Klokka er 18.45, og Nils har sett seg framfor TV-en for å sjå fotball. Det er han vel unnt, for han har klipt plenar i timesvis. Og aldri har plenane vore finare enn akkurat no.
Vêret i dag har vore berre heilt nydelig. Og kva gjer ei god husmor då? Jau, bytter på sengane, luftar sengetøyet og vaskar soveromsgolvet + eit par golv til, får på vaskemaskina, såpasss dei same dynetrekka kan leggast på mot kveld, rett frå snora. Dette har eg gjort. Det ser kanskje voldsomt ut på "papiret", men mesteparten av ettermiddagen har eg lege på solsenga med lydbok.
No er temperaturen ca + 14 grader, og vi har for så vidt sola enno, men store tre lenger ute, skygger for altanen.
Frå ca kl.13-14 var vi på styremøte i pensjonistlaget og la planar for møtet på Eldredagen. I løpet av onsdag må eg snikre i hop ein liten epistel til avisa. Og torsdag skal eg i selskap på Fru Svendsen. Det er stort sett programmet for denne veka.
I dag hadde vi middag til normal tid, og vi har ikkje hatt "mellommål"- i går vart det litt for mykje av det gode- i dag hadde vi salta lange og verken dessert eller kaffimat. Less is more.
Det var nydelig å få ein så fin dag igjen-kjende det vart tungt med skodde og regn.
No skal eg strikke og høyre lydbok mens kampen pågår i stova.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 19.juli
Dette bildet er frå Trovågen, der Nils var frå, og det eg jobba eit skuleår. Eg budde hos onkelen og tanta til Nils. Og alle folk var så h...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar