Viser innlegg med etiketten Plantar og blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Plantar og blomster. Vis alle innlegg

lørdag, juli 23, 2016

Blomsterbed.


Eg har ikkje så mange blomsterbed att, maktar ikkje alt arbeidet med dei. Men bedet ved garasjen prøver eg å halde orden på. I utgangspunktet skulle det vere i blått og rosa, men så fall eg for freistinga å putte inn eit par raude roser. Hadde nokre fine orange liljer som mangla ei seng, så fekk eg plass til dei også. Det gjekk bra, men då nokre gule liljer også vart sett ned, vart det liksom hakket for mykje. Dei gule liljene skal bort, men ikkje kastast, sjølvsagt, berre flyttast. Som Margrete sa i går: Bedet er ikkje stilig, men det er frodig. Kan ikkje vere meir enig. Eg fyller stadig på med kaffigrut-vatn; hønsegjødsel og kugjødselkompost fekk det i vår. I utgangspunktet er her svært mager jord.
PS: Der er utruleg mange humler i bedet, særleg på lavendelen.

mandag, september 28, 2015

Dagbok 2015: 28.september

Allotria- rosa blomstrar, men har fått litt for mykje regn.

Nyper, seier eg; Nils seier juper. I alle fall er der mykje av sorten på Rosa Moiesi i år.
I fjor var der ingenting, verken blomster eller nyper, fordi eg hadde klipt den så voldsomt ned året før.

Epla våre er ikkje mykje å skryte av, men det er ein tidleg sort. Vi har ei jus-presse, så vi plar drikke dei. Eple i flytande form, altså.
Den mørke lillablå clematisen plar alltid blomstre seint på året. Ikkje sjeldan har det hendt at den står i blomst når den første snøen kjem.
I fjor sådde eg nokre ringblomstfrø. I år har dei sådd seg sjølve både her og der.

Denne lilja fekk eg av Solveig på bursdagen min i mars. Etter at den hadde blomstra av, sette eg den ut, og no blomstrar den igjen. Dessverre er det eitt eller anna "udyr" som har ete av kronblada.

Klokka er no 20.30. Temperaturen ute er + 12 grader C, det er overskya og opplett -det har det vore i heile dag.
Nils var vekk ut for å legge liner før eg var oppe. Han kom heim ein tur midt på dagen og fekk litt mat og kvild. Og så var det ut att igjen. Han kom heim i 18-tida med ein stamp full av lange + ei stor stygg brosme. Så no har han laga seg arbeid igjen.
Eg har no gått her og surra. Shina opp kjøkken og bad, tørka støv, vaska klede etc. etc.
Magrete kom innom ei stund mens Amanda var på balletten, og då drakk vi kaffi. Elles har eg lese litt og strikka litt, og då Nils kom heim steikte eg pannekaker og bacon. Rekna med at ikkje fisk var det rette i dag.
I kveld begynner den nye Broen-serien, det ser eg fram til.



mandag, juli 20, 2015

Dagbok 2015: 20.juli


Klokka er 19.30. Temperaturen er +15 grader C, skodda ligg sid og eg trur regnet er på veg. Tidlegare i dag har det vore opplett, og eit par små glimt av sol.
Eg starta dagen med å shine opp kjøkkenet, og vaske golvet. Nils begynte med å slå plenar opp mot vegen.Vaskemaskina vart sett i gang etc.etc.
Så jobba eg litt ute i hagen før det var pause, som eg brukte til å strikke og høyre lydbok.
Så vart det meir hagearbeid. Nils klipte meir plen og eg klipte kantar. Eg tok eit par runder med klipparen med "drag"-men det gjekk litt for fort for meg.  Så klipte eg ned nokre store "såter" med avblomstra iris og ballblom.
Alt dette gjekk greitt, men så kjem reaksjonen: RYGGEN min toler ikkje at eg bøyer meg, og smertene spreier seg til hofta og foten. Eg veit det i grunnen på førehand, men tek sjansen gong på gong, særlrg når eg har vore bra ei stund. Ja, eg håper det blir likar` i morgon.Men eg får vel la vere å strikke i kveld-kanskje.
Nils laga sein middag, i dag var det kokt,salta lange.
Alt er seint i år, men gras,tre og buskar veks noko alvorleg. Vi har oppdaga at svartbærtreet ikkje er fullt av humler, slik vi først trudde, en av kveps! Det summar som ein motor. Men eg har ikkje blitt stukken-enno i alle fall.


fredag, august 08, 2014

Dagbok 2014: 8.august




Klokka er 19.40, temperaturen ute er + 18,5 grader og skodda held på å forsvinne. Det har vore opplett i dag, men skodde heilt ned, men så lenge temperaturen er behagelig skal eg ikkje klage.
Før middag i dag rydda og vaska eg klesskapa på soverommet, det er Nils som har kleda sine der. Han hjelpte til med å kaste, så no vart det god plass i skapa, og mange kleshengarar til overs. Det blir vel verre når mine skap står for tur. 
Så var vi nedover og handla litt,vi var bortom Feelleskjøpet og kjøpte vaskepulver m.m. Vi kjøpe også to sekker kugjødselkompost som eg hadde på blomsterbedda då vi kom heim. På Amfi vart det stort sett berre kjøpt mat.I dag hadde vi tilbodslappar, så vi gjorde ein god og billig handel.
Då vi kom heim vart eg ståande og gåande oppe på vegen og prata med ei nabodame eg ikkje har treft på ei stund. Så då var det på tide å lage middag. I dag steikte eg sei som ikkje har vore frosen, og laga såkalla søndagssei. Etter det måltidet var det berre ein ting å gjere, og det var å legge seg strak ut på sofaen.Eller i reclineren, slik som Nils. Etter ei god stund vart han i stand til å lage kaffi. 
Eg har ein tendens til å bli sittande litt for mykje framfor datamaskina når eg har fleire diskusjonar på gang der, men eg må prøve å begrense meg.
No har eg vore ute i hagen og ete sukkererter og stikkelsbær, og så har eg tatt bilde av to av clematisane. Den tredje, ein rosa, har ikkje blomsta enno.
Den mørkt blålilla har vi hatt i mange, mange år, og somme år har snøen kome før den har kome skikkelig i gang med blomstringa. I år er alt tidlig og vi får glede av det vakre som veks i hagen.Eg har tatt to avleggarar av den store clematisen, dei blomstrar også. Den lys lavendelblå har nydelige store blomster og er min favoritt. Den er ikkje så stor enno, men vi håper å få sjå den vekse til. I morgon ventar vi Solveig og Olaug på besøk, Øystein reiser til Oslo. Nils for ut for å sjå om han kunne få tak i makrell, så Solveig får smake sorten før sommaren er omme. Vi har hatt makrell mange gonger i sommar og er enno ikkje lei av den.
Ønsker alle blogglesarane ei GOD HELG !



torsdag, august 07, 2014

Dagbok 2014: 7.august.

Klokka er snart 21.30. Ute pøsregnar det og gradestokken står på + 16 grader C. Tidlegare i dag var det lettskya og fint. Vi har blitt så vant til å vere ute at det er nesten litt rart å vere under tak. Men finevêret måtte vel ta slutt ein gong.
Nils for på sjøen klokka 7.30 i dag. Han var ute etter å få meir makrell, men kom heim med sei og berre sei. Men sei er det ein vert sist lei av, trur eg, har ete eit tonn siste åra.
Mens han var vekke vaska eg golva og støvsuga, så no er helgevasken i boks.
Etter at vi hadde ete lunsj, tok vi ein pause, der eg blant anna blogga litt og strikka på leggvarmarane mine. Før vi gjekk ut og begynte å plukke rips på den vanlige måten. Nils klipte av dei eldste greinene nede ved rota og la dei på hagebordet. Så plukka vi bera der.Det er utrulig mykje rips på det eine ripstreet, litt mindre på det andre.
 Då vi var komne godt i gang, begynte det sjølvsagt å regne, så vi måtte gå i hus.
Nils koka småsei, poteter og gulrot til middag.Eg er ikkje betrudd å koke fisk, berre steike. Potetene hadde han funne i eigen åker, og dei stammar frå Kjølsdalen.Potetene var gode,dei. 
Han har hatt ein liten bytehandel med mora til naboen, ho fekk så-erter  av våre sukkererter. Vi har ein god sort som vi kjøpte for mange år sidan, og Nils tek "frø" av dei kvar haust, tørkar og sår neste vår. Sorten heiter "Frühe Heinrich"  og vi kjøpte dei første på Plantasjen på Moa. Sidan har vi ikkje kjøpt så-erter.
Eg har vore litt lat i sommar, så det blir ein overgang å begynne å "jobbe" igjen-innomhus. Det er litt av kvart som står på vent.
Men eg slepp no å begynne på skulen - eller streike. Nokre fordelar skal ein ha som pensjonist.

mandag, august 04, 2014

Dagbok 2014: 4.august

Klokka er snart 20.00, ute skin sola og det er + 20 grader C. Det er ikkje så lenge sidan vi hadde ei skikkelig regnbyge, men anten sola skin eller det regnar er det godt med varme. Likar ikkje å fryse om sommaren.
Nils reiste ut for å ause båten, og kanskje fiske litt. Han har vore vekke ei god stund, så det har vel blitt fisking.
Eg har smårydda litt i hus og hage mens eg er her åleine. Før middag klipte NIls mesteparten av plenane, og eg klipte med kantklippar. Plukka litt bær, men det har eg lite trott med. Safting og sylting er det nesten slutt på her i huset. Men om plommene som er på dei fire plommetrea våre blir modne, får vi sylte litt av dei.
I dag vart eg nesten litt skremt. Margrete har nokre kvite klatreblomster som vi ikkje visste namnet på, men vi trudde det var ein slags clematis. Ein eller annan skreiv om denne planten på FB-og lurte på kva den heitte. Eg foreslo clematis, og noko anna seriøst namn kom ikkje fram.Eg har sett planten vekse vilt på Rjåneset.
Eg skulle slappe av etter middagen (fiskekaker) og la meg på sofaen. Då kom det brått eit ord til meg "strandvindel", eg kan ikkje hugse eg har høyrt det namnet før. Eg henta "Floraen i farger" og boka opna seg på strandvindel, og der var blomsten! Eg prøvde etterpå om boka opna seg på samme sida- det gjorde den ikkje. Så no lurer eg på om det kan vere "Åndenes makt"-rart var det i alle fall.
Før middag i dag sat eg og bala med å komme inn på nettbanken, men etter at eg hadde vore ute i hagen ei stund, virka banken heilt fint. Brukte litt tid på å legge inn bilde frå i går, og skrive om det vi opplevde.
Vil gjerne drive litt PR for fyrmuseet og anna som er å sjå og oppleve i nærmiljøet. Oldefar min som kom frå Sarpsborg og flytta til Oslo, var entreprenør og dreiv og bygde fabrikkpiper, fyrtårn etc. Derfor fekk han namnet "Tårn-Olsen". Han har ikkje bygt fyrtårn her på våre kantar.Eg har faktisk, med min høgdeskrekk vore oppe i to fyrtårn: Utvær fyr og Lista fyr.

torsdag, august 29, 2013

Dagbok 2013: 29.august

Klokka er snart 21.00. Temperaturen ute er + 11 grader C. Det er lettskya og fint.
Nils for på sjøen tidlig i dag og kom heim med nokre fine seiar og ein del makrell. Eg var litt sein å kome i gang i dag, men så fann eg ut at eg kunne plukke stikkelsbær. Vi har berre eitt stikkelsbærtre, men det er fullt av små blåraude bær. Eg plukka og rensa ca 3 kilo, og når sant skal seiast er det ganske mange bær å klippe i begge endar. Ei stund hadde eg lydbok på øyret, etterpå høyrde eg gravferda til Rolv Wesenlund. Tok den opp på boks, så eg kan sjå den seinare.
Så steikte eg makrell til middag, rabarbrasuppe av to år gammal rabarbra frå frysaren hadde eg laga før. Etter at vi hadde ete, kokte eg ferdig stikkelsbærsylta og Nils hadde den på glas.(Han er stødigare på handa enn eg).Har ikkje smakt den enno. Eg plar ikkje sylte så mykje, vi et ikkje så mykje sylte og skal ein kjøpe bæra kan ein like godt kjøpe sylte.
Var ein liten tur innom biblioteket rett før dei stengde, lite å velje mellom, men mykje kjem inn etter kvart, og eg får melding på mobilen.
Så til slutt gikk eg ein tur i skogen, fint å vere ute i kveld. No driv eg og rippar bøker, har lese ut den eg heldt på med.
Rosa på bildet over er ei av dei tre potterosene eg fekk av Solveig. Alle rosene eg har planta i år ser ut til å trivast. Under ser de bilde av ei "vanlig rosebuske". Namnet er Leonardo Da Vinci.

torsdag, juni 27, 2013

Dagbok 2013: 27.juni

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 20 grader C, og vi har hatt ein fin dag. No har det kome nokre lette skyer, men vi har hatt mykje sol tidlegare. Så veldig varmt har det ikkje vore, men meir enn varmt nok til å ligge på altanen og sole seg, med lydbok på øyret.
Men først måtte vi gjere noko nyttig. Nils var nedover og kjøpte gjødsel m.a. og eg vaska bad og kjøkken til "helga". Så skulle vi ned i Vik å handle litt, men fann ut at det var fint lite vi trong, så vi tok ein tur til Volda og åt middag på Landscape i staden. I dag vart det innbakt kylling med ris og sursøt saus. Heilt greitt. Så kunne vi legge oss strak ut på solsenga då vi kom heim.
No har Nils gjødsla og eg har prata med naboar og fotografert i hagen. Vi må ta vare på dei fine dagane, arbeidet spring ikkje frå oss (Dessverre).
Solveig, Øystein og Olaug er framleis i Italia, dei første fire dagane i Ostia, så fire dagar i Roma. Dei har det sjølvsagt fint.
Vi er utan TV i kveld, det same gjeld vel alle som har Tussa abonnement og get-boks. Dei som har TV analogt kan sikkert glede seg over gode og spennande program.Men no oppdaga vi at vi kan sjå det som ligg lagra i boksen.

Satsar på blått og rosa i år.

tirsdag, juni 11, 2013

Dagbok 2013: 11.juni

Klokka er snart 21., og sola skin framleis. Det har vore ein nydelig dag frå morgon til kveld, men kvar vart den av? Tida går fort når ein er gammal. Temperaturen har ikkje vore så høg, og det har vore litt vind, dermed har det vore fint å vere på altanen. Målaren på trappa viser +20 no, men då har nok sola skine litt på den. Ca +20 grader har det vore i dag.
Og då husmora vakna i dag, litt seinare enn vanlig, fann ho ut at det var rette dagen for å bytte på sengane, lufte sengetøyet og vaske dynetrekk etc. Typisk! Men det vart i alle fall gjort, og sengetøyet er på plass, med reine trekk.
Vi var ein liten tur av stad og handla også, før vi tok siesta på altanen. Ut på ettermiddagen kom Margrete med dei to yngste; Amanda vart att her mens morfaren vart med på fotballkamp på Åmdalen.
Mens dei var vekke nytta eg høvet til å lese i boka mi, før eg laga ein stor porsjon blomkålsuppe til oss alle. Amanda og eg hadde det meir enn fredelig mens vi var her åleine. Ho hadde nemlig fått seg laptop i dag, kjøpt den for pengar ho hadde fått til bursdagen sin +++ Det er veldig kjekt for henne å ha sin eigen PC, og eigentlig treng ho den. Erlend disponerer den stasjonære PC-en og nettbrettet mitt mens han er på besøk, så han er ikkje bortkomen, han heller.Vi veit nesten ikkje om at vi har dei i hus, så fredelige er dei.
Ungane skal vere her til i morgon. Dei har fri frå skulen og Margrete skal til Spjelkavika og vere sensor.

I år har det vore rimelig trist i hagen, sidan så mange av plantane bukka under i den kalde vinteren. Derfor var det ekstra stas at buska med kvite blomster, som eg kjøpte i fjor, har klart seg så godt. Dessverre har eg mista namnelappen.

torsdag, mai 30, 2013

Dagbok 2013: 30.mai

Klokka er ca 21.30, temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya og fint. Det har vore ein varm og nydelig dag, med temperatur opp til +27 grader.
Nils for på sjøen i 8.00 tida, det var nok litt for seint på dag, for han fekk lite fisk. Vi hadde så vidt nok småsei til middag, og så har vi litt lyr som eg kanskje skal lage noko av i morgon. Eg vaska golva til helga, men utsette støvsuginga.
Har gjort lite og ingenting ute i dag, vart så låk i føtene(hælane) etter gårsdagens trakking. Har lagt mykje på altanen og slappa av med lydbok. Då det leid utpå ettermiddagen, etter at vi hadde ete ein sein middag, tok eg meg sammen og skreiv referatet, så no skal eg sende det til avisa. Det er ikkje så lenge gjort når eg først kjem i gang. Skriv "fort og gale".
Elles har eg stått mykje oppe ved muren til Marit og prata med alle som går forbi. I kveld tok eg bilde av nokre av blomstrane hennar. her hos oss har vi ikkje fått orden på plantinga enno.


tirsdag, mai 28, 2013

Dagbok 2013: 28.mai

Klokka er snart halv ni, ute er det lettskya og + 20 grader. Hadde eg vore litt betre til beins skulle eg hatt meg ein tur ut i vår-/sommarkvelden.Veit ikkje kva max temperaturen var i dag , men eg trur den var rundt +26 grader.
Vi vakna til strålande sol i dag og eg hadde som ein plan om å få gjort noko ute i hagen, der er det mykje som står på vent. Men først måtte vi kjøpe frø og plantar. Etter å ha vore inn på nesten alle butikkar i Ørsta, fekk eg endelig tak i blomkarsefrø til å så nedafor garasjen. Skulle ha nokre sommarblomster å plante i beddet ved garasjen også, men fann ikkje det eg var ute etter. Alle rosetrea som står der, er døde og mykje anna også. Etter ein liten diskuskon blei vi i kveld enige om å gjere bedet smalare, eg vinn ikkje over å stelle alle bed etc.og Nils har nok med åkrar og plen. Så no har vi ein plan. Dermed vart det ikkje til at eg planta dei tre plantane eg kjøpte i dag.
Vi hadde att ball frå i går, som vi hadde til middag. Det er ein mettande sort, så det passa bra at det kom litt vind og skyer, såpass vi kunne ligge på altanen og sove middag.
Vi jobba litt i hagen etterpå, men motivasjonen er litt laber; fekk i alle fall sådd blomkarsen.
I morgon skal Nils til Ulsteinvik på fotballkamp mens eg er på pensjonistmøte. Han skal vere i lag med Hareidskarane og ha med seg Eirik herifrå. Margrete skal køyre Amanda til Ørsta på ballett, det er fullt køyr med dans no fram til helga. Då er det vårshow.Så det blir ein travel bursdag for 13-åringen.
Det er siste pensjonistmøtet før sommaren, så no får også vi pensjonistane ferie.

søndag, mai 12, 2013

Dagbok 2013: 12.mai.

Klokka er snart 17.00. Ute er det lettskya, fint vêr, og temperaturen er +16 grader C. Her er mange som har konfirmasjon i dag, og det er kjekt for dei at vêret er så bra. Ja, det er sjølvsagt kjekt for oss andre også.
Her vart det litt jobbing før middag. Nils planta i blomsterkassene, i år blei det tre kantlobelia og to rosa nellikar i kvar kasse. No gjeld det at vi ikkje får nattefrost; i går kveld var det nede i +3 grader C.
Nils måtte også filetere fisk, slik er det berre når ein brukar laurdagen til fiskeri.Men eg er glad for at han ikkje fiskar så mykje om gongen. Eg laga middag til i dag og delvis til i morgon, sidan eg skal på eit møte på føremiddagen då.
Etterpå gikk vi ein tur i lag rundt Storebakken, ikkje så lange turen, men betre enn ingenting. Det kan hende eg tek ein liten tur til, men eg plagast med hælen, blant anna. Når eg går rundt her i nabolaget, kan eg følge med på alle hage- og byggeprosjekt og anna som skjer.
No har vi skeia ut med krokanis til kaffien, ikkje så ofte vi går i sukkerfella her. Reknar med at Nils finn ein fotballkamp, så då kan eg gå tur med bok på øyret.
Bjørkene begynner å bli grøne, så våren er bra i rute, ikkje alle år ein har utsprotten bjørk til 17.mai.
Plenen ovafor garasjen plar vere både grøn og blå på denne tida av året, men i år er det litt seinare enn vanlig. Somme år har vi klipt plen to gonger før 17.mai. Det slepp vi i år.

fredag, mai 10, 2013

Dagbok 2013: 10.mai

 
Klokka er snart 19.00, ute er det overskya, stort sett opphaldsvêr og +13 grader C. Det er det ein kallar godt arbeidsvêr.
I dag før middag støvsuga eg først teppegolva og så for vi på shopping. I dag skulle vi prøve å få tak i jordbærplantar til den nyrestaurerte åkeren+ litt å pynte opp med i vinduskasser og på trappa. Det greidde vi bra-trur eg. Vi har funne ut kvifor alle plantane i jordbæråkeren døde, der var nemlig fullt av maur under duken, særlig der vi hadde lagt skiferheller for å halde duken på plass. No har han greve opp åkeren og tatt vekk steinane, i tillegg til at maurdrepemiddel er innkjøpt.No i ettermiddag har han planta heile åkeren på nytt. HAN er sjølvsagt Nils.
Eg har pussa kjøkkenvindua på begge sider, det må gjerast før vi heng opp kassene. Til pottene på trappa kjøpte eg tre margerittar, og så har vi sett ut gullbusken som vi fekk til gullbryllaupet, den har overvintra i kjellaren.Til slutt moppa eg over golva. Då skulle vi vere klar til å halde helg. Eg har ikkje gått anna tur i dag anna enn i gågata, så det kan vere eg tek meg ei lita runde. Men eg får vel ikkje tid-det er så mykje i TV.
Ønsker alle ei god helg!
Scillaen blomstrar.


tirsdag, mai 07, 2013

Dagbok 2013: 7.mai.

Klokka er snart halv seks, sola held på å få overtaket ute, og det er minst +15 grader C. Så no skal eg ut om ei bitte lita stund.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann, men det får våge seg. Før middag var NIls i gravferd. Det var kona til ein tidlegare arbeidskamerat som var død.Han var berre til kyrkje, og ikkje med til gravplassen.
Etterpå var vi på ei lita handlerunde, først på Amfi, så til plantasjen.Hadde tenkt å kjøpe noko å pynte opp med ute, men konkluderte med at det var for tidlig å plante noko enno. Nils fann seg nokre jordbærplantar som han er ute og grev ned no. Eg vil heller handle med ein lokal gartnar, der blomstrane ikkje er så fordrivne som dei på Plantasjen. Her er mange gartnarar å velje mellom.
Då vi kom heim, måtte vi ut og prate med nokre naboar som heldt på med hagearbeid. Det er i sommarhalvåret vi har mest kontakt med dei som bur rundt oss. Dei som bur i nr.12 er veldig hageinteresserte og flinke å stelle hagen, men no har det vakse til med for mykje buskas, så det er berre å klippe ned og køyre skatet på VØR.
Til middag gjorde vi det lettvint, pølser, poteter og surkål. Eg har veldig lyst å gå tur, men det blir vel ikkje så langt i dag heller, med den vonde hælen.
Margrete skulle vere med Amanda på skuletur til Runde i dag; eg går litt på nåler når eg tenker på det. Vi var der då eg gikk på lærarskulen og eg har hatt mareritt om at eg dett ned i fugleurene der, i alle år etterpå. Reknar med at dei er forsiktige.
Nye jordbærplantar.
Det blomstrar i naboens hage.

lørdag, mars 16, 2013

Dagbok 2013: 16.mars

Klokka er 19.00. Det har vore overskya i dag, men ikkje nedbør. temperaturen ute er + 3 grader C. Det har nok vore mildare før i dag.
I dag har vi vore litt sløve. Somla litt før vi kom oss ut dørene. Var ein tur på biblioteket der det var lite å finne. Så var vi på El-kjøp og hamstra kaffi, før vi hamna på Amfi. Der trefte vi sjølvsagt folk vi kjende, og fekk handla inn det vi gløymde i går- og litt til.
Sidan det ikkje vart skikkelig middag i går, slo eg til med nakkekotelettar i dag. Blei tungt mette og måtte slappe av på sofaen ei god stund.Eigentlig lengtar eg etter god, fersk fisk no.
Sidan det snart er påske investerte eg i ein ny orkide -den er litt meir lilla enn den ser ut på bildet.
(Eg fekk øvd meg litt på å ta nærbilde).
No har vi hatt oss ein god kaffikopp og er klar for ein lang TV-kveld.

lørdag, februar 16, 2013

Dagbok 2013: 16.februar

Klokka nærmar seg 15.30, og Nils han benka seg framfor TV, det er han vel unnt, berre eg slepp å sjå sport på TV. Eg er meir enn fornøgd om eg får vite resultata. Ute er det overskya, opplett og +4 grader C. Snøen smeltar.
I dag var Nils tidlig oppe for å køyre Einar på flyplassen, han skaulle til Tyrkia på "jobb", dvs. at han reiser i lag med fotballaget HØDD. Bilen sette han att her hos oss, for å sleppe å ha den ståande på flyplassen.Nils har planar om å vaske den !
Vi hadde ingen store planar for dagen, og ikkje var det mykje vi trong heller, berre tannkrem og gulrot. Vi gløymde å kjøpe gulrøter.
På Amfi trefte vi mykje kjentfolk som vanlig, blant anna Ruth og Harald.Vi stod lenge og prata med dei. Eg ville sjå inn på glasmagasinet og sjå om der var fleire gode tilbod, og då står der altså 4 tallerkar, same sort som dei eg kjøpte torsdag. Eg trudde det var dei fem siste eg tok då. No hadde dei fylt på, og ein av naboane hadde også kjøpt av dei. Torsdag stod der 329,- kr som førpris, i dag stod det 198,-kr på prislappen, og det var framleis 70% avslag. Men eg er ikkje direkte LUR, så eg gjorde ekspeditrisa merksam på "feilen"-  så dermed fekk eg ikkje tallerkane like billig som naboen. Men no har eg altså 9 stk. og det gir muligheit for å bruke dei når vi har gjester også. Så pytt, pytt! Easy come, easy go!
Så kika vi opp på Fugl Føniks slik vi plar gjere om laurdagane, og i dag var der ledig plass, så vi kjøpte noko som får duge som lunsj. Men ikkje eit einaste menneske vi kjende var der i dag, litt snippe å gå på kafe berre vi to -  i heimbygda. Greitt nok når vi er ute og reiser.
Hadde lyst på litt nye blomster, og i dag avstod eg frå orkide og kjøpte ein Flamingoblomst i staden. Har ein som eg har fått av Margrete og den har stått fint i årevis. Eg må satse på blomster som trivst her i stova vår. No skal eg lese litt i boka eg lånte på tordag, har ikkje kome skikkelig i gang enno - og veit ikkje om den kjem til å fenge heller. Og så har eg strikketøyet mitt. Og TV. Apropos TV. Eg likar godt å sjå Quiz-Dan (mens vi tek opp Idol)- og Dan Børge snakkar både høgt og tydelig, så eg treng ikkje tekst. MEN-  - med det same han skal lese opp spørsmåla, set det på bakgrunnsmusikk ! Kan nokon forstå kvifor? Det er i alle fall eit kjempeproblem for alle som høyrer dårlig. Dessutan er det ikkje kjekt å ha teksten på, sidan det er mykje anna på skjermen som skal lesast. Alle TV-kanalar gjer noko liknande, NRK har vore litt betre, men ikkje no lenger.

lørdag, september 15, 2012

Vêrmelding 15.september - 2012

Klokka er ca 15.30. Og ute regnar det, sjølvsagt. Temperaturen er +11 grader. 
At det er vått og grått er ein ting, men det er i slikt vêr eg verker både her og der.Og det er det verste for meg.
I dag starta eg dagen med å ta dei to halvvisne blomsterbukettane og lage ein ny bukett av det som enno var friskt. Blei ikkje så verst?
Så fann vi ut at vi måtte ein tur nedover og ikkje sitte inne heile helga.På Amfi var der mykje folk, som vanlig, og eg tok meg ei runde utan å handle noko særlig. Trefte sjølvsagt folk vi kjende, men vi ville heller gå på kaffibaren enn å sitte under rulletrappa. På kaffibaren var det fullt og vel så det, så vi hamna på "Fru Svendsen", der vi kjøpte oss varm eplepai med is+ kaffi. 
Risengrynsgrauten står og putrar, men vi har  ikkje lyst på den riktig enno. Har ofte laga  graut i det siste, ikkje fordi vi er så kjempeglade i det, men fordi vi kjøper inn for mykje melk. Med diverse spekemat attåt blir det no ein slags middag.
Var ein tur rundt i hagen, der kunne det ha vore kjempefint no, for rosene står i full blomst. Men er det noko som ikkje likarregn, så er det akkurat dei.
Desse rosene er såkalla "bunndekkande" og veldig villige. Bonica heiter dei.
Denne er eg ikkje sikker på kva ho heiter, men den er enda meir bunndekkande og enda villegare, faktisk har ho vakse seg altfor stor der ho står.
Clematisen blomstrar alltid seint på året og skulle no vore på det finaste. Men den ser noko drukna ut.

fredag, august 31, 2012

Vêrmelding 31.august - 2012

Klokka er vel halv sju, sola har endelig sluppe gjennom skydekket og skin fint no; før i dag har det vore grått, men opplett. Temperaturen ute er + 15 grader. Nils stakk nettopp av garde for å fiske makrell på terminalen.Eg trur eg skal ta meg ein tur ut, eg også.
I dag føremiddag var eg gåande berre å surre, fordi eg ikkje hadde laga meg ein skikkelig dagsplan. Men vi laga ekstra tidlig middag - og så tok vi laust. Først var vi til gartnaren og kjøpte to busker for å erstatte manglande busker i hekken. 
Var innom Amfi og handla litt mat også. Dei fleste er dårlig nøgde med bytet frå Coop Mega til Coop Extra, utan ferskvareavdeling. På Bunnpris var der knapt eit menneske å sjå.
Då vi kom heim gjorde vi ferdig prosjektet vårt. Det var ikkje så mykje att; Nils klipte bort overflødig duk, "avduka" bytesteinen osb. Det som tok mest til var å fikse muren, vanskelig å finne høvelige steinar.Men vi kan no gjere den betre etter kvart som vi finn tak i rette sorten stein, det funkar slik det er no. Å plante buskene var fort gjort. Så no kan vi kvile på våre laurbær, men eg arbeider alt i tankane på eit nytt prosjekt.
Vi er vel nøgde med det vi har gjort, men det ser litt ruskete ut så lenge der ligg ein del mold att i plenen.
Den 31.august er ein litt spesiell dag for meg. Det var både pappa og besta (mormor) sin bursdag. Det var akkurat 20 år mellom dei; besta vart fødd i 1879 og pappa i 1899. 
I min barndom begynte vi alltid på skulen etter ferien 1. september.Slik eg hugsar det var det sommar på pappa sin bursdag og haust dagen etter.


onsdag, august 22, 2012

Vêrmelding 22.august - 2012

Klokka er 18.45, temperaturen er + 18 grader og det er opplett. Då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned på marka, men det letta litt etter kvar, såpass at eg fekk kvile middag på altanen- med dyne.Skodda vart aldri heilt vekk, og etter kvart kom det meir. Dette har vore ein skoddesommar utan like.
I dag har eg ikkje vore så veldig aktiv, men fekk rydda litt i hagen før middag, ikkje alt syner like mykje att.
Til middag steikte eg pir igjen, i år får vi visst ikkje nok! Sidan fiskane er små og ikkje så feite som den store makrellen går ein ikkje så fort lei. Eigentlig skulle vi ha den i morgon, men då skal eg til frisør, og vil ikkje øydelegge fornyinga med lukt av steikt fisk. No har Nils vore på terminalen og fiska frå land, og har trulig fått noko, for eg høyrer han tappar vatn ute.
På bildet over kan de sjå kva som blomstrar i "garasjebeddet" no. Blant anna lavendelen som eg fekk av Elin for to år sidan.
Har hausta rabarbra heile sommaren, frys det eg ikkje brukar med det same. Rabarbraen treng mykje vatn, men sidan blada tek av for regnvatnet, har eg konstruert eit vatningssystem. Eit plastrør som går eit stykke ned i jorda, der vi fyller på med ekstra vatn. Rabarbrarota er plassert i ein sementring for å halde graset unna, men då eg såg bildet, oppdaga eg at eg hadde luka berre på eine sida.
Naboen har eit prosjekt på gang. Han har greve ei djup hole for å nå tak i kranen som styrer vasstilkoplinga. No ventar han på rørleggar. Nils gjorde same operasjonen her for nokre år sidan.
Det skortar ikkje på prosjekt her i pensjonistgata.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...