torsdag, desember 08, 2016

Dagbok 2016: 8.desember

Klokka er 21.30, temperaturen er + 9 grader og vi har hatt ein grå dag med regn igjen.
Har ikkje vore særleg lysteleg inne heller. Nils har vore framme or senga eit par periodar, men mykje av dagen har han lege. Det minner om slik han var då han fekk den infeksjonen som sende han på sjukehuset. Feber har han også innimellom, men vi prøver å halde den i sjakk med Paracet. Han har fått i seg ein del næring. MIN teori er at dei ikkje heilt har fått has på den infeksjonen. Han hadde time hos legen i morgon kl.9.30. Eg ringde ned og avbestilte timen, men bad om at legen ringde heim til oss i staden. Så får vi sjå om det skjer. Denne gongen set vi ikkje til helga utan å tilkalle lege i alle fall. Han kunne bli slapp av strålinga sa dei i går, men han var eigentleg slapp før han stråla også. Men hofta er fin.
Elles kjem ei ulykke sjelden åleine. I dag takka laptoppen for seg; eg har venta på det, og tenkte seinast i går på at no måtte eg berge bilda som ligg der. Vart for sein denne gongen også.
Så skulle eg skrive referat, det gjekk fort og greitt, men så fekk eg ikkje sendt det. Ingen e-post var å oppdrive. Eg har to kontoar (konti ?) , men ingen virka. Skreiv til Rasmus etter hjelp, men før han hadde tid å ringe fann eg ut av det sjølv. Eg måtte installere den eine kontoen på nytt og voila! Der virka det, og eg fekk sendt manus. Då var det allereie så seint på dag at redaktøren var vekk, trur eg, for eg har ikkje fått bekrefta mottaket. Det ligg i alle fall på "sendt". (For ordens skuld vil eg presisere at eg hadde prøvd same medisinen før-utan at det virka.)
Eg hadde tenkt å springe ned på apoteket i dag, som snarast, men så kom her ein pakke til Margarita som eg kvitterte for, og måtte vente til ho kom og henta den. Men det var ikkje noko som hasta eigentleg..
No har eg kokt havregrynsgraut til Nils, det var det einaste han kunne tenke seg å ete. Så får eg finne meg ei brødskive. Elles går det i klementinar innimellom.
Nesten kvar kveld håper eg på at morgondagen skal bli betre, det gjer eg i kveld også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...