fredag, desember 09, 2016

Dagbok 2016: 9.desember

Klokka er 20.15, temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Takk for det, regn slepp ein å moke vekk.
Så litt om dagen i dag. Legen ringde ca. 9.30, slik avtalen var. Nils blei henta med ambulanse, og køyrt ned på legesenteret, der det vart bestemt at han skulle innleggast på sjukehuset. I 18-tida var Solveig og eg bort og besøkte han, og han var slett ikkje så verst i form. Det første dei hadde gjort var å fylle han med væske intravenøst - han var nokså dehydrert. Det er greitt nok å seie til ein pasient at han må drikke mykje, men EG veit kor vanskeleg det kan vere for pasienten. Kva meir dei kan finne ut, veit eg ikkje. Han ligg no åleine på eit firemannsrom, så der var fredeleg og godt. Han orkar ikkje så mykje styr, så lenge han er så slapp. Eg hadde med meg mobilen hans og diverse anna som han trong, men vi var der ikkje så lenge. Han likar å få besøk, men ein treng ikkje gi seg til.
Eg håper berre han får vere der så lenge at han er litt robust når han kjem heim. Men han er på langt nær så dårleg som han var første gongen han vart innlagt. Det hadde eg lova både meg sjølv og han -at ha ikkje skulle bli liggande heime over helga-slik som sist.
Solveig var med meg inn og drakk kaffi då vi kom heim att. I morgon blir det Margrete og eg som skal visitere. Elles skal eg helse frå pasienten og takke for alle gode helsingar på Facebook. Solveig har Smart-telefon så ho kunne lese meldingane til han der og då.
Tidlegare i dag hadde eg besøk av ein nabo, elles har eg vaska litt og gjort litt husarbeid, men mest har eg berre gått og vima.
Eg føler meg trygg når Nils er på sjukehuset, eg føler meg ikkje så veldig kompetent til å vere sjukepleiar. I går hadde han feber, det hadde han ikkje i dag.
Elles så har ikkje laptoppen vakna til live att-så der for alle bilda mine-for n-te gong. Heldigvis ligg der nokre på bloggen. Og så fekk eg ein relativt lys idé; sidan eg har redigert mange av bilda mine på Picasa, kunne det hende eg fann nokre der, på den stasjonære maskina. Og det gjorde eg.

2 kommentarer:

bodilingeborg sa...

Godt å lese at Nils kom på sjukehus og fekk hjelp. Du kan lagre bilda dine i "Skya", då er dei ikkje berre knytta til laptoppen. Ein liten lagringsboks kan også vere lurt å ha...
Eidabesta

Besta sa...

Ja, eg veit at eg kan lagre bilda på ymse måtar, men har berre ikkje somla meg til. Det har blitt utsett. Kan for lite Windows 10 også, og det siste året har eg ikkje hatt så mykje overskot til å styre med slike ting.