mandag, desember 22, 2014

Dagbok 2014: 22.desember



Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er + 2 grader C. Det har regna i heile dag, så det har vore slapsete og ekkelt.
I dag var det handledag. Vi hadde ei lang liste over mat som skulle kjøpast inn. Vi fann ut at det var så mykje folk på Amfi, at vi for like godt bort i Furene for å handle på Coop der. Det var veldig mange som hadde tenkt slik som vi. Men det gikk no greitt å få tak i det vi skulle ha.
Ein annan ting var at vi skulle kjøpe oss eit nytt juletre, men dei hadde berre slike som var for store. No slakkar eg plast, altså. men vi fekk kjøpt nye lys til det bitte lille vi har frå før.
Hadde att å kjøpe nokre gaver også, men no er alt i boks. Trur eg. Då vi kom heim og hadde fått alt på plass tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp, før vi slappa av, Nils i recliner og eg på sofaen. Så fekk vi uventa besøk av Solveig og Øystein, som kom med gåvene til Margrete, vi har ei transitthamn her. Og så var Margrete i området, så ho og dei tre eldste kom oppom dei også. Brått var vi ein heil flokk. Eg likar godt slike uformelle samkomer, litt mat finn ein som regel også. Og kaffi.Vi hadde som sagt problem med lyden på TV, men den som fiksa det, var Ingeborg, så no høyrer vi. Eg er ikkje heilt sikker på kva ho gjorde, men det funka i alle fall.




Det vart etter kvart fullt rundt salongbordet. Andre juledag blir vi enda mange fleire om alt går etter planen. Vi håper det.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...