleg, og etter frokost begynte eg å skulle forbetre avisinnlegget mitt, men det vart berre tull og tøys for det meste,- men no veit eg korleis eg skal gjere det ein annan gong viss eg må skrive på laptopen. Eg har lagt det i frå meg i dag, men skal ta det att i morgon og då sender eg det uansett. Det er betre at det kjem eit dårleg innlegg enn ingenting.

Eg reiste til Vik på føremiddagen og handla på SPAR, der var lite folk då. Då eg kom heim att bytte eg skor og gjekk ein tur på Vernet, sidan eg var i siget. Klokka var ikkje meir enn 13 då eg kom heim. Eg har hatt det "travelt" heile veka, men i dag var dent ingen ting på programmet, så det var litt kjedelig.

Men eg ville i alle fall koke risgraut i den nye panna mi og det gjekk veldig fint. Ikkje noko brende i botnen i dag, men så var eg smart og sette plata på1 heile tida. Det vart god graut. Eg åt meg mett og sette meg i godstolen og såg ein serie på Netflix, den er berre sånn passe spennande og den tek visst aldri slutt. Men eg strikkar no litt langsmed. Hadde eg visst at vêret skulle bli så bra, hadde eg planlagt utearbeid. No er klokka 18 og det er begynt å skymest ute, men når vi går over til normaltid blir det ikkje så tidleg mørkt. No ser eg fram til "Stjernekamp"på TV i kveld.

Eg har forresten lese ganske mykje spansk i dag. Då vi fekk bøker vart det meir interessant å lese og oppmuntrande å sjå at eg forstår det meste. Det er ikkje det å lese og forstå som er vanskeleg. Det er å lage setningar sjølv. Men no når vi har så mange nye på kurset blir det mykje repetisjon-og det er bra.
 

fredag, oktober 08, 2021

Dagbok 2021: 8. oktober

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 16 grader og det regnar sånn av og til. Dagen i dag har gått fort forbi utan at det har hendt så mykje. Eg tok fredagsvasken på føremiddagen, så shina eg meg sjølv opp litt og gjekk på besøk til Torill Langlo. Det var avtalt. Ho er leiar i Eldrerådet i Ørsta og var med på møtet sist onsdag. Eg hadde nesten gitt opp håpet om å skrive referat frå møtet, men då Helge fekk liv i laptopen i går fekk eg dårleg samvit og tenkte eg måtte prøve å få til noko, så eg kontakta Torill. Eg var opp til henne og der vart vi sittande og prate aldri så lenge. Då eg kom heim åt eg først "middag" og så begynte eg å skrive. Eg er ikkje nøgd med resultatet, men eg kan no få lyse idear om meir eg kan skrive. treng ikkje sende det før på mandag. Så det var denne dagen. I morgon trur eg at eg er fri, men eg skal sjølvsagt handle inn litt matvarer, reknar med at det kjem einkvan på besøk i løpet av veka. Marit reiser på hytta til Janne i helga og eg skal passe Lollo.Etter som Torill bur høgst oppe i dette området og eg gjekk til og frå fekk eg i alle fall litt trim, det er ikkje fristande å gå på Vernet i regnvêr. 
Eg vil ønske alle ei fin helg og til dei som får haustferie får eg seie :God ferie!



 

torsdag, oktober 07, 2021

Dagbok 2021: 7.oktober

Klokka er 17.50, temperaturen er + 13  grader C, det er overskya og innimellom regnar det litt. No er laptopen i brukbar stand, men Helge strevar enno med å få liv i storemaskina, han er på datarommet, eg i stova, for eg vil ikkje forstyrre han. No høyrer eg at han snakkar i telefonen, kanskje med Rasmus?

I dag morgon vakna eg og verkte i heile kroppen, men mest i vestre hofta og ryggen. Eg reknar med at det var ein slags gikt, for altandøra stod på vid vegg, eg brukar å late den att om kvelden når eg legg meg. Men eg stod no opp, og underet skjedde denne gongen også-det varte ikkje lenge så var eg heilt bra og kunne ta sikte på å trene i dag også. 
Men det var ikkje før 12.30, så eg gjorde nokre småjobbar først og så strikka eg litt. Marit var også låk i kroppen i dag, men ho kjem seg ikkje slik som eg. Men vi kom oss på trening. Etterpå var vi ut på Samleriet til Jostein Mo fordi eg skulle levere alle pensjonistbøkene /permane til han, fordi han skal ha "attersyn" på 50-årsjubileet til Pensjonistlaget. 
Sidan vi var i Vik svippa eg ut på Jernia og kjøpte meg ei ny grautpanne, for eg er lei av svidd graut.  Til middag i dag hadde eg restar. Eg sat og slappa av etter middagen, og då ringde det pådøra, det var Leiaren i Eldrerådet som kom , ho hadde dårleg samvit fordi  ho hadde sagt eg skulle skrive om møtet i går. Eg letta samvitet hennar då eg sa at eg ikkje kunne skrive fordi eg ikkje hadde datamaskin. Mens  vi prata kom Helge og han brukte ikkje lang tid på laptopen, så då kunne eg i alle fall få skrive blogg om ikkje anna. Trur ikkje det går å få storemaskina opp og stå....Det er den eg likar best når eg skal skrive og der er printeren  kopla til.

 

Dagbok 2021:6.oktober


Dette var ein lang og innhaldsrik dag. Frå kl.11-13 var det spanskundervisning på hotellet. Fleire nye var komne til, blant anna ei som heiter Olaug-trur ikkje eg har vore på noko før der der var fleire med det namnet. Etter vi var ferdige på kurset var vi opp på kulturhuset, Eli og eg, og såg at dei andre i styret hadde dekka nesten ferdig alle borda. Det var to flinke damer i styret som hadde ordna opp.

Fekk ei lita stund heime før eg køyrde åleine ned på møtet. Marit var ikkje i form til å vere med. Det var mange der som ikkje brukar å vere på pensjonistmøte, sidan det var det mest polikarane som hadde styrt med dette møtet. Det var ikkje mykje program, for det gjekk mest ut på informasjon, men det var interessant. Eg tenkte med gru på at dette klarer eg ikkje å skrive noko om. Eg fekk helse på ein som hadde vore kompis med Nils i kommunestyret , som han sa, og så nemnde han at to døtrer hadde hatt Margrete som lærar. Han sat ved samme bord som eg. Der sat også ein frå Øye som hadde to av borna sine buande i kjellaren vår ein gong. Elles så trefte eg mange kjende som eg ikkje har sett på ei stund. Til slutt på møtet trekte dei nokre gevinstar på inngangsbilletten, og då vann eg ein fin rosa ildtopp .Då eg kom heim var det ikkje liv i nokon av datamaskinane mine, men no er Helge her og han har i alle fall fiksa laptopen.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...