lørdag, oktober 31, 2009

50 år går alt for fort !


I dag er det 50 år sidan Nils og eg ringforlova oss på Øygarden, der eg budde på den tida.Mykje har skjedd på desse åra, men når ein ser tilbake, virkar det ikkje som det er så lenge sidan.Om forlovelsesdagen har eg skrive før.
Kanskje litt dramatisk å forlove seg på Halloween, men kven hadde høyrt om det den gongen? Ringane er det lenge sidan vi tok av osså oss, fingrane vart for tjukke.....
Bildet er ikkje godt, men det er i alle fall eit minne frå tida som "piken i dalen". Bildet er frå våren 1960 og kjolen min er grøn.Det var ein ermelaus kjole med jakke over, slik moten var den gongen.

torsdag, oktober 29, 2009

Bok nr.71: Mors bok


Margaret Skjelbred er mest kjend for romanane Andrea D og Gulldronning,perledronning.Eg har lese begge desse bøkene utan å bli overbegeistra.Andre har ei anna meining.
I denne boka fortel forfattaren om sitt eige liv,særleg om oppveksten i eit strengt kristent miljø i Vestfold.Eit miljø der det meste var synd; å klippe håret, å spele verdsleg musikk, å gå med langbukser(for jenter) og tusen andre ting. Dei fem borna i familien hadde det på mange måtar svært ufritt, men på samme tid godt og trygt fordi foreldra var snille og kjærlige.
I vaksen alder, etter at begge foreldra er døde, tek Margaret eit oppgjer med barndommen og ikkje minst med kristendommen. Særleg tek ho for seg forteljingane i det gamle testamentet og viser kor grusomme dei er.
Mange i min generasjon vil kjenne att både dei mange bibelorda og salmeversa som ho siterer, og mykje av tankegodset, sjølv om dei fleste av oss ikkje har hatt det SÅ strengt heime.
I skuletida mi vart det ofte diskutert kor vidt det var viktig å kjenne til forfattaren personleg, eller om teksten skulle stå for seg sjølv. MS seier sjølv i denne boka at forholdet ho hadde til mor si hadde mykje å seie for henne då ho skreiv historia om Andrea D. Så det er kanskje ikkje så dumt å ha Mors bok i bakhovudet når ein les den.
Eg hadde glede av å lese denne boka, men så er eg nærmare forfattaren i alder enn dei fleste av lesarane mine.MS er fødd i 1949.For sikkerheits skuld har eg rippa boka slik at dei som vil kan få legge den inn på spelarane sine.Boka er kort, berre 6 CD-ar.
Eit minus er at forfattaren sjølv les boka; ho les for fort og for lite engasjert.Ein profesjonell opplesar hadde nok våga å legge meir følelsar i teksten.

onsdag, oktober 28, 2009

Bok nr.70: Ulykkesfuglen.


No har eg lese enda ei Camilla Læckbergbok utan at eg er blitt meir begeistra for denne forfattaren enn det eg har vore.Når det gjeld krim-sjangeren har ein visse forventningar eller"krav" om de vil.Eit krav som eg har, er at romanen skal vere fokusert på lovbrotet/mysteriet og ikkje rote inn alt mulig anna.Her syndar CL stort. Her er bollebaking,kaffikoking,umulige svigermødrer og you name it, som ikkje har noko med saka å gjere. Ikkje berre får vi heile privatlivet til hovudpersonane,det er greitt nok, men vi får også vite ganske mykje om alle dei andre involverte.Dette irriterer meg.
Oppskrifta er som for dei andre bøkene til forfattaren, ein ekstern forteljar som går frå "hus til hus" og fortel oss kva som skjer i dei ulike heimane.Dette er greitt nok viss det ikkje vart så mykje uvesentlig prat.
Eit anna krav eg har til krim er at alt skal bli oppklart og forklart. Det blir det her, ved hjelp av mykje heimesnikra psykologi.Det får så vere.
Det siste kravet er at løysinga skal vere nokonlunde sannsynlig. Det er vanskelig å vurdere; det skjer mykje utrulig i den verkelige verda også.Så vi får berre kjøpe den.
Bøkene til CL er svært lettlesne og fungerer veldig bra som lydbøker fordi vi får alt inn med teskei, ikkje berre ein, men mange gonger.
Ein krimroman bør vel helst vere litt spennande også; det er ikkje denne.Trur eg hadde det meste av løysinga før politiet.Alt i alt er boka grei nok, men eg skulle hatt lyst og vore der med raudeblyanten og kutta i teksten.Noko som er litt rart er at denne boka sluttar om lag slik som TYSKERUNGEN begynner.Og den boka har eg lese for lenge sidan.....................

mandag, oktober 26, 2009

Rasmus fyller 45 år i dag.


I dag er det Rasmus som skal feirast.Sidan han er på Kongsberg og vi her, får vi ikkje feire dagen i lag. Men det er ikkje så altfor lenge sidan vi var på besøk, og då småfeira vi litt.
Det er vanskelig å finne bilde av dei vaksne i familien av ny dato,åleine, derfor måtte eg ta med heile den opprinnelige familien. Bildet er frå sist sommar i Wadstena, Ørebro.

Gratulerer med dagen, Rasmus !

søndag, oktober 25, 2009

Vintertid


Eg var så spent på om dataklokka gikk over på vintertid heilt av seg sjølv at eg måtte inn på for å sjekke. Det har ho ikkje gjort, enno i alle fall. Og så spørst det om eg hugsar korleis eg stiller DEN klokka......

I dag (laurdag) etter middag var det så stilt og fint at Nils ville ut på sjøen ein tur. "Det er no nesten litt gale", sa eg, "men eg er i grunnen ikkje redd for deg om du fer ut i båten åleine." Det skulle no berre mangle, meinte han, han heldt seg innabords,og så hadde han no mobilen. "Ja, den er vel til god hjelp om du ramlar uti,"sa eg, ikkje utan ironi.
Etter diverse aktivitetar la eg meg til slutt på sofaen med lydboka mi. Etter fem minutt ringde telefonen. Det VAR fiskaren. Han var i stor nød, men på land. Han hadde greidd å låse nøklane inne i bilen, og gikk og tusla på ferjekaia på Rjåneset.Ein av naboane var ute i hagen, så eg gikk bort og spurde: "Er du edru?" Før eg sa kva det galdt.Han køyrde ut med reservenøkkelen ,og snart var fiskaren heime, utan fisk. Det er vel slikt ein kallar bomtur.Men mobilen kom til nytte!

Sidan eg først er innom bloggen den 25.oktober vil eg nytte høvet å ønske bror min til lykke med dagen! Han fyller 68 år i dag.Vi gratulerer!

fredag, oktober 23, 2009

Bok nr.69: De døde.

Denne boka er eit direkte framhald av Drømmenes land, og såleis 2.bok i Minnesota-trilogien.Vidar Sundstøl fekk Riverton -prisen for den første boka. De kan lese om den på bloggen min. Bøkene er katalogiserte som krim, noko som forvirra meg i første boka.Her er rettnok både mysterier og brotsverk, men også overnaturlege hendingar og blikk tilbake i tid og rom.
Mykje går føre seg i tankane og fantasiane til skogpurken Lance Hansen.
Eg kjem sikkert til å lese bok nummer tre også- før eg får forklaringa på alt som har skjedd.
Det meste av boka er skrive på bokmål med ekstern forteljar. Men somme stader bryt ei "eg-stemme " inn på nynorsk, eller rettare sagt Hordalandsdialekt. Ei stemme frå fortida, frå ein for lengst død person som i si tid utvandra til Amerika. Dette er i grunnen nokså stilig!

torsdag, oktober 22, 2009

Gubben og gamla låg og drog..........


I dag har vi ein strålande dag her i Ørsta, sol frå skyfri himmel! Vi har vore ute og jobba heile føremiddagen.Det er så herlig å få kjenne den friske haustlufta og varmen frå sola. Vi klipte ned bringebærriset og Nils mol det på kvern, så tok vi opp eit ripstre med rot, og kvistane vart melne. Til slutt tok vi og klipte heilt ned New Dawn rosa nedanfor tilbygget og mol opp den også. Vi får håpe ho veks opp att enda ein gong. Det er sjølvsagt Nils som gjer mesteparten av arbeidet, eg går til hende, klipper litt og rakar litt.Og så er eg konsulent, for all del.No kom rørleggaren og reparerte WC, og så skal Nils på møte i VØR (Volda-Ørsta Reinhald )-der han sit i styret. Då får eg ei fredelig stund!

onsdag, oktober 21, 2009

Tre nye bøker frå biblioteket i dag.


Har prøvd å sitte og strikke litt nokre dagar, men så er det somme som aldri lærer å kjenne grensene sine. Resultatet vart våkenatt med verk! Derfor var eg veldig glad då eg fann desse tre heilt nye lydbøkene i dag. Først skal eg lese Vidar Sundstøl si, sidan den er framhald av ei anna bok som eg nyss har lese. Det kjem til å gå fort, sidan den berre er på 4-CD-ar.Dessverre har eg ikkje lukkast å slette bøkene som ligg på MP3-spelaren, og den er full,men CD-spelaren virkar!Sjølv om han har sine nykkar.

tirsdag, oktober 20, 2009

Fersk torsk og lever.


I dag var eg invitert til ei av naboane til lunsj, så Nils nytta høvet til ein fisketur. Han fekk nokre seiar, ei lita lange og to fine torskar. Så i dag blir det fersk torsk og lever til sein middag. Denne retten er det lenge sidan vi har hatt, til tross for at vi et fisk/fiskemat 4-5 dagar i veka. Vi gledar oss!!!

søndag, oktober 18, 2009

Bok nr.68: Megleren

Eg har lese eit par bøker av denne forfattaren før, så eg var budd på at her måtte eg skjerpe meg. Og det har eg gjort.No kan eg ikkje skrive så mykje om handlinga, men det er om etterrettning, korrupsjon, mord etc på høgt politisk nivå i USA. Hovudpersonen må overliste dei som vil han til livs, vere enda smartare enn dei.Ei tid gøymer han seg i Bologna i Nord-Italia, der han lærer seg italiensk, blant anna.Dermed får lesaren også ta del i italienskkurset.Noko som eg syntest var artig, sjølv om eg har lita tru på at det sit noko att.
Eg hadde litt problem med å hugse alle personane ei stund, men meiner eg fekk med meg det meste. Boka er tidvis spennande og absolutt lesverdig om ein likar denne sjangeren.

Søndagssei.


Då eg stod opp i dag,var Nils borte vekk.Ikkje heilt uventa.På bordet låg ein lapp med:Avreise klokka 6.30. Då eg hadde koka kaffi og laga meg frokost, kom han att med ein pen fangst med sei.

"Søndagssei" er eigentleg eit sjølvlaga namn på ein sjølvkomponert rett, ein form for seibiff med litt fleire kaloriar enn ein kan unne seg på ein kvardag.Eg legg kanskje ut oppskrifta ein gong.

torsdag, oktober 15, 2009

Vinterdag 14.oktober.


Vi har hatt 3-4 fine dagar no; det gjer oss vestlendingar til optimistar igjen, etter fleire månader med regn.Ei av naboane kom med følgane gladmelding i går kveld:Slik som veret er i dag, skal det vere i 4månader.For godt til å vere sant! Og veret her held seg ikkje konstant i 4mnd. anten der der slik eller slik.Ho hadde lese det i ei bok ho hadde. Så i dag konsulterte eg boka mi:Merkedager og gamle skikker.Ikkje fullt så optimistisk, kanskje. I alle fall regnar det ute i kveld.
Før i tida skulle dei ha bjølle på hesten frå denne datoen, no høver det kanskje å legge vinterdekk på bilen? Nils gjorde det sist helg. Mest for at sommardekka var utslitne.

Well done!

Dette var i går.Alt vart kløyvt og lagt i sekker,men oppryddinga vart utsett.
Etter at eg hadde sett Frokost- Quiz og strikka litt, hadde eg tenkt meg ut for å hjelpe til å rydde opp etter kløyving og pakking som vi heldt på med så lenge det var lyst ute i går. Men der møtte eg Nils i døra, og alt var rydda og blåst.I staden for å rake opp lauv og anna smårusk, køyrer Nils plenklipperen over til slutt. Viss de ser noko rusk som ligg att, så er det gammalt brød som vi har lagt ut til fuglane.
Men vi er ikkje arbeidslause, for her er mange bærbuskar og frukttre som skal stellast før vinteren. Det er berre å håpe på fleire dagar med opplett.

tirsdag, oktober 13, 2009

Bok nr.67:Madrugada

Eg likar denne forfattaren, og eg likar etterforskaren hans: Advokat Sven Foyn frå Tønsberg, som eig St.Bernhardshunden Hulda.Eg likar den slentrande avslappa stilen og dei sarkastiske kommentarane.

Sist laurdag trefte eg ei dame eg kjenner,og vi vart ståande lenge og prate. Ho kjem opprinnelig frå Iran, men har budd i Ørsta i 20 år. Ho fortalde mellom anna at ho hadde vore ein tur i heimlandet, noko ho angra på.Då ho reiste frå landet, var der om lag som her,men då ho kom tilbake, kom ho til eit heilt anna samfunn.Kvinnene er mellom anna tvinga til å gå i hijab og ein har på ein måte gått tilbake i tid.

Om ettermiddagen begynte eg å lese denne boka, og det vart litt rart, for den handla om ei kvinne frå Iran som hadde søkt politisk asyl i Norge.Forfattaren har sett seg godt inn i tilhøva i det noverande Iran, og derfor blir denne lettbeinte kriminalromanen også lærerik.Han tek oss mellom anna med til landet og vi får eit innblikk i politiske og andre system.Sjølve plottet er jo nokså prosaisk, men her er det ikkje målet som er det viktigaste,men vegen vi går. Les gjerne denne romanen.

Morgon og kveld.


Dagen i dag har gått med til kvisting og rydding.Bjørka som vart felt i går er no under kontroll. Alle kvistar er malne på kompostkvern og kome i kompostkassene. Greiner som er tjukke nok til ved, ligg ved garasjeveggen og dei tjukke stammane ligg klar til saging og kløyving.
Nils var ute åleine heile føremiddagen, mens eg dreiv med husarbeid. På ettermiddagen gjekk eg ut og hjelpte til etter fattig evne eit par-tre timar.
Slike jobbar har vi gjort mange av! Har ikkje tal på alle tre vi har gjort kål på i løpet av dei åra vi har budd her.Min jobb har alltid vore å klippe kvistane av stammane med greinsaks- prøvde meg litt i dag også.

mandag, oktober 12, 2009

Yes,we can!




Det var orda til nabo Helge, då han og Nils begynte å felle den store bjørka.
Dei to sprekke karane på nesten 60 og nesten 73 år klatra og saga så det var ei lyst å sjå. Eg dreiv og baka brød, så eg hadde oversikta og fotograferte for kvar grein som datt. VI får veden mot at Nils hjelpte til med saging og så tek oppryddinga. Is that a good deal?(Sitat frå Alias Smith and Jones).Ja, eg trur det.Det blir mykje god ved!

fredag, oktober 09, 2009

Bok nr.66: En nåde.

Eg har lese ei bok før av denne forfattaren, og den likte eg godt. Denne boka var litt vanskeligare, sidan handlinga ikkje er kronologisk. Vi får høyre historia til alle personane i forteljinga utfrå deira ståstad.Det er ikkje så lett å forklare korleis dette er, men eg fann ei veldig god bokmelding på nettet som de kan lese her.
Eg angrar litt på at eg ikkje las bokmeldinga først-denne gongen.
Boka er kort; berre 4 CD-ar.
Boka er til tider veldig poetisk og fin,men sidan den er så forvirrande, særlig til å begynne med, kan eg tenke meg å lese den om att.Då blir det lettare å nyte den.Her er mange "lag" i denne forteljinga, og eg har mistanke om at eg ikkje fekk tak i alt ved første lesning.Absolutt lesverdig, også for "kresne"lesarar.

Gratulerer

I dag gratulerer vi Obama med Nobels fredspris. Vel fortent ! Han er den første amerikanske presidenten på lenge som har satsa på fred og nedrusting i staden for det motsette. Eg meiner det var eit godt val av Nobelkomiteen.Så vil tida vise om Obama greier å innfri forventningane verda har til han.

onsdag, oktober 07, 2009

Bok nr.65: De krenkede

Dette er den tredje boka eg les av denne forfattaren.
Den første eg las var Bokhandleren i Kabul, der vi får høyre frå historia til landet Afganistan, om folkeliv,religion og mykje meir. Og ikkje minst om livet til einskilpersonar. I boka 101 dager handlar det om krigen i Irak, og i denne boka eg har lese no, tek forfattaren oss med til Tsjetsjenia ved foten av Kaukasus.
Denne siste boka er nok den mest gripande.
Alle har vi hatt historie på skulen,og mange får nok det inntrykket at historie er noko som skjedde for lenge sidan. I mi tid på skulebenken kom vi sjeldan lenger enn til 1945. Men det har skjedd mykje sidan den tid.
Vi får kvar dag notidshistoria inn på TV-skjermen, likevel er det mykje vi ikkje veit noko særlig om.Dette gjeld i alle fall meg.
Åsne Seierstad er ein uredd journalist som leitar opp menneske og snakkar med dei om det dei har opplevd, mykje som dei knapt har fortalt til nokon før.
Eg kan ikkje fortelje alt som ho skriv om i denne boka.Eg kan berre råde dykk til å lese den sjølve. Men les den i papirutgåve om de kan, for det går litt fort i svingane i lydbokutgåva. Dette er ei bok, der ein treng pausar innimellom.
Eg vil gå så langt som å seie at dette er ei bok ein bør lese, ikkje minst for å forstå korleis det kan vere for born å vekse opp under krig og ufridom.

tirsdag, oktober 06, 2009

Fiskesuppe.

Vi et, som de sikkert har forstått, mykje fisk her i huset. Og i dag skal vi ha ein av favorittrettane våre:Fiskesuppe. Det er ikkje noko hokus pokus med fiskesuppa vår, men den er veldig god!
Slik lagar eg den:
Smelt litt margarin i ein kasserolle og ha i ein løk som får bli blank, men ikkje brun.
Ha i eit par skeier kveitemjøl, og spe med fiskekraft og lettmjølk.Kok ca 5 min. før ein har i gulrot skoren i skiver.Så smakar ein suppa til med,sukker, salt og Creme Fraiche (eller rømme). Heile kunsten med fiskesuppe er å balansere dei tre smakane:salt, surt og søtt. Er suppa for lite sur,kan ein ha litt eddik i. Til sist har eg i fisk i terningar og let fisken trekke i suppa til han er kokt.Heilt til slutt kan ein ha i litt grasløk.(Ein kan bruke purre i staden, men då må ein ha den i litt før.)
-------------------------------------------------------------
Denne oppskrifta kan ein variere i det uendelige, alt etter kva ein har i hus.
Fennikel kan ein ha i i tynne strimlar om ein likar det, sylta graskar er godt,( eg har sågar brukt tørka aprikosar i bitte små teningar), sellerirot kan ein bruke og andre grønsaker.
Har ein ikkje fiskekraft, kan ein bruke terning, og i staden for fisk kan ein bruke fiskebollar. Reker og rekekraft gir heller ingen usmak på suppa.
Når eg brukar Creme Fraiche i staden for lettrømme, er det fordi suppa toler betre å koke då. Eg brukar CF lett (Ekstra lett vil eg ikkje anbefale), og lettmelk.Somme tider brukar eg mjøljamning utan margarin-alt dette for å spare kaloriar. For dei som ikkje fryktar kaloriane, er det sjølvsagt fritt fram for feitare produkt som fløyte etc.Suppa blir ikkje dårlegare av det!
Obligatorisk etter suppa:Ein lang middagslur, for dette er god sovemedisin!

lørdag, oktober 03, 2009

Teinefangst.







I går var Nils på sjøen og fiska litt sei. Dessutan sette han ut nokre teiner.Han er ikkje så kjend på fangstplassane her som i barndommens rike, så ein må seie han var heldig som fekk to fine hummerar og fire krabbar.Eg er glad i skalldyr, men toler ikkje alle sortar, så hummerane får han ha for seg sjølv.
Sidan eg veit at somme i familien er spesielt interesserte, legg eg ut bilde av heile fangsten.Og så minner eg om at vi er heime i haustferien.

fredag, oktober 02, 2009

Bok nr.64:Falketårnet

Solveig har skrive om denne boka før, så sjå gjerne innom bloggen hennar.
Dette er debutboka til Erik Fosnes Hansen, som han skreiv då han var berre 20 år.
Eg syntest det var litt artig å lese denne vesle, men originale boka. Kva ein meiner om den, kjem litt an på korleis ein les. Den kan lesast som eit eventyr, som ein allegori eller som ei litt uvanleg forteljing frå mellomalderen.
Språket er gammalmodig, stivt riksmål som faktisk kler forteljinga.

torsdag, oktober 01, 2009

Livleg voksduk.




Vi har ikkje så mange måtar å pynte opp kjøkkenet vårt på, så det einaste blir ein ny voksduk i ny og ne.Denne kjøpte vi i Kongsberg, og når ein har einsfarga kvite gardiner, går det nok bra.Dessverre hugsar vi alltid (begge to) feil mål på bordet.Vi TRUR det er 140 cm, mens det i røynda berre er 120.Derfor endar vi alltid opp med for store dukar.
No må vi vel snart lære?
På Husfliden på Gol kjøpte eg garn til selbuvottar, så får vi sjå om det blir noko av DET prosjektet.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...