onsdag, desember 31, 2014

Dagbok 2014: 31.desember = nyttårsaftan

Klokka er 15.45, temperaturen + 7 grader C og det er skya opphaldsvêr. Her inne på Vallabøen er det stilt, men det var vind på Rjåneset.
Ja, vi var ein tur dit ut i dag; Nils ville sjå etter båten og eg blei med for å kome ut dørene litt. Hadde ikkje lyst å gå på Amfi og trakke i dag. Mens Nils sjekka båten, gikk eg ein bitteliten tur for å ta bilde, slik eg plar gjere.Der ute var det ikkje snø, men det er det her hos oss.
Då vi kom heim åt vi lunsj. Festmaten står no på kok. Vi skal "feire" kvelden åleine, og det er vårt eige val. Vi er ikkje åleine når vi er to,seier eg, og så slepp vi å pynte oss. Eg går så påballa med klede at eg har det best heime. Vi skal ha pinnekjøt, dampamòr og rabbestappe. Vi kunne hatt svineribbe viss vi ville, har to stk. liggande, men når vi har lyst på julemat, så blir det slik.
No hadde eg endelig lært meg å skrive 2014-og så må eg frå i morgon av venne meg til å skrive 2015-det blir ikkje lett.Men gler meg til å begynne på den fine, raude dagboka eg fekk av Ramus & Co til jul !
Året som vi no legg bak oss har innehelde både gode og mindre gode dagar, slik er det alltid. Heldigvis har dei fleste dagane vore gode. I dag måtte eg leite fram ein gammal song på You Tube:" Räkna de lyckliga stunderna blott......" eg trur det kan vere ein god leveregel. Det med lykke er svært overdrive. Ingen er lykkelige heile tida, men ein kan vere tilfreds -og så kanskje oppleve augneblinkar med rein lykke. I vår alder kan vi no starte med å vere glade for at vi lever!
Eg har ikkje sansen for å bli altfor filosofisk fordi det er nyttår, og kva det nye året vil føre med seg av godt og vondt veit vi ingen ting om i dag. Vi kan berre håpe på at det blir bra.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen eit GODT NYTT ÅR, og takke for all kontakt i det året som snart er slutt.

tirsdag, desember 30, 2014

Dagbok 2014: 30.desember


Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 5 grader og vêret er begredelig. Vi hadde fått mykje fin kvit snø, men så kom det regn og mildvêr så no er det berre slaps. Ikkje har det vore heilt lyst heller i dag.
Nils mòka snøen av altanen før vi tok ein tur nedover. Hadde ikkje så mange ærend, men må no komme oss ut dørene litt. På Amfi treffer vi alltid kjentfolk, særleg Nils møter mange han kjenner.
Så fann vi ut at vi kunne reise til Volda og ete middag. Kinarestauranten var stengt, så vi prøvde Coop i Furene, men dei hadde ingen ting som frista.
Då var vi imidlertid komne så nær Plantasjen at eg kunne stikke innom og kjøpe meg 4 amaryllis for ein billeg penge. Kjøpte berre to stativ, for det er vel heller sjeldan ein har fire blomstrande amaryllis på same tid. No gler eg meg til dei sprett ut for fullt. (29,90 pr. stk). Såg at dei hadde fått inn engelske pelargoniar, men dei trivst ikkje hos meg.
Det blei ingen ordinær middag på oss i dag, men sild, egg og anna julepålegg.
Etterpå blei det pause på sofaen -med lydbok.
No reknar eg med av det blir ein del TV-sjåing resten av kvelden. Det blir aldri tid til å kjede seg; dagane vert alltid for korte for meg.
Men eg skal innrømme at eg ser fram til lengre og lysare dagar.

mandag, desember 29, 2014

Dagbok 2014: 29.desember

Klokka er no17.30. Temperaturen er + 2 grader C.
Sist natt hadde det kome mykje snø, så alle mannfolka i gata fekk ein travel føremiddag, med gratis trim på kjøpet. Etter kvart vart snøen meir og meir flytande, så no ser det ut til at den kvite jula renn vekk.
Mens Nils mòka ute, rydda eg opp inne, vaska og støvsuga. Det var faktisk behov for det i dag. Var nokså maroder då eg stod opp, men ryggen har faktisk best av at eg er litt aktiv. Det å sitte er framleis vondt.
Vi var ein liten tur nedover på biblioteket for å hente ei bok som eg skal rippe. Om eg kjem til å lese den er ei anna sak. Sist natt låg eg våken og skulle lese i ei bok, til slutt vart eg så lei av både boka og opplesaren at eg stod opp, fjerna boka frå iPoden og la inn ei anna. DÅ somna eg. No har eg begynt på enda ei anna, men veit ikkje om eg likar den heller.
Tenkte eg skulle gjere eit varp på Cubus i dag, men det eg skulle hamstre var utselt. Var innom parfymeriet og kjøpte noko anna eg skulle ha, til ordinær pris. Såg nokre flotte raude jerngryter, med lòk, på Kitch`n i dag, til 545 kr-syntest det var ein rimeleg pris. Berre synd eg ikkje treng ei slik.Det var meir folk på Amfi i dag enn før jul.
I dag blir det kjøpepizza til middag, har den i omnen no. Ja, eg legg no på litt ekstra fyll. Her er det stort sett Nils som bestemmer middagsmenyen, og det er heilt greitt for meg.
                                 Parkeringsplassen ved Amfi i dag. Mobilbilde.

søndag, desember 28, 2014

Dagbok 2014: 28.desember

Klokka er snart halv seks, og det er bekmørkt ute. Temperaturen er ca 0 grader C, og det har snødd meir og mindre heile dagen.
Eg har vore plaga med rygg og hofte i dag, så eg har tatt det veldig med ro.Har berre rydda litt på kjøkkenet og stroke nokre klede, mest dukar, elles har eg lege mykje på sofaen og høyrt lydbok. Gjer det eg kan for å kome i form att. Det å sitte framfor datamaskina er i alle fall ikkje godt for verken det eine eller det andre.Ikkje strikking heller. Og no når eg hadde kjøpt så mykje garn!Litt irriterande, men det kjem vel betre dagar.
Nils har vore ute og mòka litt -han har ikkje tatt fram fresaren enno. Til middag i dag vart det kokt lange, vi passar på å ete fisk innimellom.I morgon må eg vel shine opp huset litt etter helga.

Bok nr.85 - 2014: Djevelens barn

I den første boken om kripos-etterforskeren Edvard Matre (Av jord er du kommet) til tok Edvards kjæreste Victoria livet av mannen som hadde myrdet hennes venninne, og fikk hjelp av Edvard til å kvitte seg med liket. I avslutningen av bind to, Den blinde guden, reiste Victoria tilbake til Bergen og tilstår drapet.

Djevelens barn starter med at saken mot Victoria blir henlagt etter bevisets stilling. Edvard har så vidt unngått å få avskjed på grått papir for sin delaktighet, men er blitt forflyttet til en nyopprettet avdeling som skal følge opp forsvunne asylbarn. Alt Edvard ønsker er å få sin gamle jobb som drapsetterforsker tilbake, men en dag dukker en bekymret ung kvinne opp på kontoret hans. En tretten år gammel gutt er forsvunnet fra mottaket hvor hun jobber, og ingen synes å bry seg. Motvillig begynner Edvard å kikke nærmere på saken. Ganske raskt skjønner han at noe er veldig, veldig galt.

I Bergen klarer ikke Victoria å leve med sin egen skyldfølelse. Hun er besatt av tanken på å finne identiteten til mannen hun tok livet av. Etter hvert får hun hjelp av den nylig pensjonerte politimannen Preben Jordal som heller aldri har klart å slippe saken. Men det er ikke ufarlig å avdekke historien om en morder. Selv om fortiden er begravd, betyr det ikke at den er død ..
..............................................................

Dei fleste krimbøker går inn eine øyret og ut att det andre, bokstavleg tala, og det gjer denne også. Har lese dei to første i serien utan at dei gjorde inntrykk , og det gjer  ikkje denne heller. Grunnen til at eg likevel fullfører, er nok opplesaren Lasse Lindtner, som les på bergensdialekt, og diverse andre dialektar. Akkurat det gjer at boka minner mykje om bøkene med Varg Veum. MenVeum er betre!
Eg brukar å vere forsiktig med å kalle ei bok "dårlig"- men eg er frista! Eg har "falle ut" så mange gonger og spola tilbake, at eg trur eg har høyrt det meste to gonger. Alle som les lydbøker, forstår kva eg meiner. Her er så mange klisjear og "fragment" frå anna krimlitteratur -veldig lite originalt. Men ikkje alle har lese så mykje krim som eg.(Eg har sletta den frå datamaskina).

lørdag, desember 27, 2014

Dagbok 2014: 27.desember




Klokka er 17.00. Temperaturen er minus 6 grader C, og det har vore ein fin dag. Det har ikkje kome meir snø, så snømengda er overkomeleg. Bilda er tatt ein gong mellom klokka 13.00 og 14.00. Då var det lyst og fint , og nesten sol.
I dag var vi ein tur på Amfi før middag. Det var eigentlig ikkje noko vi skulle ha, men eg likar betre å gå tur inne enn ute, når det er kaldt og glatt, så det vart litt "mall-walking" i dag. Og så trefte vi folk å prate med. Det er no alltid kjekt.
Etterpå tok vi ein biltur til Volda, for å varme opp bilen; eg gjorde meg eit ærend for å kjøpe meir lestegarn. Strikka ikkje lestar i julegåve i år, trudde alle hadde i overflod, men så viser det seg at det er fleire som kan tenke seg nye strikkalestar. Det går bra, lestar strikkar eg på autopilot. Kjøpte meir av det tjukke garnet som heiter Viking Raggen, det strikkar eg på pinnar nr.4. Det er mjukt og godt å halde i.
Ei stund etter at vi kom heim, varma vi opp middag frå i går. Åt oss godt mette og fraus restane. No har vi drukke kaffi og ete dessert. Elles har eg slappa av og tatt verda med ro i dag, så får vi sjå om eg er litt sprekare i morgon.
Håper at naboane, som er i Eksingedalen, kikar innom bloggen, så dei ser at det står bra til her.

fredag, desember 26, 2014

Dagbok 2015: 26.desember = 2.juledag.



Så fekk vi i alle fall kvit jul i år.

Denne juleduken har motiv av dei heilage tre kongane, og skulle vel eigentlig vore i bruk 13. dag jul. Ikkje pynt på bordet, for vi må ha plass til maten.

"Ungdommane" plar sitte ved salongbordet. Dei minste barna plar vere i lag med dei vaksne. Men i dag ville ingen vere så små at dei sat i lag med oss, så dei flytta hit.Duken ser litt rar ut, men om ein klikkar på bildet blir den normal.

Klokka er 19.30, temperaturen ute er minus 3 grader. Her har kome meir snø, men ikkje så mykje som på Hareid.
Andre juledag er det tradisjon å samle familien her hos oss. Og slik blei det i år også. Maten var også tradisjonell; Stroganoffgryte med diverse tilbehør. Til dessert hadde vi bløtkake og kaffi. Det vart mykje eting og prat-det er også ein tradisjon.
Det var einkvan som ymta frampå om at dei forlet eit rotehus. Eg kan berolige alle med at no har vi rydda opp att, så no er det berre å vente på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig.
Eg skulle ønske at vi kunne få nokre dagar med snø og kulde og sparkføre, elles blir eg berre gåande og trakke inne.

Bok nr.84 - 2014: Fargeløse Tsukuru Tazaki



Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår



Når Tsukuru Tazaki drar hjem på ferie etter et halvt år med universitetsstudier i Tokyo, oppdager han at de før så uatskillelige barndomsvennene hans brått har snudd ryggen til ham. Under oppveksten var de fem vennene sikre på at vennskapet ville vare evig. Men noe har forandret seg, og ingen vil si hva det er. 
Flere år senere er Tsukuru en vellykket ingeniør og har innledet et forhold til den litt eldre Sara. Når hun får høre om barndomsvennenes svik og den skyggen det har kastet over Tsukurus liv, oppmuntrer hun ham til å reise hjem og nøste opp i det som skjedde. Tilbake i hjembyen oppsøker han de gamle vennene. Etter hvert må Tsukuru ta inn over seg alt det gruppen har undertrykt for å kunne vedlikeholde idealet om det perfekte vennskapet. Kan skjulte følelser forbli skjult for alltid? Og kan det å konfrontere fortiden gjøre det mulig å åpne seg mot framtiden?
Med Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår vender Murakami for første gang på over 25 år tilbake til den spesielle formen for realisme han er så kjent for fra Norwegian Wood. Romanen har blitt mottatt med enorm internasjonal entusiasme, og solgte 1 million eksemplarer i Japan bare i løpet av den første uken den var i salg.

..................................................................
Eg brukar å like Murakami sine bøker, og eg likte for så vidt denne også.Men eg las den over for lang tid, berre på slutten fekk eg lese mykje i samanheng. Skal ikkje skrive meir om det, for Margrete skal lese den no.

torsdag, desember 25, 2014

Dagbok 2014: 25.desember = Juledag



GOD  JUL
Klokka er snart 14.00. Temperaturen ute er minus 7 grader, og det er nydelig vêr. Det første bildet tok eg tidleg i dag, dei to andre var eg nettopp ut på trappa og knipsa.
Nils har vore ute og gått tur. Eg såg preika på TV mens eg strikka ferdig ein lest, som ikkje vart heilt ferdig til jul.Eg såg ikkje berre heile familien til Ari Behn og prinsessa, men også Solveig frå syprogrammet på TV. 
Elles har eg laga klart diverse til morgondagen, men det meste har eg gjort før.
Til middag i dag skal vi ha påståla lange, kan ikkje ete kjøt kvar dag, og Nils er ikkje van med lutafisk. Kokt lange likar vi godt begge to.
Og så blir det vel ein middagslur; sov ikkje så roleg i natt, det vart konsummert ein del kaffi i går kveld.

Vi har ikkje fått heist flagget i dag, for det hadde frose is i flagghaldaren på altanen.Håper alle har hatt det bra så langt i jula, og så ønsker vislekt og venner ei fortsatt god julehelg.

 Nils tok bilde med mobil i skogen. Som de ser er her ein del snø.



(Irriterande med flystripa på øvste bildet, den er ikkje slik på originalbldet).


Dagbok 2014: 24.desember


Klokka er 24.00 og temperaturen uteminus 7-8 grader C. Vi kom nettopp heim etter å ha feira julaftan på Hareid. Vi hadde ein fin tur heim att i skin av stjernene. Og vi har hatt ein veldig fin julekveld i lag med Solveig og familien hennar. Vi har så mange gåver, så mykje fint med oss heim, og det blir vel langt på natt før vi har fått alt på plass.
Vi starta tidleg. Reiste heimanfrå ca 13.20; gudstenesta tok til 14.30. Etterpå vart det middag , pakkeutdeling , kaffi, kaker osb. Hos Solveig og Øystein.Dei fire "barna" var heime, det er så kjekt å treffe alle.
Takk for at vi fekk feire jula i lag i år også.
Lesestoff er populære julegåver. Det er ein tradisjon at Øystein kjøper "Jul i Nordfjord". Og i år var det bilde frå Eidsgata på framsida !

tirsdag, desember 23, 2014

Dagbok 2014: 23.desember= Lille lulelaff

Denne dagen vert i vår familie ofte kalla "lille lulelaff"- Det var det Solveig som sa, då ho var lita.
Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 1 grad C. Det har vore litt lettare i dag, trur eg, eg var ikkje ute mens det var lyst, berre ein liten tur ned på Amfi etter at det vart mørkt.No ser eg på TV at vi skal få sol og fint vêr i jula. Håper det held seg oppe.
I dag har eg vore relativt "flink". Før middag vaska eg dusjkabinettet, og dei teppelause golva.Støvsuga litt, og så pakka vi inn eit par gåver. 
Til middag hadde vi spekesild og kålstuing. Det var godt, men eg har drukke så mykje etterpå at det skvumplar når eg går. Det blir reine "tarmskyllinga" før jul!
Det vart ein liten pause, før Nils var ned på Amfi og drakk kaffi med Hassan. Mens han var vekke kledde eg meg om såpass at vi kunne ta ein tur i lag etterpå. Det vart ikkje handla noko anna enn mat, men eg spår det blir ein del SAL etter jul!Butikkane er ikkje tomme.
Elles har eg vaska og bretta klede, tømt oppvaskmaskina og vaska "rundt" på kjøkkenet - slikt arbeid som aldri blir lagt merke til - så lenge nokon gjer det.
Vi ser fram til å feire julaftan på Hareid i år også. Det er stemningsfullt i kyrkja der, med vakker song. Det blir spurt så ofte om kva som skal til for at ein kjem i "julestemning". For min del er det julesongane.
Så vil eg ønske alle blogglesarane mine ei GOD JUL.

mandag, desember 22, 2014

Dagbok 2014: 22.desember



Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er + 2 grader C. Det har regna i heile dag, så det har vore slapsete og ekkelt.
I dag var det handledag. Vi hadde ei lang liste over mat som skulle kjøpast inn. Vi fann ut at det var så mykje folk på Amfi, at vi for like godt bort i Furene for å handle på Coop der. Det var veldig mange som hadde tenkt slik som vi. Men det gikk no greitt å få tak i det vi skulle ha.
Ein annan ting var at vi skulle kjøpe oss eit nytt juletre, men dei hadde berre slike som var for store. No slakkar eg plast, altså. men vi fekk kjøpt nye lys til det bitte lille vi har frå før.
Hadde att å kjøpe nokre gaver også, men no er alt i boks. Trur eg. Då vi kom heim og hadde fått alt på plass tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp, før vi slappa av, Nils i recliner og eg på sofaen. Så fekk vi uventa besøk av Solveig og Øystein, som kom med gåvene til Margrete, vi har ei transitthamn her. Og så var Margrete i området, så ho og dei tre eldste kom oppom dei også. Brått var vi ein heil flokk. Eg likar godt slike uformelle samkomer, litt mat finn ein som regel også. Og kaffi.Vi hadde som sagt problem med lyden på TV, men den som fiksa det, var Ingeborg, så no høyrer vi. Eg er ikkje heilt sikker på kva ho gjorde, men det funka i alle fall.




Det vart etter kvart fullt rundt salongbordet. Andre juledag blir vi enda mange fleire om alt går etter planen. Vi håper det.


søndag, desember 21, 2014

Bok nr.83 - 2014: Leve kongen.

Londons beste strøk, 1901:
Byen koker av forberedelser til kroningen av Kong Edward.

Huset Dilberne er tilbake på toppen. Økonomien ble reddet da sønnen giftet seg med Minnie, datteren av en kjøttbaron fra Chicago.
Grevinnen er skeptisk til sin gravide svigerdatter som ikkefinner sin plass i aristokratiet.

Men problemene blir langt større når familien må ta seg av den 16 år gamle, foreldreløse niesen Adela. Når hun rømmer, trues Huset Dilberne av offentlig skandale. Alt dette rett før deres husvenn, kongens store kroningsdag.
Med humor og unik fortellerglede trekker Fay Weldon oss inn i en meddrivende historie om de rike, deres tjenere, kjærlighet, dobbelmoral og sladder.
.....................................................
Då har eg lese bok nr. 2 i serien. Dette er lett underhaldning, og eg har skumlese boka på papir innimellom. Eg kjem nok til å lese bok nr.3 også. Når Nils ser sport på TV, les eg papirbøker.
Litt artig å tenke på at Edvard den 7. var far til vår dronning Maud. Og altså bestefar til kong Olav.



Dagbok 2014: 21.desember

Klokka er 15.15. Temperaturen er + 2,5 grader C og det er litt regn. På sikt er det meldt kaldare vêr, så det kan hende vi får kvit jul i år. Men prestekragane, som framleis blømer, kjem vel til å fryse då.
Sundagane får eg sånn ro over meg til å styre på kjøkkenet, sidan vi ikkje plar fare og handle då. I dag har eg styrt litt med mat.
Fann ut at eg ville bake nokre julebrød. Eg kjøpte eitt hos bakaren for noko sidan, og det blei eg nesten dårleg av. Det same har hendt før- og mamma meinte det kom av at bakarane brukar syntetisk kardemomme. Ikkje veit eg.
I dag fann eg oppskrift på nettet. Der stod det at ein skulle legge rosinene i vatn ein halv time før bruk. Det trur eg var veldig lurt. Det som ikkje var fullt så lurt, var at eg ikkje smurde formene godt nok, og berre med olje. Sidan eg brukte olje då eg baka ut brøda, trudde eg det skulle halde, men eg hadde problem med to av brøda. Hadde eg brukt silikonformene hadde eg ikkje hatt problem med å få brøda ut . Av skade blir ein klok-men ikkje rik!
Elles er jula den tida på året då mange ting sluttar å virke. Naboen måtte kjøpe ny oppvaskmaskin, og her takka varmepumpa i kjellaren for seg -vi veit enno ikkje om den let seg reparere.Reparatøren har ikkje vist seg. Dei fekk ned ein laus varmeomn som vi har kjøpt for ikkje så lenge sidan, og den tok fyr!
Det vesle plastjuletreet som vi har hatt nokre år no, var heller ikkje i form - berre halvparten av lysa virka, og dei lyste STERKT. Det blir vel å finne seg eit nytt tre -hos Clas Ohlson. Eg er redd for alle slike halvdefekte, elektriske duppedittar. Hugsar ei julaftan, då vi hadde vanleg juletre, og dei elektriske lysa svikta ut på kvelden.Det begynte brått å lukte fisk, av alle ting.


Vi har ikkje ete middag enno, men i dag blir det fisk, må ha litt sunn og lett mat før det store julegildet tek til.
I morgon skal eg ha ein butikkrunde, har skive ned kva eg treng etter kvart eg kjem på noko. Og no har eg kome meg til att etter innsprøytinga fredag, så eg er i stand til å gå normalt.
I går skreiv eg julebrev på data, som eg sende som e-post. Veit at mange er imot ein slik praksis, men eg meiner at det er betre enn eit julekort med GOD JUL og GODT NYTTÅR på. dei fleste eg kjenner har eg no kontakt med på Face eller/og blogg.

lørdag, desember 20, 2014

Dagbok 2014: 20 desember

Klokka er no 18.10. Temperaturen er+ 3 grader og det regnar. Dessverre. Før middag snødde det, og då var det like før det vart julestemning. Nils var ute og mòka, han har ikkje teke i bruk fresaren enno, men brukar handemakt.
Eg vart ganske elendig etter sprøytene eg fekk i går, så arbeidet har gått litt treigt i dag, i og med at eg haltar rundt i låg fart. Eg fekk gjort det eg hadde tenkt, men handlerunde vart det ikkje. Nils var ein tur nedover, men den store handlelista ligg enno på datamaskina. Butikkane er no opne både i morgon, måndag og tysdag, så ingen ting står på.
Jobben min i dag var å stryke og legge på juleløperar og å støvsuge. Det vart gjort, men heile føremiddagen gjekk med. Plasserte løperane litt annleis enn før, og jammen var det bra at eg hadde hengt opp dei kvite gardinene når såpass mykje raudt skulle inn i interiøret. Dei lillablomstra sommargardinene er liksom ikkje høvelige til jul. Ein gong hadde vi gule gardiner med blomster, det var enda verre.

Slik såg sofakroken ut etter at eg var ferdig. Det mangla ein blomst på hjørnebordet, men eg rekna med det kom ein i løpet av jula, og den kom alt i dag. Matias kom med ei fin samanplanting, og Jorunn hadde sendt med ei ekstra gåve: Forkle og to handdukar, begge med makrellmotiv. Så no får vi håpe forkleet blir brukt! Fine og høvelige gåger var det i alle fall.

Eg tykte det høvde godt at julepynten frå comeback - presten vart plassert midt mellom to kyrkjer. Løparen har eg sjølv brodert. Det er heilt sant! Eg sydde den første året eg gjekk på lærarskulen, då vi budde fire jenter i andre etasje i huset rett nedanfor Gamlegymnaset i Volda. Vi sat og skravla og sydde til langt på natt i tida før jul. Løparen gav eg til mamma, men fekk den att då ho døde. Den ber på mange minne.


fredag, desember 19, 2014

Bok nr.82 - 2014: STONER

Litteraturen er full av uoppdagede perler. «Stoner» er en av dem. Boken utkom i 1965 i et opplag på slunkne 2000. Og ble fort glemt.
40 år senere ble den gjenutgitt i en amerikansk klassikerserie. «Den beste amerikanske romanen du aldri har hørt om», fastslo The New Yorker. Berømte forfattere trykket den til sitt bryst. Utenlandske forlag ble nysgjerrige. Og langsomt – like langsomt som bokens handling skrider frem – er den glemte romanen i ferd med å erobre verden.
Den ytre handlingen lar seg lett oppsummere: Bondesønnen William Stoner begynner å studere agronomi. Han skal overta familiegården, men lar seg – noe overraskende – fengsle av litteratur og språk. Til slutt frasier han seg gården og velger en akademisk karriere. Som universitetsprofessor blir han en eksentrisk skrue. Han lever i et kaldt ekteskap, han forelsker seg i en yngre student, han støter på motgang på universitetet, og til slutt dør han.
Et liv, kort og godt.
John Williams' språk – nydelig oversatt av John Erik Bøe Lindgren – er neddempet og tilsynelatende enkelt. Men underteksten er rik. Alt det usagte vibrerer mellom linjene.
I korte riss skisserer Williams hva det vil si å være menneske. Hans innsikt i menneskesinnet synes grenseløs. Presist og tidvis poetisk oppsummerer han ulike menneskers karaktertrekk og skjebner.
Det er ikke godt å si hva det er ved denne boken som griper fatt i deg. Som all stor litteratur rommer den noe udefinerbart – ja, noe magisk – som du hele tiden fornemmer uten helt å klare å sette ord på det.
Det skjer ikke så mye. William Stoner vakler gjennom tilværelsen. Dagene går. Årene går. Små og store hendelser fletter seg i hverandre. Og plutselig en dag er det hele over.
Akkurat så meningsløst – eller meningsfylt? – er et liv.
Deler av boken er vond å lese. Deler fyller en med oppstemthet. Jeg tror du skal lete lenge for å finne en likeglad leser.
Et lavmælt mesterverk.
......................................................................................
Denne bokmeldinga kunne eg godt ha skrive sjølv, men eg er ikkje så flink å formulere det eg meiner.
Det første som slo meg då eg begynte å lese boka, var at den virka så gammaldags. Men så såg eg at den var gitt ut i 1965-og det er faktisk ei stund sidan, sjølv om det ikkje vikar sånn for meg. Det er ei god bok, men den har ein veldig trist undertone, heile vegen. Passar særdeles godt for engelsklærarar.


Dagbok 2014: 19.desember.

KLokka er ca 19.30. Temperaturen ute er +1,6 grader C, det har vore regn og slapsete vegar i dag. Eg ville jo heller hatt litt meir snø og kulde, men vi får kanskje det også.
I dag før middag kunne eg ikkje sette i gang med noko storarbeid, sidan vi skulle til Volda og på butikkrunde når det lei på. Eg begynte å pynte til jul , så no er det båre advent- og julefargar i stova.
Eg fann ut at eg skulle pusse kopar og messing på ein lettvint måte. Fylte kaldt vatn i ei bøtte, tømte i ein pose citronsyre+ ein sprut Zalo. Let kjelar og lysestakar ligge ei stund i vatnet, før eg skylte i reint vatn og tørka med frottehandduk. Alt vart blankt og fint. Kor lenge det varer er ikkje godt å seie, men det varer ikkje så lenge om ein pussar på gamlemåten heller. Eg har gjort det same før, då med vinsyre, men dama på butikken sa at citronsyre er betre. Som de ser skriv eg citron med C, det er fordi det er i ein vanlig krydderpose, og dei er som oftast plassert alfabetisk. Og det står altså citronsyre på posen.
Eg bytta til raude lys i lysestakane og sette fram nokre juleting. Dukar og løparar skal på i løpet av helga.
Vi reiste til Volda, der kjøpte vi eit par julegåver etc. før eg var på Smerteklinikken og fekk mine sprøyter. Paradoksalt nok var eg ganske så bra i dag. Eg er verre no, men lit på at det kjem seg att.
Elles har vi henta pakken frå Rasmus, handla eit par småting på Amfi + litt mat.
Då vi kom heim laga vi oss herlig middag, julepølser med poteter og rabbe+ ribbefeitt frå i fjor. Og så vart det sjølvsagt middagslur etterpå og kaffi etter oppstandelsen.
Så vil eg ønske alle ei fin helg!

torsdag, desember 18, 2014

Dagbok 2014: 18.desember

Klokka er 19.45, temperaturen er + 3 grader C, og det regnar. Regn og grått har det vore i heile dag. Og eg har vore trøtt ! Somna ikkje før på morgonsida, og så stod eg i tillegg tidleg opp.
Fekk gjort ein del før middag. Bytta på sengane, og vaska kleda. Vaska soverommet og dei andre golva, men støvsuge får eg gjere i morgon eller ein annan dag, litt nærmare jul. Då kleda var tørre i tørketrommelen, fekk eg stryke og legge på plass. Eg er vel inga superhusmor, men å stryke er noko av det eg likar, og derfor gjer eg det.
Middagen vart lettvint i dag også. No var det siste fiskegratengmiddagen som gjekk av stabelen, så får vi frigjort litt plass i frysaren. Kanskje eg kan bake litt meir?
Har att å kjøpe nokre gåver, kanskje det blir litt handel sidan eg likevel skal til Volda i morgon. Skal ta sprøyte for den låke hofta mi.
Pakken frå Rasmus er komen til bygda, skal hente den i morgon. Nils var nedover ein liten tur i dag, men eg miste lysta på å fare ut då eg såg vêret.
Etter at vi hadde ete middag, måtte eg berre gi meg over å slappe av på sofaen. Mens eg stryk, og mens eg slappar av kan eg høyre lydbok og det har eg gjort i dag også. Elles skjer her ikkje mykje, og det er kanskje det beste.

onsdag, desember 17, 2014

Dagbok 2014: 17.desember

Klokka er ca 19.40. Det har vore opplett og fint vêr i heile dag. No er temperaturen + 3 grader.
Det første eg gjorde i dag var å shine opp kjøkkenet, for no har eg avslutta bakinga-trur eg. Vi somla litt med avislesing etc. før vi kom oss nedover. I dag fekk vi kjøpt nokre gåver, og vi fekk i tillegg litt mosjon , både inne på amfi og oppe i gågata. Så veldig effektive var vi ikkje. Og vi kjøpte ikkje mat! Var innom biblio og henta ei krimbok som eg hadde bestilt. Den skal eg berre rippe og levere ned att. Likar å ha eit lite lager liggande på maskina. Har ikkje kome skikkelig i gang med "Stoner" enno.
Heldigvis hadde Nils tatt opp fiskegrateng frå frysaren, så det gjekk fort å lage middag då vi kom heim.
Rett etter måltidet ringde ei  venninne og vi fekk oss ein lang og hyggelig prat før eg flata ut på sofaen.
No har eg drukke kaffi og lese om Cuba i Regionavisa, rett etter at eg hadde høyrt nyheitene. Bra tima.No må eg følge med på syprogrammet.
I dag kan vi gratulere Hans Petter med dagen. Eg gløymer aldri 17.desember 1990.

tirsdag, desember 16, 2014

Dagbok 2014: 16.desember

Klokka er 14.10, og temperaturen ca +2 grader C. Det har kome meir snø sidan i går, og no er det skikkelig fint ute. Skulle berre ønske det ville vare, for det blir så lyst og fint med alt det kvite.
Nils er på "julekaffi"  for pensjonistar på fabrikken der han jobba, mens eg er heime og bakar.
I dag trur eg det er siste bakedagen min, viss eg ikkje finn ut at noko manglar........Først laga eg ein bløtkakebunn, fordi eg tykte den eg hadde laga før, var for liten. Så sette eg ein stor bolledeig som no er forvandla til eit "juletre, eit brett med bollar og eit julebrød. Gjerbakst er i grunnen det eg likar best å lage.
Det juletreet er blitt ein tradisjon. 2.juledag er alle som kan samla her, og då har vi eit kveikt lys i toppen på treet. Eg plar lage det av rundstykkedeig, i år vart det ei søtare utgåve.Men før eg kunne begynne å bake var vi ein tur på butikken. Det er alltid noko ein ikkje har i hus.Godt at butikken er så nær.

Prestekragane i kassane utanfor kjøkenglasa har enno ikkje forstått at vinteren er komen; dei kjem stadig med nye knoppar. Og sjølv om dei er veldig malplassert når ein tenkjer på jul, har eg ikkje hjerte til å vrake dei.

Mens eg baka vart vêret berre finare og finare, og det vart nesten SOL. Ikkje mange dagar til den snur no, og då er mørketida over.No kom eg brått på at eg burde pusse kopar. Eg er meir frista til å gøyme koparen til over jul! Skal tru om nokon oppdagar det?


Bok nr.81 - 2014: Svøm med dem som drukner.


En storslått familiehistorie spilt ut med de store dramatiske hendelsene i Europa på 1900-tallet som bakgrunn. Vinner av Bokhandlerprisen 2014!
Høsten 1971 blir et kjærestepar funnet omkommet i Frankrike, på en avstengt, skogbevokst slagmark fra første verdenskrig. Deres tre år gamle sønn Edvard er sporløst forsvunnet. Fire dager senere dukker han opp på et helt annet sted i Frankrike.
Ingen vet hvor Edvard har vært, og han vokser opp på en fjellgård i Gudbrandsdalen sammen med sin tause bestefar.
Hva gjorde foreldrene i det avstengte skogholtet, og var det en tilfeldighet at de tråkket på en gammel gassgranat fra krigens dager? Og hvem har, til bestefarens begravelse, sendt dem et praktstykke av en kiste, snekret i et treverk ingen har sett make til?
Letingen etter svar fører 23 år gamle Edvard både til Shetland og tilbake til Frankrike, der han må grave seg inn i de mørkeste krokene i familiens fortid. En fortid som er tett vevd sammen med de store europeiske hendelsene fra forrige århundre, men også lidenskapen til en mestersnekker som søkte lykken i 30-tallets Paris. 
«Svøm med dem som drukner» er en stor episk fortelling med lange røtter. Lars Mytting ble for alvor kjent med verdenssuksessen «Hel ved».
.....................................................
Eg las boka "Hel ved" for eit par år sidan, då eg var relativt oppteken av saging og kløyving av ved. Eg oppdaga då at boka hadde kvalitetar langt utover det som eg hadde forventa.
Denne boka handlar også om ved, eller tre, materialar. Men dette er ein roman, der menneska har hovudrolla. Eg burde nok ha lese den meir konsentrert; som vanleg går eg rundt med bok på øyret mens eg gjer andre ting.( Det er derfor eg ofte les bøker om att.) Denne boka fenga meg frå første linje-og den heldt løpet ut. Sidan eg veit at Margrete skal lese den no /eller alt les den, overlet eg til henne å skrive meir utførleg om boka.

mandag, desember 15, 2014

Dagbok 2014: 15.desember.

Klokka er no 17.10. Temperaturen ute er 0 grader C. Bilda tok eg før middag, det har kome mykje meir snø etterpå. Kanskje blir det kvit jul i år?
I dag har eg hatt ein roleg dag. Laga nokre grove rundstykke før middag.Bodil og Svein var ein tur i Ørsta og stakk oppom oss ein tur også. Vi gjer det enkelt når dei kjem. I dag vart det rundstykke med røykelaks, pluss eplekake frå frysaren.Vi hadde ei koselig stund, og hadde som vanlig mykje å prate om.
Nils var litt oppteken ei stund, men reparasjon på varmepumpa i kjellerleilegheita, men no virkar den visst igjen. Godt om vi slepp å kjøpe ny og sette opp akkurat no.
Elles fekk eg melding om ei bok frå biblio i dag også, så Nils var innom og henta den.
Eg har ikkje vore så "låk" i dag, men så har eg heller ikkje vore ute for ei dør.

søndag, desember 14, 2014

Dagbok 2014: 14.desember


Klokka er19.30, temperaturen er + 3,5 grader C. Det har vore skikkelig grisevêr i dag, regn frå himmelen og slaps på vegane.
Nils gjekk ein trimtur opp i skogsvegane før middag. Eg bestemte meg for å sette to brøddeigar. Men eg såg at det vart knapp tid når vi skulle vere på  balletten klokka 14. Derfor vart det tre vanlege brød+ ein porsjon med Solveigs "Matpakkebrød". 
Vi kom på Kulturhuset kvart på to, for å oppdage at vi hadde tatt feil av tida, balletten begynte ikkje før klokka 14.30. I staden for å fare heim att, kjøpte vi oss kaffi, og fann kjentfolk å prate med.
Det var klassisk og contemporary  i dag, Amanda dansar berre contemporary no. Alle dansarane var flinke; dei hadde fine kostyme og dansa godt. Det vi sakna er scenografien til Jirij. Han er ein meister med lys og bilde.
Då vi kom heim, fann Nils flesk som han steikte i lag med egg. Brød hadde vi rikeleg av.
Eg hadde ikkje heilt godt av å sitte i ro så lenge, så eg måtte legge meg på sofaen  etter måltidet, for hofta verkte.
Bildet: Amanda er nr. tre frå venstre i bakerste rekke.
(NB: Eg veit at "bakerste" ikkje er eit ord på nynorsk, men eg tillet meg å skrive det her på bloggen.)
Dei to eldste gutane på Kongsberg går på taekwondo-trening. De finn begge i andre rekka; Eivind lengst til venstre, Vebjørn som nr.4. Om eg ikkje tek heilt feil.

lørdag, desember 13, 2014

Bok nr. 80 -2014: Huset Dilberne


 Huset Dilberne av Fay Weldon (Innbundet)
Fay Weldon skapte den klassiske TV-serien "Herskap og tjenere", en forløper til Downton Abbey. Nå gjør hun igjen det hun kan aller best. Tar oss tilbake til den fasinerende epoken i Storbritannia ved utgangen av det nittende århundre hvor vi gjennom tre uker følger livene til herskap og tjenere. Londons beste strøk, 1899: I herskapshuset til jarlen av Dilberne serveres det fortsatt ni retter til middag, og kvinnenes kjoler er drapert med diamanter, til tross for at familien står på konkursens rand. Lady Isobel Dilbernes eneste løsningen er å gifte bort sin sønn Arthur til en velstående arving. Men hvordan skal hun håndtere tjenerskapet som vet alt for mye om Arthurs fortid? Løsningen finnes i USA. Minnie O'Brien fra  Chicago er rik nok, men datter av en brakkebaron og en vulgær mor med en tvilsom fortid. Et utforende valg når en britisk overklassefasade skal reddes.
................................................................
Dette er den første av tre bøker. Eg har lese papirutgåva innimellom andre aktivitetar. Den er veldig lettlesen, så det går bra å lese berre litt om gongen. Margrete las desse bøkene, og så overtok eg;  har dei to andre liggande, så vi får sjå kva det blir til.
Dei som hugsar "Herskap og tjenere" og som har sett "Downton Abbey" veit kva det dreiar seg om. Men bøkene , som er skrivne i ein lett ironisk tone, har litt meir snert enn TV-seriane. Dessutan får vi vite litt meir om kva som skjer elles i verda i dette tidsrommet. I første boka er handlinga lagd til året 1899-det året pappa fart fødd.

Dagbok 2014: 13.desember= Luciadagen


Klokka er 18.00, temperaturen er 0 grader C og det har vore mørkt, regn og slaps i heile dag.
I dag vaska eg eit par skuffer på kjøkkenet etc. og så var vi ein tur nedover. Fekk kjøpt eit par julegåver, men laurdag er ikkje rette dagen for oss innfødde å handle. Men det var i grunnen mat vi trong mest, og det fekk vi tak i.
Etter at vi hadde ete lunsj, la eg meg på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande. Men det ser ut som om sofakuren virkar, for eg er mykje betre i dag, både i rygg og føter.
Eg driv og les Lars Mytting si bok. Då kom eg brått på at det jo er han som har skrive den bestseljande boka "Hel ved", som eg faktisk har lese. Den handlar om vedhogst m.m. noko som mange nordmenn har eit forhold til. Boka eg les no, er nominert til bokhandlerprisen.
Prata med ei jamaldrande veninne i dag, og vi kom inn på sølvpuss. Verken ho eller eg har brukt sølvet sidan vi pussa det i fjor. Så i år blir det ikkje pussa. Men så kom eg på at kopar og messing må pussast, det hadde eg heilt gløymt. Begynner visst å bli litt sløv.
Men uansett skal eg lage middag no. Det blir steikt blålange med heimelaga remuladesaus.
Og i morgon skal vi på ballett. vi skal berre sjå på, for all del.
TV-en står på -sportsjabb. Eg let berre att øyrene.

fredag, desember 12, 2014

Dagbok 2014: 12.desember

    Slik såg det ut nede i hagen vår klokka 12.00 i dag.

No er temperaturen ute + 5 grader C, og det er opplett. Men mørkt. I dag har eg ikkje vore ute, men prøvd å komme meg litt i rygg, hofte etc. Har med andre ord tatt det veldig med ro. Før middag vaska eg rett nok eit par golv, støvsuga og baka brød. Men så vart det lydbok på sofaen. Seinare rippa eg eit par bøker inn på maskina, mens eg las i ei papirbok.
Vi har sett Beat for beat og Nytt på nytt,men  akkurat no er det heilt greitt for meg å sitte med ryggen til TV, så eg slepp å sjå på Vassendgutane. Høyre dei må eg likevel. Eg likar eit par av songane deira, men ikkje meir enn det "Granada" er den eg likar best.
I dag sende vi pakken til Kongsbeg, dei her omkring har eg ikkje begynt å kjøpe til enno. Men det blir vel ei råd.
Vart litt letta i dag då eg heldt på å støvsuge. Eg tenkte at det var no ikkje om å gjere å vere så nøye på det, måtte no vaske måndag og tysdag igjen. Så gjekk det opp for meg at det er ei heil veke og vel så det att til jul.
Vil ønske alle ei god helg, og håper at de har ei fin førjulstid utan for mykje stress. Eg har aldri baka lefser, og ikkje flatbrød. Eg har aldri laga sylteflesk eller lammerull heller. Og aldri koka søst eller gombe. Men JUL har det blitt kvart år likevel; ikkje har vi gått svoltne heller. Det meste er å få kjøpt.

torsdag, desember 11, 2014

Dagbok 2014: 11.desember


Klokka er 21.00. Temperaturen er + 4 grader C og det er opplett akkurat no. Litt regn tidlegare i dag. Vi kom nettopp att frå førjulsfest på Folkestad skule. Det er alltid kjekt å vere der. Sidan skulen er såpass liten, får alle elevane vere med i programmet, og foreldre og besteforeldre fyller salen.Erlend var konferansier ei stund og så spela han piano. Amanda song duett i lag med ei anna jente, song i lag med ei større gruppe og dansa i lag med klassen sin. Det er veldig upretensiøst program, og publikum ler og klappar. Trur ikkje nokon er redde for å dumme seg ut. Så var der mat på fat, og "kollekt". Eg tok ikkje bilde, men det var nok av dei som filma med mobilane sine.Så kanskje Margrete legg noko ut på blogg og FB.
Ruth og Harald sat på med oss i bilen på ferja, sette att sin eigen på kaia. Tilbake var også Eirik med.
I dag vakna eg med veldig vond rygg, og eg har ikkje vore så bra i dag. håper det kjem seg att.Var visst litt for ivrig med strikkepinnane eit par kveldar. Men eg fekk no gjort ein "julejobb" i dag også. Steikte ein stor porsjon krumkaker som eg delte på oss og Margrete. Her er det sjelden vi et opp kakene våre.
Til middag åt vi ein porsjon av dei "mislykka " fiskekakene våre. Så blei det ei lita pause før vi drakk kaffi og gjorde oss klar til å ta 17.30 -ferja frå Volda. Men først var vi innom biblioteket, der eg henta nokre bøker som var lagt til sides til meg. Ein liten tur innom Amfi vart det også, eg måtte kjøpe meg litt smertestillande medisin, blant anna.


Då vi kom heim måtte eg ta bilde av snøen som ligg her hos oss. Verken i Volda eller på Folkestad var det snø, og ikkje på andre sida av fjorden her heller.

Her er bokfangsten frå i dag. Har reservert fleire bøker på biblio, som eg får etter kvart dei kjem inn. Eg er avhengig av lydbøker etter som eg blir dårlig i venstre auge når eg les for mykje på papir.

onsdag, desember 10, 2014

Bok nr.79 - 2014: Levende og døde i Winsford

Omtale: Levende og døde i Winsford
Håkan Nessers nyeste roman er en fortelling om avskjeder og nye begynnelser. En klassisk Nesser-fortelling der ubehaget ulmer og ingenting er slik det ser ut til å være.

En kveld i november ankommer en kvinne byen Winsford på Exmoor i sydvestre England. Hun bosetter seg i et avsidesliggende hus ute på heiene sammen med hunden sin. Hun oppgir ikke sitt egentlige navn, og hvorfor hun har ankommet, er høyst uklart. Hun bruker dagene til å vandre rundt i den tette tåken og snakke med villhester. Hun har bestemt seg for å overleve.hunden sin. Kvinnen har en fortid og en historie. Selvfølgelig har hun det. Men er det noen som leter etter henne? Og hva har hendt med mannen hennes? Er han i live? Hvem er han egentlig? Og hva skjedde i Marokko for tretti år siden?
Spørsmålene er mange i Håkan Nessers nyeste roman Levende og døde i Winsford, en fortelling om å flykte fra sitt gamle liv. Om å forsøke å ta et oppgjør. Om kanskje å begynne på nytt igjen til tross for at man ikke lenger er ung og har livet foran seg.
Håkan Nesser har hatt stor suksess med sine kriminalromaner om Van Veeteren og Gunnar Barbarotti. Han har utgitt.25 bøker på like mange år, og er oversatt til like mange språk..
«En fulltreffer fra Nesser.» Katrineholms-kuriren.

...........................................................................
"Dette er ikkje krim", sa bibliotekaren, då eg lånte boka. Men eg er ikkje så sikker på det. Spennande er det i alle fall. Heilt til slutt. Nesser er ein av de mange favorittane mine, og denne boka har så avgjort ein NERVE.

Dagbok 2014: 10.desember

Klokka er 21.40.Temperaturen er +3 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag, snøen smeltar. Vi kom oss nettopp inn på Internett igjen, etter å ha vore uten i timesvis. Telefonen virkar ikkje, derfor har Nils drive og tatt ut og inn ledningar. Vi har alt på Tussa: data, TV, telefon. Og TV-en har virka heile tida. Men å vere utan nett er nesten ei katastrofe i vår tid.
Eg har ikkje vore verken flink eller flittig i dag, har berre gjort litt småtteri rundt omkring. Men så kom Margrete, Ingeborg og Erlend på besøk, så vi hadde ei koselig stund i lag med dei.
Eg treng ein dag med sol og lys, for slik det no er kunne eg sove heile døgnet, så trøytt er eg.Det er så vidt Nils får liv i meg om morgonen. Trur eg må begynne å stresse litt-det er jo snart JUL.
Det vart sein middag i dag, lettsalta lange. Det er ein av mine fiske-favorittar.
I morgon kveld er det førjulsfest på Folkestad.



Bilda er tatt klokka 12.30. Snøen smeltar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...