Klokka er snart 20.00, ute skin sola og det er + 20 grader C. Det er ikkje så lenge sidan vi hadde ei skikkelig regnbyge, men anten sola skin eller det regnar er det godt med varme. Likar ikkje å fryse om sommaren.
Nils reiste ut for å ause båten, og kanskje fiske litt. Han har vore vekke ei god stund, så det har vel blitt fisking.
Eg har smårydda litt i hus og hage mens eg er her åleine. Før middag klipte NIls mesteparten av plenane, og eg klipte med kantklippar. Plukka litt bær, men det har eg lite trott med. Safting og sylting er det nesten slutt på her i huset. Men om plommene som er på dei fire plommetrea våre blir modne, får vi sylte litt av dei.
I dag vart eg nesten litt skremt. Margrete har nokre kvite klatreblomster som vi ikkje visste namnet på, men vi trudde det var ein slags clematis. Ein eller annan skreiv om denne planten på FB-og lurte på kva den heitte. Eg foreslo clematis, og noko anna seriøst namn kom ikkje fram.Eg har sett planten vekse vilt på Rjåneset.
Eg skulle slappe av etter middagen (fiskekaker) og la meg på sofaen. Då kom det brått eit ord til meg "strandvindel", eg kan ikkje hugse eg har høyrt det namnet før. Eg henta "Floraen i farger" og boka opna seg på strandvindel, og der var blomsten! Eg prøvde etterpå om boka opna seg på samme sida- det gjorde den ikkje. Så no lurer eg på om det kan vere "Åndenes makt"-rart var det i alle fall.
Før middag i dag sat eg og bala med å komme inn på nettbanken, men etter at eg hadde vore ute i hagen ei stund, virka banken heilt fint. Brukte litt tid på å legge inn bilde frå i går, og skrive om det vi opplevde.
Vil gjerne drive litt PR for fyrmuseet og anna som er å sjå og oppleve i nærmiljøet. Oldefar min som kom frå Sarpsborg og flytta til Oslo, var entreprenør og dreiv og bygde fabrikkpiper, fyrtårn etc. Derfor fekk han namnet "Tårn-Olsen". Han har ikkje bygt fyrtårn her på våre kantar.Eg har faktisk, med min høgdeskrekk vore oppe i to fyrtårn: Utvær fyr og Lista fyr.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...


2 kommentarer:
Er "clematisen" min eit ugras som eg bør luke vekk, eller er han like fin sjølv om han er vill?
Det er opp til deg å bestemme, men ver obs. på at den kan ta over for andre plantar, sidan den er så vill og villig.
Legg inn en kommentar