fredag, oktober 09, 2009

Bok nr.66: En nåde.

Eg har lese ei bok før av denne forfattaren, og den likte eg godt. Denne boka var litt vanskeligare, sidan handlinga ikkje er kronologisk. Vi får høyre historia til alle personane i forteljinga utfrå deira ståstad.Det er ikkje så lett å forklare korleis dette er, men eg fann ei veldig god bokmelding på nettet som de kan lese her.
Eg angrar litt på at eg ikkje las bokmeldinga først-denne gongen.
Boka er kort; berre 4 CD-ar.
Boka er til tider veldig poetisk og fin,men sidan den er så forvirrande, særlig til å begynne med, kan eg tenke meg å lese den om att.Då blir det lettare å nyte den.Her er mange "lag" i denne forteljinga, og eg har mistanke om at eg ikkje fekk tak i alt ved første lesning.Absolutt lesverdig, også for "kresne"lesarar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Denne boka kunne eg ha tenkt meg å lese!

Besta sa...

Eg har tenkt å rippe den i alle fall...Så les eg den om att ved tid og stunder.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...