lørdag, desember 31, 2016

Dagbok 2016: 31.desember

Klokka nærmar seg 21.00 og dei skyt vilt ute, men inne er det fredeleg. Vêret er roleg, med litt regn av og til. 
Ser at mange legg ut bilde på FB av fint dekka bord, og då blir eg litt flau over bordet på bildet mitt. Men det er ikkje "festbord" i den forstand.
Sidan Audun snart skal reise att, ville han og Einar komme innover ein tur i dag, Dei skulle ikkje ha mat, sa Einar, for dei skulle ut att til Hareid og ete pinnekjøt-etter som eg forstod. Men ein kopp kaffi og litt attåt tok dei imot. Etter ei stund kom Håkon også innom og han fekk skrape isbegeret. Det er koseleg med besøk, og denne jula kunne vi ikkje ta imot alle andre juledag, slik tradisjonen har vore, så besøka har vore puljevis, til dels også enkeltvis. Det er koseleg det også.
I dag har Nils hatt ein god dag. Han var ikkje heilt i form frå morgonen av, så han fekk legge seg nedpå etter frokost, mens eg støvsuga teppegolva.
Middagen i dag vart utradisjonell. Vi hadde mykje pinnekjøt att frå julaftan, men sidan vi begge vart dårlege i magen av den sterke kosten måtte vi gjere ein vri i dag. Vi enda opp med juleskinke i tynne skiver, med poteter, bernaise, surkål og grønsaker. Det smakte godt, og for meg er det ikkje så viktig kva eg et. Det viktigaste er at Nils får i seg mat. Det kan virke som om vi har det kjedelig, men det har vi ikkje. Vi har nok av god mat, program på TV-en og manglar ikkje noko.
Vil ønske alle blogglesarane ein fin kveld og alt godt i det nye året.
Vi takkar for all hjelp og omtanke i det året som no snart er slutt.
                                              

GODT NYTT ÅR!

fredag, desember 30, 2016

Dagbok 2016: 30.desember

Klokka er snart 19.00, temperaturen + 8 grader C, det bles og regnar litt innimellom. Vi har stort sett halde oss inne-som vanleg. Vi var seint oppe, og Nils fekk besøk av naboen på føremiddagen. Eg tok fredagsvasken på bad og kjøkken. Støvsuginga vart utsett til i morgon, det har blitt mykje TV desse sjakk-dagane.
I går laga eg ertersuppe med pølsebitar, og der var nok att til i dag også. Ingen av oss et like mykje som vi brukte å gjere før. Men eg føler for eit skikkelig kveldsmåltid. Det blir ikkje verken fare- eller svineribbe i morgon-men mat har vi, og planen er klar.
No er det snart slutt på dette året som har vore nokså spesielt for oss. Men vi har det etter måten bra.

torsdag, desember 29, 2016

Dagbok 2016: 29.desember.

Klokka er 19.30, temperaturen + 9 grader C, der er litt regn og litt vind. Men ingen dramatikk. Sjølv om dagane er mørke og våte, er det godt å sleppe snø og kulde - for oss gamle i alle fall. Dagane går fort uansett, og i dag har tida berre rast av stad.
Solveig og Olaug kom innover litt før klokka 13-og vi damene reiste først til Vik, der eg fekk levert bøker på biblioteket, posta brev og handla på apoteket. Det var dei viktige ærenda, men så fekk eg supplert matlageret også.
Då vi kom heim åt vi lunsj med brød og pålegg. Har nok av begge deler, for det minkar ikkje så mykje når vi er her åleine.
Etter at "jentene" var reist såg eg litt TV før eg tok ein tur til venninna mi på andre sida av gata. Eg såg ikkje på klokka, men eg trur vi sat ganske lenge og prata. Nils fekk i alle fall ei stund for seg sjølv der han kunne slappe av med sjakk. Eg har ikkje sett meir enn eitt spel i dag
Nils er som før, verken betre eller verre enn han har vore. Men han er no "oppgåande" -sjølv om han sit i godstolen. No skal vi snart ha oss eit måltid, kva det skal bestå i er opp til han.
I morgon trur eg at det er på tide å vaske og rydde litt. Kanskje.

onsdag, desember 28, 2016

Dagbok 2016: 28.desember.

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 8 grader C, og så vidt eg har observert har vêret vore rimeleg bra i dag. Det var i alle fall lyst ei stund, og trappa er tørr. Eg var ein tur opp til postkassa i dag, elles har eg ikkje vore ute.
I går fekk vi ikkje tak i rørleggar, men i dag kom det ein kjekk ung mann og fiksa kjøkkenkrana på mindre enn fem minutt, så no slepp vi den irriterande sildringa. Eg fekk jobben med å springe opp og ned i kjellaren og stenge/opne hovudkrana.
Ein del av føremiddagen gjekk faktisk med til å fylle ut skjema for pasientreiser. Snakk om tungvint system! Eitt og samme skjema skal dekke alle eventualitetar. Dei kunne no hatt ein litt forenkla versjon for bussreiser til og frå Åse sjukehus t.d. Eg veit ikkje om det blei rett, for sant å seie er eg analfabet når det gjeld skjema, reint generelt. Vi får det vel i retur.....
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, vi har site mykje framfor TV-en og sett sjakk, berre i ei av pausane sovna eg litt. Eg strikka på dei evinnelege lestane mens eg sit der og glor, og i dag var det ikkje fritt for at ei og anna maske datt av pinnen. Men det gjekk no bra til slutt-med Magnus.
Vi har ikkje ete middag i dag, men tok oss skiver med sild etc. i staden. Brødskiver funkar betre for Nils enn middagsmat og i dag har han hatt ein god dag. Både han og eg sov lenge om morgonen, og når han har sove seg godt ut er han i betre form.
I morgon må eg ha meg ein tur nedover for å poste brevet med reiseskjema, og så skal eg hente medisin på apoteket. Blant anna.
Eg har leita fram det fine sjakkbrettet vi kjøpte i Tyrkia for lenge sidan, det er laga av slipt stein. Der er steinbrikker til, men dei har eg ikkje klart å finne att enno. Må nok gjere eit djupdykk både her og der for å finne dei att. Dagane går veldig fort til tross for at det ikkje skjer så mykje, og vi slepp å tenke på at ferien skal ta slutt.

tirsdag, desember 27, 2016

Dagbok 2016: 27.desember

Klokka er 18.45, temperaturen + 2 grader C, og vêret har vore heilt normalt, overskya og litt regn.
Eg vart nesten litt skuffa for at det ikkje vart meir dramatisk på vêrfronten i går kveld og natt, sidan eg hadde budd meg så godt. Her var knapt eit vindpust å oppdrive-i alle fall ikkje her hos oss. Trur vêret må ha snudd før det kom hit.
Her sat vi rusta til fingerspissane med ved , stearinlys, kaffi og batteriradio, og så skjedde det absolutt ingen ting! Ja, sjølvsagt var det bra, men......
I dag har eg stelt litt i huset, som vanleg, sett litt TV, strikka litt etc....som vanleg.
Til middag i dag vart det heimelaga tomatsuppe med kokte egg til + rikeleg med fløte. Det kunne Nils ete. Han likar best "våt" mat. Eg et kva det skal vere så det er greitt for meg. No må eg snart slå opp i "suppeboka" mi for å finne fram til fleire næringsrike og velsmakande supper. Der er nok å ta av. Ingeborg, som blant anna jobbar på suppekjøkken,  hadde ein del tips.
Vi sat og såg litt TV då Margrete ringde og sa at dei kom oppom. Ho og ungane hadde vore på kino her i Ørsta og sett "Dyrene i Hakkebakkeskogen"-den nye teiknefilmen. Dei var vel ikkje akkurat i målgruppa nokon av dei. Men filmen var fin, den.
Her fekk dei ikkje så stor oppvatning, det vart litt kaker og konfekt. Som før sag har eg ikkje så mykje for hånden, mesteparten av maten vår ligg i frysaren.
Nils har ikkje vore heilt i slag i dag, han sov dårleg sist natt, og det heng i utover dagen. Vi sat og såg sjakk ei stund, men eg veit enno ikkje korleis det gjekk med Magnus Karlsen. Det blir vel meir TV utover kvelden- og strikketøy.

mandag, desember 26, 2016

Dagbok 2016: 26.desember

Klokka er no 19.45, temperaturen er + 5 grader C, det regnar, sluddar og blæs litt innimellom, men ikkje meir enn det som har vore før i veka.
I dag har vi budd oss godt på uvêret. Først på dagen var eg ut i garasjen og henta inn rikeleg med ved, før eg lét att garasjedøra. Så var det ut på altanen, der eg batt fast eller fjerna alt som var laust. Måtte nytte dei få timane det er lyst.
Seinare fann eg fram ein batteridriven radio vi har og fekk sett batteri i den, før eg kokte ei full kanne med kaffi og hadde på termokanne. Så godt rusta for storm og straumbrot har vi aldri vore før. Men kvar vert det av stormen?
Vi høyrer rykte om sterk vind både her og der, men her hos oss er det stilt. Vi hadde nettopp besøk av Ingeborg og Eirik som skulle på "Rokken" i Volda; dei hadde tatt ferja over fjorden og kjent litt på stormen. Heldigvis skal dei overnatte hos farmora i Volda.
Elles har vi hatt ein veldig roleg og stille dag. Nils har vore i bra form-eg trur han har hatt godt av desse rolege stille dagane vi har vore her "åleine". Her er i alle fall ingen matorgiar, så vi slepp å slanke oss etter jula. I dag vart middagen kjøttsuppe frå pose (Toro) med bitar av grillpølser. Nils er ikkje glad i middagsmat, men suppe får han ned.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok og så har vi sett ein del TV. Det blir vel meir utover kvelden.
Alt i alt har vi det bra. Viss nokon vil komme på besøk i dagane som kjem, er det fint om de seier ifrå på førehand. Vi har mykje mat i hus, men det meste er frose ned, for å seie det slik.

søndag, desember 25, 2016

Dagbok 2016. 25.desember

Høgtlesingsboka vår.

Klokka er ca. 23.30, så det vart litt seint før eg blogga i kveld. Eg vart sittande å sjå det eine TV-programmet føre og det andre etter. Det er for lengst mørkt ute; temperaturen er + 5 grader C, det regnar og blæs, men mellom bygene er det relativt stilt. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør.
I går kveld var ikkje Nils i form, trur ikkje han tolte så godt pinnekjøtet, vi er avvande med sterk og kraftig mat, både eg og han. Så i dag har det gått i brødmat men godt pålegg etc. Nils var litt slapp først på dagen, men så tok han ein liten lur og kom i betre form.
Eg går no her og puslar litt i huset, set på oppvask-og vaskemaskin m.m. Har til og med strikka litt mens eg høyrde lydbok.
I dag kom vi innimellom med ei høgtlesingstund om Solveig og Bård. Eg er så lite vant til å lese høgt no, at eg blir sår i halsen av det, derfor blir det ikkje så mykje om gongen.
Det kan høyrast ut som om vi har det veldig kjedelig-det har vi ikkje. Vi ser TV, høyrer radio og les, mellom anna. Og vi kjem oss sjeldan i seng før det lid godt over midnatt. Så søv vi tilsvarande lenge om morgonen. Vi gjer akkurat som vi vil på det punktet.
Litt irritasjon skal det likevel vere i systemet. Her har vi no ein vannkran på kjøkkenet som ikkje vil stoppe heilt. Det sildrar og renn. Og slikt må sjølvsagt skje på juledag.
Vi har det bra, og håper at dei som er innom bloggen også kosar seg. Vêrmeldinga varslar storm og uvêr, så får vi sjå kva det vert til her. Vi treng ikkje gå ut, og vi har både ved og stearinlys om straumen skulle gå.
Ønsker alle ei fortsatt god jul!
Klutane dempar lyden. Det er heldigvis rikeleg vatn i Vasskoppen.

lørdag, desember 24, 2016

Dagbok 2016: 24.desember. Julaftan


Klokka er ca 21.45, temperaturen er + 4 grader C. Vi har nokre byger meg regn og litt vind, men det er på ingen måte snakk om ekstremvêr her hos oss. Når eg ser på TV korleis det er på fjellovergangane er eg glad for at ingen av "våre" er på tur frå aust til vest og  omvendt. I slikt vêr er det best å halde seg heime.
Etter eige ønske har vi hatt ein utruleg stille og fredeleg dag her i pensjo-heimen. Det har vore mykje action i seinare tid, som alle veit, så no var det godt å berre legge seg bakover i godstolen og kose seg med julemusikk og diverse andre program på TV og DAB-radio. Og eit lite strikketøy innimellom.
Eg tok meg ein tørn og rydda i garasjen før middag, såpass Nils fekk sette inn bilen. Skal rydde meir seinare, men det er ikkje alt er har oversikt over, så eg må ha litt instruksar.
Vi åt litt i 2-3 tida, så vi måtte utsette julemiddagen til klokka 18. Nils åt ikkje all verda, det er middagsmat han har mest problem med. Men maten var god og eg åt for to.Og så har vi drukke kaffi og ete av julemannane som Olaug jr. har laga. Sjølv har eg ikkje bakt julekaker i år, men vi manglar ikkje mat!
Gåvene vi fekk var fine og nyttige-vi takkar for dei. Men aller mest vil eg takke for all hjelp vi har fått av familien, naboane og andre over lang tid. For alle besøk, blomster og andre gåver. Det er overveldande.
Så vil eg ønske alle fortsatt GOD  JUL.

fredag, desember 23, 2016

Dagbok 2016: 23.desember.

Klokka er 19.15, temperaturen er + 5 grader og asfalten er våt. Trur ikkje det har regna så mykje.
Elles er tilstanden i heimen som vanleg. Nils er verken verre eller betre, han er slapp og i dag har han vore kvalm. Då får han ikkje i seg så mykje mat heller. Og det er synd, for no har vi utrulig mykje god mat i hus.
I dag stod vi ikkje tidleg opp. Eg hadde planar om å vaske bad og kjøkken, og ikkje så mykje anna.
Det tok sjølvsagt ikkje så lang tid, men Nils fekk to besøk og ein telefon før eg var ferdig.
Det er så utruleg kor mange som tenkjer på oss og kjem innom med både det eine og det andre. Det er nesten for mykje av det gode, for som dei fleste tenkjer eg på at alt godt skal gjengjeldast med noko, og det får eg ikkje gjort. Det får meg til å tenkje på Olav H. Hauge sitt dikt om å gjere ein mann ei "beine".

Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa

ut til Øydvinstò.

Og han var raust

og baud betal.


Men Osamannen

var ikkje fal:


Eg vil betala;

eg kan ikkje nå deg

med ei beine att.


So gjer ein annan mann

ei beine då,

sa Osamannen,

og skauv ifrå.

                                             Olav H. Hauge


Eg oppdaga at vi hadde 3 liter H-melk som gjekk ut på dato i dag, og etter at vi hadde ete risgraut frå Fjordland, tok eg og koka graut av melka, som eg skal fryse i høvelege porsjonar- får håpe eg finn plass i ein eller annan frysar.
Eg mangla noko lite etter handelen i går, og gjekk ned på nærbutikken for å handle litt som eg kunne bere heim. Der trefte eg nokre naboar på julehandel, og dei baud til at eg kunne få sitte på med dei heim. Dermed kunne eg handle to fulle posar-så då vart det enda meir mat i huset.
No er det eit dilemma: Skal vi sjå på NRK 1, eller på TV 2 ? Eg plar alltid velje "STAS-kanalen"-men så skal Arill vere på TV 2. Vi må kanskje ta opp eitt av programma og sjå det etterpå.
Anne Marie ringde til Nils i dag. Han likar at folk ringer og pratar med han, og det er det mange som gjer. Han har stor slekt og mange venner.
Så er det kanskje på tide å ønske alle som les bloggen min ei GOD JUL.

Julebrev har eg ikkje skrive i år fordi eg manglar e-postadresser. Det er fint om de sender mail til meg slik at eg får inn att adressene. Eg brukar no berre denne e-postadressa: olaug.trovag@gmail.com
Nils har same adressa, det er berre å bytte ut det første namnet. Vi brukar stort sett kvar sin PC for tida.

torsdag, desember 22, 2016

Dagbok 2016: 22.desember.

Klokka er 20.05. Temperaturen ute er +1,5 grader C, og i dag trur eg neppe det har vore heilt lyst særleg lenge. Det er greitt med regn og mildvêr, men ein blir trøytt av å gå rundt i eit evig mørke.
Elles har det vore ein hyggelig dag på mange måtar. Nils måtte legge seg etter frokost, men så stod han opp og dusja etc. og sidan har han vore oppe. Han er ikkje akkurat sjuk, berre slapp, og noko kjem vel av medisinane han tek. Eg har stort sett vore oppe-gåande heile dagen. Det vanlege husarbeidet tek si tid, og i dag har eg steikt sveler igjen. Har ein takke, så får ein bruke den!
Einar og Audun kom i 15-tida, og etter at vi hadde ete og drukke kaffi ei stund, reiste Einar og eg på handel. Det er jammen bra å ha shoppingassistent !
Eg hadde laga meg til ei lang liste, med mange tunge ting, og etter mitt ønske hamna vi i Furene på Coopbutikken der. Der er det litt betre plass enn på Amfi.  Det var mange som hadde tenkt det samme, og alle hadde stappfulle korger, men jammen gjekk det unna. Dei fleste som jobba der var utlendingar, smilande og hjelpsame.
Då vi kom heim bar Einar og eg alle varene inn i kjellaren, og etter at vi vart åleine, var eg ned og fekk alt på plass i kjøleskap og frysar. Trur vi har mat nok!
Eirik var ein liten tur innom i dag, for å få med seg pakkane frå Kongsberg, og så kom Birte og Håkon så vidt innom døra på veg til Hareid.
I morgon har eg tenkt å vaske og rydde til jul, og så blir det kanskje ein bitteliten tur på nærbutikken- til fots.
Vi er innstilt på å slappe av og kose oss med TV-program i jula. Og så kjem det nok folk innom når det lid på. Vi har hatt mykje besøk i det siste og vel sjølve å vere to-eine på julekvelden.

onsdag, desember 21, 2016

Dagbok 2016


Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 4 grader, og det regnar og blæs. Stupande mørkt er det også.
I dag har det vore ein veldig roleg dag, utan noko som helst slags besøk. Nils var i dårleg form då han stod opp, så han la seg att etter frokost og fekk seg ein god lur, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Det er det einaste eg har gjort i dag, når ein ser bort frå dei daglege oppgåvene.
No håper eg at Einar og Audun kjem ein tur i morgon. Det er byttestasjon for julegåver her hos oss, og så vil dei vel sjå oss før jul. Audun er no ikkje heime så ofte. Eg har bede Einar om å køyre meg på butikken, så no må eg reinskrive handlelista mi, slik at eg kan vere effektiv!
Nils er ikkje i så god form som eg kunne ønske, men han får i alle fall i seg mat. Det går mest på brødmat, middagsmat er han mindre glad i-han som før hadde noko bortimot verdensrekord i middagseting.
Etter ein litt sein lunsj har vi slappa av begge to- så dette har vore noko bortimot ein kviledag for meg også. At vaskemaskina surrar og går, det gjer ikkje så mykje. Strauk litt klede også. Fredagen har eg tenkt å vaske og rydde, og så får jula bli som den blir- det er ei "unntaks-jul"- uansett.
I dag ringde Ellen Marie, ho skriv ikkje julekort i år, men ringer i staden. Heilt greitt det.
Når eg ser på TV og det som skjer i verda, tenkjer eg på mor til Ketil Bjørnstad;  ho grudde seg alltid til jul, for då forventa ho at grusomme ting skulle skje i verda. Slik hadde eg det i mange år etter Asker-ulykka, flystyrten som kravde mange menneskeliv. (Eg har nyss lese Ketil Bjørnstad sine bøker om "Sekstitallet" og "Syttitallet").Og no er det berre å sette på Tv-en så får vi minst ei katastrofe for dag. Men her i landet har det gått bra, så langt.
PS: Ikkje før hadde eg skrive dette, så kom Håkon på besøk, og før han hadde fare, kom Torbjørn, så vart det besøk i dag også.

tirsdag, desember 20, 2016

Dagbok 2016: 20.desember

Klokka er ca 20.30, temperaturen er + 9 grader C, og i dag har det vore opplett. Men så kom det ein ganske sterk vind susande.
Sist natt sov eg som eit murmeldyr frå eg la meg i 1-tida til eg vakna klokka 9. Kan ikkje hugse sist eg sov så godt og lenge. Då Nils stod opp, kunne han fortelle at han hadde nesten ikkje sove i det heile, så han var ikkje i form. Han måtte legge seg litt etter frokost, mens eg styrte litt i huset.
Margrete og Ingeborg kom mellom 12 og 12.30.Då drakk vi kaffi og åt sveler, som eg hadde steikt, og annan "julemat".
Før dei reiste att var Margrete og eg ein snartur nedom biblioteket og lånte litt bøker til helga.
Eg har gått og venta på at det skulle bli opplett slik at eg fekk lufte sengetøy og vaske soverommet til jul. Og i dag slo eg til, måtte passe godt på både teppe og dyner, så dei ikkje vart tatt av vinden. Det gjekk bra, så no er i alle fall eitt rom klart for helg. Eg var litt stressa i dag-eg trudde det var onsdag, men så kunne Nils rette litt på meg og skuldrane kom på plass igjen.
Nils har ikkje vore i form i dag, han trur det vart for travelt med den fysioterapeuten som var her i går. Når han blir trøtt og ikkje er i form, får han ikkje i seg nok mat, og så er vi i den vonde sirkelen igjen. Han pressa i seg litt middag, og så er det flaskene frå apoteket å lite på. Til frokost åt han godt.
Eg ville han skulle legge seg nedpå etter middag, men han vil ikkje øydelegge for natta.
Matias kom innom på ein snarvisitt for å sjå til han.
Eg sette meg til å høyre ferdig boka mi, mens eg rippa ei av dei nye bøkene, og strikka. Så sette eg meg inn i stolen min i stova, og sovna med boka på øyret. Eg er veldig trøtt for tida, om eg skal skulde på det eine eller det andre, veit eg ikkje. Kanskje er det årstida ?
Då Margrete og eg var nedover, var det som den finaste vårdag - med fønvind. Ja, uansett kan ikkje vinteren bli så veldig lang når han enno ikkje er komen. Det blæs framleis ute, men ikkje så voldsomt som før.

Bok nr.74 -2016: To søstre

To søstre
Historien om to ungjenter fra Bærum som reiser til Syria og en desperat far som forsøker å finne dem.

En oktoberdag i 2013 kommer ikke de to tenåringsjentene, Ayan og Leila, hjem til vanlig tid. Senere på kvelden kommer sjokkmeldingen: De er på vei til Syria. På jakt etter døtrene tar faren seg inn i det borgerkrigsherjede landet, en reise som skal føre ham inn i områder kontrollert av Den islamske staten (IS).

Dette er bare starten. I "To søstre" går Åsne Seierstad, den bestselgende og kritikerroste forfatteren av "Bokhandleren i Kabul" og "En av oss", løs på et av de viktigste og mest kompliserte spørsmål i vår tid. Hvorfor radikaliseres muslimsk ungdom oppvokst i Vesten? Hva førte de to søstrene fra Kolsås til Kalifatet? Hvem er Ayan og Leila?

Som få andre makter Åsne Seierstad å komme tett på personene hun skriver om. "To søstre" er både historien om jentene som dro, et land i krig og om en familie som splintres. Det er også en fortelling om oss, i Norge i dag
.
..........................................................................
Då har eg endeleg fått lese ut denne boka. Det har tatt si tid, for det er ikkje alle dagar eg har høve til å lese så mykje. Somme tider er eg så trøytt at eg sovnar ifrå alt osb. Det er ikkje noko gale med boka, tvert imot. Det er ei svært viktig bok, som ein ikkje først og fremst les som underhaldning, men for å sette seg inn i eit alvorleg problem. Kva er det som får ungdom som har vakse opp i Norge til å bli radikaliserte islamistar  som reiser til Syria for å delta i krigen der? Dette er ingen roman, men ein reinspikka dokumentar, skrive av ein journalist som eg verkeleg ser opp til. For å få med meg alt, må eg nok lese delar av boka om att.

mandag, desember 19, 2016

Dagbok 2016: 19.desember

Klokka er 20.00. Temperaturen er + 11 grader C, i dag tidleg var den + 12 grader. Det er drømmevêr for oss som ikkje likar snø og kulde; så får vi heller halde ut med relativt korte og mørke dagar og regnvåt asfalt.
Dagen i dag har gått veldig fort, og det vart ikkje gjort så mykje i dag heller. Eg bakte tre store grovbrød, så no har vi brødmat til langt inn i romjula. Elles har eg pusla litt i huset, som vanleg. Vi venta fysioterapeut klokka 13, men ho kom ikkje. I staden dukka det opp ein nabo med eit digert julebrød-ho hadde kanskje høyrt om det mislykka julebrødet mitt?
Mens vi sat og prata kom fysioterapeuten, og då var klokka 14. Anten har Nils høyrt feil i telefonen, eller så har ho notert feil klokkeslett. Men det gjorde ingen ting. Ho var her ein times tid, og no har Nils fått eit mosjonsprogram som han skal gå gjennom kvar dag.
Vi hadde eit lite måltid då vi vart åleine, måtte smake på julebrødet-nemlig. Og det var like godt som det vi fekk i forrige veke. Nydelig!
Så ringde Solveig og spurde om det var greitt at dei kom innover ein tur -eigentleg hadde dei tenkt å komme seinare i veka. Dei kom i 18-tida, Solveig, Øystein  - og Olaug, som er heime på ferie.
Dei fekk julebrød, lefser og søst (gombe), blant anna, til kaffien. Eg har ikkje bakt ei kake til jul-men alt ordner seg for snille piker......
I morgon ventar vi Margrete, ho skal ha munnleg eksamen og kjem ho hit etterpå, Ingeborg blir også med-ho er heime frå Oslo. Så kjem det vel til å dukke opp fleire familiemedlemmer i løpet av veka etter kvart som dei kjem heim og har tid.
I dag fekk eg julekort i posten. Sjølv plar eg skrive julebrev på data og sende til alle kjende. I år sit eg med to nye datamaskiner, der ingen adresser er lagt inn, så då har eg eit lite problem. Det blir nok berre julehelsingar på bloggen og Facebook. Men eg håper eg blir tilgitt sidan dette har vore eit år noko utom det vanlege.
Nils kjem seg litt etter litt og han får i seg bra med mat no, det er liksom første post på programmet. Så får vi håpe det går bra vidare framover.

søndag, desember 18, 2016

Dagbok 2016: 18.desember


Klokka er 18.10, temperaturen + 9 grader C og litt regn, slik det har vore siste dagane. Anders Hovden skreiv i si tid ein julesong som er lite kjend utanfor Ørsta:
"Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol"- det einaste som manglar er kulde, det har det vore lite av til denne tid.
Sist natt sov eg veldig dårleg. Då eg endeleg sovna vakna eg opp att gong etter gong og verkte snart her og snart der. Då det var på tide å stå opp verkte eg ingen stader, så det var no eit pluss.
I dag hadde eg ein plan, eg skulle rydde ut adventspynten og få inn julepynt og så skulle eg bake.
Dei julebrøda eg laga i går er den største katastrofen i min bakekarriere. Tunge som murstein- og ikkje smakte dei godt heller. Forstår ikkje kva som hende.
I dag laga eg ein stor kveitebolledeig etter ei oppskrift eg har brukt tusen gonger før. Laga eit brett med bollar, og to kveitebrød med rosiner. Det vart litt betre resultat enn i går, om enn ikkje perfekt.Mens deigen stod til heving strauk eg løperar og la på både her og der. Eg har rikeleg av den sorten, for å seie det forsiktig.
Til middag laga eg gryterett med ris til, og Nils åt, meir av plikt enn av lyst. Han får i alle fall i seg mat, om det ikkje er direkte store mengder han set til livs.
Etter middag måtte eg legge meg på sofaen ei stund, fordi det var eit akutt behov.
Elles har eg funne ut av korleis eg skal legge inn og ta ut bilde frå nyemaskina, men eg har enno ikkje sjekka ut redigeringsprogram, derfor er ikkje bilda så veldig bra.
Nils ser handball på TV no, han ser stort sett TV heile dagen, men no har eg sett meg inn på datarommet for å lese bok og strikke.
PS: Eg har blitt retta litt på. Det var ikkje Anders Hovden som skreiv "Kaldt og mørkt" men ein som heitte Laurits H.Hov, frå Gausdal. Eg må ha høyrt feil; særleg sidan han som tonesette diktet heitte Anders Hove, er det sannsynleg. Eg takkar den som retta på det, sjølv om han/ho er anonym.





lørdag, desember 17, 2016

Dagbok 2016: 17.desember.

Blant dei gamle bilda som eg får til å legge inn, fann eg dette bildet av Hareidskyrkja-det var det året det var så kaldt på julaftan.

Klokka er19.00, temperaturen er + 6  grader C og det har vore rimeleg bra vêr i dag, trur eg. Har ikkje vore mykje ute, men eg har i alle fall registrert at det er vått på vegen og at det regnar litt.
I går gjorde eg nesten ingen ting, så i dag bestemte eg meg for å vere litt flittig. Det har eg for så vidt vore, utan at resultatet vart så imponerande.
Sidan Nils likte så godt julebrødet som naboen kom med, tenkte eg at eg kunne lage nokre eg også. Brukte ei oppskrift frå Facebook, men eg må ha gjort eitt eller anna gale, for deigen ville ikkje heve seg skikkelig. Eg hadde gjær i, det det var ikkje der feilen låg. Det hadde vore betre eg ikkje hadde brukt oppskrift, for det skal noko til å mislykkast med gjærdeig. OK!  vi åt av brødet attåt kaffien, og om det kravde litt ekstra tygge-energi gjekk det ned.
Eg hadde noko bruning ståande i ei gryte, så eg laga veldig rikeleg brun saus i dag. Halvparten brukte eg til middag, supplert med ferdigkjøpte medisterkaker, kålrabi og poteter. Nils likar så godt rabbe til brun saus, og i dag åt han like mykje til middag som eg. Han er "flink" å få i seg mat no, håper det viser på vekta også. Aberet for min det er at eg også et - eg som nesten hadde slutta. Innimellom et han klementinar - og det er heilt frivillig. Han drikk også eit par porsjonar med styrkedrikk frå apoteket kvar dag. Det er alfa og omega at han får opp att vekta.
Sidan Eirik jobbar her i bygda sende eg melding til han med spørsmål om han kunne køyre meg på butikken. Eg hadde tenkt å gå ned på Kiwi i går, men fann ut at det minka på melk etc. så eg utsette handelen til i dag. Eirik kom rett etter arbeidstid og vi handla på Kiwi i full fart, så no har eg alt eg treng i huset. Skal i alle fall bake skikkeleg næringsrikt brød til Nils, med gode skorper, det set han pris på. Kjøpebrøda er stort sett mjøl og vatn, trur eg, mens mine brød er laga med melk, egg, olje etc. Så får eg heller ete litt mindre sjølv.
Ja, det handlar mykje om mat her i huset, for tida, men det går betre med Nils etter kvart som kreftene kjem tilbake, og mi oppgåve er å syte for at han får mat.
Han sit mykje i stolen sin og ser TV-og det må han berre gjere, heldigvis er det mykje sport for tida.
Eg sette meg ned med lydbok etter middag, men det var heilt nyttelaust-eg dikta sjølv etter få minutt, i halvsøvne rota eg i hop hendinga i boka med det som var på TV -men mest det som var inni hovudet mitt. Det var berre å "sprette opp" og koke kaffi. No blir det vel TV utover kvelden, håper dei har litt meir å by på enn i går.
No skal eg først av alt legge i hop ein klesvask. I morgon skal adventspynten ut, og jula inn-trur eg.
!7. desember vil eg alltid hugse som den dagen både mamma og Hilde vart innlagde på sjukehuset på Eid. Det var i året 1990.Derfor hugsar eg også at Hans Petter har fødselsdag i dag og vi gratulerer!



fredag, desember 16, 2016

Dagbok 2016: 16.desember


Klokka er 21.45, temperaturen ute er no + 9 grader, men før i dag var den oppe i + 11 grader. Stygt å seie det, men eg likar litt global oppvarming.
I dag har det vore ein stille og roleg dag, berre eit par telefonar og ingen besøk.
Eg vaska litt golv på føremiddagen, elles har eg ikkje gjort mykje eg heller. Når Nils sit i stolen sin, blir det ofte til at eg også blir sittande.
Han har vore i bra form i dag, men no mot kveld er han ikkje så sprek. Det kan eg vel heller ikkje vente. Han har fått i seg bra med mat, det er eigentleg det viktigaste, men han strevar. Vi har hatt litt høgtlesing frå Hjørundfjordboka i dag også.
Eg har strikka litt, høyrt litt lydbok etc. og så er det TV-en .
Sidan eg ikkje hadde så mykje å gjere har eg forska litt på datamaskinene. Eg var så van med å legge bilda inn på den gamle laptopen, at eg har litt problem no når eg har Windows 10 på begge maskinene. Eg får til å legge inn bilda, men ikkje så lett å få dei ut att. Greier å få dei inn på FB-men bloggen står enno utan bilde.
Ønsker alle ei god helg!
Bildet er gammalt, men det ligg på ei mappe som "virkar".

torsdag, desember 15, 2016

Dagbok 2016: 15.desember

Klokka er snart 21.00, temperaturen er +6 grader, tidlegare i dag var det oppi + 10 grader C.  Det har vore opplett og lyst i dag, så lenge som det varte.
Nils sit og pratar i telefonen no, med ein fetter frå Solund. Det er kjekt for han å prate med folk når han er opplagt til det. Han kjem seg jo ikkje ut, og det han bli litt einsidig med berre meg å snakke med. Lars var ein tur innom, noko som han også sette pris på. Då fekk han snakke om Harald; Nils og Harald var gode venner i alle åra dei var kjende og dei hadde diverse prosjekt i lag.
Elles har det vore ein roleg dag i dag. Vi har ete og vi har slappa av det meste av tida. Eg gjer no alltids litt husarbeid, i dag shina eg opp kjøkkenet, og i morgon er det fredagsvask. Men eg blir no gåande rundt Nils for det meste, han sit mykje i ein stol og beordrar diverse mat, drikke og tablettar. Så eg er litt  heimehjelp/heimesjukepleiar i eigen heim. Så lenge det går bra med Nils og eg føler det går rette vegen, så er det meiningsfylt. Julevasking og baking etc. bryr eg meg ikkje det minste med.
Vi skal vere her for oss sjølve, vi to, og synest det er heilt greitt i den situasjonen vi er i no.
Dagane, vekene og månadane går fort uansett.

onsdag, desember 14, 2016

Dagbok 2016: 14.desember.

Klokka  er 20.30 og temperaturen kryp oppover, no er den snart + 4 grader.
I dag har det vore fint vêr med sol i fjella og frost på marka. Og det var lyst.
Eg var relativt tidleg oppe i dag, NB: alt er relativt. Eg skulle ha unna morgonstellet før ho kom frå heimesjukepleien. Dusja og vaska håret gjorde eg også. Men Nils var ikkje ferdig å kle på seg då ho kom, han hadde dusja og vaska håret han også. Frokosten var vi ferdige med, men sjukepleiaren kom ein halv time før vi venta henne. Ho var her frå 10.30-12.00 ca. Det var ei kjekk dame og gav oss diverse gode råd. Det var no snakk om kva vi trong av hjelp, men vi klarer oss bra enno. men vi fekk ein nummer vi kan ringe til om vi får behov-også akutte behov.
Elles har vi hatt ein sløv dag, eg har ikkje gjort så mykje anna enn å lage litt mat etc. Synest det er viktigare å vere "selskapsdame".
Til middag i dag laga eg ei lettvint betasuppe, og den åt Nils
Til kvelds rekk han ein slags "rømmegraut" som eg kokar på restar av fløyte og lettrømme etc. Den er skikkelig god, og glei lett ned.
Så i dag kan ikkje pasienten klage på tørr mat. I dag har det gått bra.
Margrete var på Amfi og sende melding til oss. Ho lurte på om vi skulle ha noko på butikken, men det skulle vi ikkje. Viss ho ville kunne ho ta ein tur oppom, og det gjorde ho.
Ikkje lenge etter at ho var reist, ringde ein nabo, og ei stund etterpå kom ho med smaksprøve på julebrødet ho har laga i dag. Mannen hennar har hatt liknande problem som Nils, med dårleg appetitt.
Ho sat og prata ei stund, så vi slepp å føle oss einsame.
Jula stressar vi ikkje med. Vi tek den som den kjem, det viktigaste er at Nils er så bra at han kan vere heime. Vi har lagt opp ein strategi, med nok kvile og mat, som første prioritet. Det har gått veldig bra så langt i dag. I dag er det 1 mnd. sidan 80-årsdagen, eg synest tida går fort-merkeleg nok.

tirsdag, desember 13, 2016

Dagbok 2016: 13.desember

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er+ 1 grad og eg trur det held på å klårne opp. Før i dag har det regna.
I dag føremiddag vart eg gåande å vente på beskjed frå Nils, var spent på om han fekk fare heim-eller måtte vere der lenger. Til slutt ringde eg sjølv og fekk vite at han skulle heim med drosje, men han visste ikkje tidspunktet.
Eg hadde brukt føremiddagen til diverse husarbeid, blant anna hadde eg bakt tre brød og laga svelerøre. Det har hopa seg opp med melk, egg, rømme, fløyte etc.  så det var mykje godt i deigane mine i dag. Og kjøleskapet letna. Nils drikk mykje melk, og eg smakar det knapt, så då er det klart det hopa seg opp. Elles hadde eg varma pølser og laga rabbestappe til middag.
Fekk telefon frå Lefdal om at datamaskina var klar, og eg sa at det kom ein ung gut og henta den. Dei ville vite namnet og det fekk dei. Derfor hadde Eirik null problem med å få den med hit. Han og søskena kom ei stund etter at Nils var på plass. Han kom i drosje. Han er relativt bra, men brukar rullatoren for sikkerheits skuld. Han hadde fått lunsj klokka 13, så han skulle ikkje ha middag DÅ, men vente til klokka var 16-17. Eg åt åleine for å vere ferdig til Eirik &Co kom.
Det gjekk fort og greitt å få opp datamaskina, og no har vi Windows 10 på begge maskinene. Noko anna anbefalte dei ikkje å legge inn. Eg har jo hatt Windows 10 ei god stund på den stasjonære maskina mi, men eg kan ikkje alt. Til bilda mine brukte eg den gamle laptopen, så no må eg lære meg å legge inn bilde-på nytt. Eg greier det sikkert sjølv om eg tek tida til hjelp, men det er meir lettvint å få nokon til å vise meg når dei likevel er på besøk.
I morgon kjem "heimesjukepleien" på besøk igjen. Ho vil sjå korleis vi har det og kva vi ev.treng av hjelp. Eg synest eg har sagt til det kjedsommelige at det er Nils som treng hjelp, viss han ikkje klarer seg sjølv med det meste. Eg treng ikkje hjelp med husarbeid og liknande. Det som er største problemet no, er å få i mannen skikkeleg med mat og drikke. Eg blir sant å seie litt lei av å gå og mase. At han ikkje har appetitt, ikkje lyst på noko, og at ingen ting smakar godt- det er så ulikt slik han brukar å vere. Han har alltid hatt ein glupande appetitt og ete all slags mat. Det einaste han et no-med glede-er klementinar, og det kan han ikkje ete så mange av, på grunn av diabetes.
Og så er det eitt problem til, det var slik før også, han sveittar og eg frys! Så no lyt eg sitte med pledd rundt meg mi staden for å fyre. Det er eit relativt lite problem.Det er kjekt å ha han heime att!

mandag, desember 12, 2016

Dagbok 2016: 12.desember

Klokka er 22.10, temperaturen +5 grader C og det regnar så smått. Regn ser eg no på som ferdigmoka snø.
I dag tidleg var det lettare vêr , og det var frose både på vegen og bilen, som står ute.
Nils ringde ut på føremiddagen og fortalde at han kjem heim i morgon. Det var eg sjølvsagt glad for, men no er det ikkje sikkert han kjem likevel. Ja, det har ikkje skjedd noko dramatisk, men legane må først sjå på nokre prøver. Sjukepleiaren som var der i kveld sa at det stod eit spørsmålsteikn bak det som var skrive om heimreisa. Solveig og eg var bort ein tur på kveldstid. Ho kom her klokka halv seks, og så var vi innom apoteket på turen bortover. Nils har litt feber om kvelden, men ikkje mykje. Han er relativt bra,  han får inga behandling, men dei passar på at han et og drikk. Og så går han tur på gangen med ei asiatisk sjukepleiar som han likar godt. Han har framleis einerom med eigen telefon. Den virka ikkje, sa han, men det gjorde den då eg fekk plugga inn att ledninga. Nummeret er 700 58 405.
Elles har eg ikkje gjort noko særleg i dag heller. Eg har støvsuga, og så har eg lagt opp ei bukse, ei i går og ei i dag. Så slepp eg at eg trakkar buksekanten ned i søylene. Har leselitt, strikka litt og elles styrt litt i huset -som vanleg.
Solveig og eg handla begge på Kiwi på heimvegen, så no har eg enda meir mat på lager. Solveig hadde med seg kake i dag også, så vi tok ein kaffikopp ved kjøkkenbordet før ho reiste ut att.
Så kom det ei nabodame på besøk og sat her og prata med meg ei stund.
I morgon skal Eirik hente den nye laptopen og gjere den klar, så eg håper Nils kjem heim og får prøve den. Eg har så mange som "går meg til hånde" at eg skal ikkje klage på noko. Og eg er takknemlig for at Nils får så godt stell der han er, sjølv om eg veldig gjerne vil ha han heim att.
Ps: kl.23.30. Nils ringde nettopp, han var blitt flytta enda ein gong, så no stemmer verken romnummer eller telefonnummer lenger. Men han har mobil.

søndag, desember 11, 2016

Dagbok 2016: 11.desember

Klokka er 19.35, temperaturen er + 3 grader C, og i dag har det stort sett vore opplett, trur eg. Har knapt nok vore ute.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, litt klesvask, stryking og reparering av tøy, mellom anna.
I går kveld ringde ein av naboane og sa at dei skulle til Volda i dag og sjå barnebarn spele fotball. Dei skulle bort til klokka 15.00 så eg kunne få sitte på med dei viss eg skulle bortover. Det var eit godt tilbod- og eg kunne få sitte på heim att også, viss det passa slik.
Det er ikkje så mykje som skjer på sjukehuset på søndagar, så eg fekk ikkje ny informasjon. Derfor veit eg ikkje meir i dag enn i går når det gjeld sjukdom.
Men eg fekk vere med på å flytte Nils frå eitt rom til eit anna. Han låg åleine på eit 4-mannsrom, og det var eit par damer som skulle leggast inn, og dei kunne ikkje ligge på samme rom som Nils.
No fekk han einerom igjen, noko han var glad for. Han vil gjerne ha det stilt og fredeleg. Dermed fekk han også nytt telefonnummer-han har fasttelefon på rommet, men har også mobilen tilgjengeleg.
Eg vart verande heilt til klokka 17.00, dermed hadde eg skyss med naboane heim att også. Kan ikkje klage på sørvisen!
Nils fekk kveldsmat mens eg var der og åt opp alt, eg tykte det såg godt ut-men hans kommentar var: TØRT. Så appetitten er ikkje på topp. Han er slapp, men ikkje direkte sjuk-ikkje direkte frisk heller. Han har ikkje fått direkte behandling, men sist dei sjekka hadde infeksjonen gått litt tilbake utan medisin. Han snufsar og geispar, det er teikn på at han ikkje er heilt frisk, ja. Eg kjenner teikna etter kvart.
Vi har ingen planer for jula, det får bli som det blir. Eg stressar ikkje. Håper sjølvsagt å få Nils heim snart, men vil helst at han får vere på sjukehuset til han er litt kvikkare.
Eg klarer meg heilt fint heime åleine, så meg må de ikkje syte for.

lørdag, desember 10, 2016

Dagbok 2016: 10.desember

Klokka er 18.00, temperaturen + 6 grader C og det regnar i dag også. Tenk om alt regnet hadde kome som snø? Då hadde somme hatt litt av ein jobb, og andre hadde fryda seg.
Denne dagen har gått som ein røyk. Nils ringde før eg var ferdig med morgonstellet, han har fasttelefon på nattbordet og kan ringe så mykje han vil. Han hadde tenkt ut at eg måtte få med meg Margrete å kjøpe ein ny Laptop . Eg hadde tenkt å kjøpe ein til han i bursdagsgåve i alle fall, men meinte eg kunne vente til den gamle feiga ut. Og eg er fullt ut i stand til å kjøpe på eiga hand. Men sidan Margrete kom hit og henta meg og likevel skulle opp på Plantasjen, gjekk vi inn på Leftal og kjøpte laptopen  med det same. Den er klar til henting tysdag.
Vi stressa ikkje med besøket på sjukehuset, for vi visste at Einar og Håkon hadde vore der før.
Nils var mykje kvikkare i dag. Eg sa til han før han vart innlagt at dei måtte sjekke slimet som han har vore plaga med i nase og hals, og det har dei gjort. Dei har funne ut at det må vere eit virus.....er vel det dei kallar det når dei ikkje riktig veit. Men infeksjonen har gått tilbake -utan antibiotika. Ja, slik forklarte Nils det. Sjølv har eg ikkje snakka med legen. Men Nils var i alle fall kvikkare i dag enn på lenge. Det var no dehydreringa som var det som sette han heilt ut av spel. Får håpe dei held han på sjukehuset til dei får han frisk-eg likar ikkje dette inn og ut styret. På sjukehuset både et og drikk han - heime blir det kanskje verre.
På heimvegen handla Margrete og eg mat på Rema 1000. Eg har huset
fullt av mat, men det er ikkje alt som fristar når ein sit åleine. Så i dag kjøpte eg meg litt sånn snacks som eg hadde lyst på. Og det gjekk ned på høgkant.
No har eg ein klesvask å legge i hop, og så er det snart TV-tid. Med eller utan strikketøy. God helg til alle. Det gløymde eg i går.

fredag, desember 09, 2016

Dagbok 2016: 9.desember

Klokka er 20.15, temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Takk for det, regn slepp ein å moke vekk.
Så litt om dagen i dag. Legen ringde ca. 9.30, slik avtalen var. Nils blei henta med ambulanse, og køyrt ned på legesenteret, der det vart bestemt at han skulle innleggast på sjukehuset. I 18-tida var Solveig og eg bort og besøkte han, og han var slett ikkje så verst i form. Det første dei hadde gjort var å fylle han med væske intravenøst - han var nokså dehydrert. Det er greitt nok å seie til ein pasient at han må drikke mykje, men EG veit kor vanskeleg det kan vere for pasienten. Kva meir dei kan finne ut, veit eg ikkje. Han ligg no åleine på eit firemannsrom, så der var fredeleg og godt. Han orkar ikkje så mykje styr, så lenge han er så slapp. Eg hadde med meg mobilen hans og diverse anna som han trong, men vi var der ikkje så lenge. Han likar å få besøk, men ein treng ikkje gi seg til.
Eg håper berre han får vere der så lenge at han er litt robust når han kjem heim. Men han er på langt nær så dårleg som han var første gongen han vart innlagt. Det hadde eg lova både meg sjølv og han -at ha ikkje skulle bli liggande heime over helga-slik som sist.
Solveig var med meg inn og drakk kaffi då vi kom heim att. I morgon blir det Margrete og eg som skal visitere. Elles skal eg helse frå pasienten og takke for alle gode helsingar på Facebook. Solveig har Smart-telefon så ho kunne lese meldingane til han der og då.
Tidlegare i dag hadde eg besøk av ein nabo, elles har eg vaska litt og gjort litt husarbeid, men mest har eg berre gått og vima.
Eg føler meg trygg når Nils er på sjukehuset, eg føler meg ikkje så veldig kompetent til å vere sjukepleiar. I går hadde han feber, det hadde han ikkje i dag.
Elles så har ikkje laptoppen vakna til live att-så der for alle bilda mine-for n-te gong. Heldigvis ligg der nokre på bloggen. Og så fekk eg ein relativt lys idé; sidan eg har redigert mange av bilda mine på Picasa, kunne det hende eg fann nokre der, på den stasjonære maskina. Og det gjorde eg.

torsdag, desember 08, 2016

Dagbok 2016: 8.desember

Klokka er 21.30, temperaturen er + 9 grader og vi har hatt ein grå dag med regn igjen.
Har ikkje vore særleg lysteleg inne heller. Nils har vore framme or senga eit par periodar, men mykje av dagen har han lege. Det minner om slik han var då han fekk den infeksjonen som sende han på sjukehuset. Feber har han også innimellom, men vi prøver å halde den i sjakk med Paracet. Han har fått i seg ein del næring. MIN teori er at dei ikkje heilt har fått has på den infeksjonen. Han hadde time hos legen i morgon kl.9.30. Eg ringde ned og avbestilte timen, men bad om at legen ringde heim til oss i staden. Så får vi sjå om det skjer. Denne gongen set vi ikkje til helga utan å tilkalle lege i alle fall. Han kunne bli slapp av strålinga sa dei i går, men han var eigentleg slapp før han stråla også. Men hofta er fin.
Elles kjem ei ulykke sjelden åleine. I dag takka laptoppen for seg; eg har venta på det, og tenkte seinast i går på at no måtte eg berge bilda som ligg der. Vart for sein denne gongen også.
Så skulle eg skrive referat, det gjekk fort og greitt, men så fekk eg ikkje sendt det. Ingen e-post var å oppdrive. Eg har to kontoar (konti ?) , men ingen virka. Skreiv til Rasmus etter hjelp, men før han hadde tid å ringe fann eg ut av det sjølv. Eg måtte installere den eine kontoen på nytt og voila! Der virka det, og eg fekk sendt manus. Då var det allereie så seint på dag at redaktøren var vekk, trur eg, for eg har ikkje fått bekrefta mottaket. Det ligg i alle fall på "sendt". (For ordens skuld vil eg presisere at eg hadde prøvd same medisinen før-utan at det virka.)
Eg hadde tenkt å springe ned på apoteket i dag, som snarast, men så kom her ein pakke til Margarita som eg kvitterte for, og måtte vente til ho kom og henta den. Men det var ikkje noko som hasta eigentleg..
No har eg kokt havregrynsgraut til Nils, det var det einaste han kunne tenke seg å ete. Så får eg finne meg ei brødskive. Elles går det i klementinar innimellom.
Nesten kvar kveld håper eg på at morgondagen skal bli betre, det gjer eg i kveld også.

onsdag, desember 07, 2016

Bok nr. 73 - 2016: Verden som var min SYTTITALLET


Verden som var min. Syttitallet
Etter suksessen med «Sekstitallet» fortsetter Ketil Bjørnstad å skrive sin egen historie fra han er atten til tjueåtte år opp mot den tiden han levde i. Nominert til Bokhandlerprisen 2016!
«Syttitallet» handler om opprørstiåret og den unge mannens læring og løsrivelse, vennskap og forelskelser, tilhørighet og svik. Ved inngangen til syttitallet sliter attenåringen Ketil med overvekt og ulykkelige forelskelser og tvil på seg selv som klassisk pianist. Han var et musikalsk vidunderbarn og Ungdommens pianomester, men med sin inntrykksvare og følsomme mottakelighet oppfatter han de raske samfunnsmessige og kulturelle endringene i tiden. Han formes av det nye og det radikale og vennskapet hans med Ole Paus blir det faste punktet i en omskiftelig og på mange måter nådeløs tid. Den fem år eldre vennen får Ketil til å løsrive seg fra sin klassiske pianistskolering og bli en skapende komponist og utøver med inspirasjon fra jazzen, rocken og tidens opprørsånd. Han frigjør seg fra kjernefamilieverdier akkurat som han kvitter seg med femtiseks kilo overvekt på noen måneder. Ole Paus får ham til å oppdage Hans Jæger og Kristiania-bohemen som et speil for ham selv og syttitallet og Bjørnstad inspireres til storverket Leve Patagonia.
Ketil Bjørnstad (1952) er pianist, komponist og forfatter. Bøkene hans er oversatt til 17 språk, og flere av romanene har vært bestselgere i Norge, Frankrike og Tyskland. «Sekstitallet», første bok i hans påbegynte selvbiografiske romanserie «Verden som var min», ble både en salgssuksess og en kritikersuksess.
.........................................
Det har ikkje blitt mykje tid til lesing i det siste, men no har eg fått lese ferdig boka om syttitallet -sjølv om den var på 22 CD-plaer. Når gale skal vere er dette ei bok som ein lett kan legge frå seg og ta att utan å miste tråden. Eg har likt boka.

Dagbok 2016: 7.desember


Klokka er no 20.00. Temperaturen ute er + 8 grader, og regnet og mildvêret er kome tilbake. Litke greitt for meg, så er det i alle fall ikkje glatt på vegane.
I dag sov vi lenge begge to, men vi kom oss no opp såpass tidleg at vi var klar for avgang klokka 11.00 begge to. Nils skulle køyre med kamerat Kjell til Åse, eg skulle vere med Marit nedover, og dekke bord på Kulturhuset. Ja, Marit skulle til tannlegen.
Eli køyrde meg heim att etter at vi hadde dekka, og eg fekk ei lita stund til avslapping, før Nils kom heim att i 15-tida. Han var heilt gåen etter turen, og slapp etter strålinga. Det hadde dei sagt at han kom til å bli. Han var ikkje i form på førehand heller-det har vore ei uroleg veke.
Men han insisterte på å køyre meg ned på Kulturhuset, før han for heim og slappa av. Han slapp å hente meg, for Eli køyrde meg heim.
Møtet gjekk greitt, og var om lag som forventa. Det er nesten alltid færre som møter opp på julemøtet enn på andre møte, truleg fordi det er så mykje som skjer i desse førjulstider.
Og alle spør etter Nils. Det kan bli i meste laget for meg, men eg veit at dei spør av oppriktig interesse omsorg.
Det er så som så med matstellet her i huset for tida, men i dag fekk i alle fall eg eit godt måltid. Trudde ikkje eg skulle greie å ete opp alt, men det gjorde eg.
Vi har det triveleg i lag vi i Pensjonistlaget; no har eg vore med i styret i snart seks år, og stiller til gjenval. Eg vil anbefale  andre pensjonistar å melde seg inn i lag og organisasjonar mens dei enno er oppegåande, det er alltid godt å ha eit nettverk rundt seg når livet buttar litt imot, spesielt, men elles også. Vent ikkje at du føler deg heime første tida, men det går seg til. Vart litt skræmd av heimesjuepleiaren som fortalde at det er så mange einsame gamle med sosial angst som ikkje kjem seg ut blant folk. Det gjeld å vere føre var.
Det var dagens utfordring til alle over 50-60-70 år.
No har Nils sovna, men han vaknar nok snart igjen, men han fekk eit par Paracet såpass han skulle kvikne til og få i seg litt mat. Det går mest på energidrikkar, og i morgon må eg på apoteket igjen og hente noko som heiter "shots" som er enda meir konsentrert næring. Då får han i seg meir næring utan å få samme kjensla av å vere stappmett.
Ja, eg har i grunnen nok å styre meg når eg skal vere både husmor og sjukepleiar etc., men håper han skal komme seg til att snart. Han var jo på god veg før han fekk vaksinen.
Vi får stadig nye blomsterhelsingar i heimen. Den øvst oppe kom frå styret i Ørsta SV, den nedste frå ei av veninnene mine.

tirsdag, desember 06, 2016

dagbok 2016: 6.desember

NORD

SØR - VEST

AUST

Klokka er ca 19.30, temperaturen er minus 1 grad, og det har vore lett og fint vêr med snø i fjella. På ettermiddagen fraus det på vegane.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men likevel vore ganske aktiv.
Nils skal til Åse i morgon, og ville reise åleine med bussen. Det nekta eg.Enten fekk han få ein kamerat til å køyre, eller så måtte eg kutte ut pensjonistmøtet. Han spurde om eg hadde noko imot det, det hadde eg for så vidt ikkje, men då laga eg vanskar for andre som måtte ta over jobben min. Det vart til at han ringde ein venn, så no blir han køyrt frå dør til dør. Håper berre at han kjem seg føre til i morgon, for i dag har han vore nokså elendig, kvalm og appetittlaus, slik han var før han kom seg til. Eg håper det er ein overgang.
Eg skreiv ei melding til frisøren min, og fekk time klokka 15.00. Eg gjekk fram i Mosmarka, og eg gjekk heim att. Passa på å gå på gangvegane, der låg det att strøsand frå sist det var glatt.
Vi måtte ha noko medisin og anna på apoteket, så Nils køyrde ned og sat i bilen mens eg var inne og handla. Fekk handla litt mat i same slengen. Då vi kom heim att var klokka 19.00, og då kom eg på at EG hadde ikkje ete sidan frokost. Nils har fått i seg meir enn meg tross alt. Men eg treng ikkje legge på meg-det gjer han.
Det er eit evig styr med den maten- som han ikkje har lyst på. Det var bra ei heil stund, men no er vi tilbake i det gamle. Har fått masse næringsdrikkar på apoteket, men det er begrensa kor mange han greier pr. dag. Det er dyre greier-som han får på "blå" resept. - Og når eg tenkjer tilbake på den appetitten han har hatt i alle dagar ! Vi håper alltid på at det skal gå betre etter kvart. Han skal til fastlegen på fredag, og då får han ta det opp med han.
Bilda er tatt i alle retningar - frå altanen før middag.

mandag, desember 05, 2016

Dagbok 2016: 5.desember

Klokka er20.30, temperaturen + 2 grader C, og det har vore litt lettare vêr i dag, ikkje særleg mykje regn.
Vi brukar vanlegvis ikkje stå så tidleg opp, men i dag var vi oppe før 7, skulle ta 8-bussen til Åse; Nils hadde time klokka 10.00. Bussen går kvar time, så i dag var vi framme i god tid, kl.9.30.
Det var ikkje så mykje nytt å få høyre frå legen si side. Nils hadde sjølvsagt gått ned att i vekt, og det er ikkje bra. Ho er aller mest oppteken av at han skal legge på seg. Den veka han låg sjuk før han vart lagt inn på sjukehus sette han mykje tilbake. Det blir "kunstig" næring frå apoteket å stole på. Eg kan kjøpe den maten han vil, lage den til kan eg også, men ete den må han gjere sjølv. Og han har ikkje lyst på mat, så det blir tvangsforing.
Han skal stråle hofta komande onsdag, det blir med ei strålebehandling i første omgang, så kan dei ta fleire etter kvart som behovet er der. Han var på røntgen/CT og blei gjort klar i dag.
Nils har stort sett site i ein stol sidan han kom heim frå sjukehuset, så han var heilt utkøyrt då vi kom hem. Han la seg på datarommet og slappa av. Eg nytta høvet til å støvsuge stova og gangane. Etterpå åt vi diverse restar og drakk kaffi. Eg sovna med kaffikoppen i handa i godstolen etterpå, sov ikkje så veldig godt sist natt.
I morgon skal Nils ta blodprøver på legesenteret, onsdag er det Åse igjen, torsdag kjem ei dame som skal hjelpe med trening og fredag har han sin faste time hos fastlegen. Vi skal ikkje til Åse igjen før i januar. Det er travelt å vere sjuk.
Det luktar ikkje julebakst i huset, og ikkje så mykje anna minner om jul, heller, men det bryr vi oss mindre om. Vi har det for så vidt bra og tek dagane som dei kjem.
no kom Jørn på besøk med tre røyer han hadde fiska i Vatnevatnet.
I dag fyller dottera til Rolf 40 år. Eg har bore to barn til dåpen, den eine var Anne Merete, den andre var Einar.

søndag, desember 04, 2016

Dagbok 2016: 4.desember.

Klokka er ca.17.00, og vi er nettopp ferdige med middag og kaffi. Temperaturen ute er + 6 grader C, og det er kliss vått. Har aldri sett så mykje vatn på plenen og rundt huset før. "Steinvegen" ligg delvis under vatn.
Eg har hatt ein del jobbar ståande på vent til leigebuarane flytta ut. I går kveld vart dei ferdige med nedvask etc. og kom med nøklane- og ein fin potteplante. Eg måtte vere med ned for å sjå over at alt var i orden, at dei hadde vaska skikkelig osv. Dette har alltid vore Nils si oppgåve, men no måtte eg overta. Det var ingen ting å seie på det dei hadde gjort nede, alt var i orden og der lukta reint og godt. Vi har ikkje leigd ut att enno, vi får sjå kva det blir til.
Eg såg at den gamle, blå Miele - støvsugaren vår stod der, den har overlevd fleire leigebuarar. Eg var litt spent på om den framleis var i orden, for eg hadde ein plan.
I dag før middag gjekk eg ned og testa støvsugaren, og den funka som berre det- særleg etter at eg sette inn ny pose, så då fekk eg støvsuga i kjellaren vår. Den jobben stod på vent. Den store tunge støvsugaren som vi har no, eignar seg ikkje tik å bere opp og ned i kjellaren. Godt å ha ein eigen støvsugar der-så lenge den varer. Det einaste som mangla var eit rør  til å skøyte med, der var berre eitt, skulle ha vore to. Men det får vi kanskje ta i.
Eg hadde ikkje ro på meg til å sitte inne, så eg gjekk like godt ned i tilbygget og begynte å koste golvet-det var fullt av lauv og anna rusk og rask. Så fekk eg inn plenklipper, kompostkvern og alle slags hagereiskapar som stod både her og der. Å seie at der no er fint og ryddig ville vere å overdrive, men der er i alle fall betre enn der var, og alle ting er i hus-ja, kanskje ikkje slett alt, enno.
Mens eg jobba gjekk eg i croxar og ullester, skulle sjølvsagt ha brukt støvlar, så eg var både våt og kald til slutt, der eg gjekk og vassa på plenen. Så det var rett i dusjen og på med tørre, varme klede. Der er ikkje elektrisk lys i tilbygget, så vi må rydde mens det er dagslys.
No når eg er ferdig med desse jobbane kan eg kanskje begynne å tenke JUL ?
Torbjørn kom bortom eit ærend, og etterpå laga eg middag,; i dag vart det fiskesuppe med fiskebollar, vi ville ha noko lett sidan vi skal ut og farte i morgon.
Nils køyrer med bilen vår ned på haldeplassen, og så tek vi buss vidare. (Han har starta bilen i dag for å sjekke om alt var i orden).Vi håper det skal gå bra. Det blir spennande å høyre kva legen seier i alle fall. Det vi veit så langt er at han skal stråle hofta. Då blir det kanskje ut til Åse kvar dag ein periode. Utanom helgane . Han har ikkje vege seg på lenge, men eg synest han ser bra ut, men nokså slapp er han framleis. Han er i alle fall oppe heile dagane, sjølv om han stort sett sit i ein stol og ser TV.

lørdag, desember 03, 2016

Dagbok 2016: 3.desember

Utsikt frå kjøkkenvinduet vårt.

Klokka har passert 17.00, og det er mørke natta ute. Kan ikkje hugse at det har vore så mørkt før om åra, men i år har vi verken snø eller klårvêr, så det er vel derfor det er så mørkt.
Sidan eg var med Solveig og handla i går, har eg hatt sundagskjensle i heile dag-men så er det ikkje så stor skilnad på helg og yrke i pensjo-heimen.
I dag var eg veldig flittig før middag. Eg rigga meg til med strykebrett, og etter at eg hadde stroke vanlege ting, strauk eg dei seks gardinlengdene som eg brukar på stova i vinterhalvåret. Då eg kjøpte dei, hadde eg 30 cm opplegg nede og enda rakk dei i golvet. I alle desse 16 åra eg har hatt dei har dei krympa kvar gong eg har vaska dei. No er det att 2 cm av oppleggskanten- og dei rekk på ingen måte til golvet. At det går an !
Eg likar å stryke ! Og grunnen er enkel: Då kan eg høyre lydbok.Fekk høyrt nesten to plater på den stunda eg brukte på gardinene.(Måtte jo henge dei opp - det tek også tid!)
Nils sit og ser sport på TV nesten heile dagen. Eg set meg ned i lag med han innimellom, men eg vil berre sovne når hopparane set utfor. Skiskyting går litt betre.
Elles har det ikkje skjedd mykje i dag. Leigebuarane er her for å vaske ned kjellarleilegheita, eg trudde dei hadde starta frå morgonen av, men dei er nyss komne. Det plar vere Nils som styrer med utleige og kontroll, men no må vel eg trå til. Eg får håpe dei gjer det skikkeleg, for eg likar ikkje å klage. Men eg likar heller ikkje å måtte vaske om att, for å seie det slik.
No skal eg lage taco om ei lita stund, det blir litt lettvint med middagane våre for tida. Ja, slik har det vore ganske lenge no.

fredag, desember 02, 2016

Dagbok 2016: 2.desember

Klokka er snart 22.00. Temperaturen ute er + 1 grad C og det ligg eit tynt snølag på markane.
På føremiddagen i dag var eg relativt aktiv; bytta på sengane, vaska golv, la i hop klesvask etc.
Til middag åt vi kryddersildfiletar med mandelpotet og kålstuing. Både Nils og eg er veldig glade i sild. Eg plar ofte seie at vi sikkert er siste generasjonen som likar spekesild-men det gjer vi altså. Og så er saka den at Nils ikkje har lyst på så mykje, så vi må lage det han likar. Eg et all slags mat, så det er ikkje noko problem.
I dag måtte vi kvile litt middag, og eg fekk unna enda ei plate av "Syttitallet"-no er det visst berre 8 plater att. Det blir ikkje lese så mykje for tida, men akkurat desse bøkene til Ketil Bjørnstad går det fint an å legge frå seg og ta att.

Solveig kom på slaget halv seks slik ho hadde sagt, og eg stod klar, så vi reiste direkte på Amfi og handla til helga, begge to.'
Så kjøpte vi oss kvar sin topp også, min var litt raud og "julete", hennar var grå til bruk under strikkajakke.
Ho hadde med seg kaffimat, så eg hadde berre å sette på "kjelen" då vi kom heim. Ein liten jobb hadde eg også til henne. Ho måtte på loftet og hente gardinene! Dei gløymde vi å ta ned då Margrete var her. No er det ingen jobbar her som det hastar med, så då blir det tryggare å komme på besøk.
Neste veke har vi litt av eit program. Måndag skal vi til Åse sjukehus igjen, og onsdag er det julemøte i pensjonistlaget. I år må eg nok gå åleine, det blir for slitsomt for Nils. Sidan eg er styremedlem og sekretær føler eg det som ei plikt å stille opp. Torsdag føremiddag går som regel med til referatskriving.
Margrete er på Weekwndbesøk til Køben i lag med kollegaer, håper dei har det fint.
Då vil eg ønske alle ei god helg.  Prøv å ikkje stresse med juleførebuingane.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...