onsdag, september 30, 2015

Dagbok 2015: 30.september

Klokka er snart halv åtte og temperaturen er + 14 grader.
I går hadde vi ein nydeleg sommardag, i dag har det vore regn og grått heile dagen. Men greitt nok når ein har diverse å gjere inne.
I dag bestemte eg meg for å bake brød, men det vart berre tre denne gongen, sidan eg trong omnen til fiskegratengen. Nils hadde ein lyr, så eg lurte på å lage fiskekaker, men det er eg så lei av, så eg laga grateng i staden. Då fekk eg på samme tid rydda litt i kjøleskapfrysaren og brukt opp noko av det eg hadde der. Eg har alltid ferdigkokt makaroni på lur og ferdig oppkutta purre, så det er ikkje så mykje styr å lage grateng. Men det vart mykje oppvask.....oppvaskmaskina var alt i gang, så eg tok resten for hand. Ja, det er no heilt greitt. Innimellom gjorde eg litt "kontorarbeid" i samband med Eldredagen i morgon.
Eg må av og til tenke på ein gammal mann som leverte egg på sjukehuskjøkkenet. Rasmus var berre liten då, 3-4 år kanskje, men han beundra "eggemannen". Han spurde kor gammal mannen var, og fekk vite at han var 90 år. "Og enda gjer han nytte for seg ! ", sa Rasmus. Eg har ofte tenkt på den replikken. For jammen er det bra så lenge ein kan gjere litt nytte for seg, både heime og ute.
Etter at vi hadde ete middag og slappa av ,moppa eg over golva. Får aldri gjort alt på ein og samme dag, men kjem som regel gjennom "vekeprogrammet" mitt.
No skal eg ta meg av ein klesvask og så blir det vel TV utover kvelden. Har mange program på opptak i fall det ikkje er noko å sjå elles.

tirsdag, september 29, 2015

Dagbok 2015: 29.september.



Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 16,5 grader C og vi har hatt ein nydeleg solskinnsdag.
Når Nils fiskar med liner, blir det ein dag med fisking og ein dag med filetering. Det meste av dagen i dag har han stått i garasjen og skore filetar og pakka til frysing. Det var brosmer og langer. No har han att å filetere ein sei og ein lyr. Det blir kanskje fiskemat, eller kanskje ikkje.
Eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva før eg kom meg ut på altanen med boka mi.
Etter at vi hadde ete oppvarma pannekaker til lunsj, la vi oss på solseng begge to. Men då kom det både vind og skyer. Vi gjekk inn att ei stund og då skein det opp att. Og så gjekk vi ut att. Ja, vi har det godt som kan nyte alle fine dagar som er.
No har eg shina opp meg sjølv -dvs. vaska håret.
Og så har eg site mykje på FB for å få orden på kvar alle barn og barnebarn held til for tida, og kva tid dei har haustferie, og kvar dei då skal. Eg må ha det skriftleg, elles gløymer eg det.
Og så har eg det med å rote meg bort i diskusjonar på nettet-det må eg slutte med !
Bilda tok Nils med mobilen i går.

mandag, september 28, 2015

Dagbok 2015: 28.september

Allotria- rosa blomstrar, men har fått litt for mykje regn.

Nyper, seier eg; Nils seier juper. I alle fall er der mykje av sorten på Rosa Moiesi i år.
I fjor var der ingenting, verken blomster eller nyper, fordi eg hadde klipt den så voldsomt ned året før.

Epla våre er ikkje mykje å skryte av, men det er ein tidleg sort. Vi har ei jus-presse, så vi plar drikke dei. Eple i flytande form, altså.
Den mørke lillablå clematisen plar alltid blomstre seint på året. Ikkje sjeldan har det hendt at den står i blomst når den første snøen kjem.
I fjor sådde eg nokre ringblomstfrø. I år har dei sådd seg sjølve både her og der.

Denne lilja fekk eg av Solveig på bursdagen min i mars. Etter at den hadde blomstra av, sette eg den ut, og no blomstrar den igjen. Dessverre er det eitt eller anna "udyr" som har ete av kronblada.

Klokka er no 20.30. Temperaturen ute er + 12 grader C, det er overskya og opplett -det har det vore i heile dag.
Nils var vekk ut for å legge liner før eg var oppe. Han kom heim ein tur midt på dagen og fekk litt mat og kvild. Og så var det ut att igjen. Han kom heim i 18-tida med ein stamp full av lange + ei stor stygg brosme. Så no har han laga seg arbeid igjen.
Eg har no gått her og surra. Shina opp kjøkken og bad, tørka støv, vaska klede etc. etc.
Magrete kom innom ei stund mens Amanda var på balletten, og då drakk vi kaffi. Elles har eg lese litt og strikka litt, og då Nils kom heim steikte eg pannekaker og bacon. Rekna med at ikkje fisk var det rette i dag.
I kveld begynner den nye Broen-serien, det ser eg fram til.



søndag, september 27, 2015

Dagbok 2015: 27.september.


Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 12 grader, det er overskya, men opplett.Ingen snø i fjella i dag.
Førre veka var eg oppteken med ymse ting, og heller ikkje heilt i form, så eg kom ikkje gjennom heile vekeprogrammet mitt. Altså var huset langt frå "strøkent" i dag, men eg prioriterte "kontorarbeidet" mitt. Eg skal nemleg lage eit songhefte til Eldredagen, då vi får besøk av ein mann som skal gjennomføre eit program om Jakob Sande.
Eg vart ferdig med skrivinga, og vi sette på fårikålen.
Då stoppa det ein liten grå bil på tunet-ein bil vi ikkje kjende. Det viste seg at det var bror min som var på farten, i lag med eldste dottera si og son hennar. Ho skulle levere bilen sin til reparasjon her i Ørsta, så dei måtte ha med ein ekstra bil. Dermed vart det øvingskøyring for sonen. (Det var hans bil).
Det er år og dag sidan Audny har vore her, men eg møter jo familien i diverse samanheng på Eid.
Det var SÅ kjekt å få besøk, sjølv om verken eg eller huset var særleg styla.
Vi drakk kaffi i lag, og eg var så heldig at junior, som er svært datakyndig, reparerte laptoppen, som var full av grums. Eg hadde jo ikkje tenkt å utnytte han så grovt, men han berre smilte og sa at slikt var han vant til.
Etter kvart var fårikålen ferdig, og den smakte godt. Vi åt opp kvart eit grann, sjølv om det vart eit lite kompromiss til slutt. Vi kallar det kompromiss når vi deler siste resten og et litt meir enn vi eigentleg føler for. På den måten slepp vi å ha restar.
Etter middag sette Nils på TV-det var visst sykkelløp, så då la eg meg på daybed-en med lydbok.Det har blitt lite lesing i det siste.
Det mørknar tidlegare for kvar dag-det går mot haust og vinter anten vi likar det eller ikkje.

lørdag, september 26, 2015

Dagbok 2015: 26.september

Klokka er ca 22.30, temperaturen er + 9 grader og i dag har vi hatt regnbyger.Det var snø i dei høgste fjella i dag tidleg. 
Elles har det vore ein nokså innhaldsrik dag.
Før middag var vi til Vik og handla. Først var vi innom Europris der eg kjøpte nytt moppeskaft m/mopp og ny skittentøykorg. Nils kjøpte ein stor pose fuglefrø.
På Amfi kjøpte eg skriveblokker og pennar, medisin og mat. Ikkje så spennande. Ikkje trefte vi så mange heller.
Måtte moppe over eit par golv i dag sidan eg ikkje hadde tatt "fredagsvask".
Då vi kom heim steikte vi ferdigkjøpte karbonadar-det vart middagen i dag. Etter pause + kaffi, for Nils på Rjåneset for å fiske. Eg leita fram Jakob Sande-dikt / songar . Eg skal nemleg lage eit songhefte til pensjonistmøtet komande torsdag. Eg var godt i gang då det ringde på døra, og der stod Solveig. Ho hadde seg ein liten handlerunde i Ørsta og stakk oppom. Blomster hadde ho med også.
Vi drakk kaffi og prata, og Nils kom heim att med makrell som ho fekk med seg. Sjølve har vi kjøpt inn kjøtt og kål til årets første fårikål.
Etter at Solveig reiste, har vi sett TV. Syntest det var synd at Eirik gjekk ut av Stjernekamp, men i år heiar eg på Martin. Då blir han sikkert nummer to, slik favorittane mine plar bli.
No må eg tilbake til Lindmo.

fredag, september 25, 2015

Dagbok 2015: 25.september 2015

Klokka har passert 17.30. Temperaturen er + 10 grader C og det regnar ute.
Dette har vore ein litt spesiell dag. Det starta med gravferda til Ole Alnes klokka 11.00. Det var mykje folk i kyrkja. Der var taler og kranspåleggingar, sjølvsagt, og Børre Lødemel song og spela gitar, Jon Andreas Lødemel spela fele.Det var ein vikarprest som forretta, eg veit ikkje kva han heiter, men det er han som syng Johnny Cash. 
Veninnene mine og eg var ikkje med på gravplassen, og ikkje på minnestunda på bedehuset. I staden gjekk vi på Fugl Føniks og åt rekesmørbrød og drakk kaffi. Etterpå var nokre av oss på Kunsthuset og såg fotoutstillinga til Anne Hilde, dottera til eine veninna.Ho har tatt bilde med mobil, redigert dei og fått dei over på plater. Veldig flotte bilde var det. Til slutt gjekk Ellen og eg ned på Amfi, fordi vi skulle handle litt. Nils var der også, for eg hadde ringt etter han.
Så mykje sitting i løpet av to dagar, blir mykje for mykje for meg, så no er eg i grunnen heilt utslått. Har ete eit par doser med tablettar etter at eg kom heim, så eg håper å få det litt betre etter kvart.
No har Nils og eg ete steikt sei til middag, og kaffien er under oppseiling.
Sidan det atter ein gong er blitt fredag vil eg ønske alle ei god helg.
Bildet: Ole Alnes likte å male, og bildet som er trykt på songheftet har han sikkert måla sjølv. I dødsannonsen stod eit dikt med initialane hans under. Han skreiv nemleg dikt også. Han var ein mann med mange talent.

torsdag, september 24, 2015

Dagbok 2015: 24.september.

Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er + 12 grader C og det regnar. Tidlegare i dag var det sommartemperatur, ca 19 grader, og opplett.
Etter litt surring her heime, eg rydda litt og strauk litt klede blant anna, tok vi ein tur til Volda.
Nils hadde plukka nokre plommer som Margrete skulle få, og så skulle vi kjøpe noko inne på Janus-utsalet, blant anna. Ja, og så måtte eg ha litt lestegarn. Så mykje fine ullklede til små barn som dei har no for tida. Synd vi ikkje har oldebarn å kjøpe til!Nils kjøpte seg to par sko inne hos Sko-Olsen. Det eine paret var av Ecco sin første modell.
Då vi kom heim åt vi spekemat og potetsalat, og tok ein liten pust i bakken før vi drakk kaffi.
Leigebuaren kom og ringde på; vaskemaskina virka ikkje. Nils var ned-han sjekka pumpa og der låg ein liten metalldings. Ja, ein har gjort diverse erfaringar i årenes løp. Så var sluken tett og han måtte ned og kjøpe noko å ha nedi-ikkje Plumbo, men noko anna. Så no får vi håpe det held ei stund.
Det blei litt stress, men han vart no ferdig før eg skulle i selskap. Eg dusja og vaska håret mens han reparerte.
På "Fru Svendsen" var alle borda dekka, og eg trur vi var 50 gjestar, minst. Det minte meg litt om Wenche Foss som inviterte 100 av sine nærmaste venner. Det var ei kjekk stund med mykje god mat og prat. Eg sat i lag med andre frå Velle så eg hadde no godt selskap. Det var mange taler, så eg sa berre nokre få ord då eg overrekte blomsterbuketten.
Der er ein voldsom akustikk der nede, store rom, og lite tekstilar, så tinnitusen blei litt plagsam. Det er ein bagatell.

onsdag, september 23, 2015

Dagbok 2015: 23.september

Klokka er 20.15, temperaturen + 13 grader. Det er overskya med litt regn av og til.
Nils har funne seg ein fotballkamp, og eg har ikkje så mykje interessant å finne på. Eg ser mest TV etter kveldsnytt, for eg tek opp diverse program og seriar. Eg las ut boka mi før i dag, men har ei andre eg kan begynne på viss eg vil, for eksempel kan eg lese ei papirbok. Ja, eg har mange mulegheiter. Strikketøy har eg også........(Aberet er at eg har litt problem med å sitte så mykje.)
I dag hadde eg to ting på programmet. Eg skulle skrive avisinnlegg og eg skulle støvsuge. Begge delar var gjort før middag.
No har vi ete makrell for siste gong denne sesongen-nok er nok. I dag hadde vi den kokt og kald med rømme og agurksalat. Vi har ete makrell mange gonger i sommar/haust, men i dag fann eg oppskrift på makrellkaker, så kanskje........(Fann oppskrifta på nettet, om nokon lurer).
Det blei ein liten middagslur før vi drakk kaffi. Det blir liksom så skymt når ikkje sola er framme, og då blir eg trøtt.
I morgon skal eg i selskap til ein tidlegare kollega. Fredag i gravferd til ein annan. Begge over 90 år.

Bok nr.68 -2015: An-Magritt. Nattens brød.


 An-Magritt


An-Magritt er første bind i Falkbergets monumentale verk Nattens brød. Vi befinner oss i et isolert norsk gruvesamfunn på 1600-tallet. Med et levende og intenst miljø og et mangeartet persongalleri beskriver han livet ved smeltehyttene, menneskene som virket der, bygdas menn og kvinner. I bitende vinterkulde kjører den unge An-Magritt malm med en okse fra gruvene til smeltehytta. Hun er ung og sterk som en kar, stolt, men øm og varm på samme tid, folkefører og elskende kvinne. An-Magritt er symbolet på folkets overvintrende vilje og trass.
........................................................
Denne boka er den første i serien: Nattens brød.
1. An-Magritt
2. Plogjernet
3.Johannes
4. Kjærlighetens veier


Eg har alle fire ståande i bokhylla i papirutgåve. Kjøpte dei den tida eg var medlem i Den norske bokklubben. Men An -Magritt kom ut første gong i 1940-det året eg vart fødd.
Eg veit at eg las bøkene då eg fekk dei i hende, men er ikkje sikker på om eg fullførte, for dei var nokså tunge å lese i papirutgåve, ikkje minst på grunn av alle dialektinnslaga.
Det går mykje lettare når Hildegunn Eggen les, for ho beherskar språket på ein fabelaktig måte.Likevel har eg brukt relativt lang tid på boka, og lese mykje om att fordi eg dett ut. Beste har det funka å spele av boka på datamaskina og sitt framfor maskina og strikke.
Eg snakka med bibliotekaren i går, og på biblioteket her har dei ikkje lydbøkene, men alle fire i serien er innlesne på CD-plater og ho kan fjernlåne dei til meg frå Ålesund viss eg vil. Det kan det hende eg vil, men eg trur eg treng ein pause.
Her er mange frammande ord og uttrykk, for i bergverksmiljøet på Røros var der folk frå mange land. No veit eg ikkje all verda om livet på 1600-talet, men eg reknar med at forfattaren var orientert. Stor litteratur er det i alle fall, men eg trur bøkene må vere vanskeleg tilgjengeleg for yngre folk; her er mange "gamle" ord og uttrykk, menge tilvisingar til Bibelen m.m. Det som var nytt for meg var at dei var så opptekne av sol, måne, planetar og stjerner.
Dei fleste veit vel at det er laga ein film om An-Magritt med Liv Ullmann i hovudrolla.(Viss eg tek feil, må de rette på meg.)


tirsdag, september 22, 2015

Dagbok 2015: 22.september

                             Utsikt frå altanen -mot vest.
Klokka er 18.30, temperaturen er + 14,5 grader C. Det er skya, men litt sol innimellom. Før middag var det sol og fint. 
No har Nils tatt seg ein tur bort på Terminalen for å fiske, og når eg sit her åleine, kan eg like gjerne blogge litt.
Vi hadde ingen spesifikke planar i dag, og når ein ikkje har planlagt noko, blir ein ofte gåande berre å surre-som i dag. Prata litt med naboar etc., og eg la i hop klede, og hengde ut nye.
Det vart tidleg middag i dag, fiskekaker frå frysaren, så det var lettvint.
Etter ein liten sofapause + etterfølgande kaffi, fann eg ut at eg like godt kunne gjere litt kontorarbeid. Då hadde det skya over og det var ikkje så fint lenger
Skreiv referat frå styremøtet i går og eit utkast til avisa som skal sendast i morgon- om det skal komme inn i laurdagsavisa.
Det har vore ein litt sløv dag, men i går var vi i fullt arbeid, særleg Nils, så eg trur det var behov for å ta det litt med ro i dag. Vi må vel venje oss til at vi ikkje greier så mykje som før. 
Eg har så mykje eg skulle og burde ha gjort, og som eg har lyst å gjere, men så greier eg det ikkje. Det er surt- men slik er det berre. Ein får prøve å fokusere på det som er positivt; at ein føler seg frisk -for eksempel.
Clematisen blomstrar igjen.
Hortensian frå fjor blomstrar -  på ein måte.

mandag, september 21, 2015

Dagbok 2015: 21.september

Klokka er 18.45, og Nils har sett seg framfor TV-en for å sjå fotball. Det er han vel unnt, for han har klipt plenar i timesvis. Og aldri har plenane vore finare enn akkurat no.
Vêret i dag har vore berre heilt nydelig. Og kva gjer ei god husmor då?  Jau, bytter på sengane, luftar sengetøyet og vaskar soveromsgolvet + eit par golv til, får på vaskemaskina, såpasss dei same dynetrekka kan leggast på mot kveld, rett frå snora. Dette har eg gjort. Det ser kanskje voldsomt ut på "papiret", men mesteparten av ettermiddagen har eg lege på solsenga med lydbok.
No er temperaturen ca + 14 grader, og vi har for så vidt sola enno, men store tre lenger ute, skygger for altanen.
Frå ca kl.13-14 var vi på styremøte i pensjonistlaget og la planar for møtet på Eldredagen. I løpet av onsdag må eg snikre i hop ein liten epistel til avisa. Og torsdag skal eg i selskap på Fru Svendsen. Det er stort sett programmet for denne veka.
I dag hadde vi middag til normal tid, og vi har ikkje hatt "mellommål"- i går vart det litt for mykje av det gode- i dag hadde vi salta lange og verken dessert eller kaffimat. Less is more.
Det var nydelig å få ein så fin dag igjen-kjende det vart tungt med skodde og regn.
No skal eg strikke og høyre lydbok mens kampen pågår i stova.

søndag, september 20, 2015

Dagbok 2015: 20.september


Klokka er berre 15.15, så det er litt tidleg å oppsummere dagen, men det går an å føye til noko, om det skulle skje eitt eller anna. Temperaturen er no + 15 grader C, og sola har streva heile dagen med å kome fram, utan at ho har lukkast noko særleg. Det er skya, men opplett.
Føremiddagen gjekk for det meste opp i surr, blant anna strevar eg litt med datamaskina mi, men eg har funne ei nødløysing på eit lite problem.
Nils skulle ut og sjå til båten, og eg blei med og gjekk tur på stigen. Dei hadde vore der og grøfta den på begge sider; så hindrar dei at den gror att. Eg likar å fotografere der ute, for sjølv om motiva er dei samme så er dei ikkje like frå gong til gong. Eg skriv namnet mitt i ei bok der ute, og i dag var det akkurat ein månad sidan sist. Då var det sommar og drepande heitt.
På det øvste bildet ser de restane av den gamle ferjekaia heilt til høgre. Midt i bildet ser vi Yksnøya, det er i desse farvatna Nils fiskar for det meste. Til høgre for Yksnøya ser vi det bratte fjellet på Gurskøya. Eiksundtunnelen går under dette havstykket, frå Steinneset på fastlandet til øya Eika som vi ser heilt til høgre.
Her er båthamna, båten vår ligg bak steinane til venstre i bildet. Det karakteristiske fjellet, som vi kan sjå frå mange stader i bygda, heiter Liadalsnipa. Då Solveig gjekk i første klasse hadde læaren hennar ymta frampå om at den kunne dette ned ein dag, så Solveig var litt redd for det. Men det har ikkje skjedd, og ikkje har eg høyrt at den er "overvåka" heller. Men i desse "Bølgen"-tider kan ein no tenkje sitt. Det er mange som har vore på toppen-men ikkje eg ! 
 Eg har ein fascinasjon for stein og strå og hav. 
Her ser vi ut mot Eiksund, men sjølve brua er vanskeleg å gå auge på. Det vi såg var at det var meir skyer og skodde i havet enn her inne hos oss.

Her ser vi ut mot Raudøya, der det går mange villsauer på beite. Eg har vore på land der nokre gonger. Det er ei naturperle. Frå gammalt av var der to-tre gardar på øya.

Etter at vi kom heim, laga vi oss lunsj. I dag måtte vi smake på røykelaksen vi fekk i går, og den smakte godt. Middag får det bli seinare -kanskje, og kanskje ikkje. Vi har planane klar.
Mamma kunne mange ordtak, eitt av dei var "Intet kommer i en lukket hånd." Og det er sant. Nils gir bort både fisk og plommer, og rett som det er kjem det ein kvan på døra med noko godt. I dag fekk vi tysk plommekake. Dessverre blir det vel eg som et mesteparten.......

lørdag, september 19, 2015

Dagbpk 2015: 19.september



Klokka er 18.30. Temperaturen ute er + 12 grader. I dag har det vore skodde og regn, men det ser ut til at det kan lette opp.
Eg har ikkje vore så aktiv i dag heller, men begynner å komme meg til att. No i ettermiddag har eg lese i lydboka mi, og strikka litt. 
Boka om Ann-Magritt las eg for lenge sidan - på papir, men streva litt med språket, sidan der var mange dialektinnslag. No les eg lydbokversjonen, og då går det mykje betre. Litt tungt til å begynne med, sidan der var mange faguttrykk, men no går det fint. Hildegunn Eggen les roleg og fint. Ein kan nesten ikkje vere bekjent av å ikkje ha lese denne klassikaren. Eg er ikkje sikker på om eg las heile serien for ca 40 år sidan. Men eg har bøkene.
Før middag var vi ein tur nedover og handla på Amfi-eg forstår rett og slett ikkje kven som et opp all maten vi kjøper, for vi er her stort sett åleine. Trefte ein del folk vi kjende; det er Amfi-vêr no, i sommar har vi ikkje vore der ofte.
Til middag hadde vi spekemat og nye mandelpoteter frå Skjåk. Det smakte godt.
Vi har ikkje sett så mykje på Oslo-maraton på TV, men vi har tatt opp heile programmet, så kan vi jo sjekke etter kvart om vi får auge på eitt eller fleire av dei tre barnebarna som var med. Audun og Håkon bur jo i Oslo, og Olaug reiste nedover med fly.
Har ingen planar for morgondagen, men måndag er det styremøte i pensjonistlaget. Eg synest tida flyg av garde-fortare enn eg likar.
(Bilda er tatt no i kveld, men eg kunne sikkert like godt ha funne fram nokre gamle.)

fredag, september 18, 2015

Dagbok 2015: 18.september

Klokka er 19.30, temperaturen + 12 grader C og no har regnet og skodda tatt over. Sommaren er visst slutt? Trist.
I dag har eg gjort veldig lite, og det har ikkje skjedd så mykje heller.
Før middag gjorde eg litt forefallande husarbeid, og så hadde vi relativt tidleg middag. I dag vart det steikt sei i store mengder-og det var godt.
Etter at vi hadde ete og kvilt litt, reiste Nils på møte i SV, og kom att nettopp no.
Mens han var vekke, strikka eg litt, høyrde bok osv. Eg hadde eigentleg tenkt meg nedover og handle, men det må utsettast til i morgon.
Då Nils var på heimveg, skulle han oppom Kjell og hente mandelpoteter frå Skjåk, og då kom han midt opp i ei ulykke. Ein mann hadde vore oppe i ein lift, og liften hadde velta.Der var både politi, sjukebil og helikopter. Eg får gå inn på Møre-Nytt og lese meir.
Så er det fredag igjen og eg vil ønske alle ei god helg.

torsdag, september 17, 2015

Dagbok 2015: 17.september.

Klokka er snart 22.00 og det er mørkt ute. Temperaturen er +11 grader C og det er opplett. HER har det ikkje regna ein drope.
Nils var vekk ut for å fiske i dag tidleg då eg vakna, så eg la meg like godt til å sove ein time til.
I dag var det vaskedag, men det gjekk no ganske fort å vaske dei få golva, - eg hadde knapt begynt før Nils kom heim med bra sei-fangst.
Vi åt lunsj og slappa av etterpå. Nils begynte å filetere, og fekk brått ein god ide: Vi kunne ta ein tur til Eid med ufrosen frisk til Bodil og Svein. Eg sjekka at dei var heime, og så tok vi 16-ferja frå Volda, der trefte vi Margrete og fekk snakka litt med henne. Ho skulle på møte i kveld, så det var ikkje aktuelt å besøke henne på heimvegen.
På Eid hadde vi så mykje å prate om at vi vart mykje lenger enn vi hadde tenkt. God mat fekk vi også.
I staden for å sjekke ferjeruta køyrde vi rundt Austefjorden heim-det gjer vi støtt- og støtt angrar eg litt fordi det alltid er litt lengre enn eg trur. Vi kjøpte poteter og diverse anna, så no blir det middag. Litt seinare enn vanleg. Vi skulle eigentleg ete middag før vi for, men så hadde vi ikkje poteter etc.etc. Vi har heldigvis ingen rigide reglar her i huset, vi kan ete og sove akkurat som det passar oss- og det gjer vi.( For ordens skuld vil eg presisere at Bodil ville lage middag til oss, men eg sa at vi skulle ete før vi reiste bortover, noko som også var planen.)
Eg hadde fotoapparatet med på turen, men tok ikkje eitt einaste bilde, til tross for nydelege motiv både her og der.

onsdag, september 16, 2015

Dagbok 2015: 16.september.


Klokka er 20.00. temperaturen ute er + 12 grader. Dagen begynte nokså grått, men vart etter kvart slik som på bilda her. 
Eg hadde planlagt å støvsuge i dag, og det gjorde eg. Eg må fordele  husarbeidet ut over heile veka, så kjem eg rundt på eitt vis. Nils tok seg ein tur opp i Skålavegen og kom seg heilt opp til gapahuken.


Etter lunsj begynte vi å planlegge ein tur til Hareid. Vi hadde noko rips som Solveig skulle få til saft, her i huset blir det ikkje laga slikt lenger. Frysarane våre er ganske fulle, så vi ville få vekk noko.
Solveig hadde steikt vaflar til vi kom, og vêret var så fint og varmt at vi kunne sitte ute. Solveig sette i gang saftkokaren med ein gong. Reknar med at det var fullt i hennar frysar også, så det var berre å gjere kort prosess.


I dag kan eg gratulere kusine Ellen Marie med 77- årsdagen.Eg ringde til henne tidlegare i dag og ho var frisk og rask.

tirsdag, september 15, 2015

Dagbok 2015: 15.september

Klokka er 19.45, temperaturen er +14,5 grader C og det er overskya opphaldsvêr.
Det er tydeleg at det er haust no, for det blir  tidleg mørkt om kveldane, og utan sol er det ikkje så lyst om dagane heller. Eg synest det er litt deprimerande at sommaren er slutt-den var så kort.
I dag har det ikkje skjedd så mykje, og valresultatet vart vel om lag som forventa. Ingen store overraskingar. Her i Ørsta var det Senterpartiet som gjekk mest fram, i Volda var det Krf. som vann. Voldingane er særs nøgde med ordføraren sin, og han er Krf.-reknar med at det er det som er årsaka.
Ap gjorde det også godt , dei får no 6 representantar i kommunestyret mot 4 før. Det betyr at Margrete er inne.
SV fekk inn ein representant her i Ørsta, og det var som forventa.Skulle vel ha sjekka Eid også, men eg kjenner vel knapt ei sjel av dei som er der.
No håper eg vi snart får sjå noko anna på TV enn politiske debattar.
I dag har eg ikkje vore så huslig som i går, men eg har shina opp kjøkket, og vaska og hengt opp klede.
Middag har eg ikkje laga, i dag vart det diverse restar frå frysaren.
Vi vurderte å sjå "Bølgen" i dag, men Nils hadde ikkje så veldig lyst, og eg var litt tiltakslaus.
Elles har eg hatt datatrøbbel og alle veit at då går timane. Det er laptoppen som er litt umulig, den andre maskina fungerer som ho skal, men den er treig.

Bok nr.67 -2015: Sett ut en vaktpost

Sett ut en vaktpost

Ikke oppfølger

Ved første øyekast framstår «Go Set A Watchman» som en direkte oppfølger til «Drep ikke en sangfugl». Det er imidlertid mer komplisert enn som så, og det er nødvendig med noen ord om utgivelseshistorien.
Harper Lee skrev «Go Set a Watchman» midt på femtitallet og sendte den til forlaget i 1957. Redaktør Tay Hohoff så potensialet i boka, men hun ba Lee skrive historien om til et barnlig perspektiv. Slik oppsto «Drep ikke en sangfugl», utgitt i 1960. Handlingen begynner ca. 1933, med Jean Louise Finch, i barndommen kalt Scout, som hovedperson og fortellerstemme.
I «Go Set a Watchman» er Jean Louise stadig bokas hovedkarakter, men her fortelles det i tredje person.
Fortellingen starter ca. 1955 i det 26 år gamle Jean Louise er på vei til den fiktive hjembyen Maycomb i det sørlige Alabama. Hun skal besøke faren, Atticus, advokathelten fra «Drep ikke en sangfugl».

Store endringer

Men Maycomb og Alabama forandrer seg raskere enn Jean Louise kan oppfatte. «Atomalderen» drar med seg husholdningsapparater og fjernsyn, men selve samfunnsstrukturen, måten å leve på endrer seg også. Det gjelder ikke minst den svarte befolkningens plass.
Verre er det for Jean Louise å oppdage at også faren har forandret seg. Han er tilsynelatende ikke den rakryggede gentleman og tolerante far hun kjente og stolte på.
Hun blir vitne til et slags borgerrådsmøte – med faren og kjæresten som deltagere – som diskuterer hvordan fortsatt rasesegregering kan sikres. Taleren er en rasist av det mest primitive og avskyelige slaget.
I Jean Louise utløses en svær krise. Hun vil bryte med faren, bakgrunnen sin, alt.
Denne krisen skriver Harper Lee fram på en sterk måte – sammenhengen med det frittalende barnet Scout er tydelig, og leseren oppfatter tydelig Jean Louises enorme kvaler.
...........................................................................
No har eg lese ut enda ei bok, den var ganske kort, berre 6 CD-plater.
For ikkje lenge sidan las eg "Drep ikke en sangfugl" - for andre gong.
Denne boka kom ut for ikkje lenge sidan til tross for at den blei skiven for lenge sidan. Eg hadde ingen forventningar til boka, men vart gledelig overraska. Eg synest faktisk den vart ganske interessant etter kvart.
Det som slår meg er at det i grunnen ikkje har skjedd så veldig mykje sidan 1950-talet når det gjeld syn på andre rasar og  kulturar. Men no gjeld det ikkje først og fremst negerane i Amerika.
Unge folk vil kanskje reagere på at ordet neger blir brukt om afroamerikanarar, men det var heilt vanleg på den tida.Når ein les såpass gamle bøker, må ein ta omsyn til tida dei var skrivne; eg var 15 år i 1955 og forstår ganske godt diskusjonane mellom Jean Louise, som har budd i New York ei tid, og dei som har levd heile tida i sørstatane.

mandag, september 14, 2015

Dagbok 2015: 14.september.

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen er + 18  grader C, og det er opplett. Vêret har vore betre enn forventa i dag, berre nokre få regndropar. Sidan det såg nokså grått ut frå morgonen av, bestemte eg meg for ein kjøkkendag. Frysaren var tom for brød, og så hadde eg planlagt å lage fiskegrateng.
Dermed gjekk heile føremiddagen med. Eg laga to brøddeigar, så det vart seks brød. Får ikkje plass til meir enn tre former om gongen. Før laga ein ofte brød i langpanna og då fekk ein plass til fire om gongen. Langpanna mi har for låge kantar til det, dessutan likar eg å ha skorpe rundt heile brødet. Eg har vore plaga med at brøda har blitt veldig smuldrete etter at dei har vore frosne, men etter at eg gjekk over til å bruke meir rug i brøda, blir dei saftigare. Eg brukar sjeldan eller aldri oppskrift når eg bakar- og eg er ingen ekspert.
Så var det fiskegratengen, den har eg fått bra rutine på, så det går greitt. Eg har ferdig kokt makaroni i frysaren+ ferdig kutta purre. Nils skjer fisken i bitar, så då er det berre å koke saus og vispe egg. Mest arbeid er det å handraspe gulrøter. Eg har så mykje makaroni i gratengen at vi slepp å ha poteter til.
Sidan eg måtte steike ferdig alle brøda først, gjekk det ei stund før gratengen vart ferdig. Etter at eg hadde fått rydda kjøkkenet og vaska opp det som ikkje gjekk i maskina, var eg ganske ferdig sjølv også. Gratengen gjekk ned på høgkant-og etterpå var det berre å innta sofaen.
Eg føler meg veldig "flink" når eg bakar og lagar mat, for eg likar i grunnen mykje betre å rydde og vaske.
Nils har funne ein fotballkamp, men han skal nedover og telje stemmer seinare, så då har eg fjernkontrollen. Men det er vel val-sendingar heile kvelden. Det er i grunnen ikkje så interessant -det er Ørsta og Volda som er mest spennande for oss. Eg reknar ikkje med å komme inn, men Margrete har ein reell sjanse til å komme inn i Volda. Ho og Amanda skal kome heim i kveld.
Rasmus har henta Buddyen sin i dag.

søndag, september 13, 2015

Dagbok 2015: 13.september.

  Ved Hovdevatnet i dag ca klokka 16.00.


Her ser vi Liadalsnipa. Same fjellet som vi ser frå hamna på Rjåneset.

Håskjoldtjønna.

Klokka er 17.30. Temperaturen er + 18 grader C, det er overskya og opplett. Men det er merkeleg skymt,  no når vi har vent oss til sollyset.
Vi var relativt tidleg oppe i dag, og eg laga tidleg middag. I dag var det svinekotelettar. Nils var ein liten luftetur bort på terminalen og fiska litt, mens er surra rundt her heime. 
Etter at vi hadde ete middag og kvilt litt-vart det dessert og kaffi. Vi lever godt, kanskje for godt. Men så er det ein litt spesiell dag i dag, vi har nemleg vore av garde og stemt! Godt å ha det unnagjort! Same kva resultatet blir. Vi håper sjølvsagt på endringar.
Etterpå køyrde vi bort til Hovdevatnet og gjekk ein bitte liten tur. Etterpå køyrde vi opp til Ytrestøylen, gardane på andre sida av vatnet, og over åsen og ned att i Furene. Eg ville ta bilde av Håskjoldtjønna, men det var lettare sagt enn gjort, for der, som alle stader, er det nokså tilgrodd med skog. Vi fekk i alle fall litt frisk luft i dag også.
No skal eg ta meg ei stund med lydbok og strikketøy.

lørdag, september 12, 2015

Dagbok 2015: 12.september


Klokka er 18.15, temperaturen er + 17 grader C, og det har skya over. Tidlegare i dag var det sol frå nesten klår himmel.
I dag har vi ikkje vore så veldig flittige. Vi rydda litt i hagen før middag, men starta ikkje opp noko storarbeid. Vi rydda litt der vi jobba i går, og Nils brukte plenklipparen til å samle opp rusk, slik han ofte gjer. Dessverre tok den opp steinar også, og den eine kylte den med full kraft i låret mitt. Så no veit eg korleis det er å bli skoten ! Eg har eit stort blå-raudt merke som eg sikkert får ha nokre dagar, men det er ikkje vondt lenger.
I dag hadde vi fiskekaker til middag, med ein litt ny vri. I dag hadde vi ris til, i staden for poteter, og så plussa vi på med frosen grønsakblanding og hollandaise-saus. Det vart faktisk ganske godt. Det var også eit steg i rett retning til å bruke av det vi har i hus-alle frysarar er fulle så vi treng ikkje kjøpe i hop meir. Nils var på nærbutikken og handla melk og kaffi, men vi har ikkje vore nedover. Der skulle vere politiska "standar" i dag også. Skal vere glad når valet er over, for no er eg evig lei av politiske debattar på TV og i aviser. Skulle tru det var stortingsval og ikkje kommuneval.
Elles har eg lese ut boka eg heldt på med, men eg har enda ei krimbok på vent, må ha noko ukomplisert å lese på solsenga. Blir vel ikkje så mange fleire dagar der no. Eg meiner å kjenne litt regn i venstre kneet. Men det er veldig fint ute akkurat no. Håper at haust og vinter ventar ei stund enno.
Ikkje så veldig mykje plommer i år, men dei som er, er ganske fine. I fjor kom det regn og plommene sprakk. Eg har sylteplommer frå i fjor i frysaren.
Dette er den tredje clematisen som blomstrar. Men det er einkvan som et på kronblada. Clematis har ikkje vore nokon stor suksess i år.
Denne rosa har eg kjøpt i år. Den heiter Allotria, men er ikkje så riktblomstrande som dei andre rosene våre.

fredag, september 11, 2015

Bok nr.66 - 2015: Løgnen.


Omtale: Løgnen
Et helikopter er på vei for å hente fire mennesker som er værfaste på et fyr. Når de nærmer seg fyret ser de en kvinne sitte bøyd over en såret mann. Hun har en kniv i hånden, hun kikker opp mot helikopteret og hun skriker ...
Løgnen er nok en spennende roman fra Islands store krimforfatter Yrsa Sigur.ardóttir. Gradvis avdekker hun sannheten om hva som skjedde ute på fyret, samtidig som hun reflekterer over når man skal la noen leve, og når det er best å la et menneske man er glad i, dø.
 
..................................................................
Eg har likt å lese denne boka. Det er ikkje alltid like lett å forklare kvifor ein likar/ mislikar ei bok,denne var ganske enkel og lettfattelig og litt spennande.
Her er det tre parallelle historier, som på ein eller annan måte skal sameinast til slutt. Det er eit vanleg "triks" i kriminalromanar, men her går det lang tid før ein augnar samanhengen.Eg må innrømme at eg lurte sterkt på korleis forfattaren skulle vri seg ut av denne situasjonen. Men det greier ho- men ikkje før på siste plata. Alt blir forklart, og forklaringa heng i hop. Og så slenger ho på ein liten "cliffhanger" til slutt, såpass ein ser fram til neste bok. Denne boka har eg lese på solseng og med strikketøy, noko som gjekk svært så bra. Tyngre litteratur krev litt meir konsentrasjon.

Dagbok 2015: 11.september.

Klokka er 21.40, og temperaturen ute er + 14 grader C. No er det mørkt ute, det er litt uvant, men elles har det vore ein strålande dag med sol frå klår himmel.
Gjekk og venta på at leigebuaren skulle fare på jobb i dag tidleg, så eg fekk pussa vindua og spylt altanen. Ikkje så kjekt å sende vatn ned i hovudet på folk. Men det varte og det rakk, så eg gjekk i gang. Eg vaskar vindua med mopp og spyler med hageslangen, det er gjort på 10 minutt. Kor vidt nokon vart dynka veit eg ikkje, men då eg var ferdig reiste dei.
Elles gjorde eg litt hagearbeid i dag også, men var litt forsiktig med bøy og tøy. Nils fekk kløyvt kubbane han saga i går, og jammen vart det opp i to sekker med ved. Der står att fem grantre, men dei er utan topp, så eg trur vi skal klare å få dei vekk.
Elles så tok vi ein prat med naboane og Nils var eit ærend nedover.
Etter lunsj la vi oss ut på solsengane og eg sov og las om ein annan. I dag var det skikkelig varmt og godt.
Nils koka sein middag, i dag var det salt lange.
Eg har høyrt nokså mykje på lydboka mi i dag, så det nærmar seg slutten. Strikkar litt innimellom, så eg fekk felt av ein lest i kveld. Det blir tidleg kveld på altanen vår no når sola står lågt på himmelen, og trea i vest er høgare enn før.
Eg synest denne veka har gått uvanleg fort, så det er litt rart å ønske alle GOD  HELG !
I dag er det 9 -11, og 14 år sidan tvillingtårna fall, veka etter reiste vi til Kypros. Vi har ikkje vore i syden sidan.

torsdag, september 10, 2015

Dagbok 2015: 10 september

Klokka er 18.30, temperaturen er + 15 grader C. Det var varmare tidlegare i dag, då var her sol og klårvêr, men no er det litt meir disig. Det kjem kanskje skodde til natta.

Det har vore ein utruleg fin dag, og vi starta dagen med hagearbeid. Når sant skal seiast er det no Nils som gjer det meste arbeidet, men eg hjelper no til. I dag skulle han klippe, eller stusse, granene nedst i hagen, dei er restar etter ein gammal granhekk. Desse trea har fått stå for å skjerme for kompostkassa, resten av hekken er vekk for lenge sidan.
Etter at han hadde klipt alle toppane, syntest eg at vi i grunnen kunne tatt vekk heile trea, det same meinte naboen. Det vart til at vi tok eitt tre i dag, så får vi gå vidare på prosjektet ein annan dag. Slike gamle graner som har vore "toppa" tusen gonger er liksom ikkje så fint. 
Vi tok vare på stammen og dei tjukkaste greinene til ved, skatet køyrde Nils bort på VØR. Vi har brukt å male opp greiner etc på kompostkverna, men det er no ei grense for alt.Der står også to "villplommetre" utan plommer som skal vekk. Skulle ønske naboane nedanfor også fekk vekk nokre tre, så vi får betre utsikt. Dei har faktisk planar om å reinske opp, dei også.
Det vart mykje bøy og tøy for meg, og eg vart litt skeptisk då ryggen begynte å verke. Men eg la meg på solsenga både vel og lenge, så eg trur det skal gå rimeleg bra.
Etterpå vaska eg golva, så no er "fredagsvasken" i boks, og ryggen er ikkje så veldig dårleg.
I dag kan vi gratulere nevøen vår, Leon Roald, med 59- årsdagen, han var knapt to år då eg kom inn i bildet.No er han lok-fører og bur i Bergen.

onsdag, september 09, 2015

Dagbok 2015: 9.september.

Klokka er 20.45, temperaturen er + 13 grader C og vi har hatt ein nydelig dag.
Nils var tidleg oppe og for på sjøen for å fiske sei, men i dag vart det berre makrell, eller rettare sagt spir.
Eg brukte tida han var vekke til å støvsuge alle teppegolva, der er likevel ikkje sol på altanen så tidleg.
Då Nils kom heim, vart eg sittane oppe i solveggen hos Marit og prate med henne. Ho har vore så mykje vekke i det siste at vi hadde mykje å ta att.
Så var det tid for lunsj og pause på solsenga. Eg har begynt på enda ei krimbok, det er passe upretensiøst for solsenga.
Seinare steikte vi spir-og denne gongen rigga vi oss til med kokeplate ute, for å sleppe steikelukta inne. Trur det gjekk bra. Eg steikte 9 fiskar og alt gjekk med. Men dei var ganske små, altså. Dei fleste så små at vi steikte dei "runde".
No sit eg med farge i håret, trong eit nytt strøk sidan det gamle var litt falma.
Vi skal visst få enda fleire fine dagar, det gjeld å bruke dei godt!

Bok nr.65 - 2015: Kistemakeren

 Kistemakeren av Frode Granhus (Lydbok-CD)
Fjerde lydbok med etterforsker Rino Carlsen, en serie som har høstet strålende anmeldelser.

Etterforsker Rino Carlsen er tilbake i Lofoten og håper på roligere arbeidsdager enn sist han var der ute.
Men da en gutt finner en filmkassett med et uhyggelig innhold, blir han dratt inn i en sak som strekker seg flere år tilbake i tid - en sak som også skal vise seg å være skremmende aktuell.

En ung jente hevdet for et par år siden å ha blitt kidnappet og holdt innesperret i en kiste i ett døgn, før hun slapp fri. De færreste i bygda har trodd henne. Hun har aldri klart å gi en ordentlig forklaring på hva som skjedde, og etterforskningen ledet ingen steder.
Da en filmkassett som viser opptak av en ung jente innesperret i en kiste blir funnet i vannkanten, kommer saken opp igjen, og Rino Carlsen dykker inn i den to år gamle kidnappingssaken for å finne sannheten om hva som skjedde. Men så viser det seg at dette opptaket slett ikke er to år gammelt. Det er helt nytt
.
................................................................................
Av dei fire bøkene av Frode Granhus har eg no lese tre. Dei to første var ingen meisterverk, men ganske spennande. Denne var ikkje det, den var tvert imot ganske langdryg (ikkje lang-berre 8 CD-plater)og nokså usannsynleg på alle måtar. Grunnen til at eg likevel las boka og til dels kosa meg med den, er opplesaren Nils Johnson, han er ei fryd å lytte til. Han les heile tida på nordnorsk, og har m.a. lese inn nokre av Hamsun sine bøker.

tirsdag, september 08, 2015

Dagbok 2015: 8.september.

Klokka er no 19.15, temperaturen ute er + 14 grader og sola skin frå klår himmel.
Vi sat og fabulerte om ein tur i går, men då vi vakna til gråvêr og skodde kom vi oss ikkje til med noko. Vi for her og surra til det leid langt på føremiddagen, då fann Nils ut ut at vi kunne reise til Volda og ete lunsj, om ikkje anna. Og eg fekk ein lys ide om at vi kunne køre opp Alldalen. På Vatne stod der skilt om at vegen var stengt, så vi snudde og tok vegen over Krøvelseidet i staden. Vêret var etter kvart blitt skikkelig fint.
I dag tok vi "Dagens" på kinarestauranten, så då fekk vi kaffi også.
Eg måtte berre ein liten tur inn på Møre konfeksjon, sidan eg har rydda i skapa mine, men eg fann ikkje noko eg hadde behov for. Derimot fann eg jakka som eg kjøpte i vår -på sal ! Eg har brukt den to gonger. Festlig.
På heimvegen stakk vi oppom Plantasjen og kjøpte ei buske Svartsurbær, i staden for den som var fjerna på grensa til naboen.Var ein snartur innom Gjenbruk i dag, eg har begynt å samle på gamle boksar-sånne litt ute om det vanlige. Fann ein i dag til å ha kavringar i, og ein annan som eg kanskje skal gi bort.
Då vi kom heim jobba vi ei stund i hagen før vi gjekk i hus. Blant anna planta vi den nye buska og rydda litt her og der.Det er snart tid for den store haustoppryddinga, men vi ventar litt til.

mandag, september 07, 2015

Dagbok 2015: 7.september.

Klokka er snart 21.00, temperaturen er + 13 grader og det er overskya og opplett.
Første gongen eg stod opp i dag var det vått og grått, så eg gikk like godt og la meg igjen. Så i dag slapp eg å sove middag.
Nils for til frisøren for å bli klipt, før middag, og eg gjorde husarbeid. Fekk mellom anna putta litt meir klede i sekken, så no har eg fått plass til å kjøpe meg noko nytt-om eg vil.
Kjekt med desse containerane, slik at ein slepp å vente til det blir "innsamling". Vi var ned til Kiwi i Vik og leverte klede, men handla på Kiwi på Vallabøen, og fekk panta flasker i samme rennet. Og du store tid, der hadde dei fått att yndlingssafta mi som har vore vekke lenge. Eg kjøpte like godt to flasker.
På heimvegen stoppa vi hos ei "veninne" og var inn og såg på nokre gamle møblar ho har, og der vart vi "pratande" så lenge at eg fekk sjokk då eg kom heim og såg kva klokka var.
Elles i dag har eg gjort ferdig eit lestepar; strikka ei stund, mens eg høyrde bok. Til middag hadde vi fiskekaker frå frysaren, ikkje det mest spennande eg veit.
Ja, dagane fyk av garde anten ein gjer mykje eller lite. Forstår ikkje at vi hadde tid å gå på jobb i gamle dagar.Kva vi finn på i morgon kjem an på vêret.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...