Eg vakna ikkje så tidleg i dag enda eg venta at Solveig skulle komme.Vi (dvs. ho) skulle ringe til Ulsteinvik og bestille time til meg,for å få nye høyreapparat og så skulle vi kanske finne på noko.
Solveig kom som avtalt, men det vart ikkje nokon avtale med Ulsteinvik, for dei hadde ferie.Så då vart det utsett. Men vi tok oss ein tur ned på ALTI der Solveig fann fram nokre gode sko til meg. Elles handla vi ikkje der, men stoppa på KIWI på heimvegen så Solveig fekk kjøpe det ho trong. Eg hadde ikkje behov for å handle i dag, eg strevar med å få ete kjøleskapet tomt. No når eg har bil, treng eg ikkje å hamstre så mykje.
Eg fekk ikkje gjort meg ferdig med plenklippinga i går kveld for då eg skulle ut att å gjere meg ferdig regna det. Så Solveig tok resten av plenslåtten i dag. Eg gjorde meg klar for bruke kantklipparen. Men eg må ha hjelp til å legge på sen, det brukar Erlend å gjere, så eg sende han ei melding-og fekk svar. Han var i Oslo og kjem heim sundag.
Eg har strikka nokre lestar, sat med den siste i går kveld og så vart det litt for lite garn til den siste lesten, sånn ca10-20 cm. Eg hadde spurt Solveig om ho hadde meir -men ho hadde ikkje akkurat det garnet. Så no er rådyra gode som ho sa ei eg kjende ein gong.
Det var heilt nydeleg å få ein sommardag først i oktober. Eg set veldig pris på det.Det kan godt komme fleire.
No går sola snart ned, og det kjem vel til å regne når kvelden kjem , slik som i går. Det har faktisk vore slik lenge at regnet kjem om natta og sola om dagen. Det er no ikkje så verst, det.
