tirsdag, desember 23, 2014

Dagbok 2014: 23.desember= Lille lulelaff

Denne dagen vert i vår familie ofte kalla "lille lulelaff"- Det var det Solveig som sa, då ho var lita.
Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 1 grad C. Det har vore litt lettare i dag, trur eg, eg var ikkje ute mens det var lyst, berre ein liten tur ned på Amfi etter at det vart mørkt.No ser eg på TV at vi skal få sol og fint vêr i jula. Håper det held seg oppe.
I dag har eg vore relativt "flink". Før middag vaska eg dusjkabinettet, og dei teppelause golva.Støvsuga litt, og så pakka vi inn eit par gåver. 
Til middag hadde vi spekesild og kålstuing. Det var godt, men eg har drukke så mykje etterpå at det skvumplar når eg går. Det blir reine "tarmskyllinga" før jul!
Det vart ein liten pause, før Nils var ned på Amfi og drakk kaffi med Hassan. Mens han var vekke kledde eg meg om såpass at vi kunne ta ein tur i lag etterpå. Det vart ikkje handla noko anna enn mat, men eg spår det blir ein del SAL etter jul!Butikkane er ikkje tomme.
Elles har eg vaska og bretta klede, tømt oppvaskmaskina og vaska "rundt" på kjøkkenet - slikt arbeid som aldri blir lagt merke til - så lenge nokon gjer det.
Vi ser fram til å feire julaftan på Hareid i år også. Det er stemningsfullt i kyrkja der, med vakker song. Det blir spurt så ofte om kva som skal til for at ein kjem i "julestemning". For min del er det julesongane.
Så vil eg ønske alle blogglesarane mine ei GOD JUL.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

God jul til deg og Nils!

Hildegard sa...

God jul til dokke begge. Hels til Hareide!
Helsing Bodil og Svein

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...